Meld. St. 17 (2012–2013)

Byggje – bu – leve

Til innhaldsliste

3 Ein bustadpolitikk for velferd

Figur 3.1 Ein bustadpolitikk for velferd

Figur 3.1 Ein bustadpolitikk for velferd

Foto: iStockphoto

Bustaden er ein føresetnad for å kunne ta del i arbeidslivet, for å ta utdanning og for å kunne ta vare på helsa. Bustaden er også viktig for å ha eit sosialt liv og for å vere ein del av eit lokalmiljø. Saman med arbeid, utdanning og helse er bustaden grunnleggjande for velferda til kvar einskild. Dette blir òg slått fast i menneskerettserklæringa til FN der det heiter at bustad er ein menneskerett på linje med mat, klede, helseomsorg og naudsynte sosiale ytingar.1

I Noreg bur dei aller fleste av oss godt og trygt. Åtte av ti eig bustaden sin – ein eigardel som har halde seg stabil i mange år. Tal tyder på at vi bur romslegare enn for 10–15 år sidan og at bustandarden blir stadig betre. Fire av fem har lett tilgang til turområde, og nesten sju av ti har tilgang til eit trygt leike- og rekreasjonsområde.

Bustad er likevel eit gode som ikkje er likt fordelt. Dess lågare inntekt vi har, dess meir utsette er vi for bustadproblem i ei eller anna form. Bustaden og bumiljøet bidreg til å jamne ut skilnader i levekår, men òg til å skape og halde oppe slike skilnader. Å førebyggje og løyse bustadproblem er å redusere skilnader i levekåra, styrkje folkehelsa og auke livskvaliteten til den einskilde.

Kapittelet opnar med å gje eit bilete av samanhengen mellom levekår og buforhold. Det er naudsynt med kunnskap om omfanget og fordelinga av bustadproblem for at den offentlege innsatsen skal kunne førebyggje at problema systematisk råkar einskilde grupper i samfunnet spesielt.

Kapittelet går deretter gjennom sider ved bustadpolitikken som bidreg til velferd:

  • bustad som del av velferdspolitikken

  • balanse mellom statleg styring og kommunal fridom

  • kommunen som samfunnsutviklar og tenesteytar i bustadpolitikken

  • Husbanken som tilretteleggjar og kunnskapsutviklar

  • forsking på bustadspørsmål

3.1 Levekår og bustad

Velferd kan definerast som å få dekt dei grunnleggjande behova ein har. Å bu godt og trygt er eit slikt behov. Velferd kan operasjonaliserast gjennom levekår, helse og livskvalitet. Desse forholda heng saman og verkar inn på kvarandre.

Levekår kan definerast som den tilgangen individa har på ressursar som dei kan nytte på ulike arenaer for å kontrollere og styre liva sine. Inntekt er ein viktig indikator på kva ressursar og kva høve til val vi har på bustadmarknaden.

Sjølv om det er ulike syn på kva som gjev god livskvalitet, er gode buforhold noko dei fleste prioriterer høgt. Dårlege buforhold kan føre med seg mangel på andre gode som er viktige for oss, slik som ein stabil og føreseieleg økonomi, god helse og det å kunne leve eit sosialt liv.

3.1.1 Inntekt og buforhold

For dei fleste av oss set økonomien skrankar for kvar og korleis vi bur. Sjølv om dei personlege preferansane og prioriteringane er ulike, er visse bustader i visse område meir attraktive enn andre. På same måte er det bustader og område der etterspurnaden er lågare. Samspelet mellom etterspurnad og tilbod gjev ulike bustadprisar og ulik husleige. Bustaden uttrykkjer derfor ofte ei allereie eksisterande ressursfordeling.

Jamn inntektsfordeling

I Noreg er fordelinga av inntekt særs jamn samanlikna med dei fleste andre land. Dette har å gjere med ein jamn lønsstruktur, rimeleg tilgang til høgare utdanning, eit skattesystem som verkar omfordelande, og godt utbygde velferdsordningar. Noreg skil seg ut som eit land der folk flest bur romsleg, med fleirtalet i einebustad og med ein bustadmasse av god kvalitet.

I internasjonal samanheng er det ein liten del av den norske befolkninga som har låginntekt.Låginntekt er eit omgrep som blir nytta om inntekt under definerte grenser.2 Prosentdelen med låginntekt har vore nokolunde stabil dei seinare åra, men har i eit lengre tidsperspektiv auka. Prosentdelen barn og barnefamiliar med låginntekt har auka dei seinare åra, og dette kan dels forklarast med auken i innvandrarbefolkninga.

Innvandrarar er overrepresenterte i låginntektsgruppa. Innvandrarhushald er overrepresenterte blant dei største familiane og blant hushald som ikkje har yrkestilknyting. Studiar viser også at innvandrarar har fleire helseproblem enn resten av befolkninga. Andre faktorar som medverkar til om innvandrarfamiliar har låge inntekter, er utdanninga, yrkesdeltakinga i fødelandet og butida i Noreg. Sjølv om mange innvandrarar betrar inntekta si etter å ha budd i Noreg nokre år, held fleire fram med å ha låg inntekt i lang tid.

Meld. St. 30 (2010–2011) Fordelingsmeldingen presenterer regjeringa sin fordelingspolitikk og har ein nærare omtale av utviklinga i inntektsfordelinga.

Dess høgare inntekta er, dess vanlegare er det å eige bustaden

Det er ein klar samanheng mellom inntekt, og om ein eig eller leiger bustad. Det er 96 pst. av hushalda med dei høgaste inntektene som eig bustaden sin, medan det same er tilfellet for 32 pst. av hushalda med dei lågaste inntektene.3 Dess høgare inntekt ein har, dess vanlegare er det å eige bustaden sin. På same måte er det meir sannsynleg at folk leiger når dei har låg inntekt. Dette gjeld særleg dei yngre (18–44 år). Tre av ti yngre med låginntekt eig bustaden sin, mot nesten tre av fire av alle i den same aldersgruppa.

I utgangspunktet fører ikkje det å eige eller leige i seg sjølv til forskjellar i levekår. Samstundes har Noreg ein forholdsvis liten leigesektor. Utleigebustadene er ofte små og av låg kvalitet. Leigarar har i større grad ustabile og uføreseielege buforhold enn dei som eig bustaden sin. Å eige bustaden betyr for mange å byggje opp ein formue og ha skattefordelar. Bustadkjøpet er for dei fleste den største investeringa dei gjer. Når bustadprisane går ned eller renta går opp, eller ved inntektsnedgang, kan eige av bustad innebere ein risiko. Risikoen kan vere vanskelegast å bere for personar med låg inntekt og låg eigenkapital.

Dess høgare inntekta er, dess meir bustad etterspør ein

Kor stor og dyr bustad eit hushald etterspør aukar med inntekta. Undersøkingar i Noreg viser at dersom inntekta aukar med 1 pst., vil hushalda med dei høgaste inntektene auke bustadkonsumet med 0,59 pst, medan hushalda med dei lågaste inntektene aukar bustadkonsumet med 0,1 pst.4

Dess lågare inntekta er, dess lågare bustandard har ein

Storleiken på bustaden i høve til talet på personar i hushaldet, fortel noko om bustandarden. Det er vanleg å rekne hushald som trongbudde når det er fleire hushaldsmedlemer enn disponible rom, eller når einpersonhushald berre har eitt rom. Det å bu trongt treng ikkje å vere eit problem. Mange prioriterer å bu sentralt framfor å ha større buareal. At folk bur trongt, er likevel ein indikasjon på at bustadmarknaden ikkje er tilpassa behovet hushalda har, og det reflekterer eit prisnivå som hindrar nokre grupper i å skaffe seg ein eigna bustad.5

I Noreg bur folk meir romsleg enn i dei andre nordiske landa. Dette kan dels forklarast med at ein større del bur i einebustad og rekkjehus, dels med at vi bur meir desentralisert. Det er sju pst. av hushalda som bur trongt, og unge med låginntekt er dei som oftast bur trongt. Barnefamiliar med låginntekt bur oftare trongt enn barnefamiliar generelt.6 Blant einslege forsørgjarar bur berre sju pst. trongt, noko som truleg først og fremst har samanheng med at det her er få hushaldsmedlemer.

