St.meld. nr. 25 (2006-2007)

Om Noregs deltaking i den 61. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 60. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

5 Økonomi-, miljø- og utviklingsspørsmål (2. komité)

5.1 Generelt

Arbeidet og forhandlingsklimaet i 2. komité var noko mindre konfronterande enn under den førre generalforsamlinga. Likevel var det også i år få saker det var avgjerande å bli samde om. Komiteen tente i liten grad som arena for nye initiativ og for å drive viktige saker framover. Døme på dette var miljø- og klimaspørsmåla som blei ståande på staden kvil. Det blei ikkje teke nokon nye initiativ i arbeidet mot korrupsjon, og det var berre lita framdrift å spore i migrasjonsspørsmålet. Vedtaket om å halde ein internasjonal konferanse om finansiering for utvikling i Doha i 2008 som oppfølging av Monterrey-konferansen i 2002, var eit positivt utfall.

Dei siste åra har talet på avrøystingar i den tradisjonelt konsensusorienterte 2. komité stige sterkt. Under den 61. generalforsamlinga synest denne trenden å ha flata ut.

5.2 Gjeldshandtering

Gjeldsresolusjonen er ein av dei resolusjonane i 2. komité som det er svært vanskeleg å forhandle fram konsensus om, men i år òg klarte ein til slutt å bli samde om ein tekst. Noreg kommenterte gjeldsspørsmål i plenum i 2. komité under eit innlegg som omfatta heile «finansiering for utvikling»-agendaen. Gjeldsslettinga etter den norske skipseksportkampanjen blei nemnd, og Noreg tok òg opp att standpunktet sitt om at vi ønskjer ein debatt om illegitim gjeld.

Sjølv om resolusjonen blei vedteken med konsensus, var det fleire vestlege land som påpeikte at resolusjonen spegla røyndommen dårleg. Mellom anna blei det påpeikt at tittelen («Den eksterne gjeldskrisa og utvikling») var «utdatert». Det blei argumentert med at gjeldssituasjonen ikkje lenger kan karakteriserast som ei «krise», og at tittelen og resolusjonen dessutan burde spegle at innanlandsgjeld kan vere eit vel så stort problem for mange utviklingsland som utanlandsgjeld. G-77 er sterkt usamd i at det ikkje lenger er ei gjeldskrise, og påpeiker at partane nok har noko ulik forståing av røyndommen. Sør-Afrika, som formann i G-77, forsikra om at fram til vi har ein situasjon der alle land har nådd full gjeldsberekraft, vil ikkje tittelen bli endra. Det var òg tunge forhandlingar rundt spørsmål om utviding av eksisterande og nye gjeldssletteordningar.

5.3 Finansiering for utvikling

Under generalforsamlinga i fjor makta ein ikkje å bli samde om tid og stad for og prosessen fram mot å halde ein oppfølgingskonferanse til den internasjonale konferansen om finansiering for utvikling som fann stad i Monterrey i 2002. Denne konferansen var på mange måtar banebrytande. Den såkalla Monterrey Consensus er uttrykk for ei global semje mellom gjevarland, utviklingsland, det sivile samfunnet og privat sektor om tilnærming til sentrale utviklingsspørsmål, bistandsoverføringar, gjeld og handel.

Forhandlingane om ein oppfølgingskonferanse blei vidareførte under den 61. generalforsamlinga, og ein blei samde om at konferansen skal haldast i andre halvdel av 2008. Vertskap for konferansen blir Qatar, som allereie under generalforsamlinga i fjor hadde komme med tilbod om å halde konferansen i Doha. Førebuingane til Doha-konferansen om finansiering for utvikling vil byrje i 2007.

5.4 Råvarer, handel og utvikling

Etter samanbrotet i Doha-forhandlingane hadde G-77 ein sterk trong for ei politisk markering om handelsspørsmål i 2. komité. Dette var nok delvis årsaka til at G-77 braut forhandlingane om handelsresolusjonen etter forholdsvis kort tid, med den grunngjevinga at partane stod for langt frå kvarandre til at ein kunne sjå eit håp om ei konsensusløysing. Så for tredje året på rad blei denne resolusjonen vedteken ved votering. Noreg avstod i avrøystinga på linje med EU og mange andre land. Det var berre USA som røysta mot. Hovudgrunnen mellom dei som avstod i avrøystinga var at resolusjonen ikkje spegla ein balanse som er naudsynt for at Doha-forhandlingane skal kunne takast opp att med eit vellukka resultat. USA gjentok som si prinsipielle haldning at dei er imot forsøk frå Generalforsamlinga på å diktere forhandlingane i Verdshandelsorganisasjonen.

