Meld. St. 13 (2012–2013)

Ta heile Noreg i bruk

Til innhaldsliste

7 Kompetanseheving i arbeidsmarknaden

Figur 7.1 

Figur 7.1

Tilgang på nok og relevant kompetanse i arbeidsmarknadane er sentralt for å sikre verdiskaping og vekst i alle delar av landet. Arbeidskrafta er hovudgrunnlaget for vår felles framtidige velferd, og det er difor naudsynt med høg sysselsetjing og produktivitet i heile landet. Det føreset at folk får utvikla og nytta kompetansen sin i arbeidsmarknaden.

Samspelet mellom utdanningsinstitusjonane og det regionale og lokale arbeidslivet er ein viktig faktor for at arbeidslivet generelt, og næringslivet spesielt, får tilgang på naudsynt og relevant kompetanse som kan medverke til omstilling og vekst.

Den geografiske plasseringa av lærestadene har mykje å seie for kvar studentane søkjer arbeid etter avslutta utdanning. Nærleik til lærestader kan òg vere avgjerande for studentane sin etterspurnad etter grunnutdanning og etter- og vidareutdanning. Sidan studiestaden påverkar både potensialet for utdanning og busetjinga, har ein spreidd struktur for høgare utdanning ein vesentleg regionalpolitisk verdi.

Regjeringa vil

  • føre vidare ein spreidd struktur for høgare utdanning

  • leggje til rette for godt samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar, næringsliv og fylkeskommunar om regionalt tilpassa utdanningstilbod

  • identifisere barrierane for etter- og vidareutdanning i små og mellomstore bedrifter med sikte på framtidige tiltak

  • leggje til rette for eit godt system for desentralisert og fleksibel utdanning

  • føre vidare arbeidet med å redusere fråfall i vidaregåande opplæring

7.1 Kompetent arbeidskraft er avgjerande for samfunnsutviklinga

7.1.1 Kompetanse og kunnskap er naudsynt

Fleire stader i landet er det ei utfordring å rekruttere nok kompetent arbeidskraft. For folk som tek høgare utdanning har mobiliteten ofte samanheng med val av studiestad og overgangen til den første jobben. Det kan vere krevjande å flytte for dei som har etablert familie, særleg om det er to i hushaldet som er i arbeid. Det er difor to problemstillingar her – éi knytt til rekruttering av unge menneske til regionen og éi knytt til vidare kvalifisering av dei som alt bur og arbeider der. Disse blir stadig viktigare i små arbeidsmarknader ettersom stadig fleire unge veks opp i større byområde.

Kravet om stadig større produktivitet og innovasjon i både offentleg og privat sektor gjer det heilt avgjerande å ha tilsette med rett kompetanse. Kompetanse er både erfaringsbasert og utdanningsbasert. Tilgang på dyktige fagfolk er svært viktig i alle typar verksemder. Mykje av konkurranseevna i Noreg er knytt til prosessinnovasjonar. Her har vi lukkast godt. Fagopplæring er her viktig. Det same er opplæring som kan bidra til å skape større produktivitet.

Utdanningsinstitusjonane får ein regional meirverdi når dei leverer kandidatar med kunnskap som er relevante for det lokale arbeidslivet i regionen. På smalare kompetanseområde kan det vere ei utfordring å byggje opp sterke undervisnings- og FoU-miljø. Kompetansearbeidsplassutvalet peika på behovet for samarbeid mellom utdanningsinstitusjonane og ulike aktørar for å mobilisere dei menneskelege ressursane og bidra til kunnskapsutvikling for arbeidsmarknaden. I fleire innovasjonsprogram, som NCE og Forskingsløft i nord, er ein viktig aktivitet nettopp å etablere samarbeid mellom bedrifter, klyngjer og ulike utdanningsmiljø. Det finst fleire gode døme på at slikt samarbeid har ført til skreddarsydde kurs og utdanningar heilt i tråd med kva ulike bransjar og bedrifter treng.

