St.meld. nr. 8 (2007-2008)

Kulturell skulesekk for framtida

Til innhaldsliste

5 Organiseringa av Den kulturelle skulesekken – status og vidare utvikling

Evalueringa frå NIFU STEP hevdar at det er behov for å gjennomgå korleis Den kulturelle skulesekken er organisert, med tanke på å forenkle ordninga. Konkret bør ein tydeleggjere arbeids­delinga mellom kultur- og opplæringssektorane, styrkje dei konkrete samarbeidsarenaene og utvikle brubyggingsfunksjonar mellom aktørane.

Som drøfta i kap. 2 er det per i dag ikkje nokon grunn til å gjere større endringar i korleis Den kulturelle skulesekken er organisert. Høyringsfråsegnene syner at det er brei semje om at dagens organisering på tre nivå og i to sektorar medverkar til å tryggje kvalitet, samarbeid på tvers av kultur- og opplæringssektorane og lokal forankring. Røynslene talar for at ein også i framtida bør tilpasse organiseringa til lokale og regionale forhold. Statlege styresmakter i båe sektorane må leggje til rette for og stø opp under lokale og regionale satsingar.

Både evalueringa og høyringssvara syner at det er behov for å presisere styringsliner og ansvarstilhøve i Den kulturelle skulesekken. Kommunikasjonen mellom forvaltingsnivåa og sektorane må sikrast. Satsinga må organiserast slik at kultursektoren og opplæringssektoren har klare roller og ansvar, men samarbeider om å planleggje og gjennomføre ordninga. Vidare bør kulturminneforvaltinga trekkjast meir aktivt med i samarbeidet.

5.1 Departementa og styringsgruppa

Den kulturelle skulesekken er organisert som eit samarbeid mellom kultur- og skulesektorane på tre forvaltingsnivå. Kultur- og kyrkjedepartementet har ansvaret for Den kulturelle skulesekken på nasjonalt nivå. Kultur- og kyrkjeministeren har ansvaret for fordeling av spelemidlar til kulturføremål, inkludert fordeling av spelemidlar til Den kulturelle skulesekken.

Kultur- og kyrkjedepartementet samarbeider nært med Kunnskapsdepartementet om å utvikle ordninga. Departementa har ansvaret for at det vert sendt likelydande signal om ordninga til sine sektorar. Kultur- og kyrkjedepartementet skal følgje opp og kontrollere at midlane vert nytta til føremålet og sikre at kvaliteten er høg.

Samarbeidet er organisert gjennom ei eiga styringsgruppe, leia av Kultur- og kyrkjedepartementet. Styringsgruppa er samansett av ein statssekretær frå kvart av dei to departementa, og gjev råd til kultur- og kyrkjeministeren i samband med utviklinga av Den kulturelle skulesekken. Dette omfattar råd om mål og verkemiddel for ordninga, og om rammefordelinga av økonomiske midlar som vert tildelte gjennom overskotet av spelemidlane til dette føremålet. Styringsgruppa vurderer spørsmål av politisk karakter, og formulerer satsingsområde for Den kulturelle skulesekken.

Evalueringsrapporten slår fast at samarbeidet mellom Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet om Den kulturelle skulesekken har utvikla seg over tid, og at det er auka samforståing for oppgåver og rollefordeling.

Vidare utvikling

Ordninga med ei eiga styringsgruppe for Den kulturelle skulesekken vil halde fram. Styringsgruppa er viktig for å forankre samarbeidet mellom kultur og skule på departementsnivå, og er ein sentral møteplass på tvers av sektorane. Arbeidet med Den kulturelle skulesekken vil framleis vere ei prioritert oppgåve i begge departement.

5.1.1 Sekretariatet for Den kulturelle skulesekken

Det daglege ansvaret for å følgje arbeidet med Den kulturelle skulesekken er lagt til sekretariatet, organisatorisk plassert i ABM-utvikling – Statens senter for arkiv, bibliotek og museum. Sekretariatet har ansvaret for å følgje opp Kultur- og kyrkjedepartementet sine tildelingar til nasjonale og regionale aktørar, innhente rapportar og statistikk, drive informasjonsarbeid og nettsider, og å skipe til møteplassar for aktørar på nasjonalt og regionalt nivå.

Sekretariatet har jamn kontakt med dei miljøa som er involverte i ordninga, og arbeider òg for ei fagleg utvikling i arbeidet med Den kulturelle skulesekken. Dette skjer mellom anna gjennom konferansar, nettverksmøte og idédugnader. Sekretariatet gjev departementa råd om satsinga på bakgrunn av faglege vurderingar. Sekretariatet skal samarbeide nært med Utdanningsdirektoratet om informasjon, nettverksarbeid og fagleg utvikling.

I evalueringsrapporten frå NIFU STEP og i fleire høyringsfråsegner vert det hevda at sekretariatet er lite synleg, og at det er uvisse og usemje om kva oppgåver sekretariatet skal ha. Fleire av høyringssvara tek også opp plasseringa av sekretariatet.

Då den kulturelle skulesekken vart oppretta vart sekretariatet plassert i ABM-utvikling. Ei plassering i ein ytre etat ville tryggje eit nært samarbeid mellom alle som har ansvar for spelemidlane og styrkje arbeidet med ei fagleg utvikling i ordninga. ABM-utvikling sin kompetanse og gode nettverk ville vere viktig i ein utviklingsfase. Eit sentralt prinsipp har vore at ordninga skulle ut­vikle seg utan sterk statleg styring og utan for mykje byråkrati. Sekretariatet har hatt to med­arbeidarar i denne perioden.

