Meld. St. 10 (2011–2012)

Kultur, inkludering og deltaking

Til innhaldsliste

5 Inkludering og nye stemmer i kultursektoren

5.1 Innleiing

I dette kapitlet blir det gitt eit oversyn over kulturpolitiske oppgåver og mål knytt til inkludering og mangfald innan museum, arkiv, bibliotek, litteratur, musikk, scenekunst, visuell kunst, film og media. Felles for departementets mål til sine tilskotsmottakarar og underliggjande verksemder, er kravet om å nå ut til eit breitt publikum med eit godt og variert tilbod, og at verksemdene skal spegle mangfaldet i samfunnet. Oversynet vil vise nokre praktiske innfallsvinklar og perspektiv på inkluderingsarbeid og gi døme på arbeidsmåtar og tiltak som har vist seg å vere vellukka. Det må understrekast at institusjonane har ei rekkje andre oppgåver enn dei som blir presenterte her, til dømes grunnleggjande kunstnarlege og faglege oppgåver som produksjon av utstillingar og framsyningar, samlingsforvaltning og forsking. Gjennomgangen må altså ikkje lesast som ein heilskapleg presentasjon av kulturfeltet. Framstillinga er i stor grad basert på samanstillingar av rapportar og innspel frå kultursektoren sjølv.

Mange av kulturinstitusjonane vart etablerte som ledd i demokrati- og nasjonsbygginga. Institusjonane skulle medverke til å byggje opp og styrkje nasjonalstaten, norsk identitet og den nasjonale fellesskapen. Nasjonsbygging er ein selektiv konstruksjon som handlar om makt til å definere kva som blir vald ut som verdfullt, bevaringsverdig eller representativt, og kva som blir vald bort, tagd i hel eller gløymt. Sjølv om slike prosessar endrar seg over tid, er det ikkje tilfeldig kva som blir vald ut eller bort. Den store «vi-forteljinga» speglar difor ikkje alltid samfunnets kompleksitet og mangfald.

Vestlege kulturinstitusjonar har djupe røter i europeisk historie og tradisjonar, og både kvalitet, profesjonalitet og sjanger blir difor gjerne vurdert ut frå ei vestleg forståing.1 Dette kan føre til institusjonalisert utestenging, til dømes med omsyn til i kva grad eit individ reelt sett har høve til å medverke i prosessar som gjeld produksjon av kultur, eller i kva grad den einskilde finn tilboda innanfor den allmenne kulturelle arenaen relevante og interessante. Dersom ein legg til grunn at kulturinstitusjonane og andre delar av kultursektoren passivt kan medverke til å stengje grupper og individ ute på denne måten, er det òg grunn til å tru at dei aktivt vil kunne leggje til rette for dei som fell utanfor.

Fleire av stortingsmeldingane om kultursektoren dei siste åra legg vekt på at særleg kulturinstitusjonane skal vere aktive og aktuelle samfunnsinstitusjonar og leggje vekt på kritisk refleksjon og skapande innsikt. Institusjonane skal vere med på å styrkje demokratiet og ytringsfridomen gjennom arbeidet sitt.2 Eit slikt mål kan ein berre nå dersom institusjonane arbeider bevisst for å spegle heile mangfaldet i befolkninga.

5.2 Verkemiddel og arbeidsformer

Kulturfeltet tilbyr fellesarenaer og møteplassar for samhandling, dialog og meiningsbryting. Eit fleirkulturelt samfunn er avhengig av slike møtestader. Deltaking på tvers av skiljeliner medverkar til å skape sosial kapital og tillit.

Ulike verkemiddel og arbeidsformer kan inngå i kulturfeltets arbeid med inkludering og deltaking. Nedanfor går vi gjennom nokre døme på slike verkemiddel og arbeidsformer.

5.2.1 Medverknad

Medverknad handlar om å opne institusjonane og sleppe til eit større mangfald, nye og fleire stemmer og nye perspektiv. Dialogen kan vere ein nøkkel til å utvikle meir inkluderande og mangfaldige kulturinstitusjonar. Desse arbeidsformene inneber ei opa form for kommunikasjon, der ein går spørjande og søkjande inn i samhandling med andre.

I Storbritannia har mange kulturinstitusjonar gjort seg ein heil del erfaringar når det gjeld å tenkje medverknad og inkludering i si daglege og langsiktige verksemd. Dei britiske kulturinstitusjonane har jobba systematisk og målretta med å utvikle samfunnsrolla si gjennom utoverretta og oppsøkjande formidling, spesielle program for sosial inkludering og læringsprogram. I ei slik forståing av samfunnsrolla står medverknad og myndiggjering sterkt. Mange års erfaring syner at denne typen tenking i det langsiktige arbeidet, både på overordna strateginivå og i kulturinstitusjonane, sikrar at institusjonane fungerer som inkluderande møtestader, at sektoren har eit tilbod som er lokalt tilpassa, at dei medverkar positivt til involvering og mangfald i lokalsamfunnet og at dei kan medverke til å auke besøkstala. I Noreg har Norsk kulturråd, tidlegare ABM-utvikling, teke for seg medverknad innanfor arkiv, bibliotek og museum.3 ABM-utvikling sine oppgåver på arkiv- og museumsområdet vart frå 2011 lagt til Norsk kulturråd.

Boks 5.1 Medverknadsprosjekt innanfor arkiv, bibliotek og museum

ABM-utvikling sitt medverknadsprosjekt kartla erfaringar knytt til medverknad og aktiv involvering av ulike målgrupper i abm-institusjonane sitt arbeid gjennom ulike seminar og diskusjonsfora. Målet var mellom anna å finne ut på kva måte ABM-utvikling kunne bidra til å styrkje denne måten å tenkje og jobbe på i institusjonane. I løpet av prosjektet har det kome fram ein del tema og problemstillingar som kan oppsummerast på følgjande måte:

Innhald: Kva inneber eigentleg medverknad i praksis? Kva er reell medverknad, kor lite eller mykje skal til for at det kan definerast som medverknad, og på kven sine premissar?

Prosess: Medverknadsprosessar er tidkrevjande, og resultata blir ikkje alltid slik som ein hadde tenkt i utgangspunktet. Er ein for oppteken av resultata, slik at prosessen ikkje får gå sin naudsynte gang? Eller er ein så oppteken av at institusjonsresultata skal oppfyllast at ein ikkje ser verdien av alternative (og av og til utilsikta) resultat av ein prosess? Prosessar kan vere like viktige og interessante som sjølve resultata.

Kvalitet kontra kvantitet: Når prosjekt blir skalert opp i storleik med tanke på å nå ut til fleire, blir ofte medverknadsprinsippet skadelidande. Må alle gode prosjekt absolutt skalerast opp? Er det rom for små, gode og berekraftige prosjekt? Når kvantitet er eit viktig kriterium, kva skal til for å sikre god medverknad likevel?

Forankring: Det har synt seg å vere ei utfordring å få forankra verdien av medverknad i institusjonane og hos samarbeidspartnarane. Utan ei slik forankring er det fare for at prosjekt og aktivitetar blir ståande som enkelttiltak som er heilt personavhengige. Korleis kan ein få til ei god forankring?

Haldningar: Erfaringar syner at det ikkje nødvendigvis er pengar det står på når det gjeld å få medverknad inn som arbeidsprinsipp på institusjonen, men heller knapp tid, knappe ressursar og manglande prioritering frå leiinga.

Meirverdi/motivasjon: Det er viktig at den som medverkar, får noko ut av bidraget sitt til prosessen – at det ikkje berre er institusjonane som sit att med meirverdi. Kva slags ulike måtar finst det for å skape gjensidig eigarskap til både prosessen og det prosessen eventuelt munnar ut i?

Desse utfordringane har synt seg å vere dei same på tvers av sektorar og landegrenser. Det finst difor mange fruktbare erfaringar ein kan trekkje vekslar på i inkluderingsarbeidet.

Brukarane må definerast breitt og femne ulike segment i samfunnet. Institusjonane skal også gi ei stemme til samfunnsgrupper som ikkje maktar å gjere seg gjeldande i samfunnsdebatten eller som ikkje er synlege, vere bevisste den samfunnsendrande krafta som ligg i kritisk kunst-, kultur- og naturformidling, og skape fellesskap basert på utforsking av erfaringar, kritisk refleksjon og meiningsutveksling. Slike satsingar bør ikkje vere temporære og kortsiktige, men bør inngå i institusjonane sine langsiktige strategiar. Det er også viktig at institusjonane utviklar systematikk i tenking og satsing.

5.2.2 Publikumsutvikling

Publikumsutvikling har vakse fram som eit nytt og sentralt omgrep i kulturpolitikken. Publikumsutvikling handlar om ulike aktivitetar institusjonane og kulturaktørane set i verk for å møte behova til eksisterande og nye publikumsgrupper. Publikumsutvikling kan omfatte aspekt ved både marknadsføring, programmering, utdanning, kunde-/publikumspleie og distribusjon/formidling.4 Publikumsutvikling reflekterer også forholdet mellom publikum og institusjon slik det utviklar seg over tid. Det er fleire måtar å arbeide med publikumsutvikling på, og ulike institusjonar vil ha eigne og unike innfallsvinklar. Felles for dei fleste innfallsvinklane er at publikumsutvikling plasserer publikum i hjartet av alt ein kulturinstitusjon gjer. Innsats for å nå nye grupper er kanskje den mest utfordrande delen av publikumsarbeidet og det arbeidet som i størst grad krev utprøving. Arbeidet kan til dømes omfatte grupper som står i fare for eller er sosialt ekskluderte, som ikkje har noko forhold til kultur og kulturaktivitetar eller som av ulike årsaker er forhindra frå å delta. Dette kan omfatte svært ulike grupper med ulike slags behov.

5.2.3 Samarbeid og partnarskap

Erfaringar viser at det er viktig at kulturinstitusjonane samarbeider tett med lokale styresmakter/kommunale tenester for å utvikle og levere gode tilbod som kan medverke til inkludering og auka medverknad frå lokalsamfunnet. For å oppnå eit best mogleg resultat er det også viktig at dei knyter til seg gode samarbeidspartnarar med spesialkunnskapar og kompetanse om målgruppa dei jobbar med. På denne måten byggjer dei bru mellom ulike kompetanseområde og syter for at prosjekta tek i vare både målgruppa sine behov og institusjonen sitt behov for å oppretthalde sin kulturfaglege integritet. I Danmark nyttar til dømes ein del museum Dansk Flygtningehjælp sine frivillige som brubyggjarar til og tilretteleggjarar i inkluderingsarbeid. Dei frivillige får opplæring i museumsarbeid, og bidreg på si side med tid, erfaring og ressursar.

I Noreg har mange kommunar og fylkeskommunar retta stor merksemd mot inkludering og brukarmedverknad og kan fungere som interessante samarbeidspartnarar for kulturinstitusjonane. Moglege partnarar for kulturinstitusjonane kan elles vere Kriminalomsorgen, Flyktninghjelpen, Press – Redd Barna Ungdom, Naturvernforbundet, NAV, Kirkens Bymisjon, sjukeheimar, interesseorganisasjonar og så bortetter. I samband med markeringa av Det europeiske året for nedkjemping av fattigdom og sosial eksklusjon i 2010 stod Arbeidsdepartementet for den nasjonale koordineringa, men bidragsytarane femna eit vidt spekter av statlege, ikkje-statlege og frivillige aktørar.

Denne meldinga viser eit imponerande mangfald både når det gjeld initiativ og ulike prosjekt knytte til inkluderings- og mangfaldsarbeid i kultursektoren. Departementet ser svært positivt på at institusjonar inngår samarbeid både med offentlege og frivillige aktørar.

5.3 Særskilt om Norsk kulturråds oppgåver

Omtala i dette kapitlet omfattar både det institusjonelle kulturlivet og det ikkje-institusjonelle frie feltet. Ein sentral aktør som verkar på fleire av områda som blir beskrivne i teksten som følgjer, er Norsk kulturråd. Norsk kulturråd har eit særskilt ansvar for å stimulere til profesjonell kunstskaping og -utøving utanfor dei store kunstinstitusjonane. Kulturrådet forvaltar også Norsk kulturfond som har som mål å stimulere skapande åndsliv i litteratur og kunst, verne om norsk kulturarv og verke for at flest mogleg skal få del i kulturgodane, jf. vedtektene for Norsk kulturfond.5 Søknader til Norsk kulturfond som har ein inkluderings- og mangfaldsdimensjon blir handsama innanfor Kulturrådets ordinære avsetjingar, fristar, vurderings- og behandlingsprosedyrar.

Eit viktig mål for Norsk kulturråd er å stimulere utviklinga av nye kunstnarlege uttrykksformer. Nye og tverrfaglege uttrykk og formidlingsmåtar risikerer likevel å falle utanfor eksisterande støtteordningar og faginndelingar. Kulturrådet har difor ei viktig oppgåve når det gjeld å fange opp støtteverdige prosjekt som fell utanfor eksisterande ordningar og medverkar på denne måten til å sikre breidde og mangfald i rådets samla tildelingar til det frie feltet innanfor alle fagområde. Ei viktig prioritering er mellom anna å styrkje kulturelt mangfald og kulturell likestilling med særleg vekt på utvikling av arenaer for kulturelle minoritetar i bysamfunn og rekruttering av ungdom med minoritetsbakgrunn til kunst- og kulturfeltet.