I åra framover blir årskulla som kjem inn på arbeidsmarknaden mindre, samstundes som mange når pensjonsalderen. Det er difor viktig å utvikle kompetansen på lang sikt i både offentleg og privat sektor i åra som kjem.

Det er ein monaleg skilnad i utdanningsnivået i ulike regiontypar i Noreg. Regionale skilnader i næringsstruktur fører til ulikt behov for type utdanning og kompetanse. Behovet for kompetanse veks i alle typar næringar, og dei fleste nye kompetansearbeidsplassane kjem i eksisterande næringar som er i ferd med å omstille seg. Kompetansearbeidsplassar utgjer ein større del av alle arbeidsplassar i storbyregionar enn dei gjer i andre regiontypar.

Behov for etter- og vidareutdanning

Omstilling og evne til innovasjon i verksemdene vil vere sentralt for at både det offentlege og næringslivet skal fungere best mogleg. Ikkje minst på stader med omstillingsutfordringar og raske strukturendringar vil etter- og vidareutdanning vere naudsynt både for å sikre næringslivet tilførsel av relevant kompetanse og for å unngå varig utstøyting av folk frå arbeidslivet.

Etter- og vidareutdanning er viktig for tilgangen til relevant kompetanse i heile landet. Å stimulere vaksne til vidareutdanning er særleg viktig i område der ein slit med å rekruttere til ledige stillingar. Nokre stader er presset på arbeidsmarknaden så stort at verken private bedrifter eller offentleg sektor får tak i rett kompetanse. Rekruttering av relevant kompetanse er ein nøkkelfaktor for næringsutvikling og nyskaping og ei utfordring i alle regionar. Det er viktig at tilbodet om etter- og vidareutdanning er tilpassa behovet for kompetanse hjå arbeidsstyrken i regionen.

Ei undersøking gjord av NIFU syner at det er store variasjonar i kor mykje private og offentlege verksemder investerer i kurs, opplæring og formell vidareutdanning for sine tilsette.1 Overnattings- og serviceverksemder og primærnæringane har den lågaste investeringa per tilsett. Dei høgaste investeringane finn vi i offentleg sektor, som helse- og sosialteneste, undervisning, offentleg administrasjon, forsvar med meir. Det er også tydelege geografiske variasjonar i kompetanseinvesteringane. Verksemder i storbyregionane har dei høgaste kompetanseinvesteringane, både totalt og per tilsett, medan investeringane er lågast i dei minste arbeidsmarknadsregionane.

Arbeidstakarar med høg formell utdanning er dei som i størst grad tek vidareutdanning. Det gjeld særskilt tilsette i offentleg sektor. Faglærte og personar med låg utdanning vidareutdannar seg minst. Mindre verksemder kan trenge hjelp til å definere kompetansebehovet sitt, og for å finne relevante utdanningstilbod.

Kommunal- og regionaldepartementet vil starte eit arbeid for å få kunnskap om omfang og bruk av ordningar som stimulerer til kompetanseutvikling i bedrifter i det distriktspolitiske verkeområdet, og forklaringar på variasjonane når det gjeld investeringar i kompetanse frå næringslivet si side. Departementet vil òg hente inn kunnskap om kva tilbod mindre verksemder har for å få hjelp til å avklare kompetansebehov. Dette arbeidet skal ein mellom anna sjå i samanheng med arbeidet med nasjonale og regionale kompetansestrategiar, som OECD skal setje i gang i Noreg og som Kunnskapsdepartementet har ansvaret for å koordinere.

7.1.2 Tilbod om ei desentralisert og fleksibel utdanning gjer utdanning mogleg for fleire

Tilbodet av desentraliserte og fleksible utdanningar gjer det mogleg å styrkje den formelle kompetansen sin, uavhengig av om ein bur i nærleiken av ein studiestad eller ikkje. Dette kan vere særleg nyttig for folk i distrikta som bur langt frå utdanningsstadane. Vi kan skilje mellom to ulike behov for desentralisert og fleksibel utdanning. På den eine sida har vi personar som på eige initiativ og ut frå eigne interesser søkjer meir utdanning. Denne gruppa vil ha nytte av nettbasert fjernundervisning, gjerne kombinert med studentsamlingar på campus eller andre stader. Mange kommunar tilbyr lokale med teknisk utstyr, som kan fungere som samlingsstader for studentar. Dette kan vere nyttige ordningar for einskilde fjernstudentar.

