Prop. 74 S (2013–2014)

Pensjonar frå statskassa

Til innhaldsliste

2 Omtale av ordninga

Pensjon frå statskassa er ikkje ei pensjonsordning i vanleg forstand med krav til oppteningstid gjennom medlemskap. Det er ei særordning som gir Stortinget høve til, ut frå ei vurdering av om det er rimeleg, å gi ei pensjonsyting til personar som ikkje har kunna tene opp pensjonsrettar på vanleg måte. Pensjonen byggjer ikkje på rettskrav, lov eller forskrift, og blir gjerne omtala som gåvepensjon («billighetspensjon»).

Proposisjonen no gjeld lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar og ein tilsett i velferdstenesta som Sjøfartsdirektoratet driv i utlandet. Dei er i hovudsak sjølv borgarar i landet der dei arbeider. Nokre av dei lokalt tilsette er norske borgarar, og nokre av desse har òg vanleg tenestetid i Statens pensjonskasse frå 1. januar 1996 gjennom å ha medlemskap i norsk folketrygd. For tida før 1.januar 1996 blir pensjon av statskassa gitt som tillegg til den vanlege pensjonsgjevande tenestetida. I vedlegget blir denne tida omtala som tilleggstid.

Lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar skal som ein hovudregel sikrast gjennom lokale trygde- og forsikringsordningar. Dette er òg tatt inn i utanriksinstruksen: «lønns- og arbeidsbetingelser skal nedfelles i en arbeidskontrakt som skal være i samsvar med tjenestelandets lover og regler. Lokalt ansatte skal sikres gjennom adekvate lokale trygde- og forsikringsordninger

Utanriksstasjonane skal sjølv syte for at dei lokalt tilsette blir innlema i lokale trygde- og forsikringsordningar, og dei aller fleste er i dag omfatta av slike lokale ordningar. Unnataksvis kan det likevel hende at det ikkje finst lokale ordningar, eller at dei aktuelle ordningane ikkje sikrar dei tilsette tilstrekkeleg. I ein slik situasjon kan utanriksstasjonen søkje om pensjon frå statskassa. Sjølv om pensjonsrettane til dei lokalt tilsette er tatt inn i arbeidskontrakten etter utanriksinstruksen, kan tilhøve i tenestelandet, til dømes politisk uro, høg inflasjon og stor uvisse med omsyn til bank- og forsikringsordningar, føre til at vedkomande ikkje får den ytinga han eller ho har opparbeidt seg rett til ved alderdom, uførleik eller tap av forsørgjar.

Utanriksdepartementet har i seinare tid lagt stor vekt på å syte for at stasjonane følgjer opp instruksen så langt råd er, og sikre at dei lokalt tilsette ved utanriksstasjonane er med i lokale ordningar. Dette blir gjort gjennom kurs og opplæring av ansvarlege medarbeidarar, og ved pålegg til alle stasjonane om å følgje opp. Samstundes blir det gjort klart at pensjon frå statskassa berre blir gitt i særskilde høve der lokale ordningar ikkje finst eller ikkje sikrar dei tilsette godt nok. Utanriksdepartementet arbeider vidare med ei breiare kartlegging av arbeidsvilkåra til lokalt tilsette, inkludert pensjonsordningar.

Ytingar frå lokale pensjonsordingar skal kome til frådrag i pensjonen frå statskassa. Lokale ytingar som blir utbetala månadleg, blir i hovudsak samordna som pensjonar frå norsk offentleg tenestepensjonsordning. I staden for månadlege utbetalingar er det i nokre land vanleg at pensjonen blir betalt ut som eit eingongsbeløp på pensjoneringstidspunktet. Slike ytingar kjem til frådrag i pensjonen ved at tidspunktet for utbetaling av pensjon frå statskassa blir utsett.

Til forsida