St.meld. nr. 10 (2007-2008)

Knutepunkt— Kriterium for knutepunktstatus og vurdering av gjennomføring av knutepunktoppdraget

Til innhaldsliste

4 Departementets vurdering av kriterium for knutepunktstatus

4.1 Innleiing

Formålet med denne meldinga er å gi knutepunktomgrepet eit fornya innhald ved å presisere det samfunnsoppdraget og kulturansvaret som følgjer av status som knutepunkt. Meldinga gjer også greie for eit justert opplegg for vurdering av mål- og resultatoppnåing gjennom evaluering kvart fjerde år.

Det er i dag stor variasjon mellom knutepunkta både når det gjeld breidde og innretning av kunstnarleg profil, omfang og verksemd. Departementet legg til grunn at det også vil vere slike variasjonar i framtida.

Gjennom det justerte knutepunktomgrepet blir det gjort greie for dei resultatkrava som ligg til grunn for det offentlege tilskotet. Knutepunkta vil ha det til felles at dei har fått oppgåver ut over si ordinære kunstnarlege verksemd og lokale forankring. Innretninga på oppdraget og omfanget vil variere avhengig av profilen til knutepunktet og ressursane.

Departementet legg særleg vekt på følgjande kriterium som grunnlag for vurdering og evaluering av knutepunkta:

  • forankring til stad

  • festivalaktivitet kvart år

  • kunstnarleg leiande

  • koordinering og samarbeid

  • nasjonal og internasjonal orientering

  • nyskapande og utviklingsorientert

  • publikumsutvikling

  • god ressursutnytting

  • regional medverknad.

4.1.1 Forankring til stad

Med få unnatak har festivalane og knutepunkta vakse fram over tid og med utgangspunkt i lokale tilhøve, engasjement og behov. Initiativtakarar har ofte vore lokale eldsjeler, entreprenørar og miljø som har eit djupt engasjement for verksemda, og som har vore sterkt medverkande til utviklinga av verksemda sin særeigne profil. Desse har ofte vore ei drivkraft for utviklinga og ein viktig føresetnad for suksess både regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Knutepunkta representerer variasjon, breidde og fagleg fordjuping. Spreiinga av knutepunkt ut over landet er eit bidrag til oppfylling av ønsket om geografisk fordeling av kulturtilbodet og eit meir mangfaldig tilbod av profesjonell kunst til eit breitt publikum, ikkje minst i dei regionane der knutepunkta er lokaliserte.

Knutepunkta er avhengige av lokal oppslutning. Dei fleste av festivalane er også avhengige av innsats frå frivillige for å kunne bli gjennomførte. I tillegg kan dei vere ein arena for samarbeid med amatørverksemd lokalt. Organisasjon og anna infrastruktur er ofte bygd opp over lang tid og representerer stor erfaring og kompetanse. Forankring til stad og identitet er difor ein viktig føresetnad for å kunne oppfylle krava til status som knutepunkt.

4.1.2 Festivalaktivitet kvart år

Eit knutepunkt byggjer på ein publikumsretta festival eller eit festspel av ei viss tidsmessig lengd og eit visst omfang, og som er ein hovudaktivitet kvart år. Det skal leggjast vekt på å nå eit breitt publikum.

Knutepunkta skal organisere og målrette sine kunstnarlege, administrative og økonomiske ressursar mot planlegging og gjennomføring av den årlege festivalen eller festspelet og til vidareutvikling av denne hovudaktiviteten. Det er ein føresetnad at det er heilårleg drift. Som ein del av verksemda kan også andre typar arrangement inngå, for eksempel innanfor fleire kunstområde.

Eit samarbeid mellom knutepunkt, frivillig sektor og næringslivet er ønskeleg.

4.1.3 Kunstnarleg leiande

Knutepunkta skal ha ein leiande posisjon innanfor sin sjanger og hovudverkeområde. Dei skal produsere og formidle eit kunstnarleg program på høgt nivå. Knutepunktet skal utmerke seg med høg fagleg kompetanse og kunnskap om utviklinga på sitt kunstområde, både nasjonalt og internasjonalt. Frå eit kvart knutepunkt er det forventa nyskapande og innovativ formidling.

