Meld. St. 10 (2011–2012)

Kultur, inkludering og deltaking

Til innhaldsliste

3 Mønster i kulturbruk og deltaking

3.1 Innleiing

Dette kapitlet tek for seg mønster i bruk og deltaking innanfor tre felt på kultursektoren. Første del byggjer på SSBs kulturbruksstatistikk som omhandlar bruk av ein del offentlege kulturtilbod. Vidare omhandlar kapitlet mediebruk og deltaking i frivillig kulturliv.

Det er trekt ut nokre hovudtendensar og mønster knytt til sosiale skilnader i deltaking på desse felta. Nedanfor rettast merksemda mot kulturbruk og samanhengen med variablar som utdanningsnivå, inntektsnivå, innvandrarbakgrunn og funksjonsevne.

Deretter ser vi på barrierar for kulturbruk, og grunnar til at folk vel, eller ikkje vel, å delta i kulturtilbod. Framstillinga er bygd på rapportar frå EU og Storbritannia og ein norsk studie av deltaking i frivillig sektor.

3.2 Utviklingstrekk i kulturbruk1

Statistisk sentralbyrås undersøkingar av kultur- og fritidsbruk gir gode og systematiske oversyn over kulturbruk og sosiale skilnader i kulturbruk i Noreg. Det er i hovudsak profesjonelle tilbod som dominerer på dei offentlege arenaene, men tilgjengeleg statistikk gjer sjeldan eit klart skilje mellom kulturtilbod med profesjonelle og amatørar. SSB-undersøkingane skil ofte heller ikkje mellom ulike undersjangrar. Dette må ein ha i mente når ein les teksten.

3.2.1 Dei mest og minst etterspurte kulturtilboda

Norsk kulturbarometer 2008 frå SSB2 viser kor stor del av befolkninga mellom 9 og 79 år som har nytta eit utval offentleg kulturtilbod siste år. 70 pst. av innbyggjarane hadde vore på kino siste år.3 Deretter kom konsert (62 pst.), idrettsarrangement (56 pst.), teater/musikal/revy (53 pst.), folkebibliotek (51 pst.), museum (43 pst.), kunstutstilling (42 pst.), trus- og livssynsmøte (39 pst.) og kulturfestivalar (32 pst.). 13 pst. av innbyggjarane hadde vore på ballett- eller danseframsyningar siste år. Berre 7 pst. hadde vore på opera/operette.

Det er grunn til å tru at nokre grupper i større grad fell systematisk utanfor kulturlivet enn andre. Av dei som ikkje hadde vore på kino, bibliotek eller museum siste år (2008-tall), hadde 70 pst. heller ikkje vore på konsert.4

Det er viktig å merkje seg at mediebruk ikkje er med i denne undersøkinga. Dersom aviser, fjernsynssjåing og bruk av Internett hadde vore med, ville det totale biletet av kulturbruk sjå annleis ut. Til dømes såg 82 pst. av befolkninga fjernsyn ein gjennomsnittleg dag i 2010. Mediebruk blir omtala i kapittel 3.3.

Bruk av kino, teater/musikal/revy, konsertar og ballett- og danseframsyningar har auka noko i perioden 1991 til 2008. Ingen område som er omfatta av SSBs undersøkingar har hatt vesentleg nedgang i deltaking i perioden. Det er heller ingen store endringar når det gjeld kor ofte folk nyttar kulturtilboda.

3.2.2 Faktorar som påverkar kulturbruk

Dei fleste kulturbruksundersøkingane viser ein klar samanheng mellom utdanningsnivå og kulturbruk.5 Samanhengen ser ut til å vere sjølvstendig, også når ein kontrollerer for andre variablar som alder, yrkesstatus, bustad, inntekt, kjønn og familiefase.6 Norsk kulturbarometer 2008 viste til dømes sterkast samanheng mellom høgt utdanningsnivå og besøk på teater/musikal/revy, opera/operette, ballett/dans, konsert, museum og folkebibliotek. Det var også ein positiv, men noko svakare samanheng mellom utdanningsnivå og besøk på kulturfestivalar. Til samanlikning var det ingen vesentleg samanheng mellom utdanningsnivå og besøk på idrettsarrangement. Det har vore relativt stabile samanhengar over tid mellom utdanningsnivå og bruken av ei rekkje kulturtilbod. Forskjellane i kulturaktivitetsmønster mellom dei med høg utdanning og dei med låg utdanning ser ikkje ut til å ha endra seg vesentleg i perioden 1991 – 2008.7

Figur 3.1 Del som har vore på ulike kulturarenaer siste 12 månader (2008), etter utdanningsnivå.

Figur 3.1 Del som har vore på ulike kulturarenaer siste 12 månader (2008), etter utdanningsnivå.

Kjelde: Basert på Norsk kulturbarometer 2008, Vaage 2009b.

