Prop. 117 S (2013–2014)

Endringar i statsbudsjettet 2014 under Forsvarsdepartementet (Endringar i «Regulativ for tillegg til utskrivne vernepliktige mannskap»)

Til innhaldsliste

4 Vurderingar

Departementet meiner det er naturleg og rimeleg at det òg i år blir gitt ei regulering som for lågaste begynnarløn for vaksen, ufaglært arbeidskraft i staten. Med dette grunnlaget vil utskrivne vernepliktige få ei regulering på 2,3 prosent med verknad frå 1. juli 2014.

Visekorporalar og korporalar hadde likt tillegg frå visekorporalstillegget på nytt vart innført i 2010 og fram til reguleringa i 2012. I samsvar med vanleg praksis i Forsvaret, ønskjer Forsvarsdepartementet å differensiere tillegget mellom visekorporal og korporal. I årets regulering har Forsvarsdepartementet, på same måte som i fjor, nytta midlane sett av til visekorporalar og korporalar, til berre å auke korporalstillegget. Visekorporalstillegget er difor også i år uendra i reguleringa.