Meld. St. 10 (2011–2012)

Kultur, inkludering og deltaking

Til innhaldsliste

9 Kultur i samspel med andre politikkområde

9.1 Innleiing

Kulturtilbod og deltaking i kulturlivet medverkar til å nå mål på andre politikkområde, til dømes innan helse og omsorg, oppvekstvilkår og inkludering, opplæring og utdanning, trivsel på arbeidsplassen, kriminalomsorg, regional utvikling og innovasjon. For å få til eit godt samspel med andre samfunnsområde, må det førast ein kulturpolitikk som sikrar kvalitet og tilgong til eit breitt mangfald av kulturuttrykk. Politikken til regjeringa skal leggje til rette for at eit slikt samspel kan finne stad.

Kulturdepartementet samarbeider med fleire andre departement om ordningar og tiltak, mellom anna med Kunnskapsdepartementet om ordninga Den kulturelle skulesekken og med Helse- og omsorgsdepartementet om ordninga Den kulturelle spaserstokken. Vidare er det samarbeid med Justisdepartementet om kulturaktivitetar i kriminalomsorga og bibliotektenester i fengsel. Departementet har også andre tiltak og ordningar som har som mål å fremje andre samfunnsmål enn dei reint kulturpolitiske, som til dømes Kultur i inkluderande arbeidsliv. Dette kapitlet syner med ulike døme korleis kultur kan vere viktig på ulike samfunnsområde, og illustrerer korleis andre departement nyttar kunst og kultur aktivt for å søkje å nå mål på sine område. Gjennomgangen er basert på innspel frå relevante departement.

9.2 Kultur og helse

På helse- og omsorgsfeltet blir det lagt vekt på at kunst- og kulturopplevingar og deltaking i kulturlivet kan vere med på å gi fleire betre helse og eit betre liv. Koplingane mellom kultur og helse er synleggjorde på ulikt vis dei siste tiåra. Gjennom det internasjonale kulturtiåret frå 1987 til 1997 var UNESCO ein bidragsytar til å setje kultur- og helsearbeid på saklista. Eit viktig grunnlag for satsing på kultur og helse i Noreg var undersøkingar som viste at auka velstand ikkje såg ut til å jamne ut dei sosiale helseforskjellane, og at bruken av kulturtilboda var sosialt skeivt fordelt. Samstundes vart deltaking i meiningsfylte kulturaktivitetar framheva som viktig for å auke livskvaliteten og evna til å meistre eigen livssituasjon.1 Kulturrådet stod sentralt i dette arbeidet i 1990-åra, og i perioden frå 1997 til 1999 vart det gitt støtte til utviklingsarbeid i ei rekkje kommunar og fylkeskommunar. Dette førte til at kulturelle aktivitetar i aukande grad vart nytta som verkemiddel i behandling og rehabilitering og i førebyggjande og helsefremjande arbeid på ulike nivå.

Forsking tyder på at kunst og kultur kan stimulere dei oppbyggjande kreftene i kroppen og hjelpe menneske til å hente fram ibuande ressursar i vanskelege livssituasjonar. I gitte samanhengar kan kulturtilbod og kulturaktivitetar bidra til å minske risiko for sjukdom og på ulike måtar inngå i rehabilitering og behandling av sjuke. Ei nyare tilnærming for å vurdere kva rolle kulturlivet spelar i samfunnet, kjem frå forsking som mellom anna blir omtala som lukkeforsking, der ein kartlegg kva som kan seiast å konstituere livskvalitet. Dei nordiske landa skårar høgt på ulike livskvalitetsindeksar, og nokre forskarar peikar på at ei medverkande årsak kan vere at dei nordiske landa har ein aktiv kulturpolitikk og ein stor frivillig sektor.2

Nord-Trøndelag fylkeskommune har gjennom regionale kultur- og helseprosjekt arbeidd systematisk over mange år for å styrkje kulturdeltakinga blant grupper som i mindre grad deltek i kulturlivet. Dei har i tillegg hatt som mål å utvikle kunnskap basert på erfaring og forsking på feltet. Gjennom samarbeid med kommunar i fylket, HUNT forskingssenter, NTNU og andre FoU-aktørar har ein utvikla metodar, teori og ny kunnskap. Førebels resultat frå HUNT 3 viser samanhengar mellom kulturdeltaking og helse på befolkningsnivå. Utviklingsarbeidet i dei regionale kultur- og helseprosjekta har også vist at ein kan betre folk sin kvardag med å tilby meiningsfulle kulturaktivitetar.

Boks 9.1 Døme frå Bergen kommune: Kunst, kultur og psykisk helse

Bergen kommune starta arbeidet med Kunst, kultur og psykisk helse i 2001, for å utvikle tilbod med tilrettelagte aktivitetar innanfor ulike kunstartar for personar med psykiske helseplager. Arbeidet har vorte forankra i kommunens ordinære verksemd, både i kommuneplanen frå 2010 og kulturplanen for Bergen for 2003 – 2013. Målet er å tilby og leggje til rette for kunst og kulturopplevingar og deltaking for alle. Mellom anna blir det lagt vekt på at dei som ikkje før har prøvd skapande aktivitet, skal få høve til å arbeide med ulike kunstuttrykk med fagleg tilrettelegging og rettleiing av ein profesjonell kunstnar/utøvar. Det har difor vore viktig å rekruttere profesjonelle utøvarar med ulik fagleg bakgrunn til å involvere seg i arbeidet med målgruppa. Tilbakemeldingar tyder på at samarbeidet også er viktig for dei profesjonelle utøvarane som gjennom arbeidsoppdrag knytte til prosjektet har fått ei ekstra utkome på sitt felt. Deltakarundersøkinga i 2008 viste at fokusering på det kunst- og kulturfaglege var viktig for brukarane. Deltakarane opplevde større verdigheit når pasientidentiteten kom meir i bakgrunnen. Det gjaldt både måten dei tenkte om seg sjølve på, og korleis dei opplevde samfunnet sitt blikk, altså korleis dei vart møtt av framande. Hovudtilbodet til vaksne i målgruppa er tidsskriftet Kraftverk, som kjem ut fire gonger i året, og biletkatalogen, som kjem annakvart år. Dessutan blir det årleg arrangert om lag tjue Tankerom, eit eige tiltak som blir gjennomført i samarbeid med NAV, og som tilbyr workshops med profesjonelle musikarar med etterfølgjande konsert på ein offentleg arena. I tillegg er det eit breitt spekter av sjangerbestemte kurs, konsertar, framsyningar og kulturarrangement i samarbeid med dagsentra.

Tilbakemeldingane i brukarundersøkinga i 2008 viste at Tankerom-modellen trefte både dei som er nysgjerrige på nye uttrykk, og dei som var særskilt interesserte i visse kunstartar eller musikalske uttrykk. At det er små grupper på 4 – 8 personar, vart trekt fram som positivt. Deltakarane meinte at dei fekk utvikla evnene sine og oppøvd nye ferdigheiter i det kreative uttrykket dei hadde valt. Eit viktig element er at ein får høve til å synleggjere det som blir skapt, gjennom miniutstillingar, innslag på konferansar og arrangement, konsertar, innspelingar og presentasjon av arbeid i biletkatalogen Kraftverk. I tillegg til desse aktivitetane har Bergen kommune også andre kulturtiltak for same målgruppe, som til dømes Amalie Skrams hus, som er eit aktivitetshus for menneske med psykiske helseplager, og Galleri VOX, som er ein arbeidsplass med kunstfagleg profil for menneske med psykiske helseplager. Galleri VOX er støtta av NAV, og Bergen kommune og Fretex er tiltaksarrangør.

Figur 9.1 Kurs i digitalt trykk under prosjektet Tankerom i regi av Kunst, kultur og psykisk helse. Deltakarane er Gunhild Hofstad og Elisabeth Paus.

Figur 9.1 Kurs i digitalt trykk under prosjektet Tankerom i regi av Kunst, kultur og psykisk helse. Deltakarane er Gunhild Hofstad og Elisabeth Paus.

Kjelde: Foto: Jan Petterson

9.2.1 Kultur og folkehelse

Folkehelsa er blant dei viktigaste ressursane i eit samfunn. Samfunnsutviklinga har stor innverknad på helsa til kvar og ein av oss, og på korleis helse blir fordelt i befolkninga. God helse er viktig for livsutfaldinga. Ei rettferdig fordeling av velferdsgode er grunnleggjande for god helse i heile befolkninga. Det er eit samfunnsansvar å bidra til dette.