Langt fleire høgare funksjonærar enn arbeidarar nyttar dei kulturtilboda som er omfatta av SSBs undersøkingar i perioden 1991 til 2004, bortsett frå idrettsarrangement.8 Likeins går det fram av SSBs kulturstatistikk for 2008 at bruken av dei fleste kulturaktivitetar aukar med inntektsnivået. Dette gjeld kino, teater/musikal/revy, konsert, opera/operette, utstilling, ballett/dans, museum, folkebibliotek og idrettsarrangement. I åra frå 1991 til 2004 minka derimot forskjellen mellom dei med høg og låg inntekt litt på somme område. Ein SSB-rapport frå 2007 konkluderte med at utdanning betyr meir for kulturbruk enn inntekt.9

Studentar og elevar peikar seg ut som aktive på dei fleste kulturarenaer. Dette kan tyde på at dei ofte har ein fri arbeids- og livssituasjon som gjer det mogleg å nytte mange kulturtilbod. Det kan også tyde på at alder og utdanningsnivå påverkar kulturaktivitetsmønsteret ein god del.

3.2.3 Kulturbruk i innvandrarbefolkninga

Statistisk sentralbyrå har gjennomført særlege undersøkingar av kultur- og mediebruk blant folk med innvandrarbakgrunn.10 Dei avgrensar seg til innvandrarar som har budd minst 3 år i Noreg. Innvandrarbefolkninga er samansett og omfattar både innvandrarar i høgstatusyrke frå land som har mykje til felles med Noreg, og arbeidslause flyktningar frå land som i større grad skil seg frå Noreg. Termen «innvandrar» femner med andre ord menneske med svært ulik sosial status og kulturelle referanserammer.

Figur 3.2 viser at færre av dei med innvandrarbakgrunn frå Asia, Afrika, Latin-Amerika og Europa utanfor EU/EØS deltek på kulturarenaer som teater/musikal/revy/kunstutstilling og konsert. Det er også færre i denne kategorien innvandrarar som har vore på kino og på idrettsarrangement siste år. Men det er samstundes interessant at ulikskapane mellom denne innvandrargruppa og folk elles i Noreg på mange område ikkje er veldig store, og på nokre arenaer deltek desse innvandrarane meir enn befolkninga generelt. Delen av innvandrarar frå Asia, Afrika m.m. som har vore på museum siste år, er til dømes nesten like høg som for folk flest i Noreg. Det er dessutan forholdsvis fleire deltakarar blant innvandrarar frå desse landa enn blant nordmenn flest som har besøkt folkebibliotek, kulturfestivalar og trus- og livssynsmøte siste år. Dei innvandrarane som vitjar folkebibliotek eller trus- og livssynsmøte, gjer dette langt oftare enn folk flest i Noreg. Særleg gjeld dette for innvandrarar med bakgrunn frå Asia, Afrika m.m. Folkebibliotek og trus- og livssynsarenaer er altså heilt sentrale møteplassar for mange innvandrarar.

Elles ser vi at innvandrarar frå EU/EØS, USA, Canada og Australia, er like aktive eller meir aktive enn den norske befolkninga generelt på fleire kulturarenaer. Når denne delen av innvandrarbefolkninga deltek såpass breitt som dei gjer, kan det både skuldast relativt høg yrkes- og utdanningsmessig status blant mange av dei og liten kulturell avstand frå det kulturtilbodet som finst i Noreg.

Figur 3.2 Del som har brukt ulike kulturtilbod siste 12 månader etter landgruppe (2008). Alder 9 – 59 år.

Figur 3.2 Del som har brukt ulike kulturtilbod siste 12 månader etter landgruppe (2008). Alder 9 – 59 år.

Kjelde: Vaage 2009c

Figur 3.3 «Jorda rundt på 80 dagar» på operataket.

Figur 3.3 «Jorda rundt på 80 dagar» på operataket.

Kjelde: Foto: Maria Børja/Den Norske Opera & Ballett

I tillegg til SSBs undersøkingar har også andre norske forskarar studert ulike aspekt ved innvandrarane sine kulturaktivitetar. I ei kartlegging av innvandrarane sine kulturarenaer i dei fem Follo-kommunane fann ein at «det er relativt lav deltakelse i kulturaktiviteter blant innvandrere».11 Studien er av interesse mellom anna fordi den også omfattar innvandrarar som har budd mindre enn eitt år i den aktuelle kommunen, og fordi svarprosenten er ganske høg (63 pst.). Det er sannsynleg at ei landsrepresentativ undersøking òg ville vist lågare kulturdeltaking om ho hadde inkludert innvandrarar med kortare butid i Noreg og svakare kunnskapar i norsk språk. Follo-undersøkinga inneheld ikkje noko samanliknbart kvantitativt materiale om alle innbyggjarane sine kulturaktivitetar i dei fem kommunane.

