Meld. St. 10 (2011–2012)

Kultur, inkludering og deltaking

Til innhaldsliste

8 Samarbeid med og deltaking i den frivillige kultursektoren

8.1 Innleiing

Regjeringa støttar aktivt opp om frivillig sektor og utviklinga av eit levande sivilsamfunn gjennom eit nært samarbeid med frivillige organisasjonar, og ved å støtte og leggje til rette for frivillig engasjement. Omfanget av frivillig organisering og frivillig innsats i Noreg er stort i internasjonal samanheng.1 Utbreiinga av lokalt foreiningsliv og den store delen av befolkninga som deltek i frivillig arbeid, viser at frivillige organisasjonar er ein stor og viktig del av sivilsamfunnet i Noreg.

Det er til saman om lag 90 000 frivillige organisasjonar, lag og foreiningar i Noreg.2 Av desse er det om lag 16 500 lokale og regionale lag og foreiningar innanfor kunst- og kulturfeltet, som omfattar frivillig aktivitet og verksemd i mellom anna korps, kor, orkester, folkedans, ulike festivalar, historielag, husflidslag, museum og samlingar, ikkje-kommersielt teater, film, kunst og litteraturaktivitetar.3 Generelt er det ein overrepresentasjon av personar med høg utdanning og inntekt som deltek i frivillig arbeid, og personar med innvandrarbakgrunn er i mindre grad medlemmer i organisasjonane.

I dette kapitlet blir det gitt nokre døme på mangfalds- og inkluderingsarbeidet i frivillig sektor, med særleg vekt på dei tradisjonelle organisasjonane og samarbeid med det offentlege. Det er ikkje meininga å gi eit altomfattande oversyn over inkluderingsarbeidet, men å vise nokre innsatsar og erfaringar. Deretter blir sentrale satsingar som påverkar rammevilkåra til frivillig sektor og ressursane til lokal aktivitet presentert. Til slutt blir tiltak for vidare arbeid presentert innanfor tre hovudområde: partnarskap og brubygging mellom profesjonelle og frivillige i kultursektoren, auka deltaking og representasjon frå underrepresenterte grupper i frivillig kultursektor, kontakt og samarbeid mellom tradisjonelle kunst- og kulturorganisasjonar og etniske og fleirkulturelle organisasjonar.

8.2 Inkludering og mangfald i frivillig sektor

Auka merksemd om inkludering og integrering i frivillig sektor er eit sentralt mål i regjeringas frivilligpolitikk. Dette arbeidet blir gjort i nært samarbeid med frivillige organisasjonar.

8.2.1 Frivillighet Norges inkluderingsprosjekt

Frivillig sektor har sjølv teke eit særleg ansvar for å auke merksemda om mangfald og inkludering i frivillige organisasjonar. Kulturdepartementet auka tilskotet til Frivillighet Norge med 1 mill. kroner i 2008 i tråd med St.meld. nr. 39 (2006 – 2007) Frivillighet for alle. Tilskotet dekte mellom anna opprettinga av ei prosjektstilling med ansvar for å auke medvitet om integrering av innvandrarar i det frivillige organisasjonslivet. Det overordna målet med inkluderingsprosjektet var å medverke til større etnisk mangfald blant medlemmer og aktive i dei frivillige organisasjonane, og å medverke til at fleire minoritetsorganisasjonar blir inkluderte i organisasjonsfellesskapen gjennom medlemskap i Frivillighet Norge.

Arbeidet vart vidareført og styrkt i 2009 med endå 1 mill. kroner til informasjonsmateriell, kurs, hospiteringsordning og samarbeidsprosjekt mellom tradisjonelle organisasjonar og minoritetsorganisasjonar. Kulturdepartementet øyremerkjer ikkje lenger særskilde midlar til Frivillighet Norges inkluderingsarbeid, men har auka det generelle driftstilskotet til samarbeidsorganet. Frivillighet Norge får også økonomisk støtte frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet til inkluderingsarbeidet.

Boks 8.1 Døme frå Frivillighet Norges inkluderingsprosjekt

Velkommen inn!

Erfaringsrapporten Velkommen inn! frå 2008 presenterte ulike erfaringar, døme på tiltak og råd frå ulike organisasjonar som har arbeidd med inkludering. Føremålet med rapporten var å gjere organisasjonane betre rusta til å satse på inkludering i eigen organisasjon. Rapporten viser at organisasjonane har eit stykke igjen for å nå målet om å representere mangfaldet blant innbyggjarane. Ein god del av organisasjonane er opptekne av inkludering, men ikkje alle har sett i verk konkrete tiltak. Dei vanlegaste tiltaka er å samarbeide med minoritetsorganisasjonar og å gjennomføre fleirkulturelle arrangement. I rapporten blir det understreka at kvar organisasjon må finne sin måte å arbeide på, og at aktivitet og tiltak må tilpassast den enkelte.

Velkommen til oss!

Rettleiingsheftet Velkommen til oss! tilbyr praktiske tips om korleis ein kan arbeide med å styrkje deltakinga frå personar med etnisk minoritetsbakgrunn i frivillige organisasjonar. Heftet inneheld ei rettleiing til ein workshop om inkludering og tek utgangspunkt i praktiske reiskapar som frivillige organisasjonar kan bruke for å bli meir inkluderande. Rettleiinga er først og fremst retta mot dei lokale ledda i frivillige organisasjonar.

Hospiteringsordning

Hospiteringsordninga starta som eit pilotprosjekt i 2009 og er ein del av arbeidet for å stimulere til kontakt, samarbeid og erfaringsutveksling mellom minoritetsorganisasjonar og tradisjonelle norske organisasjonar. Gjennom ordninga blir leiarar og ressurspersonar i minoritetsorganisasjonar og tradisjonelle norske organisasjonar kopla saman. Gjennom jamlege møte og rettleiing har desse personane vorte kjende med kvarandre og utveksla idear og erfaringar. Erfaringsrapporten frå prosjektet understrekar at deltakarane har knytt kontaktar i kvarandre sine miljø, lært av kvarandre sine måtar å organisere seg på, og fått betre forståing for kva dei andre organisasjonane arbeider med og for.

Workshops

Frivillighet Norge arrangerer workshops for tradisjonelle norske organisasjonar. Dette er praktiske kurs for å hjelpe organisasjonane i gang, eller kome vidare med inkludering av personar med etnisk minoritetsbakgrunn i sin organisasjon. Opplegga blir tilpassa kvar enkelt organisasjon og passar godt inn i både medlemsmøte, seminar og konferansar. Norges Turistforening, 4H, Norsk Folkehjelp, Changemaker og Norges Kvinne- og familieforbund er døme på organisasjonar som har delteke.

