St.meld. nr. 8 (2007-2008)

Kulturell skulesekk for framtida

Til innhaldsliste

4 Innhald og kvalitet i Den kulturelle skulesekken – status og vidare utvikling

4.1 Innleiing

Den kulturelle skulesekken skal medverke til at elevar i skulen får oppleve, kan gjere seg kjende med og utvikle forståing for profesjonelle kunst- og kulturuttrykk av alle slag – musikk, scenekunst, visuell kunst, litteratur, film, kulturarv og sjanger­overskridande uttrykk. Innan alle uttrykka skal elevane få møte fortida og samtida, innan eit kulturelt mangfald, men òg forankra i det lokale.

Tilboda frå Den kulturelle skulesekken skal både vere nyskapande og tradisjonelle, gjenkjennelege og overraskande, tanketunge og underhaldande, komplekse og utfordrande. Kunsten og kulturen kan slik appellere til elevane sine kjensler, gje dei opplevingar, men også noko å tenkje over og drøfte med andre.

Kulturmøta i Den kulturelle skulesekken skal vere tufta på kvalitet og profesjonalitet, både kunstnarleg og formidlingsmessig. Kunstnarar og kulturarbeidarar frå det frie feltet og institusjonane skal gje tilbod om gode og profesjonelle kunst- og kulturproduksjonar i Den kulturelle skulesekken. Tilboda skal vere varierte, og det skal nyttast ulike formidlingsmetodar. Det skal finnast god informasjon og materiell for føre- og etterarbeid om dei ulike tilboda.

Det er kultursektoren som skal leggje til rette for eit godt og profesjonelt innhald i Den kulturelle skulesekken. Produksjonar må kvalitetssikrast innanfor profesjonelle rammer. Fylkeskommunane og kommunane har eit særleg ansvar for å sikre at produksjonane dei formidlar, har høg kvalitet.

Planlegging må gjennomførast i god tid og i dialog med opplæringssektoren. Ved at opplæringssektoren er med i tilrettelegginga når det gjeld føre- og etterarbeid, kan møta gjerast relevante for skulen si ordinære verksemd og implementerast på ein god måte som del av skulen sin årsplan. At skulen nyttar tid til føre- og etterarbeid, er skulen sitt eige ansvar. Det er opp til skulen og læraren i kva grad dette skjer. Det er avgjerande at skulen har eit medvite og gjennomtenkt forhold til kva kunst- og kulturopplevingar kan bety for elevane i skulen sin kvardag.

Innhaldet i kunst- og kulturtilboda i Den kulturelle skulesekken medverkar til å realisere skulen sine mål slik dei kjem til uttrykk i den generelle delen i læreplanverket og i dei ulike læreplanane.

4.2 Omfanget av fylka sine tilbod i Den kulturelle skulesekken

I 2007 har sekretariatet for Den kulturelle skulesekken og fylkeskommunane utarbeidd eit nytt rapporteringsskjema for Den kulturelle skulesekken. Resultata frå rapporteringa for skuleåret 2006/2007 gjev eit oversyn over innhaldet og omfanget i fylkeskommunane sine tilbod i Den kulturelle skulesekken, medan ein førebels ikkje har tilstrekkelege tal for å gje eit fullstendig bilete av kva kommunane tilbyr elevane. Det vil bli arbeidd med å betre rapporteringsskjemaet og rapporteringsrutinane i tida framover. Sjå nærare omtale i punkt 6.5.

Tabell 4.1 Innhald i fylkeskommunane sine tilbod i skuleåret 2006–2007 fordelt på uttrykk, produksjonar og enkeltarrangement (førebelse tal)

UttrykkProduksjonarEnkeltarrangement
Film1311433
Litteratur1553229
Kulturarv1324017
Visuell kunst1737847
Scenekunst1683583
Musikk2787079
Kunstartar i samspel41760
Ikkje fordelt på uttrykk32406
Sum111028 354

Kjelde: Sekretariatet for Den kulturelle skulesekken

Førebelse tal frå rapporteringa viser at fylkeskommunane i skuleåret 2006–2007 formidla 1110 ulike produksjonar fordelte på kunst- og kulturuttrykka film, litteratur, kulturarv, visuell kunst, scenekunst og musikk eller kombinasjonar av desse. Fylkeskommunane stod for 28 354 enkeltarrangement, inkludert Rikskonsertane. Visuell kunst hadde 7847 enkeltarrangement og musikk hadde 7079 enkeltarrangement. Film hadde færrast enkeltarrangement med 1433, dersom ein ser vekk frå kunstartar i samspel og tilbod som ikkje er fordelte på uttrykk. Talet på produksjonar innanfor filmfeltet er derimot relativt høgt.

Tabell 4.2 Deltakarar i fylkeskommunane sitt tilbod i skuleåret 2006–2007 fordelt på uttrykk (førebelse tal)

UttrykkTalet elevar
Film74 560
Litteratur312 450
Kulturarv310 659
Visuell kunst251 543
Scenekunst344 624
Musikk1 026 168
Kunstartar i samspel51 547
Ikkje fordelt på uttrykk212 838
Sum2 584 389

Kjelde: Sekretariatet for Den kulturelle skulesekken

Tala viser at dekningsgraden av Den kulturelle skulesekken er nær 100 prosent, det vil seie at bortimot alle elevane i grunnopplæringa har motteke tilbod frå fylkeskommunane. Om lag 2,6 mill. elevar har delteke i fylkeskommunane sine tilbod i 2006. Med 640 000 elevar i grunnskulen inneber dette at kvar elev i gjennomsnitt har fått om lag 4 tilbod frå fylkeskommunen. I tillegg til dette kjem tilboda som kommunane sjølve har stått for.

4.3 Nærare om dei ulike kunst- og kulturuttrykka

Mange nasjonale miljø, regionale og lokale institusjonar og enkeltaktørar innanfor kultursektoren medverkar i dag med tilbod i Den kulturelle skulesekken.

Innanfor dei fleste uttrykka finst det nasjonale kompetansemiljø som mellom anna arbeider med å utvikle dei ulike uttrykka og skipe nettverk for aktørane i feltet. Dette omfattar Rikskonsertane, Norsk scenekunstbruk, Norsk Form, Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Norsk filminstitutt, Norsk kulturråd, ABM-utvikling og Riksantikvaren.

Lokale og regionale kunst- og kulturmiljø er også viktige ressursar i Den kulturelle skulesekken. Dette gjeld til dømes regionale kunst- og kulturinstitusjonar, folkebiblioteka, musea, lokalarkiva, kunstnarsentera, frie grupper og kunstnarar, det frivillige kunst- og kulturmiljøet, kyrkjene og andre trussamfunn. Mange av desse samarbeider med fylkeskommunar og kommunar om kunst- og kulturformidling, fagleg utvikling, nettverksarbeid og kvalitetssikring. I samarbeid og på tvers av kunst- og kulturuttrykka kan mange aktørar utvikle fleire interessante tilbod som kan nyttast på fleire skular og nå fleire elevar.

Den kulturelle skulesekken representerer eit viktig arbeidsfelt for institusjonane og kunstnarar, og har medverka til at kunstproduksjonar for born og unge har fått ein høgare status. Likevel er det langt fram før alle kulturinstitusjonar som får statlege midlar, og som dermed har eit særleg ansvar for å leggje til rette for å nå born og unge, bidreg i naudsynt grad med å utvikle produksjonar som kan nyttast i Den kulturelle skulesekken. Dei institusjonane som har eit nasjonalt ansvar, kan også bruke fleire ressursar til å utvikle tilbod i ordninga.

Spelemidlar til sentrale tiltak

20 prosent av dei statlige spelemidlane til skulesekken går i dag til sentrale tiltak for å styrkje kunst- og kulturområde med særlege utfordringar. I 2007 utgjer dette 33 mill. kroner, som er fordelte til satsingsområda musikk, film, scenekunst og visuell kunst. Ingen sentrale prosjektmidlar blir brukte til områda litteratur og kulturarv, men seks regionale vitensenter får til saman 6 mill. kroner av dei regionale midlane.

Tabell 4.3 Fordeling av spelemidlar til sentrale tiltak i 2007 (mill. kroner)

MusikkRikskonsertane19
ScenekunstNorsk kulturråd3
Norsk scenekunstbruk3
Visuell kunstNasjonalmuseet2
Nordnorsk kunstnersenter0,5
Norsk Form0,5
Trondheim kunstmuseum0,5
Lillehammer kunstmuseum0,5
Sørlandets kunstmuseum0,5
Rogaland kunstmuseum0,5
FilmNorsk filminstitutt3
Totalt33

Kjelde: Kultur- og kyrkjedepartementet

Nasjonalmuseet, Rikskonsertane og Norsk scenekunstbruk nyttar spelemidlane til tiltak som er del av den ordinære aktiviteten i institusjonane. Norsk filminstitutt og Norsk kulturråd lyser ut midlane til utviklingsprosjekt.

Norsk scenekunstbruk, Rikskonsertane, Nasjonalmuseet og Norsk filminstitutt har ein landsdekkjande funksjon innanfor sine kunstuttrykk, og samarbeider med regionale og lokale aktørar. Desse fire institusjonane legg inn monaleg eigeninnsats i arbeidet, og spelemidlane fungerer som ei tilskunding til å ta eit større ansvar i Den kulturelle skulesekken.

Kunstmusea og Norsk Form har nytta midlane til formidlingsprosjekt. Nordnorsk kunstnarsenter har nytta midlane til omfattande turnéverksemd med kunstprosjekt til elevar i dei tre nordlegaste fylka.