Det er nyleg gjennomført ein studie av museumsbesøk blant studentar med minoritetsbakgrunn ved tre høgare utdanningsinstitusjonar i Oslo. Denne studien finn at det er meir sannsynleg at studentar som sjølve har foreldre med utdanning, nyttar seg av dei fleste kulturtilbod. Det er utdanning over tre år som slår mest ut. Mors utdanning ser ut til å vere viktigare enn fars utdanning når det gjeld museumsbruk.12

Kulturdepartementet hentar årleg inn informasjon frå SSB om delen arbeidstakarar i kultursektoren med innvandrarbakgrunn. I andre halvår 2010 var delen arbeidstakarar med innvandrarbakgrunn 6,6 pst. av alle arbeidstakarar innan kultur- og mediesektoren. 3,1 pst. var kvinner og 3,5 pst. var menn. Resultata viser ein auke frå 2008 der delen arbeidstakarar med innvandrarbakgrunn innan kultur og mediesektoren var 6,1 pst.

3.2.4 Nedsett funksjonsevne kan vere eit hinder for kulturbruk

Det er vanskeleg å talfeste kor stor del av befolkninga som har nedsett funksjonsevne. SSBs levekårsundersøking blant personar med nedsett funksjonsevne frå 2007 viste at så mykje som 25,5 pst. av befolkninga i alderen 20 – 67 år har ei funksjonsnedsetting. Personar som var med i undersøkinga vart vald ut på bakgrunn av eigne vurderingar av om ein hadde plager og lidingar som i nokon eller stor grad gjekk ut over aktivitetar i kvardagslivet. Det er såleis ein vid definisjon som femner mange.13 Noregs Blindeforbund reknar med at 130 000 personar i Noreg har så svekka syn at dei blir rekna som synshemma. Meir enn 1000 nordmenn er heilt blinde. Hørselshemmedes Landsforbund reknar at det finst om lag 700 000 hørselshemma i landet.

Nedsett funksjonsevne/helse er ikkje ein variabel i SSBs kulturbruksstatistikk. Vi har difor ikkje eit godt oversyn over kulturbruk hos personar med nedsett funksjonsevne, men vi veit at vanskeleg tilgjenge kan hindre mange med nedsett funksjonsevne i å delta i kulturtilbod og kulturaktivitetar, og at funksjonshemma møter fleire barrierar enn andre.14

I levekårsundersøkinga frå 2007 kjem det fram at berre 1 pst. av dei spurde med nedsett funksjonsevne hadde vore på kino, musikkarrangement eller konsert dagleg/per veke siste året.15 10 pst. svarte at dei ønskjer å delta oftare, men at vanskeleg tilgjenge gjer at dei let vere. Dersom ein ser på deltakingsvanskar knytt til heile fritidsfeltet som var med i undersøkinga, hadde 41 pst. av alle med nedsett funksjonsevne vanskar med å delta i ein eller fleire av desse.

3.2.5 Perspektiv på sosiale skilje i kulturbruken i Noreg i dag

Stabiliteten eller den svake oppgangen i bruken av offentlege kulturtilbod som kjenneteiknar utviklinga i Noreg, er ikkje sjølvsagt i ein periode med store samfunnsendringar. Medietilbodet har vakse og blitt meir mangfaldig. Då skulle ein i utgangspunktet tru at dei tradisjonelle kulturaktivitetane ville kome under press og kanskje tape publikum. Den sosiale og geografiske mobiliteten har auka i ei stadig meir globalisert verd, noko som ein kunne tru ville føre til at lojaliteten til tradisjonelle nasjonale kulturtilbod ville svekkast. Men vi har også vore gjennom ein lang periode med velstandsauke og auka kjøpekraft. Folk har fått betre råd til å nytte kulturtilbod enn før.

Den franske sosiologen Pierre Bourdieu har argumentert for at det er tett samanheng mellom klasse, kulturell smak og kulturelt forbruk og at dette blir «reprodusert» gjennom sosialisering i familie og skule.16 Gjennomgangen her kan tyde på at nordmenns kulturbruk heng tett saman med sosiale bakgrunnsfaktorar. Det er ingen generell tendens til at desse forskjellane forsvinn, sjølv om det har skjedd og skjer viktige endringar på enkelte kulturbruksområde og innanfor enkelte sosiale sjikt. Forskjellen mellom dei med høg og dei med låg inntekt er til dømes vorte mindre når det gjeld besøk på teater/musikal, revy, kunstutstilling og kino.

