Prop. 119 S (2013–2014)

Utbygging og finansiering av vegprosjekt og tiltak i Harstad kommune i Troms (Vegpakke Harstad) og overgangsordning for rentekompensasjonsordning for bompengelån

Til innhaldsliste

2 Omtale av utbygginga

Arbeidet med utforming av eit nytt transportsystem i Harstad blei sett i verk på grunn av dei trafikale utfordringane på innfartsåra langs rv 83. På grunn av venta trafikkauke og av omsyn til trafikktryggleiken var det naudsynt med ein gjennomgang av gjeldande planar for strekninga.

Trafikken på rv 83 gjennom Harstad har i fleire år vore stor. Dette har ført til problem for trafikkavviklinga og er ei vesentleg årsak til forureining i bykjernen. Transportsystemet i Harstad er i liten grad tilrettelagt for kollektivtrafikk, og det manglar samanhengande vegnett for gåande og syklande langs riksvegen.

Det blei alt i transportplanen for Harstad frå 1995 lagt inn ein tunnel utanom sentrum som eit langsiktig delmål. I kommuneplanen frå 2009 blei ein tunnel for rv 83 utanom bykjernen vurdert som ein viktig føresetnad i det vidare arbeidet med planlegging av Harstad sentrum. Tiltaket er vurdert som heilt avgjerande for å kunne redusere biltrafikken og skape eit sentrum med gode velferds- og miljøkvalitetar.

Med utgangspunkt i dei samfunnsmåla som er fastsette for arbeidet med KVU, kom ein fram til at ei vegpakke for Harstad måtte ha større omfang enn det som var handsama i reguleringsplanen for strekninga rv 83 Kanebogen – Byskillet frå 2005. Vegpakke Harstad er difor sett saman av tiltak på fleire område:

Tunnel utanom Harstad sentrum:

Etablere ein 1 450 meter lang tunnel utanom sentrum frå Seljestad til Sama for å avlaste sentrumsgatene og kommunale gater i øvre bydel.

Tiltak langs rv 83:

7 rundkøyringar, samlevegar, støyskjerming, på- og avkøyringsrampar frå rv 83, støttemurar og vegutbetringar.

Kollektivtrafikktiltak:

Etablere gateterminalar i sentrum og fleire busstopp langs hovudvegen ut av sentrum. Haldeplassar for byrutenettet skal rustast opp med omsyn til universell utforming. Legge til rette for tryggare skuleveg. Ved endehaldeplassar for byrutene skal det etablerast parkeringsplassar for bil og sykkel. Flaskehalsar for buss skal fjernast.

Tilrettelegging for gåande og syklande:

Etablere 30 km med nye fortau, sykkelfelt og gang- og sykkelvegar, samt under- og overgangar.

Vegpakke Harstad har eit samla kostnadsoverslag på 1 550 mill. 2014-kr. I tillegg har Troms fylkeskommune sett av 40 mill. kr til å auke kollektivtilbodet i bompengeperioden. Det er lagt til grunn ein samla byggeperiode på seks–sju år med anleggsstart hausten 2014.

Utbyggingsplanen med kostnader er vist i tabell 2.1 Kostnadene er inkl. auka meirverdiavgift som følgje av oppheving av vegfritaket frå 1. januar 2013.

Tabell 2.1 Utbyggingsplan for Vegpakke Harstad

Mill 2014-kr

Tiltaksområde

Overslag

Tunnel utanom Harstad sentrum

468

Tiltak langs rv 83:

716

– Utbetring og ombygging av kryss

128

– Trafikktryggleikstiltak

167

– Kollektivtrafikktiltak

117

– Tilrettelegging for gåande og syklande

286

– Miljøtiltak

18

Tiltak på fylkeskommunale vegar

162

Tiltak på kommunale vegar

164

Etablering av bomstasjonar

40

Sum1

1 550

1 Ekskl. fylkeskommunale midlar på 40 mill. kr til auka kollektivtilbod i bompengeperioden.

Riksvegprosjekta i Vegpakke Harstad er kostnadsrekna til 1 184 mill. kr, dei fylkeskommunale prosjekta til 162 mill. kr og dei kommunale prosjekta til 164 mill. kr. I tillegg kjem 40 mill. kr til etablering av bomstasjonar.