Dei seks vitensentera Bergen vitensenter, Nordnorsk vitensenter i Tromsø, Innlandets vitensenter på Gjøvik, Jærmuseet, Midtnordisk vitensenter i Trondheim og Norsk Teknisk museum i Oslo skal til saman gje tilbod til elever over heile landet. Vitensentera har driftsmidlar dels frå Kunnskapsdepartementet og dels frå Kultur- og kyrkjedepartementet. Spelemidlane går til utviklingstiltak og tilbod i Den kulturelle skulesekken.

Som omtala i kap. 7 vil dei sentrale midlane og den delen av dei regionale midlane som hittil har gått til vitensentera, over ein periode verte nytta til å utvide Den kulturelle skulesekken til vidaregåande opplæring. I framtida vil sentrale kulturtiltak ikkje lenger få spelemidlar. I staden vil ein øyremerkje midlar over statsbudsjettet til Den kulturelle skulesekken. Samstundes skal kultursektoren medverke med tilbod i Den kulturelle skulesekken som ein del av deira ordinære verksemd.

Figur 4.1 Teater med truck!

Figur 4.1 Teater med truck!

I 2003 skreiv Erlend Loe ei ny underfundig historie om truckføraren Kurt for Trøndelag Teater. Historia vart sett i scene i samarbeid med Cirka Teater i teaterframsyninga «Kurt koker hodet». Framsyninga vart ein kjempesuksess – og 2000 elevar i Trondheim fekk oppleve Kurt med trucken på Trøndelag Teater si hovudscene gjennom Den kulturelle skulesekken i Sør-Trøndelag.

Foto: Trøndelag Teater

4.3.1 Musikk

Nasjonal aktør for musikk i Den kulturelle skulesekken er Rikskonsertane. Rikskonsertane har bygd opp ei landsomfattande ordning med skulekonsertar gjennom snart førti år. Skulekonsertane byggjer på eit samarbeid mellom alle fylkeskommunane i landet og Rikskonsertane. Produksjonsansvaret er delt og nedfelt i avtaler mellom Rikskonsertane og fylkeskommunane. Turnékonsulentane hjå Rikskonsertane og turnéleggjarane i fylka samarbeider om å planleggje turnélegginga. Skulekonsertane er den viktigaste enkeltkomponenten i Rikskonsertane si verksemd. Rikskonsertane gjev eit breitt fleirkulturelt konserttilbod til born og unge over heile landet.

Løyvinga til Rikskonsertane over statsbudsjettet er i 2007 om lag 135 mill. kroner. Om lag 74 mill. kroner finansierer skulekonsertane. I tillegg har Rikskonsertane sidan 2004 motteke 19 mill. kroner per år av dei sentrale midlane til Den kulturelle skulesekken. Dette gjer at Rikskonsertane i dag femnar om alle kommunane i landet så nær som ein. Elevane får normalt tilbod om to konsertar årleg, innan alle sjangrar. I kalenderåret 2006 vart det gjeve 8614 skulekonsertar for til saman 1 238 303 elevar i grunnskulane. Om lag 700 musikarar vert kvart år engasjerte til turnear i kommunane.

Tabell 4.4 Skulekonsertar fordelt etter fylke, kalenderåret 2006

Østfold355
Akershus808
Oslo554
Hedmark208
Oppland350
Buskerud468
Vestfold384
Telemark330
Aust-Agder253
Vest-Agder345
Rogaland484
Hordaland1083
Sogn og Fjordane268
Møre og Romsdal605
Sør-Trøndelag464
Nord-Trøndelag316
Nordland659
Troms463
Finnmark212
Svalbard5
Totalt 20068614

Kjelde: Rikskonsertane sin årsrapport for 2006

Rikskonsertane har eit nasjonalt samansett programråd som kvalitetssikrar produksjonane, og i 2006 oppretta Rikskonsertane eit ressurs- og utviklingssenter i avdelinga for born og unge. Senteret arbeider med å styrkje samarbeidsrelasjonane til fylke, kommunar, skular, nasjonale institusjonar og organisasjonar, Den kulturelle skulesekken med fleire. Evaluering og initiativ til forsking på området musikkformidling til born og unge er andre viktige oppgåver, i tillegg til internasjonal samhandling. Rikskonsertane har dei siste åra lagt vekt på å sikre forankringa av skulekonsertane i skulen gjennom tiltak som til dømes elevar som kulturvertar, sjå boks 4.1.

I tillegg til Rikskonsertane sitt tilbod nyttar somme kommunar ressursane i den lokale kulturskulen til å formidle konsertar med lokal tilknyting. Nokre festivalar har tilbod om konsertar for skuleelevar på staden for festivalen, og orkestra har i nokon mon også produsert tilbod i Den kulturelle skulesekken, anten i samarbeid med Rikskonsertane eller med kommunen eller fylkeskommunen.

Figur 4.2 Frå Rikskonsertane sin produksjon «Sokora»

Figur 4.2 Frå Rikskonsertane sin produksjon «Sokora»

Kossa Diomande formidlar vest-afrikansk tradisjonsmusikk.

Foto: Mimsy Møller/Rikskonsertane

Vidare utvikling

Rikskonsertane si rolle som nasjonal aktør på musikkfeltet skal vidareutviklast. Ved å samarbeide med institusjonar og kunstnarar ynskjer Rikskonsertane å differensiere konserttilbodet. Rikskonsertane vil vidareføre prosjekt og turnéopplegg som tilbyr skulane workshops, heildagsbesøk og prosessarbeid som del av eit undervisningsopplegg i Den kulturelle skulesekken.

Rikskonsertane ser det som svært viktig å legge vekt på kunstnarisk, formidlingsmessig og produsentfagleg kvalitet i alle delar av verdikjeda. Det er viktig å vidareføre samarbeidet med lokale kunstnarar. Det er sett i gang ei evaluering av det nasjonale programrådet for å styrke programrådet si rolle, mandat og arbeidsmetodar.

Rikskonsertane sitt ressurs- og utviklingssenter vil søkje å koordinere arbeidet sitt med Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa og supplere oppgåvene deira der det er naturleg.

Det er viktig at skuleelevar møter det profesjonelle musikkuttrykket både på eigen skule, men òg på andre arenaer der også større grupper, som til dømes orkestra, kan opptre. Dei nasjonale musikkinstitusjonane og knutepunkta bør i større grad gje tilbod til skuleelevar utanfor eigen region.

Boks 4.1 Kulturvertar – elevar som arrangørar

Dei siste åra har fleire fått auga opp for kva ressursar elevane kan vere når kunstnarane kjem til skulen. Rikskonsertane og Musikk i Skolen har utvikla eit nettbasert opplegg for å oppmode elevar til å ta ansvar for å førebu og leggje til rette for skulekonsertane. Elevane får kunnskap om kva det inneber å arrangere ein konsert, og musikarane kjem til ein skule som er godt budd og har høge forventningar.

http://www.rikskonsertene.no/ eleversomarrangorer/

4.3.2 Visuell kunst

Det visuelle kunstfeltet omfattar biletkunst, kunsthandverk, arkitektur og design, eller kombinasjonar og variantar av desse. Feltet omfattar både den visuelle kunstarven som finst i kunstmusea, og møte med samtidskunstnarar og samtidskunst.

Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design er ein viktig nasjonal aktør for visuell kunst i Den kulturelle skulesekken. Museet forvaltar ein stor del av landets visuelle kunstarv. I tillegg produserer institusjonen vandreutstillingar og formidlingstilbod særleg innan nyskapande samtidskunst. Frå 1.7.2005 vart verksemda til Riksutstillingar innlemma i Nasjonalmuseet, og som følgje av dette overtok museet ansvaret for landsdekkjande formidling av kunst. Det landsdekkjande formidlingsarbeidet er organisert gjennom dei tre nettverka skulenettverket, gallerinettverket og museumsnettverket. Innanfor desse områda driv museet nettverkssamarbeid, produksjon av utstillingar, turnélegging, formidling og kompetanseoverføring.

Nasjonalmuseet mottek 198,8 mill. kroner over statsbudsjettet i 2007. Av dette vert om lag 5,1 mill. kroner nytta til skulenettverket. Sidan 2004 har Nasjonalmuseet også fått 2 mill. kroner årleg av spelemidlane i Den kulturelle skulesekken. Midlane går til produksjon og formidling av tilbod i Den kulturelle skulesekken.

I tillegg til skulenettverket har Nasjonalmuseet ei stor verksemd på andre utstillingsarenaer retta mot skuleelevar. I museets fire bygningar i Oslo og i gallerinettverket, som består av ulike framsyningsstader i heile landet, er det eit variert tilbod til skuleelevar. I 2007 utgjorde denne verksemda om lag 5 mill. kroner.

Innanfor skulenettverket har Nasjonalmuseet avtalar med tolv fylkeskommunar og ein kommune. Samarbeidet er regulert i fireårige intensjonsavtalar og omfattar produksjonar og kompetanseutvikling til Den kulturelle skulesekken. Noverande funksjonsperiode er 2005–2008. I 2006 hadde Nasjonalmuseet 16 ulike skuleutstillingar på turné for nærare 43 000 elevar. I tillegg vart det halde 28 lærarseminar for til saman 241 deltakarar, for at lærarane skal kunne formidle utstillinga vidare til elevane.

Til liks med Rikskonsertane har Nasjonalmuseet eit programråd med både interne og eksterne fagpersonar som kvalitetssikrar produksjonane som skal på turné. Nasjonalmuseet samarbeider mellom anna med fylkeskommunane, frilansarar og regionale kunstmuseum om produksjon og formidling av visuell kunst.

I tillegg til Nasjonalmuseet er det mange aktørar som arbeider med visuell kunst i Den kulturelle skulesekken. Norsk Form, dei regionale kunstmusea og andre formidlingsarenaer på kunstfeltet gjev, ofte i samarbeid med fylkeskommunane, mange gode tilbod til elevar innan visuell kunst. Det vil vere viktig å sjå nærare på korleis dei regionale kunstmusea i endå større grad kan medverke til formidling av visuell kunst i Den kulturelle skulesekken.

