Prop. 28 S (2014–2015)

Endringar i statsbudsjettet 2014 under Landbruks- og matdepartementet

Til innhaldsliste

2 Framlegg til endringar i løyvingar under kapittel og postar i 2014

Kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Prognosen for post 21 tilseier eit noko lågare forbruk enn budsjettert. Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 0,5 mill. kroner, mot tilsvarande auke på kap. 1137, post 53.

Post 50 Større utstyrskjøp og vedlikehald – forvaltningsorgan med særskilde fullmakter

Prognosen for post 50 tilseier eit noko lågare forbruk enn budsjettert. Departementet gjer framlegg om at løyvinga på kap. 1100, post 50 blir redusert med 0,2 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke av kap. 1137, post 53.

Kap. 1115 Mattilsynet

Post 01 Driftsutgifter

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga på posten med 4 mill. kroner. Dette er knytta til reduserte utgifter til kjøtkontroll fordi visse oppgåver er flytta frå Mattilsynet til slakteria. Det er i tillegg endringar i slakteristrukturen i Noreg som også påverkar oppgåvene til Mattilsynet. Det blir også vist til omtale under kap. 4115, post 01.

Kap. 4115 Mattilsynet

Post 01 Gebyr m.m.

Revidert prognose for inntektene på posten er 134,5 mill. kroner. Dette er omlag 8 mill. kroner lågare enn løyving. Venta mindreinntekt er for ein stor del knytt til kjøtkontrollgebyret. Lågare inntekter frå dette gebyret enn det er budsjettert med i statsbudsjettet skuldast blant anna endringar i slakteristrukturen og endringar i oppgåvefordelinga mellom Mattilsynet og slakteri. Det blir foreslått ein reduksjon på posten på 8 mill. kroner.

Kap. 1137 Forsking og innovasjon

Post 50 Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd

I Prop. 1 S (2013–2014) blei det gjort greie for at departementet ville setje i verk ein samanliknande studie av utviklingstrekk innan landbruk og landbrukspolitikk i Noreg og dei andre nordiske landa dei siste 20 åra, med ei kostnadsramme på inntil 2 mill. kroner over kap. 1137, post 50. Desse midlane vil bli omdisponert og øyremerka til forsking på antibiotikaresistens.

Post 53 Omstillingsmidlar instituttsektoren mv.

Grunna behovet for å auke løyvinga i samband med planlegging av fusjonen av dei tre forskingsinstitutta, foreslår departementet omdisponeringar innanfor ramma, slik at post 53 blir auka med 0,7 mill kroner. (sjå omtalar under kap. 1100 og postane 21 og 50).

Kap. 1147 Statens reindriftsforvaltning

Post 01 Driftsutgifter

Den 1. juli 2014 blei Statens landbruksforvaltning (SLF) og Statens reindriftsforvaltning (SRF) slått saman til eitt direktorat under namnet Landbruksdirektoratet. Sammenslåinga har enkelte økonomiske konsekvensar i 2014. For å gjere inndekninga av dei auka utgiftene mogleg over kap. 1147, post 01 gjer departementet framlegg om ei omdisponering på 2,5 mill. kroner frå kap. 1147, post 82 og 0,5 mill kroner frå post 45.

Det blir gjort framlegg om at kap. 1147, post 01 blir auka med totalt 3 mill. kroner.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

I tråd med omtalen under kap. 1147, post 01 blir det gjort framlegg om at kap. 1147, post 45 blir redusert med 0,5 mill. kroner.

Post 82 Radioaktivitetstiltak, kan overførast

I tråd med omtalen under kap. 1147, post 01 blir det gjort framlegg om at kap. 1147, post 82 blir redusert med 2,5 mill. kroner.

Kap. 1148 Naturskade – erstatningar

Post 71 Naturskade, erstatningar, overslagsløyving

Løyvinga for 2014 er på 216,7 mill. kroner. Tilsegn om erstatning for naturskadar blir gitt med ein utbetringsfrist på 3 år. Erstatningsutbetalinga skjer først når skaden er gjenoppretta. Dei siste åra har vore prega av fleire større flaumar som har ført til omfattande naturskadar. Dette har resultert i langt fleire gitte tilsegn og større erstatningsutbetalingar enn i eit normalår.

På bakgrunn av oppdaterte prognosar gjer departementet framlegg om å auke løyvinga på posten med 22,1 mill. kroner.

