Prop. 143 S (2009-2010)

Samtykke til ratifikasjon av Den internasjonale kaffiavtalen av 28. september 2007

Til innhaldsliste

3 Nærmare om dei einskilde føresegnene i avtalen

Føremålet med avtalen er i følgje artikkel 1 å styrkje den internasjonale kaffisektoren og hjelpe til ei berekraftig utviding av sektoren i eit marknadsbasert klima, til beste for alle som deltar i sektoren. Avtalen skal sikre internasjonalt samarbeid mellom regjeringane og med privat sektor, og oppmode medlemene til å utvikle ein berekraftig kaffisektor både økonomisk, sosialt og for miljøet. Den skal skape eit forum for konsultasjon og forståing av strukturelle tilhøve som skaper balanse mellom tilbod og etterspurnad og eit rimeleg prisnivå for både forbrukarar og produsentar. Vidare skal avtalen bidra til openheit og nedbygging av handelshinder, og den skal styrkje det faglege samarbeidet mellom avtalepartane. Dette samarbeidet gjeld utviklingsprosjekt, kvalitetsforbetring, finansiering i kaffisektoren, informasjonsutveksling, auka kaffiforbruk, beredskap mot sjukdomar, med vidare.

Føremålet med avtalen skal avtalepartane arbeide for gjennom Den internasjonale kaffiorganisasjonen, som vart skipa i samband med den første kaffiavtalen i 1962, og som har sete i London, jf. artikkel 6. Alle avtalepartane er medlem i organisasjonen, jf. artikkel 4. Gruppemedlemskap er mogleg etter artikkel 5, og Det europeiske fellesskapet er part på vegner av alle sine medlems­statar. Medlemene skal setje i verk alle naudsynte tiltak for å oppfylle pliktene sine etter avtalen, særleg for å dele informasjon, utferde opphavsprov og skaffe informasjon om reeksport, jf. artikkel 3.

Artikkel 6 forklarer vidare den administrative oppbygginga av organisasjonen, som er samansett av Det internasjonale kaffirådet, Finans- og administrasjonskomiteen og Komiteen for salsfremjande tiltak og marknadsutvikling. Det øvste organet er Det internasjonale kaffirådet, der alle medlemene er representerte, jf. artikkel 8. Talet på røyster som blir tildelt medlemene er sett til 2000, fordelt på 1000 røyster til eksportlanda og 1000 røyster til importlanda, jf. artikkel 12. Noreg vil etter den nye avtalen ha 14 røyster. Rådet skal freiste å fatte alle avgjerder og tilrådingar ved konsensus, men kan fatte avgjerd med eit fordelt fleirtal med 70 prosent av røystene til høvesvis eksportmedlemene og importmedlemene som er til stades, jf. artikkel 14.

Den nye Finans- og administrasjonskomiteen skal hjelpe Rådet ut frå eit mandat som blir fastsett av sistnemnde etter artikkel 18, og vil fylle dei oppgåvene Styret og Finansnemnda hadde etter 2001-avtalen. Rådet utnemner eksekutivdirektøren, som tilset personale i samsvar med Rådet sine retningslinjer etter artikkel 17. Revisjon og offentleggjering av rekneskapar blir regulert i artikkel 23.

Organisasjonen sine administrasjonsutgifter skal dekkjast av årlege tilskot frå medlemene etter artikkel 19. Desse tilskota blir rekna ut på grunnlag av medlemene sitt røystetal i Rådet, jf. artikkel 20.

Medlemene forpliktar seg til å arbeide for å fjerne hindringar for handel med, og forbruk av, kaffi, jf. artikkel 24, og å rapportere om sine tiltak til Rådet, som kan gi tilrådingar for fjerning av slike hinder. Vidare skal medlemene leggje til rette for salsfremjande tiltak og marknadsutvikling etter artikkel 25, og ein eigen komité skal arbeide med dette etter mandat nedsett av Rådet.

Medlemene så vel som eksekutivdirektøren kan fremje forslag til prosjekt som hjelper til å oppfylle føremålet i avtalen, og Rådet skal fastsetje ordningar for vurdering, prioritering, finansiering, gjennomføring og oppfølging av prosjekta, jf. artikkel 28. Rådet skal setje ned ei eiga prosjektnemnd for dette føremålet. Eit eige rådgivingspanel for privat sektor skal arbeide med tilrådingar på grunnlag av konsultasjonar som Rådet held, og panelet skal jamleg rapportere til Rådet etter artikkel 29. Det skal òg med jamne mellomrom haldast ein verdskaffikonferanse med brei deltaking av eksport- og importmedlemer, representantar for privat sektor, og andre interesserte etter artikkel 30. Eit nytt rådgivingsforum for finansiering i kaffisektoren skal leggje til rette for konsultasjonar om tema knytt til finansiering og risikohandtering i kaffisektoren – med særskilt vekt på behova til små og mellomstore produsentar og lokalsamfunn i kaffiproduserande område, jf. artikkel 31.

Som tidlegare skal Kaffiorganisasjonen arbeide med statistikk, jf. artikkel 32, opphavsprov, jf. artikkel 33 , samt studiar, undersøkingar og rapportar, jf. artikkel 34 , for kaffisektoren. Rådet har fullmakt til å forhandle fram ein ny internasjonal kaffiavtale etter artikkel 35. Medlemene er forplikta til å arbeide både for ei berekraftig forvaltning av kaffiressursane med utgangspunkt i Dei sameinte nasjonane sin Agenda 21, jf. artikkel 36, og for å betre levestandarden og arbeidstilhøva til dei gruppene som er sysselsett i kaffisektoren, jf. artikkel 37. Ein skal samstundes ikkje bruke arbeidsstandardar til proteksjonistiske føremål innan handel. Det er eigne prosedyrar for konsultasjonar etter artikkel 38, samt tvistar og klager etter artikkel 39.

Avtalen er open for underteikning fram til 25. september 2010.

Signatarstatane skal ratifisere avtalen. Ratifikasjonsdokumenta skulle vore deponerte hos depositaren (Kaffiorganisasjonen) innan 30. september 2008. Rådet kunne forlenge, og har forlenga, fristen for signatarstatar som ikkje deponerte sine dokument innan nemnde dato, jf. artikkel 40. Avtalen skal tre endeleg i kraft når eksportland som representerer minst to tredeler av eksportlanda sine røyster, og importland som representerer minst to tredeler av importlanda sine røyster, har deponert ratifikasjonsdokumenta sine. Det blir òg gitt høve til å la avtalen tre mellombels i kraft, eller å la den gjelde sjølv om ikkje vilkåra for at den er endeleg eller mellombels i kraft er oppfylde, etter artikkel 42. Dette er til no ikkje gjennomført, og 2001-avtalen er framleis i kraft. Alle medlemsland i Dei sameinte nasjonane kan tiltre avtalen etter artikkel 43. Ein avtalepart kan når som helst trekkje seg frå avtalen og melde seg ut av Kaffiorganisasjonen, jf. artikkel 45. Etter artikkel 48 skal avtalen vere i kraft i ti år, med ein gjennomgang etter fem år, og Rådet kan forlenge avtalen i opptil åtte år. Etter same artikkel kan Rådet når som helst oppheve avtalen.