Prop. 19 L (2014–2015)

Endringar i opplæringslova og privatskolelova (skolebyte i mobbesaker)

Til innhaldsliste

3 Framlegg om å presisere i lova at ein elev som mobbar, kan flyttast til ein annan skole

3.1 Bakgrunnen for framlegget

I den politiske plattforma til regjeringa, Sundvolden-erklæringa, heiter det at regjeringa vil «sørge for at det er mobberen som bytter skole i mobbesaker der skolebytte er eneste løsning». Etter det regelverket som gjeld i dag, kan ein elev som mobbar, i enkelte tilfelle flyttast til ein annan skole enn den eleven går på. Dette følgjer av opplæringslova § 8-1 fjerde ledd og privatskolelova § 3-3 første ledd. Men det har vore fleire døme på at eleven som blir mobba, har sett seg nøydd til å byte skole.

At ein elev som mobbar, kan flyttast til ein annan skole, står ikkje eksplisitt i opplæringslova eller privatskolelova, men det går fram av forarbeida til lovene at det er høve til dette. For at det skal vere klart at den som mobbar, i visse tilfelle kan flyttast til ein annan skole, og for å unngå at eleven som blir mobba, blir nøydd til å byte skole, foreslår departementet at høvet til å flytte mobbaren går direkte fram i opplæringslova § 8-1 fjerde ledd og privatskolelova § 3-3 første ledd.

3.2 Gjeldande rett

3.2.1 Elevar i offentleg grunnskole

Etter opplæringslova § 8-1 første ledd har grunnskoleelevar rett til å gå på den skolen som ligg nærast, eller den skolen i nærmiljøet som dei soknar til. Etter fjerde ledd i føresegna kan ein elev i særlege tilfelle flyttast til ein annan skole enn den eleven har rett til å gå på etter første ledd når omsynet til dei andre elevane talar for det.

Opplæringslova § 8-1 fjerde ledd lyder slik:

«Når omsynet til dei andre elevane tilseier det, kan ein elev i særlege tilfelle flyttast til ein annan skole enn den skolen eleven har rett til å gå på etter første leddet. Før det blir gjort vedtak om å flytte ein elev, skal ein ha prøvd andre tiltak. Når det er nødvendig, kan eleven flyttast til ein skole utanfor kommunen, men ikkje slik at eleven må flytte ut av heimen eller at skoleskyssen blir uforsvarleglang.»

Det følgjer av forarbeida til denne føresegna, Ot.prp. nr. 44 (1999–2000) s. 27–29, at ein elev berre kan flyttast i heilt spesielle unntakstilfelle når framferda til eleven i alvorleg grad går ut over skole- og læringssituasjonen til dei andre elevane og det dermed ikkje er forsvarleg å gi eleven eit opplæringstilbod på nærskolen. Om dette heiter det:

«Retten til enkelteleven må i slike heilt spesielle tilfelle vike for retten til andre elevar i klassen. Dette vil for eksempel kunne gjelde situasjonar der ein står overfor vedvarande og alvorleg mobbing eller anna åtferd som verkar øydeleggjande på læringssituasjonen.»

Følgjeleg kan føresegna mellom anna brukast til å flytte ein elev som mobbar. Ettersom omgrepet mobbing vil bli brukt heretter, kan det vere nyttig å gi att definisjonen som ligg til grunn i opplæringslova. Det følgjer av forarbeida/merknadene til opplæringslova § 9a-3, Ot.prp. nr. 72 (2001–2002) s. 23–24, at:

«Ein person er mobba når han eller ho, gjentekne gonger og over tid, er utsett for negative handlingar frå ein eller fleire personar. Det er ei negativ eller aggressiv handling når nokon med vilje påfører ein annan person skade eller smerte – ved fysisk kontakt, ved ord eller på andre måtar. For å kunne bruke nemninga mobbing skal det også vere ein viss ubalanse i makt- og styrketilhøvet: den som blir utsett for dei negative handlingane, har vanskeleg for å forsvare seg og er noko hjelpelaus overfor den eller dei som plagar han eller henne.»

Forarbeida til § 8-1 understrekar at det skal mykje til før ein elev kan flyttast til ein annan skole mot sin eigen og foreldra sin vilje. Å flytte elevar skal vere siste utvegen, og det går fram av føresegna at ein må ha prøvd ut andre tiltak ved nærskolen. Vidare går det fram at enkeltvedtak om å flytte ein elev etter denne føresegna bør gjerast sentralt i kommunen, og ikkje av den enkelte skolen. Dersom det er nødvendig å flytte eleven til ein skole utanfor kommunen, må kommunen som skal ta imot eleven, godkjenne dette. Det er ikkje nødvendig med sakkunnig vurdering av eleven før det blir gjort vedtak om flytting. Av forarbeida, Ot.prp. nr. 44 (1999–2000) s. 27–29, går det fram at det er «tilstrekkeleg at vedtaket er forsvarleg og er underkasta reglane i forvaltningslova om krav til enkeltvedtak. Departementet viser mellom anna til kravet om at saka skal vere tilstrekkeleg opplyst før vedtak blir gjort. Det må derfor vurderast i den enkelte saka om krava til forsvarleg saksbehandling krev sakkunnig vurdering.»

3.2.2 Elevar i privat grunnskole

Det kan òg vere aktuelt å flytte ein elev som går på ein privat grunnskole med rett til statstilskot. Privatskolelova § 3-3 første ledd svarer til opplæringslova § 8-1 fjerde ledd. I privatskolelova § 3-3 første ledd står det:

«Ein elev som har fått plass ved ein grunnskole som er godkjend etter denne lova, har rett til å fullføre opplæringa si ved skolen, så langt skolen er godkjend. Når omsynet til dei andre elevane tilseier det, kan ein grunnskoleelev i særlege tilfelle likevel flyttast til ein offentleg skole i heimkommunen. Før det blir gjort enkeltvedtak om å flytte ein elev, skal ein ha prøvd andre tiltak. Heimkommunen gjer vedtak. Departementet er klageinstans.»