Eit overordna mål for folkehelsepolitikken, jf. mellom anna St.meld. nr. 20 (2006 – 2007) Nasjonal strategi for å utjevne sosiale helseforskjeller, er fleire leveår med god helse i befolkninga og reduserte helseforskjellar mellom kjønna, mellom dei sosiale gruppene og mellom etniske grupper. Folkehelsearbeid handlar difor om å skape gode oppvekstvilkår for barn og unge, å førebyggje sjukdom og skadar, og å utvikle eit samfunn som legg til rette for sunne levevanar og som vernar mot helsetrugsmål. Dette krev systematisk og langsiktig innsats i alle samfunnssektorar.

Helse- og omsorgsdepartementet si St.meld. nr. 47 (2008 – 2009) Samhandlingsreformen. Rett behandling – på rett sted – til rett tid legg vekt på førebygging og tidleg innsats. Stortinget la vekt på førebygging i si behandling av meldinga, jf. Innst. 212 S (2009 – 2010). Samhandlingsreforma er både ei retningsreform og eit langsiktig utviklingsprogram for å sikre kvalitet i tenestene og eit berekraftig samfunn.

Regjeringa varsla i Nasjonal helse- og omsorgsplan 2011 – 2015 utvikling av ein tverrdepartemental folkehelsestrategi. Eit siktemål er å styrkje koordineringa mellom sektorar og gjere det mogleg å sjå ulike område i samanheng. Folkehelsestrategien skal leggjast fram i 2012. Regjeringa vil styrkje arbeidet med å fremje god helse i befolkninga, førebyggje sjukdom og jamne ut sosiale helseforskjellar. Det skal takast omsyn til sosiale helseforskjellar i planar-, og politikk- og lovutvikling der det er relevant.

Folkehelselova skal medverke til ei samfunnsutvikling som styrkjer folkehelsa og jamnar ut sosiale forskjellar i helse og levekår.3 Lova er basert på fem grunnleggjande prinsipp: «helse i alt vi gjer», føre-var-prinsippet, prinsippet om berekraftig utvikling, prinsippet om utjamning og prinsippet om medverknad.

Folkehelselova pålegg kommunar og fylkeskommunar eit større og meir heilskapleg ansvar for å fremje folkehelse med dei verkemidla dei rår over, til dømes kultur. Kunst og kultur kan vere verdifulle reiskapar for å byggje sterke samfunn, og fleire kommunar har teke i bruk kultur som verkemiddel i folkehelsearbeidet. I forarbeida til lova omtalast forholdet til frivillige organisasjonar i folkehelsearbeidet. Det blir vist til at frivillige organisasjonar spelar ei viktig rolle – både fordi det har eigenverdi for folk å engasjere seg i frivillig arbeid, og fordi organisasjonane produserer viktige tilbod og tenester for omverda. I eit folkehelseperspektiv er det viktig at alle, uavhengig av alder, sosioøkonomisk status eller etnisk bakgrunn, får tilgang til det godet som deltaking i frivillige lag og organisasjonar er. Etter folkehelselova § 4 tredje ledd skal kommunen leggje til rette for samarbeid med frivillig sektor. Stortinget seier i si behandling at kvar kommune ut frå lokale behov må ta stilling til omfanget av samarbeidet og korleis det skal leggjast til rette.4

Boks 9.2 Døme på tiltak retta mot eldre som målgruppe:

Livsglede for eldre er ei frivillig og landsomfattande stifting som vart oppretta i 2006. Stiftinga har som mål å medverke til at alle eldre skal få ein betre kvardag, at helsepersonell, studentar og elevar får auka kompetanse og at eldre blir sett som ein ressurs i samfunnet. Livsglede for eldre har over 27 lokalforeiningar som arrangerer lokale aktivitetar, og det er etablert fire sjukeheimar der livsglede er ei hovudprioritering både for tilsette og dei eldre.

Bevegelse fra hjertet er eit prosjekt i regi av Kirkens Bymisjon som tek utgangspunkt i metoden rørslerettleiing. Denne metoden har opphav i danseterapi, blir nytta for å skape kontakt, tiltakslyst og eit betre liv for menneske med demens. Prosjektet spreier metoden mellom anna med kursverksemd gjennom undervisningssjukeheimane. Å henge som en dråpe – Kreativ skriving for eldre er eit prosjekt der eldre menneske på dagsenter eller eldresenter møtest for å skrive kreative tekster. Målet er at deltakarane skal lære noko nytt og oppleve utfordring og meistring. Gjennom prosjektet er det gjort intervju med deltakarar som viser at det å delta i skrivegruppa påverkar kvardagen og gir innhald og meining i livet.

9.2.2 Kultur og omsorg

Helse- og omsorgsdepartementet si St.meld. nr. 25 (2005 – 2006) Mestring, muligheter og mening – framtidas omsorgsutfordringer skildrar dei langsiktige utfordringane for omsorgstenesta. Ei rekkje undersøkingar tyder på at det er på det sosiale og kulturelle området at dagens kommunale omsorgsteneste først og fremst kjem til kort. Regjeringa sine tiltak for å styrkje omsorgstenesta blir oppsummerte i Omsorgsplan 2015, der ein av hovudstrategiane er å sikre ei meir aktiv omsorgsteneste og større tverrfagleg breidd i omsorgssektoren.

Helse- og omsorgsdepartementet legg til grunn at kunst og kultur er viktige kjelder til opplevingar, og gir språk og uttrykksformer til å formidle inntrykk, tankar og opplevingar ein elles vanskeleg finn ord for. Kulturelle uttrykk har difor ein eigenverdi knytt til sjølve livet. Men kultur kan også gi god helse og ha både førebyggjande og lindrande verknad. Musikk, dans og drama brukt i terapeutisk samanheng har vist god dokumentert effekt. Mellom anna har undersøkingar av tenestemottakarane sitt velvære vist at musikk i sjukeheimane dempar uro og angst og motverkar depresjon. Musikk har ingen negative verknader og gjer pasientane tilfredse. Kulturtiltak bør difor ha ein plass i den kommunale omsorgstenesta. Kultur og helse kan spele saman i tett tverrfagleg samarbeid, som stimulerer kropp og sjel og aktiviserer både kjensler og intellekt.

Boks 9.3 Omsorgsbustader som kulturelle møtestader

Norsk Form harsom del av Bylab-prosjektet etablert eit tverrsektorielt nettverk med små og store kommunar frå heile landetsomønskjer å bryte med tradisjonell praksis og utvikle omsorgsbustader som kulturelle møtestader. Sentral plassering av omsorgsenteret og fysisk utforming med tanke på kunst- og kulturformidling inneber at også dei som bur i nærmiljøet, kan få et nytt kulturtilbod. Erfaring med sambruk mellom eksempelvis kulturhus, barnehage eller skule, viser at kulturtilbod blir gjort tilgjengelege for dei eldre, og dessutan at arenaer for kulturelle og sosiale tilbod på omsorgsenteret kan brukast av barn og unge. Døma under viser noko av mangfaldet og kreativiteten i dette arbeidet:

  • På Ammerud kultur- og omsorgssenter i Groruddalen i Oslo blir det under slagordet «Rom for alle» arrangert konsert, teater, dans, kino og foredrag om ulike tema. Aktivitetane blir utvikla i samarbeid med frivillige organisasjonar og det profesjonelle kulturlivet. Målgruppa er både dei som bur på senteret, og folk i bydelen. Tiltaket er med og gjer Ammerudhjemmet til ein kulturell møtestad for personar i ulike aldersgrupper og ulike livssituasjonar.

  • Nedre Eiker kommune i Buskerud har bygd Bråta bo- og helsesenter godt integrert i eit vanleg buområde. I tillegg til å vere eit omsorgstilbod for bebuarar, fungerer senteret som møtestad og lokalt kulturhus. Bråta har badebasseng, frisør, hudpleie, bibliotek og kafé som blir brukt av dei som bur i nærmiljøet. Dei fysiske omgivnadene legg til rette for formidling av kunst og kultur, og det blir arrangert ulike aktivitetar med profesjonelle kunstnarar. Elevar frå ungdomsskulen i nærmiljøet hjelper til med organiseringa slik at alle bebuarane, uansett funksjonsnivå, har høve til å delta og oppleve kultur.

