Prop. 126 S (2013–2014)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 54/2014 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EU) nr. 782/2013 om EU-miljømerket

Til innhaldsliste

7 Konklusjon og tilråding

Føremålet med det nye gebyrsystemet til miljømerkeforordninga er både å auke bruken av EU-miljømerket, og å gje eit incitament til dei som har produkt som oppfyller EU-miljømerkekriteria, til å søkje.

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet tilrår godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtalen av kommisjonsforordning (EU) nr. 782/2013 av 14. august 2013 om endring av vedlegg III til europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 66/2010 om EU-miljømerket. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.