Det følgjer av forarbeida til denne føresegna, Ot.prp. nr. 33 (2002–2003), at ho er i samsvar med opplæringslova § 8-1 siste ledd, og forarbeida viser derfor til vurderingane som er gjorde i forarbeida til opplæringslova. I samsvar med privatskolelova § 3-3 første ledd kan ein elev likevel berre flyttast til ein offentleg skole i heimkommunen. Føresegna er ikkje til hinder for at foreldra til eleven kan samtykkje i at eleven blir flytta til ein skole utanfor kommunen. Det er heimkommunen til eleven som skal gjere enkeltvedtak etter denne føresegna.

Når det gjeld private grunnskolar som er godkjende etter opplæringslova § 2-12, så følgjer det av denne føresegna at opplæringslova § 8-1 ikkje gjeld for slike skolar.

3.2.3 Elevar i vidaregåande opplæring

Elevar i vidaregåande opplæring som vedvarande viser ei framferd som i alvorleg grad går ut over orden og arbeidsro, eller i alvorleg grad forsømer pliktene sine, kan visast bort for resten av skoleåret, jf. opplæringslova § 3-8 og privatskolelova § 3-10. I samband med eit vedtak om bortvising for resten av skoleåret kan fylkeskommunen òg vedta at eleven skal miste retten til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1.

3.3 Høyringa

3.3.1 Høyringsframlegget

I høyringsnotatet foreslo departementet at lova skal presisere at det i mobbesaker er høve til å flytte ein elev som mobbar, trass i at eleven og foreldra ikkje vil det. At det finst eit slikt høve, er viktig av omsyn til eleven som blir utsett for mobbing. Departementet framheva i høyringsnotatet at presiseringa ein foreslår, ikkje endrar på gjeldande rett og derfor ikkje gir større høve til å flytte elevar enn det som gjeld i dag. Departementet understreka at framlegget ikkje er meint som ei lettvinn løysing på utfordringane skolane står overfor når det gjeld mobbing, men at ei presisering vil vise at det er mogleg å flytte elevar i særlege tilfelle. Meininga er såleis at presiseringa skal klargjere, og slik departementet vurderer det, kan ho òg gi ein viktig signaleffekt og verke preventivt.

Før det er aktuelt å flytte ein elev til ein annan skole, må ein ha prøvd ut andre tiltak. Om dette sa departementet:

«Det følger av opplæringsloven § 8-1 fjerde ledd og privatskoleloven § 3-3 første ledd at andre tiltak må ha vært prøvd ut før det er aktuelt å flytte en elev. Når det gjelder mobbing, kan skolen på grunn av sin handlingsplikt, på eget initiativ eller etter informasjon fra elev eller foreldre, ha satt i gang tiltak for å stoppe krenkelsene, jf. opplæringsloven § 9a-3 og privatskoleloven § 2-4 andre ledd. Dersom en elev eller en forelder krever tiltak, skal skolen snarest mulig behandle saken etter reglene om enkeltvedtak i forvaltningsloven. Når skolen setter i gang tiltak, bør både foreldrene til eleven(e) som mobber og foreldrene til eleven(e) som blir mobbet tas med i prosessen. Særlig gjelder dette hvilke tiltak som skal iverksettes og de ulike vurderingene som knytter seg til dette. Et nært samarbeid med foreldrene til eleven(e) som står bak mobbingen kan også være med på å stanse krenkelsene. Dersom det har vært satt i gang tiltak som ikke har ført frem, kan vilkåret om at tiltak må ha vært prøvd ut, være oppfylt.»

Departementet viste i høyringsframlegget til at det er fleire problemstillingar som reiser seg når ein flyttar ein elev som mobbar, til ein annan skole. Sjølv om framlegget er ei presisering av gjeldande rett, meinte departementet at det ville vere nyttig å omtale nokre av desse problemstillingane. Om dette skreiv departementet:

«Å bli flyttet til en annen skole mot sin vilje, er et inngripende tiltak for eleven det gjelder. Det kan ikke ses bort ifra at eleven som mobber, også har det vanskelig. Et vedtak om å flytte eleven som mobber, kan føre til at man flytter problemet til en annen skole. Departementet vil vise til at også hensynet til mobberen må tas med i vurderingen når vedtak om flytting blir aktuelt. Det følger blant annet av FNs barnekonvensjon Art. 3 punkt 1 at «ved alle handlinger som berører barn, enten de foretas av offentlige eller private velferdsorganisasjoner, domstoler, administrative myndigheter eller lovgivende organer, skal barnets beste være et grunnleggende hensyn». Barnekonvensjonens krav om å ta hensyn til barnets beste, gjelder derfor både for mobberen og mobbeofferet, og det må av den grunn foretas en avveining mellom motstridende hensyn. Departementet viser til motivene bak opplæringsloven § 8-1 fjerde ledd, nemlig at retten til enkelteleven som flyttes, må vike for retten til de andre elevene. Altså må hensynet til eleven som mobber, vike til fordel for hensynet til den eller de som får sin skolehverdag ødelagt av mobbingen.
Departementet vil samtidig vise til at det er satt begrensninger i opplæringsloven § 8-1 fjerde ledd, slik at flytting av en elev ikke skal bli et uforholdsmessig stort inngrep. I fjerde ledd siste punktum heter det at en elev ikke kan flyttes til en skole utenfor kommunen, dersom dette innebærer at eleven må flytte ut av hjemmet eller at skoleskyssen blir uforsvarlig lang. Denne begrensningen medfører at flytting av en elev ikke kan skje i enkelte tilfeller. Departementet mener at begrensningen som er lagt i bestemmelsen er fornuftig, ettersom det vil være et uforholdsmessig stort inngrep å flytte et barn ut av hjemmet eller at skoleskyssen til eleven blir uforsvarlig lang. I tillegg vil departementet vise til at begrensningen som er satt, må ses i lys av at bestemmelsen også åpner for flytting av elever av andre grunner, for eksempel ulike type adferdsvansker. Kommunen/skolen må sørge for at offeret blir ivaretatt på andre måter, dersom en elev som mobber ikke kan flyttes på grunn av begrensningene i bestemmelsen. Tilsvarende problemstilling gjelder ikke for flytting av elever etter privatskoleloven § 3-3 første ledd. Selv om eleven ikke kan flyttes ut av kommunen etter denne bestemmelsen, vil det være en offentlig grunnskole i kommunen som eleven kan flyttes til.
En annen problemstilling som kan reises, er hvordan opplæringsloven § 8-1 fjerde ledd og privatskoleloven § 3-3 første ledd praktiseres dersom man står overfor en sak med flere elever som mobber. Dette er i utgangspunktet et spørsmål som det må tas stilling til i hvert enkelt tilfelle. Det er ikke slik at bestemmelsene bare kan brukes til å flytte kun én av mobberne, dersom det er flere som står bak mobbingen. Vilkårene for flytting etter bestemmelsene må derfor vurderes for hver enkelt av elevene som mobber. Dermed kan det være at flere av elevene som mobber flyttes til en annen skole.»