  • Tysvær kultur- og omsorgssenter ligg midt i sentrum og fungerer som samlingsstad for alle i kommunen. Kulturdelen har kino, lokale til formidling av ulike kulturaktivitetar og idrettshall. Plassering, sambruk og fysisk utforming legg grunnlag for kontakt og samvære mellom ulike generasjonar.

  • I Haram kommune er kulturhuset og omsorgsenteret integrerte i eit kjøpesenter midt i sentrum. Også her er huset utforma slik at sambruk mellom aktivitetar og aldersgrupper fungerer godt. Kultursenteret har store og små lokale for kunst- og kulturformidling og blir brukt både av lokale kunstnarar og til større arrangement med profesjonelle kunstnarar.

Helse- og omsorgsdepartementet ønskjer å fokusere på tilrettelagde aktivitetar for personar med behov for omsorgstenester. Val og tilrettelegging av arena for aktivitetar er viktig. Lokale, tidspunkt og organisering av transport for dei som treng det, kan vere avgjerande for kor mange som kan nytte eit tilbod. Det er like viktig å tilby aktivitetar i nærmiljøet som å gjere aktivitetar tilgjengeleg på etablerte kulturinstitusjonar. Ved å integrere kulturtilbod i helse- og velferdstenester aukar ein tilgangen til gode opplevingar for dei med behov for ekstra tilrettelegging.

Som del av Omsorgsplan 2015 er det etablert utviklingssenter for sjukeheimar og for heimetenester i alle fylke med eit særleg ansvar for fag- og kompetanseutvikling. Fleire av utviklingssentra arbeider med kompetanseutvikling for aktivt og kulturelt omsorgsarbeid. Det er vidare eit mål i Omsorgsplan 2015 å sikre større fagleg breidd i omsorgstenesta. Dette vil gi tenestene ein meir aktiv profil med større vekt på kultur, aktivitetar og trivsel som sentrale element i eit heilskapleg omsorgstilbod. For å bidra til auka kunnskap og kompetanse innanfor aktivt omsorgsarbeid blir det utvikla læremateriell for tilsette i omsorgstenestene.

I rundskriv I-5/2007 om aktiv omsorg strekar regjeringa under at kommunane har plikt til å bidra til at menneske som er heilt avhengige av praktisk eller personleg hjelp, får høve til å leve og bu sjølvstendig og til å ha eit aktivt og meiningsfylt tilvære i fellesskap med andre. I denne samanhengen legg regjeringa vekt på kultur som eit sentralt og grunnleggjande element i eit heilskapleg omsorgstilbod. Ei rekkje undersøkingar tyder likevel på at det er på det sosiale og kulturelle området at dagens omsorgstenester kjem til kort.

Helse- og omsorgsdepartementet har i samarbeid med Kulturdepartementet ansvaret for tilskotsordninga Den kulturelle spaserstokken, jf. nærare omtale i pkt. 7.7. Ordninga skal mellom anna stimulere til tverrfagleg samarbeid mellom kultursektoren og helse- og omsorgstenesta i kommunane og syte for profesjonell kunst- og kunstformidling av høg kvalitet til brukarane av omsorgstenesta. Samla løyvingar til Den kulturelle spaserstokken i 2011 er på til saman 28,9 mill. kroner.

9.2.3 Arkitektur og utforming av det fysiske miljøet

Dei siste åra har det i Noreg vorte større merksemd kring effektane av arkitektur og utforming av det fysiske miljøet ved bygging av nye sjukehus og helseinstitusjonar. Etter kvart har det utvikla seg ei felles forståing for at omgjevnadene spelar ei viktig rolle for trivsel og velvære, i første rekkje for pasientane, men også for pårørande og tilsette. Eit godt døme er det nye Rikshospitalet i Oslo, som stod ferdig i 1999, der det er lagt vekt på kunstnarleg utsmykking for å stimulere sinnet. Kunstsamlinga har ein heilskapleg plan og rommar eit breitt spekter av kunstnarlege uttrykk. Ved Akershus universitetssjukehus på Lørenskog og St. Olavs Hospital i Trondheim er det lagt vekt på miljøskapande utsmykking i bygningane. Ein viktig del av samfunnsplanlegginga framover vil handle om å gjere bustader og omgjevnader gode å bli gamle i. Framtidas bustadtilhøve og nærmiljø er eit sentralt tema i NOU 2011: 11 Innovasjon i omsorg.

9.3 Kultur i utdanning og opplæring

Gjennom statleg kultur- og skulepolitikk dei siste tiåra er det på ulike måtar vektlagt at barn og unge skal få tilgang til profesjonell kunst og kultur. Eit viktig grunnlag vart lagt gjennom St.meld. nr. 61 (1991 – 1992) Kultur i tiden, der det vart understreka at barn og unge må få oppleve profesjonell kunst og kultur og få ta i bruk eigne kulturelle ressursar. I handlingsplanen Broen og den blå hesten vart det lagt vekt på auka samarbeid mellom skuleverket og kunst- og kultursektoren.5

I Læreplanverket for den 10-årige grunnskulen (L97), vart det understreka at skulen skal vere ein stad der barn og unge møter profesjonell kunst og kultur av høg kvalitet, og der dei blir inspirerte til eigenaktivitet. Kunnskapsløftet, som erstatta L97 i 2006, peikar òg på skulen som arena for kunst og kultur. Her blir det lagt vekt på at elevane skal møte kunst og kulturformer som uttrykkjer både individualitet og fellesskap, og som stimulerer til kreativitet og nyskaping.

Den kulturelle skulesekken vart etablert i 2001. I løpet av dei siste tjue åra har fleire kommunar og fylkeskommunar arbeidd med å etablere ei heilskapleg kunst- og kulturformidling til elevar i grunnskulen. Samstundes har dei aller fleste kulturinstitusjonane med statleg støtte, satsa systematisk på kunst- og kulturformidling til denne målgruppa. Den kulturelle skulesekken er dei siste åra utvida til den vidaregåande skulen. Fleire fylke, kommunar og kulturaktørar arbeider også målretta med formidling til barnehagar. Eitt døme er Den kulturelle beremeisen i Bergen.

9.3.1 Kultur i barnehagen

Rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver frå 2006 omtalar barnehagen si rolle som kulturarena. Rammeplanen byggjer på et breitt kulturomgrep som omfattar kunst og estetikk, felles åtferdsmønster, kunnskapar, verdiar, haldningar, erfaringar og uttrykksmåtar.

I rammeplanen er kunst, kultur og kreativitet eitt av sju fagområde som barnehagane skal arbeide med. Fagområdet omfattar uttrykksformer som biletkunst og kunsthandverk, musikk, dans, drama, språk, litteratur, film, arkitektur og design. I august 2010 trådde ei ny målsetjing for barnehagane i kraft, som seier at barn i barnehagen skal få utfalde skaparglede, undring og utforskartrong. Vekslinga mellom formidling og eigenaktivitet skal prege opplæringa.

Barnehageprisen vart oppretta i 2008 og er eit tiltak i Kunnskapsdepartementets strategi for kunst og kultur i opplæringa, Skapande læring 2007 – 2010. Prisen skal inspirere barnehagar som ønskjer å arbeide medvite med bruk av kunst og kultur. Då prisen vart delt ut for første gong i 2009, fekk fem barnehagar utmerkinga. Også i 2010 vart prisen delt ut til fem barnehagar. Men etter tildelingane i 2009 og 2010 etterlyser Kunnskapsdepartementet inkluderingsperspektivet i prosjekta.

Støtte til kultur kan bidra til å styrkje barnehagane både som kulturarena og som dannings- og læringsarena. Barnehagen er ein møtestad for barn og småbarnsforeldre med ulik kulturell, språkleg, etnisk, religiøs og sosial bakgrunn. Barnehagen er difor ein sentral arena for å formidle, skape og fornye kultur og for å utvikle kulturell identitet.

Undersøkingar viser at færre barnehagar arbeider systematisk med fagområdet kunst, kultur og kreativitet no enn før.6 Likevel er dette eit fagområde som barnehagane arbeider jamt med, og som pregar tradisjonen og særpreget deira som pedagogisk verksemd. I førskulelærarutdanninga er både drama, forming og musikk obligatoriske fag med til saman mellom 30 og 45 studiepoeng. Kunstfaga kan også veljast som fordjuping ved ei rekkje høgskular. Mange universitet og høgskular tilbyr førskulelærarutdanningar med vekt på estetiske fag.

Figur 9.2 Prosjektet til Norsk Bibliotekforening om familielæring i bibliotek. Hilde Ditmansen fortel eventyr til barna.

