St.meld. nr. 25 (2006-2007)

Om Noregs deltaking i den 61. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 60. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

8 Administrative og budsjettmessige spørsmål (5. komité)

8.1 FNs regulære budsjett for perioden 2007–2008

Budsjettet blir drøfta i ein toårssyklus, og vil komme opp som hovudtema ved neste generalforsamling.

Bidragsskalaen

På den siste dagen i årets sesjon vedtok komiteen å vidareføre den eksisterande skalaen for utlikning av medlemslanda sine bidrag til det regulære budsjettet. I forhandlingane blei EU isolert, delvis som ein konsekvens av at G-77 stod samla gjennom forhandlingane. Dei store utviklingslanda tok ansvar i gruppa, og har uformelt teke på seg å betale noko meir slik at små utviklingsland som får ein stor auke i sine bidrag, vil kunne fase desse inn over dei neste tre åra. Russland har òg teke på seg ei noko høgare økonomisk bør ved å betale 1,2 % i staden for sin utlikna del på under 1 %. USA var nøgd med utfallet då «taket» på 22 % blei ståande. Også Japan kan leve med ei vidareføring då bidraget deira i alle tilfelle vil bli redusert, sidan bidragsskalaen er basert på medlemslanda sitt BNP.

Noregs bidrag til FNs regulære budsjett vil gå opp frå 0,646 % til 0,782 %.

8.2 Finansiering av FNs krigsforbrytardomstolar

Generalforsamlinga vedtok budsjett for krigsforbrytardomstolane på om lag USD 277 mill. for Rwanda og USD 326 mill. for det tidlegare Jugoslavia.

8.3 Finansiering av FNs fredsbevarande operasjonar

Finansieringa av FNs fredsbevarande operasjonar skjer i utgangspunktet på eittårig basis med eit budsjettår som går frå 1. juli til 30. juni. Budsjettvedtaka for desse operasjonane blir hovudsakleg trefte av Generalforsamlinga i juni kvart år. Likevel er det òg naudsynt å handsame budsjettframlegg for ulike fredsbevarande operasjonar for å kunne operasjonalisere vedtak om fornying som Tryggingsrådet har treft.

Under haustens sesjon vedtok Generalforsamlinga budsjett for fredsbevarande operasjonar i Burundi, Elfenbeinskysten, Etiopia og Eritrea, Libanon og Aust-Timor.

Med desse vedtaka ligg per 31. desember 2006 det totale budsjettnivået for dei 13 aktive fredsbevarande FN-operasjonane på rundt USD 5,2 mrd. for 2006/2007. Desse budsjetta vil hovudsakleg bli finansierte gjennom pliktige bidrag frå medlemslanda. Noregs del er på 0,782 %.

8.4 FNs finansielle situasjon

FNs finansielle situasjon er framleis prega av sesongprega likviditetsproblem på grunn av sein og manglande innbetaling frå medlemslanda. Ved årsskiftet var gjelda til medlemslanda om lag USD 410 mill. lågare enn ved årsskiftet i 2005. Ved utgangen av 2006 var den samla gjelda til medlemslanda på USD 2,346 mrd. Av dette var USD 362 mill. til det regulære budsjettet, USD 1,9 mrd. til FNs fredsbevarande operasjonar, USD 51 mill. til krigsforbrytardomstolane og USD 33,5 mill. til oppgradering av bygningsmassen i FN. USA er den største skuldnaren med USD 1,008 mrd i gjeld ved utgangen av 2006. Av dette var USD 291,4 mill. til det regulære budsjettet, USD 677,4 mill. til FNs fredsbevarande operasjonar og USD 36,6 mill. til krigsforbrytardomstolane. Også andre bidragsytarar var bokførte som skuldnarar. Nest største skuldnar til fredsbevarande operasjonar ved årsskiftet var Japan med USD 572,1 mill. Nest største skuldnar til det regulære budsjettet ved årskiftet var Brasil med USD 22,6 mill.

8.5 Reformspørsmål

Reformarbeidet i komiteen i haust har vore vanskeleg og sterkt prega av dei store motsetnadane frå budsjettkrisa i fjor og voteringa i sommar over resolusjonen om administrativ reform. Medan EU og USA har ønskt å halde fram med arbeidet med reformresolusjonane, har G-77 vore skeptisk og heller gjort geografisk representasjon av utviklingsland i FN-sekretariatet til hovudsak. Japan på si side har vore tilbakehaldande når det gjeld ressursbruk og har difor gjort det endå vanskelegare å føre reformprosessen framover. I praksis har dette resultert i at den reelle handsaminga av fleire store reformspørsmål er blitt utsett til den sesjonen som blir teken opp att til våren.

