Prop. 19 L (2014–2015)

Endringar i opplæringslova og privatskolelova (skolebyte i mobbesaker)

Til innhaldsliste

5 Merknader til lovframlegget

5.1 Endringar i opplæringslova

Til § 8-1 fjerde ledd

I første punktum er setningsstrukturen endra. Dette endrar ikkje gjeldande rett.

I nytt andre punktum er det presisert at ein elev som mobbar, kan flyttast til ein annan skole enn den eleven går på. Dette endrar ikkje gjeldande rett. Presiseringa er berre eitt døme på når ein elev kan flyttast etter den nemnde føresegna. Ein elev kan òg flyttast etter denne føresegna i andre tilfelle enn ved mobbing.

5.2 Endringar i privatskolelova

Til § 3-3 første ledd

I andre punktum er setningsstrukturen endra. Dette endrar ikkje gjeldande rett.

I første ledd, nytt tredje punktum, er det presisert at ein elev som mobbar, kan flyttast til ein offentleg skole i heimkommunen. Dette endrar ikkje gjeldande rett. Presiseringa er berre eitt døme på når ein elev kan flyttast etter § 3-3 første ledd andre punktum. Ein elev kan òg flyttast etter denne føresegna i andre tilfelle enn ved mobbing.