5.4 Inkludering og mangfald i musea

Fleire av stortingsmeldingane om kultursektoren som har kome dei seinaste åra, legg vekt på at musea skal vere aktive samfunnsinstitusjonar med vekt på kritisk refleksjon og skapande innsikt. Dei skal fungere som dialoginstitusjonar, møtestader og sosiale arenaer for mange ulike grupper. Institusjonane skal med andre ord vere med på å styrkje demokratiet og ytringsfridomen gjennom arbeidet sitt. Samfunnsrolla til musea blir behandla i Stortingsmelding nr. 49 (2008 – 2009) Framtidas museum.

Rapportering frå musea viser at dei fleste musea ser seg sjølve både i ein lokal, nasjonal og internasjonal kontekst, men den lokale og regionale tilknytinga dominerer. Musea er ein viktig aktør i lokalsamfunnet, gjennom å vere ein arena og møteplass for lokalbefolkninga. Mange peikar på at samarbeid med lokale institusjonar som utdanningsinstitusjonar og historielag er særs viktig. Det er gjennom lokal tilknyting at institusjonane kan delta aktivt i by- og regionsutvikling. Nokre av institusjonane understrekar rolla som forvaltar av nasjonal kulturarv.

Få museum arbeider aktivt for å nå målgrupper ut over dei vanlege gruppene som barn, unge og det allmenne publikummet. Det finst likevel fleire gode inkluderings- og medverknadsinitiativ i ulike museum. Drammen museum har til dømes dialogmøte med grupper i samfunnet som ikkje er ein del av det etablerte publikummet. Dette prosjektet vart sett i gang i Mangfaldsåret, men er no ein del av den ordinære drifta ved museet.

I gjennomgangen av musea sin eigenrapportering etter Mangfaldsåret 2008, viste det seg at berre 2 av 10 institusjonar hadde ein strategi for vidare mangfaldsarbeid, og berre 16 pst. rapporterte om kulturelt mangfald i rekrutteringspolitikken.6 Museas rapportering for 2009 og 2010 syner aukande aktivitet, og trass store variasjonar er utviklinga positiv. Fleire museum gir uttrykk for at minoritets- og mangfaldsperspektiva gir nye innfallsvinklar til studiet av kultur og samfunn og medverkar til å utvide det museale arbeidsfeltet. Mange museum har laga strategiplanar som skal integrere mangfaldsdimensjonen i heile museet si verksemd – i programprofil, tilbod og tilsettingar. Likevel manglar framleis om lag halvparten av musea strategiplanar for mangfald.

Musea reknar intern bevisstgjering og kompetanseutvikling som viktig, og fleire etterlyser tiltak for kompetanseutvikling på feltet. Musea melder i stor grad om etablering av nye og interessante samarbeidsrelasjonar med ulike minoritetsorganisasjonar og relevante miljø, der samarbeid, involvering og medverknad står sentralt. Mange lagar særskilde tilbod til ulike minoritetsgrupper mellom anna for å rekruttere nye publikumsgrupper. Likevel er inntrykket at dokumentasjon og formidling av andre kulturar enn den tradisjonelt norske framleis er eit tillegg til majoritetskulturen, utan ei heilskapleg integrering.

Museum i Noreg deltek i ulike nasjonale nettverk for å styrkje og utvikle det faglege museumsarbeidet. Nettverka skal bidra til at musea blir betre eigna til å fylle rollene som samfunnsinstitusjonar. Nettverka er forankra i musea og tek utgangspunkt i tema, funksjonar og/eller metodar. Eit viktig bidrag i denne samanhengen er det faglege museumsnettverket for minoritetar og kulturelt mangfald, med Oslo Museum som ansvarleg. I nettverket deltek vel 20 museum som arbeider med urfolk, nasjonale minoritetar og nyare minoritetar. Målet med nettverket er å styrkje arbeidet med minoritetar og kulturelt mangfald i musea. Det er også etablert eit nasjonalt samisk museumsnettverk.

Boks 5.2 Døme på mangfalds- og inkluderingsarbeid i musea

Figur 5.1 Demensprosjekt ved Teknisk museum «Møte med minner».

Figur 5.1 Demensprosjekt ved Teknisk museum «Møte med minner».

Kjelde: Foto: Fredrik Birkelund

Møte med minner: Demensomsorga har etablert eit samarbeid med musea for å inkludere demensramma, ei gruppe som har vanskeleg for å nytte seg av kulturtilbod. Demensramma treng gode kulturopplevingar i trygge sosiale omgjevnader utanfor institusjon, men dette finst knappast. Oslo Museum avdeling Bymuseet, Norsk Telemuseum, Norsk Teknisk Museum og GERIA – Oslo kommunes ressurssenter for demens/alderspsykiatri har saman utvikla eit nyskapande tilrettelagt tilbod for personar med demens. Prosjektet har overføringsverdi på nasjonal basis.

Flukt over havet: Mange av dei nærare 20 000 norske statsborgarane med vietnamesisk opphav har si historie direkte eller indirekte knytt til flukt over havet. Norsk Maritimt museum si utstilling Flukt over havet frå 2008 handla om flukt over Nordsjøen under den andre verdskrigen og båtflyktningar i andre delar av verda i nyare tid. Dei dramatiske historiene om dei vietnamesiske flyktningane fekk ein sentral plass i prosjektet. Utstillinga hadde som mål å formidle flyktningane sine eigne dramatiske historier.Prosjektet vart til i samarbeid med Bergens Sjøfartsmuseum, Norsk Vietnamesisk Senter i Oslo og andre vietnamesiske miljø i Noreg.

Latjo Drom: Glomdalsmuseet har gitt rom og stemme til romanifolket/taterane gjennom ei eiga avdeling ved museet. Målet har vore å synleggjere at Noreg har vore fleirkulturelt i mange år og å skape auka forståing og kunnskap om romanifolket. Den faste utstillinga Latjo drom1 opna i 2006. Utstillinga vart til i tett dialog med romanifolket sjølv og i stor grad på deira premissar. Ei slik tilnærming til museumsarbeid har synt seg krevjande, men fruktbar.

Oslo Museum: Oslo Museum sitt føremål er å skape interesse for og formidle kunnskap om Oslo bys historie og utvikling, innbyggjarane sine liv og levekår gjennom tidene, det fleirkulturelle samfunnet og innvandring til Noreg, bykultur, teaterhistorie og scenekunst. Museet legg vekt på ny og kritisk gransking av samfunnsfenomen, grupper og individ, og skal vere ein attraktiv og utfordrande møteplass i den fleirkulturelle storbyen. Strategien deira inneber mellom anna å skaffe og formidle kunnskap om endringsprosessar i indre by og drabantbyane, om minoritetar, marginale og marginaliserte grupper. Dei legg vekt på ei formidling som medverkar til å endre haldningar, perspektiv og fordommar. Oslo Museum skal vidareutvikle og styrkje kompetansen om minoritetar og kulturelt mangfald gjennom tverrfagleg arbeid og utradisjonell rekruttering.

Enghøyholmen Kystkultursenter: Sidan 1992 har ungdom frå Stavangerskular som fell utanfor det vanlege skulesystemet, fått opplæring i restaurering og båtbygging ved Enghøyholmen Kystkultursenter. Opplæringstilbodet blir gitt i samarbeid med kommune, fylkeskommune og barnevernet. Senteret jobbar òg med å få på plass eit fleirårig opplæringsprogram for vaksne personar på attføring med kulturminnevern som innhald, kombinert med individuell oppfølging og rettleiing i livsmeistring i samarbeid med NAV.

1 Namnet, som er romani, kan oversetjast direkte med «god veg», men kan òg forståast i tydinga «god tur».

I 2008 starta mangfaldsnettverket rekrutteringsprosjektet Mangfald i Musea. Målet med prosjektet er å få fleire personar med minoritetsbakgrunn inn i faglege stillingar ved musea, og at nye perspektiv blir inkludert i verksemdene som følgje av dette. Eitt overordna siktemål er å heve kompetansen og utvikle mangfaldsperspektivet i musea. Deltakarane i prosjektet har delvis vore rekruttert gjennom musea sine nettverk, og delvis gjennom oppsøkjande verksemd. Det er ikkje stilt krav til førekunnskapar eller utdanning hos deltakarane. Tiltaket er prosessorientert og ein ventar å sjå dei langsiktige verknadane først seinare. Fleire av deltakarane har fått tilbod om engasjement i museum, og nokre blir nytta som føredragshaldarar. Andre har valt ei studieretning med tanke på vidare museumsarbeid. Evalueringa av Mangfaldsåret 2008 peikar på at Mangfald i musea truleg er det tiltaket innan kulturvern- og museumssektoren som har kome lengst i dialogarbeid, både i formidlinga og organisasjonen.

Digital formidling og tilgjengeleggjering er viktige verkemiddel for musea for å nå ut med samlingane og dei ulike historiene som musea forvaltar, jf. omtale i kapittel 7.8. Nytenking og nyskaping i formidlinga er generelt viktig for at musea skal vere relevante og interessante for flest mogleg. Dette omfattar til dømes formidling med stor grad av eigenaktivitet, bruk av digital teknologi eller levandegjering av historia gjennom bruk av musikk og teater.

5.5 Inkludering og mangfald i arkiva

Ved å dokumentere og gjere tilgjengeleg prov på menneskeleg handling og samhandling er arkiva garantistar for borgarane sin rett til offentleg informasjon og kunnskap om eiga historie. Bevaring av arkiv er såleis ei samfunnsoppgåve som er viktig både i eit demokratiperspektiv, i eit kunnskapsperspektiv og eit allment kulturperspektiv. Publikum nyttar arkiva med ulike siktemål, frå kultur- og forskingsføremål til dokumentasjonsbehov. Dokumentasjonssaker kan vere av juridisk, økonomisk eller velferdsmessig art og er knytt til rettstryggleik for enkeltmenneska.

Det finst ulike døme på arkiva sin verdi for familiar og enkeltpersonar. I mange kommunar og fylkeskommunar har det vore ein gjennomgang av tilhøva i barnevern og barneheimar etter andre verdskrig. Mange hundre enkeltpersonar har spurt etter arkivdokumentasjon i kommunale arkivinstitusjonar, både for å finne ut av bakgrunnen sin og for å skaffe grunnlag for erstatningssaker. Andre døme på aktuelle erstatningssaker gjeld etterkomarar etter norske jødar og romfolket. Mangelfulle arkiv har i fleire tilfelle gjort det vanskeleg å dokumentere vedtak og aktivitet av heilt avgjerande verdi for familiar og enkeltpersonar sine liv. For mange har det vore like viktig å stadfeste historia si gjennom dokumentasjon som det har vore å få erstatning. I tillegg til betydinga av informasjonen for dei einskilde brukarane, har ein gjennom dette arbeidet dokumentert og synleggjort ei lite kjend side ved norsk etterkrigshistorie. Arkiva har gjort det mogleg å fortelje denne historia. Arkivinstitusjonane har eit godt samspel med organisasjonen Rettferd for taperne, og mange har fått hjelp til å finne fram til dokumentasjon som har vore viktig for den enkelte si søking etter identitet og rettferd.

Boks 5.3 Døme på mangfalds- og inkluderingsarbeid i arkiva

Nye opplendingar til arkivet: Det tre år lange prosjektet Arkivdokumentasjon av nyare innvandring til Oppland vart avslutta våren 2011.1 Prosjektet vart gjennomført av Opplandsarkivet, Maihaugen og støtta av Norsk kulturråd. I prosjektet vart nye opplendingar frå ulike verdsdelar intervjua for å dokumentere sine historier. Menneske frå mange verdsdelar og land var representert, men prosjektet arbeida særskilt med polske og nederlandske grupper. Det er laga fleire utstillingar og historier til Digitalt fortalt. Prosjektet dokumenterer også fleirkulturelle møtestader som til dømes internasjonal kvinnefest på Gjøvik, 1. mai-arrangement på Gjøvik saman med Norsk-Afrikansk foreining, internasjonal fest på Lillehammer og arrangement i forbindelse med FN-dagen i Gausdal, Sør-Fron og Otta. Den polske delen av prosjektet omfattar samarbeidsprosjekt mellom Noreg og Polen om nyare polsk innvandring, og om politiske flyktningar som busette seg i Noreg på 1980-talet. Opplandsarkivet tek også i mot fleirkulturelle arkiv som ein del av prosjektet.

