St.meld. nr. 3 (2006-2007)

Statsrekneskapen for 2006

Til innhaldsliste

2 Departementsvis omtale

Nedanfor er det gitt ein kort omtale av dei enkelte departementa og statsbankane. Oversikten viser utviklinga på utgiftsområda dei seinare åra. Under kvart programområde blir rekneskapen for 2004, 2005 og 2006 vist saman med nysaldert budsjett for 2006.

Rekneskapen blir i utgangspunktet gjort opp på kapittel- og postnivå. Dei rekneskapsmessige overføringane frå eit år til det neste blir avgjorde på postnivå. Unytta beløp kan overførast på postar merka «kan overførast», mens ein for vanlege driftspostar berre kan overføre inntil fem prosent av løyvinga. Eit programområde inneheld mange postar, og summen av overførde beløp vil difor ikkje vere den same som summen av unytta utgifter sett i forhold til løyvinga på programområdet under eitt.

Som følgje av avrundingar vil det kunne vere avvik mellom sumtalet i tabellen og summen av dei enkelte tala ovafor. Det er lagt til grunn at sumtalet skal vere i tråd med rekneskapstalet for departementet under eitt.

2.1 Konstitusjonelle institusjonar

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2004Rekneskap 2005Budsjett 2006Rekneskap 2006
00.10Det kongelege hus133,8133,2145,8145,8
00.30Regjeringa202,7236,8227,9231,8
00.40Stortinget og underliggande institusjonar1 222,51 188,51 173,71 167,8
Sum utgifter1 559,01 558,41 547,41 545,4

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei mindreutgift på 2,0 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 12,5 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 14,5 mill. kroner. Det er overført 41,7 mill. kroner mindre frå 2006 til 2007 enn frå 2005 til 2006. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 56,2 mill. kroner.

Mindreforbruket på programkategori 00.40 Stortinget og underliggjande institusjonar heng saman med at driftsutgiftene til Stortinget blei mindre enn føresett, mellom anna kostnader til reiser og forbruksmateriell. Eit planlagt monument i Drøbaksundet blei ikkje realisert, og ein del investeringar måtte utsetjast på grunn av eit etterslep av byggearbeid frå førre året som måtte sluttførast. Planlagt kjøp av to til tre nye tenestebustader blei også utsett i påvente av ei planlagt utskifting av ein større del av bustadmassen i 2008 – 2009.

Trenden i rekneskapen

Frå 2004 til 2006 har utgiftene på programkategori 00.10 Det kongelege hus auka med 9,0 prosent frå 133,8 mill. kroner til 145,8 mill. kroner. Utgiftene under programkategori 00.30 Regjeringa viste ein auke frå 2004 til 2005 og ein liten reduksjon frå 2005 til 2006. Endringane heng særleg saman med etterlønn og andre utgifter knytt til regjeringsskiftet i oktober 2005.

Trenden i rekneskapen for kategori 00.40 Stortinget og underliggjande institusjonar viser at dei store investeringane i bygningar no på det næraste er sluttførte. År 2006 står fram som eit normalt driftsår, men med noko større investeringar enn vanleg.

2.2 Utanriksdepartementet

Utanriksdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 02 Utanriksforvalting (driftsutgifter for utanrikstenesta utanom administrasjon av utviklingshjelpa, presse- og kulturtiltak og norske medlemskontingentar til internasjonale organisasjonar) og programområde 03 Internasjonal hjelp (den offisielle utviklingshjelpa (ODA), støtte til Sentral- og Aust-Europa og internasjonale miljøtiltak).

Programområde 02 Utanriksføremål(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2004Rekneskap 2005Budsjett 2006Rekneskap 2006
02.00Administrasjon av utanrikstenesta1 381,61 509,21 497,61 582,8
02.10Utanriksføremål956,21 180,51 194,21 014,8
Sum utgifter2 337,72 689,72 691,72 597,6

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei mindreutgift på 94,1 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 75,1 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 169,2 mill. kroner. Det er overført 131,7 mill. kroner meir frå 2006 til 2007 enn frå 2005 til 2006. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 37,6 mill. kroner.

Avviket mellom disponibel løyving og rekneskap i 2006 var i hovudsak knytt til finansieringsordninga under EØS-avtala.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2004 til 2006 har utgiftene gått opp med om lag 11 prosent, frå 2 337,7 mill. kroner til 2 597,6 mill. kroner.

Programområde 03 Internasjonal bistand(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2004Rekneskap 2005Budsjett 2006Rekneskap 2006
03.00Administrasjon av utviklingshjelpa734,6776,5914,0937,0
03.10Bilateral bistand2 683,52 933,53 353,13 351,7
03.20Globale ordningar6 353,58 352,77 918,28 036,8
03.30Multilateral bistand5 268,35 919,66 537,96 430,8
SumOffisiell utviklingshjelp (ODA)15 040,017 982,318 723,118 756,3
03.50Anna bistand279,2259,9258,7286,8
Sum utgifter15 319,318 242,218 981,819 043,0

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei meirutgift på 61,2 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 12,9 mill. kroner, viser programområdet ei meirutgift på 48,3 mill. kroner. Det er overført 45,5 mill. kroner mindre frå 2006 til 2007 enn frå 2005 til 2006. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette viser programområdet samla sett ei meirutgift på 2,8 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

Auken i driftsutgifter frå 2005 til 2006 under programkategori 00.30 Administrasjon av utviklingshjelpa heng saman med ein auka bistandsinnsats som krev ei styrking av forvaltingsressursane. Mellom anna gjeld dette Noreg sitt nærvær i Sudan.

I 2006 blei det betalt ut 18 756,3 mill. kroner i offisiell utviklingshjelp. Den nominelle auken frå 2004 til 2006 var på 3 716,3 mill. kroner eller om lag 24,7 prosent.

Auka internasjonal bistand

Den utbetalte ODA-godkjende utviklingshjelpa i 2006 utgjorde 0,88 prosent av forventa bruttonasjonalinntekt (BNI). Vedtatt budsjett for 2006 var basert på ei ramme tilsvarande 0,96 prosent av BNI, jf. Budsjett. innst. S. nr. 3 (2005 – 2006).

Oversikta nedanfor viser utbetalingar av offisiell utviklingshjelp (nominelle tal) i perioden 2004 – 2006 i prosent av BNI og ubrukt løyving overført til neste budsjettermin:

ÅrUtbetalt i kronerUtbetalt i prosent av BNIUbrukt løyving overført til neste terminOverført i prosent av budsjett
200415 0400,86108 mill. kroner0,7 prosent
2005*17 9820,93346 mill. kroner1,9 prosent
2006*18 7560,88275 mill. kroner1,5 prosent

* BNI-andel berekna på grunnlag av foreløpige nasjonalrekneskapstal

Anna hjelp (ikkje-ODA-godkjent)

Programområdet omfattar tiltak i Sentral- og Aust-Europa (med unntak for Balkan som inngår i utviklingshjelpa), fred- og demokratitiltak og internasjonale klima- og miljøtiltak. I 2006 blei det samla utbetalt 286,8 mill. kroner. Dette var ein auke på om lag 10 prosent i høve til 2005. Av dette var om lag 254,4 mill. kroner utbetalingar til atomtryggingstiltak, prosjektsamarbeidet med Russland/SUS og handlingsplanen for søkjarlanda til EU. Vidare blei det utbetalt om lag 5,2 mill. kroner til fred- og demokratitiltak og 27 mill. kroner til internasjonale tiltak på miljø- og klimaområdet.

2.3 Kunnskapsdepartementet

Programområde 07 Kunnskapsdepartementet(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2004Rekneskap 2005Budsjett 2006Rekneskap 2006
07.10Administrasjon348,5214,3233,1239,7
07.20Grunnopplæring og barnehagar1)12 548,717 363,121 445,221 445,8
07.40Andre tiltak i utdanninga2)2 634,4101,6
07.50Tiltak for å fremje kompetanseutvikling3)1 122,51 099,1824,0824,0
07.60Høgare utdanning og fagskoleutdanning18 704,619 270,420 307,420 333,3
07.70Forsking4 170,06 062,517 294,317 295,7
07.80Utdanningsfinansiering24 626,025 896,426 451,126 065,1
Sum utgifter64 154,870 007,586 555,186 203,6

1) For 2004 og 2005 er tal for barnehagar flytta frå kategori 11.20.

2) Løyving til særlege IKT- tiltak er i 2006 flytta frå 07.40 Andre tiltak i utdanninga til 07.20 Grunnopplæring.

3) Løyving til fagskuler er i 2006 flytta frå kategori 07.50 til 07.60

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei mindreutgift på 351,5 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 49,9 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 401,3 mill. kroner. Det er overført 54,7 mill. kroner meir frå 2006 til 2007 enn frå 2005 til 2006. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 346,6 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

Dei samla løyvingane til barnehageformål og grunnopplæring har auka frå 2004 til 2006. På barnehageområdet har utgiftene auka frå 10 155 mill. kroner i 2004 til 15 594 mill. kroner i 2006, det vil seie ein nominell vekst på 54 prosent. Dei viktigaste årsakene til utgiftsauken er at stadig fleire barn går i barnehage, og at dei statlege driftstilskotta blei auka for å finansiere reduksjonen i maksimal foreldrebetaling frå 2 750 kroner til 2 250 kroner per månad frå 1. januar 2006. Barnehagane blir også handsama meir likt økonomisk, og staten dekkjer store delar av kostnadene ved etablering av nye barnehageplassar.