Andre aktørar er fylkesgalleria, kunstnarsentera og kunstforeiningane samt enkeltkunstnarar som vert engasjerte av kommunar og fylkeskommunar. Fire regionale kunstmuseum, Norsk Form og Nordnorsk kunstnarsenter har til no hatt spelemidlar i Den kulturelle skolesekken. I 2006–2007 har dei regionale kunstmusea nådd elevar i sin eigen region og Nordnorsk kunstnarsenter har nådd 4500 elevar i alle dei tre nordligaste fylka. Norsk Form har hatt eit samarbeid med einskilde skular i nokre fylke.

I 2005 fekk Nasjonalmuseet i oppdrag frå Kultur- og kyrkjedepartementet å utarbeide ein handlingsplan for landsdekkjande formidling av biletkunst, kunsthandverk, arkitektur og design. Planen skisserer ei utvikling der Nasjonalmuseet vil fungere som eit nasjonalt ressurs- og kompetansesenter. I planen vert det gjort framlegg til tiltak som skal sikre at heile landet får oppleve biletkunst, kunsthandverk, arkitektur og design av høg kvalitet, på tvers av periode- og sjangergrenser.

Figur 4.3 «Illusjon»

Figur 4.3 «Illusjon»

Bilete frå utstillinga «Illusjon». Elevar frå Øksnes kommune i samtale med tekstilkunstnaren Kari Vevle.

Foto: Øksnes Kunstforening

Vidare utvikling

Det er eit mål at alle skuleelevane i landet får møte profesjonell visuell kunst av høg kvalitet i løpet av skuletida. Det er viktig at elevar møter profesjonell visuell kunst i gode utstillingslokale også utanfor skulen.

Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design bør som nasjonal aktør på feltet medverke til å produsere tilbod, vidareutvikle, koordinere og styrkje arbeidet med formidling av visuell kunst i Den kulturelle skulesekken, både når det gjeld den visuelle kunstarven og møte med samtidskunstnarar og samtidskunst.

Ny teknologi opnar for nye og spanande formidlingsmåtar som kan gjere visuell kunst meir tilgjengeleg for elevar i heile landet. Ein nasjonal aktør bør vere ei drivkraft bak utviklinga av slike formidlingsmåtar. Nasjonalmuseet må dessutan syte for eit fungerande nettverk for visuell kunst i Den kulturelle skulesekken og medverke til ei kvalitetsutvikling av feltet. Det er naturleg å sjå nettverksarbeidet i Den kulturelle skulesekken i samanheng med den rolla som Nasjonalmuseet har som ansvarleg for det nasjonale museumsnettverket for kunst.

Den visuelle kunstformidlinga i Den kulturelle skulesekken kan best utviklast vidare gjennom å styrkje dei regionale kunst- og kunstindustrimusea som produsentar og formidlarar av profesjonell kunst, i samarbeid og dialog med eit sterkt nasjonalt kompetansemiljø. I det vidare arbeidet vil Nasjonalmuseet sin handlingsplan for landsdekkjande formidling av biletkunst, kunsthandverk, arkitektur og design frå 2005 bli konkretisert og revidert slik at oppgåve- og rolledelinga overfor dei regionale kunst- og kunstindustrimusea og dei andre aktørane i feltet vert klare.

4.3.3 Scenekunst

Produksjon av scenekunst til Den kulturelle skulesekken skjer både ved teater-, opera- og danseinstitusjonane og i dei frie sceniske gruppene.

Norsk scenekunstbruk er ei formidlingsordning for ferdige framsyningar av frie sceniske grupper frå heile landet. Scenekunstbruket er drive av Danse- og teatersentrum. I løpet av få år har Norsk scenekunstbruk vorte den viktigaste aktøren for scenekunst i Den kulturelle skulesekken. I kalenderåret 2006 formidla Norsk scenekunstbruk totalt 2350 framsyningar, fordelte på 57 produksjonar til nesten 230 000 publikummarar. Så å seie alle framsyningane var i samband med Den kulturelle skulesekken.

Norsk scenekunstbruk/Danse- og teatersentrum får 2,974 mill. kroner i løyvingar over Kultur- og kyrkjedepartementets budsjett for 2007. Sidan 2004 har Scenekunstbruket i tillegg disponert 3 mill. kroner av spelemidlane til formidling av scenekunstproduksjonar.

Scenekunstbruket har eit medlemsnettverk av fylkeskommunar og deira lokale arrangørar. Nettverket omfattar i dag 16 fylke, med til saman 369 kommunar. Oslo og Nord-Trøndelag er ikkje med i Scenekunstbruket. Finnmark har stått på venteliste for å kome med i Scenekunstbruket sidan 2005.

Scenekunstbruket har oversyn over kva som vert produsert og vist av profesjonell scenekunst utanfor institusjonane. Scenekunstbruket ser og vurderer kvaliteten på framsyningar i samarbeid med ei fagleg referansegruppe, og i dialog med fylkesnettverket. Kunstnarleg kvalitet vert vektlagd, men òg at det samla repertoaret i Scenekunstbruket skal syne eit mangfald av uttrykksformer og format.

Arrangørane i nettverket kan fritt nytte Scenekunstbruket sitt repertoaroversyn til å velje framsyningar. Arrangørane tek sjølve kontakt med gruppa/utøvaren og avtalar eventuelle spelejobbar eller turnear. I skulesekksamanhang er det i hovudsak fylkeskommunane som er arrangørar og som i samarbeid med kommunane tingar turnear til sine fylkesordningar.

Scenekunstbruket har ei ordning med arrangørstønad, som inneber at ein arrangør får refundert delar av dei totale utgiftene til framsyningar valt frå repertoaret til Scenekunstbruket. Arrangørstøtta vert utrekna frå tala i fylka sine årsrapportar. Storleiken på arrangørstøtta er kvart år avhengig av kva midlar Scenekunstbruket har til rådvelde og aktiviteten i heile landet. Dei fylka som nyttar Scenekunstbruket sine framsyningar mest, får også refundert mest.

Scenekunstbruket arrangerer også kompetansehevande tiltak for både scenekunstnarar og arrangørar. Det er særleg lagt vekt på å auke kompetansen på scenekunst i Den kulturelle skulesekken. Showbox er ein visningsarena og møtestad for scenekunstnarar og arrangørar.

Dei store scenekunstinstitusjonane og regionteatra har i varierande grad vore aktive i Den kulturelle skulesekken. Dei store institusjonane har ein lengre planleggingshorisont enn dei frie gruppene og dei små institusjonane. Det bør vere mogeleg å inkludere produksjonar frå desse i større grad enn i dag. Somme av dei mindre institusjonsteatra har produsert mykje scenekunst for Den kulturelle skulesekken. Det viktigaste må likevel vere at tilboda i Den kulturelle skulesekken held høg kvalitet uavhengig av kven som har produsert tilboda. Scenekunsttilbodet i Den kulturelle skulesekken skal vere prega av mangfald, både når det gjeld innhald og aktørar. Det er viktig at tilboda er kvalitetssikra og at ingen aktørar har monopol på å levere tilbod til Den kulturelle skulesekken.

Støtte til nyproduksjonar av scenekunst

Nokre av fylkeskommunane gjev produksjonstilskot frå Den kulturelle skulesekken til scenekunst, men langt frå alle. Norsk kulturråd har sidan 2004 disponert 3 mill. kroner årleg av spelemidlane til nyproduksjon av scenekunst i Den kulturelle skulesekken. Målgruppa for søknadsordninga er dei frie sceniske gruppene. I 2007 mottok kulturrådet 82 søknader. Av desse fekk 16 prosjekt løyving. Majoriteten av søknadene i 2007 kom frå Oslo (41), men også Akershus (7), Sør-Trøndelag (5) og Troms (4) var godt representerte. Det var ingen søknader frå Østfold, Oppland, Nord-Trøndelag, Finnmark, Aust-Agder og Vest-Agder.

Kultur- og kyrkjedepartementet stiller som krav at Norsk kulturråd og Scenekunstbruket samarbeider om bruken av midlane. Samarbeidet fungerer slik at Scenekunstbruket får informasjon om kva prosjekt som får produksjonsstøtte av Norsk kulturråd. Det er likevel ingen automatikk i at prosjekt som får produksjonsmidlar, vert formidla gjennom Scenekunstbrukets fylkesnett­verk.

Etter tre år med denne ordninga ser ein at samanhengen mellom fordeling av produksjonsmidlar og bruken av formidlingsmidlar ikkje fungerer godt nok. Departementet vil difor vurdere korleis ein best mogeleg kan kople bruken av midlar til nyproduksjonar og formidling av scenekunst i Den kulturelle skulesekken.

Figur 4.4 «Så tag nu mine händer»

Figur 4.4 «Så tag nu mine händer»

«Så tag nu mine händer» er ein danseproduksjon av Hege Haagenrud med dansarane Vilde Viktoria Madsen og Marianne Haugli.

Foto: Siren Lauvdal

Vidare utvikling

Også i scenekunstfeltet er det trong for ein nasjonal aktør som kan medverke til å stimulere til produksjon av ny scenekunst, skipe nettverk, leggje til rette for kompetanseutvikling og gje faglege råd på feltet. Norsk scenekunstbruk peiker seg ut som ein slik aktør. Vilkåret må vere at alle fylka som ynskjer det, kan få ein avtale med Norsk scenekunstbruk.

Det er stor trong for nye scenekunstproduksjonar som held eit høgt kvalitetsnivå og som er nyskapande, ikkje minst ved at dei utfordrar elevane sine førestillingar om kunst. Det er trong for fleire scenekunstproduksjonar både frå frie grupper og frå scenekunstinstitusjonane.