Figur 9.2 Prosjektet til Norsk Bibliotekforening om familielæring i bibliotek. Hilde Ditmansen fortel eventyr til barna.

Kjelde: Foto: Ingrid Stephensen

Mange bibliotek og museum har tilbod som blir nytta av barnehagane. Forteljarstund og teaterframsyningar er vanlege tilbod. Det finst ingen samla statistikk over kor mange barnehagar som nyttar desse tilboda.

Nokre fylke har eit meir eller mindre fast kulturtilbod til barnehagane. Musikktilbodet frå Rikskonsertane er det mest stabile tilbodet, men eit par fylke har i tillegg andre tilbod. I Oppland er tilbod til barnehagane samkøyrde med tilbodet i Den kulturelle skulesekken og inngår også i avtalen mellom fylkeskommunen og kommunane. I Møre og Romsdal er ni kommunar plukka ut som pilotkommunar for oppstart av Kultursekk for barnehage. I fylkesplanen er kultursekk i barnehage ei fanesak. Målet er at alle barnehagar skal med.

Boks 9.4 Nasjonale ressurssenter i skulen

Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa vart etablert av Kunnskapsdepartementet i 2007 under Utdanningsdirektoratet. Senteret er lagt til Universitetet i Nordland. Senteret skal vere eit nasjonalt ressurssenter for barnehagar, grunnskulen, vidaregåande opplæring og høgare utdanning. Hovudoppgåva er å gi barnehage- og skuleleiarar, lærarar og førskulelærarar støtte og kompetanse til å styrkje arbeidet med estetiske fag, kunstfag og estetikk i kvardagen. Vidare skal senteret samarbeide med relevante fagmiljø, nasjonalt og internasjonalt. For å stimulere barnehagane til systematisk arbeid med fagområdet kunst, kultur og kreativitet, har senteret etablert Den nasjonale barnehageprisen.

Mange kommunar, særleg mindre kommunar på Vestlandet og i Nord-Noreg, har tradisjon for å inkludere barnehagane i enkelte tilbod frå Den kulturelle skulesekken. Alle kommunane som har tilbod, melder om svært gode tilbakemeldingar frå barnehagane. Andre kommunar som tilbyr variantar av ordningar med kommunale kunst- og kulturtilbod i barnehagen, er Asker, Bergen, Kongsberg, Porsgrunn og Vinje kommune. Skien kommune arbeider med ein plan for å setje i gang eit varig tiltak i barnehagane. Andebu kommune har tidlegare hatt Den kulturelle beremeisen, men arrangerer no ein årleg barnefestival i samarbeid med Vestfoldfestspillene.

9.3.2 Kultur i skulen

Kulturen sin plass i skulen er forankra i skulens grunnlagsdokument Læreplanverket for Kunnskapsløftet, som omfattar læreplan for fag, generell del og prinsipp for opplæringa. Skulen skal medverke til at kvar enkelt elev får ein grunnleggjande og heilskapleg kompetanse. Kulturell kompetanse er ein naturleg, integrert og viktig del av dette. For at opplæringa skal kunne ruste barn og unge for framtida, må ein leggje til grunn eit breitt kunnskapsomgrep og ein må gi tilpassa opplæring gjennom varierte undervisningsformer. God tilgang til og deltaking i kunst- og kulturaktivitetar kan medverke til meistring. Det er viktig at elevane får erfaring med ulike kulturelle uttrykksformer. Dette vil medverke til utvikling av eigen identitet og fremje forståing for andre menneske.7

Den generelle delen av læreplanen understrekar kor viktig det skapande elementet er for læring og utvikling. Undervisninga skal difor vise korleis fantasi og skaparevne stadig har endra levekår og livsinnhald for menneska, og at kulturarven ikkje einsidig er retta mot fortida, men er ein skapande prosess der skulen er ein viktig deltakar. Læreplanane for kvart fag har mål på kva kompetanse det er venta at eleven skal sitje igjen med på ulike trinn. I kompetansemåla er kultur og kreativitet særleg synleggjort i fag som musikk og kunst og handverk i grunnskulen, og innan programområde som musikk, dans og drama, formgivingsfag og design og handverk i vidaregåande opplæring.

Boks 9.5 Kultur i Klosteret barnehage

Ein av vinnarane av Den nasjonale barnehageprisen i 2010 var Klosteret barnehage i Bergen. Klosteret barnehage har vore tilknytt Den kulturelle beremeisen sidan 2006. Ordninga er i regi av Bergen kommune og har som mål å gi barn varierte kunst- og kulturopplevingar i møte med profesjonelle kunstnarar. Prosjektet Jeg er inspirert av eit sjølvportrett av kunstnaren Ludvig Eikaas. Barna, personalet og ein lokal kunstnar har fordjupa seg i eksistensielle spørsmål gjennom bruk av drama, forming, samtalar og digitale medium. Barnehagen fekk prisen for dei metodane dei nyttar for å arbeide kreativt og reflekterande med tema som vedkjem barns identitet og sjølvkjensle.

Praktiske og estetiske fag er ikkje obligatoriske fag i allmennlærarutdanninga eller dei nye grunnskulelærarutdanningane. Det er eit mål for grunnopplæringa at lærarane skal vere kvalifiserte til å undervise i dei praktiske og estetiske faga. Kunnskapsdepartementet vurderer no korleis ein kan styrkje og ivareta desse faga best mogleg innanfor lærarutdanningsstrukturen i framtida.8 I føresegn om rammeplan for grunnskulelærarutdanningane, § 2 Læringsutbytte, er det estetiske aspektet framheva mellom anna med eit krav om at alle kandidatane må meistre estetiske læringsformer. Kravet er at kandidatane skal kunne leggje til rette for og leie gode og kreative læringsmiljø, og leggje til rette for estetisk utfalding, oppleving og erkjenning.

Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet samarbeider om Den kulturelle skulesekken, jf. nærare omtale i pkt. 7.6.2. Mål og retningsliner for skulesekken vart skisserte i St.meld. nr. 38 (2002 – 2003) Den kulturelle skulesekken, og St.meld. nr. 8 (2007 – 2008) Kulturell skulesekk for framtida. Denne ordninga syter for at alle elevar i grunnskulen og den vidaregåande skulen får tilgjenge til eit mangfald av kulturtilbod i skuletida.

9.3.3 Kulturskulane

Ved sida av dei frivillige kulturorganisasjonane som korps, kor og liknande, er kulturskulane mellom dei viktigaste arenaene for barn og unges deltaking i og sosialisering til kulturbruk og kulturaktivitetar. Gjennom kulturskulane får barn og unge opplæring i instrumentbruk, dans, teikning, måling og andre kunstformer. Opplæringslova § 13-6 slår fast at alle kommunar, åleine eller i samarbeid med andre, skal ha eit musikk- og kulturskuletilbod til barn og unge. Det er kommunane sjølve som avgjer både omfanget av og innhaldet i sine kulturskular.

Det statlege øyremerkte tilskotet til dei kommunale kulturskulane vart innlemma i rammetilskotet til kommunane frå 2004. Kommunane sine midlar til drift av kulturskular har auka. I 2010 brukte dei om lag 280 mill. kroner meir enn i 2003. Det har vore ein jamn auke i talet på elevar og elevplassar i kulturskulane sidan 2006, jf. pkt. 7.6.3.

Over budsjettet til Kunnskapsdepartementet blir det gitt tilskot til utviklingsverksemd i kulturskulane gjennom to ordningar. Tilskot til utvikling av musikk- og kulturskulane (kap. 225, post 71) skal medverke til å utvikle musikk- og kulturskuletilbodet i kommunane ved å stimulere til aktivitet og utvikling av gode modellar for innhald, organisering og samarbeid lokalt. Mottakar for tilskotet er Norsk kulturskoleråd. Målgruppa er kulturskular som gjennomfører utviklingsprosjekt i kommunane. For 2011 er løyvinga på posten om lag 9,7 mill. kroner. Tilskotet i 2005 var på om lag 7,8 mill. kroner.

Tilskot til organisasjonar (kap. 225, post 74) skal stimulere offentlege og frivillige organisasjonar til å setje i verk tiltak som medverkar til kvalitetsutvikling og betre læringsmiljø i opplæringa, i tråd med strategiar og tiltak. Norsk kulturskoleråd er ein av organisasjonane som får tilskot over denne posten, om lag 6,8 mill. kroner i 2011.