Personalpolitikken

Reform av personellforvaltningssystemet var eitt av hovudtemaa i haustens sesjon. Arbeidet har vore prega av det vanskelege klimaet i komiteen. I praksis har dette resultert i at den reelle handsaminga av dette spørsmålet er blitt utsett til den sesjonen som blir teken opp att til våren.

Sjølv om ein ikkje har oppnådd den framdrifta ein ønskte på personellreformområdet, må det likevel kunne sjåast som positivt at sekretariatet vil kunne halde fram med å utarbeide fleire av dei sentrale framlegga i rapporten frå generalsekretæren, då særleg dei framlegga som omfattar mobilitet, utarbeiding av ein kontrakt for alle FN-tilsette og framlegget om ein permanent styrke på 2500 sivile, profesjonelle fredsbevararar.

Reform av FNs innkjøpsordning

Det har vore ein sterk auke i innkjøpa til FN dei siste åra, særleg knytt til FNs fredsbevarande operasjonar. Etter at det blei oppdaga korrupsjon og dårlege rutinar innan FNs innkjøpsdivisjon (Procurement Division), har det blitt utarbeidd ein rapport frå Generalsekretæren som fokuserer på auka internkontroll og på å optimere og styrkje FNs strategiske leiing innan innkjøpsordninga. Forhandlingane om reform av innkjøpsordninga har vore prega av ein sprik i medlemslanda si forståing av problemstillinga. Ein overarbeidd Procurement Division spurde i første rekkje etter ressursar for å kunne gjennomføre den reformprosessen dei er i startfasen av. Dette blei møtt med skepsis frå G-77 som har oppfatta dette som ei omgåing av den reformpakken Generalforsamlinga hadde spurt etter. Vidare skapte det snevre fokuset G-77 hadde på behovet for å auke talet på leverandørar frå utviklingsland innanfor FN-systemet, mykje misnøye mellom andre land som ikkje ser dette som ein del av reformprosessen og meiner at innkjøpsordninga ikkje skal nyttast til «bistandsarbeid». Basert på ei forståing av at det er eit reelt behov for ressursar for å effektivisere innkjøpsordninga, har ein komme fram til ei løysing som gjev Procurement Division dei etterlengta ressursane, men som samtidig tek noko omsyn til krava frå G-77 om å betre sjansane for leverandørar frå utviklingsland. Ei rekkje rapportar er venta til våren, og komiteen vil då halde fram med å handsame dette viktige området.

8.6 Tilsyn og kontroll

Reform av FNs tilsyns- og kontrollstruktur er ein del av oppfølginga av høgnivåmøtet i 2005. Ved årets generalforsamling hadde ein teke sikte på ei brei evaluering av det eksisterande tilsyns- og kontrollsystemet i FN. Temaet er vanskeleg med stort sprik i posisjonane til medlemslanda, og då punktet blei lagt fram for komiteen svært seint i sesjonen, hadde ein lite høve til å handsame temaet i detalj. Det blei vedteke å etablere eit rammeverk for den vidare prosessen. Ein tek sikte på å handsame tilsyns- og kontrollproblematikken i større detalj i den sesjonen som blir teken opp att til våren.

Revisorrådets rapportar

Revisorrådets rapportar blei lagde fram og tilrådingane vedtekne i tråd med kommentarane frå den rådgjevande komiteen for administrative og budsjettmessige spørsmål.

Revisjonsstandardar

Arbeidet med å innføre internasjonale godkjende revisjonsstandardar (International Public Sector Accounting Standards/IPSAS) i FN-systemet held fram. Etter planen skal desse standardane vere på plass i heile FN-systemet innan 2010.

8.7 Andre spørsmål

Capital Master Plan

Det er vedteke å renovere den 54 år gamle FN-bygningen (Capital Master Plan). Oppussinga vil byrje i 2008, og eit nytt FN-bygg skal etter planen kunne takast i bruk i 2014. Prosjektet har eit eige budsjett.

ERP

Arbeidet med å analysere kva krav FN skal stille til eit nytt ERP-system (Enterprise Resource Planning) for å modernisere og integrere IT-prosessane i FN når det gjeld rekruttering, innkjøp og budsjettadministrasjon, er i gang. Punktet er venta å komme opp til handsaming til våren.

Til forsida