Prop. 119 S (2013–2014)

Utbygging og finansiering av vegprosjekt og tiltak i Harstad kommune i Troms (Vegpakke Harstad) og overgangsordning for rentekompensasjonsordning for bompengelån

Til innhaldsliste

7 Overgangsordning inntil rentekompensasjon er etablert

Departementet viser til Prop. 97 S (2013–2014) der ei ordning med rentekompensasjon for bompengelån er omtalt. Fram til ny ordning er på plass skal det for nye bompengeprosjekt som vil inngå i dei nye bompengeselskapa, som ei overgangsordning, kunne bereknast takstar baserte på 10-års statsobligasjonsrente.

Overgangsordninga vil gjelde nye prosjekt, det vil seie prosjekt der innkrevjinga ikkje er starta innan 20. juni 2014.

Departementet legg til grunn at etter at eit prosjekt er behandla i Stortinget, og dersom lokale styresmakter ønskjer det, kan det setjast ei berekningsteknisk rente basert på forventa rente i låneperioden, med eit mogleg tillegg for uvisse/rentesikring. Vurderinga av uvisse/rentesikring må gjerast av lokale styresmakter. Det avgjerande vil vere at den valde berekningstekniske renta frå fylkeskommunen si side blir vurdert som forsvarleg for å oppretthalde garantivedtaket. Renta skal ikkje under noko høve setjast lågare enn 10-års statsobligasjonsrente. Garantistane må ta høgde for at bompengeperioden maksimalt kan aukast med fem år (til normalt maks 20 år) og realtaksten maksimalt kan aukast med 20 pst. før garantiansvaret trer i kraft. Det er ein føresetnad at lokale styresmakter forpliktar seg til å leggje prosjektet inn i eit av dei nye bompengeselskapa når dei er etablerte. Departementet presiserer at i mellomperioden (frå no til rentekompensasjonsordninga er på plass) skal effektane ved lågare berekningsteknisk rente, takast ut i form av lågare takstar.

Ei berekningsteknisk rente i bompengeprosjekt på 6,5 pst. er høgare enn den renta bompengeselskap dei siste åra har møtt i marknaden. Takstar baserte på denne renta har såleis ei margin for å ta høgde for uvisse. Føremålet med å opne for å fråvike Statens vegvesen si berekningstekniske rente er at lokale styresmakter skal få større fridom til å setje takstane i bompengeprosjekt ut frå venta rente i marknaden, og sjølve vurdere påslag for risiko som fylkeskommunen/kommunane ser som forsvarleg for å kunne gi garanti for bompengeselskapet sitt lån. Endringa i berekningsteknisk rente vil ikkje i seg sjølve ha konsekvensar for statlege løyvingar til dei aktuelle bompengeprosjekta.

7.1 Overgangsordning og endring av takst- og innkrevjingsopplegget for Vegpakke Harstad

Ved den lokalpolitiske behandlinga av Vegpakke Harstad har det i tråd med dei vanlege føresetnadene vore lagt til grunn 6,5 pst. rente. Takstane som ligg til grunn i proposisjonen, er baserte på denne renteføresetnaden. I tabell 5.2 er det samstundes vist kva takstane ville blitt om renteføresetnadene blei sette tilsvarande gjeldande 10-års statsobligasjonsrente.

Samferdselsdepartementet legg i første omgang til grunn eit bompengeopplegg som skissert i pkt. 5, med m.a. tovegs innkrevjing i 8 innkrevjingspunkt, basert på dei lokalpolitiske vedtaka. Men Samferdselsdepartementet legg som nemnt opp til at det kan gjerast endringar i takst- og innkrevjingsopplegget for Vegpakke Harstad, jf. omtale av einvegs- eller tovegsinnkrevjing i pkt. 5 og overgangsordninga for rentekompensasjonsordning, jf. ovanfor. Overgangsordninga inneber for Vegpakke Harstad at lokale garantistyresmakter får tilbod om at takstane kan baserast på lågare rente enn 6,5 pst. på bakgrunn av føresetnader omtala over. Samferdselsdepartementet ber Stortinget om fullmakt til å kunne gjere slike endringar. På vanleg måte vil det bli krevd at dei fylkeskommunale og kommunale garantiane blir godkjend av høvesvis Kommunal- og moderniseringsdepartementet og fylkesmannen.

7.2 Overgangsordning for prosjekt som er lagt fram for Stortinget

Departementet legg til grunn at ei tilsvarande overgangsordning òg skal gjelde for prosjekt som allereie er lagt fram for og behandla av Stortinget, men der innkrevjinga ikkje er starta opp pr. 20. juni 2014. Dette gjeld prosjekta:

  • Rv 7 Sokna – Ørgenvika

  • E18 Gulli – Langåker

  • E18 Melleby – Momarken

  • E6 Minnesund – Skaberud

  • E16 Kongsvinger – Slomarka

  • E16 Fønhus – Bagn

  • E136 Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen

  • E6 Hålogalandsbrua, inkl. E10 Treldal – Leirvik

  • E134 Stordalstunnelen

  • Fv 714 Stokkhaugen – Sunde trinn 1

  • Fv 78 Toventunnelen m/tilførselsvegar

  • Askøypakka

  • E6 Helgeland nord.

Stortinget har tidlegare slutta seg til bompengeopplegget i desse sakene gjennom handsaminga av dei aktuelle proposisjonane, og Stortinget har gjeve departementet fullmakt til bompengeinnkrevjing i tråd med vilkåra i proposisjonane, jf. veglova § 27. Viss takstane skal reduserast gjennom anna berekningsteknisk rente, er det naudsynt med nytt vedtak i Stortinget. Samferdselsdepartementet foreslår at dette vert gjort ved at departementet får ei generell fullmakt, jf. forslag til vedtak 3 i denne proposisjonen. I så fall vil det måtte krevast nye garantivedtak som på vanleg måte skal godkjennast av høvesvis Kommunal- og moderniseringsdepartementet og fylkesmannen.

Det blir ikkje gjort endringar i overgangsperioden for prosjekt der innkrevjinga allereie er starta opp.

7.3 Overgangsordning for prosjekt som ikkje er lagt fram for Stortinget

Departementet legg som nemnt til grunn at etter at eit prosjekt er behandla i Stortinget, og dersom lokale styresmakter ønskjer det, kan det setjast ei berekningsteknisk rente basert på forventa rente i låneperioden, med eit mogleg tillegg for uvisse/rentesikring.

På denne bakgrunn vil departementet sende eit brev til dei aktuelle fylkeskommunane (og evt. kommunane) der lokale garantistyresmakter får tilbod om at takstane kan baserast på lågare rente enn 6,5 pst. på bakgrunn av føringane nemnde over. På vanleg måte vil det bli krevd at dei fylkeskommunale og kommunale garantiane blir godkjend av høvesvis Kommunal- og moderniseringsdepartementet og fylkesmannen.

Departementet vil i dei aktuelle bompengeproposisjonane be Stortinget om fullmakt til at takstane kan endrast på bakgrunn av lågare berekningsteknisk rente ved lokalpolitisk tilslutning i tråd med føringane omtalt ovanfor.

For prosjekt som ikkje er lagt fram for Stortinget og der lokalpolitiske vedtak enno ikkje er fatta, skal takstane som blir lagt til grunn i vedtaka, vere basert på ei rente i intervallet mellom 6,5 pst. og 10-års statsobligasjonsrente i tråd med føresetnadene over.