For å sikre ein betre samanheng mellom produksjon og formidling av fri scenekunst vil departementet vurdere om Scenekunstbruket bør disponere produksjonsmidlar til ny scenekunst i staden for Norsk kulturråd. Dette må sjåast i samanheng med den omlegginga av fordeling av spelemidlar til Den kulturelle skulesekken som er nærare omtala i kap. 7.

Det er viktig at også dei institusjonane som har monalege midlar til produksjon, vert aktive aktørar i Den kulturelle skulesekken. Skuleelevar bør møte profesjonell scenekunst også på profesjonelle arenaer utanfor eigen skule. For i større grad å inkludere scenekunstproduksjonar frå dei store institusjonsteatra i Den kulturelle skulesekken kan eit samarbeid mellom Norsk scenekunstbruk og Riksteatret vere tenleg.

Kultur- og kyrkjedepartementet arbeider for tida med ei stortingsmelding om scenekunst der ein tek sikte på å gje oppdatert informasjon om det offentleg støtta scenekunsttilbodet i Noreg, inkludert midlar til profesjonell scenekunst gjennom Den kulturelle skulesekken. Meldinga tek vidare sikte på å skildre den geografiske fordelinga av scenekunstilbodet på faste scener og på turné, og vil dessutan fokusere på særskilde problemstillingar som til dømes scenekunsttilbodet for born og unge. Eit eventuelt samarbeid mellom Norsk scenekunstbruk og Riksteatret vil verte nærare vurdert i stortingsmeldinga.

4.3.4 Film

I St.meld. nr. 22 (2006–2007) Veiviseren. For det norske filmløftet , står det at innsatsen andsynes born og unge skal vere ein prioritert og integrert del av den samla filmpolitikken. I meldinga står det også at ansvaret for statlege, filmkulturelle tiltak retta mot born og unge i heile landet bør styrkjast og samordnast betre. Vidare føreslår meldinga å endre organiseringa av den statlege verksemda på filmområdet, blant anna at dei tre eksisterande verksemdene Norsk filmfond, Norsk filminstitutt og Norsk filmutvikling bør samlast i éin organisasjon.

Stortinget har i hovudsak slutta seg til forslaga i meldinga, jf. Innst.S. nr. 277 (2006–2007). Den nye institusjonen på filmområdet skal etter planen vere i drift frå april 2008. Opprettinga av den nye institusjonen vil også føre til endringar i den eksisterande organiseringa av arbeidet med oppgåver som er knytte til born og unge.

Nasjonale filmkulturelle tiltak for born og unge vert i dag hovudsakleg forvalta av Norsk filminstitutt og FILM&KINO. FILM&KINO er ein medlemsorganisasjon for norske kommunar og samstundes ein bransjeorganisasjon for kino- og videobransjen. FILM&KINO forvaltar Norsk kino- og filmfond. FILM&KINO har mellom anna ansvar for prosjekt knytte til skulekino, og nyttar kvart år ein større sum til å initiere og støtte ulike skulekinoprosjekt, mellom anna gjennom Den kulturelle skulesekken. Institusjonen utviklar òg studieopplegg til skulefilmane. FILM&KINO samarbeider med fylkeskommunane, og arrangerer mellom anna regionale skulekinoturnear i Den kulturelle skulesekken.

Norsk filminstitutt har pr. i dag ansvaret for anna filmkulturelt arbeid retta mot born og unge, som å kjøpe inn, gje ut og distribuere kortfilm og dokumentarfilm. Filminstituttet har òg ansvar for formidling av filmkunnskap til unge, norske filmskaparar, til dømes gjennom prosjekt som den nordiske nettstaden www.dvoted.se.

Dei sentrale midlane på 3 mill. kroner til filmprosjekt i Den kulturelle skulesekken vert i dag forvalta av Norsk filminstitutt. I 2006 mottok filminstituttet 41 søknader. 24 filmprosjekt fekk midlar. I tillegg fekk seks sjangeroverskridande prosjekt midlar gjennom eit samarbeid mellom Norsk filminstitutt og Norsk kulturråd. Filminstituttet har òg gjort eit omfattande arbeid for å styrkje det regionale og lokale arbeidet med film i Den kulturelle skulesekken.

Andre aktørar på filmfeltet som arbeider med tiltak retta mot born og unge, er dei regionale filmsentera, dei kommunale kinoane, ulike medieverkstader og frilansarar som ofte samarbeider med fylkeskommunar og kommunar.

Vidare utvikling

I filmmeldinga vert det slått fast at det er FILM&KINO som får hovudansvaret for tiltak retta mot born og unge på filmområdet. FILM& KINO har nærleik til kommunar og lokale kinoar og røynsle med å legge til rette for skulekino. Departementet er i dialog med FILM&KINO om kva oppgåver dei ulike verksemdene skal ha i framtida. Her vil òg ansvaret for Den kulturelle skulesekken vere eit tema.

Den nye institusjonen, FILM&KINO og Kultur- og kyrkjedepartementet skal i samarbeid utarbeide ein handlingsplan for satsinga på born og unge. Denne planen skal utarbeidast når den nye institusjonen er etablert.

Boks 4.2 «JAMSÍIS»

«JAMSÍIS» er eit nyskapande og leikande scenekunstprosjekt med bruk av animasjon og ny videoteknologi. Dansaren og felespelaren Hallgrim Hansegård frå Dansekompaniet FRIKAR lét publikum delta i hans eiga historie som skuggeteatersjef der skuggane streikar fordi Hallgrim dansar for akrobatisk.

Publikum (10–15-åringar) vert gjennom workshop førebudde på å skape Hallgrim sine skuggar i delar av framføringa. Elles vert skuggane skapte gjennom levande videoimprovisasjonar. «JAMSÍIS» er produsert med midlar frå Norsk filminstitutt og Norsk kulturråd, og er møte mellom kunstnaren Bruno Caverna med bakgrunn frå capoeira og Hallgrim Hansegård med bakgrunn frå norsk tradisjonsmusikk og hallingdans. Komposisjonane er av Maja Ratkje.

Figur 4.5 Frå scenekunstprosjektet «JAMSÍIS»

Figur 4.5 Frå scenekunstprosjektet «JAMSÍIS»

Foto: FRIKAR dance company

4.3.5 Litteratur

Det er mange aktørar som sikrar elevane møte med litteratur. Sentrale aktørar på nasjonalt plan er Norsk barnebokinstitutt, Foreningen !les og Norsk Forfattersentrum. I den nasjonale satsinga«Gi rom for lesing» har koplinga til Den kulturelle skulesekken vore tydeleg formulert. På lokalt plan er folke- og fylkesbiblioteka og skulebiblioteka viktige. Biblioteka har kunnskap og samlingar om eit breitt og variert spekter av litteratur. Evalueringa av tiltaksplanen Gi rom for lesing syner at mange skular trekkjer fram fylkes- og folkebiblioteka som ein viktig ekstern samarbeidspartnar i litteratursatsinga.

Den største aktøren for litteratur i Den kulturelle skulesekken ved sidan av folkebiblioteka er Norsk Forfattersentrum. Sidan 1968 har denne foreininga formidla forfattarbesøk til skular over heile landet. I 2006 fekk meir ein 7000 klassar i grunnskulen forfattarbesøk gjennom foreininga. Ein del forfattarar har skrivekurs med elevane. Norsk Forfattersentrum har avdelingskontor i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø, og senteret samarbeider med fylkeskommunane om turnéopplegg til skulane.

Norsk Forfattersentrum har oppretta Litteraturbruket, mellom anna med støtte frå Fritt Ord og Norsk kulturråd. Dette tiltaket kan også sjåast i samanheng med arbeidet i Den kulturelle skulesekken. Med Litteraturbruket ynskjer Norsk Forfattersentrum å stimulere til samarbeid og gje fagleg støtte til å formidle ferdige produksjonar. Litteraturbruket ynskjer å vere ein nasjonal arena for å etablere, koordinere og formidle litterære produksjonar.

Vidare utvikling

Etter at Den kulturelle skulesekken vart skipa som ei nasjonal satsing, har etterspurnaden etter litteraturformidling auka. Dette krev tiltak som sikrar at alle elevane får oppleve møte med litteraturen som kunstnarleg uttrykk i skulen.

Også på litteraturfeltet er det trong for ein sentral aktør som kan danne nettverk, samordne og medverke til kompetanseheving og kvalitetsutvikling. Ved å gje ansvaret til ein institusjon eller eit miljø vil ein kunne styre ressursane betre og styrkje kompetansen hjå litteraturformidlarar. Det vil vere viktig å sikre breidda i arbeidet, styrkje nettverk og samarbeid mellom aktørane, og styrkje kompetansen i å utvikle tilbod i samarbeid med andre kunstuttrykk.

Kultur- og kyrkjedepartementet arbeider for tida med ei stortingsmelding om bibliotek. Meldingsarbeidet har utgangspunkt i utgreiinga Bibliotekreform 2014, utarbeidd av ABM-utvikling. I bibliotekutgreiinga er det gjort framlegg til fleire tiltak for born og unge som kan sjåast i samanheng med arbeidet i Den kulturelle skulesekken. Det er likevel for tidleg å seie noko om i kva grad desse tiltaka vil bli gjennomført. Departementet vil vurdere nærare i bibliotekmeldinga kva aktør som bør få eit samordningsansvar for formidling av litteratur i Den kulturelle skulesekken.

Boks 4.3 Poesifestivalen på Hamar

Poesifestivalen på Hamar har vore arrangert kvart år dei siste åra. Festivalen er eit samarbeid mellom kommunen, Hamar bibliotek, dei tre ungdomsskulane i kommunen og Den kulturelle skulesekken i Hedmark. Målet er at ungdom skal verte medvitne om at poesi er ei uttrykksform dei eig, og at dei skal få rom til å leike med ord og uttrykk på eigne premissar.

