Prop. 38 L (2014-2015)

Transplantasjonslov og obduksjonslov

Til innhaldsliste

11 Avgjeving av lik til undervisning og forsking og anna behandling av lik

11.1 Innleiing

Lik inngår som ein viktig del av undervisninga og forskinga i anatomi ved universiteta i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø. Det er viktig å ha klare reglar om kva for lik som kan brukast til slike føremål, kven som kan bruke lika og korleis lika kan brukast.

Likbehandlingsloven er frå 1898. Dei fleste av reglane er forelda eller allereie vidareførte i anna regelverk. Det må takast stilling til kva for reglar som bør vidareførast og kor desse i så fall skal regulerast.

11.2 Gjeldande rett

Avgjeving av lik til bruk i undervisning og forsking er regulert i transplantasjonsloven §§ 9 og 10.

Lærestader som Kongen har peikt ut kan krevje å få utlevert lik av personar som etter å ha fylt 18 år har gitt skriftleg samtykke til at kroppen deira kan brukast til undervisning og forsking når dei er døde. Etter forskrift 11. januar 1985 nr. 18 om avgjeving av lik til bruk for undervisning og forsking i anatomi og andre medisinske fag ved universiteta og andre lærestadar § 1 dreier det seg om universiteta i Oslo, Bergen, Tromsø og Trondheim. Institusjonane kan også krevje å få utlevert lik som det offentlege har i si varetekt, dvs. lik av personar som døyr i institusjon som blir drive av stat, fylkeskommune eller kommune og lik som blir ført til slik institusjon, når dei næraste pårørande samtykker og det ikkje er grunn til å tru at avgjeving er i strid med livssynet til den avdøde. Det same gjeld når dei pårørande ikkje tar på seg ansvaret for gravferda.

Utgiftene i samband med avgjevinga av kroppen skal dekkjast av den institusjonen som liket er avgjeve til.

Det er gitt nærare reglar i forskrift 11. januar 1985 nr. 19 om avgjeving av lik til bruk for undervisning og forsking og andre medisinske fag ved universiteta og andre lærestader. Det går mellom anna fram av forskrifta at institusjonen skal levere liket tilbake innan to år dersom ikkje særlege omsyn talar for at det blir brukt i eit lengre tidsrom eller den som har avgjeve liket har fastsett eit kortare tidsrom. Dersom institusjonen ønsker å behalde liket i meir enn tre år må det innhentast samtykke frå departementet.

Lov 4. juni 1898 indeholdende visse Bestemmelser om Behandlingen af Lig [likbehandlingsloven] har reglar om korleis ein skal fastslå at ein person er død, når eit lik kan gravleggast og om oppbevaring av lik og om transport av lik til utlandet.

11.3 Utvalet sitt forslag

Utvalet rådde til at hovudregelen om at personar over 18 år skal kunne samtykke til at kroppen deira kan brukast til undervisning og forsking etter at dei er døde blir vidareført. Utvalet foreslo dessutan at dei næraste pårørande skal kunne samtykke til avgjeving av lik av personar over 18 år som ikkje er samtykkekompetente, dersom det kan godtgjerast at den avdøde ønskte å donere kroppen. Utvalet foreslo at regelen om donasjon av lik i offentleg varetekt ikkje blir vidareført ettersom han ikkje lenger blir praktisert. Utvalet foreslo at lik likevel ikkje skal kunne krevjast utlevert til bruk i undervisning og forsking dersom det er aktuelt med rettsmedisinsk obduksjon eller når særlege grunnar tilseier at det bør gjennomførast ein medisinsk obduksjon.

Utvalet foreslo at hovudregelen skulle vere at lik ikkje kan oppbevarast i meir enn to år, men at dei pårørande skal kunne tillate at kroppen blir oppbevart ut over to år

Kravet om særskilt tillating til å føre lik ut av landet blei foreslått vidareført i den nye lova. Utvalet foreslo at likbehandlingsloven skulle opphevast fordi dei aller fleste reglane i lova er forelda eller erstatta av anna regelverk.

Utvalet foreslo også at det blir slått fast i lova at nødvendig uttak av implantat må utførast av helsepersonell.

Sjå nærare omtale av forslaga til utvalet i NOU 2011: 21 kapittel 10 og avsnitt 11.2.

11.4 Høyringsinstansane sitt syn

Høgskolen i Oslo og Akershus ser det som viktig at det går fram av formålsparagrafen at lova skal leggje til rette for undervisning og kunnskapstileigning.

Universitetet i Tromsø skriv:

For å kunne gi våre studenter god anatomiundervisning er vi helt avhengig av tilgang på donerte lik, noe som har vært et problem de siste årene. Vi støtter utvalgets forslag om at det åpnes for at det kan inngås avtale om avgivelse av lik på vegne av personer som ikke er samtykkekompetente dersom det kan dokumenteres at avdøde ønsket å donere sitt legeme før samtykkekompetansen bortfalt. Vi har også forståelse for forslaget om å avskaffe den sovende bestemmelsen om donasjon av lik fra avdøde i offentlig varetekt.

Fornyings- administrasjons- og kyrkjedepartementet, Den norske Kirke, Kirkerådet, Mellomkirkelig råd og Samisk kirkeråd støttar forslaget om at implantat skal fjernast av helsepersonell. Fornyings- administrasjons- og kyrkjedepartementet legg vidare til grunn at det i regelverket blir klargjort kven som har plikt til å få dette utført.