I tillegg til å presentere norsk kunst og kultur skal knutepunkta vere internasjonalt orienterte i sitt programopplegg og delta i nasjonale og internasjonale nettverk. Dette med tanke på produksjonar og utveksling av utøvarar og artistar så vel som kunnskap om det kunstfeltet dei opererer i.

Knutepunkta skal som hovudregel ha som formål å presentere eit kunstnarleg tilbod innanfor ein sjanger eller eit kunstuttrykk, som til dømes dagens knutepunkt for blues, folkemusikk, jazz og ny musikk. Dagens festspel med knutepunktoppdrag har ofte ein noko breiare programprofil enn festivalane, men også desse har hovudvekta av programmet sitt innanfor ein sjanger eller ei kunstform.

Ein føresetnad for statleg støtte til kulturformål er at verksemda formidlar kunst av høg kvalitet til så mange som mogleg. Kravet til kunstnarleg kvalitet femner både om det kunstnarlege uttrykket som skal formidlast, og sjølve formidlinga.

4.1.4 Koordinering og samarbeid

Knutepunkta skal – som leiande innanfor sin sjanger eller sitt verkeområde – ta eit ansvar for koordinering og samarbeid mellom andre festivalar eller festspel innanfor same sjanger. Det kan eksempelvis dreie seg om samarbeid med bransjeorganisasjonar, faglege organisasjonar eller anna organisert samarbeid og faglege nettverk utanlands og innanlands. Det kan også dreie seg om å koordinere informasjon om andre festivalar av vesentleg kunstnarleg verdi, ta ansvar for relevante opplæringstilbod eller andre faglege og administrative tiltak. Knutepunkta vil ha eit særleg ansvar for å medverke til utvikling.

På denne måten vil knutepunkta få ei viktig rolle som koordinerings- og samarbeidspartar i høve til andre festivalar og kulturtiltak innanfor eigen sjanger, samstundes som dei får eit ansvar for utviklinga av feltet utover si eiga verksemd. Dette vil bli ein viktig del av oppdraget som følgjer med knutepunktstatusen.

Auka samarbeid vil gi regionar med knutepunkt auka arrangørkompetanse. Det er derfor viktig at regionale styresmakter bidreg til å leggje til rette for slikt samarbeid og følgjer opp det ansvaret som ligg i å ha eit knutepunkt i sin region.

4.1.5 Nasjonal og internasjonal orientering

Knutepunkta skal vere nasjonalt og internasjonalt orienterte innanfor sine oppdragsområde. Det tilseier at dei i programopplegget skal leggje vekt på å kunne presentere artistar på høgt nasjonalt og internasjonalt nivå. Dette er viktig både for kunstnarane og publikum.

Knutepunktfestivalar er viktige møteplassar for norske og utanlandske arrangørar så vel som utøvarar. I tillegg til å presentere norsk kunst og kultur skal knutepunkta vere internasjonalt orienterte i sine programopplegg. Det vil vere viktig å delta i internasjonale nettverk med tanke på utveksling av erfaringar, felles produksjonar og samarbeid om program. Slikt samarbeid kan også vere viktig for å medverke til presentasjon av norske artistar på internasjonale arenaer.

Knutepunkta vil ha eit særleg ansvar for at slikt samarbeid kjem andre nasjonale arrangørar og verksemder til nytte.

4.1.6 Nyskapande og utviklingsorientert

Knutepunkta skal aktivt medverke til å fornye og utvikle sin sjanger eller si verksemd. Dei skal vere pådrivarar i den generelle utviklinga på kulturområdet. Det vil bli lagt merke til om knutepunkta over tid eksperimenterer og vel dristige kunstuttrykk i programmeringa.

Å vere innovative og utviklingsorienterte i programvalet, i formidlinga av kunst og kultur og i arbeidet med å rekruttere nye publikumsgrupper vil bli viktig i åra framover.

Det vil bli lagt vekt på at knutepunkta skal medverke til nyskaping gjennom eigne idear og produksjonar. Dette oppdraget må vere i samsvar med det ressursmessige grunnlaget for knutepunktet.

4.1.7 Publikumsutvikling

Knutepunkta skal ha ein samla strategisk plan for formidling av kunst til eit breitt publikum. Viktige element i ein slik plan vil vere kunnskap om dei ulike målgruppene og ikkje minst strategi for å rekruttere nytt publikum. Fokus bør vere på utvikling av metodar, informasjonsstrategiar og arenaer for formidling.

