Prop. 127 S (2009-2010)

Ein del saker på Samferdselsdepartementet sitt område

Til innhaldsliste

2 Programkategori 21.20 Luftfartsformål

2.1 Vulkanutbrotet på Island - konsekvensar for luftfartsnæringa i Noreg

Vulkanutbrotet på Island førte til at luftrommet over Noreg og Europa vart heilt eller delvis stengt ei vekes tid etter 15. april i år. Stenginga førte til konsekvensar både for næringslivet generelt og luftfartsnæringa spesielt. Flyselskapa vart råka ved at dei måtte kansellera flygingar og ta hand om «oskefaste» passasjerar. Lufthamnene tapte òg inntekter då flygingane vart kansellerte.

Flyselskapa har kravt tiltak frå styresmaktene som følgje av «oskekrisa», og Samferdselsdepartementet har i denne samanheng skipa ei kontaktgruppe med Avinor, NHO Luftfart og dei tre største flyselskapa i Noreg. Departementet har òg gjennomført eit møte med representantar for organisasjonane til dei tilsette i norsk luftfart. Departementet har likeeins hatt eit møte med Norsk Flyoperatør Forbund, som representerer dei små operatørane i næringa.

«Oskekrisa» har utløyst ein debatt om offentlege tiltak også i andre land. EU-kommisjonen har lagt fram forslag som skal gjera Europa betre i stand til å møta slike kriser i framtida. På eit møte 4. mai i år slutta transportministrane i EU seg i hovudsak til forslaga frå kommisjonen. Ministrane viste til at mogleg støtte til luftfartsnæringa som følgje av krisa, må følgja dei alminnelege reglane for statsstøtte. Det ser ikkje ut til at EU vil utarbeida nærare retningsliner for statsstøtte som følgje av «oskekrisa».

Av tiltak som er gjennomførde i andre land, er Samferdselsdepartementet kjent med at Transportstyrelsen i Sverige har forlengt betalingsfristen frå 30 til 90 dagar for gebyr og avgifter som styrelsen administrerer. Dette er noko svenske luftfartsstyresmakter kan gjera innafor gjeldande fullmakter.

Det overordna målet for Regjeringa er at flyselskapa skal ha rammevilkår som sikrar at mesteparten av flyrutetilbodet innanlands skal kunna haldast ved lag utan tilskot frå staten. Av omsyn til distrikta er det vidare viktig at det finst flyselskap som tilbyr eit landsdekkjande rutenettverk i Noreg. Regjeringa legg vekt på at det skal vera attraktivt for flyselskapa og anna tilknytt verksemd å vera lokaliserte i Noreg.

Det er vidare eit overordna prinsipp i næringspolitikken at næringslivet sjølv skal bera risikoen som følgjer med verksemda. Offentlege tiltak kan berre rettferdiggjerast dersom overordna samfunnsomsyn står på spel.

Slik Samferdselsdepartementet ser det, er det å redusera uvissa ved eventuelle nye skyer med vulkanoske eit viktig tiltak frå styresmaktene si side. Departementet vil i denne samanheng visa til at det er utarbeidd nye prosedyrar for flyging i oskeskyar. Vidare skjer det no eit arbeid internasjonalt for å utvikla betre målemetodar, både for å måla konsentrasjonen av oske, og for å måla kor det faktisk er oske. Det blir også arbeidd med å klarleggja kor mykje oske fly og flymateriell faktisk tåler.

Regjeringa vurderer så langt at det ikkje er behov for økonomiske tiltak overfor luftfartsnæringa som følgje av «oskekrisa». Dei endelege konsekvensane for næringa av krisa er likevel enno ikkje kjende. Samferdselsdepartementet har sett i verk eit utgreiingsarbeid for å få betre oversikt over desse konsekvensane. Regjeringa vil difor følgja situasjonen nøye i tida framover og vurdera tiltak dersom Regjeringa finn det nødvendig.

Regjeringa er vidare oppteken av at flyselskapa i Noreg skal ha like konkurransevilkår. Regjeringa vil difor følgja utviklinga i EU og andre land tett.

Samferdselsdepartementet følgjer dessutan også nøye med på utviklinga i Avinor.