Vidare utvikling

I oppbyggingsfasen av Den kulturelle skulesekken har det vore naudsynt å ha eit operativt sekretariat som har fungert som initiativtakar og pådrivar i utviklinga. Den kulturelle skulesekken er no ei meir etablert ordning. Strukturen er på plass, og ein kan arbeide med å gjere delar av ordninga betre. Faglege nettverk (sjå punkt 6.2) bør difor få ei viktigare rolle som pådrivarar i den vidare utviklinga av ordninga, og sekretariatet bør arbeide på eit meir overordna nivå. I den vidare utviklinga vil det vere naudsynt å styrkje arbeidet med rapportar, stati­stikk og analysar av Den kulturelle skulesekken.

Sekretariatet vil difor verte flytta frå ABM-utvikling til Kultur- og kyrkjedepartementet. Ei slik plassering vil knyte sekretariatsarbeidet nærare til dei samla forvaltingsoppgåvene i departementet, lyfte fram arbeidet med kultur for born og unge generelt og styrkje samanhengen mellom Den kulturelle skulesekken og kulturfeltet elles. Vilkåra for ei slik plassering er at rapporteringsarbeidet framleis vert gjort gjennom ABM-utvikling, sjå punkt 6.5.

Sekretariatet skal ha ansvaret for å koordinere arbeidet med Den kulturelle skulesekken på eit overordna plan. Det skal utvikle infrastruktur, gode nettverk og møteplassar, drive informasjonsarbeid og hente inn rapportar og statistikk. Sekretariatet skal arbeide tett mot opplæringssektoren, kultursektoren og det operative leddet på alle nivå. Sekretariatet skal førebu møter i styringsgruppa.

5.1.2 Referansegruppa for Den kulturelle skulesekken

Ei fagleg referansegruppe for Den kulturelle skulesekken har verka i perioden 1.3.2003–31.12.2007. Referansegruppa er samansett av personleg oppnemnde medlemmer frå både kultur- og opplæringssektoren.

I ei satsing som Den kulturelle skulesekken må dei som tek avgjerdene, ha ei brei kontaktflate, og det må førast eit uavbrote ordskifte om innhald og form i Den kulturelle skulesekken. I byrjinga var det særleg viktig å få fram mange synspunkt, og ei referansegruppe var eit nyttig verkty òg for å gje satsinga naudsynt legitimitet.

Evalueringa av skulesekken påpeikar at referansegruppa er stor, har mange interesser og spelar fleire roller. Mandatet er vagt, og det er ei svak kopling mellom styringsgruppa sitt arbeid og referansegruppa. Evalueringa tilrår ei gruppe med meir fagleg tyngd og innsikt innan systemtenking på alle nivå, og at lærarar og foreldre bør vere representerte.

Departementet meiner at den komplekse satsinga og dei mange involverte aktørane gjer at det ikkje er optimalt med ei fast referansegruppe i vidareutviklinga av Den kulturelle skulesekken. Då referansegruppa vart utnemnd i 2003, forsøkte ein å femne om og inkludere representantar frå dei fleste aktørgruppene i Den kulturelle skulesekken utan at gruppa skulle verte for stor. Departementet meiner at dette berre delvis har vore vellukka. Referansegruppa har i implementeringsfasen fungert som ein arena der ulike meiningar og synspunkt har kome fram. Referansegruppa sine medlemmer har hatt mange innspel som har vore viktige i politikkutforminga.

Vidare utvikling

For å få ein god og kontinuerleg debatt rundt dei sentrale spørsmåla i Den kulturelle skulesekken legg departementet i staden opp til fleksible ordningar med ulike forum som er tilpassa dei problemstillingane som skal diskuterast, og som har representantar frå båe sektorane. Dette kan vere dialogkonferansar, høyringsmøte, idédugnader eller ad hoc-grupper med deltakarar som kan gje faglege råd. Ei slik arbeidsform vil tryggje at ein får naudsynte innspel for å styre satsinga i ynskt lei, og at involverte partar vert høyrde i saker som dei er opptekne av.

5.2 Aktørar i opplæringssektoren

5.2.1 Utdanningsdirektoratet

Utdanningsdirektoratet har ansvaret for utviklinga av grunnskule og vidaregåande opplæring, og er Kunnskapsdepartementets utøvande organ. Utdanningsdirektoratet vart etablert i 2004, og overtok oppgåvene frå det tidlegare Læringssenteret. Direktoratet har ansvar for tilsyn med opplæringa samt forvaltinga av embetsstyringa og sentrale lover og forskrifter. Direktoratet har også ansvaret for all nasjonal statistikk for grunnopplæringa. Kunnskapsdepartementet har til no delegert alt ansvaret for oppfølginga av Den kulturelle skulesekken til Utdanningsdirektoratet.

Gjennom den nyleg framlagde strategiplanen for kunst og kultur i opplæringa 2007–2010 Skapende læring , skal Utdanningsdirektoratet medverke til at Den kulturelle skulesekken inngår i det faglege arbeidet i skulen og medverkar til å nå læringsmåla.