Oppdaterte prognosar viser at det vil bli gitt tilsegn om erstatningar i 2014 som ikkje vil komme til utbetaling same året. Landbruks- og matdepartementet gjer difor framlegg om å auke tilsegnsfullmakta med 18,2 mill. kroner, til 131,1 mill. kroner.

Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

Post 01 Driftsutgifter

Posten vart oppretta frå 2013 med formål om å ha ei felles finansiering av oppgåver knytta til evalueringar og utgreiingar av ordningane på jordbruksavtalen. I samband med budsjettet for 2014 vart det i jordbruksoppgjeret 2014 omdisponert 5 mill. kroner til post 01 for å finansiere første del av den store IT-omlegginga av forvaltningssystemet for produksjonstilskotta (eStil). Grunna fleire faktorar kjem ikkje Landbruksdirektoratet så langt i dette arbeidet som førespegla for løyvinga inneverande år. Framdrifta i prosjektet er usikker. Departementet gjer framlegg om at løyvinga blir flytta til ny post 21 og at posten får stikkord «kan overførast». Det blir også gjort framlegg om å redusere løyvinga på post 01 med 4,4 mill. kroner til 3 mill. kroner.

Post 21 (Ny) Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Departementet viser til omtalen under post 01 og gjer framlegg om å opprette ny post 21, der ein del av løyvinga på post 01 blir omdisponert til denne posten. Det blir også gjort framlegg om at post 21 får stikkordet «kan overførast».

Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten tilsvarande 4,4 mill. kroner i 2014, ved omdisponering frå post 01 under same kapittel.

Post 71 Tilskott til erstatningar m.m., overslagsløyving

Posten dekkjer erstatning for avlingsskade. Basert på gjeldande prognosar ligg det an til eit forbruk på 93,5 mill. kroner i 2014, som er 6,5 mill. kroner meir enn løyvinga på posten. Ordninga fekk ei tilleggsløyving på 15 mill. kroner i Revidert nasjonalbudsjett for 2014. Det auka forbruket er knytt til saker frå avlingsåret 2013 då det var ganske store overvintringsskadar på eng, og store avlingsskadar i planteproduksjon som følgje av flaum, vannskadar og forseinka våronn over store områder i Sør-Noreg. Meirforbruket skuldast større skadar for kvart enkelt føretak enn tidlegare anteke.

Departementet gjer framlegg om å auke kap. 1150, post 71 med 6,5 mill. kroner til 93,5 mill. kroner.

Post 73 Pristilskott, overslagsløyving

Basert på gjeldande prognosar ligg det an til eit underforbruk på posten tilsvarande 57,8 mill. kroner. Det er eit avgrensa underforbruk på alle delordningane med unntak av frakttilskotta og distriktstilskott for egg som har eit lite overforbruk. Årsaka er avvik i voluma som er omsett av kjøt og mjølk.

Departementet gjer framlegg om ei redusert løyving på posten tilsvarande 57,8 mill. kroner til 2 516,5 mill. kroner.

Kap. 4150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

Post 85 Marknadsordninga for korn

Marknadsprisane internasjonalt på protein og feitt er venta å halde seg så høge at det ikkje er prognosert med prisutjamningsbeløp på kraftfôrråvare i 2014.

Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 59,5 mill. kroner.

Kap. 4162 Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap

Post 90 Avdrag på lån

I samband med at Statskog SF kjøpte skogselskap frå Orkla ASA fekk føretaket eit statleg lån på 475 mill. kroner. Med grunnlag i usikkerheit om Statskog SF sin likviditetssituasjon mot slutten av året, blir forventninga til innbetaling av låneavdrag redusert frå 50 mill. kroner til 10 mill. kroner i 2014. Beløpet tilsvarar årleg minsteavdrag i låneavtalen mellom Landbruks- og matdepartementet og Statskog SF. Bakgrunnen for redusert forventning til låneavdrag er særleg usikkerheit rundt tidspunkt for innbetaling av skogvernerstatningar frå staten til Statskog SF.

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på posten på 40 mill. kroner.

Kap. 5651 Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet

Post 85 Utbytte

Grunna lågare utbytte enn budsjettert blir det gjort framlegg om ein reduksjon på posten tilsvarande 2,1 mill. kroner.

Kap. 5652 Statskog SF – renter og utbytte

Post 80 Renter

Redusert låneavdrag på det statlege lånet Statskog SF fekk i samband med kjøpet av skog frå Orkla, sjå omtale under kap. 4162, post 90, medfører at rentekostnaden for lånet i 2014 aukar noko. Departementet gjer difor framlegg om å auke kap. 5652, post 80 med 1,2 mill. kroner.