Kurs i digitale forteljingar for innvandrarar under norskopplæring: Opplandsarkivet, avdeling Maihaugen har arrangert kurs i digitale forteljingar for innvandrarar under norskopplæring i Lillehammer. Deltakarane var mellom 11 og 60 år og kom frå Somalia, Polen, USA, Sør-Afrika og Irakisk Kurdistan. Kurset resulterte i ni forteljingar som er publiserte på Opplandsarkivet si heimeside og på Digitalt fortalt. Deltakarane møtte lokale kulturinstitusjonar som arkivet og museet og skapte sjølve forteljingane med basis i si eiga historie. Dei bestemte sjølve kva dei ville presentere og formidle. Etter kurset har arkivet fått mange gode tilbakemeldingar, og fleire har vore innom og fått hjelp til å skrive fleire digitale forteljingar. Arkivet har på denne måten gjort seg aktuelt som kulturinstitusjon i møte med nye grupper. Samhandlinga med lokalsamfunnet føregår dermed ikkje berre på arkivets og museets premissar, men nye brukarar får vere med å velje ut kva historier som blir formidla. Kursdeltakarane får sjølve ei aktiv rolle i denne formidlinga. Dei blir inviterte til å sjå og oppleve og til sjølve å delta aktivt gjennom læring og formidling. Dei ulike prosjekta ved Opplandsarkivet som engasjerer menneske med ulik etnisk bakgrunn i Oppland, har også ført til auka deltaking på andre arrangement på Maihaugen.

1 Bleken og Kosar (2011)

I eit kultur- og inkluderingsperspektiv er aktiv formidling ei hovudutfordring for arkivinstitusjonane. Samlingane i arkiva er så omfattande at institusjonane må gå aktivt ut til publikum og vise kva dei forvaltar, og kva materialet kan brukast til. Dette krev forsterka og kontinuerleg formidlingsinnsats og utvikling av digitale tilbod, noko som inneber ei demokratisering av tilgangen til samfunnets kulturgode. Fleire arkivinstitusjonar har prøvd ut arbeidsmåtar knytte til inkludering og medverknad i ulike prosjekt støtta av Norsk kulturråd, jf. boks 5.3.

Statsarkiva er Arkivverkets ytre etat, men er òg regionale kulturinstitusjonar, møtestader og faglege ressurssentra. Formidling i form av arrangement, utstillingar, foredrag og artikkelskriving er ein del av verksemda som bidreg til at Arkivverket er ein levande døropnar til historia. I dei siste åra har det vore aukande søkjelys på formidling og utvikling av brukartenester. Dei fleste arkivinstitusjonane har no etablert formidlingstenester, både i eigne lokale og på nett, retta mot ulike målgrupper innanfor ei rekkje emne.

På mange måtar er dei offentlege arkiva ein garantist for at det finst dokumentasjon om alle nordmenn. Likevel er det enkelte grupper som lett blir usynlege i dei offentlege arkiva, ved at dei sjølve ikkje kjem til orde med si eiga historie. Det er sett i verk tiltak for å bevare slike arkiv. Oslo byarkiv ønskjer å gi dei nye minoritetane ein rettmessig plass i arkivet, utvikle eit betre tilbod til innvandrarar og minoritetar og formidle deira historie til alle. Byarkivet har til no teke vare på 26 privatarkiv frå nye minoritetar. Det vil medverke til å gjere aktivitetar, identitet, behov og problem synlege, og det vil komplettere det offentlege arkivmaterialet som allereie finst. Dei innsamla arkiva er etter personar, organisasjonar og lag, bedrifter og trussamfunn. Fleire gambiske, somaliske og pakistanske lagsarkiv er bevarte. Eit anna døme er arkivet etter MiRA – Ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner. Mange andre arkivinstitusjonar har bevart arkiv etter utsette eller marginaliserte grupper. Døme på bevarte privatarkiv er Norsk Misjon Blant Hjemløse, Islamsk Kvinnegruppe Norge, Tibetanerhjelpen, Solidaritetskomiteen for kurdere, Adoptivbarn frå Vietnam og Norges Krigsbarnforbund. Fleire andre arkivinstitusjonar har også bevart arkiv etter minoritetar, utsette eller marginaliserte grupper.

5.6 Inkludering og mangfald i biblioteka

Verdigrunnlaget og legitimiteten til biblioteka byggjer på tanken om at kunnskap, kultur og utdanning skal vere tilgjengeleg for alle, uavhengig av sosiale, økonomiske og andre skiljeliner. Inkludering og tilgang ligg med andre ord i kjernen av samfunnsrolla til biblioteka.

Biblioteka nyt høg tillit, både i innvandrarbefolkninga og befolkninga generelt 7, og har mange og gode moglegheiter til å drive inkluderingsarbeid, til dømes gjennom målretta formidlingsarbeid mot enkelte grupper, partnarskapsarbeid, deltakings- og medverknadsprosjekt, gjennom tilbod til minoritetsspråklege og tilrettelegging av bibliotektenester til grupper med særskilte behov. Bibliotekmeldinga slår fast at det er nødvendig med meir systematisk utviklingsarbeid for å styrkje biblioteka som bidragsytar til inkludering, integrering og kulturelt mangfald.8

Læringsarenaen er eit sjølvsagt perspektiv for folkebiblioteka. Biblioteka blir i stor grad brukte av barn og unge i samband med skulearbeid. Som institusjon med låg terskel, kan biblioteket i tillegg vere ein sentral ressurs som uformell læringsarena for vaksne. Biblioteka er aktive deltakarar under Læringsdagane for vaksne. Nasjonalbiblioteket er ein av deltakarane i det nordiske prosjektet Rom for dannelse, som skal sjå på moglege samarbeidsformer mellom bibliotek og vaksenopplæring.

Biblioteka har gjennom biblioteklova ansvar for å formidle eit allsidig innhald, og dette er spesielt aktuelt i eit fleirkulturelt samfunn. Biblioteka følgjer opp ansvaret gjennom utlån av medium, utstillingar og arrangement. Personar med innvandrarbakgrunn er blant dei flittigaste brukarane av folkebiblioteka.9 Det blir lagt til rette for at dei skal kunne nytte biblioteka både til læring, kulturelle opplevingar og som møtestad.

Det fleirspråklege bibliotek ved Deichmanske bibliotek i Oslo har oppretta eit eige nettverk for dei som arbeider spesielt med kulturelt mangfald i folkebiblioteka. Det fleirspråklege bibliotek har tre hovudfunksjonar. For det første skal det vere eit kompetanse- og rettleiingssenter for fleirkulturelle bibliotektenester med vekt på tenester til asylsøkjarar, innvandrarar og flyktningar. Vidare har Det fleirspråklege bibliotek ansvar for ei innkjøps- og katalogavdeling for litteratur og andre medium på mange språk, og er nasjonal fjernlånssentral for litteratur og andre medium til målgruppene.

Biblioteka samarbeider fleire stader med vaksenopplæringa for å styrkje minoritetsspråklege sine norskkunnskapar, mellom anna gjennom lesesirklar i samband med norskkurs. Prosjekt har vist at det kan vere ei utfordring å nå dei minoritetsspråklege, til dømes med tilbod om datakurs, men at målretta tiltak kan hjelpe.

Figur 5.2 Spelnatt på Drammensbiblioteket

Figur 5.2 Spelnatt på Drammensbiblioteket

Kjelde: Foto: Drammensbiblioteket

Ei viktig oppgåve for biblioteka er formidling av litteratur- og kulturuttrykk til mange ulike grupper, og biblioteka har ei sentral rolle i Leseløftet 2010 – 2014. Biblioteka kan og blir i utgangspunktet brukt av alle, men nokre grupper er vanskelegare å nå. Difor kan det vere nødvendig med større målretta tiltak nasjonalt og/eller lokalt. Leseløftet og Leseåret 2010 er gode døme på korleis biblioteka kan nyttast målretta for å nå ikkje-brukarar og å motverke utestenging frå både kultur-, samfunns- og arbeidsliv. Erfaringar frå leseåret viser at det kan krevje mykje arbeid for å nå gjennom hos målgruppene, men at innsats gir resultat.

Leseløftet er også eit døme på at langsiktig tenking og satsing er naudsynt. Målet må vere at samarbeidsrelasjonar og -former som blir etablerte som resultat av satsinga festar seg som ein sjølvsagt del av biblioteka si verksemd og ikkje berre er prosjektbasert. Lesing må fremjast gjennom eit breitt samarbeid mellom biblioteka og andre aktørar på litteraturfeltet. Dei siste åra har det vakse fram fleire nye litteraturfestivalar og formidlingsarenaer for litteratur som er naturlege samarbeidspartnarar for biblioteka. Biblioteket er det naturlege litteraturhuset i mange kommunar og har eit potensial for å bli nytta meir som offentleg dialogarena og møtestad over heile landet.

Boks 5.4 Leseåret 2010

I bibliotekmeldinga varsla Kulturdepartementet at 2010 skulle vere nasjonalt leseår, som start på eit fireårig leseløft. Leseåret hadde vaksne som les lite, som målgruppe. I løpet av året vart det sett i gang ei rekkje tiltak og prosjekt for å nå ulike segment av denne målgruppa. ABM-utvikling, seinare Nasjonalbiblioteket, var koordinator1, og mellom aktørane fann ein organisasjonar som arbeider med litteraturformidling og aktørar innan vaksenopplæring, i tillegg til at biblioteka sjølv spelte ei viktig rolle.

Leseåret i arbeidslivet: I signalprosjektet til Norsk Forfattersentrum, Foreningen !les, Leser søker bok og Nasjonalbiblioteket/ABM-utvikling oppsøkte bibliotekarar og forfattarar bedrifter for å inspirere dei tilsette med litteratur. Bibliotekarar som leseagentar har vore ein viktig faktor i prosjektet. Leseagentane fekk kursing i korleis dei skal formidle utanfor biblioteket.

Hovudføremålet for Arbeidslivets leseløft, som vart gjennomført i regi av LO, KS, NHO og HSH, var å stimulere til betre trivsel, auka leselyst og meir lesing blant vaksne i arbeidslivet. Mellom tiltaka var forfattar- og bibliotekarbesøk og utsending av bokhyller med bokpakkar som kunne vere starten på eigne arbeidsplassbibliotek. Prosjektet viste at eit godt samarbeid på lokalt plan mellom bedrifter og bibliotek kan sikre meir varige tilbod og auka oppslutnad om bibliotektenestene.

Leser søker bok delte i Leseåret ut pakkar med fire lettlestbøker til utvalde arbeidsplassar, attføringsarbeidsplassar og vaksenopplæringsklasser. Bibliotek i Bok til alle-nettverket tok del i utdeling av bøkene og kom på denne måten i kontakt med potensielt nye brukarar.

Gjennom samarbeid mellom Norsk Forfattersentrum, NAV og lokale bibliotek vart det arrangert skrivekurs for arbeidssøkjarar.

Leseåret – minoritetsgrupper: Fleire av dei lokale leseårsprosjekta var retta mot minoritetar. Eit av døma er prosjektet Leselyst og språkforståelse. To sider av samme sak. I dette prosjektet arbeidde biblioteka i storbyane Kristiansand, Stavanger, Bergen, Oslo og Trondheim på ulike måtar med tiltak retta mot unge innvandrarar. Fleire av aktivitetane fann stad utanfor sjølve biblioteket.

Leseåret – innsette i fengsel: I samband med leseåret starta Nasjonalbiblioteket eit prosjekt der foreldre i fengsel las inn litteratur for barna sine. Prosjektet bygde vidare på Lyden av lesing, som vart etablert av kriminalomsorga ved Hustad og Bergen fengsel. Målet med prosjektet var mellom anna å bidra til å styrkje band mellom foreldre som sonar og ungane deira.

I Bok til alle i fengslene samarbeider Leser søker bok med fengselsbibliotek, visitorar frå Raude Kors, folkebibliotek og Leseombodsnettverket for å gi eit tilbod til dei innsette.

Leseåret – prosjekt i vidaregåande skule: Fleire tiltak i Leseåret vart retta mot elevar som står i fare for å falle ut av skulen. Blant desse tiltaka finn vi storbyprosjektet for minoritetsgrupper, prosjekta Lese for å mekke? ved Hamar bibliotek og Lærlingene finner darlingene i biblioteket! ved Nord-Trøndelag fylkesbibliotek. Desse prosjekta hadde yrkesfagelevar i vidaregåande opplæring som målgruppe.

Leseåret – tverrgåande tiltak: Målet med prosjektet Les for meg, pappa! er å oppnå leselyst hos barn generelt, og hos unge gutar spesielt, gjennom å motivere menn og fedre til å bli gode, lesande rollemodellar. Bibliotekarar skolert som leseagentar held føredrag om barnelitteratur og lesing til foreldre med barn i barnehage og grunnskule. Familielæring i bibliotek vart sett på agendaen i Leseåret, og det er planar om ei sterkare satsing framover.