Fukt og ròte i bustaden er ein annan indikator som blir brukt for å seie noko om bustandard. Det er åtte pst. av alle vaksne som rapporterer at dei bur i ein bustad med anten ròte eller fuktskadar.7 Av sosialhjelpsmottakarar svarer 24 pst. at dei har desse problema, medan 21 pst. av dei unge langtidssjuke melder om det same.

Dess lågare inntekta er, dess meir tyngjande buutgifter har ein

For eitt av fem hushald er buutgiftsbøra høg, det vil seie at hushaldet har utgifter til husleige og renter og avdrag som utgjer 25 pst. eller meir av den totale inntekta etter skatt. Men det er berre ein av ti som opplever buutgiftene som særs tyngjande, og nokre fleire som opplever buutgiftene som noko tyngjande.8 Buutgiftsbøra er altså ikkje alltid i samsvar med korleis den einskilde sjølv opplever buutgiftene.

Gruppa med høgast buutgiftsbør er unge med vedvarande låginntekt. Av dei er det berre ein av ti som opplever buutgiftene som særs tyngjande.9

Mange barnefamiliar med låge inntekter opplever buutgiftene som ekstra belastande, spesielt einslege forsørgjarar.10 Sjølv om buutgiftsbøra ikkje ligg særleg over snittet i befolkninga, seier heile sju av ti einslege forsørgjarar at desse utgiftene er særs eller noko tyngjande. Barnefamiliar har eit høgare forbruk på andre område, noko som kan gjere at dei opplever buutgiftene som spesielt tyngjande i ein elles trong økonomi.

Aleinebuande har relativt høge buutgifter når ein samanliknar aleinebuande i ulike aldersgrupper med par utan barn i same alder. Eigardelen er òg lågare blant aleinebuande, og lågast blant unge som bur aleine.

3.1.2 Vanskelegstilte på bustadmarknaden

Gjennomgangen ovanfor viser at dess lågare inntekt ein har, dess større er sjansen for at ein har udekte bustadbehov. Disposisjonsform, bustadøkonomi og bustandard gjev likevel berre indikasjonar på bustadproblem. Personlege prioriteringar og preferansar spelar òg ei rolle. Ein kan vere nøgd med buforholdet sjølv om buutgiftene utgjer ein stor del av inntekta eller bustaden ikkje er romsleg.

Vanskelegstilte på bustadmarknaden kan seiast å vere personar som slit med å finne seg ein tilfredsstillande stad å bu og å bli buande. Det finst ikkje éin fast definisjon av vanskelegstilte på bustadmarknaden, og omgrepet er blitt operasjonalisert på fleire måtar i statistikk og analysar. Nedanfor følgjer nokre innfallsvinklar til å gje eit bilete av dei som slit på bustadmarknaden.

Vanskelegstilte på bustadmarknaden – omfang og samansetjing

Bustadutvalet (NOU 2011: 15) fekk gjennomført ein analyse av kor mange som er vanskelegstilte på bustadmarknaden, og kven dei er. Analysen inkluderte to grupper: (1) Personar med låginntekt, som anten budde i ein ueigna bustad eller hadde høg buutgiftsbelasting, og (2) bustadlause. På grunnlag av analysen meinte utvalet at rundt 150 000 personar kan reknast som vanskelegstilte. Analysen viser at dei fleste vanskelegstilte leiger bustaden sin. Dei som bur aleine er overrepresenterte, og mange av dei vanskelegstilte bur i Oslo. Tre av fire av dei vanskelegstilte har vedvarande låginntekt, det vil seie at dei har hatt låginntekt dei siste tre åra. Vegen ut av situasjonen med låginntekt ser først og fremst ut til å gå gjennom auka arbeidstilknyting.

Overslaget som utvalet gjorde er usikkert, og ikkje alle opplever situasjonen som vanskeleg. Samstundes kan det vere mange som slit på bustadmarknaden som ikkje blir fanga opp av slike analysar. Til dømes er det ein del vaksne med nedsett funksjonsevne eller utviklingshemming som bur hjå foreldra fordi dei ikkje får tilgang til ein eigna bustad. Flyktningar som kjem til Noreg via FNs Høgkommisær eller som ventar i mottak i påvente av ein busetjingskommune, er også ei gruppe som ikkje er inkludert i analysen.

Husstandar med låge inntekter og høge buutgifter

Ein annan måte å identifisere kven som slit på bustadmarknaden, er å sjå på kva evne hushald har til å betene buutgifter. I ei slik tilnærming er forholdet mellom ressursane til hushalda og buutgifter viktige.

Det blir nytta ulike indikatorar for å seie noko om situasjonen for etablerte hushald og om føresetnader for å etablere seg på bustadmarknaden. For etablerte hushald er det naudsynt å ta utgangspunkt i data om hushalda, medan det for dei som skal etablere seg kan nyttast indikatorar om bustadprisar, lånerente og andre makroforhold.11

Data om bustøttemottakarar er ei kjelde til å få kunnskap om situasjonen for personar med særs låge inntekter og høge buutgifter. Om lag 128 000 husstandar får statleg bustøtte kvart år. Utrekningar viser at av dei som fekk bustøtte for desember 2011, hadde 72 pst. hovudinntekt frå pensjon eller trygd.12 Mange av dei andre får økonomisk sosialhjelp. Det er 75 pst. som bur aleine, medan det er barn i 23 pst. av husstandane. Det er 79 pst. som er leigarar, og nær halvparten av dei leiger ein kommunal bustad. Utrekninga viser òg at to av fem mottakarar framleis har høge buutgifter i forhold til inntekta etter at dei har fått bustøtte.Buutgiftsbøra er størst for dei som bur i Oslo og Akershus. Børa er størst for dei som leiger privat, og minst for dei som leiger ein kommunal bustad. Einslege forsørgjarar har den høgaste buutgiftsbøra, medan eldre over 65 år har lågast bør. Det siste gjeld særleg eldre som eig bustaden. Barnefamiliar har høge buutgifter og er den gruppa som får lagt minst av dei faktiske buutgiftene sine til grunn når det blir utmålt bustøtte.13 Barnefamiliar er også blant dei mottakarane der flest bur trongt.

Bustadlause

Den siste kartlegginga av bustadlause frå 2008 viser at om lag 6100 personar ikkje har ein fast stad å bu.14 Dei fleste treng hjelp både til å skaffe bustad og til å bli buande. Det er 60 pst. som har eit rusproblem, 40 pst. som har ei psykisk liding, og nesten ein av fire som har både rusproblem og psykisk liding. Av dei bustadlause er to pst. definerte som personar utan ordna overnatting for den komande natta. Nesten 40 pst. oppheld seg mellombels hjå familie og vener, medan ein tredjedel oppheld seg på ulike døgnovernattingsstader. Kvar fjerde bustadlaus sonar i fengsel eller oppheld seg på institusjon og skal frigjevast eller skrivast ut innan to månader utan ein stad å bu.

Kapittel 6 «Nasjonal strategi for bustadsosialt arbeid» har ein nærare omtale av arbeidet med personar utan ein fast stad å bu.

3.2 Bustad som del av velferdspolitikken

Rettferdig fordeling og utjamning er grunnleggjande verdiar for regjeringa. Ei jamn fordeling gjev innbyggjarane likare høve til å få utdanning, jobb, god helse og ein trygg bustad. Barn har behov for å bu godt og trygt, og derfor må barnefamiliar sikrast tilfredsstillande buforhold. Bustaden og bumiljøet har innverknad på velferda til barnet her og no, og som vaksen.

Sjølv om det er klare samanhengar mellom bustad, arbeid, utdanning og helse, er det ikkje alltid mogleg å slå fast kva som påverkar kva. Utdanning og helse har innverknad på kva høve ein har til å få arbeid, og arbeid påverkar inntekta. Inntekta påverkar moglegheitene på bustadmarknaden, som igjen påverkar tilgangen til eit helsefremjande nærmiljø og sunne bustader.

