St.meld. nr. 3 (2006-2007)

Statsrekneskapen for 2006

Til innhaldsliste

4 Staten sin balanse og kommentarar til finanspostar

I kap. 4.1 blir staten sin balanse omtalt med noter til vesentlege endringar. I kap. 4.2 er det gitt eit oversyn over statens finansinntekter og finansutgifter. I kap. 4.3 er garantiar omtalte. I kap. 4.4 er hovudprinsippa som ligg til grunn for føring av statsrekneskapen, stilt opp.

4.1 Staten sin balanse med noter

Kapitalrekneskapen er ei oppstilling av staten sin balanse med hovudvekt på staten sine finansielle eigedelar, gjeld og eigenkapital. Kapitalrekneskapen er presentert i tabell 3.1 i vedlegg 3. Dei viktigaste eigedelane er i spesielle fond, utlån, fast kapital i statsverksemdene og verdipapir og kapital i staten sine sjølvstendige verksemder. Realkapital er normalt ikkje med i kapitalrekneskapen. For forretningsverksemdene er realkapital likevel del av balansen, jf. vedlegg 5 der balansar er presentert for forretningsverksemdene.

Staten sine eigedelar gjekk opp med 569,9 mrd. kroner i 2006, frå 2 044,2 mrd. kroner til 2 614,1 mrd. kroner. Auken må i hovudsak tilskrivast auken i verdien på Statens pensjonsfond – Utland (namnet blei endra frå Statens petroleumsfond i 2006). Vesentlege endringar blir omtalte i notane nedanfor.

Tabell 4.1 Staten sine eigedelar og gjeld (tal i mill. kroner)

TekstNote31.12.0531.12.06Endring
Eigedelar
60. Bank1109 627159 68050 053
61. Spesielle fond og forsikringar21 418 3221 907 549489 227
62. Verdipapir inkl. kapital i statens sjølvstendige verksemder392 76192 654-106
63. Utlån og uteståande fordringar4221 857226 7804 923
64. Ordinære fond551 08066 84015 760
65. Forskott6763874111
66. Kapital i statsbankane72 086755-1 331
68. Fast kapital i statsverksemdene8148 184154 5786 393
69. Eigenbehaldning statspapir913 66214 9631 301
70 – 73. Mellomrekneskapen med rekneskapsførarar10-9 648-7 0912 557
77. Statsobligasjonslån. Overkurs/underkurs11-4 417-3 3991 018
2 044 2772 614 183569 906
Gjeld og eigenkapital
80. Statsgjelda12334 132269 362-64 769
81. Kontolån frå ordinære fond1356 27672 78216 505
82. Verksemder med særskilde fullmakter147 8909 2271 337
84. Deposita og avsetjingar157 41517 51010 096
87. Overførte unytta løyvingar167 44310 1342 691
99. Avslutningskonto171 631 1212 235 168604 046
2 044 2772 614 183569 906

Noter:

  • Note 1. Kontantbehaldninga til staten var 50,1 mrd. kroner høgare ved utgangen av 2006 enn ved utgangen av 2005. Kontantbehaldninga er plassert i Noregs Bank.

  • Note 2. Auken i spesielle fond og forsikringar var på 489,2 mrd. kroner og kjem i hovudsak av auken i bokført verdi i Statens pensjonsfond – Utland på 392,7 mrd. kroner, jf. kap. 3 i denne meldinga. Frå 1. januar 2006 er Statens pensjonsfond etablert som ein overbygning over det som tidlegare var Statens petroleumsfond og Folketrygdfondet. Fondet består av Statens pensjonsfond – Utland (tidlegare Statens petroleumsfond) og Statens pensjonsfond – Noreg (tidlegare Folketrygdfondet). Statens pensjonsfond – Noreg viser ein auke på 95,2 mrd. kroner. Dette kjem mellom anna av at fondet no blir bokført til marknadsverdi i kapitalrekneskapen. Andre fond i kontogruppa viser ein auke på 1,3 mrd. kroner.

