St.meld. nr. 25 (2006-2007)

Om Noregs deltaking i den 61. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 60. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

6 Menneskerettsspørsmål og sosiale spørsmål (3. komité)

6.1 Generelle spørsmål

Årets haustsesjon utvikla seg etter måten ryddig og nærast upåverka av det nyoppretta Menneskerettsrådet (MR-rådet). Det knytte seg ein del uvisse, og nokre forventingar, til tilhøvet mellom 3. komité og det nye Menneskerettsrådet. Sjølv om MR-rådet framleis er i ein fase av institusjonsbygging, har det allereie i enkelte viktige saker måtta tole å bli overprøvd av 3. komité. Dette markerer ei svekking av rådet sitt sjølvstende samanlikna med Menneskerettskommisjonen. Mange av dei forventingane som blei skapte under toppmøtet om FN-reform i 2005 når det gjaldt betre vern og fremje av menneskerettane, har i substans så langt ikkje blitt innfridde.

Årets haustsesjon var plaga av at arbeidet i komiteen hadde ei svak leiing (Irak). Dette førte til mykje uvisse kring prosedyrar og til at vanskelege saker blei utsette. Arbeidet var i år òg sterkt politisert og polarisert. Til liks med tidlegare år var det tydeleg å sjå at det herskar grunnleggjande ulike oppfatningar om menneskerettar. Røystemønsteret spegla i stor grad skiljet mellom nord og sør, men òg skiljet mellom Vesten og muslimske land. Særleg i spørsmål som gjeld familie, kjønn, ytringsfridom og religionane si stilling, har dei muslimske landa ei stadig tydelegare haldning og har i stor grad fått støtte frå mange utviklingsland. Ved fleire avrøystingar stod USA heilt aleine. USA heldt dessutan ved lag motstanden sin mot tilvisingar til Den internasjonale straffedomstolen (ICC).

Årets haustsesjon vil først og fremst bli hugsa for to MR-instrument som blei vedtekne etter fleirårige forhandlingar og som vil setje standard. Den viktigaste var «Den internasjonale konvensjonen for vern og fremje av funksjonshemmas rettar og verdigheit». Arbeidet med å skape ein konvensjon for å verne og fremje rettane til dei funksjonshemma har gått føre seg sidan 2001. Organisasjonane til dei funksjonshemma har delteke aktivt og konstruktivt i arbeidet med konvensjonen. Bidraget deira til dette arbeidet vil truleg setje ein ny standard for FN-deltakinga til dei ikkje-statlege organisasjonane. Atlasalliansen har representert norske funksjonshemma i samarbeid med UD, AID og Helsedirektoratet. Ingen annan internasjonal MR-konvensjon har blitt forhandla fram så raskt. «Den internasjonale konvensjonen for vern av alle personar mot forsvinningar under tvang» blei óg vedteken. Sjølv om denne konvensjonen vil ha mindre å seie for Noreg, blir han sett på som eit vendepunkt i land som har gjennomlevd brutale diktatur.

Noreg fungerte som ein pådrivar for å sikre at ikkje-statlege organisasjonar som representerer lesbiske og homofile, får observatørstatus i FN på lik linje med andre organisasjonar.

Det norske hovudinnlegget i komiteen tok utgangspunkt i det pågåande arbeidet med å skape eit tydeleg og effektivt menneskerettsråd, og forsvarte ordninga med spesialrapportørar for å rette merksemda mot alvorlege MR-situasjonar. Det blei framheva at dialog og samarbeid er utgangspunktet for arbeidet med menneskerettar, men at vi ikkje må vike attende for å ta tydeleg til orde mot alvorlege brot på menneskerettane dersom dialog ikkje fører fram. Det norske innlegget gav aksept til menneskerettsforsvararar og tok avstand frå diskriminering på grunnlag av seksuell orientering og frå tortur og ulovleg forvaring.

