G-07/2018 - Ikraftsetjing av endringar i utlendingsforskrifta – reglar om avvising av omgje-ringsoppmodingar

Innleiing og bakgrunn

Justis- og beredskapsdepartementet har endra forskrift 15. oktober 2009 nr. 1286 om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingsforskrifta).

Forskriftsendringa trer i kraft 1. juni 2018 og gjeld for alle omgjeringsoppmodingar som vert handsama frå og med denne dato, inkludert oppmodingar som vart levert på eit tidlegare tidspunkt. 

Departementet har vedteke ein ny § 16-14 i forskrifta, som gjev føringar for når ei omgjeringsoppmoding kan nektast realitetshandsama. I første ledd vert det slått fast at ei omgjeringsoppmoding kan bli avvist, det vil seie ikkje realitetshandsama, dersom utlendingen ikkje har kjend opphaldsstad. Andre ledd slår fast at avvising kan skje dersom oppmodinga ikkje fyller nærare fastsette formkrav. Tredje ledd viser til særskilte forhold det skal leggjast vekt på i vurderinga av om ei oppmoding som kan bli avvist i medhald av første og andre ledd, likevel skal bli realitetshandsama.

Forslag til ny § 16-14 vart sendt på offentleg høyring med høyringsfrist 1. februar 2016. Departementet vil nedanfor kommentere nokre spørsmål som vart tekne opp i ulike høyringssvar, og ein skilnad mellom den vedtekne forskriftsregelen og forslaget i høyringsnotatet (jf. neste punkt).

Uttømande liste med formkrav

Forslaget i høyringsnotatet innebar at lista over formkrav som kan vere grunnlag for avvising, ikkje vil vere uttømande, jf. ordlyden «En omgjøringsanmodning kan også avvises dersom den ikkje innfrir følgende formkrav eller andre formkrav fastsatt i Utlendingsnemnads retningslinjer» (vår utheving). Somme høyringsinstansar tok til orde for at lista bør vere uttømande og at UNE ikkje bør kunne fastsetje ytterlegare formkrav i interne retningslinjer.

Departementet har kome til at lista skal vere uttømande. Formuleringa utheva ovanfor, er difor fjerna frå den endelege forskriftsregelen. Dette inneber at UNE vil ha mindre fridom enn i dag til å fastsetje eigne formkrav, men ei uttømande liste vil gjere det lettare for utlendingar å vite kva for formkrav som gjeld. På noverande tidspunkt kan departementet ikkje sjå behov for andre formkrav enn dei som no er forskriftsfesta. Dersom UNE i framtida ser behov for nye formkrav, vil departementet vurdere å endre forskriftsregelen.

Utlendingsdirektoratet sin eventuelle bruk av forskriftsregelen

Det er først og fremst Utlendingsnemnda (UNE), som klageinstans, som får omgjeringsoppmodingar. Ein del omgjeringsoppmodingar er likevel retta til Utlendingsdirektoratet (UDI), til dømes fordi utlendingen ikkje klaga på UDI sitt vedtak innan fristen og vedtaket dermed er rettskraftig. Somme høyringsinstansar har stilt spørsmål ved om forskriftsendringa også bør gjelde Utlendingsdirektoratet si handtering av omgjeringsoppmodingar.

Departementet har oppretthalde forskriftsforslaget som var på høyring, som eksplisitt er retta mot UNE si handtering av omgjeringsoppmodingar. Departementet viser til at heimelen for forskriftsregulering er å finne i utlendingslova § 78 åttande ledd. Paragrafen gjeld avgjerdsformer mv. i Utlendingsnemnda.

Ny § 16-14 er difor ikkje bindande for UDI. Departementet minner samstundes om at dei vilkåra som no er forskriftsfesta, også tidlegare kunne bli praktisert innanfor dei rettslege rammene. Departementet siterer i denne samanheng frå høyringsnotatet:

«Dei foreslegne reglane er i stor grad tufta på eksisterande retningslinjer i UNE. Som varsla i proposisjonen [Prop. 180 L (2012-2013)], meiner departementet at reglane bør få ei uttrykkeleg forankring i forskrift. Denne forankringa, og den synleggjeringa ho inneber, vil vonleg ha ein positiv effekt for etterlevinga av krava til form og kjent opphaldsstad.» 

