Prop. 126 LS (2009-2010)

Endringar i skatte- og avgiftsreglane mv.

Til innhaldsliste

3 CO2-avgift på mineralske produkt

3.1 Innleiing

CO2-avgifta på mineralske produkt blei innført i 1991 og blei i 1999 skild ut i eit eige avgiftsvedtak. Formålet med avgifta er å medverke til at utslepp av klimagassen CO2 blir redusert på den billegaste måten. Slike avgifter fører til at utsleppa av klimagassar står overfor ein pris.

3.2 CO2-avgift på naturgass og LPG

I samband med budsjettet for 2007 blei det vedteke CO2-avgift på gass til oppvarming av bygg frå 1. juli 2007. Avgifta blei vedteken som ei generell avgift på gass med fritak for gass som blir brukt til andre formål. EFTAs overvakingsorgan (ESA) konkluderte med at fritaket ikkje var i tråd med regelverket for offentleg støtte. ESA uttalte samtidig at fritaket vil vere i tråd med regelverket dersom alle betaler ei avgift som er over minstesatsane i EUs energiskattedirektiv (2003/96/EF).

I samband med budsjettet for 2010 blei CO2-avgifta på gass til oppvarming vedteken på nytt, men samtidig blei det vedteke ei energiavgift på gass i samsvar med det departementet oppfatta var meldinga frå ESA. Seinare signal frå ESA har tydd på at det er lite sannsynleg at dei vedtekne avgiftene ville bli godkjende. CO2-avgifta blei derfor ikkje sett i kraft frå 1. april.

Departementet legg no fram eit justert forslag til ei generell CO2-avgift for gass til oppvarming av bygg mv. og landbasert transport, og med låg sats for industrien. I praksis er derfor skilnaden mellom dette forslaget og vedtaket i budsjettet for 2010 at landbasert transport får den generelle CO2-avgifta. Forslaget inneheld inga energiavgift. Det er lagt avgjerande vekt på å leggje fram eit forslag som er i tråd med regelverket for offentleg støtte. Avgifta blir innført frå 1. juli 2010.

Departementet tilrår at den generelle avgifta på LPG og naturgass blir sett til same nivå som for mineralolje, rekna som kroner per tonn CO2. For 2010 svarer det til avgiftssatsar på 0,43 kroner per Sm3 naturgass og 0,65 kroner per kg LPG, det vil seie 218 og 217 kroner per tonn CO2. På bakgrunn av innspel frå bransjen har departementet vore i kontakt med Statistisk sentralbyrå, som i samråd med Klima- og forureiningsdirektoratet har sett ned utsleppsfaktoren på innanlands bruk av naturgass. Avgifta er derfor sett ned frå 0,51 kroner per Sm3 til 0,43 kroner per Sm3. Avgifta er den same rekna i utslepp per tonn CO2.

Departementet legg fram forslag om at industrien - på same måte som i el-avgifta - skal ha låg sats. Store delar av industrien er omfatta av klimakvotelova, og kvotesystemet blir utvida frå 2013. Gass til bruk i kvotepliktige verksemder bør i prinsippet ikkje ha avgift. For at ESA ikkje skal ha innvendingar, tilrår departementet at gass som blir levert til industrien og til verksemder med kvotepliktige utslepp, får ein låg sats i tråd med minstesatsane i energiskattedirektivet. Desse satsane er 0 kroner for LPG og 0,05 kroner per Sm3 for naturgass. Gass som blir nytta til kjemisk reduksjon eller elektrolyse, metallurgiske eller mineralogiske prosessar, får fullt fritak. Det same gjeld gass som blir nytta som råstoff som ikkje gir utslepp av CO2. Dette er i tråd med energiskattedirektivet.

Departementet tilrår vidare at fiske og fangst i nære og fjerne farvatn og veksthusverksemda får fritak for avgift då desse næringane ikkje er omfatta av EØS-avtala.

Ein tek også sikte på at gass til bruk i innanriks skipsfart blir friteken for avgifta. Fritaket for innanriks skipsfart er likevel avhengig av at ESA ikkje har innvendingar. Det er enno ikkje avklart om regelverket for offentleg støtte tillet eit slikt fritak og om det i så fall skal meldast eller notifiserast. Departementet vil innføre fritak for gods- og passasjertransport til sjøs så snart desse spørsmåla er avklarte. Departementet viser til forslag til avgiftsvedtak der departementet blir gitt fullmakt til å avgjere når fritaket skal tre i kraft. Dersom fritaket først trer i kraft etter 1. juli 2010, tek departementet sikte på å refundere innbetalt avgift dersom EØS-regelverket tillet det.

Hytan er ei blanding av metan/naturgass og hydrogen, som kan nyttast i kjøretøy. I Noreg blir blandinga kalla naturalhy, og ho inneheld 92 pst. naturgass og 8 pst. hydrogen. Departementet legg til grunn at naturalhy er avgiftspliktig som naturgass.

Biogass er ikkje omfatta av avgiftsplikta, og del av biogass som blir blanda inn i naturgass og LPG, blir friteke for avgift.

Avgiftsreduksjonar og -fritak skal vanlegvis notifiserast og godkjennast av ESA før dei kan tre i kraft. Etter forordning 800/2008/EF (alminneleg gruppeunntaksforordning) er det tilstrekkeleg at støtta blir meldt til ESA. Vilkåret er at den som får redusert avgift, minst betaler den avgiftssatsen som er fastsett i energiskattedirektivet (direktiv 2003/96/EF). Redusert avgift på gass til område som er utanfor EØS-avtala, trengs verken å notifiserast eller å meldast. Noreg er ansvarleg for at vilkåra for å gi støtte er oppfylde. Dersom det viser seg at vilkåra ikkje er oppfylde, kan støtta måtte betalast tilbake. Departementet har i samråd med Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet vurdert dei reduserte satsane og avgiftsfritaka til å vere i tråd med gruppeunntaksforordninga.

Framlegget inneber endringar i Stortingets vedtak om CO2-avgift på mineralske produkt. Avgiftssatsane er fastsette i vedtaket § 1, mens fritak for avgift på gass er fastsette i § 5. Stortingets vedtak om energiavgift på naturgass og LPG kan opphevast. Dei nærare reglane om berekning av avgifta vil bli fastsette i særavgiftsforskrifta.

Departementet viser til forslaget i budsjettet for 2010 der det blei lagt opp til at selskap som har inngått statlege og fylkeskommunale avtaler om kjøp av transporttenester, vil bli kompenserte for avgiftsauken. Det er noko uvisst om innanriks skipsfart blir friteken frå CO2-avgifta. Departementet vil i nysalderinga av 2010-budsjettet kome tilbake med dei budsjettmessige konsekvensane knytte til fylkes- og riksvegferjer av endringane i avgiftene på gass.

Forslaget inneber færre satsar enn vedtaket i Nasjonalbudsjettet 2010. Kostnadene ved å administrere avgifta, spesielt for næringslivet, blir dermed mindre.

Samanlikna med Nasjonalbudsjettet 2010 er forslaget rekna å gi eit provenytap på om lag 15 mill. kroner. På årsbasis er det rekna med at avgifta vil auke inntektene til staten med om lag 55 mill. kroner påløpt og 50 mill. kroner bokført.

Til forsida