Kartlegging av lover og forskrifter om internkontroll i kommunar og fylkeskommunar

Utarbeidd av sekretariatet for arbeidsgruppa som skal føreslå tiltak for å styrkja eigenkontrollen i kommunar og fylkeskommunar

Dette er ei kartlegging av krava om internkontroll retta mot kommunar og fylkeskommunar i lover og forskrifter. Kartlegginga byggjer på opplysningar henta inn frå dei ulike departementa, og er gjord av sekretariatet for arbeidsgruppa som skal føreslå tiltak for å styrkje eigenkontrollen. Kartlegginga viser at det finst ei rekkje lover og forskrifter på sektorområda som stiller krav om at kommunane skal ha ein internkontroll som sikrar at krava i føresegnene blir følgde.