Prop. 119 S (2013–2014)

Utbygging og finansiering av vegprosjekt og tiltak i Harstad kommune i Troms (Vegpakke Harstad) og overgangsordning for rentekompensasjonsordning for bompengelån

Til innhaldsliste

4 Trafikkgrunnlag

Statens vegvesen har analysert og vurdert korleis innkrevjinga av bompengar vil påverke trafikken gjennom dei planlagde bomstasjonane med utgangspunkt i trafikkteljingar på dagens veg og bruk av Regional transportmodell (RTM). Det er nytta elastisitetsmodell til vurdering av korleis ulike takstar vil påverke trafikkutviklinga. Undersøkinga av reisevanar i Harstad frå 2009 er òg ein del av grunnlaget for vurderingane.

Talet på passeringar i 2014 i dei planlagde bomsnitta er rekna til om lag 67 500 køyretøy per døgn, der tungtrafikken utgjer 3 pst. Det er rekna med at innføring av bompengeinnkrevjing til dei takstane som det er gjort framlegg om, vil gi ei samla trafikkavvising på om lag 12 pst., dvs. ein årsdøgntrafikk på om lag 59 400 køyretøy.

Forventa betalande trafikk i 2015 er på 27 675 køyretøy per døgn. Det er då teke omsyn til innføring av timesregel der trafikantane berre betaler ein gong ved passering av fleire bomstasjonar i løpet av ein time og eit passeringstak på 60 passeringar per månad. I tillegg er det teke omsyn til fritak i tråd med takstretningslinene.

I innkrevjingsperioden er det lagt til grunn ein årleg trafikkvekst på 0,4 pst.

Planlagde bomstasjonssnitt og vegstengingar er vist i figur 4.1.

Trafikkgrunnlaget og finansieringsplanen har vore til ekstern kvalitetssikring (KS2). Samferdselsdepartementet finn både trafikkgrunnlaget og føresetnadene for finansieringsopplegget sannsynlege og robuste. Forventa trafikkvekst blir vurdert som konservativ.

Figur 4.1 Vegpakke Harstad – planlagde bomstasjonsnitt og vegstengingar

Figur 4.1 Vegpakke Harstad – planlagde bomstasjonsnitt og vegstengingar