Utdanning

Eit allment tilgjengeleg utdanningssystem med god kvalitet gjev jamnare fordeling. Eit utdanningssystem som er tilgjengeleg for alle, påverkar inntektsfordelinga på lang sikt. Livslang læring aukar realkompetansen, motverkar utstøyting og er ein viktig premiss for å lukkast med arbeidslinja. Utdanning har mykje å seie for den framtidige inntekta og dermed også for den økonomiske evna som trengst om ein skal skaffe seg tilfredsstillande buforhold.

Arbeid

Tilknytinga til arbeidslivet er den viktigaste faktoren som hindrar låginntekt og fattigdom. Arbeid gjev høve til sosialt fellesskap og integrering. Det er ein klar samanheng mellom manglande arbeidstilknyting, låginntekt og ulike bustadproblem. Regjeringa har eit overordna mål om å sikre høg sysselsetjing og låg arbeidsløyse også i framtida. Ein aktiv arbeidsmarknadspolitikk og eit inkluderande arbeidsliv er derfor verkemiddel for å betre buforholda til den einskilde. For dei som ikkje kan arbeide, skal offentlege overføringar og skattesystemet gje økonomisk tryggleik og medverke til jamnare fordeling.

Folkehelse

Helsa til folk er ikkje berre viktig for den einskilde, men òg for velferdssystemet og for berekrafta i samfunnet. Folkehelsearbeid handlar om å fremje gode oppvekstvilkår for barn og unge, førebyggje sjukdom og forhindre skadar og utvikle eit samfunn som legg til rette for sunne levevanar og vernar mot helsefarar.

Helsa blir skapt der folk lever og bur. Det betyr at omsynet til bustaden, bumiljøet, nærmiljøet og lokalsamfunnet må inkluderast i arbeidet for god folkehelse. Å ha ein god og trygg bustad er i seg sjølv bra for helsa. Bustadene må også vere utforma slik at dei kan førebyggje sjukdom og skadar, og slik at dei utgjer ei ramme for helsefremjande og førebyggjande arbeid.

Kampen mot fattigdom

Politikken for å motverke fattigdom har eit sterkt førebyggjande perspektiv og omfattar langsiktige tiltak. Høg sysselsetjing, stabil økonomisk vekst og berekraftige velferdsordningar skal førebyggje og motverke fattigdomen. Tiltak for å skape gode og trygge buforhold er ein del av dette arbeidet.

Regjeringa la i 2007 fram ein handlingsplan mot fattigdom. Handlingsplanen omfattar målretta tiltak som skal gje hjelp til grupper som fell utanfor, og særskild innsats som kan bidra til å betre levekåra for dei som er vanskelegstilte. Planen inngår i ein samla politikk for å redusere økonomiske og sosiale skilnader og fattigdom, og har desse delmåla:

  • Alle skal få høve til å kome i arbeid.

  • Alle barn og unge skal kunne delta og utvikle seg.

  • Ein skal betre levekåra for dei mest vanskelegstilte.

Blant tiltaka i planen finn ein kvalifiseringsprogram for utsette grupper og kompetanse- og utviklingstiltak for å førebyggje og redusere fattigdom blant barn, unge og barnefamiliar.

Inkludering og integrering

Menneske med ulik bakgrunn og ulike behov skal kunne fungere på alle arenaer i samfunnet. Hovudregelen i både norsk lovgjeving og i FN-konvensjonen er at samfunnet gjennom generelle tiltak skal syte for at personar med redusert funksjonsevne i vidast mogleg omfang får minska konsekvensane av dei reduserte funksjonsevna sine. Når dette ikkje er mogleg gjennom generelle tiltak, har samfunnet eit ansvar for å bidra med kompensatoriske verkemiddel.

Tilsvarande skal alle innvandrarar ha like høve, like rettar og like plikter. I Noreg bur det menneske med bakgrunn frå fleire enn 200 land, og det bur innvandrarar i alle kommunane. Ingen skal bli diskriminerte eller stengde ute fordi dei har innvandrarbakgrunn eller annan minoritetsbakgrunn.

Alle styresmakter har eit sjølvstendig ansvar for å utvikle ein politikk for heile befolkninga og for å tilpasse tenestetilbodet til brukarane sine behov. Politikken skal syte for at alle får brukt ressursane sine og kan ta del i fellesskapet.

3.3 Balanse mellom statleg styring og kommunal fridom

Hovudprinsippet for den statlege styringa av kommunesektoren er økonomisk og juridisk rammestyring. Rammestyringa inneber at kommunane har handlingsrom til å gjere lokale og individuelle tilpassingar av tenestene og ta eigne vegval. Nærleik og kunnskap om lokale variasjonar og individuelle behov er ein føresetnad for effektive og fleksible løysingar.

Staten bruker juridiske, økonomiske og pedagogiske verkemiddel for at kommunane skal kunne løyse dei bustadpolitiske oppgåvene. Det finst ikkje noko særlov om bustadpolitikk, men både den generelle lovgjevinga og særlover har innverknad på politikkområdet.

Kommuneplanen er den viktigaste reiskapen kommunane har for å planleggje og å finne tilstrekkeleg areal til bustadbygging. Samfunnsdelen i kommuneplanen skal synleggjere kva problem og utfordringar kommunen står overfor, mellom anna kva behov kommunen har for tomter til bustadutbygging. Kommunen kan setje mål for bustadbygging og prioritere mellom område og tomter for utbygging. Arealdelen til kommuneplanen skal vise bruken av areala og kvar bustader kan byggjast i framtida.

Gjennom Husbanken tilbyr staten fleire økonomiske verkemiddel som skal hjelpe kommunen i den lokale bustadpolitikken. Det er store skilnader mellom kommunane når det gjeld premissane for den lokale bustadpolitikken, omfanget og samansetjinga av utfordringar og korleis dei bustadpolitiske oppgåvene er organiserte. Nokre kommunar har oppgåver som krev omfattande utviklingsarbeid, og ein del av dei gjer dette arbeidet saman med Husbanken. Her har dei økonomiske verkemidla ei viktig rolle. Kommunane skal administrere den statlege bustøtta. Utover det er dei ikkje pålagde å bruke dei statlege økonomiske verkemidla.

Rettleiing og dialog står sterkt i den statlege styringa av kommunane. Husbanken er den viktigaste statlege instansen for å støtte opp om kommunane i den sosiale bustadpolitikken. Husbanken har dei siste åra fått ei klarare rolle som støttespelar for kommunane, både fagleg og økonomisk. Husbanken har bustadpolitisk kompetanse og legg til rette for erfaringsutveksling mellom kommunane. Departementet vil arbeide for at denne rolla til Husbanken blir vidareutvikla og forsterka.

Konsultasjonsordninga er den mest formaliserte dialogarenaen mellom regjeringa og kommunesektoren. Innanfor denne ordninga har fleire departement og KS inngått bilaterale avtalar på prioriterte politikkområde. Samarbeidsavtalen om bustadsosialt arbeid, der fem departement er ansvarlege frå staten si side, er eit døme.15 Avtalen bidreg til ei felles forståing av utfordringar og løysingar innanfor bustadpolitikken, og dialogen gjev verdifulle innspel til politikkutforminga og gjennomføringa. Sidan 2007 har KS og Kommunal- og regionaldepartementet arrangert årlege bustadsosiale leiarkonferansar for å fremje dialog mellom kommunane og statlege instansar.

3.4 Kommunen som samfunnsutviklar og tenesteytar i bustadpolitikken

Kommunen har både ei rolle som samfunnsutviklar og som tenesteytar i bustadpolitikken. Som samfunnsutviklar skal kommunen setje mål for samfunnsutviklinga. Kommunen skal leggje til rette for god utforming av bygde omgjevnader, gode bumiljø og gode oppvekst- og levekår. Med gode bumiljø er det meint både mange nok bustader og god kvalitet i bustadene og i nærmiljøet.