5.2.2 Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa

Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa vart etablert 1. januar 2007. Senteret er etablert for å følgje opp fleirtalsregjeringa sin politiske plattform, St.meld. nr. 39 (2002-2003) Ei blot til lyst og Innst. S. nr. 131 (2002-2003). Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa mottek seks mill. kroner over Kunnskapsdepartementets budsjett i 2007. Senteret er lokalisert til Høgskolen i Bodø.

Senteret skal vere eit nasjonalt ressurssenter for kunst og kultur i opplæringa og femne om barnehage, grunnskule, kulturskule og vidaregåande opplæring. Ei sentral oppgåve vil vere å gjennomføre strategiplanen for kunst og kultur i opplæringa.

Målgruppa er i første rekkje førskulelærarar, lærarar som underviser i kunst og kultur i grunnopplæringa og i lærarutdanninga, skuleleiarar, studentar, forskarar og læremiddelutviklarar. Senteret skal samarbeide med relevante fagmiljø nasjonalt og internasjonalt.

Fleire av høyringssvara etterlyser ei sterkare forankring av Den kulturelle skulesekken i opplæringssektoren på sentralt nivå. Det nyoppretta Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa ved Høgskolen i Bodø kan verte ein viktig aktør for å betre på dette.

Vidare utvikling

Kultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsdepartementet vil arbeide vidare med å styrkje koordineringa mellom kultursektoren og opplæringssektoren nasjonalt og lokalt. Ein lekk i dette er å vurdere kva rolle Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa skal ha i samband med Den kulturelle skulesekken

Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa kan verte ein viktig ressurs i arbeidet med Den kulturelle skulesekken framover. Senteret kan medverke til meir formidlings- og implementeringskompetanse om kunst og kultur og ei sterkare forankring av Den kulturelle skulesekken i opplæringssektoren. Saman med sekretariatet for Den kulturelle skulesekken kan senteret medverke til å styrkje nettverksarbeidet og kompetanseutviklinga i ordninga.

Boks 5.1 Fellesrådet for kunstfagene i skolen

Fellesrådet for kunstfagene i skolen er ei samanslutning av Dans i skolen (DiS), Lands­laget for Drama i skolen (LDS), Landslaget for medieundervisning i skolen (LMU) og Lands­laget for norskundervisning (LNU). Musikk i Skolen og Kunst og Design i skolen har meldt seg ut av Fellesrådet, men får framleis statstilskot kanalisert gjennom rådet.

Fellesrådet for kunstfagene i skolen har som føremål å arbeide for å styrkje kunst- og kulturfaga i skulen og stimulere til kompetanseheving og samarbeid mellom kunstfaga i opplæring og utdanning. Fellesrådet er finansiert over Kultur- og kyrkjedepartementets budsjett. Tilskotet i 2007 er 3,654 mill. kroner. For 2008 er det statlege tilskotet 3,911 mill. kroner.

5.2.3 Fylkesmannen

Ein viktig samarbeidspartnar for fylkeskommunane er utdanningsavdelinga hjå Fylkesmannen. Fylkesmannen skal først og fremst kvalitetssikre grunnopplæringa, noko som skjer gjennom rapportering, vurdering og rettleiing. Fylkesmannen fører dessutan tilsyn med oppfølginga av lovverket for grunnskule og vidaregåande opplæring, og handsamar klagesaker etter nærare reglar i opplæringslova.

Fylkesmannen si utdanningsavdeling skal medverke til at Den kulturelle skulesekken vert forankra på alle nivå i opplæringssektoren, som ein del av arbeidet med kvalitetssikringa i skulen. I samsvar med Kompetanse for utvikling. Strategi for kompetanseutvikling i grunnopplæringen 2005–2008 (Utdannings- og forskingsdepartementet 2004) skal fylkesmannen også rettleie kommunane i samband med kompetanseutvikling og samarbeid mellom skuleeigarar, universitet, høgskular og andre fagmiljø.

Fylkesmannen har i mange år hatt ansvaret for Rikskonsertane si turnélegging. Frå skuleåret 2007–2008 har fylkeskommunane overteke dette ansvaret.

Vidare utvikling

I den vidare utviklinga av Den kulturelle skulesekken må det leggjast til rette for eit systematisk og forpliktande samarbeid mellom den kulturansvarlege avdelinga i fylkeskommunen og utdanningsavdelinga hjå fylkesmannen. Dette bør ideelt sett inngå som eit punkt i dei planane fylkeskommunane utarbeider.

Boks 5.2 Godt samarbeid

Fylkesmannen i Sør-Trøndelag initierte i 2002 nettverksprosjektet «Skap muligheter med Den kulturelle skolesekken». 17 skular i fylket deltok i prosjektet. Målet var å utvikle ein større kompetanse innanfor arbeidsfeltet kultur og skule.

Skulane laga sine eigne planar for arbeidet med kunst og kultur i skulen, der Den kulturelle skolesekken gjekk inn som eitt av fleire element. Lærarane vart medvitne om ordninga og kva ho kunne medverke til i skulen sitt arbeid.

Resultatet av dette prosjektet er mellom anna at dei skulane som deltok, er svært gode samarbeidspartnarar for fylkeskommunen i arbeidet med Den kulturelle skulesekken. Rollene er avklarte, og nettverka er styrkte.