Til slutt framheva departementet at den foreslåtte lovendringa ikkje utvidar den gjeldande føresegna, og at ho framleis berre skal brukast i heilt spesielle unntakstilfelle der det ikkje finst andre løysingar. Samstundes understreka departementet at dette verkemiddelet bør brukast når det er nødvendig. Departementet gjorde i tillegg merksam på at flytting av ein elev etter opplæringslova § 8-1 fjerde ledd og privatskolelova § 3-3 første ledd også femner om andre tilfelle enn mobbing. Den foreslåtte presiseringa er derfor berre eitt av fleire eksempel på tilfelle der føresegnene kan brukast. Også anna framferd som kan vere krenkjande eller verke øydeleggjande på læringssituasjonen, kan føre til at ein elev må flyttast til ein annan skole.

3.3.2 Høyringsfråsegner

Departementet har fått svar frå 70 høyringsinstansar. 49 av desse støttar departementet sitt framlegg til presisering. 5 kommenterer framlegget utan at det kjem til uttrykk om dei er for eller imot, og 8 støttar det ikkje. Dei resterande 8 høyringsinstansane har ikkje merknader til framlegget.

Blant dei som støttar framlegget, er det 24 kommunar, deriblant Bergen, Oslo, Tromsø og Kristiansand. Fleire av kommunane som støttar framlegget, viser til at presiseringa er viktig, og at ho bidreg til å klargjere regelverket. Ettersom det er eit inngripande tiltak å flytte ein elev, bør det finnast ein klar lovheimel. I tillegg viser fleire høyringsinstansar til at presiseringa inneber eit klart moralsk standpunkt om at det er den som mobbar andre som må slutte med den uakseptable åtferda, og at det vil få konsekvensar for vedkomande dersom det ikkje skjer. På denne måten vil presiseringa kunne verke preventivt og ha ein viktig signaleffekt.

Stavanger kommune, som støttar framlegget, meiner presiseringa i lova kan vere formålstenleg i arbeidet med å sikre retten den einskilde eleven har til eit godt psykososialt miljø utan krenkingar, som mobbing. Kommunen viser til at ein primært skal finne løysinga i mobbesaker lokalt på den einskilde skolen, men at nokre saker er vanskelege å løyse sjølv om ein set inn målretta tiltak overfor alle partane i saka. Når mobbesaker blir særleg komplekse og utfordrande og ein har prøvd ut alle andre tiltak, kan det å tvangsflytte elevar vere det beste tiltaket. Tokke kommune støttar òg den foreslåtte endringa og viser til at mobbing er svært alvorleg for den som blir utsett for det, og at det kan prege offeret resten av livet. Kommunen meiner lovendringa bidreg til å skjerme offeret, samstundes som ho gjer tydeleg kor alvorleg mobbing er, og at skoleeigaren har høve til å setje inn tiltak i form av flytting.

I Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) er dei positive til framlegget. Dei viser til at dei blir kontakta av foreldre som føler seg tvinga til å flytte barna sine til andre skolar på grunn av mobbing, og meiner at presiseringa kan bidra til å hindre dette. Også Elevorganisasjonen og fleire grunnskolar støttar framlegget og meiner det er viktig med ei presisering.

Universitet i Nordland meiner at endringa vil bidra til å skape ein trygg skolekvardag for den som blir utsett for mobbing, og at presiseringa vil vere til støtte for skolar som skal handtere denne typen saker.