Som tenesteytar skal kommunen tilby ulike tenester til personar og hushald som treng hjelp på bustadmarknaden. Målet er at alle skal få den hjelpa dei treng for å skaffe seg ein bustad og bli buande.

3.4.1 Bustad som del av samfunnsutviklinga i kommunane

Kommunane kan bruke arealplanlegginga som reiskap for å fremje samfunnsomsyn som inkludering, folkehelse og gode levekår. Gjennom arealplanlegginga kan kommunen leggje til rette for naudsynte og føremålstenelege areal til bustadformål. Bustadene skal ikkje berre vere eit gode i seg sjølv, men skal også fremje tilgjengeleigheit og godt utemiljø. Det skal vere grøntstruktur i byggjesona, tilgjenge til skule og andre offentlege tenester.

Kommunen kan òg setje krav til bustadstorleik og nærområde for å motverke at det blir store skilnader i levekåra. Kommunane kan òg bruke arealplanlegginga til å utvikle den kommunale bustadmassen. Dersom kommunane vil leggje til rette for at kommunale leigarar kan kjøpe bustaden sin, kan det gjerast gjennom arealplanlegging og bustadkjøp i nye utbyggingsområde. Gjennom utbyggingsavtalar kan kommunane sikre seg forkjøpsrett til bustader. Kommunen si rolle i planlegginga er gjort nærare greie for i kapittel 4 «Bustader for framtida».

Områdeutvikling

Område med dårlege levekår, mykje flytting og manglande vedlikehald av bustadmassen kan få ei negativ utvikling. Dette er det viktig å motverke. Årsakene til utfordringane i slike område er samansette. Det inneber at kommunale, regionale, statlege og private instansar må koordinere innsatsen innanfor eit avgrensa geografisk område. Sektorar som transport, naturforvaltning, utdanning, helse- og sosialtenester, kultur, integrering og bustad kan verke saman.

Utvikling av gode bu- og nærmiljø er først og fremst eit kommunalt ansvar. I område med store levekårsutfordringar kan det vere krevjande for kommunane å styrkje bu- og nærmiljøkvalitetane. Staten har derfor gjeve tilskot til bustad-, by- og områdeutvikling sidan 2007. Tilskotet er forvalta av Husbanken. Ordninga betrar det fysiske og sosiale miljøet og bidreg til å gje innbyggjarane tryggleik, trivsel og livskvalitet i nærområdet deira.

Det pågår tverrsektorielle satsingar i område med levekårsutfordringar i Oslo, Bergen og Trondheim. Den største satsinga er i Groruddalen i Oslo. I 2007 gjekk staten og Oslo kommune inn i ein avtale om ei felles, brei og tiårig satsing i fire bydelar i Groruddalen. Satsinga skal gje synleg miljøopprusting, betre livskvalitet og samla sett betre levekår for innbyggjarane. Satsinga omfattar fleire sektorar og er delt inn i fire programområde: 1) Miljøvenleg transport, 2) Grøntstruktur, idrett og kulturmiljø, 3) Bustad-, by- og- stadutvikling og 4) Oppvekst, utdanning, levekår, kulturaktivitetar og inkludering.

Arbeidet under programområde 3, Bustad-, by- og stadutvikling inneber tiltak som skal betre dei fysiske og sosiale forholda i nærmiljøet, som til dømes opprusting av parkar, vegundergangar, nye møteplassar og leikeareal.

Satsinga i Groruddalen er vurdert etter dei første åra, og totalvurderinga er at ho er på rett veg.16 Det er god samanheng mellom tiltaka og måla i satsinga. Det at satsinga er så brei, men likevel koordinert mellom dei ulike sektorområda, blir trekt fram som positivt. Satsinga har gjeve synlege resultat i form av fysiske og sosiale tiltak. Men mange av dei store og grunnleggjande utfordringane er for krevjande til at dei kan løysast gjennom ei tidsavgrensa satsing. Dette gjeld mellom anna dei store og tunge utfordringane på miljø- og samferdselssida.

Områdeløftet har utløyst engasjement og skapt resultat som innbyggjarane verdset. Som pådrivar og samarbeidspartnar for bydelane blir Husbanken opplevd som verdifull, men det er også klart at områdeløft inneber kompliserte og tidkrevjande prosessar. Satsingane i Bergen og Trondheim starta opp i høvesvis 2011 og 2012.

Folkehelse – ein viktig ressurs

Folkehelsa er ein av dei viktigaste ressursane våre. Å setje i verk helsefremjande tiltak er ein del av ansvaret til fylkeskommunane og kommunane. Jamt over er helsetilstanden i befolkninga god, men det er behov for å fremje god helse og førebyggje sjukdom og for tidleg død. Skilnader i levekår og levevanar gjev auka skilnader i helse.

Lova om folkehelsearbeid frå 2012 skal medverke til ei samfunnsutvikling som styrkjer folkehelsa, og som jamnar ut sosiale skilnader i helse og levekår. Kunnskap om demografien og helsetilstanden og om forhold som påverkar helsa til folk, bør liggje til grunn for planlegginga i kommunane. Det blir no årleg publisert folkehelseprofilar for alle kommunar og fylke. Regjeringa vil vurdere å inkludere indikatorar for ulike bustadforhold i folkehelseprofilane, slik som bustadtypar, hushaldssamansetjing og fordelinga av leigde og eigde bustader. Dette kan vere viktig informasjon til fylkeskommunane og kommunane i arbeidet med å jamne ut levekår og sosiale skilnader.

Fylkeskommunane og kommunane bør planleggje slik at dei sikrar areal til fysisk aktivitet. Det er viktig for helsa og oppvekstvilkåra til barn at det finst leikeplassar og areal til ulike aktivitetar. Det er òg viktig for eldre å kunne vere fysisk aktive i nærmiljøet. Bustadmiljø skal også ha møteplassar og gje høve til avkopling og ro. Det skal òg planleggjast slik at negativ verknad på helsa blir minst mogleg. Til dømes er det viktig at bustader i støyutsette omgjevnader har soverom som er vendt mot den mest stille sida av huset.

Regjeringa vil våren 2013 leggje fram ei stortingsmelding om ein nasjonal folkehelsestrategi.

Tilgjengelegheit og universell utforming

Tilgjengelegheit i eit bygg inneber at flest mogleg skal kunne bruke bygget. Med universell utforming kjem i tillegg kravet om at så mange som råd skal kunne bruke bygget på ein likestilt måte. Prinsippet om universell utforming er nedfelt i føremålsparagrafen i plan- og bygningslova, noko som inneber ein langsiktig nasjonal strategi for å gjere samfunnet tilgjengeleg for alle og hindre diskriminering. Universell utforming bør med i den overordna planlegginga, i detaljplanlegginga, i byggjesakshandsaminga og i arbeidet med kontroll og tilsyn. Føremålet er at samfunnet skal vere slik at alle menneske skal ha høve til å ta del i lokalsamfunnet og oppleve trygge og inkluderande miljø.

Plan- og bygningslova krev universell utforming av publikums- og arbeidsbygningar og uteareal opne for allmenta. Nye bustader skal vere brukande og tilgjengelege. Krava i byggteknisk forskrift vil variere for ulike typar bustader. I kommunale planar kan kommunane fremje tilgjengelegheit i bustader ved å gje føresegner om planløysing og fordeling av bustadtypar.

Miljø- og helsevenleg bustadutvikling

Mange norske byar og tettstader har hatt ein sterk vekst både i folketalet og i talet på arbeidsplassar. Likevel er det framleis eit stort potensial for fortetting. Fortetting gjer at vi kan ta vare på produktive landbruksområde, verne om artsmangfaldet og om verdifulle natur- og kulturmiljø, og redusere transportbehovet. Byar og tettstadskommunar bør leggje vekt på fortetting og transformasjon i sentrum og rundt knutepunkt for å motverke byspreiing.

