Prop. 19 L (2014–2015)

Endringar i opplæringslova og privatskolelova (skolebyte i mobbesaker)

Til innhaldsliste

Forslag
til lov om endringar i opplæringslova og privatskolelova (skolebyte i mobbesaker)

I

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa skal § 8-1 fjerde ledd lyde:

Ein elev kan flyttast til ein annan skole enn den skolen eleven har rett til å gå på etter første ledd, dersom omsynet til dei andre elevane tilseier det. Grunnen til at ein elev kan flyttast, kan til dømes vere at eleven mobbar ein eller fleire medelevar. Før det blir gjort vedtak om å flytte ein elev, skal ein ha prøvd andre tiltak. Når det er nødvendig, kan eleven flyttast til ein skole utanfor kommunen, men ikkje slik at eleven må flytte ut av heimen eller at skoleskyssen blir uforsvarleg lang.

II

I lov 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar med rett til statstilskot skal § 3-3 første ledd lyde:

Ein elev som har fått plass ved ein grunnskole som er godkjend etter denne lova, har rett til å fullføre opplæringa si ved skolen, så langt skolen er godkjend. Ein grunnskoleelev kan i særlege tilfelle likevel flyttast til ein offentleg skole i heimkommunen dersom omsynet til dei andre elevane tilseier det. Grunnen til at ein elev kan flyttast, kan til dømes vere at eleven mobbar ein eller fleire medelevar. Før det blir gjort enkeltvedtak om å flytte ein elev, skal ein ha prøvd andre tiltak. Heimkommunen gjer vedtak. Departementet er klageinstans.

III

Lova tek til å gjelde straks.