St.meld. nr. 3 (2006-2007)

Statsrekneskapen for 2006

Til innhaldsliste

3 Statens pensjonsfond

Lov om Statens pensjonsfond trådde i kraft 1. januar 2006. Frå same dato er Statens pensjonsfond etablert som ein overbygning over det som tidlegare var Statens petroleumsfond og Folketrygdfondet. Fondet består av Statens pensjonsfond – Utland (tidlegare Statens petroleumsfond) og Statens pensjonsfond – Noreg. Verksemda i dei to fonda er ført vidare innanfor den nye overbygninga. Tabell 3.1 viser at samla verdi av dei to fonda var 1 889 769 mill. kroner ved utgangen av 2006. Dei to fonda fører eigne rekneskap, og kapitalen i fonda blir tatt med i kapitalrekneskapen i kontogruppe 61 Spesielle fond og forsikringar. Tala blir gjort greie for til orientering.

Tabell 3.1 Samla verdi av Statens pensjonsfond (tal i mill. kroner)

Statens pensjonsfond – Utland1 782 829
Statens pensjonsfond – Noreg106 940
Statens pensjonsfond samla1 889 769

3.1 Statens pensjonsfond – Utland

Inntektene og utgiftene til Statens pensjonsfond – Utland i 2006 er definerte i lov 20. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond. Inntektene er summen av staten sin netto kontantstraum frå petroleumsverksemda som blir overført frå statsbudsjettet, og avkastninga av formuen i fondet. Utgiftene til fondet er ei årleg overføring frå fondet etter vedtak i Stortinget 1. Med utgangspunkt i innstillinga frå finanskomiteen ved handsaminga av tidlegare lov om Statens petroleumsfond, var det etablert som praksis at overføringa svarer til det oljekorrigerte underskottet på statsbudsjettet. Ifølgje handlingsregelen for budsjettpolitikken skal det strukturelle, oljekorrigerte underskottet over tid svare til forventa realavkastning av Statens pensjonsfond – Utland, berekna til 4 prosent. Tabellane 3.2 og 3.3 viser balansen og resultatrekneskapen for Statens pensjonsfond – Utland. Tabell 3.4 spesifiserer endringane i fondets balanse.

Rekneskapen for Statens pensjonsfond – Utland blir ført etter dei same retningslinjene som rekneskapen elles i Noregs Bank. Frå 1999 er rekneskapen ført etter prinsippet om marknadsverdi. Denne føringsmåten er ført vidare i 2006 for Statens pensjonsfond – Utland.

I 2006 hadde Statens pensjonsfond – Utland inntekter utan omvurderingar på til saman 411 086 mill. kroner. Kontantstraumen frå petroleumsverksemda til staten utgjorde den største delen av desse inntektene med 355 377 mill. kroner. Dei bokførte renteinntektene og utbytte frå selskapa i porteføljen med vidare utgjorde til saman 55 709 mill. kroner i 2006 etter fråtrekk for forvaltningskostnader. Etter vedtak i nysaldert budsjett 2006 blei det overført 57 372 mill. kroner frå Statens pensjonsfond – Utland til statsbudsjettet i 2006. Overskottet i fondet etter nasjonalrekneskapen sine definisjonar blei dermed 353 714 mill. kroner.

Omvurderingane i rekneskapen for Statens pensjonsfond – Utland i 2006 utgjorde i alt 38 996 mill. kroner. Av dette var 47 482 mill. kroner realiserte verdipapirgevinstar, og 13 592 mill. kroner var urealiserte gevinstar. Resultatet frå handlar i futures-marknaden, frå handlar i opsjonar og frå aksje- og rentebytteavtalar utgjorde 2 154 mill. kroner. Valutakursreguleringar førte til ein reduksjon i verdien av fondet målt i norske kroner svarande til 24 232 mill. kroner, som følgje av ei styrking av kronekursen i 2006.

Kontantstraumen frå petroleumsverksemda, 355,4 mrd. kroner, med frådrag for overføringa til statsbudsjettet, 57,4 mrd. kroner, utgjer netto avsetjing til fondet over statsbudsjettet. Denne netto avsetjinga var 298,0 mrd. kroner i rekneskapen for 2006. Dei kontante overføringane frå statskassa til fondet gjennom året, blir bestemte ut frå ein prognose for netto avsetjing, der ein og tek omsyn til om det året før blei overført for mykje eller for lite.