Ved all bustadutvikling skal dei nasjonale måla og prinsippa for ei berekraftig by- og stadutvikling liggje til grunn.17 Vidare har regjeringa, som varsla i klimameldinga, som mål at veksten i persontransporten i storbyane skal møtast med kollektivtransport, sykkelvegar og gangvegar. Det er ikkje mogleg å nå dette målet utan å planleggje for fortetting, effektive kollektivknutepunkt og gang- og sykkelvegnett.

Nye bygg, bustader, næringslokale og arbeidsplassar i byane skal lokaliserast i eksisterande bygningsmiljø og nær kollektivknutepunkt. Bustadbygginga skal vere konsentrert. Fortetting og omforming skal skje på ein måte som tek vare på og vidareutviklar eksisterande kvalitetar, grøntstruktur, offentlege uterom og kulturmiljø.

Tilgang på grøntområde og naturområde for rekreasjon og friluftsliv er viktig for trivsel i nye og eksisterande by- og bustadområde. Det bør vere kort avstand frå bustadområda til grøntområde for rekreasjon. Det er viktig å motverke nedbygging av viktige naturområde og sikre at grøntområda blir verande eller betra i og ved byar og tettstader.

Det treng ikkje vere ein motsetnad mellom fortetting og kvalitet med omsyn til lys, luft og uteområde. Mellom anna er det ikkje nokon klar samanheng mellom kor tett folk bur, og kva tilgang dei har til rekreasjonsareal.

Fortetting er i første rekkje eit prinsipp som gjeld bustadutviklinga i byar og på tettstader. I distrikta har folk betre høve til å bu for seg sjølve. Det er god ressursutnytting i å ta landet i bruk og ta vare på bustadene og kulturlandskapet i distrikta. Det skal vere rom for å busetje seg mindre sentralt.

Regjeringa ynskjer fleire bygg der omsynet til energi- og materialbruk, byggjeavfall, inneklima, forureining og klimatilpassing blir sett i ein heilskapleg samanheng. Det er viktig å sikre at energikrav ikkje går ut over andre forhold, som til dømes inneklima. I tillegg skal bygga ha god funksjonell og visuell utforming.

3.4.2 Kommunen som tenesteytar i det bustadsosiale arbeidet

Bustadsosialt arbeid kan seiast å omfatte alt ifrå å skaffe bustader til vanskelegstilte på bustadmarknaden, til å auke føresetnaden den einskilde har for å meistre buforholdet. Bustadutvalet (NOU 2011: 15) skilde mellom operative og strategiske oppgåver i det bustadsosiale arbeidet. Dei operative oppgåvene handlar om å skaffe bustader, gje økonomisk støtte til buutgifter og gje oppfølging i bustad. Dei strategiske oppgåvene kan vere å fastsetje mål for ulike verkemiddel, setje av økonomiske og faglege ressursar til arbeidet, og å avgjere kvar og av kven dei ulike operative oppgåvene skal løysast. I tillegg inneber dei strategiske oppgåvene å sikre rapportering og evaluere effekten av arbeidet.

Kapittel 6 «Nasjonal strategi for bustadsosialt arbeid» går nærare inn på kva ansvar og oppgåver kommunane har i det bustadsosiale arbeidet.

Bustadutvalet (NOU 2011: 15) lyfta fram fem suksesskriterium for det bustadsosiale arbeidet: samordning, forankring og eigarskap, overordna strategi for det bustadsosiale arbeidet, bustadsosial kompetanse og økonomiske ressursar. I sitt høyringssvar til NOU 2011: 15 meinte Samarbeidsforum mot fattigdom at utvalet også burde trekkje med brukarmedverknad som eit suksesskriterium. Dialog og deltaking blant representantar for vanskelegstilte på bustadmarknaden er eit viktig demokratisk prinsipp og naudsynt for at det bustadsosiale arbeidet i kommunane skal lukkast. Departementet er samd i vurderingane frå Samarbeidsforum mot fattigdom.

Dei kommunale tenestene er gjennom dei siste tiåra blitt meir samansette. Nedbygginga av institusjonsomsorga har ført til at personar som tidlegare budde i institusjon, no bur i eigen bustad. Dette er personar med nedsett funksjonsevne, kronisk sjuke, utviklingshemma og personar med psykiske lidingar og rusproblem.18 Også eldreomsorga har vore gjennom ei slik utvikling. Handlingsplanen for eldreomsorga, som kom på slutten av 1990-talet, innebar ei nedbygging av institusjonsomsorga til fordel for omsorgsbustader og tilrettelegging for at fleire eldre skulle kunne bu heime lenger. Dei kommunale heimetenestene har med dette fått fleire brukarar og ei meir samansett gruppe av brukarar.

Med institusjonsomsorg er det ei direkte kopling mellom bustad og tenester, medan ein ved å byggje ned institusjonsomsorga koplar bustaden fri frå tenestene. Mange har behov for hjelp til å få ein eigna stad å bu og for tenester i heimen. Det er derfor viktig å sjå folk sitt totale behov i samanheng for å kunne gje best mogleg hjelp og oppnå best mogleg resultat. Tenester skal ikkje koplast til spesifikke butilbod, men det må gjerast ei vurdering av kva for butilbod som eignar seg for den einskilde, og kva for tenester den einskilde har behov for.

Mangfaldet av bustadbehov forklarer kompleksiteten i arbeidet. Det er viktig med samordning på tvers av sektorar og forvaltningsnivå. I tillegg til samordning internt i kommunen er det behov for samarbeid og rutinar mellom kommunen og statlege aktørar. Dette gjeld til dømes ved frigjeving frå fengsel eller utskriving frå institusjon, der kommunen tidleg i prosessen må ha dialog og samarbeid med kriminalomsorga og spesialisthelsetenesta.

Både kommunane og staten må ha gode styringsdata for å kunne førebyggje og avhjelpe bustadproblem på ein målretta og effektiv måte. Rapportering i KOSTRA (KOmmune-STat-RApportering) og på verkemidla til Husbanken gjev styringsinformasjon. Fleire kommunar ser likevel behov for å vidareutvikle datatilfanget. I dag må kommunen hente data frå ulike kjelder som NAV-kontoret, pleie- og omsorgstenesta, flyktningkontoret, bustadkontoret og eigedomsforvaltninga.

Oslo kommune har, mellom anna i samarbeid med Husbanken, utvikla eit sakshandsamingssystem for bustadsosialt arbeid. Systemet skal takast i bruk i 2013. Det kjem til å gje betre kontinuitet i sakshandsaminga og betre oversikt over behova og effekten av tiltaka. Systemet er tilgjengeleg for også andre kommunar, og Husbanken vil medverke til å gjere det mogleg å ta det i bruk.

3.4.3 Lovframlegg i NOU 2011: 15 Rom for alle

Bustadutvalet (NOU 2011: 15) føreslo å tydeleggjere og utvide ansvaret som kommunane har for å hjelpe vanskelegstilte på bustadmarknaden. Utvalet meinte at kommunane allereie har eit ansvar for å skaffe bustader til dei som ikkje sjølve er i stand til det. Lovverket er likevel komplisert og vanskeleg å få oversikt over, og det er uklart kva kommunane faktisk er pålagde å gjere. Utvalet meinte at ei sterkare lovforankring i større grad vil likestille det bustadpolitiske feltet med andre velferdsområde som helse, utdanning og inntektssikring. Utvalet hadde tre konkrete framlegg om lovendringar. Nærare omtale av lovframlegga finn ein i NOU 2011: 15 s. 133–136.

I høyringa av NOU 2011: 15 var det mange instansar som hadde synspunkt på lovframlegga. Det var ei lita overvekt av instansar som støtta framlegga. Blant kommunane var det fleire som gjekk imot framlegga, enn som var for. KS støtta det mindretalet i utvalet som gjekk imot lovframlegget om rett til naudsynt bistand til å få eit forsvarleg butilbod.

Kommunal- og regionaldepartementet har fått gjennomført ei utgreiing om moglege konsekvensar av framlegga til utvalet.19 Utgreiinga søkjer svar på kva rettsleg verknad lovframlegga har samanlikna med gjeldande rett, kva for tilsikta og utilsikta konsekvensar framlegga kan ha for vanskelegstilte på bustadmarknaden, og kva for økonomiske og administrative konsekvensar dei kan ha for kommune og stat. Utgreiinga konkluderer med at lovframlegga i varierande grad vil ha rettsleg verknad for kommunane.