På den andre sida treng mange private og offentlege verksemder å utvikle kompetansen i eigen arbeidsstokk. Her kan det vere nyttig å organisere spesielle løysingar tilpassa det behovet verksemdene har, og arbeidstilhøva til dei tilsette.

Fleksible utdanningstilbod på internett er ei framtidsretta løysing. Om lag 6 prosent av studentane studerer i dag utanfor campus. Fleire institusjonar, og då særleg høgskular, har på eige initiativ, og med hjelp frå Noregsuniversitetet, utvikla eit stort nettbasert undervisningstilbod. Gjennom eCampus-satsinga til Kunnskapsdepartementet er målet å byggje ut ein felles IKT-arkitektur i UoH-sektoren som skal leggje til rette for nettstøtta og fleksibel utdanning i stor skala.

Kommunal- og regionaldepartementet legg vekt på at fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar kan medverke til utvikling og oppstart av nettbaserte og desentraliserte undervisningsløysingar i samarbeid med lokalt arbeidsliv og utdanningsinstitusjonar. Det gjeld òg for rekruttering av studentar. Slik kan fylkeskommunane medverke til å auke tilgangen på relevant og naudsynt kompetanse i eigen region. Samstundes meiner departementet at det er behov for å vurdere roller og ansvar for denne typer oppgåver nærare.

7.1.3 Kopling av tilbod og etterspurnad etter kompetanse

Det er naudsynt med gode koplingar mellom behovet for kompetanse i arbeidslivet på den eine sida og tilboda om utdanning på den andre. Vidare er det viktig å stimulere til kompetanseheving i arbeidsstokken. Fylkeskommunen, kunnskapsinstitusjonar, det regionale næringslivet, Arbeids- og velferdsetaten (Nav) og Innovasjon Noreg er viktige aktørar i den samanhengen.

Det er store variasjonar rundt om i landet i korleis dette skjer. Departementet har vore i kontakt med fleire av fylkeskommunane, og oppfattar at det finst funksjonar som kan vere nyttige å ha lokalt og regionalt. Døme på dette er

  • informasjon og rettleiing til den einskilde om vidareutdanning ut frå eigne evner og ynske

  • aktiv og utoverretta verksemd for å mobilisere og motivere fleire til å ta utdanning

  • kontakt og samarbeid med lokalt arbeidsliv om kompetansebehov

  • god kunnskap om den regionale arbeidsmarknaden

  • kontakt og samarbeid med utdanningsinstitusjonar om tilpassing av eksisterande utdanning og nyutvikling av utdanning tilpassa den lokale/regionale arbeidsmarknaden

Det er ulike måtar å organisere desse funksjonane på. Fylkeskommunane har ansvar for vidaregåande opplæring og regional utvikling, og har difor ofte ei sentral rolle. Døme på organisering er karrieresenter, kompetansesenter, studiesenter, ressurssenter, opplærings- og utviklingssenter (OPUS) og yrkesrådgjeving innanfor Nav og vidaregåande opplæring. Dei ulike måtane å organisere tenestene på har vakse fram som ei tilpassing til lokale behov, og kan vere utførte på ulike måtar.

Departementet vil difor hente inn meir kunnskap om korleis aktørane på regionalt nivå samarbeider om å kople tilbod og etterspurnad av kompetanse, mobilisering til utdanning i arbeidslivet og i befolkninga, og tilrettelegging for desentralisert utdanning. Resultatet av analysane vil danne grunnlag for å fremje forslag om tiltak.

