Prop. 38 L (2014-2015)

Transplantasjonslov og obduksjonslov

Til innhaldsliste

12 Felles reglar for den nye transplantasjonslova og den nye obduksjonslova

12.1 Forholdet til forvaltningsloven og pasient- og brukerrettighetsloven

12.1.1 Gjeldande rett

Etter transplantasjonsloven § 12 gjeld lov 2. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) ikkje for saker etter transplantasjonsloven. Forvaltningsloven kapittel VII Om forskrifter gjeld likevel for forskrifter etter transplantasjonsloven.

12.1.2 Utvalet sitt forslag

Utvalet meinte at det ikkje var grunn til å ha eit vidare unntak frå forvaltningsloven på dei spesielle områda organdonasjon, transplantasjon og obduksjon enn det som gjeld for spesialisthelsetenesta generelt. Det skulle berre gjerast unntak frå forvaltningsloven kapittel IV om saksførebuing ved enkeltvedtak og kapittel V om vedtaket. Utvalet meinte at klagerett også kan vere relevant i samband med transplantasjon og obduksjon mv. Utvalet viste til at reglane i pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 7 er sterkt knytte til brot på bestemte reglar i denne lova. Utvalet foreslo derfor at det skal gå fram av lova at pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 7 om klage skal gjelde tilsvarande så langt det passar for avgjerder etter dei nye lovene. Utvalet foreslo også at verksemdene skal kunne klage på vedtak om pålegg om retting av forhold som er i strid med lovene eller forskrifter etter lovene som er gitt i medhald av desse.

Sjå nærare omtale i NOU 2011: 21 Når døden tjener livet kap. 11.3.

12.1.3 Høyringsinstansane sitt syn

Ingen av høyringsinstansane har uttalt seg om desse forslaga.

12.1.4 Departementet sine vurderingar og forslag

Forvaltningsloven gjeld for donasjons-, transplantasjons- og obduksjonsverksemdene med mindre noko anna blir særskilt bestemt. Departementet er samd med utvalet i at desse verksemdene i utgangspunktet ikkje skil seg så mykje frå andre helsetenester at det er grunnlag for å gi meir omfattande unntak frå forvaltningsloven enn etter dei generelle helselovene. Dei aller fleste vedtaka i dei aktuelle verksemdene blir fatta etter dei generelle helselovene. Desse har reglar som gir unntak frå, eller er tilpassingar til, dei generelle reglane i forvaltningsloven. Sjå helseforetaksloven § 5, spesialisthelsetjenesteloven kapittel 6, helsepersonelloven kapittel 5 og 8 og pasient- og brukerrettighetsloven §§ 2-7 og 7-6.

Bakgrunnen for at transplantasjonsloven i dag gir unntak frå forvaltningsloven er at det ofte er kort tid til å ta avgjerdene etter lova, og at dei fleste av dei er uopprettelege. Det vil t.d. vere tilfellet når det må takast avgjerd om donasjon frå ein avdød donor og ved obduksjon. Donasjon frå levande donor er basert på informerte skriftlege samtykke. Vidare kan dei pårørande nekte obduksjon og donasjon frå død donor som ikkje hadde gitt uttrykk for meininga si.

Departementet ser at dei generelle saksbehandlingsreglane i forvaltningsloven og pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 7 ikkje passar i slike situasjonar. Departementet foreslår derfor ein hovudregel om at forvaltningsloven kapittel IV,V, VI og VIII og klagereglane i pasient- og brukerrettighetsloven ikkje skal gjelde for vedtak som blir treft etter den nye transplantasjonslova og vedtak om obduksjon etter den nye obduksjonslova. Departementet ser likevel ikkje same grunn til å gjere unntak for avgjerder om utgreiing, oppfølging og kompensasjon, sjå utkastet til ny transplantasjonslov §§ 9 og 18. Desse paragrafane gir rett til ytingar som det bør kunne klagast på, på same måte som avgjerder etter pasient- og brukerrettighetsloven. Departementet foreslår derfor at slike avgjerder skal vere omfatta av klagereglane i pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 7.

Tilsvarande bør pårørande kunne klage på avgjerder om obduksjon i særlege tilfelle jf. utkastet til ny obduksjonslov § 7 siste ledd. Avgjerda kan vere i strid med viljen til dei pårørande og det er Fylkesmannen som tar avgjerda. Avgjerda bør derfor på vanleg måte vere omfatta av forvaltningsloven.