Fleire høyringsinstansar har innspel til vilkåret om at ein må ha prøvd ut andre tiltak før ein gjer vedtak om flytting. Bamble kommune er positiv til framlegget, men viser til at det aldri må rå tvil om at det er dei vaksne som har ansvaret for å stoppe mobbing. Ergo må dei tilsette og leiarane på skolen i samarbeid med heimane til dei involverte partane prøve ut fleire tiltak over tid før ein går til det steget å gjere vedtak om skolebyte for ein som mobbar. Det å ikkje klare å finne gode løysingar i ei mobbesak kan på mange måtar vere ei fallitterklæring for ein skole, og kommunen ønskjer derfor at det blir streka under at det er dei vaksne som er ansvarlege for læringsmiljøet og det psykososiale miljøet i skolen. Atferdssenteret meiner ein må ta utgangspunkt i tiltak og metodar som har dokumentert effekt overfor barn og unge når det gjeld kva tiltak som skal setjast inn i mobbesaker. Helsedirektoratet meiner mellom anna at ein må ha prøvd å la den som mobbar, byte klasse før ein vurderer skolebyte, og at ein bør ha rådført seg med eit ressursteam før ein gjennomfører eit skolebyte. Andre instansar saknar omtale av forsking som seier noko om verknaden av ulike tiltak mot mobbing, mellom anna verknaden av å flytte elevar til ein annan skole. Oslo kommune meiner at i særleg alvorlege tilfelle kan eleven som blir mobba, og dei føresette til denne eleven oppleve det som svært urimeleg at andre, mindre inngripande tiltak må vere prøvde ut før ein gjer vedtak om flytting. Oslo kommune meiner derfor at ordlyden bør endrast til at ein som «hovudregel» skal ha prøvd ut andre tiltak.

Jussformidlinga støttar òg framlegget frå departementet, men er noko tvilande til avgrensingane i føresegna som inneber at flytting til ein annan skole ikkje må føre til at eleven må flytte ut av heimen, eller at skoleskyssen blir uforsvarleg lang. Når ein elev ikkje kan flyttast utanfor kommunen på grunn av desse avgrensingane og flytting skal vere siste utvegen, vil det ikkje vere fleire tiltak att for elevar som ikkje kan flyttast. Jussformidlinga ber derfor departementet om å gi høve til konkrete sanksjonar overfor eleven som mobbar, av di det er nærliggjande å tru at den typen tiltak som ein alt har prøvd, ikkje vil vere tilstrekkelege etter at terskelen for å flytte eleven er nådd.

Fleire høyringsinstansar, både dei som støttar, og dei som ikkje støttar framlegget, er urolege for om presiseringa kan bli oppfatta som ein lågare terskel for å flytte elevar til ein annan skole. Dei viser til at det ligg klart innanfor skolen sitt ansvarsområde å hindre og handtere mobbing, og at presiseringa kan vere med på å skape ei generell forståing av at mobbesaker er noko ein løyser ved å flytte eleven som mobbar. Dette kan skape press på skolane og kommunane, slik at det blir gjort fleire vedtak om flytting enn i dag. Fleire framhevar at det er viktig at flytting som verkemiddel blir brukt som siste utveg i mobbesaker, slik at det ikkje blir ei lettvinn løysing for skolane.

Fleire høyringsinstansar viser til at eit vedtak om flytting vil vere eit stort inngrep i kvardagen for eleven det gjeld, og at det derfor er viktig at ein tek vare på denne eleven òg. Helsedirektoratet viser mellom anna til at både den som mobbar, og den som blir mobba, står i fare for å utvikle psykiske helseplager, og at det derfor er viktig å prøve å styre eleven som mobbar, inn i sosialt meir aksepterte baner. Helsedirektoratet viser vidare til at ein må sikre den lovfesta retten barnet har til å bli høyrt, gjennom heile saksgangen. I tillegg må ein sikre at både mobbaren og mobbeofferet får høve til å uttale seg om saka, og at skolen involverer foreldra tidleg. Helsedirektoratet meiner òg at det bør vere rutine at den som mobbar, blir kalla inn til minst ein obligatorisk samtale med skolehelsetenesta ved skolen. Formålet med denne samtalen må vere å prøve å kartleggje eventuelle utfordringar i heimemiljøet til barnet som kan vere årsak til åtferda. Andre høyringsinstansar viser til at eit skolebyte kan vere utgangspunkt for å setje inn verknadsfulle intervensjonar som fremjar ei meir positiv utvikling for eleven, og som førebyggjer mobbeåtferd. Somme peikar òg på utfordringane skolen som tek imot eleven, kan få. RKBU Vest – Regionalt kunnskapssenter for barn og unge, som støtter framlegget, seier at det er viktig at ei eventuell flytting blir nøye planlagd og førebudd i samråd med dei lærarane og foreldra som er involverte. Det er viktig for å sikre at resultatet blir så vellukka som mogleg. Atferdssenteret foreslår mellom anna at PPT bør hjelpe til ved å ta vare på eleven og rettleie den nye skolen dersom det er aktuelt å flytte ein elev.

UNICEF Noreg understrekar at barnekonvensjonen krev at vurderingar om å flytte elevar må knytast opp mot art. 3 i konvensjonen om omsynet til barnets beste, og må gjerast konkret for alle dei barna som eit slikt vedtak gjeld. Dette inneber at ein forpliktar seg til å vurdere ei eventuell flytting opp mot omsynet til kva som vil vere til beste for alle dei involverte barna, inkludert eleven som mobber. UNICEF Noreg meiner framlegget frå departementet om at det automatisk er mobbaren som skal byte skole dersom skolebyte ser ut til å vere den einaste utvegen, harmonerer dårleg med art. 3 i barnekonvensjonen. Barnekonvensjonen forpliktar forvaltninga til å vurdere omsynet til barnets beste konkret i den einskilde saka og der det er nødvendig, vege omsynet til ulike barn mot kvarandre når ulike omsyn kjem i konflikt. UNICEF Noreg meiner at omsynet til barnets beste skal vere det sentrale når ein vurderer eit skolebyte for ein eller fleire elevar i mobbesaker. For at denne vurderinga skal bli reell, er det avgjerande at departementet ikkje kjem med retningslinjer for korleis utfallet av vurderinga skal bli. UNICEF Noreg understrekar òg at det er nødvendig å sjå mobbing som eit større samfunnsproblem, som ikkje berre er relatert til sjølve skolekvardagen.

