Historisk arkiv

Den norske kyrkja – statsbudsjettet 2012 kyrkjerekneskapane 2010

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet

Orientering om utviklingstrekk i den lokale kyrkjeøkonomien for perioden 2008–2010 og om løyvingar på statsbudsjettet for 2012 som er av særleg interesse for kyrkjelege fellesråd og sokneråd.

I Fornyings-,  administrasjons- og kyrkjedepartementet sitt rundskriv P–2/2011 av 24. januar 2011 vart det orientert om utviklingstrekk i den lokale kyrkjeøkonomien for perioden 2007–2009 med bakgrunn i rekneskap frå dei kyrkjelege fellesråda. I dette rundskrivet følgjer ein tilsvarande gjennomgang med bakgrunn i kyrkjerekneskapane frå 2008–2010, jf. vedlegg til rundskrivet og rundskrivet pkt. 2.

I rundskrivet pkt. 1 vert det kort orientert om løyvingar på statsbudsjettet for 2012 som er av særleg interesse for kyrkjelege fellesråd og sokneråd. Under dette punktet vil vi også informere om den nyleg vedtekne ramma for rentekompensasjon ved istandsetting av kyrkjebygg. I pkt. 3 i rundskrivet minner vi om plikta til å rapportere rekneskapsopplysningar til Statistisk sentralbyrå (SSB) for rekneskapsåret 2011.

1. Statsbudsjettet 2012 – Den norske kyrkja

Statsbudsjettet for 2012 vart nyleg vedteke av Stortinget. Nedanfor følgjer ein kort gjennomgang av løyvingar som særleg omhandlar kyrkjelege fellesråd og sokneråd.

Kap. 1590, post 71 Tilskott til diakoni, undervisning og kyrkjemusikk
Målsettinga med tilskottet er å stimulere til innsats innan kyrkjeleg undervisning og diakoni i kyrkjelydane og til kyrkjemusikalsk arbeid ved domkyrkjene i landet. Det er bispedømmeråda som disponerer tilskottet under posten. Hovudsakleg vert tilskottet gjeve til dei kyrkjelege fellesråda for å dekkje lønnsutgifter til kateketar og diakonar. I 2010 fekk dei kyrkjelege fellesråda tilskot til 155 diakonstillingar og 138 kateketstillingar frå denne posten. Løyvinga for 2011 var på 116,2 mill. kroner, medan løyvinga for 2012 er på 119,8 mill. kroner. Under posten er det også innarbeidd 1 mill. kroner til kurs og opplæring for medlemmer av fellesråd og sokneråd m.fl.

Kap 1590, post 01/post 75 Trusopplæring
Reform av trusopplæringa i Den norske kyrkja vart påbegynt i 2004. Målet med reforma er at kyrkja skal kunne tilby ei systematisk og samanhengande trusopplæring til alle døypte fram til fylte 18 år.

For 2012 er det løyvd 182,9 mill. kroner under posten. I tillegg til dette kjem 20,1 mill. kroner budsjettert under kap 1590, post 01. Samla løyving er difor 203 mill. kroner. I 2011 vart 197 mill. kroner løyvd til ordninga. Kyrkjerådet har ansvaret for gjennomføringa av reforma og fordeling av løyvinga på ulike tiltak.

Kap 1590, post 72 Tilskott til kyrkjeleg verksemd i kommunane
For 2012 er det under post 72 løyvd 10 mill. kroner til sentrale tiltak for kyrkjebygg, m.a. til drift av kyrkjebyggdatabasen som KA (Kirkelig arbeidsgiver og interesseorganisasjon) har etablert, til brann- og innbrottsførebyggande tiltak, dokumentasjonsarbeid m.v. Tilskottet forvaltast i hovudsak av KA.

For nærare omtale av dei statlege løyvingane til Den norske kyrkja visast det til Prop. 1 S (2011-2012) Fornyings-, administrasjons-, og kyrkjedepartementet. Dokumentet er tilgjengeleg på departementet sine nettsider.

Ny ramme for rentekompensasjon ved istandsetting av kyrkjebygg
I Prop 1 S Tillegg 3 (2011–2012) vart det foreslått ei investeringsramme på 150 mill. kroner for 2012. Stortinget slutta seg til forslaget. Investeringsramma gjeld for prosjekt som vert ferdigstilte etter 1. januar 2012.

Løyvingar til rentekompensasjonsordninga for istandsetting av kyrkjebygg er tilgjengelege over Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett, jf. kap. 582, post 61. Ordninga administrerast av Husbanken og utfyllande informasjon samt søknadsskjema er tilgjengeleg på www.husbanken.no

 

2. Kyrkjerekneskapa 2008-2010

I vedlegget til dette rundskrivet er rekneskapstal for dei kyrkjelege fellesråda i perioden 2008–2010 gjennomgått, jf. tilsvarande gjennomgang i rundskriv P–2/2011 Kirkeregnskapene 2007–2009. Vedlagt er også relevante utdrag frå Prop. 1 S (2011–2012) om kyrkjeøkonomien.

Rekneskapstala syner at driftsinntektene til dei kyrkjelege fellesråda auka med 8 pst. frå 2008 til 2009, medan auken frå 2009 til 2010 var på 4,2 pst. Samla driftsinntekter i 2009 var på 3 550 mill. kroner og 3 699 mill. kroner i 2010.

Driftsutgiftene auka frå 2009 til 2010 frå 3 381 mill. kroner til 3 558 mill. kroner. Dette tilsvarer ei prosentvis auke på 5,3 pst. Frå 2008 til 2009 var auka i driftsutgifter på 6,5 pst.

Samla netto driftsresultat for fellesråda var på 155 mill. kroner i 2009 og 124 mill. kroner i 2010. 

I 2009 auka dei kommunale overføringane (drift) til fellesråda med 5,8 pst. medan den generelle lønns- og prisutviklinga for kommunesektoren var 3,9 pst. For 2010 var auka i dei kommunale overføringane 3,4 pst. Dette var lik lønns- og prisutviklinga i kommunal sektor dette året.

Investeringsutgiftene til fellesråda har hatt ei markant auke i dei seinare åra fram til 2009 då ein hadde samla investeringsutgifter på 970 mill. kroner. I 2010 vart investeringsutgiftene redusert noko til 902 mill. kroner.

Vi viser vidare til vedlegget for ein meir utførleg presentasjon av kyrkjerekneskapa 2008–2010.

  

3. Rapportering til Statistisk sentralbyrå (SSB) for rekneskapsåret 2011

Statistisk sentralbyrå sender ved utgongen av året ut brev og oppslagshefte om rapportering av kyrkjerekneskapa for 2011.

Vi vil nytte høvet til å understreke verdien av rekneskapsrapportering til rett tid. Dei innrapporterte rekneskapstala er den viktigaste kjelda til kunnskap om økonomien i Den norske kyrkja og dei lokale kyrkjelydane. Mangelfull rapportering svekkar informasjonsgrunnlaget, som mellom anna vert nytta til orientering for Stortinget. I 2010 var det 25 fellesråd som ikkje rapporterte rekneskapsopplysningar. Vi minner om at fellesråda er forplikta til å rapportere rekneskapsopplysningane til SSB. Frist for rapportering er 15. mars 2012.

Vi gjer merksam på at KA kan kontaktast ved spørsmål om rekneskapsavslutninga.
SSB kan gje bistand ved innrapportering av rekneskap. 


Med helsing

Ellen Ur
fung. avdelingsdirektør
Kristian Kopperud
rådgjevar

 

Vedlegg til rundskrivet (PDF)