6.2 Menneskerettssituasjonen i somme land

Under årets generalforsamling blei det lagt fram sju såkalla landresolusjonar i 3. komité. Denne typen resolusjonar har eit særskilt fokus på menneskerettssituasjonen i somme land. USA, Canada, EU og Japan la fram resolusjonar om MR-situasjonen i Iran, Nord-Korea, Burma, Usbekistan og Kviterussland. Som svar på dette la Kviterussland og Iran fram resolusjonar om MR-situasjonen i USA og Canada. Dei to siste resolusjonane blei overveldande nedrøysta. Slike resolusjonar har i ei årrekkje vore omstridde og blitt oppfatta som stigmatiserande av dei landa som dei har vore retta mot. Ei rekkje statar hevdar at resolusjonar av denne art er eit verkemiddel for vestlege interesser til å fordømme svake og fattige utviklingsland. Under årets sesjon blei landresolusjonane på ny utsette for hard kritikk, hovudsakleg frå utviklingsland. Det blei hevda at slike resolusjonar var selektive, politiserte og gav uttrykk for dobbeltmoral. Somme land hevda at slike resolusjonar høyrde heime i MR-rådet og ikkje i 3. komité. Sjølv om alle landresolusjonane (på éin nær) til slutt fekk fleirtal i komiteen, var det mange statar som avstod ved avrøystinga. Landresolusjonen om Usbekistan (framlagd av USA) var den einaste som ikkje blei vedteken, sidan det var fleirtal for ikkje å realitetshandsame resolusjonsutkastet.

I tillegg til den årvisse resolusjonen om det palestinske folket sin rett til sjølvstyre, la Cuba i år fram to resolusjonar om MR-situasjonen i Libanon etter dei israelske krigshandlingane. Etter forhandlingar med EU gjekk Libanon med på å leggje fram ein resolusjon med ei meir balansert tilnærming til situasjonen, slik at EU, Noreg og dei fleste vestlege land kunne avstå.

6.3 Urfolk

Etter meir enn 10 år med mellomstatlege forhandlingar blei Urfolkserklæringa vedteken av Menneskerettsrådet 29.6.06. Urfolkserklæringa blei deretter oversend 3. komité som del av rapporten frå MR-rådet til Generalforsamlinga. Det blei tidleg klart at 3. komité ikkje automatisk ville godkjenne tilrådinga frå MR-rådet og vedta Urfolkserklæringa. Australia, New Zealand og Canada har teke avstand frå erklæringa og arbeidd for å hindre eit vedtak i 3. komité. Også USA og Russland har vore negative til erklæringa. I fleire afrikanske land er urfolksspørsmålet politisk ømtolig. Namibia og Botswana fekk støtte i den afrikanske gruppa til å hindre at erklæringa blei vedteken i si noverande form. Namibia (på vegner av den afrikanske gruppa) la deretter fram eit endringsframlegg som innebar at handsaminga og vedtaket av erklæringa blei utsett for å «gje tid til ytterlegare konsultasjonar». Framlegget hadde naturleg nok støtte frå Canada, Australia og New Zealand. Også Russland støtta framlegget, medan USA avstod. I realiteten var dette eit forsøk på å gjenopne forhandlingane om sjølve erklæringa. Endringsframlegget frå Namibia blei vedteke med 82 røyster for, 67 mot medan 25 avstod. Noreg røysta, i samsvar med hovudframleggsstillaren Peru, mot endringsframlegget. I endringsframlegget frå Namibia heiter det seg rettnok at handsaminga skal avsluttast innan utgangen av den 61. generalforsamlinga, men dette synest urealistisk. Det er førebels uvisst på kva måte «ytterlegare konsultasjonar» om erklæringa kan finne stad. Då komiteen til slutt skulle røyste over den opphavlege resolusjonen frå Peru, trekte alle dei opphavlege medframleggsstillarane seg. I staden teikna 29 afrikanske land seg som nye medframleggsstillarar. Resolusjonen blei til slutt vedteken med endringane frå Namibia. Det er førebels uklart korleis dei afrikanske landa vil vidareføre prosessen med erklæringa. Støttespelarane til Urfolkserklæringa frå Europa (mellom desse Noreg), Sør- og Mellom-Amerika ønskjer ikkje å gjenopne teksten for ytterlegare forhandlingar som kan vare i fleire år utan at ein oppnår eit tilsvarande kompromiss. Noreg og dei andre støttespelarane til erklæringa har hatt nære konsultasjonar med urfolksorganisasjonar ved FN for å sikre deira støtte til det vidare arbeidet for å vedta Urfolkserklæringa.