I 2007 var det lagt vekt på poesi knytt til musikk. I festivalveka vart det skipa til verkstader og poesiaktivitetar både på skulane og andre stader. Aktivitetane omfatta skrivekurs, gitarverkstad, Prøysen-kveld og poesitorg. Eit meir sjangeroverskridande prosjekt var «Haikutroniks», ein kombinasjon av elektronisk musikk og gamle, japanske haikudikt i norsk drakt. Festivalen vart avslutta med ei fellesframsyning i Hamar kino der resultat frå verkstadene vart presenterte.

Poesifestivalen fekk svært god respons frå mange av elevane, særleg frå mange gutar, som har endra synet på poesi. Kanskje har dette samanheng med at dei sjølve har opplevd å bryte barrierar knytte til denne uttrykksmåten, og at dei har oppdaga at ikkje noko er «rett» eller «gale» når ein lagar poesi.

4.3.6 Kulturarv

Kunnskap og innblikk i kulturarv og tradisjonar er viktige og sentrale element i Den kulturelle skulesekken over heile landet. Kulturarvfeltet rommar mellom anna museum, vitensenter, arkivinstitusjonar og kulturminneforvaltinga. Det er viktig at kulturminneforvaltinga blir trekt meir aktivt med i samarbeidet. Religiøse institusjonar og trussamfunn må òg reknast med blant viktige ressursar i arbeidet med Den kulturelle skulesekken. Det finst også ei rekkje frivillige organisasjonar som arbeider med historie og kulturminner. Slike organisasjonar kan vere viktige ressursar i Den kulturelle skulesekken, særleg innanfor lokalhistorie og handlingsboren kunnskap.

Museumsfeltet i Noreg er stort og mangslunge – frå dei minste bygdesamlingane til dei store kunst-, kultur- og naturhistoriske musea. Dette omfattar også universitetsmusea. Å vitje dei større musea, ikkje minst universitetsmusea, har lenge vore ein viktig del av opplæringa i skulen og kjelder til opplevingar og refleksjonar om kunst og kultur. Dei fleste musea har tilbod i Den kulturelle skulesekken. Museumsstatistikken syner at 358 711 elevar deltok i tilbod frå musea i 2006.

ABM-utvikling skal gjennom eigne prosjektmidlar stimulere til nyutvikling i musea. ABM-utvikling arbeider òg for å styrkje formidlingsarbeidet i musea, og har mellom anna i lag med Høgskolen i Oslo initiert eit studium i museumsformidling. 20 museum fekk frå 2003 øyremerkte midlar i Den kulturelle skulesekken over Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett. Desse midlane er ikkje lenger øyremerkte, men det er ein generell føresetnad for tilskot til alle musea på Kultur- og kyrkjedepartementets budsjett at dei prioriterer formidling til born og unge.

Kunnskapsdepartementet vil våren 2008 leggje fram ei stortingsmelding om universitetsmusea, der eitt tema vil vere desse musea sine potensial i Den kulturelle skulesekken.

Boks 4.4 «Jakten på skadedyr» – elevar som ressursar i eit regionalt museum

Dalane folkemuseum i Egersund starta eit samarbeid med ein barneskule i byen, og elevar i 5. klasse vart involverte. Museet lærte elevane om ulike skadedyr som kunne finnast i museet, og gav dei utstyr for å kunne spore opp skadelege biller, insekt og andre små dyr. Røynslene var at elevane fekk betre kjennskap til eige museum, meir kunnskap om skadedyr, i tillegg til at dei vart ressursar i arbeidet med å ta vare på gjenstandane. Dei viste større engasjement for museet i ettertid, og dei vart meir interesserte i gjenstandane og bygningane. Vinn, vinn for alle partar!

Kjelde: Anne Tove Austbø (red.) L97 og museene, Norsk Museumsutvikling 3: 2000

Figur 4.6 «Jakten på skadedyr»

Figur 4.6 «Jakten på skadedyr»

Frå prosjektet «Jakten på skadedyr» ved Dalane folkemuseum i Egersund.

Foto: Egil Mong

Vitensentera driv kunnskapsformidling gjennom interaktive utstillingar som lèt vitjande utforske fenomen knytte til natur, kultur, miljø, helse og teknologi gjennom eigen aktivitet. Skuleverket er ei sentral målgruppe for vitensentera. Vitensentera er ein aktiv læringsarena der opplæring i realfag vert sett i samanheng med lokalkunnskap, kreativitet og skapande evner. Fleire av vitensentera er opptekne av å setje kulturhistorie og naturvitskap inn i ein heilskapleg samanheng. Dette gjeld særleg dei to vitensentera som samstundes er museum i det nasjonale museumsnettverket, Norsk Teknisk Museum og Jærmuseet.

Dei seks vitensentera Bergen vitensenter, Nordnorsk vitensenter, Innlandets vitensenter, Jærmuseet, Midtnordisk vitensenter og Norsk Teknisk Museum har dei siste åra fått spelemidlar frå Den kulturelle skulesekken for å kunne gje tilbod til skulane i heile regionen sin, slik at dei til saman vert landsdekkjande. Kunnskapsdepartementet stør òg opp om vitensentera gjennom Noregs forskingsråd.

Innanfor arkivfeltet har ABM-utvikling søkt å stimulere til auka satsing gjennom eit formidlingsprosjekt for arkivsektoren retta mot skulen. Målet er å lage tilbod som kan stimulere fleire arkiv til å samarbeide med skulen. Elleve arkivinstitusjonar har delteke i satsinga, og fleire hundre skuleelevar har hatt eit første møte med arkiva gjennom prosjektet.

Boks 4.5 Kulturminneåret 2009

Regjeringa har utpeikt 2009 som kulturminneår. Kulturminneåret 2009 skal tydeleg vise kva mogelegheiter kulturarven rommar. Dette skal medverke til at kulturminna ikkje vert øydelagde, men tekne vare på til glede også for dei komande generasjonane. Det er viktig å synleggjere verdiane som ligg i mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø, slik at dei kan danne grunnlaget for kunnskap og opplevingar.

Figur 4.7 «Tilfluktsrommet»

Figur 4.7 «Tilfluktsrommet»

Frå prosjektet «Tilfluktsrommet» ved Stiftelsen Arkivet i Kristiansand.

Foto: Sol Nodeland/Stiftelsen Arkivet

Det er viktig å synliggjere verdiane som ligg i mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø . Dette er uerstattelege kjelder til kunnskap om den historiske utviklinga av omgjevnadene våre og menneska sine tilhøve til kvarandre og naturen. Slike kjelder kan danne grunnlag for både kunnskap og opplevingar. Miljøverndepartementet har det overordna ansvaret for forvaltinga av dei faste kulturminna.

Miljøverndepartementet vil oppfordre til at det vert lagt større vekt på kulturarven i Den kulturelle skulesekken, både regionalt og lokalt. Dette kan gjerast ved å ta i bruk regionale møteplassar mellom skulane, forvaltinga, musea, kulturarbeidarar og andre aktuelle aktørar for ideutveksling, erfaringsoverføring og prosjektutvikling. Dette kan også gjerast ved å samordne relevante aktivitetar i Nettverk for miljølære og Den kulturelle skulesekken.

Riksantikvaren er direktorat for kulturminneforvaltinga og Miljøverndepartementets rådgjevande og utøvande faginstans for forvalting av kulturminne og kulturmiljø. Riksantikvaren har ansvaret for å gjennomføre den statlege kulturminnepolitikken og har det overordna, faglege ansvaret for den regionale kulturminneforvaltinga sitt arbeid. Gjennom arbeidet med Nettverk for miljølære har Riksantikvaren lang røynsle frå samarbeid med utdanningssektoren.

Religiøs tru har ein estetisk dimensjon som til alle tider har gjeve seg utslag gjennom kunst og kultur. Den norske kyrkja forvaltar ein monaleg del av kulturarven vår gjennom dei om lag 1600 kyrkjene her i landet. Det rike kulturmaterialet som mange av kyrkjene inneheld, er kjelder til kunnskap, lokal identitet og oppleving. Livet i kyrkjene, musikken, liturgiane og tekstane kan òg vere kjelder til profesjonell formidling av kunst og kultur i Den kulturelle skulesekken. Den kulturelle skulesekken skal vere prega av mangfald. Det er difor viktig å synleggjere mangfaldet av religionar i Noreg, og den kulturarven desse representerer.

Boks 4.6 «Tilfluktsrommet» – samarbeid mellom forfattar og arkiv.

Prosjektet «Tilfluktsrommet» er laga av Stiftelsen Arkivet i Kristiansand, først i samarbeid med forfattar Gaute Heivoll, seinare i samarbeid med forfattar og lærar Eystein Ellingsen.

Hovudføremålet til Stiftelsen Arkivet er å forvalte det gamle Statsarkivet i Kristiansand, som i perioden 1942–1945 var Gestapo sitt hovudkvarter på Sørlandet. Arkivet er no eit informasjonssenter om Noreg og Agder under den andre verdskrigen. Det er òg eit utdannings- og opplevingssenter for fredsarbeid og konfliktløysing. Stiftelsen Arkivet ynskjer å byggje kunnskap og haldningar kring verdiar knytte til demokrati og menneskeverd.

Prosjektet «Tilfluktsrommet» kombinerer oppleving og formidling av kulturarv i autentiske omgjevnader, som igjen vert sett i samanheng med notida og framtida. Elevane møter ein profesjonell forfattar og deltek aktivt i verkstadarbeid. Dei set ord på eigne røynsler tufta på tolking og refleksjon, og skriv dei ned.