Bourdieu sine teoriar har hatt stor innverknad på forskinga rundt sosial ulikskap i kulturbruk, men teoriane hans er også omstridde. Nokre hevdar at vi er inne i ein periode der tradisjonelle sosiale faktorar som klasse og kjønn har mindre innverknad og at alle fritt kan gjere sine eigne val (individualisering).17 Andre hevdar at heile smaks- og kvalitetshierarkiet har brote saman slik at ein ikkje kan snakke om differensierte kulturforbruksmønster lenger (postmodernisme). Ei tredje retning hevdar at middel- og overklassen er kulturelt altetande og at mange vekslar mellom både tradisjonell finkultur og ulike typar populærkultur (omnivore).18

Sjølv om det finst lite forsking som kan seie noko sikkert, kan ein kanskje opne for at middel- og overklassen er vorte meir altetande. Uansett er det teikn som tyder på at ulikskap i kulturbruk og deltaking i større grad har samanheng med sosiale, heller enn økonomiske og praktiske hindringar. Den sosiale ulikskapen i kulturbruk og deltaking har difor rot i etablerte sosiale mønster som ein ser også på andre samfunnsområde, som til dømes i utdanningssektoren og i helsesektoren. Nokre djupe strukturar er det difor vanskeleg å endre på kort sikt, men samstundes skjer det stadig fleire mindre endringar og forskyvingar som til saman kan vere vesentlege.

3.3 Mediebruk

Dersom ein definerer generell mediebruk som ein del av kulturbruken, ser ein at dette er eit kulturuttrykk som store delar av befolkninga nyttar mykje. I løpet av ein gjennomsnittleg dag i 2010 såg til dømes 82 pst. av befolkninga fjernsyn. 64 pst. las avis, medan 56 pst. lytta på radio. Bruk av Internett kjem i stor grad i tillegg til bruk av andre media, og den totale mediebruken har gått opp. I perioden 2000 til 2010 hadde prosentdelen av befolkninga som nytta Internett ein gjennomsnittsdag auka frå ca 27 pst. til ca 77 pst.19

Dei høge publikumstala viser at mediebruk ikkje er avgrensa til bestemte brukarsegment, men noko heile befolkninga nyttar i større eller mindre grad. Samstundes finn vi også sosiale skilje i mediebruk, til dømes kva fjernsynsprogram ein føretrekkjer.

Medan det til dømes er store skilnader mellom etniske minoritetar og majoritetsbefolkninga når det gjeld radiolytting, er skilnadene mindre når det gjeld fjernsynssjåing. Undersøkingar frå Statistisk sentralbyrå viser at nyhende og fjernsynsseriar er dei mest populære programma uansett gruppe.20

Dersom ein går detaljert til verks er det likevel tre sentrale skilnader mellom innvandrarane og folk flest sin fjernsynsbruk.21 For det første uttrykkjer innvandrarane mindre interesse for nasjonale underhaldningsprogram enn det som er vanleg for befolkninga som heilskap. Dette kan forklarast med at referansane i slike program kan vere vanskeleg å lese for personar utan norsk historisk eller kulturell referanseramme. For det andre ser innvandrarar mindre på nasjonale kanalar enn folk flest. Dette er eit trekk vi også finn i andre land.22 For det tredje har innvandrarane oftare enn majoriteten tilgong på kabel- og satellittkanalar. I Noreg viser tal at fire av ti innvandrarar ser fjernsyn frå sitt opphavsland eller regionen dei kjem frå. Dette gjeld særleg innvandrarar frå Midtausten og andre land i Asia, der det overnasjonale tilbodet er størst.

3.4 Deltaking i frivillig kulturliv

I internasjonale samanlikningar har omfanget av frivillig organisering og frivillig innsats i Noreg lenge vore svært høgt. Kultur- og fritidsfeltet utgjer tyngdepunktet i sektoren, og over halvparten av alt frivillig arbeid i Noreg skjer no i kultur- og fritidsorganisasjonane, som inkluderer kunst- og kulturorganisasjonar, idrettsforeiningar og hobby- og fritidsorganisasjonar. Denne meldinga rettar først og fremst fokuset mot dei frivillige kunst- og kulturorganisasjonane.

Dei viktigaste kjeldene til data om deltaking og medlemskap i frivillige kunst- og kulturorganisasjonar er den landsomfattande spørjeundersøkinga som vart gjennomført i 2009, med samanliknbare tal frå tilsvarande undersøkingar i 1997 og 2004.23 I tillegg er det gjennomført ei undersøking av lokale lag og foreiningar i 19 kommunar frå ulike delar av landet og to bydelar i Oslo i 2009, og undersøkingar i 23 kommunar i Hordaland over fleire år.24 Gjennomgangen nedanfor byggjer også på forskingsrapportar frå Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor med fokus på sosial utjamning og inkludering, etniske minoritetar i frivillige organisasjonar, foreiningsliv i fleirkulturelle lokalsamfunn og inkludering av funksjonshemma i frivillige organisasjonar.25