8.2.2 Frivillig verksemd for barn og unge

I tråd med St.meld. nr. 39 (2006 – 2007) Frivillighet for alle har regjeringa styrkt tilskotsordninga Frifond for å fremje innsats i arbeidet med integrering og inkludering. Føremålet med tilskotsordninga Frifond er å stimulere barn og unges aktivitet og deltaking lokalt, gjennom frivillige organisasjonar og frittståande grupper og foreiningar som ikkje er medlemmer av ein større organisasjon. Statstilskotet til Frifond er i 2011 nærare 45,8 mill. kroner. I tillegg blir det tilført midlar frå overskotet til Norsk Tipping AS, som i 2011 utgjer 125 mill. kroner.

Boks 8.2 Døme på frittståande grupper med støtte frå Frifond

Figur 8.1 Somadoon

Figur 8.1 Somadoon

Kjelde: Foto: LNU

Somadoon er ein somalisk frivillig organisasjon i Oslo som driv leksehjelp, jobbprosjekt, fjernsyns-/og radiokursing og arrangerer festar for norsk-somaliarar i Oslo. Somadoon har fått støtte frå Frifond barn og unge til å arrangere nasjonaldagsfeiring for barn og unge med somalisk bakgrunn i Oslo.

Human Nature er ei gruppe med tre unge kunstnarar. Dei har fått støtte frå Frifond barn og unge til ei kunstutstilling på Grünerløkka i Oslo. Pengane vart brukte til leige av lys, plastplater til bileta og flyers og anna informasjonsmateriell for å promotere utstillinga. Utstillinga vart godt besøkt, rundt 200 personar var innom.

Fosseduren filmteam er ei gruppe med ungdommar frå Stjørdal som lagar ein film i samarbeid med Fosseduren. Fosseduren er eit band med psykisk utviklingshemma medlemmer som har halde på sidan 1992. Dei skal filme både øvingane, konsertane og medlemmene av bandet i fritida.

Oslo Zombie Walk blir arrangert av Children of the Night, som er ein ungdomsklubb i Oslo som fokuserer på subkulturar. Klubben blir driven av frivillig ungdom mellom 14 og 21 år. Ein Zombie Walk er eit slags kostymetog der ungdom kler seg ut som, og oppfører seg som, zombiar. Oslo Zombie Walk 2010 hadde over 200 deltakarar. Dei fekk støtte frå Frifond barn og unge til spesialeffektar og sminke, og til trykking av plakatar og flyers for å promotere arrangementet.

Vietnamesisk song- og musikkgruppe vart starta av ei gruppe ungdommar og har fått støtte frå Frifond musikk til instrument og utstyr. Tiltaket har bidrege til å skape større interesse for bruken av levande vietnamesisk musikk.

Har en drøm er ei gruppe med ungdommar frå Skedsmo voksenopplæringssenter som har halde på med kor, dans, måling med meir. Dei har fått støtte frå Frifond musikk og har mellom anna hatt to opne framsyningar i Skedsmo samfunnshus.

Ordninga skal medverke til å styrkje dei generelle rammevilkåra for barne- og ungdomsorganisasjonane og er ein viktig del av regjeringas satsing på aktivitetsskaping blant barn og unge i frivillige organisasjonar og lågterskelaktivitet i frittståande grupper og foreiningar. Midlane blir fordelte til dei tre paraplyorganisasjonane Norsk musikkråd, Norsk teaterråd og Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar. Det er paraplyorganisasjonane sitt ansvar å fordele midlane vidare.

Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) oppretta i 2008 ei toårig prosjektstilling med ansvar for å auke medvitet om inkludering og integrering i Frifond-ordninga. LNU har sidan 2008 delteke i arbeidet med inkludering i Norsk musikkråd og Norsk teaterråd, og samarbeidd med Frivillighet Norge. I 2009 vart det gjennomført ei evaluering av Frifond der det kom fram at organisasjonane som får støtte frå Frifond fokuserer lite på tiltak retta mot innvandrarar og minoritetar, og at ein først og fremst tek sikte på å rekruttere nye medlemmer til den ordinære organisasjonsverksemda.4 Grupper som fell utanfor det etablerte organisasjonslivet nyttar Frifond-ordninga i mindre grad enn ein skulle ønskje.

Gjennom arbeidet med Frifond for alle har LNU i samarbeid med dei to andre paraplyorganisasjonane arbeidd målretta for å spreie informasjon om ordningane til ulike målgrupper. Resultata frå arbeidet for inkludering og integrering i Frifond er fleire søknader frå små og nyetablerte organisasjonar og frå frittståande grupper med barn og unge med innvandrarbakgrunn som ikkje deltek i dei etablerte organisasjonane. Arbeidet har bidrege til å skape eit meir mangfaldig og inkluderande organisasjonslandskap for barn og unge.

Boks 8.3 Mangfaldsguide – verktøykasse for arbeid med inkludering

Mangfaldsguide – ei verktøykasse for frivillige organisasjonar og fritidsklubbar som ønskjer å jobbe med inkludering, er eit samarbeidsprosjekt mellom dei tre paraplyorganisasjonane Ungdom & Fritid, LNU og Unge funksjonshemma. Temaet for guiden er inkludering i organiserte fritidsaktivitetar og handlar om både funksjonshemma, overvektige, homofile, innvandrarungdom og religiøse minoritetar. Målet er å inspirere organisasjonar og fritidsklubbar til å arbeide aktivt med inkludering. Rapporten inneheld framlegg til aktivitetar, leikar og øvingar som kan nyttast til å rette søkjelys mot fordommar, menneskeverd, mangfald og inkludering. Informasjon om Frifond-ordninga er ein del av innhaldet i guiden. Prosjektet vart finansiert av Extrastiftelsen Helse og Rehabilitering.

Boks 8.4 Skrivekurs for barn og unge

I løpet av 2010 nytta Norsk teaterråd midlar frå Frifond til å utvikle og arrangere skrivekurs for barn og unge i alle fylke. Dette vart gjennomført i samarbeid med lokale lag og grupper. I løpet av året vart det arrangert SKRIV! kurs i nesten alle fylke og til saman 171 ungdomar mellom 10 og 26 år deltok på kurs. Målet med kursa er å motivere deltakarane til å skrive, å formidle basiskunnskap om korleis ein kan skrive dramatikk, og å vekkje interessa for teater som uttrykksform. Kursa blir leidd av profesjonelle instruktørar med både teater- og skriveerfaring.

