M-7/1996 - Tilskudd til rydding av frukttrefelt 1996

R-449 (18.01.1996)

Rundskriv
M-7/1996
R-449

Saksnr. 1996/00258

18. januar 1996

Til

fylkesmennene, landbruksavdelinga og kommunane

Tilskott til rydding av frukttrefelt 1996

Ved jordbruksoppgjeret i 1995 blei det sett av 2 mill. kroner til ordninga for 1996.

Ordninga er endra frå og med 1996 slik at det berre kan løyvast tilskott til rydding. Ein kan ikkje lenger løyva tilskott til planting. Tilskottet som kan løyvast til rydding er kroner 3 170 pr. dekar for alle fruktslaga.

Areal det blir søkt ryddetilskott til skal målast opp av kommunen. Det kan ikkje løyvast tilskott til rydding av areal som er mindre enn eitt dekar.

Ved stor søknadspågang bør område som er lite eigna for frukt-dyrking og sortar av eple og pære som ikkje er godkjende for distrikts- og kvalitetstillegg prioriterast. Det er elles eit vilkår for å løyva tilskott at det tidlegare er drive eple- og pæreproduksjon med næringsmessig verdi.

Eit vilkår for å få utbetalt tilskott er at trea blir hogne innan 1. juli. Før tilskottet blir utbetalt, skal kommunen kontrollere arealet som er hogd.

Landbruksavdelinga må fastsetje ein søknadsfrist slik at rydding det blir løyvd tilskott til, blir utført innan 1. juli 1996.

Departementet har fastsett maksimalt areal det kan løyvast tilskott til i dei einskilde fylka. Ved fastsetjing av kvotane er fruktarealet i dei einskilde fylka og oppgåver over rydda areal i 1995 lagt til grunn.

Fordeling av tilskott til ryddinga frukttrefelt for 1996

Fylke

Kvote

 
 

Dekar

(Kroner)

Østfold

0

(0)

Akershus

0

(0)

Hedmark

10

(31.700)

Oppland

0

(0)

Buskerud

90

(285.300)

Vestfold

40

(126.800)

Telemark

70

(221.900)

Aust-Agder

0

(0)

Vest-Agder

15

(47.550)

Rogaland

15

(47.550)

Hordaland

200

(634.000)

Sogn og Fjordane

180

(570.600)

Møre og Romsdal

0

(0)

Totalt

620

(1.965.400)

Maksimal kvote er ført opp i parentes.

Innan 20. mai skal landbruksavdelingane sende inn ein rapport som syner bruken av tildelt kvote. Dei som treng auka kvote eller som ikkje nyttar den tildelte kvota må gje melding om det på rapporten. Eventuelle kvoter som ikkje er nytta vil bli fordelt til dei landbruksavdelingane som treng auka kvote.

Innan 15. januar 1997 skal landbruksavdelingane sende inn ein rapport som syner, løyvd og utbetalt tilskott til rydding av frukttrefelt i 1996, fordelt på dei forskjellige fruktslaga (eple, pærer .... ).

Utbetalt tilskott til rydding skal posterast på Landbrukets utbyggingsfond, fondsnr. 810 340 05 og takast med i kassarapporten til departementet på vanleg måte.

Vi bed landbruksavdelingane syta for informasjon til fruktdyrkarane om ordninga med frist for framsetjing av søknad, slik at ryddinga blir utført innan 1. juli.

Med hilsen

Gabriella Dånmark

   
   

Ragnar Mjelde

Sakshandsamar: Bent Gunnar Næss