1 Frå juli 2010 vart ABM-utvikling sine oppgåver på bibliotekområdet overførte til Nasjonalbiblioteket.

Samiske bibliotektenester er viktige i trygginga og utviklinga av samisk språk, kultur og identitet. Frå rammeoverføringa frå Kulturdepartementet fordeler Sametinget midlar til kulturføremål, mellom anna til Sametingets bibliotek og drifts- og investeringsmidlar til åtte samiske bokbussar. Bokbussane kompletterer bibliotektenestene i område med spreidd samisk busetnad og er med på å gjere bibliotektenesta tilgjengeleg for fleire. Sametinget etablerte med budsjettet for 2011 ei innkjøpsordning for samisk litteratur og joik. Innkjøpsordninga skal dekkje litteratur for barn, ungdom og vaksne på alle dei tre offisielle samiske språka, innan alle litterære sjangrar, inkludert lydbøker og utgivingar av joiketekstar. Det vart sett av 300 000 kroner til ordninga for 2011.10

Biblioteka skal vere tilgjengelege for heile befolkninga, også dei som ikkje kan nytte seg av det ordinære bibliotektilbodet. Bibliotektenester til personar med nedsett funksjonsevne blir omtala i neste kapittel. Fengselsbibliotek har vore eit svært viktig satsingsområde dei seinaste åra, og målet om at alle innsette skal ha tilgang til bibliotektenester er snart nådd. Bibliotek i fengsel byggjer på lokalt samarbeid mellom folkebibliotek og fengsel med statleg finansiering.

For at samlingane i Nasjonalbiblioteket skal gi eit mest mogleg komplett bilete av samfunnet, er det naudsynt at også materiale som er gitt ut av personar eller organisasjonar med minoritetsbakgrunn, på norsk eller andre språk, blir teke vare på. I samband med Mangfaldsåret 2008 prioriterte Nasjonalbiblioteket innsamling av dokumentasjon av materiale med slik tilknyting. Nasjonalbiblioteket tok kontakt med mange innvandrarorganisasjonar for å orientere om Nasjonalbiblioteket og pliktavleveringslova. Dette har ført til ein auke i avlevering av mellom anna aviser, bøker og musikk utgitt av og for etniske minoritetar.

5.7 Inkludering og mangfald på litteraturområdet

Litteraturen inneheld kjelder til kunnskap, kulturopplevingar og underhaldning og er ein uvurderleg ressurs i utvikling av kunnskap og dugleik. Lesing og meistring av språket er sentralt for å kunne ta aktivt del i utdanning, arbeidsliv og anna samfunnsliv.

Hovudmåla for den statlege politikken på litteraturfeltet er å leggje til rette for kvalitet, variasjon og breidd i produksjon og distribusjon av litteratur. Vidare er det eit mål å bidra til leselyst i alle delar av folket.

Innkjøpsordningane for litteratur under Norsk kulturfond er eit sentralt verkemiddel for å spreie bøker, teikneseriar og tidsskrift av høg kvalitet til alle innbyggjarane i landet via folkebiblioteka. Gratis utlån, uavhenging av kommuneøkonomi, gjer ordningane til eit demokratisk og utjamnande tiltak. Bibliotekstatistikken viser kor stor del av bokstammene i biblioteka som er kulturfondbøker. Tala stadfestar at innkjøpsordningane har verdi, særleg for bibliotek i små kommunar.

Utgiving av litteratur må støttast av ei offensiv formidling av bøkene dersom ein skal nå større delar av befolkninga. Norsk kulturråd gir støtte til metodeutvikling og forsøksprosjekt i regi av bibliotek, skular og privatpersonar. I tillegg støttar Kulturdepartementet og Norsk kulturråd verksemder som arbeider med litteratur og litteraturformidling, til dømes fleire litteraturfestivalar, Norsk Forfattersentrum, Leser søker bok, Norsk Barnebokinstitutt og Foreningen !les. Dei siste åra har ein sett framvoksteren av fleire nye litteraturfestivalar og formidlingsarenaer.

Sidan byrjinga av 1990-talet har Norsk kulturråd gitt tilskot til forlaga til å omsetje delar av eller heile manus frå minoritetsspråklege forfattarar til norsk. Føremålet har vore at forlaga skulle setjast i stand til å vurdere innsende tekstar på line med norskspråklege tekstar med tanke på seinare utgiving. I neste omgang kan bøkene meldast på til aktuelle innkjøpsordningar etter vanlege prosedyrar. Nokre av forfattarane med minoritetesspråkleg bakgrunn og svake norskkunnskapar har trengt såkalla dørterskelhjelp for å kome inn i forlaga. Behovet dei har for å presentere både seg sjølve og manuskripta sine på norsk eller engelsk, har i fleire år vore ivareteke av Norsk Forfattersentrum med støtte frå Norsk kulturråd. Frå 2012 vil Den norske Forfatterforening ta over ansvaret for dette introduksjonstilbodet.

Innanfor Mosaikkprogrammet i perioden 1998 – 2001 vart det sett av 1 mill. kroner til litteraturområdet per år. Målet med Mosaikk-omsetjingar var å synleggjere litteratur frå heimlandet/språkområdet til ulike minoritetsgrupper og bidra til eit større mangfald av omsett litteratur. Vidare skulle Mosaikk bidra til å stimulere forfattarskap i innvandrarbefolkninga. Prosjektet Mosaikk-litteratur er vidareført, også i 2011. Direkte omsette bøker frå afrikanske og asiatiske språk blir framleis kjøpte inn, og heile omsetjarhonoraret blir dekt av Kulturrådet. Sidan 2002 har fagutvalet for litteratur inkludert tilskot til ulike prosjekt for minoritetsspråkleg litteratur i den ordinære prosjektavsetjinga.

Ei av utfordringane litteraturfeltet står overfor er at dagens barne- og ungdomslitteratur i liten grad speglar Noreg som fleirkulturelt samfunn.11 Litteraturen manglar i stor grad erfaringar som vedkjem barn og unge med bakgrunn frå andre verdsdelar og kulturar. Mangel på litteratur som speglar slike erfaringar, betyr at fleire bøker ikkje når godt nok ut til barn og unge med minoritetsbakgrunn og i verste fall stengjer dei ute frå store delar av samtidslitteraturen som blir gitt ut i Noreg. For å bidra til auka mangfald og fleire stemmer blant nye barne- og ungdomsforfattarar, kvoterer Norsk Barnebokinstitutt søkjarar med ikkje-vestleg minoritetsbakgrunn til si forfattarutdanning innan barne- og ungdomslitteratur. Med støtte frå Fritt Ord er det sett av to stipend som dekkjer utdanningskostnadene til desse studentane. Opptak er likevel basert på faglege kvalifikasjonar, vurdert på bakgrunn av innsende tekstar.

Mykje av den omsette litteraturen kjem frå engelsk, fransk og spansk, sjølv om originalutgivingane er komne ut i Afrika og Asia. Til dømes er litteratur frå Vietnam stort sett berre tilgjengeleg gjennom franske omsetjingar. Under den nyoppretta programposten Mela Litteratur på Mela-festivalen i Oslo har det vorte prioritert å synleggjere forfattarar og forfattarskap frå ikkje-europeiske språkområde dei siste to åra. Stiftinga Horisont har også omsett Karius og Baktus til urdu som eit insitament og referanseramme mellom norskpakistanske barn og deira familiar i Pakistan.

5.8 Inkludering og mangfald i scenekunsten

Scenekunsttilbodet omfattar eit mangfald av uttrykk innan teater, opera og dans. Dette gjeld både den institusjonsbaserte og den frie scenekunsten. Scenekunstfeltet er gjort grundig greie for i St.meld. nr. 32 (2007 – 2008) Bak kulissene. Utvikling av strategiar og handlingsplanar for å fremje kulturelt mangfald og formidle scenekunst til eit breitt og samansett publikum er eit krav som blir sett til scenekunstinstitusjonane.

Fleire av institusjonane på scenekunstområdet har utvikla strategiplanar og særskilte prosjekt for å nå målet om mangfald og eit breitt scenekunsttilbod til eit variert publikum. Store institusjonar som Riksteatret og Nationaltheatret har tilsett ein eigen mangfaldsansvarleg/-koordinator. Den Norske Opera & Ballett har oppretta ei eiga stilling som produsent for fleirkulturelle prosjekt. Det Norske Teatret har ungdom som særskilt satsingsområde og har gjort mangfald til ein integrert del av denne satsinga.

Enkelte institusjonar rettar verksemda mot særskilde målgrupper. Teater Manu er eit profesjonelt teiknspråkteater. Beaivváš Samiske Nasjonalteater og Sydsamisk Teater har samisk som scenespråk og rettar seg først og fremst mot eit samisk publikum på tvers av nasjonsgrensene. Samisk tematikk og/eller scenespråk og turnéverksemd bidreg til å betre tilgangen til og gjere teatertilbodet for det samiske folket rikare.

Norsk kulturråd har eit særskilt ansvar for forvalting av statleg støtte til den frie scenekunsten. I Norsk kulturråds strategiplan for scenekunstområdet er det framheva at Kulturrådet vil arbeide for å nå eit breiare publikum gjennom å stimulere til bruk av nye og etablerte arenaer og ved nye formidlingsstrategiar. Etter ein auke i talet på søknadstilfanget til prosjekt med ein mangfaldsdimensjon i Mangfaldsåret 2008 har talet dei seinare åra gått ned. Nedgangen viser at det er viktig å behalde kulturelt mangfald som eit prioritert satsingsområde i åra som kjem. Dette kjem til uttrykk i Norsk kulturråds strategiplan.

I praksis handlar mangfaldsarbeidet på scenekunstområdet om spissa og oppsøkjande formidling, men det handlar også om å utvikle eit uttrykksmangfald som kan opplevast som relevant for eit stadig meir samansett publikum. Samarbeid er heilt sentralt i arbeidet for å fremje kulturelt mangfald – både i det kunstnarlege arbeidet og i publikumsarbeidet. Det kan vere internasjonalt samarbeid, samarbeid med andre institusjonar og verksemder i Noreg, eller med bydelar, kommunar, organisasjonar og bedrifter. I slike møte mellom institusjonane og med andre miljø ligg det eit potensial for gjensidig kompetanseheving og for kunstnarleg nyskaping som kan medverke til å gjere scenekunsten relevant for eit meir differensiert publikum med samansette kunstinteresser og kulturbakgrunnar.

Talet på søknader til Norsk kulturråd om samarbeidsprosjekt mellom aktørar i det frie feltet og institusjonar aukar. Eit samarbeid mellom ei fri scenekunstgruppe og ein institusjon gir gjensidig inspirasjon, gir gruppene tilgang til ressursar innan drift, teknikk og lokale, og gir begge partane moglegheiter til å nå ut til nye publikumsgrupper.

Internasjonale kontaktflater og opne kanalar over landegrenser er ein føresetnad for å fremje kulturelt mangfald. Internasjonal samhandling skjer på ulike måtar, til dømes gjennom deltaking i internasjonale nettverk, utanlandsturnear, gjestespel, oppsetting av utanlandsk dramatikk og utvikling av kompetanse. Den internasjonale verksemda skjer i stor grad innanfor ein vestleg kunsttradisjon. Det er ei utfordring å skape god samanheng mellom den internasjonale verksemda og mangfaldsarbeidet i institusjonane. Likevel er stadig fleire teater og frie grupper opptekne av å utvide sine internasjonale nettverk mot større delar av verda og mot større uttrykksmangfald.

Boks 5.5 Døme på inkluderings- og mangfaldsarbeid på scenekunstområdet

P:UNKT: I 2008 etablerte Akershus teater integreringsprogrammet P:UNKT etter inspirasjon av C:NTACT ved Betty Nansen Teatret i København. Hovudmålet er å gi ei stemme til dei i samfunnet som ikkje har ein arena å uttrykkje seg på, ved å lage teater basert på deltakarane sine eigne historier og idear. Viktige mål er også å medverke til at menneske med ulik kulturbakgrunn møtast og skaper noko saman, og å produsere framsyningar som er retta mot eit publikum som vanlegvis ikkje nyttar teatret.

Fleirkulturelt kvinneprosjekt, Palett: Nordland Teater har samarbeidd med Rana kulturskule, Rana vaksenopplæring og flyktningkontor om eit fleirkulturelt kvinneprosjekt. Samarbeidet resulterte i Palett som var ei framsyning med innvandrar- og flyktningkvinners personlege historier, dramatiserte eventyr, song, musikk og dans, forteljingar om og frå heimlandet, tradisjonelle klede, utstillingar og mat. Palett vart vist under Vinterlysfestivalen 2009. Kvinner med bakgrunn frå 14 nasjonar deltok i prosjektet. Det vart også arrangert seminar i samband med prosjektet med foredrag, arbeidsgrupper og framsyningar.