For 2006 fordelte overføringar på i alt 289,5 mrd. kroner seg slik:

  • 31,1 mrd. kroner 31. januar,

  • 31,1 mrd. kroner 28. februar,

  • 21,4 mrd. kroner 31. mars,

  • 21,4 mrd. kroner 30. april,

  • 24,2 mrd. kroner 31. mai,

  • 23,9 mrd. kroner 30. juni,

  • 24,1 mrd. kroner 31. juli,

  • 24,0 mrd. kroner 31. august,

  • 31,4 mrd. kroner 30. september,

  • 30,3 mrd. kroner 31. oktober og

  • 26,6 mrd. kroner 30. november.

I 2005 blei det overført 7,8 mrd. kroner for mykje frå statskassa til fondet samanlikna med netto avsetjing, jf. mellomrekninga med statskassa per 31.12.2005. Overføringane for 2006 utgjorde 297,3 mrd. kroner medrekna 7,8 mrd. kroner som blei for mykje overført i 2006. Det er 690 mill. kroner mindre enn netto avsetjing til Statens pensjonsfond – Utland etter statsrekneskapen. I kapitalrekneskapen per 31. desember 2006 er denne differansen ført opp som ei mellomrekning mellom fondet og statskassa. I tråd med tidlegare praksis legg ein opp til at det blir korrigert for denne mellomrekninga saman med ei overføring til fondet tidleg i 2007.

Etter å ha korrigert for mellomrekninga med statskassa og trekt frå samla godtgjering til Noregs Bank, viser rekneskapen at den bokførte verdien av fondet ved utgangen av 2006 var på 1 782,8 mrd. kroner. Dette svarte også til marknadsverdien, jf. at fondet blei ført til marknadsverdi i rekneskapen.

Midlane i Pensjonsfondet – Utland blei plasserte i både renteberande verdipapir og eigenkapitalinstrument. Noregs Bank forvaltar Pensjonsfondet – Utland etter oppdrag frå Finansdepartementet. Finansdepartementet har i forskrift og i utfyllande retningslinjer definert nærare retningslinjer for forvaltinga. I forskrifta om forvaltinga av fondet heiter det at Finansdepartementet skal definere ein såkalla referanseportefølje som dannar grunnlaget for risikostyringa. Referanseporteføljen er sett saman slik at han skal representere ein nøytral investeringsstrategi innanfor dei retningslinjene Finansdepartementet har gitt. Vidare har Finansdepartementet fastsett ei ramme for kor mykje dei faktiske investeringane kan avvike frå referanseporteføljen, målt ved risikomålet relativ volatilitet. Relativ volatilitet er definert som det forventa standardavviket til avkastninga av den såkalla differanseporteføljen, som utgjer skilnaden mellom referanseporteføljen og den faktiske porteføljen, jf. nærare omtale i St. meld. nr. 1 (1997 – 98) Nasjonalbudsjettet 1998. Ramma for relativ volatilitet har vore 1,5 prosent sidan målet blei innført i 1998. Referanseporteføljen er sett saman av 60 prosent renteberande instrument og 40 prosent eigenkapitalinstrument.

Den 27. februar 2007 offentleggjorde Noregs Bank årsmeldinga for si forvalting av mellom anna Statens pensjonsfond – Utland 2.

Årsrapporten til Noregs Bank skildrar korleis den særskilde porteføljen av utanlandske verdipapir i Statens pensjonsfond – Utland, som svarer til verdien av innskottet i Noregs Bank, blei forvalta i 2006. Den bokførte verdien av den særskilde porteføljen var 1 782,1 mrd. kroner ved utgangen av 2006 etter fråtrekk av forvaltningskostnader. Avkastninga på dei utanlandske investeringane i fondet blei på 7,9 prosent for heile 2006 når ein måler i utanlandsk valuta i samsvar med valutasamansetjinga til referanseporteføljen. Når ein fordeler avkastninga på aksje- og obligasjonsporteføljane, viser tala at aksjeinvesteringane gav ei avkastning på 17,0 prosent, medan avkastninga på obligasjonsinvesteringane utgjorde 1,9 prosent. Den vekta summen av avkastninga i dei to aktivaklassane svarar ikkje nøyaktig til den samla avkastninga. Årsaka er at avkastningstala for året er bygde opp ved å kjede månadlege avkastningstal for aktivaklassane og for totalen kvar for seg.

