Prop. 126 LS (2009-2010)

Endringar i skatte- og avgiftsreglane mv.

Til innhaldsliste

2 Avgift på slutthandsaming av avfall

Departementet viser til Meld. St. 2 (2009-2010) Revidert nasjonalbudsjett 2010, avsnitt 3.4.2 om vurdering av avgifta på forbrenning av avfall. Som det går fram av vurderinga, er avgifta på forbrenning av avfall på mange vis ei presis miljøavgift. For alle miljøskadelege stoff utanom CO2, blir avgifta rekna ut på bakgrunn av direkte utslepp frå pipa. Ein kan likevel stille spørsmål ved om avgifta har stor verknad på utslepp og attvinning av material utover dei gjeldande reguleringane. Utslepp ved avfallsforbrenning blir i dag bl.a. regulert gjennom strenge krav til maksimale mengder utslepp.

Det kan og nemnast at den sjablongbestemte CO2-komponenten, som utgjer størstedelen av avgiftsbelastninga, er mindre treffsikker enn dei andre komponentane i avgifta. Dette er fordi avfall er eit lite einsarta produkt, og fordi utslepp kan variere betydelig mellom ulike former for avfall. Avfallsforbrenningbransjen er i ein vanskeleg konkurransesituasjon, som blir forverra med at Sverige fjernar si forbrenningsavgift frå 1. oktober 2010. Etter ei samla vurdering foreslår Regjeringa derfor at slutthandsamingsavgifta for avfall til forbrenning blir avvikla frå 1. oktober 2010. Det vil seinare bli lagt fram ei evaluering av miljøverknadene av fjerninga.

Som ei følgje av forslaget om å fjerne forbrenningsavgifta, foreslår departementet også å oppheve § 1 andre ledd i Stortingets vedtak om utslepp av NOx. Etter denne paragrafen skal det ved avgiftspliktig forbrenning av avfall betalast avgift etter Stortingets vedtak om slutthandsaming av avfall. Som følgje av dette må det i staden betalast avgift etter Stortingets vedtak om utslepp av NOx.

Departementet foreslår at endringane i avgifta på slutthandsaming av avfall og avgifta på utslepp av NOx tek til å gjelde frå 1. oktober 2010.

Til forsida