Prop. 126 S (2013–2014)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 54/2014 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EU) nr. 782/2013 om EU-miljømerket

Til innhaldsliste

6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Stiftinga Miljømerking vert finansiert delvis ved tilskot frå det offentlege og delvis ved gebyr frå næringsdrivande som søkjer om å nytte miljømerke. Stiftinga Miljømerking reknar med at innføringa av eit nytt gebyrsystem vil føre til at inntektene til stiftinga vil verte reduserte med om lag 135 000 kroner i året. Inntektene til stiftinga frå EU-miljømerket var 425 632 kroner for 2013. Inntektene til stiftinga frå Svanemerket var 17,441 millionar kroner for 2013.

Det nye gebyrsystemet er ikkje venta å medføre særleg store kostnader for det offentlege.

Det nye gebyrsystemet vil føre til at verksemder med høg omsetning av miljømerkte produkt i større grad vil bidra med eit høvesvis større tilskot til drifta av EU-miljømerket enn verksemder med liten omsetning av slike produkt.