  • Note 3. Nedgangen i verdipapir m.m. er netto 106,2 mill. kroner, som i hovudsak kjem frå 152 mill. kroner i netto nedgang i behaldning av aksjar. Nedgang i verdien av aksjar kjem mellom anna av nedskriving av aksjar i Moxy Trucks AS med 94,4 mill. kroner. Behaldninga av aksjar i Telenor ASA er gått ned 141,9 mill. kroner. Verdien av aksjane i Eksportutvalget for fisk AS er justert opp med 61,0 mill. kroner til 111,0 mill. kroner. Sjå tabell 3.6 i vedlegg 3 for oversikt over statens aksjeinteresser.

  • Note 4. Auken i utlån og uteståande fordringar er netto 4,9 mrd. kroner. Av dette er 5,5 mrd. kroner auka utlån til Statens Lånekasse for utdanning og om lag 1,3 mrd. kroner i auka utlån til Helseføretaka. Utlån til Helse Aust auka med 1,4 mrd. kroner medan Helse Midt-Noreg hadde ein nedgang på 1,0 mrd. kroner. Innovasjon Noreg sitt ordinære innlån auka med 45,1 mrd. kroner medan Innovasjon Noreg si distriktsretta ordning hadde ein nedgang med 46,9 mrd. kroner. Statnett SF har nedbetalt eit lån frå staten med 0,4 mrd. kroner.

  • Note 5. Auken for ordinære fond er på 15,8 mrd. kroner. Av dette utgjer 14,5 mrd. kroner Fondet for forsking og nyskaping og om lag 0,6 mrd. kroner konverteringsfondet i Statens Lånekasse for utdanning. Norsk kulturminnefond hadde ein auke på 0,4 mrd. kroner og Grunnfond for fornybar energi og energieffektivisering (Grunnfondet) (tidlegare Energifondet) auka med 0,4 mrd. kroner. Ein må sjå kontogruppe 64 Ordinære fond i samanheng med kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond. Midla som fonda har ståande på konto i Noregs Bank er òg førte opp som kontolån til staten.

  • Note 6. Auken i forskott er på 111 mill. kroner som i hovudsak gjeld forskott under Samferdselsdepartementet for Statens vegvesen med 168 mill. kroner og ein nedgang på 58 mill. kroner som gjeld forskott på rammetilskott til fylkeskommunar og kommunar under Kommunal- og regionaldepartementet.

  • Note 7. Nedgangen i kapitalen i statsbankane på netto 1,3 mrd. kroner kjem i hovudsak av at grunnfondet til Statens lånekasse for utdanning blei ompostert til kontogruppe 6300 Utlån til statsbankane. Dette blei gjort på grunnlag av ny lov om utdanningsstøtte av 3. juni 2005. Kapitalen i Husbankens risikofond og Statens Miljøfond er redusert med til saman 22,5 mill. kroner.

  • Note 8. Auken i fast kapital i statsverksemdene på 6,4 mrd. kroner kjem i hovudsak av at kapitalen i SDØE har auka med 5,3 mrd. kroner og kapitalen i Statsbygg har auka med 1,0 mrd. kroner. Sjå òg tabell 3.2 i vedlegg 3.

  • Note 9. Auken i eigenbehaldning statspapir på 1,3 mrd. kroner kjem i hovudsak av at statsobligasjonar viser ein netto auke på 309 mill. kroner og statskassevekslar viser ein auke på 992 mill. kroner.

  • Note 10. Statlege verksemder sitt mellomvære med statskassa gjekk ned med 2,6 mrd. kroner slik at verksemdene har 7,1 mrd. kroner til gode per 31.12.2006. Det er i 2006 postert netto om lag 2,2 mill. kroner til kredit mot konto for forskyving i balansen, jf. fullmakt frå Stortinget til å postere differansar og uoppklarte beløp mot konto for forskyving i balansen. Dette gjeld desse verksemdene, og inneber at dei samla fekk redusert beløp til gode i statskassa slik:

    Kystverket0,633 mill. kroner
    Norsk Lysingsblad-0,845 mill. kroner
    Vegdirektoratet2,017 mill. kroner
    Samla2,230 mill. kroner
  • I tillegg er det postert 0,142 mill. kroner til debet mot konto for forskyving i balansen som gjeld uoppklarte differansar på 0,046 mill. kroner under Miljøverndepartementet og uoppklarte differansar på 0,096 mill. kroner under Barne- og likestillingsdepartementet. Under Samferdselsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet er opptrekksrenter for andre halvår for lån til Svinesundforbindelsen og Regionale helseføretak ført mot mellomvære med statskassa. Dette kjem av at opptrekksrente for 2. halvår først blei belasta departementa sine konti og godskrive Finansdepartementet sin konto i Noregs Bank i januar året etter. Dette har derfor ingen verknad på staten sin samla kontantbehaldning i Noregs Bank per 31.12. Avsetjingane går fram av mellomvære mellom statskassa og Samferdselsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.