Den første delen av formidlinga er i tilfluktsrommet. Dette er det siste offentlege tilfluktsrommet som finst i Kristiansand frå siste verdskrigen. Elevane får oppleve korleis det er å leve i redsle under ein krig. Forfattaren utfordrar elevane til å skrive om tema frå eigen kvardag som dei kan assosiere med kjensla av å vere innestengde.

Deretter er elevane med til Arkivet, der dei får ei omvising og kan arbeide vidare med tekstane sine saman med forfattaren.

I etterkant kan elevane oppsøkje www.stiftelsen-arkivet.no/tilfluktsrommet der elevtekstar vert publiserte, og der andre elevar kan finne inspirasjon for eigne tekstar og utgangspunkt for nye diskusjonar og oppgåver.

«Tilfluktsrommet» er eit svært populært tilbod i Den kulturelle skulesekken i Vest-Agder.

Vidare utvikling

Kulturarvfeltet har tradisjonelt vore ein viktig del av opplæringa i skulen. Arbeidet med Den kulturelle skulesekken har på mange måtar vore ein stimulans for aktørane i feltet, og nye formidlingsmåtar og sjangeroverskridande prosjekt vert utvikla.

I eit felt med så mange aktørar som har ulike føresetnader for å omsetje kunnskapen sin til opplevingar for elevane, vert kravet til profesjonalitet i formidlinga ofte ei utfordring. Særleg på lokalt nivå er det viktig å samordne ressursane innan kulturarvfeltet, slik at alle elevane er sikra varierte og kvalitetssikra møte med ulike sider av kulturarven, både den lokalt forankra og den som kjem utanfrå. Ein må stille same krav til profesjonalitet her som innanfor kunstfeltet.

Det er ei utfordring å styrkje samarbeidet mellom dei ulike aktørane på kulturminnefeltet. Vidare er det ynskjeleg å sjå på kva måtar andre kunst- og kulturuttrykk i samspel med kulturminna kan stimulere nyfikne og kunnskapstørst hjå elevane.

Elevar i skulen må gjennom Den kulturelle skulesekken også få møte det mangfaldet av kunstuttrykk og perspektiv som den religiøse kunsten rommar. Ein bør arbeide for å inkludere kunst- og kulturuttrykk frå ulike religionar i Den kulturelle skulesekken.

ABM-utvikling har som nasjonal aktør eit særleg ansvar for å styrkje kvaliteten på formidlinga av kulturarvsfeltet i Den kulturelle skulesekken. ABM-utvikling vil gjennom nettverksarbeid, informasjonsarbeid og satsing på kompetanseutvikling medverke til den vidare utviklinga på dette feltet. Det er viktig å trekkje Riksantikvaren med i det vidare arbeidet med Den kulturelle skulesekken.

4.4 Profesjonalitet og kvalitet

Det kan vere uklare grenser mellom kva som er profesjonelt og kva som ikkje er det. I hovudsak er ein person profesjonell som har kunstnarleg eller kulturfagleg arbeid som yrke. Likevel er det, særleg innanfor kulturarvfeltet, frivillige miljø og enkeltpersonar med lokal og handlingsboren kunnskap som kan vere viktige ressursar i Den kulturelle skulesekken. Arbeidet eller produksjonen må i alle høve kvalitetssikrast innanfor profesjonelle rammer, på line med andre tilbod i Den kulturelle skulesekken.

Kultursektoren har ansvaret for å tilby profesjonelle kunst- og kulturopplevingar med høg kvalitet, medan skulen har ansvar for å integrere aktivitetane og tilboda inn i skulekvardagen til elevane og forankre prosjekta i læreplanane. Dette vil i mange tilfelle innebere at det må utarbeidast framlegg til føre- og etteraktivitetar i tilknyting til tilboda, og at planlegginga må skje i god tid, slik at skulen kan vere budd. Dette kan medverke til å gjere læring meir spanande, og kan tryggje at Den kulturelle skulesekken ikkje vert opplevd som noko fjernt og lausrive frå resten av aktivitetane i skulen.

Kvalitet og nyskaping i Den kulturelle skulesekken må tryggjast gjennom at dei involverte aktørane diskuterer seg imellom fortløpande. Det er viktig med ei løpande drøfting av kunstomgrepet og om korleis det skal forståast. Når ein vurderer kvaliteten på møtet mellom elevar, kunst og kultur, må ein ta omsyn til mange faktorar:

  • det som vert formidla,

  • kor dugande utøvarane er til å formidle,

  • elevane si oppleving og vurdering,

  • lærarane sine kunnskapar om kunst, kultur og kulturarv,

  • kor godt skulen klarer å leggje til rette for kulturelle opplevingar,

  • kor godt leiinga og lærarane integrerer kunstopplevinga i skulen sitt faglege arbeid med føre- og etterarbeid,

  • kommunikasjonen og informasjonsgangen mellom alle aktørane i arbeidet.

Fordi kompetansen i sektorane utfyller kvarandre, må både opplæringssektoren og kultursektoren vere involverte i dette arbeidet, med kvar sine roller: Kultursektoren med kompetanse til å vurdere kvaliteten på det kunstnarlege og det kulturfaglege innhaldet, formidlingsmetodar og kulturarrangement, og utdanningssektoren med kompetanse om korleis innhaldet kan knytast til læreplanverket, om målgruppene og korleis ein kan leggje til rette for læring og oppleving i skulen.

Det er korkje mogeleg eller ynskjeleg å gje ferdige kriterium for kvaliteten på innhaldet i Den kulturelle skulesekken. Diskusjonen om kvalitet må likevel halde fram, både i kultursektoren og i opplæringssektoren. Diskusjonen må skje på møteplassar og i nettverk for båe sektorane og gjennom systematisk attendemelding. Tilboda som blir presenterte for skulane, må vere kvalitetssikra av fagmiljø.

Fylka og kommunane har eit særleg ansvar for å leggje til rette for at skulane og elevane kan gje systematisk attendemelding på korleis tilboda i Den kulturelle skulesekken fungerer. Kunstnarane må ha høve til å gje attendemelding på korleis tilboda vert mottekne i skulen. Det skal utarbeidast ein strategi for korleis forskings- og evalueringsarbeid skal implementerast som ein fast del av arbeidet med Den kulturelle skulesekken, sjå nærare omtale i punkt 6.4.

Boks 4.7 System for tilbakemelding

Fleire fylkeskommunar har ordningar for systematisk tilbakemelding både frå skulane og utøvarane. Turnéorganisasjonen i Hedmark sender eit skjema til alle utøvarane og til nokre av skulane som tar i mot produksjonane. Ei slik tilbakemelding er også mogeleg å gjere digitalt, via planleggingsverktyet fylkeskommunen nyttar.

Vidare utvikling

Dei nasjonale aktørane i Den kulturelle skulesekken har ei viktig rolle i å styrkje og utvikle arbeidet med kvalitet i Den kulturelle skulesekken. Fylkeskommunane og kommunane skal sikre at tilboda som vert valde i Den kulturelle skulesekken held eit høgt nivå. Skulen har ansvaret for føre- og etterarbeid i samband med dei aktivitetane skulen deltek i gjennom ordninga.

For å sikre kvaliteten i det som vert produsert til Den kulturelle skulesekken, er det ei viktig oppgåve å stimulere til fleire produksjonar. Røynslene i arbeidet fram til no har vore at det stadig manglar kvalitativt gode produksjonar. Det er mangel på nyskapande produksjonar, produksjonar som kan spegle det samfunnet vi har i dag, og produksjonar som kan utfordre dei førestillingane vi har om kunst. Mangelen vil verte større når ordninga utvidast til vidaregåande opplæring, dersom det ikkje vert gjort noko med denne situasjonen.

Som ei av hovudsatsingane sine har Norsk kulturråd initiert «Kunstløftet» for å gje alle born og unge i Noreg sjansen til å oppleve nyskapande kunst og kultur av høg kvalitet. Kunstløftet er eit utviklingsprosjekt over fleire år, og skal gje kunst- og kulturuttrykk til born og unge betre produksjonsvilkår. Aktørane i kunstfeltet skal stimulerast til å nytte det som finst av barnefagleg og kunstfagleg kunnskap om feltet. Dette utviklingsprosjektet vil kunne få innverknad på arbeidet med å styrkje kvaliteten i tilboda i Den kulturelle skulesekken.

Boks 4.8 «Kunstfyret»

Prosjektet er eit samarbeid mellom Den kulturelle skolesekken i Akershus, biletkunstnar Tony J. Larsson og komponisten Bjarne Kvinnsland. Kunstfyret kombinerer formidling og utøving av kunst, musikk og kulturhistorie.

Prosjektet finn stad på Steilene, ei øy i Oslofjorden med eit fyr og ein fyrvaktarbustad. Elevane er på øya ein heil skuledag. Elevane skal lære å kjenne øya og historia til Steilene. Ein viktig del av prosjektet er å oppleve korleis naturen påverkar kunsten. Elevane målar og teiknar under rettleiing av Tony Larsson. Dei gjer lydopptak og set lydane saman til musikk under rettleiing av Bjarne Kvinnsland. Ein del av prosjektet er også digital fotografering og vidare arbeid med bileta. Prosjektet har dessutan eit fordjupingstilbod for ungdomsskuleelevar med særskild interesse for kunstfaget.

Figur 4.8 «Kunstfyret»

Figur 4.8 «Kunstfyret»

Frå prosjektet «Kunstfyret» på øya Steilene i Oslofjorden.

Foto: Tony L. Larsson

4.5 Formidlingsmåtar

Den kulturelle skulesekken inneheld tilbod og aktivitetar som gjer bruk av mange ulike og varierte formidlingsmåtar. Det er mange måtar å formidle ulike kunst- og kulturuttrykk på. Mange prosjekt kombinerer ulike kunst- og kulturuttrykk.