Publikumsutvikling inneber på den eine sida å utvikle eit nytt publikum, og på den andre sida å stimulere eksisterande publikum til å bruke tilbodet meir. Å nå eit nytt publikum har som føresetnad utvikling av differensierte verkemiddel innanfor programopplegg, prispolitikk og marknadsføring. Grunnlaget er kvalitet i innhald så vel som i formidling.

Kunnskap om det publikum som knutepunktet ønskjer å nå, er viktig for å overvinne dei hinder som ligg i mellom anna ulike interesser og sosiale skilnader, geografi, alder og kjønn. Prispolitikken vil også innverke på kven som har råd til å delta.

Det ligg til knutepunkta å sørgje for at informasjon om verksemda er tilgjengeleg ved bruk av ny teknologi som til dømes nettsider og elektronisk billettsystem.

Regionar med knutepunkt må på si side leggje til rette for at knutepunkta har tilgang til fysiske fasilitetar og arenaer for formidling som er tilpassa knutepunkta si verksemd og behova dei har.

4.1.8 God ressursutnytting

God ressursutnytting er ein føresetnad for vurdering av knutepunktoppdrag. Verksemda skal vere målretta og skal ha styringssystem som sikrar god kunstnarleg, fagleg og publikumsmessig måloppnåing, og som gir god ressursforvalting.

Det er ein føresetnad at knutepunkta, for å sikre langsiktig verksemd, utviklar system for risikovurdering som kan inngå i knutepunkta sitt arbeid med programopplegg og anna fagleg verksemd.

Det offentlege tilskotet til knutepunkta er eit viktig grunnlag for drifta. I tillegg bør knutepunkta utvikle andre inntektskjelder, det vil seie eigeninntekter og støtte frå sponsorar.

4.1.9 Regional medverknad

Det offentlege tilskotet til knutepunkta skal delast mellom stat og region i forholdet 60-40 pst. med unnatak for knutepunkta i dei tre nordligaste fylka der fordelinga mellom stat og region skal vere 70-30 pst, jf. kapittel 2.1 Om knutepunkt .

Aktiviteten til knutepunkta vil i stor grad kome vertsregionen til gode på ulike måtar. Det vil derfor vere eit rimeleg krav at regionen legg til rette for gode rammevilkår for knutepunkta.

Knutepunktoppdraget medfører fast offentleg tilskot til drift av verksemda. Knutepunkta får med dette ein tryggleik i økonomien som gjer at dei kan planleggje på lang sikt, noko som er avgjerande for gjennomføringa av oppdraget. Knutepunkta vil, på line med andre mottakarar av fast statleg tilskot, som hovudregel ikkje kunne søke om prosjektstøtte frå Norsk kulturråd.

Knutepunkta skal årleg rapportere til departementet om oppnådde resultat og planar for komande år, jf. omtale under kapittel 5 Oppnådde mål , styring og kontroll . Departementet legg vidare opp til ei systematisk evaluering og ein dialog med knutepunkta og lokale og regionale tilskotspartar kvart fjerde år om oppnådde resultat i perioden og føresetnadene for vidare drift.

4.2 Oppdrag for knutepunkt – departementets vurdering

Dei kriteria som er omtalte ovanfor, gir innhald til det samfunnsoppdraget og kulturansvaret som denne meldinga legg opp til skal følgje statusen som knutepunkt. Samstundes gir kriteria grunnlag for å vurdere korleis verksemder tek vare på ansvaret og løyser oppdraget.

Omtalen av dagens knutepunkt viser at det er store skilnader mellom knutepunkt, jf. kapittel 2.6 Knutepunkt . Skilnadene gjeld både med omsyn til kunstnarleg innretning, omfang av aktiviteten og verksemda sine administrative og økonomiske ressursar. Departementet legg som nemnt til grunn at det vil vere slike variasjonar også i framtida. Knutepunkt vil dermed ha ulike utgangspunkt og ulikt høve til å ta hand om ansvaret og følgje opp oppgåvene som heng saman med statusen som knutepunkt.