  • Note 11. Som følgje av over/underkurs på statsobligasjonslån, er bokført verdi auka med 1,0 mrd. kroner.

  • Note 12. Statsgjelda hadde ein nedgang med 64,8 mrd. kroner i 2006. Dette kjem i hovudsak av at Langsiktige kontolån blei nedskrivne med 88,6 mrd. kroner medan Faste lån, opptatt innanlands hadde ein auke med 32 mrd. kroner. Sjå tabell 3.3 i vedlegg 3 for ein nærare spesifikasjon av endringa i statsgjelda.

  • Note 13. Kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond omfattar alle ordinære fond som har fondsmidlar plasserte i statskassa på konto i Noregs Bank. Dei fonda der staten både eig og kan disponere fondskapitalen, er i tillegg aktiverte i kontogruppe 64 Ordinære fond. Auken for 2006 er på 16,5 mrd. kroner. Av dette utgjer 14,5 mrd. kroner Fondet for forsking og nyskaping og Lånekassas konverteringsfond utgjer 0,6 mrd. kroner. Norsk kulturminnefond hadde ein auke på 0,4 mrd. kroner og Grunnfond for fornybar energi og energieffektivisering (Grunnfondet) hadde òg ein auke på 0,4 mrd. kroner. Sjå tabell 3.1 i vedlegg 3 for detaljar.

  • Note 14. Kontogruppe 82 omfattar verksemder med særskilde fullmakter til å nettoføre utgifter og inntekter. Verksemdene sine likvide midlar er plasserte i Noregs Bank. Staten kan nytte denne likviditeten, som blir notert som gjeld i kapitalrekneskapen. Sjå tabell 3.1 i vedlegg 3 for detaljar.

  • Note 15. Deposita og avsetjingar viser ein auke på 10,1 mrd. kroner. Avsetjinga til Statens pensjonsfond – Utland auka med 8,4 mrd. kroner. Avsetjinga til Statens petroleumsforsikringsfond auka med 1,1 mrd. kroner.

  • Note 16. Unytta løyvingar som blir overførte til neste budsjettår, blir registrerte som gjeld i statsrekneskapen. Overføringane til 2007 er samla 10,134 mrd. kroner, noko som er 2,7 mrd. kroner høgare enn overført løyving frå 2005. I talet er overførte løyvingar på 90-post (lånetransaksjonar) med. Overførte løyvingar utanom 90-postar er 10,002 mrd. kroner, jf. kapittel 1.

  • Note 17. Avslutningskontoen med staten sin eigenkapital auka i 2006 med 604,0 mrd. kroner frå 1 631,1 mrd. kroner til 2 235,2 mrd. kroner, jf. note 1 – 16 ovanfor. Sjå òg tabell 1.12 i vedlegg 1.

4.2 Finansinntekter og finansutgifter

Staten hadde i 2006 renteinntekter på om lag 13,7 mrd. kroner og renteutgifter på om lag 24,2 mrd. kroner. Netto renteutgifter blei dermed 10,6 mrd. kroner, jf. tabell 4.2. Frå 2005 til 2006 auka rentene av innanlandsk statsgjeld med 8,5 mrd. kroner. Rentene av den utanlandske statsgjelda auka med 32 mill. kroner.

Tabell 4.2 Renter (tal i mill. kroner)

  200420052006
1. Renteinntekter i alt11 18311 36813 741
Renter frå statsbankane8 1707 1807 328
Renter av kapital i statens forretningsverksemd333439
Renter av innskott og andre krav2 0243 3225 504
Renter av lån til statsføretak182147124
Renter av lån til særlovselskap000
Renter av lån til aksjeselskap403382363
Renter frå folketrygda19822
SPK, lån til statstilsette352295361
2. Renteutgifter i alt16 78715 77624 312
Av innanlandsk statsgjeld1)16 78415 77624 280
Av utanlandsk statsgjeld3032
Netto renteinntekter/ renteutgifter -5 604-4 408-10 571

1) Renteutgifter for innanlandsk statsgjeld omfattar gjeld under kontogruppe 80 og 81.