Evalueringsrapporten nyttar omgrepa monologiske og dialogiske formidlingsformer for å gjere greie for ulike formidlingsmåtar. Departementet meiner desse omgrepa er problematiske når det gjeld kunstformidling. Sjølv i ei framsyning der dei som er på scena, tilsynelatande er dei mest aktive, vil det vere store element av dialog med publikum. Også ein sjåar og ein lydar er aktive, og ein publikummar som sit stilt, kan både oppleve og lære.

Grensene mellom å vere aktivt publikum og å vere aktiv i ein prosess kan òg vere uklare. Til dømes har mange framsyningar i Den kulturelle skulesekken element av elevdeltaking i seg ved at nokre elevar er med på scena. Reine elevframsyningar som er viktige i arbeidet i skulen, kan vere ein del av etterarbeidet som skulen sjølv har ansvaret for. I Den kulturelle skulesekken skal det profesjonelle og kunstnarlege elementet vere tydeleg.

Gjennom tilboda i Den kulturelle skulesekken kan elevane både vere deltakarar i skapande prosessar i lag med profesjonelle kunstnarar eller kulturarbeidarar, og publikum ved framsyningar av utøvande kunst. Mange utøvande kunstnarar tilbyd formidling gjennom verkstader der elevane er aktivt med i ein kunstnarleg prosess.

I den performative kunsten kan ein oppleve at skiljet mellom sal og scene og mellom publikum og utøvar vert utfordra og eksperimentert med. I andre uttrykk, til dømes i formidling av kulturarv og litteratur, vert performative uttrykk nytta for å styrkje og utvide opplevingane. Slik sett vert grensene mellom dei ulike uttrykka i Den kulturelle skulesekken utviska og endra.

Figur 4.9 Kunstverkstad med Tone Toft

Figur 4.9 Kunstverkstad med Tone Toft

Bilete frå kunstverkstad ved Tone Toft. Elevane er frå Herøy kommune i Møre og Romsdal.

Foto: Tone Toft

Vidare utvikling

I vidareføringa av Den kulturelle skulesekken er det viktig at det vert utvikla varierte formidlingsmåtar innanfor dei ulike kunst- og kulturuttrykka som involverer og engasjerer elevane. Kultursektoren har eit særleg ansvar for dette, men både fylkeskommunane og kommunane må syte for at det er god variasjon i formidlingsmåtar i dei tilboda som vert valde ut. Det er vesentleg at ulike arenaer frå skule til kulturhus vert tekne i bruk. Det er viktig at føre- og etterarbeid i skulen vert ein del av arbeidet som skulen tek ansvar for.

4.6 Kulturelt mangfald

Kulturelt mangfald vert i aukande grad framheva som eit positivt aspekt i samfunnsutviklinga, både nasjonalt og globalt. Det er ei etablert oppfatning internasjonalt at i samfunn der kulturpolitikk utformast slik at han oppmuntrar til og legg til rette for konstruktiv pluralisme, vil mangfaldet fungere som ei kjelde til kreativitet og utvikling. Ein treng difor ikkje å velje mellom nasjonal einskap og kulturelt mangfald.

Ei slik oppfatning vart forsterka på generalkonferansen for UNESCO i 2005, då eit overveldande fleirtal av landa vedtok ein konvensjon som har som mål å verne og fremje eit mangfald av verdas kulturuttrykk. Stortinget ratifiserte konvensjonen om kulturelt mangfald i desember 2006.

Noreg har alltid vore eit fleirkulturelt land der kulturuttrykka er i stadig endring og tek nye former i møte med kvarandre. Det kulturelle mangfaldet set også sitt preg på kulturarven. Det er viktig å synleggjere kulturarven til samane, til dei nasjonale minoritetane og til dei nye minoritetsgruppene. Sjå nærare omtale i punkt 4.7 og 4.8.

Det aukande mangfaldet i samfunnet skal gjerast kjent for og formidlast til born og unge, og skal difor også vere ein fast og naturleg dimensjon i Den kulturelle skulesekken. Den kulturelle skulesekken må romme eit like stort mangfald som det berarane av sekken utgjer. Kunst og kultur som gjev rom for å oppleve religiøse tradisjonar og uttrykk, både frå kristen tru og anna religiøs tru, er òg viktig i Den kulturelle skulesekken.

Aktørane i Den kulturelle skulesekken skal saman syte for at kulturelt mangfald vert representert i tilboda. Dette vil ikkje berre vere av verde for den einskilde eleven, men vil også fungere som eit sentralt tiltak for å minke dei sosiale, kulturelle og økonomiske skiljelinene i samfunnet. Kulturfeltet er eit av dei viktigaste områda som påverkar vilkåra for fullverdig og kvalifisert deltaking i samfunnslivet elles. Kulturfeltet kan difor også i stor mon spele ei integrerande rolle.

Figur 4.10 «Friends»

Figur 4.10 «Friends»

Frå framsyninga «Friends» med Solo Cissokho og Olav Torget.

Foto: Rikskonsertane

Det er viktig å sikre at møta med kunst og kultur vert verdfulle for alle elevar ubunde av føresetnader og bakgrunn. Minoritetsspråklege elevar kan i nokre høve ha behov for språkleg tilrettelegging. Elevar med nedsett funksjonsevne vil kunne ha behov for fysisk tilrettelegging. Strategiar og tiltak for å leggje til rette for desse elevane vil variere frå skule til skule og frå kommune til kommune. Når ein planlegg tilboda frå Den kulturelle skulesekken, må dei involverte aktørane vere merksame på dei særskilte behova elevane kan ha.

Det kulturelle mangfaldet i ein region eller kommune bør nyttast til å tryggje at Den kulturelle skulesekken representerer eit mangfald av kunst- og kulturuttrykk. Kunst og kultur kan byggje bru mellom kulturar og etniske grupper og skape grobotn for demokratiske prinsipp, toleranse og sosial rettferd. Det kulturelle mangfaldet, som skal vere eit element i tilboda i Den kulturelle skulesekken, kan gje ny kunnskap til elevane, og kan medverke til at elevar med minoritetsbakgrunn kan kjenne seg likeverdige og stolte andsynes majoritetskulturen.

Boks 4.9 Mangfaldsåret 2008

Stortinget har slutta seg til regjeringa sitt framlegg om å gjere 2008 til eit år for å markere kulturelt mangfald i Noreg. Målet er å synleggjere det fleirkulturelle perspektivet på alle felt i kulturlivet og medverke til å skape betre møteplassar mellom majoritets- og minoritetskulturar. Institusjonar og tiltak som får offentleg stønad til kulturaktivitetar, skal spegle dagens kulturelle mangfald og også arbeide for auka kunnskap om dette feltet. Mangfaldsåret 2008 markerer starten på ei utvikling der kulturelt mangfald skal verte eit markant og gjennomgåande drag ved norsk kulturpolitikk. Markeringa avgrensar seg altså ikkje berre til å gjelde i 2008.

www.kultureltmangfold.no

4.7 Om formidling av samisk kultur

Sametinget gjev i høyringsfråsegna si i samband med evalueringa av Den kulturelle skulesekken uttrykk for at den samiske dimensjonen ikkje er godt nok ivareteken i styringsdokumenta for satsinga, og heller ikkje i evalueringsrapporten frå NIFU STEP. Sametinget viser til staten sine plikter gjennom Grunnlovens § 110a om å leggje tilhøva til rette for at det samiske folket skal kunne styrkje og utvikle språket sitt, kulturen sin og samfunnslivet elles. Sametinget ynskjer at samiske kunst- og kulturuttrykk skal vere ein naturleg og viktig del av Den kulturelle skulesekken, og at det skal løyvast midlar til Sametinget på lik linje med fylkeskommunane. Sametinget etterlyser også sentrale prosjektmidlar til samiske kulturinstitusjonar.

Norske styresmakter har eit særskilt ansvar for å medverke til å ta vare på og styrkje samisk kultur. Regjeringa er medviten om dette ansvaret, og vil difor følgje utviklinga av samisk kultur særskilt og medverke til å tryggje gode vilkår for samane og for deira kulturelle uttrykk. Skal samisk kultur sikrast ei framtid, er det viktig at samiske born og unge kjenner seg trygge i eigen kultur og med sitt eige språk, utan at det skaper konfliktar hjå enkeltmenneske overfor den dominerande kulturen i storsamfunnet. Den kulturelle skulesekken kan medverke til ei slik identitetsbygging.

Samiske kunst- og kulturuttrykk og samisk kuturarv skal vere ein integrert del av Den kulturelle skulesekken. Dette er viktig både for å styrkje og ta vare på samisk kultur. Samiske uttrykk i Den kulturelle skulesekken kan også medverke til at andre born og unge vert kjende med og får eit forhold til samisk kunst og kultur.

Som omtala i punkt 5.3 har fylkeskommunane eit særleg ansvar for å forvalte og samordne Den kulturelle skulesekken. Fylkeskommunane forvaltar den største delen av spelemidlane til ordninga, og fordeler spelemidlar til kommunane. Fylkeskommunane nyttar monaleg av eigne midlar til ordninga, og syter sjølve for midlar til administrasjon.

Fylkeskommunane og kommunane har ansvar for å gje alle elevar i grunnskulen, og etter kvart også i vidaregåande opplæring, profesjonelle kunst- og kulturtilbod innanfor eit mangfald av sjangrar og uttrykk. Dette gjeld også samiske elevar og elevar med samisk opphav. Fylkeskommunane og kommunane har dessutan ansvar for at samiske kunst- og kulturuttrykk og samisk kulturarv vert formidla til andre elevar i skulen. Kultur- og kyrkjedepartementet vil sjå til at dette kjem klart fram i føringane for tildelingane til fylkeskommunane. I det nye rapporteringssystemet som no er utarbeidd, vert fylka også bedne om å rapportere særskilt om formidling av samisk kultur.

