St.meld. nr. 10 (2007-2008)

Knutepunkt— Kriterium for knutepunktstatus og vurdering av gjennomføring av knutepunktoppdraget

Til innhaldsliste

6 Gjennomføring

Departementet vil ta initiativ til å følgje opp meldinga overfor dei enkelte knutepunkta og dei regionale og lokale tilskotspartane på bakgrunn av Stortingets handsaming av forslaget.

Oppfølginga vil i første omgang skje gjennom den årlege budsjettdialogen, dvs. departementets arbeid med og oppfølging av institusjonane si rapportering, revidert rekneskap for tidlegare år og søknader for komande budsjettår.

Det vil bli lagt opp til evaluering av kvar institusjon kvart fjerde år, og på ein slik måte at det årleg blir gjennomført vurdering av nokre av knutepunkta.

Til forsida