3.4.1 Deltaking i frivillig sektor har samanheng med utdanningsnivå

Det er klare skilje mellom dei som er på innsida og dei som er på utsida av organisasjonssamfunnet med omsyn til utdanningsnivå. I heile perioden frå 1997 til 2009 har personar med høg utdanning delteke meir i frivillig verksemd enn personar med grunnskuleutdanning. Dette mønstret finn vi att innanfor kunst- og kulturorganisasjonane, og biletet held seg i stor grad stabilt.26

Det er utdanning som skil seg ut som den viktigaste enkeltfaktoren som påverkar aktivitet og medlemskap i kulturorganisasjoner. Dersom ein nyttar hushaldsinntekt som indikator på sosial status, kjem det fram eit tydeleg bilete av aukande sosiale ulikskapar i det norske organisasjonssamfunnet. Det er større sosiale skilnader i 2009 enn i 1997, både når det gjeld frivillig deltaking og medlemskap på kunst- og kulturfeltet. Det er om lag dobbelt så sannsynleg at ein person med høg hushaldsinntekt deltek som ein person med låg hushaldsinntekt. Dette gjeld både frivillig arbeid og medlemskap. For dei med aktivt medlemskap i kunst- og kulturorganisasjonane ser vi at forskjellane mellom dei med høg og låg inntekt i Noreg er mindre enn for andre delar av frivillig sektor. I motsetnad til mange andre delar av organisasjonslivet er det slik at endringane i kunst- og kulturorganisasjonane i stor grad skuldast at høginntektsgruppene har auka deltakinga si, ikkje ved at låginntektsgruppene har falle frå.

3.4.2 Samansett bilete av innvandrargruppers deltaking i frivillig sektor

Den landsomfattande spørjeundersøkinga frå 2009 inkluderer eit utval personar med innvandrarbakgrunn frå Asia/Afrika, og personar som er fødde i Noreg med foreldre med bakgrunn frå Asia/Afrika.27 Dei som har svart på undersøkinga, har ei butid i landet på minst fem år, og har tilstrekkeleg språkkompetanse til å svare på spørjeundersøkinga på norsk. Dette gir ikkje grunnlag for å trekkje slutningar for innvandrarbefolkninga som heilskap.

Resultata viser at personar med innvandrarbakgrunn frå Afrika/Asia er underrepresenterte blant dei frivillige og i større grad enn andre står heilt utanfor organisasjonslivet. Biletet er likevel meir samansett og viser ei positiv utvikling, særleg sett i høve til butid og språkeigenskapar. Personar med innvandrarbakgrunn frå Afrika/Asia deltek med mange frivillige arbeidstimar, men er i mindre grad medlemmer i organisasjonar. Dei manglar med andre ord representasjon og demokratiske rettar som er knytte til medlemskap. Personar med innvandrarbakgrunn frå Afrika/Asia deltek i større grad enn majoritetsbefolkninga i religiøst arbeid, i retts-, støtte- og fråhaldsorganisasjonar, innan utdanning og opplæring, og innan internasjonalt arbeid. Derimot deltek dei i mindre grad som frivillige på kultur- og fritidsfeltet, som utgjer tyngdepunktet i frivillig sektor i Noreg.

Det er ulik representasjon av etniske minoritetar i dei ulike underkategoriane av frivillige kulturforeiningar. Innan folkemusikk, musikklag, korps, teater og dans finn vi knapt medlemmer med minoritetsbakgrunn, og få er med i kor og husflidslag. I historie- og kulturvernorganisasjonar, andre musikkorganisasjonar og i kunst-, film- og litteraturforeiningar, er minoritetsdelen i medlemsmassen høgare enn i andre organisasjonstypar. Skulekorpsa for barn og unge skil seg ut med den høgaste prosentdelen etniske minoritetar.

Samanlikna med resten av frivillig sektor er etniske minoritetar i relativt stor grad representerte i styra i skulekorpsa. Likevel er det generelle biletet først og fremst at etniske minoritetar er svært dårleg representerte i styra i kulturforeiningane, faktisk i mindre grad enn i frivillige organisasjonar generelt. Totalt har 1 pst. av styremedlemmene i kulturforeiningane etnisk minoritetsbakgrunn.

3.4.3 Fleire medlemmer med nedsett funksjonsevne

Rapporten Inkludering av funksjonshemma i frivillige organisasjonar skildrar personar med varig nedsett funksjonsevne sitt forhold til frivillige organisasjonar og sivilt engasjement i brei forstand.28 Til grunn for analysane ligg data frå den landsomfattande spørjeundersøkinga om frivillig innsats, der prosentdelen personar med varig nedsett funksjonsevne i utvalet er tilnærma lik prosentdelen i den norske befolkninga.29 Resultata i rapporten viser at forskjellane mellom personar med varig nedsett funksjonsevne og resten av utvalet ikkje er særleg store når det gjeld arbeid, organisasjonsmedlemskap og haldningar til engasjement i frivillige organisasjonar.