5.3 Fylkeskommunane

Fylkeskommunane har fått eit særleg ansvar i utviklinga av Den kulturelle skulesekken. Dei forvaltar den største delen av spelemidlane, og dei har ansvar for å tilby kommunane kunst- og kulturproduksjonar av høg kvalitet. Fylkeskommunane skal også medverke til å utvikle ordninga i kommunane, og dei har gjennom ordninga teke på seg eit ansvar for å samordne tilbodet regionalt.

80 prosent av spelemidlane går i dag til lokale og regionale tiltak. I 2007 tilsvarer dette 134 mill. kroner. Av desse midlane vert 122 mill. kroner fordelte via fylkeskommunane til Den kulturelle skulesekken i grunnskulen, 6 mill. kroner er fordelte til sju fylkeskommunar for ei prøveordning i vidaregåande opplæring og 6 mill. kroner går direkte til seks vitensenter. Midlane til fylkeskommunane vert fordelte etter ein nøkkel som tek omsyn til elevtal, geografiske avstandar og kulturell infrastruktur i fylket.

Tabell 5.1 Fordeling av spelemidlar til Den kulturelle skulesekken i grunnskulen i 2007 (i NOK)

Østfold6 290 729
Akershus10 808 543
Oslo7 933 998
Hedmark5 441 008
Oppland5 315 776
Buskerud6 242 535
Vestfold5 686 312
Telemark4 844 611
Aust-Agder3 712 832
Vest-Agder4 915 443
Rogaland9 762 535
Hordaland10 134 180
Sogn og Fjordane4 434 496
Møre og Romsdal6 924 971
Sør-Trøndelag7 021 312
Nord-Trøndelag4 558 477
Nordland7 693 991
Troms*5 501 404
Finnmark4 776 848

* I tilskotet til Troms fylkeskommune er det inkludert kr 100 000 til Svalbard

Kjelde: Kultur- og kyrkjedepartementet

Fylkeskommunane har ansvar for å tilby kommunane kunst- og kulturproduksjonar av høg kvalitet. Av dei statlige midlane til fylket skal minimum ein tredel gå til eit slikt tilbod i form av innkjøp av produksjonar, turnéring eller formidling av desse. Eit nærare oversyn over innhaldet og omfanget av fylkeskommunane sine tilbod er nærare omtala i punkt 4.2.

Ein tredel av midlane skal fordelast vidare til kommunane, og den siste tredelen skal fordelast av fylkeskommunen slik det er mest føremålstenleg i det enkelte fylket.

Rekneskapane for 2006 syner at halvparten av fylkeskommunane fordeler om lag ein tredel av midlane vidare til kommunane. Dei andre fylka fordeler frå ein halvpart til to tredelar til kommunane.

Som regional utviklingsaktør spelar fylkeskommunane også ei viktig rolle i å forvalte dei distriktspolitiske og regionalpolitiske verkemidla. I tillegg til spelemidlane nyttar dei aller fleste fylkeskommunane delar av sine eigne kulturmidlar på Den kulturelle skulesekken. Sjå kap. 7 for eit oversyn over fylkeskommunane sine utgifter og inntekter i samband med Den kulturelle skulesekken i 2006–2007.

Fylkeskommunane skal forankre samarbeidet med skulen gjennom fylkesmannen og kommunen som skuleeigar. Skriftlege avtalar med kommunane medverkar til å sikre alle elevane jamlege møte med Den kulturelle skulesekken. Dette gjer også planlegginga og rolleavklaringa mellom fylkeskommunen og kommunane enklare.

Fylkeskommunane skal nytte lokale og regionale kunst- og kulturressursar i arbeidet med Den kulturelle skulesekken, og dessutan samarbeide med nasjonale aktørar som formidlar kunst og kultur til skuleelevar. Også representantar frå aktuelle høgskular, kultursektoren og opplæringssektoren bør vere involverte i samarbeidet på fylkesnivå.

Den fylkeskommunale satsinga på Den kulturelle skulesekken skal vere politisk handsama. Når fylkeskommunen planlegg Den kulturelle skulesekken, må han hente inn og ta omsyn til innspel frå kommunar, skular og kultursektoren. I den årlege rapporteringa skal det visast korleis fylkeskommunen koordinerer, administrerer og sjølv medverkar til Den kulturelle skulesekken. Rapporten skal også vise nettverksarbeid og anna samarbeid med kommunane, samarbeid mellom kultur- og skulesektor på fylkesnivå og med kulturinstitusjonar regionalt og nasjonalt.

Ein viktig del av arbeidet i fylka er å etablere nettverk med kommunane og med kunst- og kulturmiljøa i regionen. Alle fylke har ein eigen koordinator for Den kulturelle skulesekken. Eit par gongar i året arrangerer sekretariatet for Den kulturelle skulen nettverksmøte med fylkeskoordinatorane for å drøfte faglege og praktiske spørsmål.

I evalueringa av Den kulturelle skulesekken vert det tilrådd å gjennomgå styringsliner og organ på fylkesnivå for å medverke til ein slankare organisasjon for Den kulturelle skulesekken. Fylkeskommunane bør ifølgje tilrådinga særleg sjå etter at målgruppa vert høyrd i utviklinga av ordninga.

Vidare utvikling

Dagens modell, der fylkeskommunen og kommunane har ansvaret for å forvalte størstedelen av midlane til Den kulturelle skulesekken, vert vidare­ført. Fordelen med ordninga er at kompetansen lokalt og regionalt vert utnytta gjennom samarbeid og nettverk. Dette er med på å sikre kvaliteten på tilbodet som vert gjeve gjennom Den kulturelle skulesekken. Dei regionale turnéordningane medverkar òg til at kulturtilboda vert godt nytta, mellom anna gjennom ei effektiv turné­legging.