Tilskot til utvikling av musikk- og kulturskular vart evaluert av Utdanningsdirektoratet i 2006. Resultatet av evalueringa tyder på at tilskotsordninga fører til auka aktivitet rundt om i kommunane, og at målet med tilskotet er oppfylt.9

I 2010 vart det løyvd 40 mill. kroner frå Kulturløftet II til utviklingsprosjekt knytte til kulturskuleaktivitetar i skulen. I 2011 vart midlane utlyste til kommunar, organisasjonar og institusjonar for at fleire barn og unge skulle få eit mangfaldig kulturtilbod eller kulturskuletilbod. Midlane vart fordelte til 210 ulike prosjekt, og omfatta både modellforsøk, utviklingsprosjekt og talentutviklingsprosjekt.

Boks 9.6 Ås internasjonale senter

Ås internasjonale senter gir på vekebasis eit tilbod med lærarar frå kulturskulen til nokre av skulane og barnehagane i kommunen som har mange minoritetsspråklege barn. Elevane deler seg i tre grupper etter eige val og jobbar med musikk, teater eller dans. Prosjektet blir avslutta med framsyning for familien. I tillegg til at barna får ei fin kulturoppleving med profesjonelle lærarar, får dei òg innblikk i nokre av dei tilboda som finst i kulturskulen.

I 2011 vart 2 mill. kroner øyremerkte til prosjekt baserte på Teaching Artists-modellen tilpassa norske forhold. Teaching Artists er ein amerikansk modell for samarbeid mellom kunstlivet og skulen. Kunstnarar og lærarar samarbeider, ofte ved at kunstnarar er tilsette i deltidsstillingar i skulen. Både kunstopplevingar og estetiske læringsprosessar er ein del av opplegga. Kunnskapsdepartementet vil vurdere korleis eit utviklingsprosjekt i skulen etter modell av Teaching Artists, der utøvande kunstnarar deltek, kan forankrast i kompetansemåla i Kunnskapsløftet og bidra til å gi elevane motiverande og variert opplæring. Tiltaket må sjåast i samanheng med aktiviteten i Den kulturelle skulesekken.

Fleire av valfaga som skal innførast på ungdomstrinnet frå hausten 2012, vil innehelde element frå dei praktisk-estetiske faga i opplæringa. Valfaga skal vere praktisk innretta og bidra til auka motivasjon og læring. Læreplanane i faga vil bli oppbygde med høve til å leggje til rette for eit samarbeid mellom skule og kulturskule i gjennomføringa av faga. Eit døme på eit slik fag er valfaget produksjon for sal og scene. Målet med dette faget er mellom anna å byggje bruer mellom historiske epokar, ulike kunstartar, kulturar og menneske.

9.4 Kultur og oppvekstvilkår for barn og unge

Eit hovudmål for Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet er å medverke til gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom. Levekår blir forstått som barns høve til å utvikle og realisere seg sjølve. Levekåra er viktige for barns trivsel, tryggleik og utvikling, jf. artikkel 31 i barnekonvensjonen. Kultur heng saman med fritid, og ein brei definisjon av kultur ligg til grunn for departementet si målsetjing om å sikre deltaking for alle barn og unge. Kulturelle aktivitetar er også nært knytt til frivillig engasjement og deltaking i ulike barne- og ungdomsorganisasjonar. Den breie forståinga av kultur er sentral i arbeidet for å styrkje barn og unge si sosialisering, utvikling og inkludering i nærmiljøet. Oppveksten er ein avgjerande fase for utvikling, læring og endring og difor er det eit mål at alle skal ha likeverdige tilbod og høve til deltaking. Kultur er ei kjelde til viktig kunnskap og kompetanse for barn og unge.

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet legg vekt på at frivillige organisasjonar skal tilby eit breitt utval kultur- og fritidsaktivitetar som er med på å skape levande og attraktive lokalsamfunn. Deltaking medverkar til formell og uformell læring og kompetanse gjennom aktiv påverknad og medansvar. I dette arbeidet er det viktig at både den kortsiktige sosiale dimensjonen og den langsiktige samfunnsbyggjande dimensjonen blir anerkjent. Kultur blir med det ein ressurs som medverkar til å skape inkluderande nærmiljø, betre oppvekstvilkår og høve til utvikling.

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet forvaltar fleire støtteordningar der også kulturdeltaking og kulturaktivitetar er relevante:

Nasjonal grunnstøtte til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet gir nasjonal og internasjonal grunnstøtte til landsomfattande frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar. Tilskotet blir regulert av ei føresegn og forvalta av eit underliggjande organ som er oppnemnt av departementet, Fordelingsutvalet. Føremålet med tilskotsordninga er å leggje til rette for barn og ungdom si deltaking i barne- og ungdomsorganisasjonane. Tilskotsordninga skal stimulere organisasjonane til engasjement og medansvar nasjonalt og/eller internasjonalt, og sikre organisasjonane som arena for medbestemming og demokrati. Denne ordninga var i 2011 på 91,8 mill. kroner.

Prosjektstøtteordninga Mangfald og inkludering

Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) forvaltar prosjektstøtteordninga Mangfald og inkludering på vegne av Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet. Ordninga kom i stand i 2008 som ei vidareføring av støtteordninga Idébanken og den europeiske ungdomskampanjen All Different All Equal, som vart avslutta hausten 2007. Hovudmålet med denne ordninga er å stimulere barn og unge til å vise at mangfald er eit positivt element i samfunnet. Målgruppa er barne- og ungdomsorganisasjonar, fritidsklubbar, ungdomshus og lokale ungdomsmiljø. Denne ordninga var i 2011 på 1,4 mill. kroner.

Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet forvaltar tilskotsordninga Barne- ogungdomstiltak i større bysamfunn. Ordninga er eit verkemiddel for å betre oppvekst og levekår i større bysamfunn, og omfattar 23 bykommunar og 7 prioriterte bydelar i Oslo. Løyvinga blir nytta til tiltak og prosjekt for barn og unge i alderen 12 til 25 år med spesielle behov, og for utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø. Bykommunane blir invitert til mellom anna å søkje om tilskot til tiltak som fremjar deltaking og medverknad for barn, ungdom og ungdomsgrupper som i liten grad nyttar dei eksisterande kultur- og fritidstilboda. Barn og unge med innvandrarbakgrunn står overfor spesielle utfordringar, så innsats som fremjar inkludering av dei har høg prioritet. Ordninga er todelt: Ein del er retta mot ungdomstiltak, og ein del er retta mot tiltak som skal nå barn, unge og familiar som er utsette for fattigdom. Satsinga retta mot ungdom blir nytta til tiltak og prosjekt for ungdom med spesielle behov, utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø. Satsinga overfor ungdom utgjorde 17,4 mill. kroner i 2011. Fattigdomssatsinga blir fordelt på tre område: Tilskot til ferie- og fritidstiltak for barn, ungdom og familiar, tiltak som bidreg til kvalifisering og inkludering, og meir langsiktige og samordnande tiltak som skal motverke marginalisering av barn og ungdom råka av fattigdomsproblem. Fattigdomssatsinga utgjorde 36,5 mill. kroner i 2011. Denne satsinga er ein del av regjeringa si samla satsing mot barnefattigdom og må sjåast i samanheng med Arbeids- og velferdsdirektoratet si tilskotsordning Kompetanse og utviklingstiltak for å førebyggje og redusere fattigdom blant barn, unge og barnefamiliar som er i kontakt med sosialtenesta.

Tiltak for barn med nedsett funksjonsevne

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har også ei tilskotsordning til ferie- og velferdstilbod for personar med nedsett funksjonsevne. Ordninga var i 2011 på 14,3 mill. kroner. To tredelar av den årlege løyvinga går til sommarleir for barn med særskilt store hjelpebehov i regi av dei funksjonshemma sine organisasjonar. Ein tredel går til leir-, idretts- og kulturarrangement i regi av frivillige organisasjonar. Ordninga vart oppretta i 2007.

9.5 Kultur og integrering av innvandrarar

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har ansvar for antidiskriminering og integrering av innvandrarar. Hovudmålet for integrerings- og inkluderingspolitikken er like moglegheiter, rettar og plikter for innvandrarar og barnadeira til å delta og bidra i arbeids- og samfunnsliv. Innvandrarbefolkninga i Noreg er mangfaldig. Innvandrarar kjem frå mange ulike land og har ulik utdanning, økonomi og butid. Denne variasjonen blir også spegla i ulike innvandrargruppers bruk av offentlege kulturtilbod, deltaking i eigne organisasjonar og i dei tradisjonelle frivillige organisasjonane.

Tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd over budsjettet til Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet skal bidra til å styrkje frivillige organisasjonar si rolle i integreringsarbeidet. Det blir gitt støtte til lokale innvandrarorganisasjonar, til aktivitet i lokalsamfunn, til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet, til arbeid mot tvangsekteskap og til organisasjonar og grupper som gir målretta informasjon om det norske samfunnet til nye innvandrarar. Samla legg desse tilskota grunnlag for at personar med innvandrarbakgrunn kan delta aktivt i samfunnet.

I 2010/2011 har Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet sett i gang ein analyse av tilskotsordningane under kap. 821, post 71 Tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd. Departementet har fått innspel frå fleire miljø. Innspela viser mellom anna at det er viktig å styrkje frivillig arbeid lokalt.

Tilskot blir gitt til drift av lokale innvandrarorganisasjonar og frivillig verksemd i lokalsamfunn som medverkar til deltaking, dialog og samhandling. Delar av løyvinga er øyremerkt til organisasjonar og aktivitetar i Groruddalen og bydelen Søndre Nordstrand i Oslo. Hovuddelen av midlane blir fordelt av fylkeskommunane på bakgrunn av rundskriv frå IMDi. Tilskotet skal bidra til å fremje auka tillit til og tilhøyrsle i det norske samfunnet. Det skal medverke til at innvandrarane deltek meir i organisasjonslivet lokalt, og til å gjere sosiale nettverk meir tilgjengelege. Tilskot til frivillig verksemd bidreg til å skape møteplassar og aktivitetar i lokalsamfunn på tvers av ulike grupper i befolkninga.

9.6 Kultur i arbeid og velferd

Arbeidsdepartementet har ansvar for politikken knytt til arbeidsmarknad, arbeidsmiljø, pensjonar og velferd. Arbeids- og velferdspolitikken skal medverke til at flest mogleg kan klare seg sjølve gjennom arbeid, sikre økonomisk tryggleik, fremje inkludering, jamne ut økonomiske og sosiale ulikskapar og førebyggje fattigdom og sosial eksklusjon. Deltaking i kulturelle aktivitetar kan fremje sosial inkludering og meistring, ikkje minst blant personar som står utanfor eller i utkanten av arbeidslivet.

Kvalifiseringsprogrammet for utsette grupper er eit landsdekkjande tilbod frå 1. januar 2010. Føremålet er å medverke til at fleire i målgruppa kjem i arbeid. Dersom kommunen og programdeltakaren finn det føremålstenleg, kan deltaking i kulturelle aktivitetar inngå i eit kvalifiseringsprogram. Aktuelle lokale kulturtenester er til dømes teater, bibliotek og lese- og skrivetrening. Kunnskap om lokalsamfunnet er viktig for å vite kva tilbod som er tilgjengelege.

Tilskotsordninga til aktivisering og arbeidstrening i regi av frivillige organisasjonar vart etablert i 2005 som ein del av den særlege innsatsen mot fattigdom. Målgruppa for ordninga er personar som står svært langt frå arbeidsmarknaden, og som i mange tilfelle er sosialt ekskluderte. Tiltaka medverkar til at personar som ønskjer seg aktivitets- og arbeidstrening, men ikkje meistrar terskelen i vanlege arbeidsmarknadstiltak, får eit tilbod. Tiltaka omfattar eit breitt spekter, frå sosial trening og kvardagsmeistring til meir arbeidsretta tiltak. Innanfor ordninga er det mellom anna gitt tilskot til Vardeteateret, prosjektet Musikk i fengsel og frihet, og opplæring i lydstudio i regi av Oslo musikkråd.

Som eit ledd i handlingsplanen mot fattigdom kan kommunane søkje om tilskot til tiltak for å førebyggje og redusere fattigdom hos barn og barnefamiliar. Det blir mellom anna gitt tilskot til fritidsaktivitetar for barn og ungdom, som til dømes tilskot til dekking av kontingenter, fritidsutstyr, turar, turneringar i ulike lag/foreiningar, kulturskule og aktivitetshelgar for ungdom. Det blir også gitt tilskot til aktivitetar knytt til skulegang, som til dømes tilskot til dekning av turar/arrangement i skulens regi, leksehjelp, aktivitetstilbod etter skuletid og open skule i sommarferien. I tillegg blir det gitt tilskot til tiltak som alternative aktivitetar til ungdom som droppar ut av vidaregåande skule som til dømes praksisplassar og tett oppfølging. Arbeids- og velferdsdirektoratet forvaltar tilskota på vegne av Arbeidsdepartementet. Fafo og NOVA har evaluert satsinga. Tilskotsordninga har bidrege til inkludering ved å skape høve for barn og unge til å delta i aktivitetar og på sosiale arenaer, og til auka merksemd i kommunane om fattigdom og sosial eksklusjon blant barn og unge.

I samsvar med § 18 i lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga blir det gitt stønad til livsopphald for personar som ikkje kan sørgje for seg sjølve. I rundskriv til kommunane er det presisert at deltaking i alminnelege fritidsaktivitetar er sentralt i livsopphaldsomgrepet. Særlig barn og unge må ha høve til å delta i den type aktivitetar som er vanlege i området der dei bur. Også for vaksne kan det vere rimeleg å yte stønad til fritidsaktivitetar og til dømes deltaking på kurs, i organisasjonsverksemd og liknande. Omsynet til at barn skal ha ein normal oppvekst trass i at familien har dårleg økonomi, tilseier at dei skal kunne delta i dei aktivitetane som er vanlege for jamgamle barn på staden, også innanfor kulturaktivitetar som teater, dans, korps, orkester og kor. I den grad dette krev særleg utstyr, slik som instrumentleige, uniform, drakt med meir, skal slikt utstyr reknast som ein del av livsopphaldet.

Regjeringa ønskjer at alle barn og unge skal få høve til å utvikle seg og delta i samfunnet, uavhengig av den økonomiske og sosiale situasjonen til foreldra. Regjeringa vil greie ut korleis aktivitetsstøtte til barn og unge i familiar som opplever fattigdomsproblem kan ivaretakast.

Boks 9.7 Kulturaktivitetar som fremjar sosial inkludering og meistring

Det finst fleire døme på kulturaktivitetar i regi av frivillige organisasjonar med sikte på sosial inkludering og meistring.

  • Fattigkoret: Fattighuset har starta eit eige kor som er eit gratis tilbod til brukarane av huset. Fattighuset er ein brukarstyrt sjølvhjelpsorganisasjon med lågterskeltilbod for menneske som har det vanskeleg.

  • Batteriet er eit landsdekkjande ressurssenter i regi av Kirkens Bymisjon Oslo for organisasjonar og grupper som arbeider mot fattigdom og sosial eksklusjon. Batteriet har etablert eit samarbeid med forfattarar. I samband med seminarserien Makt og muligheter arbeider forfattarar og deltakarar saman om å framstille deltakarane sine eigne historier. På eitt av seminara fekk deltakarane lære formidling av vendepunktshistorier gjennom skriving, forteljing, musikk, teater og måling.

Som eit ledd i det europeiske fattigdomsåret 2010 hadde frivillige organisasjonar og institusjonar i Noreg høve til å søkje om tilskot til nasjonale aktivitetar og arrangement. Det vart mellom anna gitt tilskot til følgjande tiltak: Kulturaktivitetar som verkemiddel for inkludering i lokalsamfunnet (Kultursenteret Sisa), Manuskurs og konkurranse for ungdom frå 12 til 22 år på Stovner og Romsås (Groruddalen frie filmare), Støtte til deltaking i kulturaktivitetar (Mental Helse Sør-Trøndelag), Medieverkstad (Frie filmare), Opplevingskortet for barn og unge i Ålesund (Ålesund kommune), Utstillingsveke og konsert (Kirkens Bymisjon Bergen), Groruddalen Blokk Party (Break Records).

9.7 Kultur i kriminalomsorg

I St.meld. nr. 37 (2007 – 2008) Straff som virker – mindre kriminalitet – tryggere samfunn omtalar Justisdepartementet kulturtilbod som verktøy i tilbakeføringsarbeid. I meldinga blir det slått fast at kulturaktivitetar skal vere ein del av kvardagen i fengsel som i samfunnet elles.