I motsetnad til handelsresolusjonen blei råvareresolusjonen vedteken med konsensus. Dette resultatet var særleg positivt i lys av utfallet av handelsresolusjonen, men òg fordi ein i år klarte å komme til konsensus om saker som ein voterte over for to år sidan. Det var til dømes gledeleg at USA ville gå med på å omtale toll- og kvotefri marknadstilgang for alle minst utvikla land (MUL). Noreg var tilretteleggjar for råvareresolusjonen.

5.5 Kvinner i utviklingsprosessar

Ikkje eit punkt under GF61. Sak som kjem opp annakvart år.

5.6 Miljø og berekraftig utvikling

Noreg deltok aktivt i debatten om miljø og berekraftig utvikling. I det norske innlegget viste ein til at det i 2007 er 20 år sidan Brundtlandkommisjonen la fram sin rapport «Our Common Future», som la grunnlaget for mykje av det internasjonale miljøarbeidet som voks fram i åra som følgde. Det blei vidare understreka at Noreg framleis ser på FNs kommisjon for berekraftig utvikling som ein viktig pilar i FN-systemet. Noreg framheva klimaendringane som det største trugsmålet mot global berekraftig utvikling, og at ein allereie i stor utstrekning kan registrere negative konsekvensar. I tillegg til arbeidet med å redusere klimautsleppa må ein difor òg leggje vekt på arbeidet med å redusere skaderisiko og omfanget av skadane og utvikle strategiar for tilpassing, særleg i dei fattigaste utviklingslanda. Landa som er tilslutta Kyoto, står for mindre enn 1/3 av klimautsleppa, og andre land må òg vere med og dra lasset. Den drastiske reduksjonen i biodiversitet som vi i dag er vitne til, blei òg teken opp, og dessutan at fokuset må rettast mot at ein internasjonalt må etterleve dei forpliktingane som er inngådde. Vedtaket om å opprette genbanken på Svalbard blei òg nemnt.

Klima

Forhandlingane om ein resolusjon om klimaet var i år krevjande, og sluttresultatet må karakteriserast som svært skuffande. Teksten blei introdusert samtidig som toppmøtet i Nairobi fann stad, og dette farga forhandlingane. Det opphavlege resolusjonsframlegget frå G-77 var ein prosedyreresolusjon utan substansielt innhald. EU, med støtte frå Noreg, ønskte fleire substansielle referansar, ikkje minst med omsyn til eit eventuelt klimaregime etter at Kyotoavtalen går ut i 2012. G-77 og USA viste likevel liten vilje til rørsle. Etter gjenteke press frå EU gjekk G-77 til det drastiske steget å trekkje seg frå forhandlingane. Dermed låg den opphavlege teksten igjen på bordet. EU var svært misnøgd med utfallet av forhandlingane, og det blei klart at ein ville be om ei avrøysting. Noreg støtta dette og valde – som EU – å røyste blankt. Noreg støtta òg røysteforklaringa til EU som la vekt på at FNs generalforsamling må ta klimaspørsmålet alvorleg. New Zealand, Australia og Canada røysta òg blankt og kritiserte først og fremst det svært lite konstruktive forhandlingsklimaet. Til saman 114 land røysta for resolusjonen medan 49 avstod. Dermed blei det sendt eit klart signal om misnøya med prosessen.

UNEP

I forhandlingane om UNEP kom dei ulike konfliktlinjene når det gjaldt det overordna miljøarbeidet i FN, fram. EU og Noreg argumenterte for fleire referansar i samband med ei styrking av den rolla FN har på feltet. Det var òg ønskeleg med klare referansar til eit meir institusjonalisert samarbeid gjennom UNEP og til universell medlemskap i organisasjonen. Utviklingslanda, med vekslande støtte frå Russland og USA, motsette seg likevel desse formuleringane. EU fekk til slutt gjennomslag for ein svært utvatna preambulær paragraf som inviterer til eit meir effektivt miljøarbeid i regi av FN. Universell medlemskap vil om det er ønskeleg bli handsama under den 64. generalforsamlinga.