4.3 Garantiar

Forvaltninga kan ikkje gi garantiar som kan føre til tap i seinare terminar utan at Stortinget har gitt ein garantifullmakt. Dette gjeld garantiordningar der staten garanterar for at låntakar oppfyller sine plikter overfor långivar.

Tabell 4.3 viser samla garantiansvar etter det einskilde departement for 2005 og 2006. Per 31.12.2006 har forvaltninga gitt garantiar med eit samla garantiansvar på 51,5 mrd. kroner. Dette er ein auke på om lag 5,0 mrd. kroner frå 2005. Auken kjem i hovudsak av at den alminnelege garantiordninga under GIEK hadde eit samla garantiansvar som auka med 3,9 mrd. kroner, medan Noregs Kommunalbank – innlån hadde ein nedgang på 740 mill. kroner. Samla utbetalingar ved tap på garantiar i 2006 var på 92,0 mill. kroner. Den største delen er utbetalt under den alminnelege garantiordninga under GIEK. I vedlegg 4 kan ein finne meir informasjon om dei einskilde garantiordningane.

Tabell 4.3 Samla garantiansvar for staten per 31.12.2006 (tal i mill. kroner)

  Garantiansvar per 31.12.2005Utbetalt ved tap i 2006Garantiansvar per 31.12.2006
Utanriksdepartementet24,220,3
Kommunal- og regionaldepartementet6 599,15 859,1
Helse- og omsorgsdepartementet19,813,7
Barne- og likestillings- departementet3,21,9
Nærings- og handelsdepartementet29 797,292,034 931,4
Landbruks- og matdepartementet1,10,0
Samferdselsdepartementet840,4683,9
Miljøverndepartementet14,09,3
Fornyings- og administrasjonsdepartementet224,5223,0
Finansdepartementet8 946,89 741,5
Sum46 470,492,051 484,1

4.4 Prinsipp for føring av statsrekneskapen

Følgjande hovudprinsipp ligg til grunn for statsrekneskapen:

  • Staten sin løyvingsrekneskap og balanse blir ført etter kontantprinsippet, i tråd med Stortinget sitt løyvingsvedtak.

  • Rekneskapen blir kvart år sett opp med rekneskapstermin frå 1. januar til 31. desember. Ein oversikt over tilsegnsfullmakter og bestillingsfullmakter utover 31. desember blir presentert som informasjon i statsrekneskapen.

  • Løyvingsrekneskapen følgjer den inndelinga som Stortinget har fastsett i vedtatt budsjett og blir sett opp fullstendig etter denne.

  • Løyvingsrekneskapen blir ført etter bruttoprinsippet, slik at inntekter og utgifter blir sette opp kvar for seg.

  • Transaksjonar skal førast med verdien på betalingstidspunktet. Verdien blir sett til historisk nyskaffingsverdi på transaksjonstidspunktet, med unntak av Statens pensjonsfond – Utland og Statens pensjonsfond – Noreg, som nyttar marknadsverdi.

  • Transaksjonar på post 90, lån, tilbakebetalingar m.v. i løyvingsrekneskapen blir førte i Statens kapitalrekneskap som auke/nedgang i staten sine eigedelar og gjeld.

  • Statsrekneskapen blir sett opp basert på fullstendig rapportering frå alle statlege verksemder som rapporterar til statsrekneskapen, og rapportering frå det einskilde departement. Tala i rekneskapen og statlege verksemder sitt mellomrekneskap med statskassa er stadfesta av det einskilde departement.

  • Rapporterte betalingar over verksemda sin bankkonto er avstemte mot staten sitt konsernkontosystem i Noregs Bank.

  • Staten sin løyvingsrekneskap blir gjort opp med eit brutto finansieringsbehov, jf. tabell 1.3. Brutto finansieringsbehov blir sikra ved låneopptak og ved trekk på kontantbehaldninga i Noregs Bank, jf. løyvingsrekneskapen sitt kapitel 5999. Finansieringsbehovet blir ført mot staten sin eigenkapital, jf. avslutningskontoen i kapitalrekneskapen.

Til forsida