Den einskilde fylkeskommunen skal organisere eit godt og profesjonelt tilbod til elevane slik det høver best i kvart fylke. Regional og lokal fridom skal difor framleis vere eit sentralt prinsipp i ordninga.

Det er viktig å både forankre Den kulturelle skulesekken i kvar kommune og skule, sikre kvaliteten på tilbodet og tryggje at alle får eit tilbod. Departementet meiner at desse utfordringane best kan møtast gjennom eit godt samarbeid mellom regionalt og kommunalt nivå, og på tvers av kultur- og skulesektorane. I det vidare arbeidet bør fylkeskommunane og kommunane inngå konkrete samarbeidsavtalar om mellom anna arbeidsdeling og kompetansetiltak.

Det er viktig å forankre Den kulturelle skulesekken i opplæringssektoren gjennom eit godt samarbeid med fylkesmannen og kommunen som skuleeigar. I vidareutviklinga av ordninga til vidaregåande opplæring er eit nært samarbeid med fylkeskommunens utdanningsavdeling og rektorkollegiet naudsynt. Ein bør finne løysingar i fylka som sikrar god dialog med brukarane. Det må vidare leggjast vekt på fylkeskommunen sin rolle som regional kulturminneforvalting. Dette kan medverke til å sikre kulturarven i Den kulturelle skulesekken.

Gode dataverkty for logistikk og rapportering er viktige i fylkeskommunens arbeid. Dette er nærare omtala i punkt 6.5.

5.3.1 Nordland og Akershus – døme på to ulike fylkesmodellar i Den kulturelle skulesekken

Nordland og Akershus fylke er døme på to fylke som har organisert arbeidet ulikt, men som likevel har lukkast i å nå måla i Den kulturelle skulesekken. I utgangspunktet er fylka svært ulike, med store avstandar og spreidd busetnad i Nordland, medan folk i Akershus bur tett, skulane er mange og store, og dei store kulturinstitusjonane i hovudstaden ligg nær.

Styrken i modellen som er vald i Nordland, er at den lokale forankringa til og entusiasmen rundt Den kulturelle skulesekken er særleg sterk, og at den enkelte skulen og kommunen i stor grad har vore med og bestemt innhaldet i Den kulturelle skulesekken. Det har vore gjort eit stort og viktig arbeid frå fylkeskommunen si side for å rotfeste dette arbeidet lokalt.

Styrken i modellen til Akershus er at dei på regionalt nivå har utvikla stor kompetanse om produksjonar i Den kulturelle skulesekken innanfor alle uttrykka. Formidlingsaktøren Kultur.akershus har produsentar knytte til kvart uttrykk, og ligg svært langt framme i å utvikle nye formidlingsformer, til dømes innan kulturarv, film og i sjangeroverskridande prosjekt. Fleire av produksjonane frå kultur.akershus vert trekte fram i nasjonal samanheng.

Nordland

Nordland fylke har om lag 33 500 elevar fordelte på 252 skular i 44 kommunar. Dei statlege spelemidlane til Den kulturelle skulesekken i fylket er på om lag 7,7 mill. kroner, og fylkeskommunen brukar 2,6 mill. kroner av eigne midlar til tiltaket. Midlane frå fylkeskommunen går til administrasjon medrekna arbeidet med skulekonsertane.

Fylkeskommunen fordeler 50 % av spelemidlane vidare til alle kommunane som har ein godkjend plan for Den kulturelle skulesekken. Tilskotet skal nyttast til eigeninitierte prosjekt og kjøp av kunst- og kulturproduksjonar. Bodø kommune har valt direkte tildeling av spelemidlane og får difor i tillegg sin relative del av fylket sine midlar. Sjå også omtale i punkt 2.3 og 5.4.

Nordland fylkeskommune har fire satsingsområde i sin plan for Den kulturelle skulesekken. Desse er kompetanse, lokale utviklingsprosjekt, kunstproduksjonar og regionale satsingsområde. Det siste området omfattar produksjonar som kommunane ikkje sjølve har kapasitet eller kompetanse til å gjennomføre.

Ved oppbygginga av Den kulturelle skulesekken i Nordland byrja dei med dei lokale utviklingsprosjekta, slik at ein frå første stund fekk til ei lokal forankring. I dag har 41 av dei 44 kommunane i fylket utarbeidd ein eigen plan for Den kulturelle skulesekken. Planane er politisk handsama, og alle gjev uttrykk for eit ynske om å ta i bruk Den kulturelle skulesekken som eit viktig tiltak i kommunen.

Kontakten mellom kommunane og fylkeskommunen er god, og fylkeskommunen fungerer som rettleiar, pådrivar og kvalitetssikrar av innhaldet. Kontakten til skulane går primært gjennom kommunekontaktane.

I skuleåret 2006–2007 fekk alle dei 44 kommunane minst to scenekunstframsyningar og to skulekonsertar gjennom fylket. I tillegg fekk kommunane tilbod frå fylket innan visuell kunst, kulturarv, film, litteratur og sjangeroverskridande uttrykk.