6.4 Kvinner

Rapporten om vald mot kvinner blei gjenstand for stor merksemd under debatten. Debatten handla i stor grad om kommentarar til rapporten om vald mot kvinner, og om uro for omfanget av valden og dei samfunnsmessige konsekvensane av han. I tillegg var det mange land som tok opp FN-reform og behovet for ein styrkt og samordna innsats for kvinner i FN-systemet. Andre gjennomgangstema var tryggingsrådsresolusjon 1325 (2000) om kvinner, fred og tryggleik, reproduktiv helse og kvinnene sin medverknad i avgjerdsprosessar. Fleire land omtalte dei tiltaka Noreg har sett i verk når det gjeld krav til kjønnsrepresentasjon i styre og kvinnene sin medverknad i fredsprosessar. Det norske innlegget fokuserte på behovet for ei betre integrering av kjønnsperspektiv i FN sett under eitt og FN-reform som eit høve ein ikkje måtte la gå frå seg til å få styrkt røysta for kvinnenes rettar både sentralt og på landnivå. Elles blei den styrkte prioriteringa og ressurstildelinga Noreg har gjeve kvinner og likestilling i utviklingssamarbeidet i budsjettet, presentert, og dessutan engasjementet når det gjeld Verdsbankens handlingsplan , Gender as Smart Economics. Tryggingsrådsresolusjon 1325 (2000) og behovet for å integrere eit kjønnsperspektiv i den nye Fredsbyggingskommisjonen blei teke opp, og Noreg forplikta seg til å vere målberar for dette. Det blei òg vist til at Noreg vil følgje ein trespora strategi framover: å systematisk straumlinjeforme kjønnsperspektivet på alle nivå og område, setje i verk spesielle tiltak for å fremje likestilling mellom kvinner og arbeide for jamn kjønnsrepresentasjon i både tenesta og delegasjonar. Noreg kommenterte òg rapporten om vald mot kvinner.

Resolusjonen om vald mot kvinner blei vedteken med konsensus etter omfattande uformelle konsultasjonar. Utgangspunktet var studien som blei presentert under generalforsamlinga. Andre resolusjonar under dette punktet på dagsordenen var handel med kvinner og oppfølging av handlingsplanen frå Beijing.

6.5 Barn

Studien frå generalsekretæren om vald mot barn stod i fokus for FN-arbeidet for barns rettar under årets haustsesjon. Studien blei lagd fram under ei høgtideleg markering i 3. komité. Kronprins Haakon Magnus deltok som heidersgjest og heldt eit innlegg på vegner av Noreg. I innlegget blei det lagt vekt på at det er mogeleg å hindre vald mot barn, og at vi alle har eit ansvar for å hindre slike overgrep. Kronprinsen deltok dessutan på ein rundebordskonferanse med representantar for barneorganisasjonar der han framheva dei positive erfaringane Noreg har hatt med eit eige barneombod. Mellom dei medlemsstatane der det ikkje er forbode å straffe barn fysisk, blei rapporten frå Generalsekretæren til dels møtt med skepsis. I resolusjonen som blei vedteken, blir den uavhengige eksperten for studien mot vald invitert til i samarbeid med alle relevante FN-organisasjonar og -fond å arbeide for ein brei distribusjon av studien og å bidra til ei integrert tilnærming for å førebyggje og reagere på alle former for vald mot barn. Til generalforsamlinga neste år skal det rapporterast om framgangen i den første fasen av iverksetjinga av studien og presenterast framlegg til ein oppfølgingsstrategi for det vidare arbeidet. Den årlege resolusjonen om barns rettar var gjenstand for harde forhandlingar mellom EU på den eine sida og latinamerikanske og karibiske land på den andre. Til slutt blei det semje om å stryke formuleringa om å avvikle fysisk straff i skulen. Dette markerer eit lite tilbakesteg samanlikna med fjorårets resolusjon, men samla sett inneheld årets resolusjon fleire nye, positive element mellom anna frå studien om vald mot barn.

6.6 UNHCR

Høgkommissæren for flyktningar la i innlegget sitt vekt på dei aukande utfordringane organisasjonen står overfor: intoleranse, asyl og gapet mellom humanitær bistand og utvikling. Han formidla aksept for behovet for ei omorganisering av UNHCR. Mange medlemsland i tillegg til Høgkommissæren understreka behovet for å verne internflyktningar. Behovet for å revitalisere UNHCR var ein gjengangar i debatten. Frå norsk side var dette ei hovudsak. I tillegg blei kvinneperspektivet og vern av internflyktningar løfta fram.

I forhandlingane om den nordiske resolusjonen om UNHCR var det vanskeleg å bli samde om omtalen av internflyktningar. Det blei likevel oppnådd støtte for ein resolusjon der det er aksept for behovet for vern av stadig fleire internflyktningar under det mandatet som gjeld for organisasjonen. Resolusjonen om flyktningar i Afrika blei òg vedteken med konsensus. Endeleg blei det vedteke å utvide eksekutivkomiteen i UNHCR med Costa Rica og Estland.

Til forsida