Norsk teaterråd tilbyr SKRIV! kurs til ungdom som vanlegvis ikkje har så mange tilbod. Dei har mellom anna inngått samarbeid med Kirkens bymisjon i Tromsø om å halde kurs for ungdommar frå rusmiljøet. Dei samarbeider også med Frivillighet Norge for å kome i kontakt med innvandrargrupper som allereie er engasjerte i kulturarbeid. På den måten ønskjer dei å nå fram til ungdom som kan ha lyst til å lære å skrive dramatikk, men som kan ha ein annan innfallsvinkel til teater og ei anna historie å fortelje. I dette arbeidet samarbeider dei med KREM Norge som arbeider med utradisjonelle metodar for å få ungdom tilbake på skule/jobb, og som har god erfaring med skrivekurs som metode. KREM Norge vil mellom anna i samarbeid med NAV og Norsk teaterråd gjennomføre kurs i dramatikk for ungdommar på Grünerløkka i Oslo. Målet er å utvikle kursopplegg som medlemsorganisasjonane sjølve har ansvar for og kan tilby i sine medlemslag og i ulike kommunar. Norsk teaterråd har lyst ut ein open konkurranse i manusskriving, der vinnaren får sett opp stykket sitt på Vestlandske teatersenter i Bergen, eller under Rampelysfestivalen i Oslo i 2012.

I 2010 vart det fordelt tilskot frå Frifond til over 13 000 lokallag via sentralleddet i 122 forskjellige organisasjonar. Det er eit stort mangfald både i organisasjonstype, storleik, aktivitet og føremål. I tillegg vart det fordelt tilskot til nærmare 3000 frittståande grupper og lag gjennom ordningane Frifond barn og unge, Frifond musikk og Frifond teater. Det er eit svært breitt spekter av grupper og små og store aktivitetar som får støtte frå desse ordningane.

Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) forvaltar støtteordninga Mangfald og inkludering på vegne av Barne-, likestillings-, og inkluderingsdepartementet, jf. pkt. 9.4. I tillegg fordeler LNU tilskot til kulturprosjekt i landsdekkjande barne- og ungdomsorganisasjonar gjennom ordninga Kulturmidlane. Frå denne ordninga har mellom anna Noregs Blindeforbunds Ungdom fått støtte til prosjektet Ører som ser film, der dei arrangerte ein filmfestival med filmar som er synstolka. Frelsesarmeens barn og unge har fått støtte til eit prosjekt for å gi fleire barn frå vanskelegstilte familiar eit musikktilbod.

Norsk teaterråd fordeler støtte til amatørgrupper innanfor teater og dans. Amatørteateret skal vere ein arena for alle, og på amatørscena skal det vere plass for personar uavhengig av alder, kjønn, etnisitet, sosial og økonomisk bakgrunn, eller funksjonsevne. Norsk teaterråd har gjort seg fleire erfaringar med prosjekt retta mot ulike minoritetsgrupper. I 2002 vart mellom anna prosjektet Teater for alle – et usedvanlig teater gjennomført med deltakarar som var utviklingshemma. I 2007 vart det arrangert ein nasjonal amatørfestival Teater for alle – teater utan grenser, der skodespelarane hadde ulik kulturell bakgrunn og etnisitet.

Norsk teaterråd har dei seinare åra arbeidd aktivt for å få med fleire barn og unge frå familiar med låg inntekt. I 2009 vart det gjennomført prosjekt i Trondheim og Oslo der dei knytte til seg lokale samarbeidspartnarar. Målet var å inkludere barn og unge som i mindre grad deltek i frivillig verksemd. Resultatet er at det har vorte skipa nye lokale grupper som søkjer om midlar frå Frifond til sine prosjekt på lik line med andre søkjarar.

8.2.3 Tilskot til frivilligsentralane

Frivilligsentralane finst over heile landet og er møtestader og samhandlingsarenaer for frivillig arbeid. Det er eit overordna mål at sentralane skal bidra til auka deltaking, lokalt engasjement og å skape gode vilkår for frivillig innsats lokalt. Sentralane skal bidra til å samordne den frivillige innsatsen som privatpersonar og frivillige organisasjonar i kommunen utfører, og dermed styrkje og fremje det frivillige arbeidet. Sentralane har eit mangfald av aktivitetar og tilbod på områda kultur, fritid, helse og nærmiljø. I 2011 har i alt 371 frivilligsentralar fått statstilskot, fordelt på 308 kommunar i alle fylka i landet.

Boks 8.5 Døme på aktivitet i frivilligsentralane

Halden frivilligsentral

Frivilligsentralen har lagt til rette for aktivitet i ei internasjonal kvinnegruppe. Gruppa møtast mellom anna til samvær i ein strikkekafé og til matlaging på eit skulekjøkken. I juli samla gruppa nærmare 200 personar til grillfest i bakgården til frivilligsentralen for å markere det arbeidet som har blitt lagt ned over lengre tid mot kjønnslemlesting. Deltakarane på festen var kvinner som har delteke på kurs og foredrag om temaet med deira barn og familie. I tillegg til dette har den internasjonale kvinnegruppa også tatt initiativ til fleire møte med ulike samfunnsaktuelle tema på dagsorden. Gjennom heile året tilbyr dei også leksehjelp der det blir lagt vekt på å nå mødrene og deira barn.

Lillehammer frivilligsentral

Frivilligsentralen samarbeidar med flyktningeavdelinga ved Lillehammer læringssenter for å gi bistand til flyktningar i kommunens introduksjonsprogram. Sentralen bidreg med frivillige til språktrening og leksehjelp, som venekontaktar, i tillegg til å gi bistand i enkle kurs administrert av Lillehammer læringssenter. Frivilligsentralen har også ein tverrkulturell handarbeidsgruppe der fire-fem norske frivillige møtast kvar veke med flyktningar og innvandrarkvinner. Dei har også eit tverrkulturelt forum for unge vaksne i Frivilligsentralen med norske unge frivillige og ungdom frå andre kulturar i alderen frå 18 til 30 år.

Bjerke frivilligsentral, Oslo

Frivilligsentralen har ein utlånssentral for sport og fritidsutstyr der bebuarane i bydelen kan få låne utstyr gratis. Dei fire første månadene hadde dei 800 utlån av vintersportsutstyr. Personar frå kriminalomsorg i frihet programmet har hjelpt til med preparering av ski, sliping av skøyter og anna vedlikehald på utlånssentralen.

Storhaug frivilligsentral, Stavanger

Kvar torsdag formiddag møtast 6 – 8 frivillige på Midjord bydelshus for å snakke norsk med elevar frå Johannes læringssenter. Til saman 434 elever fordelt på 31 klasser deltok i 2010. I følgje skulens representant er deltakarane svært fornøgde med tilbodet, og seier det gir ein god følelse å bli forstått av andre nordmenn. For veldig mange er personane på frivilligsentralen dei einaste som dei snakkar norsk med utanom læraren.