I perioden 2004 – 2006 har dei nominelle utgiftene til grunnopplæring på programområde 07.20 auka frå om lag 2,4 mrd. kroner til nesten 5,8 mrd kroner. 2,9 mrd. kroner av auken kjem av tekniske endringar. Løyvingane til kvalitetsutvikling i grunnskolen og vidaregåande opplæring i 2006 auka med om lag 215 mill. kroner frå 2005 til samla om lag 946 mill. kroner.

I samband med innføringa av Kunnskapsløftet har arbeidet med utvikling av læreplanar og kompetanseutvikling for lærarar og skoleleiarar vore høgt prioritert i 2006. Program for basiskompetanse blei òg innført i 2006. Kompetansepolitikken blei styrka i perioden 2004 til 2006. Nedgangen i programkategori 07.50 i tabellen har si orsak i rekneskapstekniske flyttingar av poster mellom kategoriane.

Kvalitetsreforma blei fullfinansiert med 1 144 mill. kroner i 2004, og er framleis ei prioritert oppgåve for universitet og høgskolar. Frå 2002 til 2006 er det til saman løyvd midlar til oppretting av i overkant av 1000 nye stipendiatstillingar over grunnbudsjetta til universitet og høgskolar. Utviklinga i løyvingane til forsking for perioden 2004 til 2006 viser at langsiktig, grunnleggjande forsking har vore prioritert. Den nominelle veksten i Kunnskaps-departementets forskingsløyvingar var i underkant av 700 mill. kroner i perioden 2004 – 2006, jf. NIFU STEPs statsbudsjettanalyse. Den kraftige veksten frå 2005 til 2006 over programkategori 07.70 har samanheng med at det er satt av 14 mrd. kroner til Fondet for forsking og nyskaping.

Dei siste åra har det òg blitt løyvd ekstra midlar til utdanningsfinansiering, i hovudsak som følgje av auka tal på støttemottakarar og mindre justeringar i støtteordningane.

2.4 Kultur- og kyrkjedepartementet

Programområde 08 Kultur- og kyrkjeføremål(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2004Rekneskap 2005Budsjett 2006Rekneskap 2006
08.10Administrasjon m.m.272,0533,1556,1549,2
08.20Kulturføremål3 688,23 990,84 071,84 128,8
08.30Film- og medieføremål761,7781,7837,9850,7
08.40Den norske kyrkja1 129,01 206,31 241,81 293,7
Sum utgifter5 850,86 512,06 707,66 822,5

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei meirutgift på 114,9 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 87,5 mill. kroner, viser programområdet ei meirutgift på 27,4 mill. kroner. Det er overført 33,9 mill. kroner mindre frå 2006 til 2007 enn frå 2005 til 2006. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 6,5 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2004 – 2006 har det vore ein nominell utgiftsvekst på 16,6 prosent, frå 5 850,8 mill. kroner i 2004 til 6 822,5 mill. kroner i 2006.

Auken i administrasjonsutgifter under kat. 08.10 frå 2004 til 2005 kom av at departementet tok over den samla forvaltinga av tilskott til frivillige organisasjonar, frivilligsentralar m.v. frå 2005. Utgiftene til kulturføremål under programkategori 08.20 var 4 128,8 mill. kroner i 2006. Dette er ein auke på 138 mill. kroner eller 3,5 prosent frå året før.

Utgiftene til film- og medieføremål under programkategori 08.30 auka med 69 mill. kroner til 850,7 mill. kroner. Løyvinga over kap. 335 var i 2006 304,4 mill. kroner. Av dette gjekk 252,6 mill. kroner til produksjonstilskott til aviser. Til filmproduksjon og andre filmføremål blei det i 2006 nytta i alt 353,5 mill. kroner. Av dette var 269 mill kroner tilskott til produksjon av film og andre audiovisuelle produksjonar.

Utgiftene under kategori 08.40 Den norske kyrkja var i 2006 på 1 293,7 mill. kroner. Dette er ein auke på 87,4 mill. kroner eller 7,2 prosent frå året før. Korrigert for meirinntekter er utgiftsauken noko større (om lag 10 mill. kroner) enn auken i løyvingane. Dette kjem av at byggjeprosjekta ved Nidaros domkyrkje som blei avslutta i 2006, i hovudsak blei finansierte av løyvingar overførte frå 2005.

Oppfølging av Kulturløftet

I Soria Moria-erklæringa er det lagt til grunn at det skal gjennomførast eit løft for kulturen og frivillig sektor gjennom målretta tiltak og ei generell styrking av føremåla kunst, kultur og frivillig innsats på statsbudsjettet. Målet for Kulturløftet er at ein prosent av utgiftene på statsbudsjettet skal gå til kulturføremål innan 2014.

Utgiftsauken i 2006 utanom programkategori 08.40 Den norske kyrkja er knytt til oppfølging av Kulturløftet. Auken er mellom anna fordelt på frivillige føremål, allmenne kulturføremål, museum, biletkunst, musikk, scenekunst, språk, litteratur, bibliotek, arkiv og film- og medieføremål. Områda med størst auke var Den Norske Opera, Ibsenmarkeringa, Nasjonalmuseet for kunst, Stavanger europeisk kulturhovudstad i 2008 og ny innkjøpsordning for sakprosa under Norsk kulturfond.

2.5 Justis- og politidepartementet

Programområde 06 Justissektoren(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2004Rekneskap 2005Budsjett 2006Rekneskap 2006
06.10Administrasjon218,1243,5241,7267,3
06.20Rettsvesen1 492,71 689,91 891,71 926,1
06.30Kriminalomsorg2 079,42 198,92 299,52 373,5
06.40Politi- og påtalemakt8 086,98 686,69 022,19 124,0
06.50Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap1 175,61 205,51 565,01 240,9
06.60Andre verksemder604,8683,8616,8635,7
06.70Fri rettshjelp, erstatningar, konfliktråd m.v.909,5949,1940,4958,6
06.80Svalbardbudsjettet90,7102,196,667,0
Sum utgifter14 657,815 759,416 673,716 593,1

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei mindreutgift på 80,5 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 495,4 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 575,9 mill. kroner. Det er overført 602,5 mill. kroner meir frå 2006 til 2007 enn frå 2005 til 2006. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette viser programområdet samla sett ei meirutgift på 26,6 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2004 – 2006 har det vore ein nominell utgiftsvekst på om lag 13,2 prosent frå 14 657,8 mill. kroner i 2004 til 16 593,1 mill. kroner i 2006.

Om lag 80 prosent av utgiftene på 06-området i 2006 gjaldt straffesakskjeda, det vil seie politiet, påtalemakta, rettsvesenet og kriminalomsorga. Hovudmåla i justissektoren for 2005 – 2006 har mellom anna vore tryggleik og redusert kriminalitet, god og effektiv konfliktløysing og -førebygging, rettstryggleik for enkeltpersonar og grupper og auka samfunnstryggleik.

I 2006 blei det løyvd om lag 360 mill. kroner til å starte det første utbyggingsområdet for eit nytt felles radiosamband for nødetatane. Avtala om utbygging er forseinka, og løyvingane blir overførte og nytta i 2007.

I 2006 blei det i løpet av året gitt ekstra løyvingar både til politiet, domstolane og kriminalomsorga. Dei ekstra løyvingane blei mellom anna nytta til meirutgifter i samband med behandling av NOKAS-saka og til etablering av nye fengselsplassar.

2.6 Kommunal- og regionaldepartementet

Programområde 13 Kommunal- og regionaldepartementet(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2004Rekneskap 2005Budsjett 2006Rekneskap 2006
13.10Administrasjon1)216,4262,0148,4144,7
13.50Regional- og distriktspolitikk1 866,52 451,22 914,02 901,1
13.70Overføringar gjennom inntektssystemet47 766,948 681,153 925,853 964,6
13.80Bustad, bustadmiljø og bygg2)15 284,816 098,816 705,416 393,8
Sum utgifter65 134,767 493,173 693,673 404,2

1) Programkategoriane 13.20, 13.21 og 13.40 er flytta til programområde 09 Arbeid og sosiale føremål.

2) Programkategori 13.90 er flytta til programkategori 13.80.

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei mindreutgift på 289,4 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 11,1 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 300,5 mill. kroner. Det er overført 615,7 mill. kroner mindre frå 2006 til 2007 enn frå 2005 til 2006. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 916,2 mill. kroner.

For programkategori 13.50 Regional- og distriktspolitikk viser rekneskapen eit mindreforbruk på 12,8 mill. kr samanlikna med budsjettet. Korrigert for overføringane frå 2005 er det eit mindreforbruk på utgiftspostane på 30,9 mill. kr. Dette har samanheng med prosjekt som går over fleire år. Mindreforbruket på 30,9 mill. kroner blir overført til 2007.

Auken på området dei siste åra er i hovudsak knytt til at det er innført eit tilskott til næringsretta utviklingstiltak og ei ordning med transportstøtte som kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift. Dei to ordningane utgjorde 292 mill. kroner i 2004, 949 mill. kroner i 2005 og 1 405 mill. kroner i 2006. I 2006 blei det brukt om lag 120 mill. kroner meir til regional- og distriktspolitikk i høve til 2005.

På programområde 13.70 Overføringar gjennom inntektssystemet til kommunar og fylkeskommunar er det ei meirutgift på 38,8 mill. kroner. Dette kjem av at det er gitt forskott på rammetilskott for 2007 til kommunar. Departementet har fullmakt til forskottsutbetalinga, jf. St.prp. nr. 1 (2005 – 2006) for Kommunal- og regionaldepartementet.