Tal frå levekårundersøkinga til SSB i 2004 synte at forskjellane mellom funksjonsfriske og personar med varig nedsett funksjonsevne var relativt små når det gjaldt medlemskap i ulike typar organisasjonar. Eit av unntaka var foreiningar innanfor kulturområdet, der det viste seg at personar med varig nedsett funksjonsevne var sjeldnare med.30 Spørjeundersøkinga som vart gjennomført i 2009, viser at for kunst- og kulturorganisasjonane er prosentdelen medlemmer blant personar med varig nedsett funksjonsevne like stor som blant funksjonsfriske. Samanlikna med tal frå 2004 kan det difor sjå ut til at forskjellane har utjamna seg på kulturfeltet.

Det viser seg òg at varig nedsett funksjonsevne i seg sjølv har liten innverknad på deltaking eller medlemskap i frivillige organisasjonar. Faktorar som bustad, inntekt og utdanning har større innverknad på om ein gjer frivillig arbeid eller er medlem i ein frivillig organisasjon.31

3.4.4 Barn frå familiar med låg inntekt deltek mindre i fritidsaktivitetar

Fleire undersøkingar32 viser at barn frå familiar med låg inntekt deltek mindre i fritidsaktivitetar enn andre barn, sjølv om undersøkingane viser eit forholdsvis høgt aktivitetsnivå også hos barna frå familiar med låg inntekt. Undersøkingane skil seg frå kvarandre, både med omsyn til kva aldersgrupper som er inkludert, om det er barn/unge sjølve eller foreldra deira som gir opplysningane, og kva mål på fattigdom som blir nytta. Likevel er det eit gjennomgåande funn at barn og unge frå familiar med låg inntekt deltek mindre i organiserte fritidsaktivitetar enn andre barn. Undersøkingane peikar i same retning når det gjeld etnisk bakgrunn. Barn med innvandrarbakgrunn deltek i mindre grad i organiserte fritidsaktivitetar enn barn med norsk bakgrunn. Blant jenter og gutar med pakistansk og somalisk bakgrunn, deltek jentene i mindre grad i organiserte fritidsaktivitetar enn gutane. For jenter med pakistansk bakgrunn er det 76 pst. som seier at dei sjeldan eller aldri deltek i organiserte fritidsaktivitetar mot 45 pst. av gutane.33

3.5 Barrierar for kulturbruk

Når ein skal leggje til rette for auka kulturbruk for folk som ikkje allereie deltek i stor grad, er det viktig å danne seg eit bilete av kva som kan vere grunnane til ikkje-bruk. Det finst fleire og samansette årsaker til at folk ikkje nyttar kulturtilbod, frå mangel på interesse til manglande tilrettelegging for funksjonshemma. I denne delen rettast søkjelyset mot nokre av barrierane som hindrar folk i å bruke kulturlivet aktivt.34

3.5.1 Døme: Hindringar for å delta meir i frivillige organisasjonar

I den landsomfattande spørjeundersøkinga om frivillig innsats i Noreg vart det spurt om kva som hindra ei så aktiv deltaking i frivillige organisasjonar som ein skulle ønskje. Tabell 3.1 viser kva personar med innvandrarbakgrunn frå Afrika/Asia i forhold til andre personar, oppfattar som viktige hindringar for å delta i frivillig organisasjonsliv.35

Tabell 3.1 Svært viktige hindringar for å delta så mykje som ønskjeleg i frivillige organisasjonar. Prosent.

Innvandrarbakgrunn frå Afrika/Asia

Norsketnisk bakgrunn eller annan innvandrarbakgrunn

%-diff.

Totalt

P-verdi

Arbeidssituasjonen min er for krevjande

34

24

10

26

.000

Ingen har spurt meg om å delta

10

7

3

7

.025

Eg er ikkje interessert

15

11

4

12

.034

Eg har helseproblem

15

11

4

12

.061

Eg er for opptatt med andre aktivitetar

37

28

9

30

.001

Eg manglar barnepass

15

9

6

10

.000

Eg har problem med transport

8

3

5

4

.000

Eg føler meg ikkje velkommen

3

2

1

2

.021

Eg veit ikkje kvar eg skal starte

13

4

9

6

.000

N, minimum

355

510

1 866

NOTE: Svaralternativa er «svært viktig», «litt viktig», «ikkje viktig i det heile» og «ikkje relevant». Her blir fordeling på «svært viktig» vist.

Kjelde: Eimhjellen og Segaard 2010

Vi ser at personar med innvandrarbakgrunn frå Afrika/Asia opplever alle hindringane som meir sentrale enn andre personar. Det er særleg store forskjellar når det gjeld hindringar som er relatert til ein krevjande arbeidssituasjon (34 mot 24 pst.) og at ein er for opptatt med andre aktivitetar (37 mot 28 pst.). Samstundes viser det seg at det er fleire som opplever det som ei hindring for å delta at dei ikkje veit kor dei skal starte (13 mot 4 pst.) og at ingen har spurt dei om å delta (10 mot 7 pst.).

