Prop. 131 S (2013–2014)

Utbygging og finansiering av vegprosjekt og tiltak i Bodø kommune (Bypakke Bodø) og endra takst- og rabattopplegg for rv 80 Løding – Vikan (Tverlandsbrua)

Til innhaldsliste

4 Trafikkgrunnlag

Trafikkanalysen er gjort med ein transportmodell basert på den regionale transportmodellen for regionen (DOM-Salten). I tillegg er det gjort utrekningar av elastisitetane for avvising.

Trafikktala som er lagt til grunn for Bypakke Bodø, er observerte trafikktal frå faste teljepunkt i Bodø og resultata frå «Reisevaneundersøkelse Salten (2009)».

Talet på passeringar i 2014 i dei planlagde bomsnitta er rekna til om lag 61 800 køyretøy per døgn der tungtrafikken utgjer 3 pst. Innføring av bompengeinnkreving i til saman 7 bomstasjonar, jf. figur 4.1, er rekna til å gi ei samla trafikkavvising på om lag 20 pst., dvs. ein årsdøgntrafikk på om lag 49 500 køyretøy. Ved den lokalpolitiske handsaminga av saka blei det fatta vedtak om 8 bomstasjonar. I samarbeid med kommune og fylkeskommune er planen for bomstasjonar omstrukturert og redusert til 7 stasjonar utan at dette påverkar finansieringa av pakka.

Som det går fram av dei lokalpolitiske vedtaka i kap. 3, legg Nordland fylkeskommune og Bodø kommune opp til innføring av timesregel og eit passeringstak på 90 passeringar per månad for bomsnitta i Bypakke Bodø. Det er òg fatta lokalpolitisk vedtak om at timesregelen for Bypakke Bodø må gjelde for prosjektet rv 80 Løding – Vikan (Tverlandsbrua), som vart vedtatt av Stortinget i 2011, jf. Prop. 63 S og Innst. 248 S (2010–2011). I praksis inneber dette vedtaket at passeringstaket på 90 passeringar per månad òg må gjelde for Tverlandsbrua.

Ei samordning av takst- og rabattsystemet for Bypakke Bodø og Tverlandsbrua inneber at eit køyretøy, innafor ein periode på ein time, berre skal betale bompengar i den første bomstasjonen som blir passert. For Bypakke Bodø inneber samordninga eit samla bortfall av betalande trafikk på om lag 2 500 køyretøy per døgn ved oppstart på innkrevjinga.

Bortfall av betalande trafikk som følgje av innføring av timesregel, passeringstak, samordning med Tverlandsbrua, samt fritak etter gjeldande retningslinjer og ikkje-identifiserte køyretøy, er estimert til 23 pst. Forventa betalande trafikk i 2015 er på 36 100 køyretøy per døgn.

Det er lagt til grunn ein årleg vekst i trafikken på 0,5 pst. i innkrevjingsperioden.

Figur 4.1 Bomstasjonar

Figur 4.1 Bomstasjonar