Horten kommune, som ikkje støttar framlegget, peikar på noko av det same som UNICEF Noreg i høyringssvaret sitt. For å sikre intensjonen om «barnets beste» meiner Horten kommune at begge partane i ei mobbesak må ha høve til å byte skole dersom dette skulle vere einaste utvegen. Kommunen foreslår derfor at ein tek inn i lovteksten at flytting òg kan gjelde eleven som blir mobba.

Utdanningsforbundet og KS støttar ikkje framlegget frå departementet. Dette grunngir dei med at presiseringa er unødvendig. Det gjeldande lovverket opnar alt for å flytte elevar, og eit rundskriv eller ein rettleiar vil vere nok til å klargjere gjeldande rett. Begge høyringsinstansane viser òg til Djupedalutvalet og at det vil vere formålstenleg å vente med eventuelle lovpresiseringar til ein får ei samla gjennomgåing av verkemidla i arbeidet mot mobbing. I tillegg seier Utdanningsforbundet dette i høyringssvaret sitt:

«Departementet seier i høyringsnotatet at framlegget kan gje ein viktig signaleffekt og verke preventivt. Utdanningsforbundet tviler på ein slik preventiv verknad. Vi stiller også eit alvorleg spørsmål ved den signaleffekten som framlegget gir. Framlegget inneber at det er den klart sterkaste sanksjonen retta mot einskildelevar som vert løfta fram av departementet som den største utfordringa knytt til gode lærings- og oppvekstmiljø. I lys av fleire saker for domstolane og tilsyn frå fylkesmennene som syner klare lovbrot og omfattande systemsvikt i skular og hos skuleeigarar knytt til arbeidet mot mobbing, meiner vi departementet burde ha sendt ut heilt andre signal. Utdanningsforbundet meiner utfordringar knytt til regelverkforståinga og regelverksetterlevinga i sektoren knytt til arbeidet mot mobbing, er mykje meir påtrengande enn ei presisering av §§ 8-1 og 3-3 i opplæringslova og privatskulelova. Fokus på systematisk førebyggjande arbeid, høgare forvaltningskompetanse og auka brukarmedverknad vil etter vår vurdering i større grad styrke arbeidet mot mobbing i skulen.»

Heller ikkje Kristen videregående skole meiner at lovframlegget løyser nokon problem som ikkje kan løysast med det gjeldande lovverket, sjølv om dei ser den gode intensjonen med framlegget. Nord-Trøndelag fylkeskommune seier at dei ikkje støttar framlegget i den forma det har no. Sjølv om fylkeskommunen er positiv til ein styrkt innsats som sikrar rettane til mobbeofferet betre enn i dag, må dette skje på ein slik måte at problemet blir løyst og ikkje blir flytta eller er med på å stigmatisere enkeltelevar. Fylkeskommunen vil heller ha ein styrkt innsats i den kollektive jobben som krevst for eit godt klassemiljø.

Fellesorganisasjonen og Frogn videregående skole støttar heller ikkje departementet sitt framlegg til presisering. Det er fordi dei prinsipielt meiner at ingen elevar skal kunne flyttast til ein annan skole med tvang i mobbesaker.

Barneombodet viser til at den foreslåtte endringa ikkje medfører noka endring av den gjeldande rettstilstanden, og etterlyser omfattande endringar i regelverk og praksis:

«Det er behov for kompetanseheving, ansvarliggjøring av skoleeier og tilgang på reaksjonsmidler ovenfor skoler og kommuner som bryter opplæringslovens regler. Videre er det behov for å opprette en ekstern instans som hurtig kan rykke ut og bistå familier og skoler som står i en alvorlig mobbesak, og som har mandat og myndighet til å kreve tiltak.»

Fleire av høyringsinstansane har konkrete kommentarar og innspel til departementet sitt framlegg til lovtekst. Sel kommune ber departementet vurdere om det er behov for å ta med dette tillegget i den nye setninga i § 8-1: «trass i at dette er mot eleven og foreldra sin vilje». Kjølsdalen Montessoriskule har denne kommentaren til lovteksten som departementet har foreslått:

«Alle vedtak om tiltak i ein mobbesak er å rekne som enkeltvedtak, både på den sida av saka der mobbaren står, og den sida der dei som blir mobba står. Vi meiner at lovteksten kunne synt balansen i vurderingane som er gjort i forkant av forslag til lovendring slik: Dette vil blant anna gjelde flytting av ein eller fleire elevar som mobbar ein eller fleire medelevar.»

Fleire høyringsinstansar peikar òg på at omgrepet mobbing bør bytast ut med «grove krenkingar», «krenkingar» eller «gjenteken krenking utan at dei vaksne grip inn» fordi dette er i tråd med ein meir formålstenleg definisjon av mobbing.

Utdanningsdirektoratet kjem òg med innspel til den foreslåtte lovteksten i høyringssvaret sitt:

«I departementets forslag til nytt andre punktum fremstår det utydelig hva ordet «dette» peker tilbake på, og direktoratet mener det er viktig å ha en klar lovtekst som ikke er egnet til å skape forvirring. Vi anbefaler videre bruk av ordet «kan» fremfor «vil», for å unngå misforståelser om at det er automatikk i at en elev som mobber medelever må bytte skole. Vårt forslag til andre punktum i fjerde ledd, som vi mener at bedre får frem det vi antar at departementet ønsker å formidle med lovendringen, er: «Første punktum kan blant anna innebere flytting av ein elev som mobbar ein eller fleire medelevar.» Alternativt foreslår vi: «Årsaka til at ein elev i særlege tilfelle kan flyttast til ein annan skole, kan til dømes vere at eleven mobbar ein eller fleire medelevar.»»