Samarbeid med bydelane i Groruddalen: Den Norske Opera & Ballett samarbeider med dei fire bydelane i Groruddalen, der ein høg del av innbuarane har minoritetsbakgrunn. Målet er å fremje kunstnarleg samhandling og kulturmøte, og integrere eit breiare spekter av uttrykk i repertoaret. Ungdom, rotløyse og søking etter identitet var stikkord då Bydel Bjerke inngjekk i samarbeidet som den første av bydelane i Groruddalen, med framsyninga Crossover som eit resultat. Crossover betyr på kryss og tvers av religion, kjønn, alder og kunstuttrykk. Framsyninga hadde over 120 artistar, og bidrog til samarbeid mellom det frivillige og kommunale kulturarbeidet. Ifølgje bydelen bidrog Crossover til å løfte det kunstnarlege nivået og vise at kultur skaper ei felles plattform.

Fargespill: Fargespill er eit barne- og ungdomsprosjekt som starta i Bergen i 2004. Fargespill har til no stort sett produsert framsyningar. Framsyningane blir framførte av om lag 70 barn og ungdomar frå 25 nasjonar, inkludert Noreg. Dei fleste av aktørane har kome til Noreg anten som flyktningar eller som innvandrarar, og framsyningane blir sett saman av song og dans som aktørane har med seg frå sine ulike heimland. Desse kulturskattane blir sett saman med den norske kulturarven. Resultatet er eit møte mellom forskjellig historie og kultur som blir sameina i eit uttrykk som representerer vår felles framtid. Sidan 2004 har Fargespill produsert fire framsyningar som til saman er sett av over 60 000 menneske. Hordaland Teater har samarbeidd med Fargespill og stilt lokale, teknisk utstyr, bemanning og marknadsføring til disposisjon. Fargespill har også spelt ved Den Nationale Scene.

Samarbeid med fengsel: Hordaland Teater samarbeider med Bergen fengsel om å produsere ei framsyning med og for dei innsette.

Figur 5.3 Fargespill

Figur 5.3 Fargespill

Kjelde: Foto: Paul Sigve Amundsen

Når det gjeld rekruttering av kunstnarar med ulik kulturell bakgrunn er utfordringane særleg store på scenekunstfeltet. Enkelte av scenekunstinstitusjonane rekrutterer kunstnarar internasjonalt og har tilsette med bakgrunn frå mange ulike nasjonar og med ulik kulturbakgrunn, slik som Carte Blanche og Den Norske Opera & Ballett. Ved dei aller fleste teatra er likevel delen tilsette med minoritetsbakgrunn låg. I dei store institusjonane arbeider dei som har minoritetsbakgrunn gjerne på kostymeavdelinga, snikkarverkstaden, i restauranten eller publikumsmottaket.

Norsk Teater- og Orkesterforening rapporterer om at det i dag er vanskeleg å rekruttere kvalifisert personell med minoritetsbakgrunn, både til kunstnarlege og administrative funksjonar. Mange av teatra er særleg opptekne av å rekruttere skodespelarar og andre scenekunstnarar med minoritetsbakgrunn, og praktiserer gjerne blind casting. Fleire av teatra har nytta skodespelarar med minoritetsbakgrunn dei siste åra, og nokre har knytt desse til seg over tid. Likevel er det eit utbreitt ønskje om større mangfald på scenene.

I dag blir det utdanna få scenekunstnarar med minoritetsbakgrunn. Eit godt tilpassa tilbod til barn og unge er viktig, både for å medverke til brei rekruttering og for å rekruttere publikum. Særleg viktig er skulesamarbeid og andre prosjekt som involverer barn og unge som deltakarar i kunstnarleg og kulturell verksemd. Fleire scenekunstinstitusjonar har eigne opplæringstilbod til barn og unge, og eigne oppsetjingar der barn og unge blir involvert i produksjonen. Målet er å medverke til ei tidleg interesse for scenekunst og til utvikling av fleire talent. Dei viktigaste tiltaka for å sikre brei rekruttering av kunstnarar og anna fagpersonale er likevel knytte til skuleverket, kulturskular og utdanning. Slike tiltak er også med på å leggje premissane for kunst- og kulturinstitusjonane sitt rekrutteringsarbeid.

Nordic Black Theatre har eit tilbod om teaterutdanning for unge i alderen 18 – 25 år, og arbeid med ikkje-vestleg dramatikk står sentralt. Dei gjennomfører jamleg framsyningar av og med nyrekrutterte kunstnarar med innvandrarbakgrunn.

Den Unge Scenen (DUS) er eit landsomfattande nettverk av teaterinstitusjonar som er etablert for å heve nivået på ungdomsteater i Noreg. DUS arbeider med å få fram profesjonelle sceniske tekstar og konsept av høg kvalitet, skrivne spesielt for ungdom, og framført av ungdom. Det blir arbeidd for å rekruttere ungdom med minoritetsbakgrunn i DUS, og enkelte grupper i Oslo og andre stader i landet har ein relativt høg del ungdom med minoritetsbakgrunn.

Trass i tiltak for aktiv rekruttering har det likevel vist seg å vere vanskeleg å rekruttere barn og unge med ulik kulturell bakgrunn til barne- og ungdomsteatra. Dette var bakgrunnen for at Den mangfaldige scenen starta i 2009, etter initiativ frå Bondeungdomslaget i Oslo og Noregs Ungdomslag, og i samarbeid med Det Norske Teatret. Målgruppa for Den mangfaldige scenen er unge i alderen 6 – 26 år frå alle sosiale og kulturelle miljø. Mellom hovudmåla er at barn og unge skal få uttrykkje seg og ta i bruk skapande evner, skape nye kultur- og kunstuttrykk, skape forståing og samarbeid mellom menneske med ulik kulturell bakgrunn og danne grunnlag for seinare rekruttering

Det Norske Teatret har vidare teke initiativ til opprettinga av Det Multi Norske. Satsinga skal omfatte eit breitt tilbod til barn og unge med minoritetsbakgrunn og ei mellombels skodespelarutdanning på bachelornivå for studentar med minoritetsbakgrunn.

For å stimulere tilveksten av samiske skodespelarar, har Beaivváš Samiske Nasjonalteater inngått eit samarbeid med Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule i Kautokeino. I samarbeid med etablerte teaterhøgskular i Noreg, Sverige og dei andre samiske teatra har Beaivváš Samiske Nasjonalteater også starta oppbygginga av eit formelt nettverk. Målet er å byggje ein ny studiestruktur der samisk språk, joik og kulturkunnskap inngår.

Teater Manu samarbeider med Kunsthøgskolen i Oslo om eit prøveprosjekt for utdanning av døve skodespelarar.

5.9 Inkludering og mangfald på musikkområdet

Musikkfeltet omfattar eit stort mangfald av ulike musikalske sjangrar og uttrykk, og er prega av mykje internasjonalt samarbeid og utveksling. Den infrastrukturen av orkesterinstitusjonar, konsertarenaer, tilskotsordningar og tiltak for produksjon og formidling av musikk som er bygd opp innanfor både det institusjonaliserte og det frie feltet, gir eit breitt og godt tilbod. Alle institusjonar med statstilskot på musikkområdet har pålegg om å ta omsyn til likestillings- og mangfaldsperspektivet i verksemda si.

Symfoniorkestra tilfører musikklivet eit tilbod av både norsk og utanlandsk musikk. Dirigentane og musikarane i symfoniorkestra blir rekrutterte frå ulike delar av verda og internasjonalt samarbeid og utveksling er ein viktig og integrert del av verksemda, mellom anna gjennom deltaking i internasjonale nettverk, utveksling av kunstnarleg kompetanse, framføring av utanlandske verk og turnear i utlandet. Sjølv om den internasjonale utvekslinga i all hovudsak skjer innanfor ein vestleg kunsttradisjon, blir nedslagsfeltet for kunstmusikken likevel stadig større verda over. Orkestra arbeider aktivt for å rekruttere eit nytt publikum og nå nye publikumsgrupper. For 2010 rapporterer orkestra mellom anna om 400 konsertar retta mot barn og unge, noko som utgjer om lag 40 pst. av det samla talet på konsertar. Desse konsertane samla til saman 97 000 publikummarar, noko som utgjer 25 pst. av det totale publikumstalet i 2010.

Både store og små musikkinstitusjonar med fast statstilskot blir stadig viktigare aktørar i formidlinga av musikk frå ulike kulturar til eit breitt publikum. Dei siste åra har fleire festivalar som formidlar ikkje-vestleg musikk fått knutepunktstatus. Dette gjeld Førde Internasjonale Folkemusikkfestival, Melafestivalen og Riddu Riđđu Festivála. Riksscena for nasjonal og internasjonal folkemusikk, joik og folkedans er eit døme på ein nyoppretta institusjon som presenterer musikk, dans og forteljarkunst med forankring i ulike delar av verda. Det norske kammerorkester har samarbeidd med cubanske musikarar om eit prosjekt med folkemusikk frå Cuba, som hausten 2010 mellom anna var med på Oslo World Music Festival.

Slik som på scenekunstfeltet finst det også på musikkfeltet fleire døme på at institusjonar samarbeider med bydelar, kommunar, ulike organisasjonar og bedrifter for å kome i nær kontakt med ulike grupper. Samarbeidsprosjekta er gjerne baserte på eigenaktivitet og har som mål å involvere nye grupper som aktive deltakarar, fremje kunstnarleg samhandling, kulturmøte og nye sceniske uttrykk.

Boks 5.6 Musikk, inkludering og medverknad: Kilden dialog

Kilden dialog: Agder Teater, Opera Sør og Kristiansand symfoniorkester fusjonerte 1. juli 2011 og opererer etter dette som avdelingar i Kilden Teater- og konserthus IKS. Kilden Dialog er eit felles prosjekt for dei tre avdelingane. Under mottoet «Opplevelse – Innlevelse – Deltakelse» har Kilden mål om å ta eit større samfunnsansvar i regionen. Felles for alle prosjekta i Kilden Dialog er at publikum skal ha ei deltakande rolle, anten i prosessen fram til framsyninga eller i sjølve framsyninga. Døme på samarbeidsprosjekt er:

Kirkens bymisjon: I juni 2010 vart det utvikla eit arrangement der både profesjonelle kunstnarar og brukarar av Bymisjonens tilbod medverka. For deltakarane frå Bymisjonen var dette første gong dei sto på ei scene i offentleg samanheng. Samarbeidet vart vidareført med ein stor konsert i Kristiansand Domkirke i november 2010 der deltakarane frå Bymisjonen las eigne tekstar og song saman med Kristiansand Symfoniorkester. Våren 2011 vart samarbeidet med Bymisjonen vidareført, mellom anna med eit større diktprogram som vart presentert i Kildens publikumsfoajé i oktober 2011. Samarbeidet har resultert i opprettinga av Teatergruppa Fotspor, som blir leia av profesjonelle og med brukarar av Kirkens Bymisjon som deltakande skodespelarar.

Samarbeid med sjukehus: Kilden Dialog har pågåande prosjekt i samarbeid med Sørlandet sjukehus HF og organisasjonen Barns Beste. I prosjektet blir det arbeidd med bruk av song, musikk og rørsle som del av behandlingstilbodet til barn.

Symphonic City: I samarbeid med kulturskulen i Kristiansand inviterer Kristiansand Symfoniorkester barn, unge, studentar, profesjonelle musikarar og amatørmusikarar i alle aldrar til å spele saman med orkestret. Arrangementa er tilrettelagde for ulike nivå i dugleik. I 2011 deltok om lag 75 amatørmusikarar. Prosjektet blir vidareført i 2012.

Fremtiden er uhørt: I dette prosjektet blir unge komponistar og utøvarar i alle sjangrar invitert inn til samspel med Symfoniorkesteret. Dei unge sine komposisjonar blir arrangert for orkestret og dannar ei profesjonell ramme rundt dei unge talenta sine uttrykk. Første versjon av Fremtiden er uhørt vart presentert i mars 2011. Ein ny runde blir sett i gong i januar 2012.

Det blir arbeida for å etablere ei rekkje nye Kilden Dialog-prosjekt i 2012 og 2013.

I løpet av dei siste 15 åra har også mangfaldet i musikkfeltet utanfor dei etablerte institusjonane auka, både blant utøvarar og publikum. Fleire utøvarar innanfor verdsmusikk og andre ikkje-vestlege musikkuttrykk søkjer og har fått tilskot frå dei etablerte støtteordningane mellom anna i Norsk kulturråd. Desse har også presentert musikken sin på allmenne, nasjonale arenaer som til dømes musikkfestivalane, konsertscenene, klubbane og liknande. Dette har medverka til å styrkje kvaliteten på det som har vore produsert av nye, hybride uttrykk.

Den rytmiske musikken løftar fram låtskrivarar og artistar frå alle samfunnslag, ikkje minst frå ulike undergrunnsmiljø. Både store og små musikkinstitusjonar med fast statstilskot blir stadig viktigare aktørar i formidlinga av musikk frå ulike kulturar til eit breitt publikum. Dei siste åra er det oppretta fleire nye knutepunkt innafor det rytmiske feltet, mellom anna eit knutepunkt for rock og eit knutepunkt for blues. Fleire festivalar som formidlar ikkje-vestleg musikk har òg fått knutepunktstatus.