Agenda 21

I resolusjonsforhandlingane om Agenda 21 var det først og fremst to punkter som var omstridde. Det første gjaldt korleis Generalsekretæren skal rapportere når det gjeld dei tematiske områdene til den 15. sesjonen i Kommisjonen for berekraftig utvikling. Her fekk G-77 gjennomslag for at det skal leverast rapportar for kvart av dei fire temaene energi, klima, luftforureining og næringsutvekling. USA kravde lenge at ein burde vurdere berre éin felles rapport. Det andre temaet gjaldt om den 15. sesjonen i Kommisjonen for berekraftig utvikling skal gjennomførast på den tida som er sett av, noko Noreg og EU pressa sterkt på for å få vedteke. Det blei òg presisert at alle dokumenta, medrekna forhandlingsdokumentet, skal vere klare før sesjonen tek til. Dette var viktig for Noreg då arbeidet til kommisjonen tidlegare har vore plaga av forseinkingar og ei lite effektiv utnytting av den tildelte tida.

Oppfølging av Ørkenkonvensjonen

I desse forhandlingane ønskte Noreg å understreke at ein er nøgd med det som skjedde under den siste påfyllinga av Global Environment Facility (GEF), og at det er viktig at forpliktingane blir oppfylte. Noreg ønskte ikkje ein tekst som ville gje GEF pålegg om å prioritere forørkning framfor andre finansieringsområde. Desse omsyna blei sikra.

Ein annan diskusjon som fekk mykje merksemd, var om sekretariatet sitt forbruk hadde overstige det godkjende budsjettet for 2004–2005. Sekretariatet gjorde eit godt forsøk på å gjere greie for situasjonen, men det var stadig uklart om sekretariatet hadde halde seg innanfor dei opphavleg godkjende rammene, eller om dei hadde halde seg innanfor rammene til det oppjusterte budsjettet. Noreg var kritisk til sekretariatet, men konsensus på dette punktet lét seg gjere berre ved ei rundare formulering som peikte på at det var viktig for sekretariatet å arbeide innanfor stabile valutarammer.

Biodiversitet

Årets forhandlingar om biodiversitetskonvensjonen gav endå eit døme på at FNs generalforsamling neppe vil vere ein viktig arena for å drive fram den internasjonale miljøagendaen. Det lét seg ikkje gjere å oppnå semje, ikkje ein gong om tekst som var vedteken tidlegare. EU og Noreg forsøkte å få inn tekst der det blei uttrykt sterk uro for at ein framleis skulle tape biologisk mangfald og svekkje «ecosystem services», og dessutan om samanhengen mellom arbeidet for å sikre tradisjonelle rettar i CBD, TRIPS og World Intellectual Property Organisation (WIPO). Forsøka på å få inn ny substansiell tekst stranda likevel, hovudsakleg på grunn av motstand frå G-77 og USA.

Ansvar for oljesøl som resultat av israelske krigshandlingar i Libanon

I juli 2006, under krigshandlingane i Libanon, bomba Israel fleire oljetankar i nærleiken av kraftverket El-Jiyeh. Dette førte til store utslepp og miljøøydeleggingar langs store delar av kysten av Libanon. Noreg var mellom dei landa som gav støtte både til å kartleggje skadane og til opprydding. Med bakgrunn i desse miljøskadane blei det fremja ein resolusjon som plasserte erstatningsansvaret for skadane på Israel. Det blei mellom anna vist til havretten og prinsippet i Rioerklæringa av 1992 om at ureinaren betaler. Rettsavdelinga i UD vurderte tilhøvet, og kom til at konklusjonen om erstatningsansvar for Israel var juridisk haldbart. Noreg røysta for, og resolusjonen blei òg vedteken med stort fleirtal.

Resolusjonar om ulike FN-år og -dagar

Dei siste par åra har det vore ein aukande trend at interessegrupper øver påtrykk for at FN skal innføre internasjonale år og dagar for å fremje ulike saker. Sjølv om meininga med mange av framlegga er å fremje positive formål, har den norske haldninga gjennomgåande vore at det å innføre ulike år og dagar ikkje er ein føremålstenleg måte å oppnå utviklingspolitiske målsetjingar på. Dette gjeld særleg fordi talet på markeringar er blitt så stort at det nærmar seg useriøse proporsjonar. Under årets generalforsamling blei det fremja og vedteke resolusjonar om det internasjonale sanitæråret i 2008, det internasjonale biodiversitetsåret i 2010 og det internasjonale skogåret i 2011, i tillegg til at det blei gjort framlegg om ein internasjonal diabetesdag. Dette kjem i tillegg til dei åra og dagane som allereie er vedtekne tidlegare. Noreg prioriterte ikkje arbeidet med desse resolusjonane, men gjekk heller ikkje imot dei.