Under programkategori 13.70 var det frå 2005 til 2006 ein kraftig auke i overføringane gjennom inntektssystemet til kommunane og fylkeskommunane. Auken må sjåast i samanheng med Regjeringa si styrking av inntektene til kommunesektoren.

På programkategori 13.80 Bustad, bustadmiljø og bygg er det i 2006 ei mindreutgift på 311,6 mill. kroner i høve til budsjettet. Korrigert for refusjonar, meirinntekter og overføringane frå 2005 er det eit mindreforbruk på utgiftspostane med 2 395 mill. kr og ei meirinntekt på inntektspostane på 947 mill kr. 1 443 mill. kr av mindreforbruket blir overført til 2007. Dette er om lag 634 mill. kr lågare enn overføringa frå 2005 til 2006.

Av mindreutgifta er 1 454 mill. kr knytt til tilskott til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar, kap. 586 postane 60 og 63. På grunn av det store talet på bueiningar og stort press i byggjemarknaden, har det teke lengre tid å planleggje og gjere ferdig byggjeprosjekta enn det som blei lagt til grunn i budsjetteringa. Dette har òg ført til lågare utbetaling av tilskottet til kompensasjon for utgiftar til rente og avdrag.

2007 vil vere det siste året det blir utbetalt tilskott knytt til Handlingsplanen for eldreomsorga. Om lag 768 mill. kroner av mindreutgifta er knytt til Husbankens lånepost. Om lag halvparten av denne mindreutgifta kjem av at det berre har blitt utbetalt 61 mill. kroner av dei øyremerka lånemidla på 500 mill. kroner til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar i utlandet. Denne ordninga blei avvikla frå og med 2007-budsjettet. Mindreforbruket ut over dette har samanheng med ei uvanleg høg aktivitet i byggjemarknaden. Dette har ført til at det tar lenger tid å ferdigstille prosjekta, og at det har vore fleire fråfall enn rekna med.

2.7 Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvaret for tre budsjettområde: Programområde 09 Arbeids- og sosiale føremål, programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda og programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda.

Programområde 09 Arbeid og sosiale føremål(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2004Rekneskap 2005Budsjett 2006Rekneskap 2006
09.00Administrasjon99,5164,84 348,84 319,5
09.20Tiltak for betra levekår, førebygging av rusmiddelproblem m.v.707,7639,0510,2512,2
09.30Arbeidsmarknad7 816,27 703,06 350,96 409,7
09.40Arbeidsmiljø og tryggleik768,9699,1699,7719,3
09.50Integrering og mangfald1)6 084,45 758,84 137,24 110,4
09.60Kontantytingar2 237,92 279,52 570,02 541,9
09.70Nasjonale minoritetar2)77,93,38,85,0
09.80Samiske føremål3)144,6153,1172,3171,6
09.90Vern og innvandring1)1 484,91 495,7
Sum utgifter17 937,117 400,520 282,920 285,3

1) For 2004 og 2005 er tal flytta frå kategori 13.20.

2) For 2004 og 2005 er tal flytta frå kategori 13.21.

3) For 2004 og 2005 er tal flytta frå kategori 13.40.

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei meirutgift på 2,4 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 166,7 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 164,3 mill. kroner. Det er overført 127,1 mill. kroner meir frå 2006 til 2007 enn frå 2005 til 2006. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 37,1 mill. kroner.

Den nye Arbeids- og velferdsetaten blei oppretta frå 1. juli 2006. Løyvinga som ikkje blei nytta under kap. 630 Aetat og kap. 2600 Trygdeetaten blei ført opp under nytt kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten for andre halvåret.

Mindreutgifta på 37,1 mill. kroner har samanhang med at nokre aktivitetar under NAV-reforma har blitt forseinka, at andre aktivitetar har blitt billigare, og til dels med aktivitetar som har falt bort.

Arbeidsmarknaden

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Programkategorien viser ei meirutgift på om lag 59 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 43,5 mill. kroner, viser programkategorien ei meirutgift på 15,5 mill. kroner. Det er overført 31,6 mill. kroner mindre frå 2006 til 2007 enn frå 2005 til 2006. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette viser programomkategorien samla sett ei mindreutgift på 16,3 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

Dei samla utgiftene under programkategori 09.30 Arbeidsmarknad blei redusert frå 7,7 mrd. kroner i 2005 til 6,4 mrd. kroner i 2006. Reduksjonen heng i første rekkje saman med at løyvinga som ikkje blei nytta under kap. 630 Aetat blei ført opp under nytt kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten.

Arbeidsmiljø og tryggleik

Under programkategori 09.40 er det ein meirutgift på 19,6 mill. kroner. Tek ein omsyn til refusjonar, andre meirinntekter og overførte løyvingar frå 2005, vert det eit mindreforbruk på 53,7 mill. kroner. Det blir overført 16,6 mill. kr. til 2007, slik at mindreforbruket etter dette er 16,6 mill. kroner. Årsaka til mindreforbruket er mellom anna ei forskyving av utgiftene i samband med flytting av Arbeidstilsynet til Trondheim.

Trenden i rekneskapen

Frå 2004 har utgiftene på programkategorien minka med 6,45 prosent, frå 768,9 mill. kroner i 2004 til 719,3 mill. kroner i 2006. Dette kjem i hovudsak av at løyvinga til pionerdykkarane er redusert som følgje av dei fleste dykkarane som er godkjente for det, har fått kompensasjon.

Integrering og mangfald

Programkategori 09.50 Integrering og mangfald blei oppretta i 2006 i samband med St.prp. nr. 1, Tillegg nr. 1. Før det var området ein del av programkategori 13.20 Innvandring. Programkategori 09.50 Integrering og mangfald dekker mellom anna integreringstilskottet, tilskott til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar og drift av Integrerings- og mangfaldsdirektoratet. Det er her eit mindreforbruk på 26,8 mill. kroner. Korrigert for overførte løyvingar frå 2005 til 2006 og meirinntekter, er det eit mindreforbruk på 47,9 mill. kroner. Det blir overført 21,4 mill. kroner til 2007, slik at mindreforbruket etter dette er 26,6 mill. kroner.

Utgiftene på området heng mellom anna saman med talet på busette flyktningar. I 2004 busette kommunane 5533 personar, i 2005 4828 personar, og i 2006 4892 personar.

Nasjonale minoritetar

Innanfor programkategori 9.70 Nasjonale minoritetar er det eit mindreforbruk på 3,7 mill. kroner. I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2004 blei det løyvd 75 mill. kroner til Romanifolkets fond. Det blei i 2006 løyvd 3,7 mill. kroner i avkastning for 2005. Avkastninga av fondet vil bli forvalta av ein stiftelse. Arbeidet med å etablere ein stiftelse og å utarbeide vedtekter for fondet skjer i dialog med organisasjonane til romanifolket. Arbeidet har teke lang tid, og det er difor ikkje betalt ut avkastning frå fondet i 2006. Departementet tek sikte på at stiftinga og vedtektene for fondet skal vere på plass i løpet av 2007.

Vern og innvandring

Programkategori 09.90 Vern og innvandring dekkjer mellom anna drift av statlege mottak og drift av Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda. Det er eit meirforbruk på området på 10,8 mill. kroner før korrigeringar. Korrigert for refusjonar, meirinntekter og overføringar frå 2005 er det eit mindreforbruk på 98,7 mill. kroner i 2006. Det blir overført 78,6 mill. kroner til 2007, slik at mindreforbruket etter dette er 20,0 mill. kroner.

Utgiftene på området er særleg avhengig av talet på asylsøkjarar, talet på løyve/avslag, effektuering av avslag og busetjingstakta. I 2004 kom knapt 8 000 asylsøkjarar, i 2005 kom det om lag 5 400 asylsøkjarar, medan det i 2006 kom om lag 5 300 asylsøkjarar. Nedgangen ein såg for nokre år sida ser dermed ut til å ha stogga, og talet på asylsøkjarar har stabilisert seg på i overkant av 5 000. Når det gjeld søknad om opphaldsløyve har talet auka dei seinaste åra. I 2004 blei det mottatt 58 000 søknader om opphald, i 2005 blei det mottatt om lag 66 000, medan det i 2006 blei mottatt 78 000 søknader.

Programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2004Rekneskap 2005Budsjett 2006Rekneskap 2006
29.10Administrasjon5 174,25 433,22 850,33 029,2
29.50Inntektssikring ved sjukdom, uføre og rehabilitering78 113,677 858,783 701,083 034,7
29.60Kompensasjon for meirutgifter ved redusert funksjonsevne m.v.7 415,37 521,87 470,07 660,1
29.70Alderdom81 655,385 972,790 656,090 680,2
29.80Forsørgjartap m.v.6 498,76 591,36 535,06 500,7
29.90Diverse utgifter156,9257,1215,0149,5
Sum utgifter179 014,1183 634,8191 427,3191 054,6

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei mindreutgift på 372,7 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 185,5 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 558,2 mill. kroner. Det er overført 50,2 mill. kroner mindre frå 2006 til 2007 enn frå 2005 til 2006. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 608,4 mill. kroner.

Administrasjon

Den nye Arbeids- og velferdsetaten blei oppretta frå 1. juli 2006. Grunnen til nedgongen i budsjettet og rekneskapen frå 2005 til 2006 er at løyvinga som ikkje blei nytta under kap 2600 Trygdeetaten blei ført opp under nytt kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten for andre halvåret.

