Prop. 143 S (2009-2010)

Samtykke til ratifikasjon av Den internasjonale kaffiavtalen av 28. september 2007

Til innhaldsliste

4 Vurdering

Tilslutnad til Den internasjonale kaffiavtalen 2007 vil sikre Noreg deltaking i Den internasjonale kaffiorganisasjonen. Organisasjonen sitt arbeid vil gjennom ovannemnde tiltak for marknadsinformasjon, kvalitetsforbetring, finansiering i kaffisektoren og utviklingsprosjekt, kunne hjelpe til berekraftig utvikling og mindre fattigdom mellom småskalaprodusentar, samt betre innsyn og balanse i marknaden. Norsk tilslutnad vil vere ei vidareføring av etablert norsk politikk på råvareområdet. Avtalen er i stor mon ei vidareføring av 2001-avtalen, men med lengre verketid og noko høgare årleg økonomisk bidrag.

Noreg sitt tilskot i 2009 var utrekna etter 12 røyster, og utgjorde kr. 156 215. Dette tilsvarte 16 608 britiske pund. Etter 2007-avtalen vil Noreg ha 14 røyster. Beløpet vil auke om lag proporsjonalt med talet på røyster. For 2010 er det sett av kr. 192 000 (Prop. S nr. 1 for 2009-10, kapittel 116 post 70).

Tilslutnad til avtalen gjer det ikkje turvande med endringar i lover eller forskrifter.

Spørsmålet om norsk tilslutnad til avtalen er førelagt Finansdepartementet, Landbruks- og matdepartementet, og Nærings- og handelsdepartementet, som ikkje hadde merknader. Norsk kaffibransje, representert ved Norsk Kaffeinformasjon, er konsultert, og har tilrådd at Noreg sluttar seg til avtalen.