Verdien av den norske krona styrka seg mot valutakorga til Pensjonsfondet – Utland i 2006. Dette førte til at verdien av fondet målt i norske kroner blei tilsvarande lågare. For heile året var den samla avkastninga 5,9 prosent målt i norske kroner. Det er likevel avkastninga i utanlandsk valuta som er relevant når ein skal vurdere utviklinga i den internasjonale kjøpekrafta til fondet. Den reelle avkastninga målt i utanlandsk valuta er utrekna til 5,7 prosent 3.

Tala for avkastning er bruttotal på den måten at forvaltingskostnadene ikkje er trekte frå. I resultatoppstillinga for fondet i tabell 3.3 er forvaltingskostnadene trekte frå. Dei samla kostnadene til forvaltinga blir dekte av avkastninga til fondet i samsvar med forvaltingsavtalen mellom Finansdepartementet og Noregs Bank. For 2006 utgjorde dei samla kostnadene for Pensjonsfondet – Utland 0,07 prosent av kapitalen. Dette omfattar ikkje avkastningsavhengige honorar til eksterne forvaltarar. Samla utgjorde forvaltingsgodtgjeringa til Noregs Bank 1 531 mill. kroner i 2006. Det er gitt ei nærare omtale i årsmeldinga for fondet. Meldinga er utrykt vedlegg til St.meld. nr. 24 (2006 – 2007) Om forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2006.

Noregs Bank si forvalting av Pensjonsfondet – Utland blir revidert av revisjonen til Noregs Bank, men Riksrevisjonen utfører også eigne kontrollhandlingar. Noregs Banks revisjon er underlagt Representantskapen, som er oppnemnt av Stortinget. Alle viktige rapportar som Noregs Bank sender ut om fondet, er stadfesta av revisjonen til Noregs Bank. Den overordna revisjonen av Pensjonsfondet – Utland er lagt til Riksrevisjonen, og Riksrevisjonen byggjer revisjonen sin på det arbeidet som blir utført av revisjonen til Noregs Bank.

Tabell 3.2 Balanse for Statens pensjonsfond – Utland ved utgangen av 2006 (tal i mill. kroner)

Aktiva   Passiva  
Konto i Noregs Bank1) 2)1 782 139Eigenkapital1 782 829
Mellomrekning med statskassa3)690
Sum1 782 829Sum1 782 829

1) I samsvar med forskrifta for forvalting av Statens pensjonsfond – Utland av 22. desember 2006 blir fondet plassert på ein særskild konto i form av kroneinnskott i Noregs Bank. Noregs Bank plasserer desse midlane i sitt eige namn i aktiva denominerte i utanlandsk valuta. Denne særskilde porteføljen fordelte seg på desse instrumenta per 31.12.06 (tal i mill. kroner):

Kortsiktige fordringar inkl. innskott i utanlandske bankar 6 918

Pengemarknadsplasseringar i utanlandske finansinstitusjonar mot sikring i verdipapir 619 746

Innlån frå utanlandske finansinstitusjonar mot sikring i verdipapir -728 414

Utanlandske renteberande verdipapir 1 166 941

Utanlandske aksjar 720 256

Regulering av terminkontraktar og derivater -1 777

Samla portefølje før forvaltingsgodtgjering 1 783 670

Påkommen forvaltingsgodtgjering -1 526

Rådgjevingstenester -5

Samla portefølje, rekneskapsført verdi 1 782 139

2) Per 31.12.06 hadde fondet kjøpt futures med ein samla marknadsverdi på 121 183 mill. kroner og selt futures for 119 085 mill. kroner. Det var kjøpt opsjonar på futures med ein samla marknadsverdi på 123 937 mill. kroner og selt opsjonar på futures med ein samla marknadsverdi på 23 090 mill. kroner. Det var kjøpt opsjonar på aksjar for 1 040 mill. kroner og seld opsjonar på aksjar for 1 065 mill. kroner. Ved utgangen av 2006 hadde fondet kontraktar om kjøp og sal av valuta på termin for til saman 49 313 mill. kroner. Det var kjøpt rentebytteavtalar med ein samla marknadsverdi på 1 040 041 mill. kroner og selt rentebytteavtalar med ein samla marknadsverdi på 1 041 312 mill. kroner. Det var kjøpt opsjonar på bytteavtaler på 6 226 mill. kroner. Det var kjøpt aksjebytteavtalar med ein samla marknadsverdi på 30 709 mill. kroner og selt aksjebytteavtalar med ein samla marknadsverdi på 18 847 mill. kroner. Renterisikoen for fondet sine plasseringar målt ved den modifiserte durasjonen var 6,02 prosent per 31. desember 2006.

