Prop. 119 S (2013–2014)

Utbygging og finansiering av vegprosjekt og tiltak i Harstad kommune i Troms (Vegpakke Harstad) og overgangsordning for rentekompensasjonsordning for bompengelån

Til innhaldsliste

9 Samferdselsdepartementet si vurdering

Omlegging av rv 83 i tunnel utanom Harstad vil mellom anna føre til at ein stor del av tungtrafikken vil bli leia utanom sentrumsgatene. Samferdselsdepartementet viser til at tunnelen i tillegg vil gjere det mogleg å betre vilkåra for kollektivtransporten, gåande og syklande i sentrum av Harstad. Dette er tiltak som til saman er venta å gi eit løft for miljøet og trafikktryggleiken i byen.

Med Vegpakke Harstad er det venta ein reduksjon av biltrafikken i Harstad sentrum på inntil 40 pst. Etter Samferdselsdepartementet si vurdering vil dette i seg sjølv gi ein miljø- og trafikktryggleiksgevinst. I tillegg vil tilrettelegging for gåande og syklande føre til betring i tråd med dei nasjonale måla for desse trafikantgruppene.

Samferdselsdepartementet vil peike på at lokal forankring og god porteføljestyring er ein føresetnad for ei kostnadseffektiv gjennomføring av Vegpakke Harstad.

Som omtalt i Prop. 97 S (2013–2014), legg regjeringa opp til ei omorganisering av bompengesektoren frå ordninga i dag med mange bompengeselskap til eit fåtal selskap. For å spare bilistane for å dekkje store løpande finansieringskostnader, vil regjeringa òg innføre ei rentekompensasjonsordning for bompengelån, samt ei overgangsordning for denne, jf. omtalen i pkt. 7.

Samferdselsdepartementet legg i første omgang til grunn eit bompengeopplegg som skissert i pkt. 5, med m.a. tovegs innkrevjing i 8 innkrevjingspunkt, basert på dei lokalpolitiske vedtaka. Departementet legg likevel opp til at det kan gjerast endringar i takst- og innkrevjingsopplegget for Vegpakke Harstad, jf. vurderingane om einvegs- eller tovegsinnkrevjing i pkt. 5 og overgangsordninga for rentekompensasjonsordning i pkt. 7.

Overgangsordninga inneber for Vegpakke Harstad at lokale garantistyresmakter får tilbod om at takstane kan baserast på lågare rente enn 6,5 pst. på bakgrunn av føresetnadene i pkt. 7. På vanleg måte vil det bli krevd at dei fylkeskommunale og kommunale garantiane blir godkjend av høvesvis Kommunal- og moderniseringsdepartementet og fylkesmannen. Departementet vil òg gå i dialog med lokale styresmakter om evt. einvegs innkrevjing.