Sidan ordninga vart etablert for 20 år sidan, har sentralane hatt som mål å nå ut til andre grupper frivillige enn dei etablerte frivillige organisasjonane. I arbeidet sitt har sentralane teke omsyn til erfaringar både frå det tradisjonelle organisasjonslivet og den nye frivilligheita når det gjeld stimulering av frivillig innsats. Dei har over fleire år gått nye vegar for å engasjere folk til frivillig innsats gjennom ei aktiv og inviterande haldning, kombinert med konkrete oppgåver som blir vurdert ut frå dei frivillige sine ønske og interesser. Frivilligsentralane har gjort det enklare for mange å delta i frivillig arbeid og er viktige møtestader for frivillig innsats, deltaking og engasjement i nærmiljøet.

Departementet har tilført ekstra midlar for å styrkje inkluderingsarbeid i frivilligsentralane gjennom samarbeid med lokale frivillige organisasjonar, lag/foreiningar og det offentlege. Føremålet har vore å auke merksemda om frivillig arbeid og organisasjonsdeltaking som arena for brei deltaking og inkludering. Mange frivilligsentralar har mellom anna teke initiativ overfor NAV for å informere om arbeidet til sentralane og høvet til å delta i frivillig verksemd.

8.2.4 Ei aktiv fritid for personar med utviklingshemming

Fritid for utviklingshemma er eit eige tema i informasjons- og utviklingsprogrammet for 2010 – 2013 Mennesker med utviklingshemming skal heller ikkje diskrimineres. Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet er ansvarleg for programmet.

Frivillige lag og organisasjonar er ein viktig del av fritida for mange menneske. Menneske med utviklingshemming skal også kunne delta i frivillig verksemd. Nasjonalt kompetansemiljø om utviklingshemming (NAKU) har på oppdrag frå Kulturdepartementet gjennomført eit prosjekt om tilrettelagd deltaking i ordinære frivillige lag og organisasjonar. Målet har vore å auke kunnskapen og medvitet om moglegheitene til personar med utviklingshemming og auke samarbeidet mellom frivillige organisasjonar og tilsette i kommunar og bydelar som arbeider med å utforme aktivitetar og tiltak.

Boks 8.6 Døme på aktivitetar

Dissimilis kultur- og kompetansesenter

Dissimilis er ein kulturorganisasjon for menneske med psykisk utviklingshemming. Organisasjonen skal bidra til at personar med utviklingshemming får eit kulturtilbod på eigne premissar. I 2011 gir Kulturdepartementet Dissimilis kultur- og kompetansesenter eit tilskot på 2,1 mill. kroner. Dissimilis kultur- og kompetansesenter vil sikre menneske med samansette lærevanskar eit tilpassa undervisningstilbod innanfor kunst og kultur. Satsingsområda er band, kor, dans, drama og individuell undervisning. Dette gjer at Dissimilis kultur- og kompetansesenter også kan tilby ulike former for underhaldning – frå jazz til opera. Kompetansen til Dissimilis har overføringsverdi for andre grupper med spesielle behov (psykiatriske pasientar, eldre, barn m.fl.).

Musikkorps for utviklingshemma

Det første musikkorpset for utviklingshemma vart grunnlagt på Torshov skule i Oslo i 1972. Midt på 1980-tallet vart seks tilsvarande korps oppretta på spesialskular for utviklingshemma i Trondheim, Bergen, Hønefoss, Bærum, Lørenskog og Lillehammer. Sidan 2000 har det vore eit mål å arrangere ein eigen korpsfestival for spesialkorpsa kvart tredje år. Dei siste fem åra har representantar for spesialkorpset på Lillehammer og norsk nødhjelp hjelpt til med å byggje opp eit korps for funksjonshemma i byen Shkoder i Albania. Det albanske korpset vitja spesialkorpsfestivalen på Lillehammer i 2009 og er invitert til spesialkorpsfestivalen i Oslo i 2012. Kulturdepartementet har gitt 100 000 kroner i reisetilskot til kvart av desse besøka.

Kristiansand kommune hadde ansvar for prosjektet Fritid for alle, som handla om ulike måtar å utvikle støttekontakttenesta på. Prosjektet vart finansiert av Helse- og omsorgsdepartementet og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, og vart avslutta i 2010. Nettstaden for prosjektet er vidareført.

Kunnskapsdepartementet ved VOX, Kulturdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet støttar prosjektet Deltakelse og tilhørighet, som arbeider med inkludering av menneske med utviklingshemming i trudoms- og livssynssamfunn.5

8.3 Lokalt inkluderingsarbeid

Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor har på oppdrag frå departementet gjennomført to nærstudiar av lokalt inkluderingsarbeid på Veitvet i Oslo og på Møhlenpris i Bergen.6 Dette er område med stor innvandrartettleik og aukande tilflytting av personar med innvandrarbakgrunn. Studiane syner at lokale styresmakter har ulike strategiar for frivillig organisasjonsliv som integrasjonsarenaer, og at dei gir ulike resultat. Studiane syner òg at det blir teke mange gode inkluderande initiativ. Samstundes verkar det vanskeleg å etablere stabile, felles arenaer for majoritets- og minoritetsgrupper.

Boks 8.7 Døme på lokalt inkluderingsarbeid

Møtestad for fleirkulturell deltaking i Bergen

På Møhlenpris i Bergen har arbeidet for å styrkje inkludering først og fremst vorte gjort gjennom det tradisjonelle foreiningslivet og gjennom aktivitetar knytte til Frivilligsentralen. Studien framhevar bogekorpsa som ei identitetsbyggjande og inkluderande ungdomsforeining. Andre viktige initiativ er nettverk for minoritetsjenter, internasjonal matgruppe for vaksne kvinner og enkeltarrangement som «Den europeiske nabodagen» som Frivilligsentralen tek initiativ til. Ein av konklusjonane frå studien om Møhlenpris er at det finst få fleirkulturelle møteplassar som inkluderer breie lag av innbyggjarane. Det er ein tendens til at minoritetsforeiningane i sentrum samlast kring Bergen Internasjonale Kultursenter i staden for å ha ei lokal forankring og felles lokale med dei tradisjonelle foreiningane. Den katolske kirke er ein viktig sosial arena for mange personar med innvandrarbakgrunn, og det kan verke som om den katolske kirke erstattar dei funksjonane som minoritetsforeiningane har mange andre stader. Samstundes er trussamfunna ein lite sentral sosial møteplass for majoritetsbefolkninga. Desse engasjerer seg i større grad i aktivitet innan idrett, kultur og frivillig arbeid i nærmiljøet, særlig innan barne- og ungdomsaktivitetar og nærmiljøarrangement.

Brei lokalsamfunnssatsing på Veitvet

Drabantbyen Veitvet vart bygd på 1950-talet og er eit område med mange innvandrarar og få tradisjonelle norske foreiningar. Medan dei tradisjonelle frivillige organisasjonane tapte terreng på midten av 1990-tallet, ser ein i dag konturane av eit alternativt aktivitets- og foreiningsliv som i stor grad er kulturelt basert.