Departementet meiner at målet om meir samisk kunst og kultur i Den kulturelle skulesekken best kan sikrast gjennom eit samarbeid mellom Sametinget og fylkeskommunane og gjennom klare føringar frå Kultur- og kyrkjedepartementet for løyvinga av spelemidlar. Departementet viser her til dei samarbeidsavtalane som er inngått mellom Sametinget og fylkeskommunane i Finnmark, Troms, Nordland, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Hedmark. I desse avtalane vert det understreka at partane har ansvar for å sikre at samisk kunst og kultur er ein del av Den kulturelle skulesekken. Departementet vil kunne konsultere Sametinget om dette i etterkant av handsaminga av denne stortingsmeldinga.

Som omtala i kapittel 7 vil ordninga med sentrale midlar til Den kulturelle skulesekken verte avvikla over ei periode for å finansiere ei utviding av ordninga til den vidaregåande opplæringa. Innhaldet i Den kulturelle skulesekken må såleis utviklast innanfor dei spelemidlane som fylkeskommunar og kommunar disponerer og innanfor institusjonane sine ordinære rammer. Dette gjeld også utvikling av samiske kunst- og kulturtilbod. Kultur- og kyrkjedepartementet vil syte for klare føringar i dei ordinære løyvingane til kulturinstitusjonane om å medverke med tilbod i Den kulturelle skulesekken.

Sametinget har dei siste åra fått ein generell auke i ordinære løyvingar over Kultur- og kyrkjedepartementets budsjett. Regjeringa ynskjer i minst mogeleg grad å leggje føringar på eller øyremerke desse løyvingane. Sametinget står fritt til sjølv å disponere ein del av denne løyvinga til tiltak som kan støtte opp under Den kulturelle skulesekken, til dømes ved å leggje føringar på løyvingane til sine institusjonar.

Sjølv om ein kan finne fram til mange tilbod i Den kulturelle skulesekken som har eit samisk innhald, er det likevel trong for fleire produksjonar. Det er i denne samanhengen viktig at samiske kunstnarar, kulturarbeidarar og kulturinstitusjonar samarbeider tett med fylkeskommunar og kommunar om å utvikle tilbod i Den kulturelle skulesekken. Det er også viktig å knyte kontaktar til regionale og nasjonale aktørar på feltet slik at ein kan inngå samarbeid om å utvikle og formidle samiske kulturuttrykk. Slike nasjonale aktørar er til dømes Rikskonsertane og Norsk scenekunstbruk. På denne måten kan idear drøftast, utviklast og verte vurderte som tilbod i Den kulturelle skulesekken.

Det er ei særleg utfordring å styrkje kunnskapen om det samiske blant dei som har ansvaret for Den kulturelle skulesekken i fylka i Sør-Noreg. Ein god måte å syte for dette på er at samiske kulturinstitusjonar deltek aktivt og medverkar til å utvikle dei nettverka og arenaene som er etablerte i arbeidet med Den kulturelle skulesekken. Desse nettverka og arenaene er viktige møtestader for aktørar som arbeider med å organisere og produsere tilbod i Den kulturelle skulesekken.

Det er viktig at Sametinget og Kultur- og kyrkjedepartementet i framtida har ein tett dialog om formidlinga av samiske kunst- og kulturuttrykk i Den kulturelle skulesekken, mellom anna i samsvar med konsultasjonsavtalen som er inngått mellom Sametinget og regjeringa. Departementet vil følgje utviklinga av formidling av samisk kunst og kultur nøye i åra framover.

Boks 4.10 Døme på samiske tilbod i Den kulturelle skulesekken

Mange tilbod i Den kulturelle skulesekken representerer samisk kunst og kultur - her er nokre døme:

  • Rikskonsertane sine skulekonsertar har turnert med oppsetjinga "Med joik som utgangspunkt".

  • Nordland fylkesbibliotek og sørsamisk bokbuss har samarbeidd med Den kulturelle skulesekken om å formidle samisk litteratur og samisk teater.

  • Sverresborg, Trøndelag Folkemuseum har eit fast opplegg om samisk kultur for skuleelevar.

  • Norsk kulturråd gav hausten 2007 tilskot til eit danseprosjekt for born og unge der den tradisjonelle joiken skal møte samtidsdansen.

  • Den kulturelle skulesekken i Finnmark arrangerer hausten 2007 skriveverkstad med den unge, samiskspråklege forfattaren Sigbjørn Skåden. Skåden vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris i 2007 for debutdiktsamlinga Skuovvadeddjiid gonagas.

  • Troms fylkeskommune har i skuleåret 2007/2008 tilbod om ni samiske prosjekt innanfor uttrykka musikk, visuell kunst, scenekunst, litteratur og film. I tillegg er det samiske produksjonar ved dei kulturhistoriske musea.

4.8 Nasjonale minoritetar

Noreg ratifiserte i 1999 Europarådets rammekonvensjon om vern av nasjonale minoritetar. Dei nasjonale minoritetane i Noreg er jødar, kvenar, rom (sigøynarane), romanifolket (taterane) og skogfinnar. Kunnskap om nasjonale minoritetar er eit av læringsmåla for alle elevar i læreplanen for grunnskulen og vidaregåande opplæring. Etter 7. årstrinn skal elevane kunne gjere greie for kva nasjonale minoritetar som er i Noreg, og kunne skildre hovudtrekk ved minoritetane si historie og levekår. Desse minoritetane har vore lite synlege i skuleverket og i det offentlege rom. Det er difor viktig at Den kulturelle skulesekken også er ein arena for formidling av dei nasjonale minoritetane sin kultur.

4.9 Formidling av kunst og kultur på nynorsk

Kultur- og kyrkjedepartementet arbeider for tida med ei stortingsmelding som skal skissere grunnlaget for ein sektorovergripande språkpolitikk. Ein føresetnad for ein slik politikk er at det blir lagt inn eit språkpolitisk perspektiv i all anna politikkutforming der dette er relevant. Målet er å styrkje både norsk språk generelt og nynorsk spesielt.

Skal nynorsk som den minst brukte av målformene kunne hevde seg, er det om å gjere at born og unge også får kulturimpulsar på nynorsk. Særleg viktig er det at elevar med nynorsk opplæringsmål møter si eiga målform på brei front i den formidlinga som skjer i skulen. Dei treng all den motvekt dei kan få mot den sterke bokmålspåverknaden utanfor skulen.

Auka vekt på å formidle kunst og kultur på nynorsk gjennom Den kulturelle skulesekken kan difor vere med å styrkje den språklege identiteten til nynorskelevane. Den kulturelle skulesekken vil på den måten byggje opp under dei pedagogiske målsetjingane i skulen og i større grad gjere skulen til ein berar og formidlar av språkleg og kulturell identitet.

Det er viktig at kommunar og fylkeskommunar har dette språkpolitiske perspektivet i tankane i den vidare utviklinga av Den kulturelle skulesekken òg når dei legg konkrete planar for kunst- og kulturtilbodet i ordninga. I den samanheng er det ynskjeleg med eit visst tilbod på nynorsk også for bokmålselevar.

4.10 Likestilling

Kulturbruksmønsteret er ulikt hos kvinner og menn. Til dømes veit vi at jenter les meir litteratur enn gutar. Grunnlaget for ei interesse for kunst og kultur vert gjerne lagt i ung alder, og får konsekvensar for så vel bruk av fritid som val av yrkesveg. Vi ser dermed at jenter ikkje berre er meir aktive kulturkonsumentar på fritida, men òg at dei oftare enn gutane vel ei utdanning innanfor kulturfeltet.

Ein styrke ved Den kulturelle skulesekken er at ordninga når alle elevar uavhengig av kjønn, sosial bakgrunn eller andre tradisjonelle skilje­liner som verkar inn på tilgjenge til og interesse for ulike kunst- og kulturuttrykk. Slik kan ordninga òg vere med på å viske ut den kjønnsbaserte skilnaden vi ser på dette feltet.

Kultur- og kyrkjedepartementet har sidan 2006 endra rapporteringsrutinane for å få betre oversyn over likestillingsdimensjonen når det gjeld aktiviteten i kulturinstitusjonane. Rapporteringa syner store skilnader mellom dei ulike kunst- og kulturfelta. Medan kvinner og menn er nokolunde likt representerte på ein del felt, er det andre felt der det finst ei tydeleg skeivfordeling mellom kjønna. Spesielt i den norske filmbransjen er underrepresentasjonen av kvinner tydeleg, med ei kjønnsfordeling på omlag 80:20. Kvinner har i dag svært få nøkkelposisjonar i norsk film, som til dømes regissør, manuskriptforfattar eller produsent. Den same tendensen ser vi hos dei musea som stiller ut og kjøper kunst, der rapportane syner at kvinnelege kunstnarar er klårt underrepresenterte (omlag 70:30) både når det gjeld innkjøp og talet på verk som vert utstilte.

Skal ein ha eit mål om likestilling på kulturfeltet, må ein vere merksam på dei strukturelle skilnadene som eksisterer. Det er difor viktig at alle som arbeider med Den kulturelle skulesekken, anten det er som kunstnarar, administratorar eller pedagogar, har eit kritisk blikk på korleis kjønn vert representert gjennom dei produksjonane og kunstuttrykka som skuleelevane møter.

Figur 4.11 «House Gymnastics»

Figur 4.11 «House Gymnastics»

Prosjektet «House Gymnastics» handlar om å ta i bruk kropp og rom på ein ny måte. «House Gymnastics» er eit spanande prosjekt med dansekunstnaren Gitte Bastiansen og fotografen Ida Hjerkinn. Biletet viser elevar ved Dokka ungdomsskole.

Foto: Ida Hjerkinn

Til forsida