Boks 9.8 Døme på kulturaktivitetar i kriminalomsorgsarbeid

Figur 9.3 Vardeteatret, Eli-Synøve og Steinar som Solveig og Peer, deltakarar i «Hjelp, jeg er fri»-prosjektet 2008/2009 og framsyninga «Peer Gynt».

Figur 9.3 Vardeteatret, Eli-Synøve og Steinar som Solveig og Peer, deltakarar i «Hjelp, jeg er fri»-prosjektet 2008/2009 og framsyninga «Peer Gynt».

Kjelde: Foto: Leif Sørensen

Teater som rehabilitering

Vardeteatret er eit arbeidstreningsprosjekt for innsette og frigitte som skal tilbake til samfunnet etter fleire år bak murane. Vardeteatret nyttar teater som verkemiddel i arbeidet med rehabilitering, og målet med prosjektet er at ein skal meistre kvardagen utan å falle tilbake til kriminalitet eller rus. Deltakarane utviklar sjølv manus til dei ulike stykka med utgangspunkt i sine eigne livserfaringar. Etter førestillinga samtalar dei med publikum med utgangspunkt i framsyninga.

Musikk for innsette i fengsel

Musikkens studieforbund (MSF) og Musikk i fengsel og frihet (MIFF) ønskjer å gjere innsette betre rusta til å meistre kvardag og fritid gjennom tilrettelagt musikkopplæring. Prosjektet har både pedagogiske og sosiale mål, som til dømes å fungere i ulike samspelsformer, bruke musikk som eiga uttrykksform, styrkje sosial samhandling, ansvarskjensle, samarbeidsevne og tolmod.

Kurs i ulike kulturuttrykk

Folkekulturforbundet (FOLK) har arrangert kurs innan kriminalomsorga sidan 2001. Målgruppa for kursa er alle innsette som ønskjer å lære om folkelege kulturutrykk. FOLKs visjon er at det skal vere mogleg å lære kulturuttrykk i skapande og trygge omgjevnader. Det blir mellom anna halde kurs i tradisjonelle handverksfag som karveskurd og strikking.

Skrivekurs for innsette

Norsk Forfattersentrum har utarbeidd tre skrivekurskonsept for innsette: Eit heilårs pilotprosjekt, eit kurs over seks veker og eit kurs over tre veker. Alle kursopplegga blir leidd av røynde forfattarar og inneber samarbeid med både det lokale fengselsbiblioteket og fengselsundervisninga. Det å uttrykkje seg gjennom tekst kan vere ein god måte å få kontakt med tankar og kjensler i ein så pressa situasjon som eit lengre fengselsopphald er. Skriving kan fungere som eit verktøy for å takle negative kjensler og tankemønster.

Justisdepartementet legg til grunn at kultur kan medverke til sjølvforståing og sjølvrefleksjon og gi innsette høve til å oppleve nye og positive sider av livet og seg sjølve. Kulturaktivitetar kan utløyse allmennmenneskelege og allmenndannande sider som medverkar til auka livsmeistring. Eit godt kulturtilbod er viktig i arbeidet med rehabilitering av domfelte, både med tanke på den enkelte si personlege utvikling og fordi det kan vere ein veg inn i positive sosiale miljø. Kultur i kriminalomsorga handlar difor om å førebu dei innsette på livet etter fengselsopphaldet.

Kriminalomsorga samarbeider med ei rekkje etatar og frivillige organisasjonar om å gjere kultur- og fritidstilbodet best mogleg. Deltaking i teateroppsetjingar, musikkopplæring, bibliotek og skrivekurs er nokre av dei tilboda dei innsette får, og dei innsette nyttar tilboda aktivt. Som på andre fagområde, blir tilboda gitt til innsette av dei same aktørane som tilbyr tenestene ute i samfunnet. Frivillige organisasjonar har ei sentral rolle i å tilby kulturaktivitetar til domfelte, ofte med dei domfelte sjølv som aktørar.

Etter folkebiblioteklova § 1 og straffegjennomføringslova § 4 har innsette rett til bibliotektenester. Fengselsbiblioteka er viktige både med omsyn til livskvalitet under soning og i arbeidet med å rehabilitere innsette. Biblioteka fungerer både som ressurs i opplæring og som kjelde til underhaldning og informasjon. Innsette låner langt fleire bøker og andre medium enn folk flest. Statistikken for 2009 viser at det vart lånt ut 19 gonger så mykje ved fengselsbiblioteka som i norske folkebibliotek per innbyggjar. Staten har hatt ansvar for fengselsbiblioteka heilt sidan tenesta starta opp som ei prøveordning i 1979. Justisdepartementet har ansvar for lokale, utstyr og inventar, medan Kulturdepartementet dekkjer utgifter til løn og medium. Nasjonalbiblioteket forvaltar ordninga. Tilskotet til fengselsbiblioteka er i 2011 på 19,7 mill. kroner.

Eit styrkt kulturtilbod vil kunne vere med på å utvikle alternative metodar for førebyggjande arbeid og rehabiliteringsarbeid som kan supplere det arbeidet som allereie blir gjort i kriminalomsorga. Kulturaktivitetar byggjer nettverk og fungerer som gode overgangstiltak etter soning. For at kulturtiltak skal førebyggje kriminalitet og fremje meistring, må til dømes helsetenester og rusomsorg utøve sine pålagde tenester slik at kulturaktivitetane blir vurderte som ein del av ein heilskapleg tilbakeføringsplan.

Justisdepartementet har i perioden frå 2005 til 2011 løyvd om lag 8,5 mill. kroner til ulike kulturprosjekt og kulturaktivitetar i kriminalomsorga. Aktørar som har fått støtte er Vardeteatret, Pilegrimsforeininga i Vestfold, Norsk musikkråd, Musikkens studieforbund/Musikk i fengsel og frihet, Folkekulturforbundet, Møre og Romsdal musikkråd, Oslo Røde Kors og Norsk Forfattersentrum.

9.8 Kultur og regional utvikling

St.meld. nr. 25 (2008 – 2009) Lokal vekstkraft og framtidstru. Om distrikts- og regionalpolitikken presenterer hovudinnhaldet i regjeringas distrikts- og regionalpolitikk. Regjeringas målsetjing med distrikts- og regionalpolitikken er å gi folk fridom til å velje kvar dei vil bu, sikre levekår og ta ressursane i heile landet i bruk. Regjeringa legg til grunn at kultur er eit sentralt verkemiddel i arbeidet med stadutvikling og lokal samfunnsutvikling, busetnad og verdiskaping. Kultur medverkar til å nå måla i distrikts- og regionalpolitikken. Sektoren medverkar også til etablering av kompetansearbeidsplassar regionalt. Kulturnæringane og kulturbasert næringsutvikling er døme på område i økonomien som kan fremje kreativitet og innovasjon i samfunnet.

I 2009 etablerte regjeringa eit kompetansesenter for distriktsutvikling. Distriktssenteret er eit forvaltningsorgan underlagt Kommunal- og regionaldepartementet. Distriktssenteret arbeider med å hente inn, systematisere og formidle kunnskap og erfaringar om lokale utviklingstiltak. Senteret er også kompetanseorgan, rådgjevar og bidragsytar overfor nasjonale, regionale og lokale styresmakter. Distriktssenteret har på nettsidene sine ei rekkje døme på prosjekt som syner korleis kultur blir nytta for å fremje bulyst og skape lokal samfunnsutvikling.

Stadutvikling og inkluderande lokalmiljø – ByLab

Prosjektet ByLab er eit tiltak i regjeringas plandokument arkitektur.nå. Dokumentet legg vekt på at ByLab skal vere eit kompetansesenter for by- og stadutvikling for kommunar i Noreg, med vekt på forholdet mellom fysisk form og sosialt miljø. Det blir arbeidd med å styrke kommunanes kunnskap og medvit med tanke på å sikre oppvekstmiljø for barn og unge, og å leggje til rette for dei eldre sine behov, jf. omtale under pkt. 9.2. I 2010 vart det løyvd 4,5 mill. kroner til oppfølging av arkitektur.nå, og 2,5 mill. av desse gjekk til Norsk Form sitt arbeid med ByLab. Løyvinga vart følgd opp med 1 mill. kroner i 2011. Samarbeidet med utvalde bykommunar i 2010 har gitt erfaringar om kva utfordringar små- og mellomstore byar står overfor i dag. I 2011 er det mellom anna definert temaområde som byrom og uteareal, konsekvensar av kjøpesenteretableringar, barn i sentrum og morgondagens eldre.

