Prop. 94 LS (2013–2014)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

11 Endring av likningslova § 2-1

Likningslova § 2-1 slår fast at skattekontoret er likningsstyresmakt i første instans. Landet er delt opp i fem regionar med eitt skattekontor i kvar region.

Kvart skattekontor består av fleire kontoreiningar. Sentralskattekontoret for storbedrifter har fram til 31. desember 2013 vore ei kontoreining i regionen Skatt Øst. Eininga har ansvar for liknings- og avgiftshandsaminga av dei største selskapa og konserna i landet. Frå og med 2014 er Sentralskattekontoret for storbedrifter skilt ut som eit eige skattekontor direkte underlagt Skattedirektoratet. Den organisatoriske endringa er omtala i Prop. 1 S (2013–2014) for Finansdepartementet side 81.

Likningslova § 2-1 gir føresegner om organiseringa av Skatteetaten. Sentralskattekontoret for storbedrifter er skilt ut som eit sjølvstendig skattekontor med landsdekkjande verkeområde. Departementet foreslår derfor ei lovendring slik at den nye organiseringa vert uttrykkeleg forankra i lova. Det har lenge vore ei særskilt skatteklagenemnd som handsamar saker som høyrer inn under Sentralskattekontoret for storbedrifter, nemnd opp av departementet med heimel i likningslova § 2-2. Utskiljinga av kontoret til eit eige skattekontor gir ikkje behov for å endre lovgivinga om nemnda.

Departementet viser til forslag til ny føresegn i likningslova § 2-1 tredje punktum.

Til forsida