Helsedirektoratet støttar forslaget om å oppheve likbehandlingsloven. Ingen høyringsinstansar går imot dette, men Nannestad kommune skriv:

Ved sykehjem kan det utenfor dagtid, når sykehjemslegen ikke er tilstede, være vanskelig å få tak i lege for å lytte på døde. Vi må be legevaktslege komme og det er over 1 time i kjøretid. Når legevaktslege er alene på vakt, mener vi det er mye mer riktig at legevaktslegen bruker tiden på syke «levende» personer. Vi har derfor benyttet oss av regelen om at to voksne (sykepleiere, eventuelt sykepleier/hjelpepleier) har bekreftet at personen er død. Når sykehjemslegen er tilbake, «besiktiger» denne liket, og skriver dødsattest. Den døde kan da i lengste fall ligge på kjølerom uten tilsyn fra fredag kveld til mandag morgen før dødsattest skrives. Det er ressursbesparende. Videre opplever vi at dødsattesten blir «riktigere» fylt ut når legen som kjenner personen fyller den ut. Opplever for mange ganger attester fra legevakt hvor det står, død av ukjent årsak. I NOU står det at denne lov allerede dekkes av eksisterende nyere lover, og det er vel riktig bortsett fra § 1. Ber derfor om at innholdet i § 1 ivaretas i de nye lover som kommer.

11.5 Departementet sine vurderingar og forslag

Departementet ser det som svært viktig at det også i framtida kan brukast lik i undervisninga av medisinstudentar og anna helsepersonell. Departementet sluttar seg derfor i all hovudsak til forslaget frå utvalet.

Departementet foreslår at formålet med obduksjonslova mellom anna skal vere å bidra til at avgjeving og anna behandling av lik blir utført på ein verdig måte med respekt for den avdøde og dei pårørande og å legge til rette for kvalitetssikring i helsevesenet og for undervisning og tileigning av kunnskap.

Departementet foreslår at personar som har fylt 18 år skal kunne samtykke til at kroppen deira kan brukast i undervisning og forsking etter at dei er døde. Dersom det kan godtgjerast at det er i tråd med ønsket til den avdøde, skal også den næraste pårørande kunne samtykke til at kroppen kan brukast i undervisning og forsking. Samtykke til bruk av lik til undervisning og forsking skal vere skriftlege. Reglane om bruk av lik som det offentlege har i si varetekt blir i praksis ikkje brukt. Departementet foreslår derfor at desse ikkje blir vidareførte.

Departementet foreslår at det skal gå fram av lova at departementet framleis skal peike ut institusjonar som skal kunne krevje å få utlevert lik til undervisning og forsking. Etter ein obduksjon vil liket vere ueigna for anatomiundervisning. Det blir derfor foreslått at lik ikkje skal kunne krevjast utlevert før det er avklart at det ikkje vil bli kravd rettsmedisinsk obduksjon og at det ikkje ligg føre særlege grunnar til at den avdøde bør obduserast.

Departementet foreslår at liket som hovudregel skal tilbakeførast til dei pårørande for kremasjon innan to år etter dødsfallet. Dei pårørande skal likevel framleis kunne samtykke til at institusjonen kan behalde liket, eller delar av liket, utover to år. Dersom den avdøde ikkje har pårørande, skal departementet kunne samtykke til at institusjonen kan behalde liket, eller delar av liket, utover to år.

Departementet sluttar seg også til forslaget frå utvalet om at departementet skal kunne gi forskrift om utlevering av lik til bruk i undervisning og forsking. Det same gjeld for regelen om at utgifter til transport og kremasjon skal dekkjast av den institusjonen som har fått utlevert liket.

Departementet er vidare samd med utvalet i at restriksjonane på gravlegging og til å føre lik ut av landet ved mistanke om unaturleg dødsfall bør vidareførast. Departementet støttar også forslaget frå utvalet om at departementet skal kunne gi forskrift om krav til dokumentasjon ved utførsel av lik.

Implantat som kan eksplodere vil kunne skade kremasjonsovnar. Dei må derfor fjernast før kremasjonen finn stad. Av omsyn til avdøde, og pårørande til avdøde, må fjerning av implantat gjerast på ein forsvarleg måte. Departementet støttar forslaget frå utvalet om at nødvendig uttak av implantat før kremasjon skal utførast av helsepersonell.

Departementet har merka seg at Nannestad kommune ønsker ei vidareføring av reglane om at lik ikkje må flyttast eller etterlatast utan tilsyn før ein lege har utstedt dødsattest eller to vaksne personar har erklært at dei har sett på liket. Ingen andre høyringsinstansar har uttalt seg om dette spørsmålet. I likskap med utvalet finn departementet ikkje grunn til å føre vidare denne regelen. Departementet viser til at kravet om forsvarleg behandling i helselovene uansett stillar krav til korleis døden skal konstaterast. Helse- og omsorgsinstitusjonar og helsepersonell må sørge for at døden blir stadfesta på ein helsefagleg forsvarleg måte. Vidare skal legar gi erklæring om dødsfall som dei blir kjent med i si verksemd etter helsepersonelloven § 36.

Sjå utkastet til ny obduksjonslov §§ 9-14.

Til forsida