Sosial integrasjon er ei utfordring på Veitvet og lokale styresmakter har difor etablert kontoret Stikk innom, mellom anna for å styrkje deltakinga i nærmiljøet. Gjennom Stikk innom kontoret blir det gitt hjelp og støtte til å etablere nye lag og foreiningar og til å skape samarbeid mellom foreiningslivet og andre aktørar i lokalmiljøet. Kontoret er eit av fleire tiltak i ei lokalsamfunnssatsing der mange aktørar er involvert og minoritetsorganisasjonane og ulike nettverk spelar ei sentral rolle. Eit anna tiltak i satsinga er kulturmønstringa Kulturbølgen der lokale lag og foreiningar har vist seg fram i lokalsamfunnet.

Rapporten Foreningsliv i et flerkulturelt lokalsamfunn– Ein studie om integrasjon og sosial kapital1 konkluderer med at eit multikulturelt foreiningsliv kan medverke til auka integrasjon. Rapporten byggjer mellom anna på intervju med innvandrarar som er velintegrerte både økonomisk, politisk og sosialt i det norske samfunnet, samstundes som dei er eldsjeler i innvandrarorienterte foreiningar. Det viser seg at nokre innvandrarorganisasjonar kan fungere som brubyggjarar til majoritetssamfunnet, medan andre blir lukka fellesskap der dei i svært liten grad kjem i kontakt med samfunnet elles.

1 Ødegård (2010)

Deltaking i frivillige organisasjonar kan ha stor innverknad på inkludering og integrering i lokalmiljøet. Gjennom frivillig deltaking opparbeider enkeltpersonar seg ressursar gjennom sosiale nettverk og sosiale omgangsformer. Deltaking opnar for felles opplevingar, vennskap, identitet og tilhøyrsle til eit lokalsamfunn. Deltaking i det frivillige organisasjonslivet kan vidare fungere som ein rekrutteringsarena og gi kompetanse for deltaking på andre samfunnsområde.

8.4 Samarbeid mellom det offentlege og frivillig sektor

Gjennom lange og sterke tradisjonar har styresmaktene og organisasjonane utvikla og styrkt dialogen om ulike samfunnsmål og interesser. Ei undersøking gjennomført av KS – Kommunesektorens interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon i 2010, viser at det er mykje samarbeid mellom kommunar og frivillige organisasjonar innanfor kultur- og fritidsområdet. 20 pst. av kommunane som svarte på undersøkinga, har utvikla ein lokal frivilligpolitikk, medan over halvparten av kommunane har konkrete samarbeidsavtalar eller partnarskapsavtalar med frivillige organisasjonar. Eit stort fleirtal av dei som svarte, meiner at det i framtida vil vere behov for tettare samarbeid med frivillig sektor.7

For å stimulere til betre samarbeid mellom kommunane og frivillig sektor har departementet mellom anna gitt støtte til prosjektet Fra pilot til skvadron – Byer i Midt-Norge. Prosjektet må sjåast i samanheng med tiltak i St.meld. nr. 39 (2006 – 2007) Frivillighet for alle.

Boks 8.8 Frå pilot til skvadron – Byar i Midt-Noreg

Byar i Midt-Noreg er eit politisk samarbeidsorgan mellom byane Namsos, Steinkjer, Verdal, Levanger, Stjørdal, Trondheim, Røros, Orkdal og Kristiansund. Målet med pilotprosjektet er:

  • Å bidra til at kvar av dei ni kommunane og byane i Midt-Noreg utarbeidar ein plan for frivilligpolitikk som er forankra i kommunalt planverk.

  • Å vere lokalt/regionalt prosjekt for utvikling av meir og betre frivilligheit, i eit fruktbart samarbeid mellom kommune og frivillig sektor.

  • Å saman arbeide for ein sterkare samhandling mellom kommune og frivillig sektor slik at frivilligheita får meir påreknelege vilkår.

Kvar kommune utviklar planar for lokal frivilligpolitikk. Ein reknar med at alle kommunane har hatt planane til politisk behandling i byrjinga av 2012. Kommunane har lokale prosjektgrupper med følgjande oppgåver:

  • Bidra med innspel til ei sterkare samhandling mellom kommunen og frivillig sektor, og bli ein sentral aktør i arbeidet med å utarbeide ein kommunal frivilligpolitikk.

  • Invitere til eit ope møte med alle frivillige organisasjonar for å få innspel i dei ulike fasane i arbeidet

I dei lokale prosjektgruppene er 85 pst. av representantane i dei ulike prosjektgruppene rekruttert frå frivillige lag og organisasjonar. Kommunanes kultureining og frivilligsentralar har det lokale prosjektleiaransvaret.

Som eit resultat av St.meld. nr. 39 (2006 – 2007) Frivillighet for alle, har Kulturdepartementet eit årleg kontaktmøte med KS – Kommunesektorens interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon og Frivillighet Norge. KS og Frivillighet Norge vedtok i januar 2011 ei plattform for samarbeid mellom frivillig og kommunal sektor for å styrkje relasjonen mellom offentleg og frivillig sektor. Partane tilrår at frivillige organisasjonar på lokalt nivå og dei enkelte kommunane og fylkeskommunane etablerer tilsvarande samarbeidsplattformar.

Boks 8.9 Utdrag frå samarbeidsplattforma mellom KS og Frivillighet Norge

Overordnede prinsipper

  1. Frivillighet øker samfunnets sosiale kapital ved at tillit, identitet og samhold skapes i møter mellom mennesker.

  2. Mangfoldet i frivillig sektor er en verdi i seg selv og en viktig årsak til høy deltakelse. Mangfoldigheten må ivaretas gjennom ulike typer virkemidler for ulike deler av frivilligheten.

  3. Offentlig og frivillig sektor har ulike, men komplementære roller i samfunnet. Samarbeidet mellom sektorene må bygge på et prinsipp om at frivillig sektor skal supplere og ikke erstatte offentlige tjenester.

Relasjonen mellom frivillig sektor og kommunen

  1. Frivillig aktivitet skjer først og fremst i et lokalsamfunn, i en kommune. En aktiv og levende frivillig sektor er av grunnleggende betydning for et aktivt og levende lokalsamfunn. Kommunene må tilrettelegge for frivillig sektor, og bør difor utvikle en egen lokal frivillighetspolitikk:

    1. Kommuner og frivillige organisasjoner på lokalt nivå kan inngå lokale samarbeidsplattformer hvor prinsippene for samarbeid nedfelles. En slik prinsipperklæring kan være etter mal av denne.

