Prop. 126 S (2013–2014)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 54/2014 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EU) nr. 782/2013 om EU-miljømerket

Til innhaldsliste

5 Tilhøvet til norsk rett

Forordning (EF) nr. 66/2010 om EU-miljømerket er gjennomført i norsk rett ved at § 9 første leddet i lov 18.12.1981 nr. 90 om merking av forbruksvarer mv. (forbrukarmerkelova) fastset at vedlegg XX nr. 2 a til EØS-avtala (forordning (EF) nr. 66/2010 om EU-miljømerket) gjeld som lov med dei tilpassingane som følgjer av vedlegg XX protokoll 1 til avtala og avtala elles. Denne føresegna må endrast, slik at det går fram at òg kommisjonsforordning (EU) 782/2013 gjeld som lov.

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet vil leggje fram ein proposisjon med dei naudsynte lovendringane.