Relativt få personar, uansett bakgrunn, oppgir at dei ikkje føler seg velkomne i frivillige organisasjonar. Dersom ein ser på forskjellane som er relatert til inntekt og deltaking i frivillig arbeid innan alle typar organisasjonar, viser det seg at dei med lågast inntekt i like stor grad som andre oppgir at dei er interessert i aktivitetane, og dei oppgir i mindre grad å vere opptekne med andre aktivitetar enn dei med høg inntekt. Personar med låg inntekt svarar i større grad enn dei med høg inntekt at dei ikkje veit kor dei skal starte. For det andre svarar personar med låg inntekt langt oftare at manglande deltaking skuldast helseproblem. Personar med låg inntekt gir altså uttrykk for at dei ikkje er så organisasjonsaktive som dei kunne tenkje seg å vere, fordi dei opplever det som vanskeleg å navigere i organisasjonssamfunnet, og fordi helseproblem forhindrar dei frå det.

Dersom ein ser nærare på forskjellane mellom dei med grunnskule, vidaregåande skule og universitetsutdanning, viser det seg at fleire av dei med høg utdanning oppgir at arbeidssituasjonen er for krevjande og at dei er for opptekne med andre aktivitetar som grunnar til at ein ikkje deltek meir i frivillige organisasjonar. Dei med grunnskule som høgste fullførte utdanning svarar i større grad at dei ikkje er interesserte, at ingen har spurt dei om å delta, at dei har helseproblem og at dei ikkje veit kor dei skal starte.

Helseproblem, og problem med transport, er viktige barrierar for personar med nedsett funksjonsevne, samanlikna med funksjonsfriske. Dette gjer at dei ikkje får delteke i frivillige organisasjonar så mykje dei kunne ønskt.36 Omvendt er det færre personar med nedsett funksjonsevne som oppgir at dei er for opptatt med andre aktivitetar til å kunne delta så mykje som ønskjeleg.

3.5.2 Ulike innfallsvinklar til forståing av bruk og ikkje-bruk

Undersøkingar som SSBs kulturbruksundersøkingar gir oss informasjon om bruk og ikkje-bruk, om samanhengar mellom kulturbruk og variablar som utdanning og økonomi, på samfunnsnivå. Men dei gir i mindre grad kunnskap til å forstå bruk og ikkje-bruk på individ- og gruppenivå.

Frå arbeid med kulturbruksundersøkingar i Storbritannia veit vi at bak tilsynelatande enkle grunnar som blir oppgitt for ikkje-bruk, som til dømes manglande interesse, lita tid og høg pris, kan det liggje komplekse årsaksforklaringar.37 Desse kan delast opp i ulike, men relaterte faktorar: personlege, sosiale, eksterne/praktiske og institusjonelle.

Haldningar, kunnskap og verdiar som den enkelte tek med seg frå sin bakgrunn, kultur og erfaring har innverknad på bruk og ikkje-bruk. Bruk har samanheng med motivasjon og korleis ulike personar vurderer kulturtilbodet og kva positive eller negative forventningar dei har til å delta. Kulturbruk kan også knytast til den einskildes behov for å uttrykkje seg og få sosial aksept. Ein må heller ikkje sjå bort frå at forhold som fysisk og mentalt overskot, helse, utdanning, arbeid, familieforpliktingar og inntekt kan påverke kor mykje evne, energi, tid og pengar folk har til å investere i kultur, kunst og idrett.

Deltaking i kulturlivet har vidare samanheng med folks sosiale miljø og omgangskrins, jf. omtale av Bourdieu i kapittel 3.2.6. Kunnskap og informasjon om kulturtilbod er ikkje til stades i like stor grad i ulike sosiale grupper og nettverk. Aksept eller eventuelt negative reaksjonar frå venner og familie kan påverke om ein deltek.

Nokre faktorar knytt til kulturbruk ligg utanfor det den enkelte kan påverke. Slike eksterne faktorar handlar til dømes om geografiske avstandar og transport, fysisk tilgjenge og prisnivå.

Institusjonelle barrierar kan skapast av institusjonar og aktørar sjølve, medvite eller umedvite. Slike barrierar er til dømes knytt til korleis folk opplever ein institusjon, dei tilsette ved institusjonen og kva forståing dei har av dei sosiale kodane knytt til eit bestemt tilbod. Sjølve kulturuttrykket kan også oppfattast som ein barriere dersom folk ikkje opplever det som relevant og interessant.