7.2 Universitet og høgskular har ei regional rolle

Universitet og høgskular er viktige senter i dei regionale og nasjonale kompetansemiljøa og forsyner offentleg og privat verksemd med utdanna arbeidskraft. Dei regionale høgskulane har vore avgjerande for auken i utdanningsnivået i heile landet. Med dei regionale høgskulane har vegen til høgare utdanning blitt kortare, særleg for folk i distrikta.

Det er store variasjonar i alderssamansetnaden i ulike delar av landet. Ei av årsakene til overvekta av unge vaksne i dei største arbeidsmarknadsregionane er flytting i samband med utdanning. Det er i dag berre små regionale skilnader i kor mykje folk utdannar seg.

Fleire undersøkingar av flyttemønsteret til studentar før og etter avslutta utdanning tilseier at ein spreidd utdanningsstruktur er særs viktig for regional tilgang på høgare utdanna arbeidskraft, og avgjerande for den regionale balansen.

Tilhøvet mellom lokal rekruttering til studium i ein region og avsetjing til arbeidsmarknaden i same region seier noko om regionen importerer eller eksporterer arbeidskraft med høgare utdanning. Ei utgreiing frå Statistisk sentralbyrå viser at nesten 60 prosent av studentane blir buande og finn sin første jobb i den same arbeidsmarknaden som høgskulen eller universitetet dei har gått på ligg i.2 Universitet og høgskular i dei store byane Oslo, Bergen og Trondheim gjev fleire ferdig utdanna kandidatar til den lokale arbeidsmarknaden enn den lokale rekrutteringa skulle tilseie. I Oslo/Akershus kjem 53 prosent av studentane frå denne arbeidsmarknadsregionen og 61 prosent tek arbeid i regionen etter at dei er ferdige med å studere. For Universitetet i Stavanger er nær 80 prosent av både rekruttering av studentar og avsetjing til arbeidsmarknaden knytt til Rogaland. Høgskolen i Alta er den utdanningsinstitusjonen som i størst grad hentar folk til eigen region. Alta rekrutterer 33 prosent av studentane frå Finnmark, medan 66 prosent av studentane tek jobb i Finnmark etter studia. Ei mogleg årsak kan vere tiltakssona for Nord-Troms og Finnmark og ordninga med nedskriving av studielån.

Ei anna utgreiing gjord av Høgskolen i Oslo og Akershus, samanliknar studentvandringar knytte til velferdsutdanning i Oslo-regionen med tilsvarande utdanningar på Vestlandet.3 Rapporten viser at høgskulane på Vestlandet primært rekrutterar frå eige region og mykje større grad enn høgskulane i Oslo og Akershus. Svært mange av studentane arbeider i same fylke/region etter avslutta studium.

7.3 Utvikle tilbod tilpassa den regionale arbeidsmarknaden

Viktige eksport- og næringsklyngjer er avhengige av god tilgang på kvalifisert arbeidskraft for å sikre vidare vekst og utvikling. Når ein stor del av dei nyutdanna får sin første jobb i regionen der utdanningsinstitusjonen ligg, vil nærleik til institusjonar som tilbyr relevant utdanning, vere viktig for mange næringsmiljø for å sikre langsiktig rekruttering.

Det er viktig med samarbeid regionalt mellom lokale og regionale styremakter, utdanningsmiljø og næringsliv for å sikre utvikling av utdanningstilbod tilpassa den regionale arbeidsmarknaden. Det finst i dag fleire ulike samarbeidsarenaer for dette.

Med utgangspunkt i budsjettmidla frå Kommunal- og regionaldepartementet organiserer fylkeskommunane regionale partnarskap for regional utvikling. Fylkeskommunane har samstundes ansvar for vidaregåande opplæring og fagskuleutdanninga. Universitet og høgskular har, på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, etablert Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA-råda). Råda skal bidra til auka samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar, regionale styresmakter og næringslivet. I tillegg samarbeider klyngje- og utdanningsmiljø om å utvikle tilbod.