Satsing på kulturbasert stadutvikling – Bulyst

I 2007 løyvde Kommunal- og regionaldepartementet 7,5 mill. kroner til ei eiga satsing for kulturbasert stadutvikling, som ei oppfølging av handlingsplanen for kultur og næring. Målet med satsinga er å styrkje attraktivitet og bulyst gjennom bruk av kultur på mindre stader. Eit viktig mål i distrikts- og regionalpolitikken er at alle skal ha reell fridom til å busetje seg der dei vil. Eit verkemiddel er å skape attraktive lokalsamfunn. Gjennom Bulyst-satsinga finansierer Kommunal- og regionaldepartementet pilotprosjekt som skal bidra til å utvikle ny kunnskap om korleis distriktskommunar kan bli meir attraktive for busetjing. I 2011 vart det utlyst nye midlar i Bulyst-programmet med ein totalpott på 47 mill. kroner. Kulturbasert stad- og næringsutvikling er eit av fem prioriterte område som det kan søkjast om støtte til. Midlane skal gå til lokale, regionale og nasjonale utviklingsprosjekt.

Delegerte verkemiddel til regional utvikling

Delar av midlane som Kommunal- og regionaldepartementet har delegert til fylkeskommunane, kan også nyttast til enkelte kulturrelaterte tiltak. Fylkeskommunane rapporterer ikkje på korleis kultur blir nytta for å nå regional- og distriktspolitiske mål. Departementet kan difor ikkje talfeste nøyaktig kor mykje av midlane under post 60 som blir nytta til slike føremål. Eit estimat for 2009 er at i underkant av 27 mill. kroner vart løyvde til prosjekt der kultur blir nytta som verkemiddel i fylkeskommunane sitt arbeid med stadutvikling og lokal samfunnsutvikling, omdømebygging og arbeid med bulyst.

Boks 9.9 Døme på prosjekt med støtte frå Bulyst

«Auka bulyst gjennom inkludering og trivsel» – tilflyttingsprosjekt i Grong kommune

Hovudmålet i prosjektet er auka tilflytting og bulyst for alle, gjennom satsing på inkludering og trivsel. Gjennom prosjektet ønskjer Grong kommune å synleggjere at kommunen er ein internasjonal kommune med menneske frå mange land, og at alle innbyggjarane skal vere stolte av det. Stoltheit, trivsel og inkludering skal skapast gjennom utvikling av nye møteplassar og ved å utvikle tiltak for å ta i bruk møteplassane. I tillegg skal det gjennomførast prosessar som skal resultere i kunstnarleg utsmykking av Grong sentrum.

Hjelmeland 24 – 7

Prosjektet legg vekt på deltaking i frivillige organisasjonar som ein viktig måte å fremje bulyst på. I prosjektet skal samhandlinga mellom frivillige lag og innbyggjarane styrkjast. Hjelmeland samfunnshus og teaterlag har ei sentral rolle, og det skal mellom anna etablerast ungdomsteater. Det skal også byggjast eit kvinnenettverk for inkludering av innflyttar- og innvandrarkvinner. Kommunen skal i tillegg skape inkluderande møteplassar.

Alle Bulyst-pilotane vart kartlagde og dokumenterte av Distriktssenteret i 2010.

9.9 Kultur i Den norske kyrkja

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet skal leggje til rette for dei organisatoriske og økonomiske rammevilkåra for Den norske kyrkja. Løyvingane skal støtte Kyrkjemøtet sine eigne mål for Den norske kyrkja. Kyrkjerådet og bispedømeråda sine oppgåver og ansvarsområde er regulerte i kyrkjelova og følgjer òg av vedtak som blir gjort av Kyrkjemøtet.

I ei undersøking av kommunal kultursektor går det fram at kyrkjene er ein attraktiv arena for kulturaktørar. Kyrkja var den nest mest brukte kulturarenaen i kommunane, og dessutan den arenaen som hadde hatt den største auken i bruk dei siste fem åra.10 I 2010 vart det registrert over 1,4 mill. deltakarar fordelte på nærmare 12 000 konsertar og andre kulturarrangement i kyrkjene.11 Kulturtilbodet i kyrkjene utgjer såleis ein vesentleg del av det totale kulturtilbodet i lokalsamfunn over heile landet.

I tillegg til å vere ein attraktiv arena for kulturformidling, står kyrkja sjølv for organisering av ei rekkje kulturaktivitetar. I 2007 til 2008 var meir enn 900 kyrkjemusikarar/organistar/kantorar tilsette i Den norske kyrkja. I 2010 dreiv kyrkja om lag 2000 kor for barn, vaksne og familiar, med nærmare 45 000 medlemmer. Ofte samarbeider desse kora med profesjonelle utøvarar på konsertar. Dessutan inngår kor i fleire nettverk i lokalsamfunna, mellom anna gjennom samarbeid med kultur- og musikkskular.

Kyrkjene er ein ressurs i ordningar som Den kulturelle skulesekken og Den kulturelle spaserstokken. I 2010 vart det til dømes arrangert ei idémyldring i Bodø for ulike modellar for kulturarrangement i Den kulturelle spaserstokken, bygd på salmeskatten til Den norske kyrkja. Eksempel på tiltak er lagde ut på heimesidene som grunnlag for å utvikle eigne program i samarbeid med profesjonelle utøvarar. I 2009 vart boka Kirken og Den kulturelle skolesekken lansert og distribuert til alle kyrkjelydane i landet. Etter lanseringa arrangerte Kyrkjerådet eit seminar på Trusopplæringskonferansen på Lillestrøm for å informere om kyrkja si rolle i DKS, med søkjelys på grensegangane mellom forkynning og kyrkjeleg kunst- og kulturoppleving.

Som oppfølging av Den norske kyrkja si eiga kulturmelding Kunsten å være kirke frå 2005, har kyrkja satsa på at kulturperspektivet skulle vevast inn i dei strategiske satsingsområda til kyrkja, som diakoni, tilbod til barn og unge, gudstenesteliv og samisk kyrkjeliv. I tillegg er kyrkjemusikk og kultur gjort til eit eige satsingsområde, mellom anna ved at det er oppretta stillingar som kulturrådgivar i bispedømma og sentralt i Kyrkjerådet. Kulturrådgivarane skal setje kyrkja i stand til å opptre som profesjonell kulturaktør og knyte kontaktar og innleie samarbeid med det lokale kulturlivet elles.

For å ivareta fagleg breidd og spisskompetanse er kvart bispedøme bede om å ta ansvar for eit kompetanseområde. Dette betyr at bispedøma har eit særskilt ansvar i sin region for å styrkje og utvikle sitt kompetanseområde. Den kompetansen som bispedøma tileignar seg, skal kome det nasjonale nettverket for kulturrådgjevarar til gode. I denne samanhengen er det relevant å vise til arbeidet i Agder og Telemark bispedøme, som har ungdomskultur og integrering som spisskompetanseområde. Bispedømet har arbeidd med tilrettelegging av tiltak for menneske med utviklingshemming og kulturtiltak, og har mellom anna gitt ut ein cd, produsert fjernsynsprogram, konsertar og ein brosjyre om tilskotsordningar for, av og med utviklingshemma.

Auka bruk av kunst og kultur er viktige element i arbeidet med å reformere gudstenesta og trusopplæringa. Døme på trusopplæringsprosjekt i Kyrkjerådet er Lys vaken – advent i kyrkja for 11-åringar og Tårnagentane for 8-åringar. Begge er nasjonale tiltak og døme på kyrkjelege kulturtiltak med eit breitt nedslagsfelt blant barn og unge. I samband med gudstenestereforma er det opna for meir kunstnarleg utfalding og deltaking, mellom anna skal det skrivast ny liturgisk musikk. Ei rekkje norske komponistar bidreg til dette arbeidet, der barn og unge er ei særskild målgruppe som det skal skrivast liturgisk musikk for. Det skal òg givast ut ny salmebok.

Fotnotar

1.

Jaastad (2011)

2.

Loga (2010)

3.

Prop. 90 L (2010 – 2011)

4.

Innst. 423 L (2010 – 2011)

5.

Kulturdepartementet (1996)

6.

Winsvold og Gulbrandsen (2009), Østrem m.fl. (2009)

7.

Opplæringslova § 1-2 og læreplanverkets generelle del.

8.

Espeland m.fl. (2011)

9.

Evalueringa vart publisert av Utdanningsdirektoratet i august 2006.

10.

Egeland og Aagedal (2010)

11.

Botvar og Urstad (2011)
Til forsida