Norsk kulturråd er oppteke av at musikkuttrykk som har sitt stadeigne geografiske utgangspunkt utanfor Norden, men som no har vorte ein del av ei felles røynd gjennom innvandring, blir sett i samanheng med den internasjonale tradisjonsmusikken og folkemusikken i Noreg. Det er stadig behov for aktiv informasjon retta mot søkjarar og å hente inn nødvendig kompetanse for å sikre ei kvalifisert vurdering av ulike søknader frå dette feltet.

Ei rekkje nye nettverk, arenaer, arrangørar og produsentar som Cosmopolite, Du store Verden, Nordic Black Theatre, Union Scene og arrangørnettverket Samspill har medverka vesentleg til å synleggjere det fleirkulturelle musikkfeltet. Mange av desse produsentane reflekterer også andre kulturuttrykk med røter i minoritetskulturen. Det er eit utviklingstrekk at desse miljøa og nettverka av utøvarar, produsentar og arrangørar har sett behovet for å organisere seg etter mønster frå allereie eksisterande interesseorganisasjonar på musikkområdet.

Rikskonsertane er ein sentral aktør når det gjeld mangfald og å nå mange publikummarar i heile landet. Rikskonsertane blir omtala nærmare i kapittel 7.

5.10 Inkludering og mangfald på det visuelle feltet

Dei viktigaste kulturpolitiske oppgåvene på det visuelle feltet er å sikre at flest mogleg får tilgang til, kunnskap om og forståing av biletkunst, kunsthandverk, design og arkitektur av god kvalitet.

Det visuelle feltet har vore gjennom store endringar dei siste 10 til 20 åra. Forandringane gjeld både utviklinga av nye kunstnarlege praksisar og uttrykk, nye produksjonsmåtar og andre formidlingsformer, nye arenaer og ei noko anna organisering av det kunstnarlege arbeidet. Kunstscenen består i dag av eit stort mangfald av kunstuttrykk og ei rekkje institusjonar og formidlingsarenaer over heile landet, som gir mange innfallsvinklar både når det gjeld erfaring av og verdsetjing av kunst. Mange kunstprosjekt i dag involverer publikum direkte, både i kunstproduksjonen og i formidlinga.

Kunst i offentlege rom (KORO) er statens fagorgan for kunst i offentlege rom og er landets største kunstprodusent. KORO si viktigaste oppgåve er å utvikle kunstprosjekt for felles rom og medverke til at stat, kommunar og fylkeskommunar tek kunstprosjekt med i si byggeverksemd. Kunst i offentlege rom når eit stort publikum og brukarar i byar og distrikt over heile landet, også menneske som elles ikkje oppsøkjer dei tradisjonelle institusjonane for kunstformidling. Enkelte stader i landet kan kunstverk i offentlege rom vere den einaste kunsten som er allment tilgjengeleg. KORO sine produksjonsmetodar er demokratiske og sosialt inkluderande og bidreg til å avmystifisere kunst som ein smal aktivitet og eit smalt kunstuttrykk. Dette er med på å skape engasjement og interesse for kunst i breie lag av befolkninga. For kunstnarar betyr deltaking i KORO sine prosjekt at dei tek del i by- og stadutvikling på ein direkte måte.

KORO sin kunstproduksjon rettar seg mot mange institusjonar som har mangfaldsaspektet som innebygd faktor; frå Senter for nordlige folk som utviklar og fremjer samisk og nordlege folks kulturar, til Gjøvik omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar. Dette spektret av ulike brukargrupper gir kunstprosjekta utfordringar som fordrar ulike og ofte heilt skreddarsydde tilnærmingsmåtar. Alle krev likevel medvit om kunstens kulturelle kodar, og testar trua på kunstens språk som krysskulturell, sosial arena.

KORO har som mål at mangfaldsaspektet skal bli vurdert i alle kunstutval i dei statlege prosjekta og skal bli gitt særleg merksemd i kunstplanarbeidets fokus på val av kunstnarlege strategiar – også i val av kunstnarar og i tilrettelegginga av konkurransar. KORO ønskjer også å auke talet minoritetar som deltek som konsulentar i KORO sine prosjekt, og har i 2011 fastsett ein ny strategi for å styrkje konsulentregisteret. Minoritetsgrupper vil ved alle framtidige utlysingar av opptak i Konsulentregisteret bli særskilt oppfordra om å søke.

Innanfor biletkunst og kunsthandverk har Norsk kulturråd som mål å bidra til høg kvalitet og mangfald i samtidskunsten og styrkje formidlinga slik at den profesjonelle kunsten får ein tydelegare plass i samfunnet. Det er ei sentral oppgåve å bidra til refleksjon omkring kunstnarlege og kulturelle endringsprosessar, og å utvikle nye kunstnarlege produksjonsmåtar, samarbeidsformer og formidlingsstrategiar for eit samansett publikum.

Det er gjennomført få publikumsanalysar på det visuelle feltet. Det er difor behov for meir kunnskap om publikum, utvikling av nye kunstuttrykk, endringar i produksjon og distribusjon av kunsten. Nye formidlingsarenaer kan bidra til at fleire publikumsgrupper opplever den visuelle kunsten som relevant.

Som vidareføring av Mosaikkprogrammet gjennomførte Norsk kulturråd i perioden 2002 – 2010 satsingsområdet «Kulturelle endringsprosesser og samtidskunsten». Målet med satsinga var å styrkje den kritiske refleksjonen omkring dei endringsprosessane i samtidskunsten som lèt seg knyte til tema som globalisering og internasjonalisering, og korleis desse endringane påverkar og utfordrar samtidskunstens verdiar og praksisar. Samstundes var det eit mål å synleggjere og auke deltaking av personar med minoritetsbakgrunn i kunstlivet, som skapande kunstnarar, formidlarar, publikum og ressurspersonar. Ordninga vart evaluert i 2007 – 2009.12 På bakgrunn av evalueringa og talet på søknader dei siste åra, vart programmet avslutta i 2010. Tematikken er i dag ein så integrert del av det generelle kunstfeltet at det ikkje lenger er hensiktsmessig med ei eiga avsetjing til føremålet. Frå 2011 er avsetjinga difor integrert i den generelle prosjektstøtta. Kunstnarlege og kulturelle endringsprosessar, mangfald og representativitet i kunstfeltet er ei generell prioritering for avsetjinga til visuell kunst i sin heilskap.

5.11 Inkludering og mangfald i film og media

Dei overordna målsetjingane på mediefeltet er å sikre ytringsfridom, rettstryggleik og eit levande demokrati. Gjennom ein aktiv mediepolitikk ønskjer regjeringa å sikre eit mangfald av informasjonstilbod, høve til ytring, sjølvstende i redaksjonelle spørsmål og tilgang for alle. I tillegg spelar media ei sentral rolle i ein større kulturpolitisk samanheng, både ved å formidle norsk språk, kultur og identitet, men også ved å produsere ulike kulturuttrykk. Desse kulturpolitiske målsetjingane står særleg sterkt i film- og kringkastingspolitikken, men er også viktige på presse- og dataspelområdet13.

Film og kino er i utgangspunktet eit svært populært og tilgjengeleg kulturtilbod. 77 pst. av landets innbyggjarar bur i ein kommune med fast kino, 88 pst. om ein tek med Bygdekinoens visningsstader. Ein grunn til at så mange går på kino er truleg at kinoen blir oppfatta som eit lågterskeltilbod. Å oppretthalde eit breitt kinotilbod i heile landet er eit viktig mål for den norske filmpolitikken. Målsettinga medverkar til å skape gode kulturtilbod i heile landet, men bidreg også til overliggjande politiske mål som til dømes å oppretthalde busetjingsmønster. Noreg har ein unik kinostruktur fordi dei aller fleste kinoar har vore, og framleis er, i kommunalt eige. Den kommunale strukturen gjer at det fins kinoar på stader der det eigentlig ikkje er næringsgrunnlag for kinodrift.

Film er eit kulturtilbod som blir nytta av store deler av befolkninga. Filmproduksjonen har likevel vore kritisert for å bli laga av ei relativt homogen gruppe som i liten grad representerer det norske mangfaldet. Det eksisterer i dag lite statistisk materiale for kva bakgrunn dagens filmskaparar i Noreg har, bortsett frå kjønn og kor i landet produksjonsselskapet held til. Av den grunn er det ikkje grunnlag for å seie noko eksakt om systematiske sosiale skilnader i kven som lagar film eller kva barrierar som i tilfelle eksisterer. Erfaringar frå Norsk filminstitutt syner likevel at det er få filmskaparar med annan kulturell bakgrunn.

I kringkastingspolitikken er dei kulturpolitiske målsetjingane knytte til allmennkringkastingstilbodet.14 Allmennkringkastarane har ei sentral rolle når det gjeld å sikre norsk kultur, språk og identitet og har under ulike regjeringar vorte sett på som eit svært viktig verkemiddel for å sikre overordna mediepolitiske målsetjingar.

Som allment tilgjengelege medium er radio og fjernsyn viktige kulturformidlarar. Dei når ut til breie lag av folket og bidreg på denne måten til å spreie kulturprodukt. Kultur i radio og på fjernsyn når publikum heime i stovene og desse media representerer difor eit lågterskeltilbod. Sjølv om også andre kringkastarar sender kulturprogram, speler NRK ei helt sentral rolle: I 2010 var 95 pst. av kulturtilbodet på norsk fjernsyn om kvelden å finne på NRKs kanalar.15

NRK har eit særskilt ansvar for å arbeide for mangfald og inkludering, noko som kjem til uttrykk i fleire eksplisitte krav i NRKs mandat. Til dømes skal NRK ta omsyn til funksjonshemma i utforminga av tilbodet sitt. Vidare skal NRK formidle kunnskap om ulike grupper og om mangfaldet i det norske samfunnet, og skape arenaer for debatt og informasjon om Noreg som eit fleirkulturelt samfunn.

NRK som heilskap har rundt 70 pst. dagleg dekning i innvandrarbefolkninga.16 NRK har eit mangfaldsutval og har utarbeidd ein eigen mangfaldsstrategi. Temaval, relevans, identifikasjon og det å vere synleg er viktige stikkord for NRK sitt arbeid med mangfald og fleirkultur. NRK har også oppretta eit rekrutteringstiltak for å auke talet på fleirkulturelle journalistar i bedrifta – det såkalla FleRe-prosjektet. Dei første fem stipendiatane vart tilsette i januar 2008 og gjekk gjennom eit halvt års opplæring og praksis. Det sjette kullet starta i august 2010. For innsatsen med den fleirkulturelle rekrutteringa mottok NRK regjeringa sin mangfaldspris for 2009.

5.12 Satsingar og tiltak

For å nå målet om meir inkludering og fleire stemmer i kulturlivet lyt kulturinstitusjonane vere sentrale drivkrefter på sine område. Ein styrka styringsdialog med offentleg finansierte kulturinstitusjonar og aktørar er difor eit sentralt tiltak i det vidare arbeidet med inkludering på kulturfeltet. Ei brei satsing på inkludering i institusjonanes ordinære verksemd vil bli supplert med målretta tiltak for å gi ekstra løft på særskilte område.

5.12.1 Tiltak: tettare styringsdialog om inkludering og mangfald

Som nemnt i kapittel 4, har inkludering og mangfald vore element i Kulturdepartementets styringssignal og styringsdialog med underliggjande verksemder og tilskotsmottakarar i fleire år. Organisasjonar og verksemder som får tilskot frå departementet blir i dei årlege tilskots-/tildelingsbreva bedne om å arbeide langsiktig og strategisk for å ivareta kulturelt mangfald i verksemda. Institusjonane blir også årleg bedne om å rapportere på strategi, planar og aktivitetar knytte til kulturelt mangfald.

Departementet ønskjer at underliggjande verksemder og tilskotsmottakarar skal prioritere arbeid med mangfald og inkludering i åra som kjem. Inkludering og mangfald skal vere ein integrert del av ordinær programmering, organisasjonsutvikling og rekruttering og publikumsarbeid. Departementet legg til grunn at arbeidet i hovudsak skal skje innan ordinære budsjettrammer og at institusjonane sjølve skapar rom for å utvikle nye måtar å arbeide på. Mangfalds- og inkluderingsarbeid skal inngå i institusjonanes langsiktige strategiar.

Kulturdepartementet vil leggje stor vekt på systematisk oppfølging av institusjonanes arbeid med inkludering og mangfald. Oppfølginga vil bli inkludert i den ordinære styringsdialogen med tilskotsmottakarar og underliggjande verksemder.

Med bakgrunn i stortingsmeldingar som er lagde fram dei siste åra, har departementet byrja arbeidet med å gjennomgå og utforme mål- og resultatkrav i samsvar med målet om auka satsing på inkluderings- og mangfaldsarbeid på kultursektoren.