3.4 Departementet sine vurderingar

3.4.1 Generelt

Alle elevar har krav på eit godt læringsmiljø, fritt for mobbing. Arbeidet mot mobbing er noko ein må vere merksam på kontinuerleg på alle nivå i skolen, og det er avgjerande at skolane jobbar systematisk og langsiktig med det psykososiale miljøet for å førebyggje og kjempe mot mobbing. Opplæringslova gir alle elevar ein individuell rett til eit godt psykososialt miljø og stiller krav til at skolane ved mistanke eller kunnskap om at elevar blir utsette for krenkjande ord eller åtferd, som mobbing, grip inn og stansar dette. I somme tilfelle klarar ikkje skolane å stanse mobbinga trass i at det er sett inn ulike tiltak. Av omsyn til den som er offer for mobbinga, kan det som ein siste utveg vere aktuelt å flytte den eleven som mobbar, til ein annan skole, jf. opplæringslova § 8-1 fjerde ledd. Men det har vore fleire døme på at eleven som blir mobba, har sett seg nøydd til å byte skole.

At det er høve til å flytte ein elev som mobbar, går ikkje eksplisitt fram av opplæringslova, men det følgjer av forarbeida til lova. For at det skal vere klart at den som mobbar, i visse tilfelle kan flyttast til ein annan skole, og for å unngå at eleven som blir mobba, ser seg nøydd til å byte skole, foreslo departementet i høyringsnotatet at høvet til å flytte mobbaren skal gå fram av ordlyden i opplæringslova § 8-1 og privatskolelova § 3-3.

Framlegget om å presisere i lova at ein elev som mobbar, kan flyttast, har fått brei støtte frå høyringsinstansane. Mange framhevar at det er viktig at det finst ein slik siste utveg i alvorlege mobbesaker, og at framlegget er med på å sikre retten den einskilde eleven har til eit godt psykososialt miljø utan krenkingar som mobbing. Vidare nemner fleire at presiseringa i lova gjer det klart at det er den som mobbar, som må endre framferda si, og at det kan få konsekvensar for vedkommande dersom det ikkje skjer. På denne måten kan framlegget verke preventivt og ha ein viktig signaleffekt.

Utdanningsforbundet og KS er blant dei høyringsinstansane som meiner at presiseringa er unødvendig fordi det gjeldande lovverket alt opnar for å flytte elevar, og at gjeldande rett kan klargjerast med eit rundskriv eller ein rettleiar.

Departementet vil halde fram at formålet med framlegget er å gjere det enda klarare at ein elev som mobbar, i visse tilfelle kan flyttast til ein annan skole. Slik departementet vurderer det, vil framlegget til lovendring både klargjere gjeldande rett og bidra til at eventuelle vedtak om flytting får ein klar lovheimel. Ettersom flytting grip inn i elevrettane, bør det finnast ein klar lovregel som sikrar at elevane får høve til å vurdere rettsstillinga si på førehand.

3.4.2 Skolen sitt ansvar for det psykososiale skolemiljøet

Mange høyringsinstansar viser til at skolen har ansvar for det psykososiale skolemiljøet til elevane, og at det er viktig at skolane jobbar systematisk for å førebyggje og hindre mobbing. Somme høyringsinstansar uroar seg òg for at skolane skal oppfatte framlegget som ei lettvinn løysing i mobbesaker. Høyringsinstansar som ikkje støttar framlegget, viser til at slike saker må løysast på den einskilde skolen. Vidare er det enkelte høyringsinstansar som meiner at departementet burde satse på meir kollektive tiltak for det psykososiale miljøet og arbeidet mot mobbing og ikkje tiltak som er retta mot enkeltelevar. Barneombodet meiner mellom anna at det er nødvendig med omfattande endringar i den rettstilstanden som gjeld på dette feltet i dag.

Departementet vil streke under at det er avgjerande for å hindre krenkingar som mobbing at skolen arbeider aktivt og systematisk med det psykososiale skolemiljøet. Det er heilt klart at skolen har ansvar for at elevane har eit godt psykososialt skolemiljø utan krenkingar som mobbing. Dette må sikrast gjennom eit aktivt førebyggjande arbeid og med systematiske og langsiktige planar. Dersom skolen oppdagar at elevar likevel blir utsette for krenkingar som mobbing, skal skolen freiste å løyse slike saker ved å setje inn tiltak. Når mobbesaker blir særleg komplekse og utfordrande og skolen har prøvd ut ulike tiltak, kan det likevel vere ein siste utveg å flytte eleven som mobbar.

Arbeidet for å førebyggje og kjempe mot mobbing heng nært saman med det breie arbeidet for å sikre alle elevar eit godt læringsmiljø. Skolar med eit trygt og godt læringsmiljø har lite mobbing. Det som kjenneteiknar eit godt læringsmiljø, er mellom anna god klasseleiing, gode relasjonar mellom elevar og lærarar og elevane imellom og eit godt samarbeid mellom skole og heim. Arbeidet for eit godt læringsmiljø og mot mobbing krev ei tydeleg skoleleiing og involvering av heile kollegiet. Desse viktige samanhengane er grunnlaget for den nasjonale satsinga «Betre læringsmiljø», som har vore i gang sidan 2010. Den 1. januar 2013 oppretta departementet Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking, som mellom anna skal bidra til kompetanseutvikling og støtte opp om lokalt arbeid med å skape eit godt læringsmiljø som fremjar fagleg, personleg og sosial utvikling for elevane i grunnopplæringa. Senteret har mellom anna eit eige prosjekt som gir målretta støtte og rettleiing til skolar som har slite med mykje mobbing over tid.

Departementet har sett ned eit eige utval – Djupedalutvalet – som skal vurdere dei samla verkemidla for å skape eit godt psykososialt skolemiljø for å motverke og handtere mobbing, krenkingar og andre uønskte hendingar i skolen. Det går fram av mandatet at utvalet òg skal «gjennomgå lov- og regelverket på dette området med bakgrunn i erfaringer fra manglende oppfølging av alvorlige mobbesaker med store konsekvenser». Utvalet skal levere utgreiinga si i mars 2015.