Sjukepengar

På bakgrunn av ei forventa auke i talet på sjukepengedagar, blei løyvinga til sjukepengar auka i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2006. På slutten av 2006 viste det seg at auken blei noko mindre enn tidlegare venta. Løyvinga blei derfor hausten 2006 justert ned til 27 236 mill. kroner. Rekneskapen for 2006 viser utgifter på 26 823 mill. kroner, altså ei mindreutgift på om lag 413 mill. kroner. Avviket har si orsak i at veksten i talet på sjukepengedagar blei noko lågare enn venta. Etter at folketrygda sine utgifter til sjukepengar har vakse kvart år frå 1995 til 2003, gjekk utgiftene ned i 2004 og 2005. I 2006 var det igjen ein vekst i utgiftene på 9,8 prosent samanlikna med 2005.

Talet på sjukepengedagar per sysselsett arbeidstakar som folketrygda har betalt for, auka frå 11,5 arbeidsdagar i 2005 til 12,1 arbeidsdagar i 2006. Om vi tek omsyn til at sjukemeldte med graderte sjukepengar arbeider delvis under sjukepengeperioden, blir talet 10,1 arbeidsdagar i 2006. Veksten kan forklarast med ein auke både i talet på sjukepengetilfelle og i lengda på sjukepengetilfella.

Talet på arbeidstakarar som har vore sjuke eitt år, og dermed har brukt opp sjukepengerettane sine, auka med 3,3 prosent frå 2005 til 2006. Endringa heng saman med at det etter ein periode med nedgang i sjukefråværet igjen kom ein oppgang frå hausten 2005.

Rehabiliteringspengar

Det blei løyvd 7 765 mill. kroner til rehabiliteringspengar i 2006 (kap. 2652, post 70). For 2006 viser rekneskapen ei mindreutgift på 126,3 mill. kroner i forhold til endeleg løyving for 2006. Avviket heng saman med to forhold. For det første blei dei gjennomsnittlege ytingane noko lågare enn venta. Frå 2005 til 2006 minka gjennomsnittleg yting per person med 1,3 prosent rekna i faste prisar, medan ein hadde gått ut frå ei auke. For det andre blei talet på personar som mottok ytingar noko lågare enn venta, mellom anna fordi tilstrøyminga frå ordninga for sjukepengar til rehabiliteringspengeordninga i 2006 blei lågare enn i 2005. I 2006 hadde ein til føresetnad ein middelbestand på 45 400 personar, medan det endelege talet viser ein middelbestand på 45 230 personar.

Folketrygda sine samla utgifter til rehabiliteringspengar (kap. 2652 post 70) blei i 2006 på 7 639 mill. kroner. Frå 2005 til 2006 gjekk utgiftene under posten ned med 176 mill. kroner.

Uføreytingar

Det blei løyvd 48 460 mill. kroner til uføreytingar i 2006 (kap. 2655). Rekneskapen for 2006 viser samla utgifter på 48 334 mill. kroner, altså ei mindreutgift på 126 mill. kroner. Årsaka til avviket er at dei gjennomsnittlege ytingane blei noko lågare enn venta. Frå 2005 til 2006 gjekk utgiftene til uføreytingar opp med 6,7 prosent, frå 45 298 til 48 334 mill. kroner. Dette kjem for det meste av at det har blitt fleire uførepensjonistar, og at grunnbeløpet i folketrygda har auka. Per 31. desember 2006 var det 327 818 mottakarar av uføreytingar. Det var ein auke på 8 000 personar frå 2005. Endringar i alderssamansetjinga i befolkninga kan forklåre det meste av auken. Det blir stadig fleire alderskull med stor uføretendens.

Frå 1. januar 2004 blei uførepensjonen delt i ein tidsavgrensa uførestønad og ein varig uførepensjon. Av dei som mottok uføreytingar, mottok 297 485 varig uførepensjon og 30 333 tidsavgrensa uførestønad. Av dei nye mottakarane av uføreytingar i 2006 fekk 42 prosent tidsavgrensa uførestønad.

Hjelpemiddel

I 2006 blei det løyvd 2 435 mill. kroner til hjelpemiddel til betring av funksjonsevna (kap 2661, post 75) Frå 2005 til 2006 auka utgiftene til hjelpemiddel med 3,3 prosent, frå 2 489 til 2 572 mill. kroner. Meirforbruket i 2006 på 137 mill. kroner kom av ein uventa sterk utgiftsauke mot slutten av året.

For enkelte grupper hjelpemiddel har det vore ein svært kraftig utgiftsauke. Dette gjeld spesielt utgifter til elektrisk og manuell rullestol, andre rørslehjelpemiddel og treningshjelpemiddel. Utgifter til datautstyr viser ein nedgang. Andre grupper hjelpemiddel har meir stabile utgifter.

Alderspensjon

Det blei løyvd 90 656 mill. kroner kap 2670 Alderdom for 2006. Rekneskapen viser at utgiftene blei 90 680 mill. kroner, ein meirutgift på om lag 24 mill. kroner, eller 0,03 prosent.

Det var 634 216 alderspensjonistar ved utgangen av 2006, om lag 4 900 fleire enn i slutten av 2005. Det er venta ein moderat auke fram mot 2008, og deretter ein sterk auke. Utgiftene for 2006 var 90 680 mill. kroner, ein auke på 4 708 mill. kroner eller 5,5 prosent frå året før.

Ved utgangen av 2006 mottok 29,0 prosent av alderspensjonistane særtillegg (minstepensjon). Det var ein nedgang med 1,5 prosenteiningar frå 2004. 71,0 prosent hadde høgare pensjon enn minstepensjon.

Gjennomsnittleg alderspensjon aukar. Hovudårsaka er at dei nye pensjonistane har fleire oppteningsår enn dei som døyr, mellom anna fordi dei nye kvinnelege alderspensjonistane har stadig høgare yrkesdeltaking. Dei fire siste åra har den gjennomsnittlege pensjonen òg auka på grunn av auka grunnpensjon for pensjonistektepar. Dei nye alderspensjonistane i 2007 er dei første som vil kunne ha full opptening i folketrygda (40 år).

Underhaldsbidrag til barn og ektefelle

Den samla uteståande bidragsgjelda utgjorde 3 165 mill. kroner ved utgangen av 2006. Inkludert i talet er òg saker der dei bidragspliktige er busette i utlandet (593 mill. kroner). Tilsvarande tal ved utgangen av 2005 var 3 161 mill. kroner, der bidragspliktige busette i utlandet skyldte 580 mill. kroner.

Samla blei det kravd inn 2 303 mill. kroner i 2006. Dette er ein reduksjon på 71 mill. kroner nominelt eller 3 prosent frå 2005. Reduksjonen kjem av at mange har valt å gå over til private avtaler med privat oppgjer etter innføringa av nye bidragsregler frå oktober 2003. Resultatet er ei saksmasse der bidragspliktige med lita eller inga betalingsevne utgjer ein større del enn før.

Forskottering av underhaldsbidrag

Statens forskottering av bidrag utgjorde brutto 1 120 mill. kroner i 2006. I dei tilfella der det fastsette bidraget er mindre enn forskottsbeløpet skal ikkje differansen krevjast inn. Beløpet blir kalla ‘løyvd forskott’ og skal førast som utgift. Løyvd forskott utgjorde 596 mill. kroner, slik at det i 2006 kunne krevjast inn 524 mill. kroner. Beløpet er dekt ved at dei bidragspliktige betalte inn 525 mill. kroner.

Vurdering av innanlandsgjelda til innkrevjing ved Arbeids- og velferdsetaten sin innkrevjingssentral

Sosial- og helsedepartementet gav 9. januar 2001 heimel til å avskrive bidragskrav i rekneskapen. Forskrifta er nytta frå og med rekneskapsåret 2001. Ved utgangen av 2006 er 389 mill. kroner avskrive etter denne forskrifta. Samla uteståande krav innanlands med unntak av krav som ikkje kan drivast inn, er 2 194 mill. kroner. Av dette blir 757 mill. kroner (34,5 prosent) klassifisert som gode fordringar, 897 mill. kroner (40,9 prosent) som usikre og 539 mill. kroner (24,6 prosent) som forventa tap.

Bidragspliktige busett i utlandet

Det er styresmaktane i kvart einskild land som krev inn når bidragspliktige bur i utlandet. Arbeids- og velferdsetaten er såleis avhengig av dei avtalene som er inngått, og av samarbeid frå kvart einskild land. Samla uteståande fordringar var 593 mill. kroner, ein reduksjon på 3 mill. kroner sett i forhold til 2005. Av dette gjeld 216 mill. kroner bidragspliktige i Norden. Sverige åleine står for 131 mill. kroner.

Det blei til saman innbetalt 67 mill. kroner, det same beløpet som i 2005. I Norden blei det innbetalt 37 mill. kroner. I forhold til 2005 er dekningsprosenten samla gått ned frå 73,6 prosent til 72 prosent.

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2004Rekneskap 2005Budsjett 2006Rekneskap 2006
33.10Stønad under arbeidsløyse til fiskarar og fangstmenn44,031,838,031,5
33.30Arbeidsliv under folketrygda22 381,122 146,318 918,018 585,1
Sum22 425,122 178,118 956,018 616,6

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Programområdet viser ei mindreutgift på 339,4 mill. kroner.

Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.v.

Avviket mellom budsjett og rekneskap viser eit mindreforbruk på 32,3 mill. kroner under kap. 2542.