UN-Habitat

UN-Habitat er det FN-programmet som har ansvaret for å følgje opp byutvikling og forbetring av byslummane i verda. Den årlege resolusjonen om UN-Habitat gjev Generalforsamlinga eit høve til å kommentere drifta av programmet og prioriteringane der, men alle overordna vedtak i programmet blir gjorde av eit styrande råd (Governing Council).

Leiinga i UN-Habitat har ivra for eit opplegg som i praksis vil innebere at programmet vil fungere som ein utlånsbank for slumutviklingsprosjekt. Noreg har vore skeptisk til dette, då ein meiner at programmet ikkje har den naudsynte kompetansen, og at det vil vere lite føremålstenleg å duplisere den innsatsen dei regionale utviklingsbankane og Verdsbanken gjer på dette området. G-77 prøvde å få inn ordlyd i resolusjonen som uttrykte støtte til desse planane, medan bl.a. EU og Noreg ikkje ønskte dette. Resultatet blei eit kompromiss der tilrådinga var at Det styrande råd handsama denne saka på neste møte i april 2007. I ei posisjonsforklaring framlagd av EU og Noreg og støtta av Canada, blei det likevel uttrykkeleg framheva at føresetnaden for den konsensusen som var oppnådd, var at dette ikkje på nokon måte skulle leggje føringar for handsaminga i det styrande rådet.

Suverenitet over naturressursar i okkuperte palestinske område

Ein årleg gjengangar på dagsordenen til Generalforsamlinga er punktet om det palestinske folket sin suverenitet over natturressursar i okkuperte område, medrekna Aust-Jerusalem, og arabarane sin i dei okkuperte Golanhøgdene. Resolusjonen er vanlegvis resultatet av forhandlingar mellom EU og palestinarane. Innhaldsmessig uttrykkjer resolusjonen uro over at den israelske okkupasjonsmakta øyder naturressursane, mellom anna at dei øydelegg frukthagar og jordbruksområde. Det blei òg vist til at det blir dumpa ureinande avfall og at vassleidningar og annan infrastruktur blir øydelagde, og til negative konsekvensar av den rettsstridige muren. På bakgrunn av dette krev resolusjonen at Israel opptrer i samsvar med folkeretten og erstattar rettsstridig øydelegging og svekking av palestinske naturressursar. Det var berre Israel, USA og ein del små øystatar som røysta mot at resolusjonen skulle bli vedteken.

5.7 Migrasjon

Under Generalforsamlinga blei det forhandla om ein resolusjon om korleis det internasjonale samfunnet skal følgje opp problemstillingane rundt migrasjon og utvikling. Resolusjonen gjekk ikkje så langt som Noreg ønskte med å setje migrasjon og utvikling på dagsordenen i FN, men han stadfester likevel Belgias initiativ om å halde eit globalt migrasjonsforum i 2007 som ei oppfølging av FNs høgnivådialog for migrasjon og utvikling som fann stad i september 2006. Resolusjonen støttar vidare at det skal opprettast ein Global Migration Group i Genève, og vedtok at migrasjon og utvikling skal følgjast opp på FNs generalforsamling i 2008.

5.8 Korrupsjon

Korrupsjonsdebatten i 2. komité dreidde seg om utviklingsperspektivet på korrupsjon. Dette er ein debatt der landa tradisjonelt står langt frå kvarandre. Iverksetjinga av konvensjonen mot korrupsjon blei brukt som utløysande årsak til at G-77 la fram ein rein prosedyreresolusjon i år for å sleppe ein vanskeleg debatt. Dette blei motvillig akseptert, med gjensidig forståing for at ein til neste år har ein substansiell resolusjon. Noreg og likesinna land la i forhandlingane vekt på at ein då vil ha ein ordlyd som er i tråd med konvensjonen mot korrupsjon, inn i resolusjonen.

5.9 MUL-landa

Ved innleiinga til den 61. generalforsamlinga blei det arrangert eit ekspertmøte og eit etterfølgjande høgnivåmøte i høve femårsgjennomgangen av det tredje handlingsprogrammet for dei minst utvikla landa 2001–2010. Noreg leidde arbeidet med å bli samde om ei ministererklæring på førespurnad frå dei minst utvikla landa. Erklæringa la vekt på kor langt ein er kommen i å gjennomføre forpliktingane i handlingsprogrammet. På fleire område har det vore framgang. Like fullt blei det understreka at dei minst utvikla landa ligg dårlegast an når det gjeld å oppfylle tusenårsmåla.

Årets debatt og resolusjonsforhandling om det tredje handlingsprogrammet for dei minst utvikla landa i 2. komité var kortare og enklare enn vanleg, som ein konsekvens av ministererklæringa som nyleg var vedteken.

Til forsida