UDI står altså fritt til å praktisere dei vilkåra som går fram av forskrifta § 16-14.

Vilkåret om kjend opphaldsstad inneber ikkje ei utvida undersøkingsplikt

Somme høyringsinstansar har stilt spørsmål om kva UNE skal foreta seg for å kontrollere at utlendingen faktisk har kjend opphaldsstad. Det er vist til at ei adresse registrert i DUF (Datasystem for utlendings- og flyktningsaker), ikkje nødvendigvis inneber at utlendingen faktisk bur på denne adressa.

Departementet understrekar at forskriftsendringa ikkje inneber noko plikt for UNE til å undersøkje opphaldsstad ut over kva som er registrert i DUF. Vilkåret «kjend opphaldsstad» er i forskrifta § 16-14 sin forstand å forstå slik at det er registrert ei adresse i DUF. Føremålet med forskriftsendringa er mellom anna å leggje til rette for effektiv handtering av omgjeringsoppmodingar, og systematisk undersøking av oppgitt adresse ville ha motsett verknad.

Departementet understrekar for ordens skuld at forskrifta heller ikkje inneber at UNE er forhindra frå å gjere nærare undersøkingar i samband med ei omgjeringsoppmoding, til dømes ved å be politiet kontrollere om utlendingen faktisk bur på oppgitt adresse, dersom det skulle vere ønskjeleg.

Departementet har vurdert, men ikkje vedteke, eit formkrav som inneber at utlendingen må opplyse om opphaldsstad i sjølve omgjeringsoppmodinga.

Kva som ligg i «feil av betydning», jf. § 16-14 tredje ledd

Tredje ledd peikar på omsyn det skal leggjast vekt på i vurderinga av om ei omgjeringsoppmoding skal realitetshandsamast sjølv om det er grunnlag for avvising etter første eller andre ledd. Eitt av omsyna er at «vedtaket som anmodes omgjort, inneholder feil som kan ha betydning». I høyringsrunden vart det stilt spørsmål om kva som er å rekne som «feil av betydning».

Departementet vil understreke at omgjeringsoppmodingar skal bli realitetshandsama dersom vedtaket inneheld feil som tilseier at det er ugyldig. Ordlyden i tredje ledd siktar altså ikkje til slike feil. Ut over dette opnar ordlyden for bruk av skjønn. «Feil» kan omfatte både prosessuelle feil, feilaktige faktaopplysingar eller ei misvisande formulering av rettsreglar. «Av betydning» må innebere at feilen ikkje er triviell eller klart utan tyding for utfallet av saka. Det kan også tenkjast at det er gode grunnar for å realitetshandsame ei oppmoding med det føremål å kommentere ein feil i vedtaket, dersom det kan bidra til at utlendingen aksepterer at feilen ikkje har tyding for utfallet av saka.

Departementet understrekar at omsyna i tredje ledd skal vektleggast særskilt, men ikkje automatisk ha avgjerande tyding for «kan-vurderinga» av om ein vil realitetshandsame omgjeringsoppmodinga.      

Rettleiing og reparering av feil

Når ei omgjeringsoppmoding vert avvist skal det gå fram av avgjerda kva som er grunnlaget for å nekte realitetshandsaming. Det vil normalt vere tilstrekkeleg å vise til det relevante vilkåret i ny § 16-14. Utlendingen vil då ha høve til å setje fram ei ny oppmoding der feilen er reparert.

 

Med helsing

Siri Johnsen (e.f.)
avdelingsdirektør
                                                                                      Kathrine L. Brinch
                                                                                      seniorrådgjevar

 

Vedlegg: forskriftsendring