    2. En lokal frivillighetspolitikk bør inneholde virkemidler som tilrettelegger for frivilligheten. Eksempler på virkemidler kan være økonomisk støtte, infrastruktur/lokaler/møteplasser, kontakt- og informasjonsmuligheter innad i kommunen. Universell utforming må være kriterium for alle virkemidler.

    3. Det bør utarbeides partnerskap mellom kommuner, frivillige organisasjoner og frivillighets-/nærmiljøsentraler. Sentralene skal fungere som et koordinerende ledd mellom frivillige organisasjoner, og mellom det frivillige og offentlige. Partnerskap vil sikre dialog og samarbeid mellom partene.

    4. Kommuner bør ha en arena for kontinuerlig dialog med frivillig sektor. En slik arena kan være frivillighetsforum/frivillighetsråd, der alle frivillige organisasjoner i kommunen inviteres til å delta.

    5. Frivillig sektor bør involveres i planprosesser i de saker det er naturlig.

8.5 Betre rammevilkår for frivillig sektor og auka ressursar til lokal aktivitet

Den overordna målsetjinga med regjeringas frivilligpolitikk er å støtte aktivt opp under utviklinga av eit levande sivilsamfunn. Regjeringa legg vekt på ei styrking av rammevilkåra for frivillig sektor, som kjem heile frivillig sektor til gode. I tillegg til auka merksemd om inkludering og integrering omfattar regjeringas satsing auka fokus på ressursar til lokal aktivitet og lågterskeltilbod, og styrkja kunnskap og forsking.

Meirverdiavgiftskompensasjon til frivillige organisasjonar

Regjeringa har etablert ei tilskotsordning for kompensasjon av meirverdiavgift til frivillige organisasjonar. Ordninga gjeld frå 1. januar 2010 og skal trappast opp med ein milliard kroner fram til 2014. Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2012 at bevilgninga til denne ordninga aukar til 627,5 mill. kroner. Føremålet med ordninga er å kompensere for kostnader som frivillige organisasjonar har til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester basert på årsrekneskap eit år tilbake i tid. Ordninga kjem heile frivillig sektor til gode. Om lag 13 000 lag og foreiningar mottok kompensasjon frå ordninga i 2010. Fleirtalet av desse var lokallag.

Grasrotandelen

Stortinget vedtok i desember 2008 endringar i pengespellova § 10 som legg til rette for å gi ein del av innsatsen til eit lokalt føremål når ein spelar hos Norsk Tipping. Denne grasrotordninga kom i stand i 2009 og har bidrege til å auke ressursane til lokal aktivitet. I 2012 reknar ein med at lokale lag og foreiningar vil motta om lag 275 mill. kroner i støtte gjennom grasrotordninga.

Frifond

Frifond er ei ordning som bidreg til å styrkje rammevilkåra for barne- og ungdomsorganisasjonar, og er ein viktig del av regjeringa si satsing på lokal aktivitetsskaping blant barn og unge i frivillige organisasjonar og i frittståande grupper og foreiningar. I 2011 blir det fordelt til saman over 170 mill. kroner til lokal aktivitet gjennom dei tre paraplyorganisasjonane Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar, Norsk musikkråd og Norsk teaterråd. Tilskotsordninga har vorte styrka for å stimulere til auka innsats i arbeidet med integrering og inkludering. Departementet vil vurdere modellen for fordeling av midlar til paraplyorganisasjonane for å sikre ein mest mogleg hensiktsmessig ansvarsfordeling.

Forenkling i samhandlinga med det offentlege

Kulturdepartementet gjennomfører eit prosjekt for å forenkle barne- og ungdomsorganisasjonane si samhandling med det offentlege i samband med tilskotsordningar. Det er sett ned ei arbeidsgruppe og ei referansegruppe med representantar frå frivillig sektor. Departementet vil vidareføre arbeidet med forenkling. Ein vil mellom anna vurdere å sjå nærmare på om nokre av dei krava som det offentlege stiller til frivillige lag og organisasjonar, bidreg til å heve terskelen for deltaking for enkelte grupper.

Frivilligsentralane

Regjeringa har sidan 2005 gitt tilskot til oppretting av 118 nye frivilligsentralar. I 2011 har totalt 371 frivilligsentralar fått statstilskot, fordelt på 308 kommunar i alle fylka i landet. I 2012 er det foreslått ei samla løyving på nærmare 111 mill. kroner. Føremålet med løyvinga er å leggje til rette for auka deltaking, lokalt engasjement og å skape gode vilkår for frivillig innsats lokalt. Frivilligsentralane skal vere lokalt forankra møteplassar, som er opne og inkluderande for alle som har lyst til å delta i frivillig verksemd.

Styrkja kunnskap og forsking

Forsking bidreg til auka kunnskap om og forståing av sivilsamfunn og frivillig sektor, og er eit prioritert område i regjeringas frivilligpolitikk. Innanfor forskingsprogrammet Virtuelt senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor har det mellom anna vorte fokusert på deltaking i frivillig verksemd, endringsprosessar i frivillig sektor og påverknadsfaktorar i samband med finansieringsordningar og andre rammevilkår. Det er sett i gang prosjekt for å auke kunnskapen om sosiale mekanismar som hindrar deltaking, om korleis personleg økonomi påverkar deltaking og fråfall, om betydninga av rekrutteringsarenaer og om korleis organisasjonane kan bidra til å auke arbeids- og samfunnsdeltakinga.

8.6 Partnarskap og brubygging mellom profesjonelle og frivillige innan kultursektoren

Eit mangfaldig og levande frivillig kulturliv er ein av føresetnadene for framveksten av eit sterkt profesjonelt kulturliv og for oppslutnaden om ein profesjonell kultursektor. På fleire sjangerområde innanfor det frivillige kulturlivet finn ein kunstnarlege uttrykk av høg kvalitet. Slik har frivillig kulturliv både ein verdi i seg sjølv som kunstnarleg produksjonsarena, som opplevingsarena for den enkelte og som rekrutterings- og opplæringsarena for det profesjonelle kulturlivet. Samspelet mellom det frivillige og det profesjonelle kulturlivet er verdifullt. Når amatørteaterlag, orkester, korps og kor trekkje inn profesjonelle krefter, gir det både inspirasjon og læring.

