Prop. 131 S (2013–2014)

Utbygging og finansiering av vegprosjekt og tiltak i Bodø kommune (Bypakke Bodø) og endra takst- og rabattopplegg for rv 80 Løding – Vikan (Tverlandsbrua)

Til innhaldsliste

8 Styringsmodell for Bypakke Bodø

For bompengepakker er det vanleg at omfanget av utbygginga blir tilpassa den økonomiske ramma. Dersom kostnadene for eitt eller fleire prosjekt aukar, inneber dette at andre prosjekt ikkje blir bygde. Dersom prosjekta blir rimelegare enn rekna med, vil det bli plass til fleire prosjekt i pakka.

For Bypakke Bodø blir det lagt opp til at ramma for det enkelte hovudområde ligg fast. Prioriteringane innafor rammene til tiltak for gåande og syklande (inkl. trafikktryggleikstiltak) og kollektivtrafikktiltak er detaljerte gjennom eit handlingsprogram for Bypakke Bodø, samt i eigne handlingsplanar per område.

Om lag 76 pst. av den totale ramma i bypakka vil gå til prosjektet rv 80 Hunstadmoen – Thallekrysset. Dette inneber at hovudområda tiltak for gåande og syklande (inkl. trafikktryggleikstiltak) og kollektivtrafikktiltak utgjer høvesvis 16 og 7 pst. av pakka. For å sikre at evt. kostnadsauke på prosjektet Hunstadmoen – Thallekrysset ikkje skal føre til store reduksjonar i rammene til dei kommunale og fylkeskommunale prosjekta, tilrår Statens vegvesen at ein kostnadsauke utover ordinær prisstigning opp til kostnadsramma skal finansierast med statlege midlar og bompengar etter same prosentvise fordeling som innafor styringsramma. Overskridingar utover kostnadsramma er staten sitt ansvar og må følgjeleg finansierast med statlege midlar.

Utover dette er det lagt til grunn at Bypakke Bodø blir gjennomført etter prinsippa for porteføljestyring, som skal sikre ei optimal prosjektgjennomføring i høve til dei strategiske og økonomiske måla for pakka. Det inneberer at det innafor rammene av vegpakka kan gjerast endringar for å sikre rasjonell framdrift og økonomistyring.

Dersom inntektene i Bypakke Bodø blir lågare enn føresett, er det lagt til grunn at bompengeselskapet etter avtale med Vegdirektoratet kan auke takstane med inntil 20 pst. ut over ordinær prisstigning og forlenge innkrevjingsperioden med inntil 5 år.

Det er etablert ei styringsgruppe for planlegging og gjennomføring av Bypakke Bodø. I styringsgruppa møter ordførar og rådmann i Bodø kommune, fylkesråd for samferdsel i Nordland fylkeskommune og regionvegsjef i Statens vegvesen Region nord. Styringsgruppa si hovudoppgåve er å prioritere prosjekt innafor hovudsatsingsområda i porteføljen og sjå til at gjennomføringa skjer i tråd med føringane i denne proposisjonen.

Statens vegvesen, Nordland fylkeskommune og Bodø kommune har inngått ein avtale om gjennomføring av Bypakke Bodø. Bodø kommune skal ha eit sjølvstendig totalansvar for gjennomføring av prosjekta på kommunal veg, slik Statens vegvesen har for riks- og fylkesveg. Avtalen regulerer òg kostnadane som inngår i Bypakke Bodø og kva kostnader samarbeidspartane skal dekke sjølve.