Som oppfølging av St.meld. nr. 32 (2007 – 2008) Bak kulissene har departementet i samråd med Norsk Teater- og Orkesterforening, utforma eit utvida mål- og rapporteringssystem som også omfattar mangfald og inkludering på scenekunstområdet. Systemet er gjort gjeldande frå 2010. Departementet vil med det første gjennomgå mål og indikatorar på dei andre områda på kunst- og kulturfeltet tilsvarande og leggje til rette for meir systematisk rapportering om korleis kravet om strategisk arbeid med publikumsutvikling og større mangfald i personalprofil og programprofil blir følgt opp. Vurdering og formulering av nye mål- og resultatkrav vil bli gjort i samråd med aktuelle institusjonar.

Som eit ledd i departementets arbeid med mål- og resultatrapportering vil det bli utvikla relevant informasjon for vurdering av ulike sider av dei større institusjonanes administrative og kunstnarlege verksemd for å sikre at overordna mål blir inkorporerte i den ordinære verksemda.

Erfaring frå evaluering av knutepunktinstitusjonar vil også tene som delgrunnlag for gjennomføring av evaluering av institusjonar. I 2012 vil det bli gjennomført ei ny evaluering av scenekunstinstitusjonar. Det vil mellom anna bli lagt vekt på å sjå på utviklinga i institusjonanes kvalitet, både når det gjeld produksjon og andre deler av drifta.

Som oppfølging av St.meld. nr. 49 (2008 – 2009) Framtidas museum skal Norsk kulturråd samordne arbeidet med utvikling av statistikk og indikatorar for god drift på museumsfeltet. Departementet vil sjå til at mangfalds- og inkluderingsdimensjonen blir ivareteken i det vidare arbeidet.

Frå og med budsjettåret 2011 er tilskotsporteføljen til Kulturdepartementet endra og er organisert i tre styringsnivå. Endringa opnar for eit meir differensiert system for styring, oppfølging og kontroll. På bakgrunn av faktorar som tilskotsmottakarens oppgåver og størrelsen på tilskotet, er ulike verksemder plassert i dei ulike styringsnivåa.

Gjennom styringsdialogen vil departementet få auka innsikt i korleis institusjonane konkretiserer og forstår si inkluderingsoppgåve, korleis oppgåvene blir løyst og kva for utfordringar institusjonane står overfor. På dette tidspunktet finst ikkje alle svar på korleis ein lukkast med godt inkluderingsarbeid, og institusjonane må mellom anna skape rom til å utforske nye måtar å jobbe på. Styringsdialogen er eit verktøy i ei slik utvikling, og skal ha rom både for drøfting og for å utfordre kvarandre.

Kulturinstitusjonane er viktige både kunst- og kulturfagleg og som samfunnsaktørar i ein breiare politisk samanheng. Sjølv om departementet legg tydelegare føringar på tilskotsmottakarar og underliggjande verksemder, handlar ikkje dette om å lempe på kvalitetskrav. Institusjonane sin kunstarlege fridom er grunnleggjande for verksemda, både som kulturinstitusjonar og som samfunnsaktørar. Produksjon og framføring er sjølve essensen i verksemda i institusjonane og den viktigaste føresetnaden for at institusjonane skal oppfattast som interessante og relevante. I dette ligg det også at institusjonane sjølve skal konkretisere sine kulturpolitiske oppgåver i samsvar med sin eigenart og institusjonens kjerneoppgåver: å utvikle, forvalte og formidle kunst og kulturarv. Utforming av oppgåvene må òg sjåast i samband med institusjonens sosiale og geografiske nedslagsfelt, til dømes kva grupper institusjonen når i mindre grad.

Vi byggjer vårt land

Kultursektoren vil spele ei viktig rolle i markeringa og feiringa av 200-årsjubileet for den norske Grunnlova i 2014. I tildelings- og tilskotsbrev for 2011 er verksemder som får tilskot frå departementet bedne om å starte planlegging av prosjekt og arrangement i tilknyting til jubileet, i tråd med verksemda sin profil.

Stortinget har slutta seg til Innst. S. 162 (2008 – 2009), der det er uttalt at det styrande temaet for jubileet skal vere demokratiets betyding og utfordringar i samfunnet vårt og betydinga av eit breitt engasjement og deltaking i heile spektret av demokratiske institusjonar. Stortinget har oppretta ein hovudkomité som har slått fast overordna føringar og mål for jubileet.

5.12.2 Tiltak: mangfald i styringsorgana

Ei av erfaringane frå Mosaikk-programmet var at ein ikkje oppnår eit kulturliv prega av kulturelt mangfald så lenge berre etniske nordmenn sit i sentrale posisjonar. Dersom institusjonane skal bli gode når det gjeld mangfald og inkludering av nye publikumsgrupper eller utøvarar, er det difor viktig at minoritetar er representerte i styringsorgan. I det minste bør det i styre og leiing finnast kompetanse om inkludering og mangfald og/eller dei gruppene verksemda ønskjer å nå.17 Styra er viktige i institusjonanes strategitenking og økonomistyring og det er sentralt at dei har mangfalds- og inkluderingsdimensjonen med seg i sitt arbeid. Når leiing og styre viser veg, vil dette også påverke arbeid og orientering i resten av organisasjonen. I dag har fleire nasjonale institusjonar styremedlemmer med kompetanse innan kulturelt mangfald og/eller innvandrarbakgrunn. Samstundes peikar Ressursgruppa for større mangfald på at det er få leiarar i kunst- og kultursektoren med innvandrarbakgrunn.

I sitt innspel til denne meldinga tilrår Statens råd for likestilling av funksjonshemmede at mangfaldet i folket bør vere representert i både tilsetjingspolitikk, kunstnarleg utøving, kulturuttrykk og aktørar. Dei peikar på at det å ha tilsette med funksjonsnedsetjingar i både administrasjon og som utøvarar, vil ha ei sterk signaleffekt overfor ulike brukargrupper og anna publikum. På denne måten kan ein vise at det er mogleg for alle å finne ein plass der ein høyrer til, der ein kan følgje eigne interesser, både i fritid og i yrkesval. Å leggje vinn på mangfald i rekruttering og repertoar vil difor vere ein sentral strategi dersom ein ønskjer likestilling og inkludering i kultursektoren, skriv rådet.

Kulturdepartementet legg til grunn at kunnskap om inkludering og mangfald skal sikrast ved oppnemning av styremedlemmer til kulturverksemdene. Det er grunnleggjande at styre er breitt samansette med både kunstnarleg, juridisk, økonomisk og politisk kompetanse. I tillegg bør det finnast kompetanse på mangfaldsarbeid og om dei gruppene ein ønskjer å nå ut til. Styresamansetjinga bør spegle det demografiske mangfaldet i samfunnet og verksemdas geografiske nedslagsfelt.

Departementet vil i tillegg leggje vekt på at utval, ressursgrupper og referansegrupper som departementet peikar ut, skal ha medlemmer med kompetanse innan mangfald og inkludering.

Som oppfølging av Ot.prp. nr. 10 (2008 – 2009) Om lov om endringer i forvaltningslovgivningen mv. (gjennomføring av forvaltingsreformen) har departementet overført statens ansvar for oppnemning av styreleiarar og styremedlemmer til region-/og landsdelsinstitusjonar og knutepunktinstitusjonar til fylkeskommunane.18 Endringa trer i kraft frå første ordinære styreval. Kulturdepartementet oppmodar på eit generelt grunnlag om at medlemmer med inkluderings- og mangfaldskompetanse blir oppnemnde til styre for offentleg finansierte kulturinstitusjonar og organisasjonar på det frivillige kulturfeltet.

5.12.3 Tiltak: opprette eit nettverk for personar med minoritetsbakgrunn i styrande posisjonar

Frå 2008 gjennomførte Norsk Teater- og Orkesterforening, på oppdrag frå Kultur- og kyrkjedepartementet, eit program for kvinner i leiande stillingar i kultursektoren.

På bakgrunn av dei positive erfaringane som er hausta frå programmet vil Kulturdepartementet vurdere om liknande program skal setjast i gang for personar med innvandrarbakgrunn.

5.12.4 Tiltak: aspirantordning i kunstinstitusjonar

For at kulturinstitusjonane skal spegle mangfaldet i befolkninga, er det viktig at dei tilsette ved institusjonane også speglar dette mangfaldet. I mange tilfelle er det vanskeleg å finne kandidatar til stillingar i kulturinstitusjonane med variert kulturell og sosial bakgrunn, og som samstundes har dei nødvendige kvalifikasjonane. Det er difor behov for å vidareutvikle tiltak og strategiar for å styrkje rekruttering av utradisjonell kompetanse som kan fremje nye impulsar og stimulere til nytenking og utvikling i alle delar av kultursektoren. Både i musea og i dei frivillige organisasjonane er det prøvd ut hospiterings- og aspirantordningar for å styrkje samarbeidet og rekrutteringsgrunnlaget i kultursektoren. Dette har vist seg å vere vellukka tiltak som på ein konkret måte medverkar til å skape betre nettverk og eit breiare rekrutteringsgrunnlag, jf. omtale av Mangfald i musea i kapittel 5.4.

Regjeringa gjer framlegg om å etablere ei aspirantordning i kunstinstitusjonar som kan gi unge talent høve til å utvikle og kultivere talenta sine, lære korleis institusjonane arbeider og få tilgang til viktige kontaktar og nettverk. Målet er å sikre ei breiare sosial rekruttering til kunst- og kulturrelaterte yrke. Ein legg opp til samfinansiering med institusjonar som tek i mot aspirantar.

Figur 10.12 Ballettskulen si elevframsyning 2011 «Masquerade» Gina Storm-Jensen og Shoya Oeda

Figur 10.12 Ballettskulen si elevframsyning 2011 «Masquerade» Gina Storm-Jensen og Shoya Oeda

Kjelde: Foto: Jörg Wiesner/Den Norske Opera & Ballett

Målgruppa for aspirantordninga er nyutdanna kunstnarar, kulturarbeidarar med kunstfagleg grunnutdanning eller personar med tilsvarande kompetanse. Blant kunstnarar og kulturarbeidarar med elles like kvalifikasjonar, bør personar med minoritetsbakgrunn prioriterast. Kontakt med kunst- og kulturfeltet viser at det er stort behov for arrangør- og produsentkompetanse. Det blir difor tilrådd at ordninga også kan omfatte hospitering innanfor administrasjon, produsent- og arrangørverksemd. Aspirantperioden vil normalt vere eit år.

Ordninga må vere fleksibel slik at aspirantperioden kan delast mellom fleire institusjonar for å gi aspirantane breiare kompetanse og større nettverk. Samarbeid mellom store og små institusjonar, frie grupper og minoritetsinitierte institusjonar vil gi synergieffektar.

Institusjonane som tek imot aspirantar må forplikte seg til å gi aspiranten meiningsfylte oppgåver som sikrar fagleg og kunstnarleg utvikling, og at resultatet av opplæringa blir målbar. Aspiranten skal lønast og bruke kompetansen sin i samsvar med institusjonens målsetjing og behov.

Ordninga vil bli etablert med eit avgrensa tal aspirantar og med gradvis utvikling på bakgrunn av erfaring. Kulturdepartementet gjer framlegg om at ordninga blir lagd til Norsk kulturråd. Ordninga vil bli evaluert etter tre år.

5.12.5 Tiltak: samarbeid og partnarskap

Utvalet for større mangfald i kultursektoren peikar på at erfaringar frå Mangfaldsåret og erfaringar frå institusjonar, det frie- og frivillige feltet viser at det i ein avgrensa, men tilstrekkeleg lang tidsperiode, må setjast inn ekstra kraft for å få fart og retning i det praktiske arbeidet med kulturelt mangfald i og utanfor institusjonane. Dette bør skje gjennom praktiske, konkrete kunst- og kulturformidlingsproduksjonar og -tiltak som del av langsiktige strategiar for kunnskapsoppbygging. Utvalet peikar på at slike samarbeidsprosjekt kan vere krevjande.

I tillegg krev slike samarbeid noko ein kan kalle «mellomromskompetanse», det vil seie å kunne samarbeide og drive fram utviklingsarbeid i skjeringsflata mellom ulike miljø. Det krev i sin tur at dei små miljøa har tilstrekkelege profesjonelle ressursar til å samarbeide med større miljø.

Departementet vil stimulere til langsiktig og forpliktande samarbeid mellom kunst- og kulturinstitusjonar, kunstnarlege verksemder og mangfaldsaktørar om konkrete kunstproduksjonar og formidlingstiltak. Målet er å styrkje det kulturelle mangfaldet i og utanfor institusjonane.

Tilskot til dette føremålet kan løyvast frå Norsk kulturfond. Det er ein føresetnad at dei institusjonane/organisasjonane som har fast tilskot, stiller seg positive til å inngå i denne typen samarbeid. Faste tilskotsmottakarar som etter hovudregelen ikkje kan søkje om midlar frå Norsk kulturfond, kan heller ikkje søkje om midlar til dette føremålet. Støtta bør gå til kunstnarleg og kulturell utvikling, produksjonar og tiltak der programutvikling, organisering og publikumsarbeid blir sett i samanheng.