Lovendringa som departementet foreslår her, er ikkje meint som eit isolert, individretta tiltak, men som eit element i ei brei satsing på å gi alle norske elevar ein trygg og god kvardag i norsk skole.

3.4.3 Andre tiltak må vere prøvde ut før flytting

Fleire av høyringsinstansane har innspel til vilkåret om at andre tiltak må vere prøvde ut før ein elev kan flyttast til ein annan skole. Helsedirektoratet peikar på at klassebyte bør vere prøvd som tiltak, og at det bør vere rutine å involvere skolehelsetenesta før flytting blir aktuelt. Helsedirektoratet meiner det bør vere obligatorisk at eleven som mobbar, har eit møte med skolehelsetenesta. I tillegg bør ein ha rådført seg med eit ressursteam før ein gjennomfører eit skolebyte.

Departementet vil halde fram at kva tiltak som skal setjast inn, er noko som må vurderast i det einskilde tilfellet. Departementet vil derfor ikkje komme med retningslinjer for kor mange og kva slags tiltak skolen må setje inn før det kan bli aktuelt å flytte ein elev til ein annan skole. Framlegget frå departement er ikkje meint å endre gjeldande rett.

På grunn av handleplikta etter opplæringslova § 9a-3 kan skolen, på eige initiativ eller etter informasjon frå elev eller foreldre, ha sett inn tiltak for å stoppe krenkjande åtferd. Dersom ein elev eller ein forelder krev tiltak, skal skolen snarast mogleg handsame saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Når skolen set inn tiltak, bør både foreldra til eleven/elevane som mobbar, og foreldra til eleven/elevane som blir mobba, takast med i prosessen. Særleg gjeld dette kva slags tiltak som skal setjast inn, og dei ulike vurderingane som knyter seg til dette. Eit nært samarbeid med foreldra til eleven/elevane som står bak mobbinga, kan òg vere med på å stanse krenkingane.

Oslo kommune meiner at i særleg alvorlege tilfelle kan eleven som blir mobba / dei føresette til denne eleven, oppleve det som svært urimeleg at ein må prøve andre, mindre inngripande tiltak før ein kan gjere vedtak om flytting, og foreslår at ordlyden kan endrast til «før det blir gjort vedtak om å flytte ein elev, skal ein som hovudregel ha prøvd andre tiltak».

Departementet ser at det i særleg alvorlege tilfelle kan verke urimeleg at andre tiltak skal prøvast ut først. Opplæringslova opnar i dag ikkje for at elevar kan flyttast utan at skolen har prøvd andre tiltak. Å flytte ein elev er eit svært inngripande verkemiddel, og det følgjer av føresegnene om psykososialt skolemiljø i opplæringslova kapittel 9a at skolen skal setje inn tiltak dersom det blir oppdaga krenkingar som mobbing. Flytting skal vere siste utvegen i slike saker og ikkje det første verkemiddelet som blir nytta. Departementet understrekar at den foreslåtte presiseringa ikkje skal endre på dette.

3.4.4 Ivaretaking av eleven som blir flytta

Fleire av høyringsinstansane peikar på at ein òg må ta vare på eleven som mobbar, i ein eventuell flytteprosess. Denne eleven kan ha eigne problem som ligg til grunn for mobbinga, og det er viktig at eleven får oppfølging på den nye skolen.

Departementet vil understreke at også eleven som mobbar, skal takast vare på i prosessen. Det er derfor viktig at eleven som skal flyttast, får uttale seg og blir høyrd, og at ein set inn tiltak for eleven der dette er nødvendig. Departementet vil òg vise til at skolen der ein elev har blitt mobba, må arbeide med læringsmiljøet for å hindre nye mobbesaker mot den same eleven eller nye elevar. Skolen som tek imot eleven som mobbar, må arbeide med skolemiljøet på både individ-, klasse- og skolenivå for at denne eleven ikkje skal bli marginalisert og/eller ta opp att den krenkjande åtferda.

UNICEF Noreg viser til at «barnets beste» bør vere det avgjerande vurderingskriteriet for om ein elev skal flyttast, og at departementet derfor ikkje skal komme med retningslinjer for kven som må flyttast. Horten kommune meiner at begge partane burde ha høve til å byte skole dersom dette skulle vere den einaste utvegen, og at ein derfor burde endre lovteksten slik at flytting òg kan gjelde eleven som blir mobba.

Departementet vil understreke at omsynet til mobbaren må takast med i vurderinga når vedtak om flytting blir aktuelt. I høyringsnotatet skreiv departementet dette om kva barnekonvensjonen krev når det gjeld å ta omsyn til «barnets beste»:

«Departementet vil vise til at også hensynet til mobberen må tas med i vurderingen når vedtak om flytting blir aktuelt. Det følger blant annet av FNs barnekonvensjon Art. 3 punkt 1 at «ved alle handlinger som berører barn, enten de foretas av offentlige eller private velferdsorganisasjoner, domstoler, administrative myndigheter eller lovgivende organer, skal barnets beste være et grunnleggende hensyn». Barnekonvensjonens krav om å ta hensyn til barnets beste, gjelder derfor både for mobberen og mobbeofferet, og det må av den grunn foretas en avveining mellom motstridende hensyn. Departementet viser til motivene bak opplæringsloven § 8-1 fjerde ledd, nemlig at retten til enkelteleven som flyttes, må vike for retten til de andre elevene. Altså må hensynet til eleven som mobber, vike til fordel for hensynet til den eller de som får sin skolehverdag ødelagt av mobbingen.»

Departementet vil òg understreke at eleven som blir utsett for mobbing, ikkje kan flyttast mot sin vilje med heimel i opplæringslova § 8-1 fjerde ledd. Ein elev kan søkje om å bli teken inn på ein annan skole etter opplæringslova § 8-1 tredje ledd.