Fylkeskommunen har i modellen sin prioritert å gje skulane kunstnarleg og kulturell røynsle gjennom praksisprosessar som opnar for direkte møte mellom elevar og kunstnarar. Responsen har vore positiv, og kunstverkstader er svært attraktive og populære tilbod i Den kulturelle skulesekken i Nordland.

Fylkeskommunen meiner sjølv at den største utfordringa er å få Den kulturelle skulesekken til ikkje berre å verte sett på som "ei forfriskande skulestund" i ein travel kvardag, men òg som ein medviten og aktiv del av det ordinære arbeidet i skulen.

Akershus

Akershus har om lag 73 000 elevar fordelte på 262 skular i 22 kommunar. Dei statlege spelemidlane til Den kulturelle skulesekken i fylket utgjer 10,8 mill. kroner, og fylkeskommunen brukar 7 mill. kroner av eigne midlar til tiltaket. Fylkeskommunen fordeler 58 % av spelemidlane til kommunane. Lørenskog kommune har valt direkte tildeling av midlane, og får difor 100 %.

Før Den kulturelle skulesekken vart ei nasjonal satsing i 2003 hadde fylkeskommunen etablert fleire formidlingsordningar. I tillegg til Rikskonsertane, hadde elevar i fylket fått møte kunst og kultur gjennom Pilotgalleriet og Mediefabrikken. Pilotgalleriet har sidan 1993 vore eit godt etablert formidlingsnettverk til alle skulane i 19 kommunar, og Mediefabrikken tilbyr profesjonell formidling av film til born og unge i fylket.

Då Den kulturelle skulesekken vart etablert, ynskte fylkeskommunen å koordinere alle kulturtilboda til skulane. Dei har satsa sterkt på å få til ein brei kulturproduksjon og ei turnéordning der alle born i fylket får møte profesjonelle kunstnarar og kulturarbeidarar innanfor alle uttrykka.

I kjølvatnet av den nasjonale evalueringa utført av NIFU STEP, gjennomførte fylkeskommunen ei brukarundersøking av Den kulturelle skulesekken i fylket (Line Prøis Kristiansen, 2007). Fire kommunar deltok i undersøkinga, og det vart gjennomført intervju med elevar, kulturkontaktar på skulane og kontaktpersonar i kommunen. Problemstillingane var knytte til korleis Den kulturelle skulesekken er implementert i skulekvardagen til elevane, og korleis satsinga har vore organisert på skulenivå. Det vart også sett søkjelys på elevane si eiga oppleving av dei enkelte kulturmøta, sjå omtale i punkt 2.4.

Boks 5.3 «Spacestation Nordland»

«Spacestation Nordland» er ei vandreutstilling som handlar om livet på den internasjonale romstasjonen ISS. På den verkelege ISS bur og arbeider astronautar frå heile verda. På utstillinga fekk elevane teste korleis livet er på romstasjonen. Korleis kan ein arbeide i vektlaus tilstand? Kva et astronautane? Korleis går dei på do? Saman med kunstnarar innan visuell kunst og scenekunst fekk elevane forme, skape og bygge ein eigen romstasjon.

«Spacestation Nordland» var eit særs vellukka prosjekt både med omsyn til innhald og til formidling. Ei rein kulturoppleving, samstundes som elevane lærte noko om fysikk, astronomi og filosofi. Prosjektet vart finansiert i eit samarbeid mellom Norsk Luftfartsmuseum og Nordland fylkeskommune. Museet stilte med personalressursar og arena, medan fylkeskommunen lønte kunstnarane og betalte for reisa til elevane.

Figur 5.1 «Spacestation Nordland»

Figur 5.1 «Spacestation Nordland»

Elevar frå Salten arbeider med prosjektet «Space­station Nordland». Dei lagar sitt eige verdsrom.

Foto: Norsk Luftfartsmuseum

5.4 Kommunane

Kommunane skal i samarbeid med fylkeskommunane medverke til å utvikle eit heilskapleg tilbod i Den kulturelle skulesekken for alle skulane. Som skuleeigar er kommunane ansvarlege for å tryggje at arbeidet med Den kulturelle skulesekken vert integrert i skulen si verksemd. Kommunen som skuleeigar bør sjå arbeidet med Den kulturelle skulesekken i samanheng med måla i strategiplanen for kunst og kultur i opplæringa.

Kommunane får mellom 1/3 og 2/3 av spelemidlane til Den kulturelle skulesekken fordelt via fylket. Det er fylkeskommunen som i samråd med kommunane bestemmer fordelingsbrøken mellom fylkeskommunen og kommunane, men kommunane skal minimum få 1/3. Midlane til kommunane vert fordelte etter fordelingsnøkkelen for kvalitetsutviklingsmidlar i grunnskulen. Midlane skal nyttast til føremålet, og kan ikkje brukast til å løne faste faglærarar eller faglærarar utanfrå. Rapporteringa for 2006–2007 syner at kommunane fekk fordelt 53 mill. kroner av dei spelemidlane som fylkeskommunane forvaltar. Dette er meir enn den tredelen fylkeskommunane er pålagde å fordele vidare. Sjå punkt 7.1.

Dei fire kommunane Bergen, Bodø, Lørenskog og Karmøy har ynska og fått sin relative del av fylket sine spelemidlar direkte. Desse kommunane deltek ikkje i fylkeskommunane sine tilbod, med organiserer alle tilbod i Den kulturelle skulesekken sjølve. Departementet har fram til no sett som krav at kommunane må ha minst 30 000 innbyggjarar for å få spelemidlane direkte. Sjå nærare omtale i punkt 2.3.