Lønnskrav ved konkurs har frå 2004 til 2006 gått ned med nærare 29,3 prosent frå 503,0 mill. kroner til 355,6 mill. kroner. Mindreutgifta kan forklarast med høgkonjunktur i næringslivet (generell nedgang i talet på konkursar i 2006) som førte til eit redusert behov for utbetaling over lønnsgarantiordninga.

Dagpengar

Avvik mellom budsjett og rekneskap i samband med dagpengar viser ei mindreutgift på om lag 142 mill. kroner. Noko av mindreutgifta kjem av at utbetalingane til dagpengar dei siste månadene i 2006 blei lågare enn forventa. Dette har samanheng med færre arbeidslause i perioden.

Trenden i rekneskapen

Dei samla utbetalingane til dagpengar under programkategori 33.30 Arbeidsliv under folketrygda blei jamt redusert frå 11,1 mrd. kroner i 2003 til om lag 9,6 mrd. kroner i 2005. Dette hadde samanheng med færre arbeidslause i perioden. I 2006 blei dei samla utbetalingane til dagpengar redusert til 6,16 mrd. kroner. Dette har si orsak i betringa på arbeidsmarknaden i 2006 med færre arbeidslause.

Attføringspengar

Det blei løyvd 10 903 mill. kroner til attføringspengar i 2006 (kap 2543, post 70). Samla utgifter til attføringspengar var på om lag 10 759 mill. kroner i 2006. Dette tilsvarer ei mindreutgift på om lag 144 mill. kroner.

Utgiftene til attføringspengar auka med om lag 110 mill. kroner frå 2005 til 2006. Dette tilsvarar ein auke på 1,0 prosent nominelt. I den same perioden var det ein nedgang i det gjennomsnittlege talet på mottakarar av attføringspengar, medan auken i barnetillegget frå 17 til 27 kroner per barn per dag frå 1. januar 2006 førte til auka utgifter til attføringspengar.

2.8 Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: Programområdane 10 Helse og omsorg og 30 Stønad ved helsetenester.

Programområde 10 Helse og omsorg(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2004Rekneskap 2005Budsjett 2006Rekneskap 2006
10.00Helse- og omsorgsdepartementet m.v.328,7505,1329,6371,1
10.10Folkehelse826,0892,31 122,31 263,4
10.20Helseteneste1 641,81 858,81 342,91 431,1
10.30Regionale helseføretak64 737,772 492,473 583,373 475,5
10.40Psykisk helse3 389,23 896,34 684,54 626,2
10.50Legemidlar208,1206,1210,0225,3
10.60Omsorgstenester2 930,52 897,02 870,12 867,1
Sum utgifter74 061,982 748,184 142,784 259,8

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei meirutgift på 117,1 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 304 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 186,9 mill. kroner. Det er overført 65,2 mill. kroner meir frå 2006 til 2007 enn frå 2005 til 2006. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 121,7 mill. kroner.

Programområde 30, Stønad ved helsetenester(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2004Rekneskap 2005Budsjett 2006Rekneskap 2006
30.10Spesialisthelsetenester3 114,53 124,22 434,02 420,6
30.50Legehjelp, legemiddel m.v.15 660,216 081,816 109,015 962,8
30.90Andre helsetiltak464,6524,2555,0551,0
Sum utgifter19 239,319 730,219 098,018 934,4

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei mindreutgift på 163,6 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

For programområde 30 har reduksjonen i utgifter frå 2005 til 2006 vore på 4 prosent.

Utviklingstrekk

Frå 2005 til 2006 har det for programområde 10 vore ein nominell utgiftsvekst på 1,8 prosent frå 82 748,1 mill. kroner til 84 259,8 mill. kroner. Endringa for programområde 10 samla sett blir påverka av ei enkeltståande løyving på 2,9 mrd. kroner til utbygging av fase 1 ved St. Olavs hospital i 2005, jf. St.prp. nr. 12 (2005 – 2006), Innst. S. nr 46 (2005 – 2006).

Auken i utgifter har i hovudsak skjedd under programkategoriane 10.10 Folkehelse, 10.30 Regionale helseføretak og 10.40 Psykisk helse. Dette har mellom anna si orsak i auka løyvingar til gjennomføring av opptrappingsplanen for psykisk helse, endringar i departementsstrukturen, tekniske endringar i budsjettet, og overføring av nye oppgåver frå folketrygda til helseføretaka i 2006 (programområde 10).

For programområde 30 har det vore ein reduksjon i utgiftene frå 2005 til 2006 på 4 prosent frå 19 730,2 mill. kroner til 18 934,4 mill. kroner. Reduksjonen i utgifter har i hovudsak skjedd under programkategori 30.10 Spesialisthelsetenester som følgje av overføring av oppgåver til dei regionale helseføretaka frå folketrygda (programområde 30).

Auka innsats i helsesektoren

Somatisk pasientbehandling ved sjukehusa

St.prp. nr. 1 (2005 – 2006) la til grunn om lag uendra aktivitetsnivå frå 2005 til 2006.

Basert på tal frå 2. tertial 2006 indikerte prognosar om lag 1 prosent aktivitetsvekst i 2006 samanlikna med 2005 under ordninga innsatsstyrt finansiering (ISF), jf. St.prp. nr. 15 (2006 – 2007). I St. prp. nr. 15 (2006 – 2007), jf. Innst. S. nr. 90 (2006 – 2007), løyvde Stortinget 154,4 mill. kroner mellom anna knytt til auka aktivitet i 2006 under ISF.

Det har òg vore ein auke i poliklinisk aktivitet ved offentlige sjukehus i 2006. Det blei difor løyvd 302,0 mill. kroner meir til dette formålet under Stortinget si handsaming av St. prp. nr. 15 (2006 – 2007), jf. Innst. S. nr. 90 (2006 – 2007).

Opptrappingsplanen for psykisk helse

Ved handsaminga av St.prp.nr.63 (1997–98) Om opptrappingsplan for psykisk helse 1999–2006 vedtok Stortinget ein åtteårig handlingsplan for psykisk helse. Stortinget vedtok gjennom handsaminga av St.prp. nr 1 (2003 – 2004) å forlenge planen med to år ut 2008.

I 2006 løyvde Stortinget reelt 785 mill. kroner meir til opptrappingsplan for psykisk helse samanlikna med saldert budsjett for 2005. Rekneskapen for programkategori 10.40 for 2005 viser at det har vore brukt 3 896,3 mill. kroner, medan rekneskapen for 2006 er på 4 626,2 mill. kroner. I tillegg kjem utbetalingar over føretaka sine basisløyvingar, og løyvingar under andre departement.

Utbygginga av dei to store investeringsprosjekta Nye Ahus og nytt St. Olavs Hospital(fase 1) krev særskilt store investeringsmidlar. Gjennomføringa av investeringstiltak i Opptrappingsplanen for psykisk helse, samt sluttføring av prosjekter knytt til Nasjonal kreftplan krev òg store ressursar. Investeringsaktiviteten er finansiert gjennom midlar i basistilskottet, særskilte investeringstilskott samt ei låneløyving på 2,75 mrd. kronar.

Nye Ahus, nytt St. Olavs Hospital og nytt forskingsbygg ved Radiumhospitalet

Ved handsaminga av St.prp. nr. 1 (2003–2004) jf. Budsjett-innst. nr. 11 (2003–2004) blei det vedtatt eit særskilt investeringstilskott til gjennomføring av utbyggingsprosjekta Nye Ahus, fase 2 av St. Olavs Hospital og nytt forskingsbygg ved Radiumhospitalet. Det særskilde investeringstilskottet utgjer til saman om lag 4,5 mrd. kroner, og skal utbetalast over byggeperioden i takt med framdrifta i prosjekta. I 2006 blei det til saman løyvd 827,5 mill. kroner i investeringstilskott til dei tre nemnde investeringsprosjekta, jf. Budsjettinnst. S. nr. 11 (2005–2006).

2.9 Barne- og likestillingsdepartementet

Barne- og likestillingsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: Programområde 11 Familie- og forbrukarpolitikk og programområde 28 Fødselspengar.

Programområde 11 Familie- og forbrukarpolitikk(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2004Rekneskap 2005Budsjett 2006Rekneskap 2006
11.00Administrasjon92,694,593,295,8
11.10Tiltak for familie og likestilling17 768,917 749,717 188,717 187,3
11.20Tiltak for barn og ungdom1)4 041,04 401,84 754,24 808,8
11.30Forbrukarpolitikk134,0137,1140,3139,5
Sum utgifter22 036,622 383,022 176,522 231,3

1) For 2004 og 2005 er tal som gjeld barnehagar flytta til kategori 07.20.

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei meirutgift på 54,9 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 122,5 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 67,6 mill. kroner. Det er overført 45,3 mill. kroner meir frå 2006 til 2007 enn frå 2005 til 2006. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 22,3 mill. kroner.

Utviklingstrekk

I 2006 blei barnehageområdet flytta til Kunnskapsdepartementet. På grunn av dette har det vore ein utgiftsreduksjon på programområdet. Dette er det korrigert for i tabellen over. Om ein ser bort frå barnehageområdet, var det frå 2004 til 2006 ein nominell utgiftsauke på 194,7 mill. kroner. Dette heng saman med at utgiftene til det statlege barnevernet har auka etter at staten overtok fylkeskommunane sitt ansvar for barnevernet og familievernet frå 1. januar 2004. Utgiftsreduksjonen på programkategori 11.10 botnar i hovudsak i redusert utbetaling av kontantstøtte. Frå 2004 til 2006 blei løyvinga til kontantstøtte redusert med 836,8 mill. kroner, frå 3 126,8 til 2 289,9 mill. kroner.