Boks 8.10 Om frivillig organisering i kulturlivet

I eit innspel kjem Frivillighet Norge med denne kommentaren til verdien av frivillig organisering i kulturlivet:

Frivillighet Norge vil først understreke at det er et stort mangfold av organisasjoner som har ulike kulturelle formål; alt fra kulturminnevern og husflidsteknikker til musikkutøvelse, dans, teater, idrett, skrivekurs, lesegrupper og konsertarrangering. Organisasjonene fremmer kunst og kulturuttrykk, lærer opp barn, unge og voksne, gir rom for utfoldelse, skaper sosiale møteplasser, driver kulturhus, overleverer tradisjoner og bygger identitet. Organisasjonene gjør kultur tilgjengelig for befolkningen i Norge både som opplæringsinstitusjoner og gjennom et stort utbud av konserter, utstillinger, revyer og teateroppsetninger. Den frivillige organiseringen av kulturlivet bidrar også til å øke utbyttet de frivillige har av aktiviteten fordi de føler eierskap til den. De frivillige kulturorganisasjonene er også en arena der profesjonelle kulturinstitusjoner kommer i kontakt med mangfoldet i kulturlivet.
Frivillige organisasjoner har måter å jobbe på som ivaretar en rekke kvaliteter som verken det private eller det offentlige ivaretar på samme måte. Rapporten fra mangfoldsåret i 2008 inneholder mange eksempler som slår fast at frivillig sektor viser vei blant annet når det gjelder inkludering i kulturlivet, og at sektoren er en pådriver for økt samarbeid i kultursektoren. Dette illustrerer det unike bidraget frivillig sektor utgjør og understreker viktigheten av en frivillighetspolitikk som gir forutsigbare rammevilkår og rom for de frivillige organisasjonene sine måter å arbeide på.
Det finnes gode eksempler på samarbeid mellom frivillige og profesjonelle i kulturlivet, eksempelvis historiske spel, regional operavirksomhet, aktiv på dagtid og folkedansopplæring i skolen. Det er ønskelig med mer samarbeid på tvers av ulike deler av kulturlivet.

Som nemnt i pkt. 5.12.5, vil departementet stimulere til langsiktig og forpliktande samarbeid mellom kunst- og kulturinstitusjonar, kunstnarlege verksemder og mangfaldsaktørar om konkrete kunstproduksjonar og formidlingstiltak. Målet er å styrkje det kulturelle mangfaldet i og utanfor institusjonane.

8.6.1 Tiltak: støtte samarbeid mellom bibliotek og frivillig sektor

Folkebiblioteka står i ei særstilling som demokratisk møtestad i lokalsamfunnet, og har mange og gode moglegheiter til å drive inkluderingsarbeid, jf. St.meld. nr. 23 (2008 – 2009) Bibliotek. Leseløftet 2010 – 2014 og Leseåret 2010 er gode døme på korleis biblioteka kan nyttast målretta for å nå ut til grupper som er vanskelege å nå og bidra til å motverke utestenging frå både kultur-, samfunns- og arbeidsliv. Fleire frivillige organisasjonar og enkelte frivilligsentralar har delteke i dette arbeidet.

Regjeringa vil gi støtte til samarbeid mellom bibliotek og frivillige organisasjonar for vidare utvikling av kulturtilbod som kan virke inkluderande. Samarbeid og partnarskap mellom bibliotek og ulike aktørar i frivillig sektor kan vere ein velegna strategi for å byggje ned barrierar for deltaking og skape fellesarenaer og møtestader for eit fleirkulturelt tilbod. Frivilligsentralane kan bidra til å samordne frivillig aktivitet på lokalt plan og styrkje det tverrfaglige samarbeidet med frivillige, lag/foreiningar og det offentlege. Nasjonalbiblioteket vil fordele støtte til prosjekt i bibliotek, der det er eit samarbeid mellom bibliotek, frivillige organisasjonar og frivilligsentralar, gjennom deira ordning med utviklingsmidlar.

8.6.2 Tiltak: auka merksemd om samarbeid med frivillige organisasjonar og frivillig deltaking i knutepunktinstitusjonane

Festivalar og kulturarrangement kan fungere som møtestadar og fellesskapsarenaer som er med på å fremme inkludering og integrering. Frivillige bidreg til at lokale festivalar og kulturarrangement lukkast gjennom å gjere ei rekkje ulike oppgåver, både i planlegginga, gjennomføringa og i oppryddings- og etterarbeidet. I tillegg kan frivillige vere gode ambassadørar for eit arrangement og trekke publikum frå eigen vennekrets og nettverk. Gjennom å gjere det attraktivt å vere med som frivillig og rekruttere frivillige strategisk, kan ein gjennom ein festival eller eit anna kulturarrangement indirekte nå nye publikumsgrupper. Departementet vil auke merksemda om samarbeid med frivillige organisasjonar og frivillig deltaking i dialog med knutepunktinstitusjonane.

8.7 Auka deltaking og representasjon frå underrepresenterte grupper i frivillig kultursektor

Det er eit problem dersom delar av befolkninga står utanfor frivillige organisasjonar der tillit og nettverk kan byggjast. Deltaking i frivillig sektor har samanheng med utdanningsnivå og inntekt. Generelt for frivillig sektor er det ein tendens til at unge menn med låg utdanning, som er arbeidsledige, og/eller på trygd, fell utanfor. Dersom ein ser på heile den frivillige sektoren viser resultat frå den landsomfattande spørjeundersøkinga at 40 pst. av dei som har gjennomført vidaregåande skule eller universitetsutdanning deltok i frivillig arbeid i 2009, medan talet for unge menn som ikkje har fullført vidaregåande skule var på 12 pst.8

Boks 8.11 Inkluderande organisasjonar

I Frivillighet Norges handlingsplan for 2011 – 2012 heiter det under overskrifta «Inkluderende og trygge organisasjoner» mellom anna:

  • Frivilligheten skal være en trygg plass for alle og den skal være inkluderende av natur. Frivillighet Norge skal arbeide for at organisasjonene selv er bevisst sitt ansvar for å inkludere, og for at samfunnet for øvrig kjenner frivilligheten som et trygt sted der alle kan delta.

  • Frivillighet Norge skal arbeide for at frivillighetens medlemmer, frivillige og sympatisører i størst mulig grad skal reflektere sammensetningen i befolkningen hva angår etnisitet, kjønn, alder, utdanning og inntektsnivå.

Når det gjeld medlemskap og verv i frivillige organisasjonar er det ein klar samanheng med landbakgrunn eller innvandrarbakgrunn.9 Etniske minoritetar er generelt underrepresenterte på alle nivå i organisasjonshierarkiet. I kunst- og kulturforeiningar utgjer til dømes etniske minoritetar berre 1 pst. av styremedlemmene, mot 11,4 pst. av befolkninga.10 Erfaringar frå arbeidet med styrande mangfald i kultursektoren viser at det er nødvendig å kople saman personar og styre, og leggje til rette for utveksling av erfaringar, råd og rettleiing mellom dei. Ved å bli betre kjent med ressursane som finst i ulike miljø, vil målretta tiltak kunne bidra til at folk med ein fleirkulturell bakgrunn i større grad blir rekruttert og selektert til å inneha posisjonar på leiarnivå og verv i styrande organ.