I vurderinga av lovframlegga til utvalet har departementet lagt vekt på både grunngjevinga som utvalet hadde til framlegga, høyringssvara til NOU 2011: 15 og den eksterne utgreiinga av moglege konsekvensar.

Departementet er samd i fleire av dei momenta som utvalet grunngav i framlegget om å lovfeste det kommunale ansvaret for å skaffe bustader til vanskelegstilte. Bustaden er grunnleggjande for den einskilde si helse, verd og moglegheit for eit aktivt liv. Viss ei lovendring skal innebere ei reell auke i dei rettslege forpliktingane kommunane har for å skaffe bustader til vanskelegstilte, let dette seg vanskeleg gjere utan å gje individuelle rettar. Det var ikkje intensjonen til utvalet å gje individuelle rettar.

Utvalet meinte at gjeldande lovverk er komplisert og vanskeleg å få oversikt over. Etter at NOU 2011: 15 blei lagt fram, er det utarbeidd eit nytt rundskriv til Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen.20 Rundskrivet tydeleggjer kva forståing som skal leggjast i lovføresegnene og kva for omsyn det skal leggjast vekt på i skjønnsmessige vurderingar.

Rundskrivet tek til ei viss grad høgde for dei momenta som utvalet grunngav lovframlegga med. I omtalen av § 15 Boliger til vanskeligstilte i rundskrivet heiter det at kommunen har eit ansvar for å sikre ein forsvarleg bustad for personar som av økonomiske, sosiale, helsemessige eller meir samansette forhold ikkje kan ta vare på interessene sine på bustadmarknaden. Vidare heiter det at ein tilfredsstillande bustad er ein sentral føresetnad for at den einskilde skal kunne leve og bu sjølvstendig, skaffe eller halde på arbeid, og delta i samfunnet.

I omtalen av § 27 Midlertidige botilbud i rundskrivet heiter det at tenestemottakarar som ikkje har ein stad å sove og opphalde seg det neste døgnet har krav på mellombelse butilbod. Årsaka til behovet, og om situasjonen har vart over tid, er utan betydning for retten til tenesta. Opphald som varer meir enn tre månader bør berre skje unntaksvis. Mellombelse butilbod skal berre ved unntak nyttast ved frigjeving frå fengsel eller utskriving frå institusjon. Når mellombelse butilbod blir nytta, skal NAV-kontoret så vidt mogleg setje i verk tiltak for å sikre overgang til varig butilbod omgåande. I helse- og omsorgstenestelova er det stilt krav om at kommunar og helseføretak skal inngå avtalar om samarbeid om ei rekkje oppgåver, mellom anna ved innlegging, utskriving, habilitering, rehabilitering og lærings- og meistringstilbod. Samarbeidsplikta gjeld alle pasientgrupper, også personar med rusproblem.

Dersom Arbeidsdepartementet etter at det nye rundskrivet har blitt godt kjend i kommunane, mottek meldingar om at § 15 Boliger til vanskeligstilte framleis blir opplevd som uklar, vil departementet vurdere å endre ordlyden i denne paragrafen.

Utvalet føreslo òg å tydeleggjere ansvaret for ein forsvarleg busituasjon som del av det ansvaret kommunane har for helse- og omsorgstenester. Dei omsyna som dei føreslåtte lovføresegnene skal ta vare på, er allereie langt på veg dekte av § 3-7 c i helse- og omsorgstenestelova der det i dag kjem fram at kommunen har eit medverknadsansvar. Eigna bustad gjev den einskilde tryggleik og vil ofte vere ein føresetnad for at andre tenester er verksame. Hjelp til bustad er viktig for å få god effekt av behandling, og for at menneske skal lukkast med rusbehandling.

Utvalet viste òg til at individuell plan er ein viktig reiskap i planlegging og gjennomføring av bustadtiltak og oppfølging i bustad. I Meld. St. 12 (2011-2012) Stat og kommune – styring og samspel varsla regjeringa ei samla evaluering av dei ulike lovføresegnene om individuell plan. Fram til Stortinget har fått lagt fram for seg resultata frå evalueringa, vil regjeringa ikkje gjere framlegg om nye lovføresegner om individuell plan. Kommunal- og regionaldepartementet viser også til avsnitt 6.6.2 i denne stortingsmeldinga, der det er ein omtale av at hjelp til å skaffe ein bustad og oppfølging i bustad kan vere blant tiltaka i den individuelle planen.

3.5 Husbanken som tilretteleggjar og kunnskapsutviklar

Husbanken er den viktigaste reiskapen til regjeringa når ho skal gjennomføre den statlege bustadpolitikken. Husbanken har alltid hatt ei velferdsrolle, men fram til 1990-talet var det tale om dei generelle bustadbehova i den allmenne befolkninga. Søkjelyset er no i større grad retta mot personar som ikkje klarar å seg ein bustad på eigenhand, eller som står i fare for å miste bustaden sin. Kommunane har hovudansvaret for å hjelpe vanskelegstilte på bustadmarknaden, og Husbanken skal støtte kommunane fagleg og økonomisk i dette arbeidet. Husbanken skal også stimulere til at det blir bygd fleire miljøvenlege og universelt utforma bustader og område.

Boks 3.1 Økonomiske verkemiddel i Husbanken

Programkategori 13.80 Bustad, bumiljø og bygg

Bustøtte (kap. 580.70) Bustøtta går til husstandar med låg inntekt og høge buutgifter. Med nokre unntak kan alle som er over 18 år få bustøtte viss dei oppfyller kriteria for ordninga. Ordninga er strengt behovsprøvd. Husbanken forvaltar ordninga i samarbeid med kommunane.

Bustadetablering i distrikta (kap. 581.70) Tilskotet skal bidra til utvikling av attraktive lokalsamfunn gjennom å stimulere til auka tilbod av ulike typar bustader i kommunar med små og usikre bustadmarknader og/eller mangel på bustader. Tilskotet går til 12 kommunar som frå 2012 deltek i ein treårig forsøksordning «Bustadetablering i distrikta».

Tilskot til bustad-, by- og områdeutvikling (kap. 581.74) Tilskotsordninga skal betre dei fysiske omgjevnadene, stimulere til auka deltaking i nærmiljøet og motverke negativ utvikling i eit område. Husbanken forvaltar ordninga, og tilskotet går til tiltak i område i Oslo, Bergen og Trondheim.

Tilskot til etablering i eigen bustad (kap. 581.75) Tilskotet skal bidra til etablering i eigen bustad for vanskelegstilte på bustadmarknaden. Husbanken forvaltar ordninga. Tilskotet blir fordelt via kommunane, og skal gå til personar og husstandar med varig låg inntekt.

Tilskot til utleigebustader (kap. 581.76) Tilskotet skal bidra til å skaffe eigna bustader for vanskelegstilte på bustadmarknaden. Husbanken tildeler tilskotet til kommunar, stiftingar og andre aktørar som etablerer utleigebustader for vanskelegstilte.

Kompetansetilskot til berekraftig bustad- og byggkvalitet (kap. 581.77) Tilskotet skal bidra til å heve kompetansen om miljø- og energivenlege bustader, universell utforming og god byggjeskikk hjå dei sentrale aktørane i bustad- og byggsektoren. Husbanken forvaltar ordninga.

Bustadsosialt kompetansetilskot (kap. 581.78) Tilskotet skal bidra til å heve kompetansen innanfor bustadsosialt arbeid og bustadsosial politikk. Tilskotet skal òg bidra til å formidle kunnskap om bustadmarknaden. Husbanken forvaltar ordninga.

Tilskot til tilpassing av bustad (kap. 581.79) Tilskotet skal bidra til å sikre eigna bustader for vanskelegstilte på bustadmarknaden. Tilskotsordninga går til fleire føremål: (1) tilpassing av bustad for eldre og personar med nedsett funksjonsevne, (2) utgreiing og prosjektering av bustader som skal dekkje spesielle bustadbehov, (3) tilstandsvurdering av burettslag, sameiger og liknande og (4) prosjektering og installering av heis i eksisterande bustadbygg.