Det statlege barnevernet

Rekneskapen for 2006 viser ein mindreutgift på i underkant av 26 mill. kroner.

Mindreutgifta kjem mellom anna av at etaten har hatt lågare utgifter i tredje tertial enn det som blei lagt til grunn i samband med St.prp. nr. 18 (2006 – 2007).

Programområde 28 Fødselspengar(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2004Rekneskap 2005Budsjett 2006Rekneskap 2006
28.50Stønad ved fødsel og adopsjon9 713,49 909,510 495,010 440,2
Sum utgifter9 713,49 909,510 495,010 440,2

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei mindreutgift på 54,8 mill. kroner.

Mindreutgifta har samanheng med at føresetnadene som blei lagt til grunn i samband med St.prp. nr. 18 (2006 – 2007) gav noko for høgt overslag.

Utviklingstrekk

Utgiftene under kapittel 2530 var om lag 726,8 mill. kroner høgare i 2006 enn i 2004. Meirutgiftene har to hovudårsaker. For det første har det vært ei høgare utbetaling per barn, og for det andre er fedrekvota utvida med ei veke i 2005 og ytterlegare ei veke i 2006.

2.10 Nærings- og handelsdepartementet

Programområde 17 Nærings- og handelsføremål(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2004Rekneskap 2005Budsjett 2006Rekneskap 2006
17.00Administrasjon191,0199,3217,9201,3
17.10Infrastruktur og rammevilkår1 937,62 149,72 249,52 365,3
17.20Forsking, nyskaping og internasjonalisering38 234,338 125,248 525,147 688,9
17.30Statleg eigarskap12 058,5630,154,5122,1
Sum utgifter52 421,441 104,151 046,950 377,6

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei mindreutgift på 669,4 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 122,5 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 791,9 mill. kroner. Det er overført 120,2 mill. kroner meir frå 2006 til 2007 enn frå 2005 til 2006. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 671,6 mill. kroner.

Programområde 17 omfattar forvalting og tilrettelegging av tiltak for nærings-, handels- og skipsfartspolitikk. Hovudgrunnen til mindreutgiftene er at Innovasjon Norge brukte om lag 655 mill. kroner mindre enn berekna i budsjettet på lån i statskassa til refinansiering av porteføljen.

Trenden i rekneskapen

Rekneskapen for programområde 17 har svinga ein god del dei siste åra, frå 52,4 mrd. kroner i 2004, til 41,1 mrd. kroner i 2005 som lågast og til 50,4 mrd. kroner i 2006. Endringane er særleg knytt til finansiering av innlånsordningane under Innovasjon Norge (programkategori 17.20), med skifte mellom opptak av kort- og langsiktige innlån frå statskassa på grunn av endringar i rente- og avdragsvilkåra. Svingingane i låneopptaka gjer om lag tilsvarande utslag i innbetalingane av avdrag og renter på inntektsbudsjettet for Innovasjon Norge. Vidare har det vore betydelege årlege endringar i utgiftene til kjøp av aksjar og tilføring av eigenkapital og fondskapital til statlege selskap under forvalting av departementet i perioden (programkategori 17.30).

Når ein held lånetransaksjonar og andre kapitalpostar (90-postar) utanom, var utgiftene på budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet om lag 4,5 mrd. kroner i 2004, om lag 4,9 mrd. kroner i 2005 og om lag 5,2 mrd. kroner i 2006. Dei største endringane gjeld auka tilskott til Norges forskningsråd, ordningar/program under Innovasjon Norge og nettoløn til sjøfolk.

2.11 Fiskeri- og kystdepartementet

Programområde 16 Fiskeri, havbruks- og kystforvalting(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2004Rekneskap 2005Budsjett 2006Rekneskap 2006
16.10Administrasjon85,692,5103,2104,1
16.20Forsking og utvikling1 040,81 113,01 127,91 149,8
16.30Fiskeri- og havbruksforvalting430,4493,7387,4416,0
16.60Kystforvalting1 353,61 321,91 353,71 351,2
Sum utgifter2 910,43 021,22 972,23 021,1

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei meirutgift på 48,9 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 126,7 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 77,8 mill. kroner. Det er overført 69,2 mill. kroner meir frå 2006 til 2007 enn frå 2005 til 2006. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 8,5 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2004 – 2006 har det vore ein nominell vekst i forbruket på 3,8 prosent. frå 2 910,4 mill. kroner i 2004 til 3 021,1 mill. kroner i 2006. Forbruket til administrasjon har auka noko dei siste åra. Dette heng først og fremst saman med at departementet overtok ansvaret for helse og velferd hos akvatiske organismar frå 2004, og auka aktivitet knytt til ansvaret for akutt beredskap.

Marin forsking er eit prioritert område. Løyvingane til forsking og utvikling har auka over fleire år.

Auken i 2005 på programkategori 16.30 Fiskeri- og havbruksforvaltning heng saman med auka løyving til marint innovasjonsprogram på 30 mill. kroner og ei eingongsløyving på 103,85 mill. kroner knytt til omdanning av Eksportutvalget for fisk til statleg aksjeselskap.

Forbruket til kystforvalting har vore relativt stabilt dei siste åra. I 2005 er det ei eingongsløyving på 55 mill. kroner knytt til omdanning av Kystverket produksjon til statleg aksjeselskap (Secora AS).

2.12 Landbruks- og matdepartementet

Programområde 15 Landbruk og mat(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2004Rekneskap 2005Budsjett 2006Rekneskap 2006
15.00Landbruk og matforvalting133,6121,4122,2128,9
15.10Matpolitikk1 398,71 358,21 314,81 354,7
15.20Forsking og utvikling305,2304,4340,7340,7
15.30Næringsutvikling, ressursforvalting og miljøtiltak12 643,712 000,012 032,611 987,8
Sum utgifter14 481,213 784,013 810,213 812,1

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei meirutgift på 1,8 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 41,8 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 40 mill. kroner. Det er overført 8,3 mill. kroner mindre frå 2006 til 2007 enn frå 2005 til 2006. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 48,3 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

Rekneskapen viser at utgiftene i 2006 ligg om lag 4,6 prosent lågare enn i 2004. Sett i forhold til rekneskapen for 2005 er utgiftene under programområde 15 Landbruk og mat auka med om lag 0,2 prosent i 2006.

Løyvinga under programkategori 15.00 Landbruks- og matforvalting viser ein auke på 7,5 mill. kroner i forhold til 2005.

Auken under programkategori 15.20 Forsking og utvikling frå 2005 til 2006 er knytt til ein auke i forskingsmidlar, ei løyving på 6 mill. kroner til omstilling i Bioforsk og kompensasjon for innføring av husleigeordning.

Løyvinga til gjennomføring av jordbruksavtalen utgjer hovuddelen av programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvalting og miljøtiltak. Rekneskapen for programkategorien samla sett er om lag uendra med ein reduksjon på 12,2 mill. kroner frå 2005 til 2006.

2.13 Samferdselsdepartementet

Programområde 21 Innanlands transport(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2004Rekneskap 2005Budsjett 2006Rekneskap 2006
21.10Administrasjon m.v.266,9297,0314,7322,8
21.20Luftfartsføremål860,2759,6688,6674,2
21.30Vegføremål13 047,914 198,714 172,014 286,3
21.40Særskilde transporttiltak356,2363,4449,5452,5
21.50Jernbaneføremål6 317,56 315,96 285,06 374,3
21.60Vernebuing på samferdselsområdet1)61,330,3
Sum utgifter20 910,121 964,921 909,822 110,1

1) Frå 2006 er løyvingane til dette føremålet integrert i resten av samferdselsbudsjettet, i hovudsak under Statens vegvesen, Jernbaneverket og Post- og teletilsynet.

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei meirutgift på 200,3 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 487,9 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 287,6 mill. kroner. Det er overført 279,6 mill. kroner meir frå 2006 til 2007 enn frå 2005 til 2006. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 8 mill. kroner.

Programområde 22, Post og telekommunikasjonar(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2004Rekneskap 2005Budsjett 2006Rekneskap 2006
22.10Post og telekommunikasjonar505,7535,2244,5224,1
Sum utgifter505,7535,2244,5224,1

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei mindreutgift på 20,4 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 3,9 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 24,3 mill. kroner. Det er overført 15,2 mill. kroner meir frå 2006 til 2007 enn frå 2005 til 2006. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 9,1 mill. kroner.

Trenden i rekneskapen

I perioden har det på programområde 21 vore ein nominell auke i utgiftene frå 2004 til 2006 på 5,7 prosent, frå 20 910 mill. kroner til 22 110 mill. kroner. Utgiftene i 2005 var drygt 1 mrd. kroner høgare enn i 2004. I 2006 var utgiftene om lag 145 mill. kroner høgare enn i 2005. På programområde 22 var det ein liten auke i utgiftene frå 2004 til 2005, medan det var ein stor nedgang i utgiftene frå 2005 til 2006.

Rekneskapen for 2004 og 2005 inneheld midlar til restrukturering av Mesta AS. Delar av produksjonsverksemda i Jernbaneverket blei i 2005 omdanna til aksjeselskap (Baneservice AS), og i rekneskapen for 2005 inngår midlar til restrukturering, lån og eigenkapital til selskapet.