Regjeringa vil gjennom satsinga på betre rammevilkår støtte opp under det arbeidet som organisasjonane gjer for å fremme auka deltaking og sikre brei representasjon. I tillegg vil regjeringa støtte opp under særskilte satsingar på enkelte område.

8.7.1 Tiltak: pilotprosjekt for mangfald i styre og leiande posisjonar

Regjering vil i samarbeid med frivillig sektor utvikle eit pilotprosjekt der målet er å finne fram til egna tiltak for å auke talet på personar med etnisk minoritetsbakgrunn i styre og leiande posisjonar i frivillige kunst- og kulturorganisasjonar. Arbeidet sjås i samanheng med satsinga på styrande mangfald i kultursektoren.

Boks 8.12 Døme på inkluderingsarbeid i musikkorganisasjonar

Norges Musikkorps Forbund har gjennomført fleire prosjekt der barn med etnisk minoritetsbakgrunn har fått opplæring på instrument og vorte med i korps. Norges Musikkorps Forbund har erfart at musikkorps er eit godt verktøy for inkludering. Gjennom musikk knyter ein band på tvers av kulturar, musikk verkar førebyggjande mot konflikt og aukar respekten for kvarandre. For at ein skal lukkast har dei erfart at det må arbeidast målretta, og gjerne i samarbeid med den lokale skulen og kulturskulen. Mykje av suksessen heng også saman med at ein har vore flink til å informera og halde kontakt med foreldra, hevdar NMF.

De unges orkesterforbund (UNOF) har erfart at strykeorkester kan vere ein viktig inkluderingsarena. På Bjørndal skole, som ligg i bydelen Søndre Nordstrand i Oslo, øver eit av dei mest internasjonale orkestra. Bjørndal Stryk er eit aspirantorkester der barn lærer å spele eit strykeinstrument gjennom samspelundervisning. Øvingane er i SFO-tida, og elevane betaler 110 kroner for ein speletime, som er under halv pris av kostnaden elles. Barn med kulturbakgrunn frå Palestina, Ghana, Eritrea, Vietnam, USA, Kroatia, Iran, Irak, Korea, Noreg, Chile, Sri Lanka, Pakistan, England, India og Kosovo har delteke. Globalt repertoar, låg kostnad og lite krav om foreldredugnad gjer orkesteret til eit attraktivt tilbod. Fokus på hyggelege konsertar, gjerne i samarbeid med andre, har vore viktig for å skape ein møtestad for foreldra og styrkje miljøet, hevdar ein rapport frå UNOF.

8.7.2 Tiltak: auka merksemd om inkluderande praksisar i kunst- og kulturorganisasjonane

Regjeringa vil bidra til auka merksemd om kva som fungerer og korleis ein kan byggje vidare på dei gode erfaringane i deler av frivillig kultursektor, til dømes i musikkorganisasjonane.

8.8 Kontakt og samarbeid mellom ulike typar organisasjonar

Det er ei utfordring at det i dag er eit relativt delt organisasjonssamfunn der minoritetane og majoritetane deltek i ulike typar frivillige organisasjonar.11 Innvandrarar deltek i mindre grad på kultur- og fritidsfeltet, som er den delen av frivillig sektor der majoritetsbefolkninga er mest aktiv. På den andre sida er innvandrar mellom anna aktive trudoms- og livssynsamfunn, og etniske og fleirkulturelle organisasjonar.

I denne samanhengen er det også viktig å leggje til rette for at menneske kan møtast på tvers av mellom anna sosial og økonomisk bakgrunn, etniske gruppeidentitetar og alder. Dette for å styrkje fellesskap og auke innsikt, forståing og gjensidig tillit. Frivillig sektor kan spele ei nøkkelrolle i å danne møteplassar og arenaer for samhandling.

8.8.1 Tiltak: støtte opp under initiativ som bidreg til kontakt, samarbeid og erfaringsutveksling

I handlingsplanen for 2011 – 2012 heiter det at Frivillighet Norge «skal arbeide for at minoritetsorganisasjoner skal ha en synlig plass i organisasjonsfellesskapet i Norge og for økt samarbeid mellom tradisjonelle norske organisasjoner og minoritetsorganisasjoner». Dette arbeidet blir mellom anna gjennomført i form av ei hospiteringsordning og eit årleg arrangement for å stimulere til kontakt, samarbeid og erfaringsutveksling mellom minoritetsorganisasjonar og tradisjonelle norske organisasjonar. Departementet vil i dialog med frivillig sektor støtte opp under denne type initiativ som bidreg til å fremje kontakt, samarbeid og erfaringsutveksling mellom dei tradisjonelle kunst- og kulturorganisasjonane og ulike typar etniske og fleirkulturelle organisasjonar.

Boks 8.13 Møteplass 2011

Tema for det årlege Møteplass-arrangementet i regi av Frivillighet Norge var i 2011 Samarbeid – Brubygging – Endring. Nokre av spørsmåla som vart tekne opp handla om ansvaret dei frivillige organisasjonane har for å byggje ein mangfaldig frivilligheit og korleis organisasjonane gjennom samarbeid og brubygging kan skape endringar. Det vart også lagt til rette for at deltakarane skulle knytte nye kontaktar med aktørar innanfor eit vidt spekter av frivillige organisasjonar. I samband med konferansen vart det også opna ei utstilling Portrett i endring – ei reise i bilete og tekst som viser at minoritetsorganisasjonar er ein del av organisasjonslivet.

8.8.2 Tiltak: vidareutvikle frivilligsentralane som møteplass og samhandlingsarena

Regjeringa vil bidra til at frivilligsentralane blir vidareutvikla som viktige samhandlingsarenaer for frivilligheit lokalt, og at sentralane skal vere støttespelarar for å skape gode, levande lokalmiljø. Departementet vil støtte opp under arbeidet til frivilligsentralar i område med høg grad av innvandrarar. Gjennom sitt arbeid bidreg frivilligsentralane mellom anna til å skape lokale møteplassar som stimulerer til frivillig innsats, deltaking og engasjement i nærmiljøet. Aktivitetane skal leggast opp i tråd med lokale føresetnader med vekt på tverrfagleg samarbeid med frivillige, lag/foreiningar og det offentlege.

Fotnotar

1.

Wollebæk og Sivesind (2010)

2.

Sivesind (2010)

3.

Wollebæk og Sivesind (2011)

4.

Agenda Utredning og Utvikling (2009)

5.

www.deltakelse.no

6.

Ødegård (2010), Loga (2011)

7.

KS (2010)

8.

Wollebæk og Sivesind (2010)

9.

Wollebæk og Sivesind (2010), Enjolras og Wollebæk (2010)

10.

Wollebæk og Sivesind (2011)

11.

Wollebæk og Sivesind (2010)
Til forsida