Lån frå Husbanken (kap. 2412.90) Husbanken gjev grunnlån til oppføring av nye bustader og utbetring av eksisterande bustader. Husbanken gjev òg lån til kommunane for vidaretildeling til vanskelegstilte på bustadmarknaden, og lån til barnehagar.

Investeringstilskot til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar (kap. 586.64) Tilskotet skal stimulere kommunane til å fornye og auke tilbodet av omsorgsbustader og sjukeheimsplassar for personar med behov for heildøgns helse- og omsorgstenester, og til fellesareal som er naudsynte for å kunne gje heldøgns tenester i omsorgsbustader. Tilskotet blir tildelt kommunar. Målet er at det i perioden 2008-2015 blir gjeve tilsegn til bygging og rehabilitering av 12 000 omsorgsbustader og sjukeheimplassar med heldøgns tenester.

Tilskot til studentbustader (under programkategori 07.60 kap. 270.75) Tilskotet skal sikre bygging av studentbustader og medverke til å sikre ein rimeleg bustadsituasjon for studentar. Studentbustadene skal vere eit supplement til den private bustadmarknaden. Tilskotet blir tildelt studentsamskipnadene, og i særskilde tilfelle òg til studentbustadstiftingar. Kunnskapsdepartementet er ansvarleg for ordninga, medan Husbanken forvaltar ho.

Sjå Prop. 1 S (2012-2013) Kommunal- og regionaldepartementet for ei fullstendig oversikt over budsjettpostar som Husbanken forvaltar.

3.5.1 Oppgåvene til Husbanken

Husbanken skal tildele og forvalte bustøtte, tilskot og lån i tråd med nasjonale mål og føringar som er gjevne av Stortinget og departementet. Rapporteringa frå bruken av verkemidla skal gje grunnlag for evaluering og vidareutvikling. Husbanken forvaltar ordningar for fleire departement enn Kommunal- og regionaldepartementet, slik som rentekompensasjonsordningar for kyrkjer og skular, tilskot til studentbustader, lån til barnehagar og investeringstilskot til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar.

Husbanken har dei siste åra fått eit større ansvar for å leggje til rette for ein heilskapleg og lokalt tilpassa bustadpolitikk. Det er kommunane som har hovudansvaret for gjennomføringa av bustadpolitikken, og gjennom Husbanken legg staten til rette for at kommunane skal kunne lukkast. I tilrettelegginga involverer Husbanken andre statlege aktørar som har tilgrensande ansvar og oppgåver, i tillegg til KS, byggjenæringa, den frivillige sektoren og brukarorganisasjonar.

Husbanken forvaltar ein budsjettpost til forskings- og utviklingsprosjekt. Resultata av kunnskapsutviklinga gjev eit grunnlag for politikkutforminga, og er tilgjengelege for kommunar, næringsliv og andre samarbeidspartnarar.

3.5.2 Strategiar for verksemda til Husbanken

Regjeringa vil vidareutvikle og forsterke verksemda til Husbanken på fleire område.

Stimulere og supplere bustadmarknaden

Rolla til Husbanken innanfor bustadbygging skal først og fremst vere å bidra til at det blir bygd fleire bustader med gode kvalitetar, at det blir skaffa fleire kommunalt disponerte utleigebustader for vanskelegstilte på bustadmarknaden, omsorgsbustader og sjukeheimsplassar, og studentbustader.

Husbanken skal supplere, ikkje konkurrere med, private kredittinstitusjonar. Gjennom startlånet skal Husbanken medverke til å senke terskelen til eigaretablering blant vanskelegstilte slik at fleire kan skaffe seg ein eigd bustad. Gjennom å gje grunnlån skal Husbanken stimulere til kvalitetar som miljø, energi og universell utforming i bustader og andre bygningar. Dette føreset ein tett dialog med både kommunane og næringa.

Til stades i heile landet

Husbanken må ha lokal kunnskap om situasjonen på bustadmarknaden og dei utfordringane kommunane står overfor. Regional organisering av Husbanken er viktig for å få nærleik til kommunane og god dialog om dei lokale bustadpolitiske utfordringane. Det er særs ulike problemstillingar på bustadmarknaden i pressområde og i distrikta, og Husbanken skal bidra til god finansiering og tilgang til bustader i heile landet. Husbanken har regionkontor i Hammerfest, Bodø, Trondheim, Bergen, Arendal og Oslo, og hovudkontor i Drammen.

I 2012 blei det etablert regionale råd i Husbanken. Dei regionale råda skal bidra til nærleik og dialog mellom Husbanken og kommunane. Rådsmedlemene har røynsle frå den praktiske gjennomføringa av bustadpolitikken lokalt, og dei kan gje departementet råd i store og prinsipielle saker og i utforminga av politikken.

Målretta innsats for kommunar med store bustadsosiale utfordringar

Husbanken må setje inn ein særleg innsats mot kommunar i alle regionar med store bustadsosiale utfordringar. Gjennom langsiktig og forpliktande samarbeid skal kommunane få betre grunnlag for å styre og organisere arbeidet. Kommunane må sjølve ha eigarskap og forankre arbeidet med å identifisere utfordringane og finne løysingar. Dette skal medverke til ein meir heilskapleg bustadpolitikk i kommunane og til at det blir teke meir bustadsosiale omsyn i kommuneplanlegginga. Det gjeld kommuneplanlegginga på alle nivå, frå samfunnsdelen og arealdelen i kommuneplanen til økonomiplanar og reguleringsplanar. Målet er at kommunane skal hjelpe fleire vanskelegstilte til å etablere seg og halde på bustaden sin. Utviklingsarbeidet må vere kunnskapsbasert og til dømes byggje på kartlegging av situasjonen i kommunen og evalueringar. Husbanken må leggje til rette for regionalt samarbeid på område der det er gagnleg, og for at alle kommunar kan dra nytte av erfaringane frå utviklingsarbeidet.

Å utvikle og formidle kunnskap for auka bustadpolitisk måloppnåing

Husbanken skal utvikle og formidle kunnskap som kan medverke til auka måloppnåing i både den lokale, den regionale og den nasjonale bustadpolitikken. Husbanken skal leggje til rette for arenaer for erfaringsutveksling, kunnskapsutvikling og formidling av kunnskap om arbeidsmetodar. Det er særleg viktig å styrkje kommunane innanfor dei nasjonalt og lokalt prioriterte satsingsområda.

I planlegging, organisering og gjennomføring av både den statlege og kommunale bustadpolitikken, er det behov for informasjon og dokumentasjon av omfang, årsaker, ressursinnsats, kvalitet og resultat. Kommunane rapporterer først og fremst gjennom KOSTRA (KOmmune-STat-RApportering). Rapporteringa i KOSTRA er ei viktig kjelde for statleg og lokal styringsinformasjon, men det er behov for å vidareutvikle dokumentasjonen av arbeidet som blir gjort i både kommunane og frå statleg hald.

God forvaltning av dei statlege verkemidla

Husbanken skal vidareutvikle rolla som forvaltar av dei økonomiske verkemidla. Kommunane skal nytte verkemidla slik at dei gjev best effekt lokalt. Samstundes må Husbanken syte for at dei blir nytta slik at dei samla effektane er i tråd med nasjonale intensjonar og nasjonale interesser. Husbanken har gjennom sitt IKT-moderniseringsprogram, SIKT, sett i gang arbeid med å modernisere og forenkle den elektroniske sakshandsaminga. Det er eit mål at IKT-systema til Husbanken skal leggje til rette for god kommunikasjon med brukarar og samarbeidspartnarar slik at arbeidet kan gjennomførast effektivt, med god kvalitet og med best mogleg måloppnåing. Husbanken må gje råd til både kommunar og departement for å få til effektiv bruk av ordningane.