5.12.6 Tiltak: publikumsutvikling

Departementet vil vidareføre tilskotet til Norsk publikumsutvikling. Ei viktig oppgåve for Norsk publikumsutvikling vil vere å medverke til å utvikle arbeidet med publikumsundersøkingar i kunst- og kultursektoren i eit omfang og av ein kvalitet som kan setje institusjonane betre i stand til å vurdere føremålstenlege tiltak for å nå fram til dei delane av befolkninga som nyttar kulturtilbod i liten grad.

Kulturdepartementet vil initiere eit 3-årig forsøks- og utviklingsprosjekt for å inkludere nye publikumsgrupper i kulturinstitusjonane. Prosjektet vil bli utvikla og gjennomført i samarbeid med 6 til 8 utvalde institusjonar, Norsk Teater- og orkesterforeining, Norsk publikumsutvikling og Norsk kulturråd. Prosjektet skal bidra til å utfylle institusjonane sin kunnskap om eksisterande og potensielle brukargrupper og kartleggje moglege barrierar for auka deltaking.

5.12.7 Tiltak: elevbesøk i institusjonane

I arbeidet med denne meldinga har det kome innspel frå fleire aktørar om at kombinasjonen av tilrettelagde kulturtilbod på skulens arena og gratisprinsippet i skulen gjer at skulane reiser sjeldnare til institusjonane enn før. Det blir òg hevda at det er vanskelegare å få barn og unge til å møte opp på framsyningar på kveldstid.

Fordi mange skular ligg spreidd, er den vanlegaste formidlingsforma at kunstnarane kjem til skulen og møter elevane der. Produksjonane krev som regel lite rigging, lite utstyr, og dei er på alle måtar turnévennlege. Ein konsekvens av dette er at dei store institusjonane, som dei store teatra, kunstmusea og kulturhusa, sjeldnare er med i Den kulturelle skulesekken. Nokre av dei store institusjonane lagar turnévennlege produksjonar, men langt frå alle.

Departementet ser at det tilbodet som dei frie scenekunstgruppene gir gjennom Den kulturelle skulesekken er svært viktig for å sikre alle barn og unge eit scenekunsttilbod. Med omsyn både til institusjonane og elevane, vil det likevel vere positivt å kunne oppleve ei framsyning i institusjonen saman med skulen. For elevane vil det vere positivt å oppleve kunsten der han blir produsert, i profesjonelle omgjevnader. Med tanke på seinare bruk, er det også positivt å bli fortruleg med sjølve institusjonen i ung alder.

Figur 5.5 Skulegjesting frå Holmlia

Figur 5.5 Skulegjesting frå Holmlia

Kjelde: Foto: Siri Hansen/Det Norske Teatret

Departementet vil setje i verk eit treårig forsøk med kunstformidling til skuleelevar i institusjonane sine eigne lokale. Målet med forsøket er å leggje til rette for at skulebarn i løpet av skulegangen får oppleve teaterbesøk og å prøve ut modellar for slike tiltak. Forsøket vil bli utvikla i samarbeid med utvalde institusjonar og Norsk teater- og orkesterforening som får øyremerkte tilskot til dekking av ekstraordinære kostnader.

Tiltaket kjem i tillegg til formidling til skulane gjennom Den kulturelle skulesekken.

5.12.8 Tiltak: større mangfald innan dans i Noreg

I Noreg er det i ferd med å etablere seg profesjonell dansekunst som byggjer på prinsipp og bruk av materiale frå folkeleg tradisjonsdans. Sjølv om folkeleg tradisjonsdans rundt om i verda er forskjellig, finst det likevel ein del grunnleggjande fellestrekk i mange av desse formene. Dette skil tradisjonsdansen frå det meste av den vestlege kunstdansen. Desse trekka kan gi grunnlag for arbeidsstrategiar som kan binde saman opplæring i heilt ulike former for tradisjonsdans. Det er behov for tiltak for å gi alternative former for dans, gamle som nye, med røter i det norske eller med røter i andre tradisjonar, ein plass i ein meir mangfaldig norsk dansekultur. Det bør vidare rettast auka merksemd mot dans som aktivitet utanfor den profesjonelle dansen. Nye tiltak for dans som eigenaktivitet og som innslag i dagleglivets estetikk, kan vere svært viktig for trivsel og folkehelse.

Rådet for folkemusikk og folkedans bør sjå det som ei oppgåve å inkludere dans frå andre kulturar i si verksemd. Kulturdepartementet vil i samråd med Rådet for folkemusikk og folkedans vurdere tiltak for å stimulere dette arbeidet.

5.12.9 Tiltak: auke talet på skodespelarar med innvandrarbakgrunn

Det Norske Teatret har teke initiativ til opprettinga av Det Multi Norske. Satsinga skal omfatte eit breitt tilbod til barn og unge med minoritetsbakgrunn og ei mellombels skodespelarutdanning på bachelornivå for studentar med minoritetsbakgrunn.

Det er planlagt at rekruttering til studieplassane skal sikrast mellom anna gjennom aktivitetar ved Det Norske Teatret for ulike aldersgrupper, der unge med ulik kulturell bakgrunn kan utvikle sine skapande ressursar og kunstuttrykk. Teatret sine erfaringar frå andre utviklingsprosjekt retta mot barn og unge, som Den unge scenen (DUS) og Den mangfaldige scenen, er ei viktig plattform for den nye satsinga. Kulturdepartementet er einige i at det er ønskjeleg å leggje særskilt til rette for rekruttering av skodespelarar med innvandrarbakgrunn og vil bidra til å nå dette målet.

5.12.10 Tiltak: styrkje teiknspråkteater

Teater Manu er eit turnéteater som har framsyningar i dei største byene der majoriteten av teatrets døve publikum bur. Teater Manu har som mål å styrkje og utvikle teiknspråk som scenespråk, auke interessa for teiknspråkteater og synleggjere dei døve sin kultur. Teater Manu leverer scenekunst av høg kvalitet og teatret speler ei viktig rolle som brubyggjar mellom teikn- og talespråklege.

Regjeringa vil ta omsyn til behovet for å styrkje den kunstnarlege kvaliteten ved teatret for å nå ut til eit breiare publikum.

Figur 5.6 «Pinocchio», Remi Roos og Ipek D. Mehlum

Figur 5.6 «Pinocchio», Remi Roos og Ipek D. Mehlum

Kjelde: Foto: Caroline Roka/Teater Manu

5.12.11 Tiltak: auke medverknad og tilgang til visuell kunst gjennom tilskotsordningar for kunst i offentlege rom

Eit av satsingsområda i Kulturløftet er kunst produsert og formidla i det offentlege rom. Politikken for kunst i offentleg rom er allereie godt etablert i Noreg gjennom statsinstitusjonen Kunst i offentlig rom (KORO). Gjennom tilskotsordninga for kunst i kommunale og fylkeskommunale bygg (KOM) er hovudgruppa av bygg der kunstprosjekt blir utvikla barne- og ungdomsskular og vidaregåande skular, men også kulturbygg, rådhus, helse- og omsorgsbygg, barnehagar og idrettshallar har kunst integrert i sine bygg. Kunstprosjekt gjennom tilskotsordninga for offentlege uterom (URO) medverkar også til at ulike publikumsgrupper på stader som ligg utanfor dei vanlige sentra for kunstproduksjon, og der det ikkje finst eit offentleg bygg med integrert kunst, kan oppleve samtidskunst.

Kunst formidla i det offentlege rommet utgjer i dag den største samlinga utanfor musea, og sikrar at kunst blir gjort tilgjengeleg for publikum og brukarar i byar og distrikt over heile landet. På enkelte stader i landet er kunstverk i det offentlege rommet den einaste kunsten som er allment tilgjengeleg. KORO sine ordningar verkar også inspirerande på andre offentlege og private aktørar. I dei seinare åra har fleire statlege eigarar av bygg bestilt kunst i offentlege rom, og ei rekkje kommunar har etablert liknande ordningar. KORO produserer òg kunst mot institusjonar som har mangfald som innebygd faktor, så som Senter for nordlige folk og Gjøvik omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar. Mangfaldsaspektet er i mindre grad til stades når KORO skal velje ein kunstnar til å lage kunst i det offentlige rommet.

KORO sine ordningar er i dag eit statleg verkemiddel som kan medverke til å styrkje formidling av kunst til fleire grupper enn dei som allereie er fortrulege med å oppsøkje kunst innanfor kunstinstitusjonane, samt å ta vare på mangfaldet i produksjon av kunst. Departementet meiner at det innanfor KORO sine ordningar er gode høve til å nå ut til enda fleire publikumsgrupper og at ordningane, i større grad enn i dag, vil kunne medverke til å inkludere kunstnarar med fleirkulturell bakgrunn i det visuelle kunstfeltet i Noreg. Difor ser departementet det som positivt at KORO i sine strategiar seier at dei vil leggje til rette for mangfaldsaspektet i val av kunstnarar og i tilrettelegginga av konkurransar, og at talet på minoritetar som deltek som konsulentar i KORO sine prosjekt, skal aukast.

5.12.12 Tiltak: etablere ei innkjøpsordning for film i biblioteka

I samband med statsbudsjettet for 2012 har regjeringa foreslått å løyve 3,5 mill. kroner til etablering av ei innkjøps- og utlånsordning for norsk film i biblioteka. Å kunne låne norske filmar på biblioteket, slik ein kan med bøker, musikk og spel, vil gjere norske filmar enno meir tilgjengelege for alle. Dette gjeld særleg tilgang til kortfilmar og dokumentarfilmar som normalt ikkje blir sett opp på kino. Dette vil føre til meir demokratisk tilgang til norsk film. Ei utviding av tilbodet i biblioteka kan bidra til å gjere biblioteket attraktivt for fleire. Film blir i stadig større grad distribuert digitalt, og ei innkjøpsordning vil ta høgde for dette.

5.12.13 Tiltak: nettverk for medverknad

Som omtala ovanfor har Norsk kulturråd gjort seg erfaringar med medverknad innan arkiv, bibliotek og museum gjennom medverknadsprosjektet.

Norsk kulturråd har nyleg utarbeidd ein rapport om utvikling av dei faglege museumsnettverka. I oppfølginga av rapporten vil Norsk kulturråd gjere ei vurdering av dagens nettverk og om det er behov for etablering av nye. I denne vurderinga vil Norsk kulturråd ta omsyn til tema som inkludering og medverknad.

Regjeringa oppmodar Norsk kulturråd, i samråd med aktørar på museums- og arkivfeltet, om å vurdere oppretting av eit fagleg nettverk for medverknad som metode i inkluderingsarbeid.

5.12.14 Tiltak: regionalisering av forvalting av Statens utstillingsstipend

Regjeringa arbeider aktivt for å sikre ei god regional fordeling av kulturmidlane. Som ei oppfølging av dette foreslår regjeringa at forvaltinga av midlane som er sett av til Statens utstillingsstipend, blir flytta til landets 15 kunstnarsenter, inkludert Samisk kunstnarsenter, og at fordelinga blir koordinert av Foreningen kunstnersentrene i Norge. Avsetjinga for 2012 er 3,8 mill. kroner.

Fotnotar

1.

Gran (2008)

2.

Sjå t.d. St.prp. nr. 1 (2008 – 2009), St.meld. nr. 49 (2008 – 2009) Framtidas museum, St.meld. nr. 22 (1999 – 2000) og NOU 1996:7

3.

ABM-skrift # 62 Jo fleire kokkar, jo betre søl

4.

Definisjonen er henta frå Arts Council England. Norsk publikumsutvikling understrekar i sin definisjon at publikumsutviklingsomgrepet femner vidt og omfattar både programmering, produksjon, formidling, sal og kommunikasjon.

5.

Vedtekt for Norsk kulturfond og Retningslinjer for bruken av midler fra Norsk kulturfond, fastsett av Stortinget 19. juni 1965

6.

Skogseth (2009: 118), Gran og Vaagen (2010)

7.

Norsk Bibliotekforening (u.å.)

8.

St.meld. nr. 23 (2008 – 2009)

9.

Vaage (2009a)

10.

Sametinget (2010)

11.

Larsen (2009)

12.

Ekroth (u.å.)

13.

Dataspel vart definert inn i kulturpolitikken av regjeringa gjennom St.meld. nr. 14 (2007 – 2008) Dataspill, der det mellom anna heiter at dataspel er eit sjølvstendig kulturuttrykk og ein del av Kulturløftet.

14.

Sjå St.meld. nr. 57 (2000 – 2001), St.meld. nr. 22 (2006 – 2007), St.meld. nr. 30 (2006 – 2007), St.meld. nr. 6 (2007 – 2008) og St.meld. nr. 14 82007 – 2008).

15.

NRK (2010)

16.

TNS Forbruker og Media

17.

Sjå også Mangfold i kunst og kultur. Syv punkts strategi mot 2020 og Mælen i Publikumsutvikling

18.

Med unntak av Kilden (TKS) IKS, Festspillene i Bergen, Stiftenlsen Horisont/Mela, Øyafestivalen og Ultima – Oslo Contemporary Music Festival
Til forsida