St.meld. nr. 25 (2006-2007)

Om Noregs deltaking i den 61. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 60. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

7 Avkolonisering og fredstryggjande operasjonar (4. komité)

7.1 Vest-Sahara

Resolusjonen om Vest-Sahara blei vedteken med konsensus under den 60. generalforsamlinga etter å ha blitt vedteken ved votering under den 59. sesjonen. Denne gongen kom likevel ikkje Marokko og Algerie fram til ein tekst som kunne bli vedteken med konsensus. Marokko ønskte mellom anna å inkludere tekst frå NAM-toppmøtet hausten 2005 og tekst om den autonomiplanen landet sjølv har for Vest-Sahara. Dette kunne likevel ikkje Algerie godta. Difor la Algerie fram ein tekst som var identisk med konsensusteksten frå 2005. Denne blei vedteken med 76 røyster for og 72 avståingar.

I tida som følgde, fram mot plenumshandsaminga av dagsordenspunktet, dreiv Marokko ein hard kampanje for å få medlemsland til å endre røystemønster ved å avstå. Samtidig dreiv Algerie ein tilsvarande kampanje for å sanke auka støtte til resolusjonen. Under voteringa i plenum røysta 70 for medan 91 land avstod. Dermed lukkast Marokko i å undergrave resolusjonen ytterlegare.

7.2 Midtausten

Handsaminga av Midtausten følgde dei same spora som ved tidlegare generalforsamlingar. Det var små eller ingen endringar i røystemønsteret frå tidlegare år. I innlegga og debatten var det ei gjennomgåande uro for den humanitære og politiske situasjonen i dei palestinske områda. Som tidlegare hadde Spesialkomiteen for undersøking av israelsk praksis i dei okkuperte områda ikkje fått tilgang til dei palestinske områda og baserte difor rapporten sin på intervju med palestinarar i dei omkringliggjande landa. Komiteen heldt fast ved tilrådingane sine frå tidlegare år, med eitt unntak: Ei tilråding om at Tryggingsrådet vurderer sanksjonar mot Israel dersom landet ikkje overheld dei internasjonale forpliktingane sine.

Resolusjonane under desse dagsordenspunkta blir tradisjonelt forhandla fram mellom palestinarane og EU utan at dei andre medlemslanda deltek. Ein kom fram til løysingar som begge partar kunne akseptere. I det som følgde var røystemønsteret i store trekk identisk med tidlegare år.

Noreg la i debatten vekt på at der det eitt år tidlegare hadde vore ein viss optimisme å spore i kjølvatnet av den israelske tilbaketrekkinga frå Gaza, var ein attende til ein situasjon der det ikkje fanst nokon politisk prosess og der den humanitære situasjonen har nådd nye lågmål.

7.3 Fredsbevarande operasjonar

Auken dei siste åra i talet på personell i operasjonane, parallelt med at mandata er blitt meir komplekse, utgjer ein omfattande belastning på FN-ressursane. Dei utfordringane som følgjer av dette, var ein viktig del av bakteppet for årets debatt i 4. komité. Per januar 2007 leier FNs avdeling for fredsoperasjonar 18 operasjonar – tre av desse er politiske. Talet på uniformert personell (militære og politi) i dei 15 operasjonane er ca. 80.000. I tillegg kjem ca. 15.000 sivile. Budsjettet er på over seks milliardar amerikanske dollar, nesten tre gonger så stort som det regulære FN-budsjettet. Dette speglar at fredsoperasjonane er ein kjerneaktivitet for FN.

Visegeneralsekretær Jean-Marie Guéhenno trekte i årets generaldebatt fram arbeidet med å hindre seksuelt misbruk og overgrep frå FN-personell overfor sivile i operasjonsområda. Vidare uttrykte han uro over auken i falne FN-militære og -politi. I 2005 døydde heile 32 personar som følgje av direkte åtak på FN-styrkane. Det strategiske fokuset er framleis på utviklinga av såkalla integrerte operasjonar, og Guéhenno viste til den klare samanhengen mellom tryggleik og utvikling. Etableringa av ein overordna fredsbyggingskommisjon blei sett på som eit viktig steg i rett retning for å samordne FN-ressursane betre. Guéhenno viste òg til at arbeidet med å forbetre kommando- og kontrollapparatet og å etablere ein feltetterretningskapasitet framleis var prioriterte oppgåver for FN.

Meir enn 110 land deltek no med personell i FN-operasjonar. Mange av desse medlemslanda trekte i sine innlegg fram at det var viktig å styrkje den strategiske plankapasiteten til FN og å straumlinjeforme kommando- og kontrollapparatet. I tillegg blei tiltak for å betre tryggleiken til FN-personellet etterlyst.

Det norske innlegget viste til intensjonen frå Regjeringa om å auke Noreg si rolle i FN-leidde fredsoperasjonar, særleg i Afrika. Ein måtte sjå deltakinga i UNIFILs sjømilitære element som ein del av det fornya engasjementet for FN-leidd fredsoperativ innsats. For å møte behovet for å styrkje den militære planleggingskapasiteten ved FN-hovudkvarteret blei det lansert fleire framlegg, medrekna høvet til å sende personell til FN og å opprette betre kontakt med regionale militære strukturar. Desse kan ved behov støtte det militære planleggingsarbeidet i FN. Innlegget roste det arbeidet FN har gjort for å fremje integrerte operasjonar og viste til at Noreg ville følgje opp med nye initiativ for å støtte konseptutviklingsarbeidet i organisasjonen på dette området.

Til forsida