Under vegføremål inngår også lån til Svinesundsforbindelsen AS i rekneskapen for åra 2004 til 2006, med ei nedtrapping i perioden. Den største delen av løyvingane i 2004 til 2006 var til drift, vedlikehald og investeringar i veg og jernbane og kjøp av persontransport med tog, kjøp av riksvegferjetenester, kjøp av innanlandske flyruter og kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen – Kirkenes.

Frå 2005 til 2006 var det ein stor nedgang i løyvingane på programområde 22 frå 2005 til 2006. Årsaka til dette var at Samferdselsdepartementet i 2006 ikkje kjøpte posttenester frå Posten Norge AS.

Inntektssida på samferdselsområdet er påverka av betaling av renter og avdrag på lån til selskap som Samferdselsdepartementet forvaltar, og utbytte frå selskap under Samferdselsdepartementet. Jernbaneverket og Statens vegvesen har inntekter m.a. frå sal av utstyr og tenester. Desse inntektene er vanskelege å budsjettere nøyaktig. Den einaste av samferdselsetatane som er sjølvfinansiert, er Post- og teletilsynet. Post- og teletilsynet har eit reguleringsfond som handterer avvik mellom budsjett og rekneskap. Luftfartstilsynet finansierer ein del av verksemda si med gebyr.

2.14 Miljøverndepartementet

Programområde 12 Miljøvern og regional planlegging(i mill. kr.)
Programkategori Rekneskap 2004Rekneskap 2005Budsjett 2006Rekneskap 2006
12.10Fellesoppgåver, regional planlegging o.a.658,0657,1822,2711,4
12.20Biomangfald og friluftsliv622,2749,8763,0717,9
12.30Kulturminne og kulturmiljø240,2468,7719,2719,5
12.40Forureining613,4604,2668,3661,7
12.50Kart og geodata363,2355,6362,8363,9
12.60Nord- og polarområdar123,5134,0176,8178,2
Sum utgifter2 620,62 969,43 512,33 352,6

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei mindreutgift på 159,6 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 27,9 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 187,5 mill. kroner. Det er overført 193,2 mill. kroner meir frå 2006 til 2007 enn frå 2005 til 2006. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette viser programområdet samla sett ei meirutgift på 5,7 mill. kroner.

Mindreforbruket under programkategori 12.10 har hovudsakleg si årsak i at etablering av miljøtiltak i nikkelverka på Kola er ytterlegare forseinka.

Mindreforbruket under programkategori 12.40 har si orsak i at utbetalingar til oppryddingstiltak i samband med småbåthamnene i Oslo blei forseinka, og ein stor del av midla vil bli utbetalt i 2007. Samstundes blei det òg samla inn færre bilvrak trass i at konjunkturane skulle indikere at fleire bilar ville ha blitt skrota. Prisen på skrapjern som ligg til grunn for utbetalingane av jernverdi til biloppsamlarene har dermed vore lågare enn venta.

Trenden i rekneskapen

Under programkategorien 12.20 viser utbetalingane ein reduksjon i 2006 i høve til tala for 2005. Endringa kjem framfor alt av at ein stor del av utbetalingane i samband med løyvingane til bandlegging av friluftsområde og tiltaka i samband med ymse slag skogvern, samt kjøp av forsvarseigedomar, ikkje har blitt utbetalt i 2006 av di klargjering, avtalar og rettsavgjerder i samband med erstatningssaker har teke lengre tid enn føresetnaden var. Denne delen av sakshandsaminga er det vanskeleg for departementet å påverke. Ein stor del av desse midla er venta å komme til utbetaling i 2007, og er derfor overført frå 2006.

Programkategori 12.30 viser i 2006 ein stor auke i utbetalingane i høve til dei same tala for 2005. Dette kjem mellom anna av auken i fondskapital til Norsk Kulturminnefond i 2006.

Som ledd i oppfølginga av St.meld. nr. 16 (2004 – 2005) Leve med kulturminner blei kulturminnefeltet òg styrka gjennom ein auke i tilskottsordninga til vern og sikring av freda og bevaringsverdige bygningar og anlegg, og ein auke i løyvinga til verdiskapingsprogrammet. Dette programmet skal stimulere til at ressursane som ligg i kulturminne og kulturmiljø blir brukte til utvikling av lokalsamfunn og som grunnlag for næringsutvikling.

Utbetalingane til refusjonsordningane for smøreolje og TRI har òg vore mindre enn antatt i starten av 2006.

Programkategori 12.60 viser ein stadig auke i utbetalingane gjennom dei siste tre åra. Dette har samband med auka løyvingar til drift av forskingsstasjonen Troll og til DROMLAN-prosjektet i Antarktis, og deltaking i det vitskaplege samarbeidet i området.

2.15 Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Programområde 01 Fellesadministrasjon(i mill. kr)  
Programkategori Rekneskap 2004Rekneskap 2005Budsjett 2006Rekneskap 2006
01.00Administrasjon m.v.542,4473,0584,9566,9
01.10Fylkesmannsembeta1 269,21 299,01 072,51 300,3
01.20Fellestenester512,4394,9456,2474,0
01.30Partistøtte261,2284,0296,1294,8
01.40Pensjonar m.m.3 549,06 189,910 238,59 709,1
01.50Konkurransepolitikk87,5106,697,3105,7
01.60Statsbygg1 994,62 437,22 326,62 435,4
Sum utgifter8 216,311 184,615 072,114 886,2

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei mindreutgift på 185,9 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 582,7 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 768,6 mill. kroner. Det er overført 224,3 mill. kroner meir frå 2006 til 2007 enn frå 2005 til 2006. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 544,3 mill. kroner.

Denne mindreutgifta er hovudsakleg knytt til programkategori 01.40 Pensjonar m.v., og er ei følgje at lågare førebels sluttoppgjer for Posten Noreg, høgre premieinntekter og lågare netto utbetaling av bustadlån for medlemmer av Statens Pensjonskasse.

Trenden i rekneskapen

Frå 2004 har utgiftene på programområdet auka med 81 prosent frå 8 216,3 mill. kroner til 14 886,2 mill. kroner. Dette kjem særleg av utbetalingane på programkategori 01.40 Pensjonar m.v., som har auka med 6 160,1 mill. kroner. Auken har samanheng med to forhold: Tilskott til Statens Pensjonskasse over kap. 1542 har auka med om lag 3,3 mrd. kroner frå 2004 til 2006. Dette kjem av auka pensjonsutbetalingar på om lag 1,8 mrd. kroner. I tillegg blei det utbetalt førebels sluttoppgjer for Posten Noreg på om lag 1,2 mrd. kroner i 2006, noko som auka det samla tilskottet over kap. 1542 dette året. For bustadlån til statstilsette over kap. 1544 har det vore ein auke på om lag 2,3 mrd. kroner, frå netto innbetaling på om lag 1,2 mrd. kroner i 2004 til netto utbetaling på om lag 1,1 mrd. kroner i 2006. Den auka etterspørselen etter nye lån og minka innfriing av lån heng saman med ei meir konkurransedyktig utlånsrente i Statens Pensjonskasse i 2006.

Programkategori 01.20 Fellestenester viser ein reduksjon på 7 prosent, frå 512,4 mill. kroner i 2004 til 474,0 mill. kroner i 2006. Reduksjonen kjem i hovudsak av at verksemda Statskonsult blei omdanna til heileigd statleg aksjeselskap i 2004, og det blei skote inn om lag 100 mill. kroner i eigenkapital dette året. Samstundes er utgifta på programkategorien auka ved overføringa av ein del administrative fellestenester frå departementa og SMK til Servicesenteret for departementa i 2006.

På programkategori 01.50 Konkurransepolitikk har utgiftene auka med 21 prosent, frå 87,5 mill. kroner i 2004 til 105,7 mill. kroner i 2006. Auka skriv seg mellom anna frå at Klagenemnda for offentlege innkjøp (KOFA) blei flytta til denne programkategorien frå programkategori 01.00 Administrasjon m.v. frå 2005.

På programkategori 01.60 Statsbygg har utgiftene auka med om lag 22 prosent frå 1 994,6 mill. kroner i 2004 til 2 435,4 mill. kroner i 2006. Dette kjem i første rekke av svingingar i investeringsnivået til Statsbygg. Investeringsutgifter til byggeprosjekt utanfor den statlege husleigeordninga (kap. 1580) har auka med nær 0,3 mrd. kroner frå 2004 til 2006. Samstundes har kravet til driftsresultat i Statsbygg (kap. 2445, post 24) gått ned med nær 0,2 mrd. kroner frå 2004 til 2006.

2.16 Finansdepartementet

Programområde 23 Finansadministrasjon(i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2004Rekneskap 2005Budsjett 2006Rekneskap 2006
23.10Finansadministrasjon410,5426,1437,4443,0
23.20Skatte- og avgiftsadministrasjon4 670,74 885,15 039,55 189,8
23.30Offisiell statistikk508,4531,9539,2563,9
23.40Andre føremål9 002,712 055,411 262,311 376,4
Sum utgifter14 592,317 898,417 278,317 573,2

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei meirutgift på 294,9 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 199,6 mill. kroner, viser programområdet ei meirutgift på 95,2 mill. kroner. Det er overført 8,3 mill. kroner mindre frå 2006 til 2007 enn frå 2005 til 2006. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette viser programområdet samla sett ei meirutgift på 86,9 mill. kroner.

Det vesentlege av meirutgiftene gjeld dei regelstyrte utbetalingane av meirverdiavgiftskompensasjon til kommunar og fylkeskommunar under programkategori 23.40 Andre føremål.