3) Statsrekneskapen viser at netto avsetjing til Pensjonsfondet – Utland i 2006 blei 690 mill. kroner høgare enn det som faktisk blei overført frå statskassa til fondet. Denne differansen utgjer per 31.12.06 ei fordring for fondet på statskassa som blir innløyst etter utløpet av budsjetterminen, i form av ein auke i overføringa til fondet i 2007.

Tabell 3.3 Resultatrekneskap for Statens pensjonsfond – Utland (tal i 1 000 kroner)

KapPostTekst20052006
INNTEKTER:
5507Skatt og avgift på utvinning av petroleum:
71Ordinær skatt på formue og inntekt61 588 53878 014 941
72Særskatt på oljeinntekter103 293 386133 491 866
73Produksjonsavgift360 31941 605
74Arealavgift m.v.223 7692 307 987
Sum kap 5507165 466 011213 856 399
550870Avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemd på kontinentalsokkelen3 350 6363 404 635
5440Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda:
01Pro- et kontra-oppgjeret233 0730
24Driftsresultat1)99 329 731124 861 093
30Avskrivingar12 914 08414 537 729
50Overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond887 569462 183
80Renter6 646 1226 820 177
85Renter på mellomrekneskapen24 16724 276
Sum kap 5440120 034 746146 705 458
568580Utbytte STATOIL8 139 27712 592 843
Sum inntekter frå petroleumsverksemda296 990 670376 559 335
UTGIFTER:
2440Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda:
25Pro- et kontra-oppgjeret68615 878
30Investeringar20 701 29919 967 276
50Overføring til Statens petroleumsforsikringsfond731 0001 199 000
Sum kap 244021 432 98521 182 154
2442Disponering av innretningar på norsk kontinentalsokkel:
70Tilskott14 1770
Sum kap 244214 1770
Sum utgifter til petroleumsverksemda21 447 16221 182 154
Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, overført til SPU frå statsbudsjettet (inntekt – utgift)275 543 508355 377 181
Renteinntekter og utbytte m.v. 2)36 866 04955 708 857
Sum inntekter Statens pensjonsfond – Utland312 409 557411 086 038
Overført frå SPU til statsbudsjettet70 593 00057 372 000
Overskott i Statens pensjonsfond – Utland241 816 557353 714 038

1) Netto overskottsavtaler blir førte under kapitlet for driftsinntekter og –utgifter for Statens direkte økonomiske engasjement (kap 5440, post 24). Netto overskottsavtaler utgjorde føljande (tal i 1 000 kroner):

2005 2006

Inntekter 1 364 290 1 409 214

- Utgifter 1 010 1 938

= Netto 1 363 280 1 407 276

2) Dette talet utgjorde summen av desse postane (tal i 1 000 kroner):

Renteinntekter 27 815 267 43 014 016

Utbytte 10 308 703 14 231 678

Kurtasje -19 240 -6 172

Forvaltingsgodtgjering 1 238 681 -1 530 665

Sum 36 866 049 55 708 857

Tabell 3.4 Spesifisering av endring i balansen for Statens pensjonsfond – Utland (tal i 1 000 kroner)

 20052006
Inngåande saldo 1.1.1 011 539 8121 390 118 108
Overskott241 816 557353 714 038
Sal av Statoilaksjar m.v.12 478 314
Valutakursgevinst/tap33 609 611-24 231 602
Urealiserte verdipapirgevinstar/tap36 521 37013 591 517
Realiserte verdipapirgevinstar49 907 57747 482 370
Resultat futures-kontraktar1 249 806-3 328 644
Resultat opsjonar443126 364
Resultat aksjebytteavtalar1 238 5952 173 901
Resultat rentebytteavtalar1 756 0233 182 533
Omvurderingar samla124 283 42538 996 439
Utgåande saldo 31.12.1 390 118 1081 782 828 585