Bidra til ein samordna, heilskapleg og konsistent statleg bustadpolitikk

Husbanken skal samarbeide med andre statlege instansar slik at kommunane opplever ein samordna, heilskapleg og konsistent statleg bustadpolitikk. I kapittel 6 varslar regjeringa ein ny nasjonal strategi for bustadsosialt arbeid. Strategien skal bidra til å samle den statlege innsatsen overfor kommunane, og Husbanken vil få eit ansvar for å koordinere arbeidet med strategien på direktoratsnivå.

Husbanken skal samarbeide med Direktoratet for byggkvalitet om å fremje kvalitet i bustader og bygg. Klima, miljø, tilgjengelegheit og universell utforming er sentrale område for samarbeidet. Meld. St. 28 (2011–2012) Gode bygg for eit betre samfunn varslar at Husbanken skal vidareutvikle rolla si som nasjonalt senter for byggjeskikk og godt bumiljø.

3.6 Forsking på bustadspørsmål

I regjeringa si nye forskingsmelding er det eit mål om at politikken skal rettast inn mot forskingsbasert velferdspolitikk og profesjonsutøving i velferdstenestene.

Departementet vil prioritere forsking som ser bustadpolitikken som ein del av velferdspolitikken og som viser viktige samanhengar med andre velferdsområde, som arbeid, utdanning, helse og miljø, oppvekst og integrering. Det er viktig å få fram fleire prosjekt som dokumenterer effektar av bustadpolitikken. Vidare skal forskinga gje kunnskap om sentrale sider ved bustadmarknaden. Det bustadsosiale arbeidet kjem til å stå sentralt i forskinga.

Forskingspolitikken er organisert etter sektorprinsippet. Det inneber at departementet skal syte for eit godt kunnskapsgrunnlag på fagområdet sitt. Forskingsstrategien i departementet gjev føringar for arbeidet. Politikkutviklinga skal vere kunnskapsbasert, noko som gjer det viktig med ei systematisk satsing på forsking og utvikling. Departementet skal sikre god og kritisk forsking med relevans for utviklinga innanfor arbeidsområdet til departementet. Finansiering av forsking som kan nyttast i politikkutforming og forvaltning, vil bli prioritert. Forsking er også viktig for å evaluere dei statlege verkemidla, som lån og tilskot, for å sjå kva effektar dei gjev.

Boks 3.2 Eksempel på prosjekt i VAM om bustad

Nabolag på randa – flytting og nabolagsdynamikk

Nabolaget er ramma for livet vårt. Både den fysiske karakteren til nabolaget og kven vi har som naboar, spelar ei rolle når det gjeld korleis vi lever i og opplever nabolaget vårt. Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA) skal gjennom eit prosjekt finansiert av VAM studere nærare samspelet mellom utviklinga i eit nabolag og individuelle flytteval.

Vegar inn i og ut av uynskte posisjonar på bustadmarknaden

Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR) skal undersøkje nærare kva for mekanismar som gjer at folk går inn i og ut av situasjonar med låg inntekt, svak arbeidstilknyting og dårlege buforhold. NIBR legg særleg vekt på bustadpolitikken og flyttingar, men skal også sjå på tiltak i arbeidsmarknaden og andre velferdsordningar.

Sektoransvaret inneber òg å arbeide for at det finst fagmiljø med god kompetanse på området, og at det finst oppdatert og god kunnskap i bustad- og byggjesektoren, og inneber ei arbeidsdeling mellom departementet og dei underliggjande etatane. Den langsiktige kunnskapsinnhentinga til departementet er det sytt for mellom anna gjennom medfinansiering av forskingsprogrammet «Velferd, arbeidsliv og migrasjon» (VAM) i regi av Noregs forskingsråd.

Husbanken er viktig i kunnskapsinnhentinga for bustadsektoren, og Husbanken står for ein stor del av den prosjektorienterte kunnskapsinnhentinga. Husbanken disponerer ein budsjettpost til føremålet.

Departementet og Husbanken har ei viktig rolle med å gjere forskinga kjent og formidle forskingsresultata. Mange av forskingsrapportane gjev innspel til utøvinga av bustadpolitikken. Gjennomføringa av bustadpolitikken skjer i stor grad i kommunane. Husbanken skal leggje til rette for at kunnskapen blir kjend i kommunane.

Fotnotar

1.

I FN si menneskerettserklæring, artikkel 25, heitar det: «Enhver har rett til en levestandard som er tilstrekkelig for hans og hans families helse og velvære, og som omfatter mat, klær, bolig og helseomsorg og nødvendige sosiale ytelser, og rett til trygghet i tilfelle av arbeidsløshet, sykdom, arbeidsuførhet, enkestand, alderdom eller annen mangel på eksistensmuligheter som skyldes forhold han ikke er herre over.»

2.

Det blir ofte skilt mellom ei absolutt og ei relativ tilnærming til låginntekt. Ei absolutt tilnærming tek utgangspunkt i eit pengebeløp som eit utval av basisvarer krev. Ei relativ tilnærming nyttar som regel det generelle inntektsnivået i landet som referanse, ofte personar med inntekt under 50 eller 60 pst. av medianinntekta til befolkninga.

3.

Sandlie, H.C. mfl. (red.) (2010): Bolig og levekår i Norge 2007, NOVA-rapport 2/10.

4.

Røed Larsen, E. (2012): Et bærekraftig boligmarked, BI.

5.

Normann, T. M. mfl. (2009): Utfordringer for den nordiske velferdsstaten – sammenlignbare indikatorer, NOSOCO Nordisk Socialstatistisk Komité 41:2009.

6.

Kirkeberg, M. I. mfl. (2012): Økonomi og levekår for ulike lavinntektsgrupper 2011, SSB rapporter 8/2012.

7.

Epland, J. mfl.: Økonomi og levekår for ulike lavinntektsgrupper2010, SSB Rapporter 5/2011.

8.

Kirkeberg, M. I. mfl.: Økonomi og levekår for ulike lavinntektsgrupper 2011, SSB rapporter 8/2012.

9.

Mange av dei unge er studentar, og det er mogleg dei reknar med studielånet når dei vurderer kva midlar dei har til disposisjon. Studielån er ikkje teke med som del av inntekta når buutgiftsbelastinga blir rekna ut.

10.

Normann, T. M. (2010): Utgifter til bolig i Norge og Europa.Inntekter og boligutgifter vokser i takt. Statistisk sentralbyrå. http://www.ssb.no/ssp/utg/201003/07/.

11.

Barlindhaug, R. og K. Astrup (2012): Housing Affordability. En drøfting av begreper og beregning av indikatorer, NIBR Notat 2012:110.

12.

Ibid.

13.

I kapittel 5 «Trygg etablering» er bustøtte nærare forklart.

14.

Bustadlause er kartlagde i 1996, 2003, 2005 og 2008. Ei ny kartlegging blei gjennomført i 2012, og resultata vil bli klare 2013. I kartleggingane blir bustadlause definerte som dei som manglar ein eigd eller ein leigd bustad og er i ein av dei følgjande situasjonane: manglar tak over hovudet komande natt, er vist til akutt eller mellombels overnatting, er under kriminalomsorga eller i ein institusjon og skal frigjevast eller skrivast ut innan to månader og er utan ein stad å bu, eller bur mellombels hjå vener, kjende eller slektningar.

15.

Dei fem ansvarlege departementa er Arbeidsdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet.

16.

Ruud, M. Ekne mfl. (2011) Midtveisevaluering av Groruddalssatsingen, Samarbeidsrapport NIBR/TØI 2011.

17.

St. meld. nr. 23 (2001–2002): Bedre miljø i byer og tettsteder T-1497 Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging.

18.

Hansen, I.L. Skog (2012): Hvorfor kommunene i stadig større grad må se bolig og tjenester i sammenheng, Fafo.

19.

Advokatfirmaet Hjort DA ved advokatane A. Stang Lund og F. A. Innjord (2012): Mulige konsekvenser av boligpolitiske forslag. Utredning til Kommunal- og regionaldepartementet. 2012.

20.

Rundskriv R35-00-F12 til lov om sosiale tjenester i NAV.
Til forsida