Trenden i rekneskapen

Under programkategori 23.10 Finansadministrasjon er det særleg den jamne veksten i Kredittilsynets verksemd som har gitt ein auke under denne kategorien.

Under programkategori 23.20 Skatte- og avgiftsadministrasjon har løyvingsnivået gjennom fleire år vore om lag uendra, når ein korrigerer for funksjonsendringar, endra organisering og noko ujamne investeringar.

Utbetalingane av meirverdiavgiftskompensasjon under programkategori 23.40 var ekstra høge i 2005. Dette hang særleg saman med ei omlegging av kompensasjonsordninga som dette året gav utbetalingar etter både gammal og ny ordning. Det har også gjennom fleire år vore ein auke i Statens innkrevingssentrals aktivitetar.

Programområde 24 Statleg gjeld og fordringar, renter og avdrag o.a., er omtalt under kap. 4 Staten sin balanse og kommentarar til finansposter. Inntektene frå skattar og avgifter er kommenterte i kap. 1.

2.17 Forsvarsdepartementet

Programområde 04 Militært forsvar       (i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2004Rekneskap 2005Budsjett 2006Rekneskap 2006
04.10Militært forsvar31 460,629 809,431 209,430 417,7
Sum utgifter31 460,629 809,431 209,430 417,7

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei mindreutgift på 791,7 mill. kroner.

Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 589,1 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 1380,8 mill. kroner. Det er overført 1376,3 mill. kroner meir frå 2006 til 2007 enn frå 2005 til 2006. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 4,5 mill. kroner.

Frå 2004 til 2006 er utgiftene under programområdet 04 Militært forsvar nominelt redusert med om lag 3,3 prosent, frå 31 460,6 mill. kroner til 30 417,7 mill. kroner.

Mindreforbruket skriv seg i all hovudsak frå forseinka framdrift på enkelte investeringsprosjekt i 2006 enn det som var planlagt. Når det gjeld materiellinvesteringar, har leverandørar vore forseinka, og Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO) har ikkje hatt kapasitet til å sette i verk forseringstiltak. Den låge framdrifta i investeringar med omsyn til materiell og eigedom/bygg/anlegg (EBA-investeringar) har ført til at delar av løyvinga er overført til 2007.

Økonomistyringa i 2006

Rekneskapen for 2006 viser at verksemda i Forsvaret blei gjennomført innanfor dei tildelte rammene på alle utgiftskapitla. Det har vore god kontroll med bruken av dei løyvde midlane i 2006.

Modernisering av Forsvaret

For å styrkje Forsvaret si evne til å løyse oppgåvene sine, og bidra til å sikre våre interesser, har Regjeringa ført vidare den moderniseringa av Forsvaret som blei sett i gang av Stoltenberg I-regjeringa ved framlegginga av St.prp. nr. 45 (2000 – 2001). Den langsiktige omlegginga av Forsvaret er ført vidare, samstundes som dei overordna prioriteringane i Soria Moria-erklæringa ligg fast. Dette omfattar også målsettinga om eit høgt nivå på Forsvaret sitt nærvær i Nord-Noreg. Gjeldande langtidsplan ligg fast slik Stortinget vedtok gjennom handsaminga av Innst. S. nr. 234 (2003 – 2004), jf. St.prp. nr. 42 (2003 – 2004).

2.18 Olje- og energidepartementet

Programområde 18 Olje- og energiføremål   (i mill. kr)
Programkategori Rekneskap 2004Rekneskap 2005Budsjett 2006Rekneskap 2006
18.00Administrasjon217,2219,4170,8169,6
18.10Petroleumsforvalting434,9482,0476,6478,3
18.20Energi- og vassdragsforvalting2 540,4503,4614,9503,4
18.30Teknologi og internasjonalisering316,7420,1697,2639,9
18.70Petroleumsverksemda18 660,621 447,223 615,021 182,2
Sum utgifter22 169,823 072,125 574,422 973,4

Avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap viser ei mindreutgift på 2 601,0 mill. kroner. Tek ein omsyn til refusjonar og andre meirinntekter på i alt 22,1 mill. kroner, viser programområdet ei mindreutgift på 2 623,1 mill. kroner. Det er overført 190,3 mill. kroner meir frå 2006 til 2007 enn frå 2005 til 2006. Denne auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, viser programområdet samla sett ei mindreutgift på 2 432,8 mill. kroner.

Under programkategori 18.00 og 18.10 viser rekneskapen for 2006 under eitt relativt små avvik i forhold til budsjettet. Under programkategori 18.20 er det eit mindreforbruk, som mellom anna heng saman med at det ikkje har vore mogleg å utføre alle hastetiltak etter flaumane på Vestlandet og Trøndelag, samt ei forseinking i arbeidet med innføring av bygningsdirektivet. Vidare vil fleire tilsegn til prosjekt under post 70 Tilskott til elektrisitetssparing i hushald, post 71 Tilskott til energitiltak i kraftkrevjande industri og post 74 Naturgass ikkje bli utbetalt før i seinare år.

Under programkategori 18.30 har mindreforbruket samband med ei forseinking i arbeidet med reinseanlegg knytt til gasskraftverket på Kårstø. Mindreutgifta under programkategori 18.70 er mellom anna relatert til at investeringar knytt til Langeled, Ormen Lange og Troll er satt ut i tid. Lågare bruk av prosjektreservar på Langeled og lågare dollarkurs er òg med på å redusere dei samla investeringane under SDØE.

Utviklingstrekk

Under programkategori 18.00 kjem reduksjonen i 2006 av at det har blitt seld aksjar i Statoil ASA i 2004 og 2005 og at utgiftene knytt til sal er ført under programkategori 18.00. Når det gjeld programkategori 18.10 heng endringa frå 2005 saman med at Oljedirektoratet fikk ein auke i løyvingar knytt til kartlegging i nordområda.

Under programkategori 18.20 skil 2004 seg særlig ut. Dette kjem i hovudsak av at det i 2004 blei oppretta eit fond for miljøvenleg gasskraftteknologi på 2 mrd. kroner. Vidare blei løyvinga under kap. 1825 Omlegging av energibruk og energiproduksjon, post 50 Overføring til Energifondet redusert med om lag 200 mill. kroner i 2004. Løyvinga til Energifondet er redusert vidare med 60 mill. kroner til null i 2005.

Under programkategori 18.30 heng auka løyvingar i 2006 saman med at midlane knytt til internasjonalisering av petroleumsverksemda og miljøvennleg gassteknologi er flytta frå programkategori 18.00 og 18.20 til programkategori 18.30 frå og med 2006. Vidare har auka løyvingar i perioden samanheng med ei auka satsing på petroleumsforsking under Forskingsrådet.

2.19 Statsbankane

Husbanken

Samla uteståande fordringar i Husbanken var på 94,4 mrd. kr ved utgangen av 2006, fordelt på om lag 83 000 lån. Uteståande fordringar var om lag det same som ved det førre årsskiftet, men var fordelte på 9 000 færre lån.

Husbanken hadde i 2006 eit tap på 19,3 mill. kroner. Når ein reknar med tilbakeføring av tap som følgje av innbetalingar/inngåtte avtaler som utgjorde 2,4 mill. kr, var netto tap på utlån 16,9 mill. kroner. Av samla brutto tap er 12,7 mill. kroner knytt til personlege låntakarar, noko som er ein nedgang på 25 prosent frå året før. På ikkje-personlege låntakarar hadde Husbanken eit tap på 6,6 mill. kroner mot 1,6 mill. kroner i 2005.

Det var ei meirinntekt på Husbankens avdragspost på om lag 935 mill. kroner. Dette kjem i hovudsak av høgare ekstraordinære innbetalingar og innfriingar enn det som var forventa. Årsaka kan knytast til at det var fleire lånekundar enn forventa som finansierte lånet sitt i andre bankar, noko som kan ha si orsak i høg konkurranse i finansmarknaden.

Statens lånekasse for utdanning

Samla uteståande fordringar for Statens lånekasse for utdanning var per 31. desember 2006 91,7 mrd. kroner, ein auke på 4,4 mrd. kroner frå 31. desember 2005. Beløpet gjeld lån til utdanning, renter og gebyr. 26 mrd. kroner av utdanningslåna er ikkje renteberande. Opptente, ikkje betalte renter er om lag 575 mill. kroner, og ikkje betalte gebyr om lag 77 mill. kroner. Lånekassa har ved utgangen av 2006 om lag 1,7 mrd. kroner uteståande i renteberande renter, ein nedgang på om lag 150 mill. kroner frå 2005. Det blei utgiftsført 433 mill. kroner i tap på utlån i 2006.

Innovasjon Norge

Samla utlån pr. 31.12.06 utgjer 12,1 mrd. kroner etter tapsavsetjingar mot 13,4 mrd. pr. 31.12.05. Nedgangen er på 1,3 mrd. kroner.

Utlåna er fordelte med ni mrd. kroner på lågrisikolån (om lag 20 400 lån), 1,3 mrd. kroner på risikolån (om lag 1 650 lån) og 1,8 mrd. kroner til andre utlån. Desse omfattar distriktsretta låneordning (om lag 65 lån), lån frå Statens miljøfond, ansvarlege lån til såkornfond og bygdeutviklingslån til landbruket (om lag 10 000 lån). Den siste ordninga blir forvalta av Innovasjon Norge for Landbrukets utviklingsfond.

Brutto bokførte tap i 2006 utgjorde 96,3 mill. kroner, og netto tap 36,8 mill. kroner etter at det er sett av 56,5 mill. kroner til dekking av tap.

Til forsida