Prop. 126 S (2013–2014)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 54/2014 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EU) nr. 782/2013 om EU-miljømerket

Til innhaldsliste

3 Nærmare om innhaldet i kommisjonsforordninga

Ved kommisjonsforordning (EU) nr. 782/2013 vert vedlegg III til forordning (EF) nr. 66/2010 bytt ut med teksta i vedlegget til førstnemnde forordning. Vedlegget er inndelt i nummer.

Nr. 1 gjeld søknadsgebyr. Dette gebyret skal vere på minst 200 og høgst 2 000 euro. Systemet med ulike gebyr, basert på storleiken på føretaka, vert vidareført. For små og mellomstore føretak og marknadsdeltakarar i utviklingsland skal søknadsgebyret ikkje overstige 600 euro. For svært små føretak skal søknadsgebyret ikkje overstige 350 euro. Søknadsgebyret kan reduserast med 30 % for søkjarar som er registrerte i fellesskapsordninga for miljøstyring og miljørevisjon (EMAS), eller er sertifiserte i samsvar med ISO-standard 14001. Dersom vilkåra i begge ordningane er oppfylte, skal berre den største reduksjonen nyttast. Det kan påleggjast eit gebyr for endring eller forlenging av ein lisens. Eit slikt gebyr kan ikkje vere høgare enn søknadsgebyret.

Nr. 2 gjeld årleg gebyr for søkjarar som har fått tildelt eit EU-miljømerke. Dette skal vere eit fast eller eit omsetningsbasert gebyr. Det årlege gebyret som ein søkjar skal betale, vert auka til høgst 25 000 euro per produktgruppe per søkjar. Det omsetningsbaserte gebyret skal ikkje overstige 0,15 % av omsetninga til det miljømerkte produktet.

I nr. 3 er det fastsett at det kan påleggjast eit inspeksjonsgebyr. Dette er eit nytt gebyr, jamført med den tidlegare ordninga.