Det er i dag store skilnader i det statlege tilskotet til knutepunkta. For å realisere formålet med meldinga og kriteria som heng saman med knutepunktoppdraget, vil departementet, på bakgrunn av vel underbygde søknader og dokumentasjon av oppnådde resultat, kunne vurdere auka tilskot til dei knutepunkta som har lågast tilskot i dag. Departementet legg til grunn at dei regionale styresmaktene vil bidra til slik auke i tilskota i tråd med fordelingsreglane for tilskot til knutepunkt. Staten yter 60 pst. av det offentlege tilskotet til knutepunkt og regionen 40 pst., med unnatak av knutepunkt i Nord-Noreg der fordelinga mellom staten og regionen er 70 pst. og 30 pst.

Verksemdene vil likevel ha ulikt utgangspunkt med omsyn til administrative og økonomiske ressursar.

Departementets vurdering er at dei ni kriteria – forankring til stad, festivalaktivitet kvart år, kunstnarleg leiande, koordinering og samarbeid, nasjonal og internasjonal orientering, nyskapande og utviklingsorientert, publikumsutvikling, god ressursutnytting og regional medverknad – utgjer ein samanheng og ein heilskap som bør gjelde generelt for verksemder med knutepunktstatus.

Samstundes ser departementet med bakgrunn i dagens knutepunkt at det ikkje bør gå «inflasjon» i knutepunktoppdrag. Nye knutepunkt skal ha ei særskilt grunngjeving anten i form av nasjonalt sjangeransvar eller regionalt breiddeansvar.

Dei fleste av dagens knutepunkt har som del av sitt formål å vere kunstnarleg leiande innanfor sitt verkeområde på nasjonalt nivå. I tillegg til å presentere norsk kunst og kultur, er dei internasjonalt orienterte i sitt programopplegg og tek del i nettverk med festivalar i andre land om felles produksjonar og utveksling av utøvarar og artistar og om kunnskap om det kunstfeltet dei opererer i. Nettverka er viktige møteplassar for norske og utanlandske arrangørar og utøvarar.

Nokre knutepunkt har ei breiare kunstnarleg innretning og større vekt på det regionale og på ein lokal identitet. Her er det vesentlege å gi eit tilbod til publikum regionalt. Nokre kan ha begge rollene.

Knutepunkt med eit sjangeransvar skal vere leiande og presentere eit program prega av kunstnarleg nyskaping og med utøvarar og artistar av høg nasjonal og internasjonal kunstnarleg standard.

Av knutepunkt med eit regionalt basert oppdrag er det venta at dei er leiande i sin region med omsyn til å presentere eit program av høg kunstnarleg kvalitet. Vidare skal verksemda ha ei sterk forankring i eit regionalt publikum og bli sett på som ein viktig leverandør til kunst- og kulturlivet regionalt. Dei skal vidare vere kontaktpunkt og bidra til å spreie informasjon og kompetanse om festivaldrift i regionen.

At ein festival har eit særskilt sjangeransvar er ikkje til hinder for ein breiare kunstnarleg profil. Det er også viktig at festivalane med nasjonalt sjangeransvar er ein ressurs i regionen.

I dag har knutepunktfestivalane slik hovedprofil:

  • Molde International Jazz Festival, jazz

  • Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, folke­musikk

  • Ultima Oslo Contemporary Music Festival, samtidsmusikk

  • Notodden Blues Festival, blues

  • Festspillene i Bergen, festspel for musikk og scenekunst

  • Mela-festivalen, multikulturell kunst og kultur

  • Norsk Litteraturfestival - Sigrid Undset-­dagene, litteratur

  • Olavsfestdagene i Trondheim, kyrkjemusikk m.m

  • Festspillene i Nord-Norge, festspel for musikk, scenekunst og biletkunst

  • Festspillene i Elverum, festspel i eit samarbeid med «Ungdomssymfonikerne»

  • Per Gynt-stemnet, scenekunst m.m.

Departementet har gitt Øyafestivalen tilbod om knutepunktstatus for rock.

Dei ulike festivalane står fritt til å bestemme sitt eige formål og sin eigen kunstnarlege profil. Det skal vere armlengds avstand til den frie kunstnarlege leiinga av festivalen. Eventuelle endringar i hovudprofilen vil vere ein viktig premiss i framtidige vurderingar av knutepunktfestivalane.

Til forsida