3.6 Oppsummering

Dette kapitlet har vist at det er vedvarande og stabile skilje i kulturbruk og deltaking i frivillig kulturliv. Hovudinntrykket av utviklinga frå 1991 til 2008 er at hovudmønstera i kulturbruk består. Kulturbruk og deltaking i frivillig kulturliv har framleis klar samanheng med utdanningsnivå, arbeid og inntekt. Analysen av SSBs kulturstatistikk gir alt i alt lite grunn til å seie at endringane i bruk av dei kulturtilboda som er omfatta av desse undersøkingane, har vore så store at dei i seg sjølv vitnar om ei klar demokratisering av kulturen i løpet av perioden 1991 – 2008.

Desse tendensane, saman med indikasjonane på at nokon fell systematisk utanfor dei fleste tilboda, viser at det er behov for ein auka innsats på dette feltet.

Vidare har vi sett at bruk og ikkje-bruk kan forståast med utgangspunkt i ulike, men ofte relaterte, perspektiv. Barrierar for kulturbruk kan knytast til personlege, sosiale, eksterne og institusjonelle faktorar. Nedbygging av barrierar og aktivt arbeid for å trekkje med fleire blir ei hovudoppgåve for kultursektoren dei neste åra. Dei samansette årsakene til bruk og ikkje-bruk viser også behovet for å tenke breitt i inkluderingsarbeid. Utfordringane kan vere forskjellige for ulike felt/institusjonar, og i ulike deler av landet. Institusjonar og andre aktørar må difor kjenne sine lokalsamfunn og sitt faktiske og potensielle publikum. Dei må også spørje seg kva grunnane kan vere til at forskjellige grupper ikkje oppsøkjer tilbodet deira.

Når vi i dei neste kapitla gjennomgår status og utfordringar på ulike kulturområde, vil perspektiv på barrierar og nedbygging av barrierar, i tillegg til å stimulere interesse, liggje til grunn.

Fotnotar

1.

Framstillinga i deler av kapittel 3 er basert på notat til Kulturdepartementet frå Mangset (2011).

2.

Om lag kvart fjerde år undersøkjer SSB bruk av og tilgang til ulike kulturtilbod. Statistikken blir gitt ut under namnet Norsk kulturbarometer. Arbeidet er finansiert av Kulturdepartementet. Siste utgåve er frå år 2008.

3.

Vaage (2009b) figur 1.

4.

Vaage (2010)

5.

Vaage (2007) og (2009b)

6.

Danielsen (2006)

7.

Basert på Vaage (2009b)

8.

Vaage (2007)

9.

Vaage (2007)

10.

Vaage (2009c)

11.

Amin og Ingdal (2009)

12.

Gran og Vaagen (2010:56)

13.

Molden, Wendelborg og Tøssebro (2009)

14.

Rambøll (2008), NOU 2011: 22, Grue (2006)

15.

Molden, Wendelborg og Tøssebro (2009)

16.

Bourdieu (1979)

17.

Giddens (1991) og Lash (1994)

18.

Sjå til dømes Peterson (1992).

19.

Sjå til dømes NOU 2010: 14, kapittel 6, Meld. St. 8 (2010 – 2011) og St.meld. nr. 30 (2006 – 2007).

20.

Vaage (2009a)

21.

Enli m. fl. (2010), kapittel 12.

22.

Ofcom (2007)

23.

Wollebæk og Sivesind (2010), Wollebæk og Sivesind (2011)

24.

Materialet frå lokallagsundersøkingane i Hordaland er grundigare presentert i Christensen, Strømsnes og Wollebæk (2011).

25.

Hagelund og Loga (2009), Eimhjellen og Segard (2010), Eimhjellen (2011), Loga (2011), Ødegaard (2010), Enjolras og Wollebæk (2010).

26.

Merk at framstillinga skil mellom deltaking i frivillig verksemd generelt og i frivillig kultursektor spesielt, mellom frivillig aktivitet/arbeid og medlemskap.

27.

Wollebæk og Sivesind (2010), Eimhjellen og Segard (2010)

28.

Eimhjellen (2011)

29.

I denne undersøkinga er funksjonshemma definert som personar med varig nedsett funksjonsevne, og andelen funksjonshemma i dette datagrunnlaget er 18 prosent, jf. Eimhjellen (2011). For meir informasjon om den landsomfattande undersøkinga visast det til Wollebæk og Sivesind (2010).

30.

Grue (2006)

31.

Eimhjellen (2011)

32.

Fløtten og Pedersen (2009), Fløtten og Kvali (2009), Sandbæk (2008), Sandbæk og Pedersen (2010), Sletten (2011) og Stefansen (2004).

33.

Fløtten og Kavli (2009)

34.

Framstillinga nedanfor er basert på diverse rapportar: Charlton m. fl. (2010) og Department for Culture, Media and Sport (2007).

35.

Eimhjellen og Segaard (2010)

36.

Eimhjellen (2011)

37.

Charlton m. fl. (2010)
Til forsida