Som ledd i arbeidet med å utvikle eit meir kompetansedyktig næringsliv har Kommunal- og regionaldepartementet avsett 20 millionar kroner på budsjettet for 2013 til næringsretta kompetansebygging. Tiltaket skal gjere kunnskapsinstitusjonane betre i stand til å levere kompetent arbeidskraft tilpassa behovet til det regionale næringslivet. Midlane skal gjennom eit fåtal strategiske satsingar bidra til å styrkje næringsmiljø og verksemder, særleg i Distrikts-Noreg, og vere eit supplement til eksisterande ordningar. Midlane skal nyttast til godt tilpassa, praksisnære og næringsretta tilbod i fagskule, høgare utdanning og/eller etter- og vidareutdanning. Departementet ynskjer god forankring og etterspurnad i næringslivet, som sjølv må bidra med ressursar i lag med andre regionale aktørar. Innovasjon Noreg arbeider, i samarbeid med andre relevante aktørar, med å utvikle innhaldet i ein satsing på næringsretta kompetansebygging.

7.4 Rettleiing og fråfall i vidaregåande opplæring

Det at mange fullførar vidaregåande opplæring er særs viktig for å ta vare på dei menneskelege ressursane i samfunnet på ein best mogleg måte. For heile landet er det om lag 70 prosent av elevane som har fullført vidaregåande opplæring fem år etter at dei starta. Etter ytterlegare fem år er talet oppe i om lag 80 prosent. Denne utfordringa er høgt prioritert politisk og Kunnskapsdepartementet har gjort fleire analysar av årsakene. Element som er trekte fram for å forklare høgt fråfall, er mellom anna mangel på læreplassar, svakt grunnlag frå grunnskulen, utdanningsnivået til foreldra og avstand til lærestaden.

Mange tiltak er allereie sette i gang. Kunnskapsdepartementet sitt treårige prosjekt Ny GIV starta i 2010 og er retta mot å auke gjennomføringa av vidaregåande opplæring. Prosjektet legg grunnlaget for ein forsterka innsats regionalt. Fleire fylkeskommunar melder at Ny GIV alt har ført til tettare samarbeid med kommunane om overgangen mellom grunnskule og vidaregåande skule. Prosjektet har også gjeve ny innsikt i innsatsen og verkemåten til skulane. Det er gjennom prosjektet skapt felles kunnskap og større forståing hjå partane for å finne og følgje opp gode tilbod til kvar einskild ungdom.

Mange vidaregåande skular har alt god kontakt og samarbeider med bedrifter og arbeidsliv i lokalmiljøet. I mange mindre arbeidsmarknader vil vidaregåande skule vere ein kompetansebase, spesielt innan yrkesretta fagutdanning. Skulen kan her vere ein viktig utviklingsaktør i lokalmiljøet gjennom å samarbeide med det lokale næringslivet.

Kunnskapsdepartementet og alle hovudsamanslutningane i arbeidslivet har underteikna ein samfunnskontrakt for å sikre fleire læreplassar. Det er eit mål å auke talet på læreplassar med 20 prosent i 2015 samanlikna med 2011, og å auke talet på vaksne som tek fagbrev. I kvart fylke skal det vere kontakt mellom fylkeskommunen som skuleeigar og lokalt arbeidsliv om oppfølginga av kontrakten på fylkesnivå. Partane skal møtast kvart år for å vurdere kor langt dei har kome i å nå målet.

Fotnotar

1.

NIFU (2012). Kompetanseinvesteringer i norsk arbeidsliv. Arbeidsnotat nr. 3 2012.

2.

Stambøl, L.S. (2013). Studentvandringer – Rekruttering til studier og tilførsel av nye høyt udannede i et geografisk perspektiv. Rapporter 6/2013. Statisisk senralbyrå.

3.

Gythfeldt, K. og Heggen, K. (2012). Er høgskolene regionale kvalifiseringsinstitusjoner? Likheter og ulikheter mellom høgskolene på Vestlandet og i hovedstadsregionen. Høgskolen i Oslo og Akershus, Senter for profesjonsstudier.

Til forsida