Det er stor skilnad på korleis og kor mykje kommunane i Noreg satsar på Den kulturelle skulesekken. Det er mange døme på kommunar som har kome langt i både å integrere gode lokale ressursar, bruke det beste av tilboda frå fylkeskommunen og lage eigne, nyskapande prosjekt. Andre kommunar har kome kortare.

Kommunane rapporterer til fylkeskommunane og ikkje til sentralt hald. Departementet har førebels ikkje gode nok grunnlagstal for å gje eit fullstendig bilete av innhaldet og omfanget av kommunane sitt tilbod. Det vil bli arbeidd vidare med å utvikle rapporteringssystemet, mellom anna for å få meir informasjon om aktiviteten i kommunane, jf. punkt 6.5.

Rapporteringa for skuleåret 2006–2007 viser at 203 kommunar har eit formalisert samarbeid med fylkeskommunen. Dette betyr at det ligg føre ei skriftleg avtale mellom den enkelte kommunen og fylkeskommunen der ansvar og plikter for begge partar er definerte.

Rapporteringa viser også at alle kommunane i landet, med unnatak av dei fire kommunane som får spelemidlar direkte, har eit samarbeid med fylkeskommunane. Dette betyr at kommunane har levert inn ein kortfatta plan til fylket som viser korleis kommunen vil arbeide med Den kulturelle skolesekken lokalt. Denne planen utløyser spelemidlar til kommunen. I mange kommunar er arbeidet med Den kulturelle skulesekken også nedfelt i kommunale planar for kultur- og opplæringssektoren og på kvar einskild skule.

Fylkeskommunane spelar ei viktig rolle i å støtte kommunane sitt arbeid. Fleire fylke og kommunar har til dømes etablert godt fungerande kulturkontaktordningar som sikrar samarbeidet mellom sektorane. Fylkeskommunen har ofte ein kontaktperson i kvar kommune, og mange kommunar har gode røynsler med å ha kulturkontaktar på dei enkelte skulane. Rapporteringa for 2006–2007 viser at 243 kommunar har ei ordning med kulturkontaktar. 16 av fylka har medverka til kompetansetiltak for utdanningssektoren, og 14 fylke har medverka til kompetansetiltak for kultursektoren.

Vidare utvikling

Ei utfordring for mange kommunar er å sikre at tilboda som vert utvikla lokalt, har høg kvalitet. I mange tilfelle vert det lagt for lite vekt på kvalitetssikringa av dei møta som elevane får gjennom Den kulturelle skulesekken. Ei utfordring vidare må også vere å stimulere kommunane til å vere meir dristige og nyskapande når dei vel ut og utviklar innhald i ordninga. Kommunane bør også vurdere samarbeid med andre kommunar for å sikre at tilboda vert godt utnytta.

Ein fordelingsmodell med ein større del av midlane til kommunane vil kunne sikre forankring hjå skuleeigar og i skulane, medan utfordringane vil vere kvalitetssikring, turnéorganisering, nettverksarbeid og anna samarbeid regionalt. Ein slik fordelingsmodell vil også seie at kommunane må nytte eigne midlar til administrasjon.

Evalueringsrapporten om Den kulturelle skulesekken og fleire av høyringsfråsegnene peikar på at skule- og lærarnivået må delta meir tydeleg i dei organa som tek avgjerder om Den kulturelle skulesekken. Dette vil kunne tryggje samarbeidet mellom sektorane. I arbeidet med å utvikle ordninga må kommunane syte for at skulane kan gje innspel til innhaldet i og organiseringa av satsinga.

Departementet meiner det må vere opp til kommunane og fylkeskommunane å verte samde dersom ein kommune, eller fleire kommunar i eit interkommunalt samarbeid ikkje ynskjer å ta imot fylket sine tilbod, men i staden ynskjer å få tildelt sin relative del av fylket sine spelemidlar. Det skal ikkje lenger vere eit krav at kommunen må ha over 30 000 innbyggjarar. Vilkåret for ei slik ordning er at kommunen er i stand til å sikre prinsippa for ordninga og vert samde med fylkeskommunen om korleis ordninga skal gjennomførast.

Kommunar som ynskjer å vere med i ei slik ordning, må gjennom planar framstille korleis dei har tenkt å ivareta dei ulike uttrykka. Dei må syne til politisk forankring, eigen ressursbruk, deltaking i nettverk og etablert samarbeid mellom skule- og kultursektor. Det må stillast krav til nyskaping og kvalitetssikring på lik linje med dei krava som vert stilte til fylkeskommunane.

Boks 5.4 Kunsten å kome og kunsten å ta i mot

Sogn og Fjordane fylkeskommune har utarbeidd eit hefte for kulturkontaktane på skulane og eit hefte med tilsvarande tips og retnings­liner for kunstnarar på turné i regi av Den kulturelle skulesekken. Det gjer at både skulane og kunstnarane kan bu seg betre til møta.

http://sff.ksys.copyleft.no/home/

5.5 Skular og kulturskular

Skuleleiinga og lærarane er brubyggjarar mellom elevane og Den kulturelle skulesekken. Læraren er ein viktig rollemodell for elevane i møtet med kunst og kultur. Gjennom tilrettelegging, føre- og etterarbeid, skal læraren medverke til at Den kulturelle skulesekken vert ein viktig ressurs i undervisninga. Arbeidet med Den kulturelle skulesekken skal vere ein del av skulen sitt faglege arbeid og bidra til å realisere skulen sine læringsmål.