3.2 Statens pensjonsfond – Noreg

Folketrygdfondet forvaltar Statens pensjonsfond – Noreg på oppdrag frå Finansdepartementet. Ei ny forskrift for forvaltinga av Statens pensjonsfond – Noreg trådde i kraft 1. januar 2007 og erstatta eit reglement gitt av Stortinget. Det følgjer av forskrift 15. desember 2006 nr. 1419 at midlane i Statens pensjonsfond – Noreg kan plasserast i aksjar, grunnfondsbevis, obligasjonar, sertifikat og som innskott i forretnings- og sparebankar. Innanfor ein ramme på 50 prosent av fondets kapital rekna til kostpris kan midlane bli plasserte i mellom anna aksjar og grunnfondsbevis. I samband med at den nye forskrifta skulle tre i kraft, blei ordninga med at midlane i Statens pensjonsfond – Noreg blei investerte i kontolån til statskassa avvikla, jf. omtala i St.prp. nr. 31 (2006 – 2007) Ny saldering av statsbudsjettet 2006.

Den 23. mars 2007 offentleggjorde Folketrygdfondet årsmeldinga for fondet si forvalting av Statens pensjonsfond – Noreg. Kapitalen i Statens pensjonsfond – Noreg var 106,9 mrd. kroner ved utgangen av 2006. Marknadsverdien av dei samla eigenkapitalplasseringane til fondet var 63,4 mrd. kroner. Fondet hadde ein urealisert kursgevinst på slike verdipapir på 30,2 mrd. kroner. Rekna til kostpris var såleis verdien av eigenkapitalplasseringane 33,2 mrd. kroner, som ved utgangen av 2006 svara til 42,3 prosent av dei samla plasseringane i fondet (målt til kostpris). Marknadsverdien av dei samla renteplasseringane, etter netting av eigendelar og gjeld knytt til utlån av obligasjonar, var 43,5 mrd. kroner pr. 31. desember 2006, jf. tabell 3.5.

I 2006 var inntektene i Statens pensjonsfond – Noreg (medrekna endring i urealiserte gevinstar) på 17 426 mill. kroner. Urealiserte gevinstar utgjorde -216 mill. kroner, og andre inntekter svara til 16 mill. kroner. Dei bokførte renteinntektene utgjorde 6 891 mill. kroner, medan utbytte frå selskapa i porteføljen utgjorde 1 564 mill. kroner. Dei realiserte verdipapirgevinstane var på til saman 9 171 mill. kroner. Samla administrasjons- og forvaltingskostnadar var 41 mill. kroner.

Årsmeldinga til Folketrygdfondet viser korleis porteføljen av verdipapir i Statens pensjonsfond – Noreg blei forvalta i 2006. Avkastninga i fondet i 2006 var 11,1 prosent. Avkastninga på fondet sine plasseringar i renteinstrument (obligasjonar, sertifikat og bankinnskott) var 1,3 prosent, medan avkastninga på norske aksjar og grunnfondsbevis var 32,1 prosent. Avkastning av aksjeplasseringar i Danmark, Finland og Sverige var 24,2 prosent. Meldinga er utrykt vedlegg til St.meld. nr. 24 (2006 – 2007) Om forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2006.

Folketrygdfondets forvaltning av Statens pensjonsfond – Noreg er revidert av Riksrevisjonen.

Tabell 3.5 Hovudtal i balansen for Statens pensjonsfond – Noreg ved utgangen av 2006 (tal i mill. kroner)1)

Statlege obligasjonar og sertifikat15 240
Private og kommunale obligasjonar og sertifikat27 180
Bankinnskott3 220
Aksjeplasseringar (medrekna opptent utbytte)63 470
Utlån obligasjonar-2 171
Netto andre fordrings- og gjeldspostar1
Kapitalen i Statens pensjonsfond106 940

1) Marknadsverdien av Statens pensjonsfond – Noreg var ved utgangen av 2005 191,3 mrd. kroner, jf. Statsrekneskapen for 2005. I samband med avviklinga av ordninga med kontolån til statskassen, blei fondskapitalen redusert med 101,8 mrd. kroner 29. desember 2006, jf. St.prp. nr. 31 (2006 – 2007).

Fotnotar

1.

Overføringa frå fondet til statskassa blir fastsett i samband med Stortinget si handsaming av nysaldert budsjett i desember.

2.

Rapporten er om forvaltinga av Statens pensjonsfond – Utland, Noregs Banks valutareservar (investeringsporteføljen) og Petroleumsforsikringsfondet.

3.

I utrekninga av realavkastninga har Noregs Bank deflatert med ein vekta sum av konsumprisauken i dei landa som var i fondet sin referanseportefølje i 2006.

Til forsida