Departementet foreslår ingen endringar for avgjerder som er fatta etter dei generelle helselovene, til dømes avgjerd om rett til helsehjelp i form av transplantasjon etter pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 2. Slike avgjerder skal framleis behandlast etter dei saksbehandlingsreglane som følgjer av dei alminnelege helselovene.

Sjå utkastet til ny transplantasjonslov § 22 og ny obduksjonslov § 16.

12.2 Pålegg, sanksjonar og straff

12.2.1 Gjeldande rett

Dersom helsetenester blir drivne på ein måte som er i strid med spesialisthelsetjenesteloven eller forskrift etter lova, kan Statens Helsetilsyn etter §§ 7-1 og 7-2 gi pålegg om retting og laupande tvangsmulkt dersom pålegget ikkje er oppfylt innan den fastsette fristen. Helsepersonell som forsettleg eller grovt aktlaust bryt, eller medverkar til å bryte, reglar i helsepersonelloven eller forskrifter etter lova blir straffa med bøter eller fengsel i inntil tre månader. Dette følgjer av § 67.

Etter transplantasjonsloven § 14 blir den som tar avgjerd om uttak av organ eller anna biologisk materiale utan at vilkåra i lova er oppfylt, straffa med bøter dersom forholdet ikkje blir ramma av eit strengare straffebod. Det same gjeld for den som tar avgjerd om overføring av levande biologisk materiale frå dyr til menneske eller kommersiell utnytting i strid med lova. Transplantasjonsloven har ikkje reglar om straff eller andre reaksjonar ved brot på reglane om obduksjon eller avgjeving av lik.

Etter straffeloven § 224 kan den som ved vold, trugsmål, misbruk av sårbar situasjon eller anna utilbørleg åtferd utnyttar ein person til fjerning av hans eller hennar organ, eller som medverkar til dette, straffast med fengsel i inntil fem år.

12.2.2 Utvalet sitt forslag

Utvalet foreslo at Statens Helsetilsyn skal få myndigheit til å gi helsetenesta pålegg om retting av brot på lovene og forskrifter som er gjevne etter desse og at det skal gjevast ein frist for når rettinga skal vere utført. Det skulle vere mogeleg å klage på vedtak om pålegg. Klager skulle som hovudregel ha oppsetjande verknad.

Utvalet foreslo også at Statens Helsetilsyn skal kunne skrive ut tvangsmulkt dersom pålegget ikkje er følgd opp innan den fastsette fristen. Utvalet foreslo at ordlyden skulle svare til spesialisthelsetjenesteloven §§ 7-1 og 7-2.

Utvalet foreslo dessutan at den som forsettleg eller aktlaust bryt, eller medverkar til brot på lovene eller forskrifter som er gjevne etter lovene skal kunne straffast med bøter eller fengsel i inntil tre månader. Utvalet foreslo at strafferegelen skulle ha tilsvarande innhald som strafferegelen i helsepersonelloven § 67.

12.2.3 Høyringsinstansane sitt syn

Ingen av høyringsinstansane har uttalt seg om dette spørsmålet.

12.2.4 Departementet sine vurderingar og forslag

Donasjons- transplantasjons-, og obduksjonsverksemder er spesialisthelsetenester, og såleis omfatta av påleggs- og sanksjonsheimlane i spesialisthelsetjenesteloven og helsepersonelloven. Det er naturleg at verksemdene er underlagt dei same påleggs- og sanksjonsreglane uavhengig av om det konkrete forholdet er regulert av dei generelle helselovene eller av den nye transplantasjonslova eller den nye obduksjonslova. Departementet støttar derfor utvalet si vurdering av at det bør gå fram av dei nye særlovene at brot på lova og forskrifter etter lova kan føre til pålegg om retting, tvangsmulkt og bøter eller fengsel i inntil tre månader.

Reglane utvalet har foreslått svarer til reglane i spesialisthelsetjenesteloven §§ 7-1 og 7-2 og helsepersonelloven § 67. Departementet er opptatt av at det ikkje skal vere tvil om at reglane om pålegg og tvangsmulkt skal praktiserast likt i heile spesialisthelsetenesta. Departementet foreslår derfor at dei nye lovene skal vise til spesialisthelsetjenesteloven §§ 7-1 og 7-2. Når det gjeld straff, sluttar departementet seg til forslaget få utvalet om at særlovene skal få same ordlyd som helsepersonelloven § 67.

Sjå utkastet til ny transplantasjonslov § 23 og ny obduksjonslov § 16.

Til forsida