Opplæringslova § 8-1 fjerde ledd set opp avgrensingar, slik at det å flytte ein elev ikkje skal bli eit uforholdsmessig stort inngrep for den det gjeld. I fjerde ledd siste punktum heiter det at ein elev ikkje kan flyttast til ein skole utanfor kommunen dersom dette fører til at eleven må flytte ut av heimen, eller at skoleskyssen blir uforsvarleg lang. Denne avgrensinga medfører at det ikkje alltid vil vere mogleg å flytte ein elev. Departementet meiner at avgrensinga er fornuftig, av di det vil vere eit uforholdsmessig stort inngrep å flytte eit barn ut av heimen eller at skoleskyssen til barnet blir uforsvarleg lang. I tillegg vil departementet vise til at ein må sjå avgrensinga i lys av at føresegna òg opnar for å flytte elevar av andre grunnar, til dømes ulike typar åtferdsvanskar. Kommunen/skolen må syte for at offeret blir teken vare på på andre måtar dersom ein elev som mobbar, ikkje kan flyttast på grunn av avgrensingane i føresegna.

Jussformidlingen meiner at departementet må vurdere å gi høve til å setje i verk konkrete sanksjonar overfor ein elev som mobbar i tilfelle der eleven ikkje kan flyttast, sidan det er nærliggjande å tru at den typen tiltak som ein alt har prøvd ut, ikkje vil vere tilstrekkelege etter at terskelen for å flytte eleven er nådd. Departementet forstår denne problemstillinga, men vil vise til at departementet ikkje har planar om å endre gjeldande rett i denne omgangen og dermed heller ikkje å vurdere sanksjonsmiddel.

3.4.5 Særleg om lovteksten

Departementet har fått ein del tilbakemeldingar frå høyringsinstansane om framlegget til lovtekst. Sel kommune ber departementet vurdere å ta inn «trass i at dette er mot eleven og foreldra sin vilje». Departementet meiner at det ikkje vil vere nødvendig å ta inn denne setninga i lovteksten, av di det går klart fram av samanhengen og teksten elles at flytting vil kunne skje mot eleven og foreldra sin vilje.

Kjølsdalen Montessoriskule har denne kommentaren til lovteksten som departementet har foreslått:

«Alle vedtak om tiltak i ei mobbesak er å rekne som enkeltvedtak, både på den sida av saka der mobbaren står, og den sida der dei som blir mobba, står. Vi meiner at lovteksten kunne synt balansen i vurderingane som er gjort i forkant av forslag til lovendring slik: Dette vil blant anna gjelde flytting av ein eller fleire elevar som mobbar ein eller fleire medelevar.»

Departementet vil vise til at eit enkeltvedtak etter denne føresegna berre vil gjelde for ein elev, nemleg eleven som blir flytta. Dersom det er aktuelt å flytte fleire elevar som mobbar, må det fattast eit enkeltvedtak for kvar av elevane. Formuleringa som er vald, er òg i samsvar med resten av teksten i føresegna.

Det har òg komme innspel om at omgrepet mobbing bør bytast ut med «grove krenkingar», «krenkingar» eller «gjenteken krenking utan at dei vaksne grip inn» fordi dette er i tråd med ein meir formålstenleg definisjon av mobbing.

Departementet har vurdert det slik at omgrepet krenkingar ofte vil vere det mest formålstenlege å bruke når det er tale om mobbing. Krenkingar er eit vidt omgrep som tek opp i seg meir enn mobbing. I dette tilfellet har departementet likevel valt å bruke omgrepet mobbing, slik det er lagt til grunn i forarbeida til opplæringslova, for å få fram at det er tale om negative handlingar frå ein eller fleire personar gjentekne gonger og over tid. Departementet har her valt å trekkje fram mobbing som eitt døme på når ein elev kan flyttast, og departementet vil understreke at ein elev kan flyttast etter denne føresegna også i andre tilfelle. Også anna framferd som kan vere krenkjande eller verke øydeleggjande på læringssituasjonen, kan føre til at ein elev må flyttast.

Utdanningsdirektoratet har desse kommentarane og forslaga til endring av lovteksten:

«I departementets forslag til nytt andre punktum fremstår det utydelig hva ordet «dette» peker tilbake på, og direktoratet mener det er viktig å ha en klar lovtekst som ikke er egnet til å skape forvirring. Vi anbefaler videre bruk av ordet «kan» fremfor «vil», for å unngå misforståelser om at det er automatikk i at en elev som mobber medelever må bytte skole. Vårt forslag til andre punktum i fjerde ledd, som vi mener at bedre får frem det vi antar at departementet ønsker å formidle med lovendringen, er: «Første punktum kan blant anna innebere flytting av ein elev som mobbar ein eller fleire medelevar.» Alternativt foreslår vi: «Årsaka til at ein elev i særlege tilfelle kan flyttast til ein annan skole, kan til dømes vere at eleven mobbar ein eller fleire medelevar.»»

Departementet er samd med Utdanningsdirektoratet og har endra framlegget til lovtekstar på bakgrunn av innspelet.

3.5 Departementet sitt framlegg

Departementet foreslår, i samsvar med høyringsframlegget, å presisere i opplæringslova og privatskolelova at ein elev som mobbar, kan flyttast til ein annan skole ved at det blir teke inn eit nytt andre punktum i opplæringslova § 8-1 fjerde ledd og eit nytt tredje punktum i privatskolelova § 3-3 første ledd.

I tillegg foreslår departementet ei strukturell endring i teksten i opplæringslova § 8-1 fjerde ledd første punktum og privatskolelova § 3-3 første ledd andre punktum for å gjere føresegnene klarare. Dette endrar ikkje gjeldande rett.