Skulen har eit viktig ansvar for å knyte opp­levingane og innhaldet saman med den ordinære undervisninga på skulen før og etter kunst- og kulturaktiviteten. Det er også viktig at utøvarar og tilbydarar medverkar til at innhaldet i Den kulturelle skulesekken kan relaterast til skulen si verksemd.

Det er svært viktig at Den kulturelle skulesekken står for ein planlagd og ynskt del av skuletida. Skulen treng å vite i god tid kva som kjem i Den kulturelle skulesekken, slik at dei kunst- og kulturopplevingane som elevane får gjennom ordninga, blir meir enn ei kort vitjing. Aktivitetane i Den kulturelle skulesekken må difor vere klare på eit så tidleg tidspunkt at skulane kan leggje dei inn i sine halvårsplanar.

Fleire høyringsfråsegner peikar på kor viktig det er å forankre Den kulturelle skulesekken i skulen si leiing. Ein engasjert rektor er dei fleste stader ein føresetnad for suksess. Ei ordning med kulturkontaktar på skulane sikrar forankringa i skulen, og forenklar kommunikasjonen mellom dei ulike aktørane. Kulturkontakten på skulen fungerer også som ein bindeled mellom det administrative apparatet i kommunen og/eller fylket.

Det bør vere kommunen som skuleeigar som har ansvar for å etablere slike ordningar. Nokre kommunar syter for ekstra ressursar til kulturkontaktane, både i form av løn og faglege opplegg. Fleire fylke har faglege opplegg for kontaktpersonane i dei enkelte kommunane.

Mange skular har gode røynsler med å la elevane delta aktivt i å planleggje og leggje til rette ved kunstnarvitjingar på skulen. Slike kulturvertordningar er ofte vellukka, sjå boks 4.1.

Dei kommunale kulturskulane har utvikla seg frå å vere reine musikkskular til å femne om fleire kunst- og kulturuttrykk. I Kunnskapsdepartementets strategiske plan for kunst og kultur i opplæringa vert det peika på at kulturskulane kan vere lokale ressurssenter som samarbeider med skulane, frivillige aktørar og det lokale kulturlivet. Gjennom pedagogisk rettleiing og arbeid kan kulturskulane medverke til at Den kulturelle skulesekken vert forankra i skulen og nytta aktivt i undervisninga. Det er kommunen som skuleeigar som må leggje til rette for dette.

Norsk kulturskoleråd har i dei siste åra initiert fleire større prosjekt som har som mål å medverke til å utvikle kulturkompetansen i skulen, både hjå lærarar og elevar. Eit av desse prosjekta er kalla KOM (Kreativt oppvekstmiljø). KOM tilbyd interesserte skular nettverkssamlingar for lærarar og skuleleiinga, og arbeid med kulturaktivitetar på skulane. Det gjev skulane høve til å pløye djupare i større prosjekt enn det er rom for innanfor Den kulturelle skulesekken, som har som mål å vere for alle elevane.

Profesjonelle kunst- og kulturutøvarar som òg er tilsette i kulturskulane, vert på same måte som andre lokale kunstnarar nytta som utøvarar eller produsentar av lokale prosjekt i Den kulturelle skulesekken. Det er viktig å skilje mellom rolla som lærar i kulturskulen og det å vere profesjonell kunstprodusent.

Boks 5.5 Den kulturelle skulesekken i Vestre Slidre

I Vestre Slidre i Oppland har dei to skulane Røn og Slidre felles målsetjing og eit tett samarbeid. Skulane samarbeider godt med den lokale kulturskulen. Skulane har om lag 230 elevar. Skulane arbeider for å integrere kultur generelt, og Den kulturelle skulesekken spesielt i skulekvardagen. Sidan 1996 har profesjonelle utøvarar vorte knytte til skulane i ulike prosjekt. Skulane har òg vore aktive brukarar av turnétilboda frå fylkeskommunen.

I 2006–2007 hadde skulane prosjektet «Kultur for alle. Kulturskulen tek over skulen.» Skulane ynskjer å gje fleire elevar høve til å få undervisning frå kulturskulen i skuletida. Kulturskulen gjev no eit halvtimestilbod to gonger i veka for alle elevane i ein utvida skuledag.

Det som pregar arbeidet er at skulane er medvitne om kor nyttig det kan vere å bruke profesjonelle kunstnarar, det lokale kulturlivet og kulturhistoria i undervisinga. Måla for skulane i arbeidet med Den kulturelle skulesekken er oppleving, inspirasjon, deltaking, eigen kreativitet og inkludering. Mottoet er: Kulturen har bruk for alle!

Figur 5.2 Verkstad med dokkemakar i Svolvær

Figur 5.2 Verkstad med dokkemakar i Svolvær

Elevar ved Svolvær barne- og ungdomskole er på verkstad med dokkemakaren Ulrike Quade. Ini­tia­tivet er eit samarbeid mellom Den kulturelle skulesekken i Nordland, skulen og Figurteateret i Nordland.

Foto: Geir-Ove Andersen/Figurteateret i Nordland

Til forsida