Meld. St. 17 (2012–2013)

Byggje – bu – leve

Til innhaldsliste

6 Nasjonal strategi for bustadsosialt arbeid

Figur 6.1 Nasjonal strategi for bustadsosialt arbeid

Figur 6.1 Nasjonal strategi for bustadsosialt arbeid

Foto: iStockphoto

Sjølv om dei aller fleste i landet bur godt og trygt, finst det menneske som ikkje får dekt bustadbehova sine. Det kan vere at dei bur i ein ueigna bustad eller bumiljø, at dei står i fare for å miste bustaden sin eller at dei ikkje har ein fast stad å bu. Dei fleste kjem seg raskt ut av den vanskelege situasjonen, med eller utan hjelp frå det offentlege. Andre har behov for meir samansett og langvarig hjelp. Dette kapittelet handlar om den målretta og tverrfaglege innsatsen som blir sett inn overfor dei som slit mest eller som er særs sårbare.

Regjeringa vil leggje fram ein ny nasjonal strategi for bustadsosialt arbeid. Kapittelet tek til med å gje ein omtale av innrettinga av strategien, før viktige innsatsområde i det bustadsosiale arbeidet blir omtale:

  • tilfredsstillande buforhold for vanskelegstilte barnefamiliar

  • bustad som del av hjelpa til utsette unge

  • butilbod til flyktningar

  • eit variert kommunalt butilbod

  • oppfølging for å meistre buforholdet og kvardagen

  • førebygging av bustadproblem – rett hjelp til rett tid

  • eit styrkt bustadsosialt fagmiljø

  • auka frivillig innsats og brukarmedverknad

6.1 Føremål og innretting av strategien

Det bustadsosiale arbeidet har høg nasjonal prioritet. Tidlegare program og satsingar har samla den statlege og kommunale innsatsen på området. «Prosjekt bostedsløse» (2001–2004) og den nasjonale strategien «På vei til egen bolig» (2005–2007) er døme på innsats der det blei funne løysingar på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.

Bustadsosialt arbeid omfattar alt frå å skaffe bustader til å auke føresetnaden den einskilde har for å meistre buforholdet og kvardagen. Innsatsen overfor vanskelegstilte på bustadmarknaden er stor, både i kommunane, staten og den frivillige sektoren. Gjennom dei siste ti åra er den bustadsosiale kompetansen styrkt, og det er etablert mange ulike butilbod til vanskelegstilte. Samstundes står vi overfor utfordringar som må møtast. Kartlegginga av bustadlause i 2008 viste at 6100 personar ikkje hadde ein fast stad å bu. Bustadutvalet (NOU 2011: 15) fann at rundt 150 000 personar kan karakteriserast som vanskelegstilte på bustadmarknaden, og kommunane melder om auka etterspurnad etter bustader og tenester.

Regjeringa vil leggje fram ein brei og langsiktig strategi for det bustadsosiale arbeidet. Regjeringa tek sikte på at strategien skal gjelde frå 2014. Ansvaret for å gje folk hjelp til å skaffe bustad og å yte ulike tenester sorterer under fleire sektorar, både i den kommunale og den statlege forvaltninga. Samarbeid på tvers er ei utfordring på alle nivå.

Strategien skal samle og målrette den offentlege innsatsen. Han skal synleggjere ansvarsforholda i det bustadsosiale arbeidet generelt og innanfor einskilde innsatsområde spesielt. Strategien skal òg vise kva verkemiddel som kan brukast for å hjelpe dei som slit på bustadmarknaden. I strategien vil regjeringa leggje vekt på å førebyggje bustadproblem.

Det er Arbeidsdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet som saman er ansvarlege for strategien. Kommunal- og regionaldepartementet skal leie og koordinere arbeidet. Desse fem departementa har i dag ein bustadsosial samarbeidsavtale med KS, og KS er blant dei instansane som vil bli inviterte med i både utviklinga og gjennomføringa av strategien. I tillegg vil representantar for frivillig sektor og brukarorganisasjonar bli inviterte med i arbeidet.

Husbanken skal koordinere arbeidet på direktoratnivå. Dei direktorata som må bidra i arbeidet er Arbeids- og velferdsdirektoratet, Helsedirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet og Den sentrale forvaltninga for kriminalomsorga. Andre departement og direktorat vil bli trekte med ved behov.

Regjeringa vil

  • Leggje fram ein ny nasjonal strategi for bustadsosialt arbeid som skal samle og målrette den offentlege innsatsen

6.2 Tilfredsstillande buforhold for vanskelegstilte barnefamiliar

Heimen og nærmiljøet betyr mykje for oppveksten til barn og unge. Tilfredsstillande buforhold er ein føresetnad for gode levekår for barnefamiliar. Det er ein føresetnad for at familiar skal kunne leve sjølvstendig, skaffe seg eller halde på arbeid, og elles delta i samfunnet. Barn er særleg sårbare og skal ikkje vere utan ein heim. Dårlege buforhold kan føre med seg problem på skulen og i fritida.

Forsking viser at familiar i låginntektsgrupper flyttar oftare enn andre, og at dei oftare bur trongt. Ein del barn veks opp i kommunale utleigebustader i belasta bumiljø. Dei fleste av familiane kjem seg likevel raskt over i tilfredsstillande buforhold, anten på eiga hand eller med hjelp frå det offentlege.

Den førre kartlegginga av bustadlause personar var i 2008. Kartlegginga viste at om lag 200 personar hadde dagleg omsorg for mindreårige barn.1 Ingen av desse familiane var utan ein stad å opphalde seg komande natt. Den største gruppa var hjå slekt og vener, eller i krisesenter. Rundt halvparten av barnefamiliane hadde vore utan ein fast stad å bu i mellom tre veker og seks månader, og ein av fire hadde vore i ein slik situasjon i meir enn seks månader.

I føremålsparagrafen til lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen heiter det at lova skal medverke til at utsette barn og unge og familiane deira får eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. Barn skal ha trygge oppvekstvilkår og høve til å delta i vanlege aktivitetar sjølv om foreldra har dårleg økonomi.

Bustadutvalet (NOU 2011: 15) meinte at det bør stillast krav til at kommunane har beredskapsplanar i tilfelle der barnefamiliar står i fare for å bli eller har blitt bustadlause. Høyringssvara til NOU 2011: 15 viste at fleire kommunar allereie har slike planar. Regjeringa meiner at kommunane har eit betydeleg ansvar i tilfelle der barnefamiliar ikkje har ein fast stad å bu. I rundskrivet til sosialtenestelova heiter det at arbeidet med å finne permanent bustad skal starte opp straks nokon får tildelt mellombels butilbod, og at mellombelse butilbod berre unntaksvis skal nyttast til barnefamiliar og ungdom.2

Når barn og unge skal få eit mellombels butilbod, gjeld det strengare krav til kvalitet på butilbodet. Mellom anna har barn og unge rett til privatliv og sosialt samvær, og dei skal ha høve til å gjere lekser utan å bli forstyrra.

Barn skal ha ein trygg oppvekst uavhengig av om familien eig eller leiger bustaden sin. For somme barnefamiliar kan det å leige bustad gje mest tryggleik og stabilitet. Gjennom Husbanken sin dialog med kommunane, og særleg i tildelinga av tilskot til utleigebustader, stimulerer regjeringa til fleire kommunalt disponerte bustader i bumiljø som er eigna for barnefamiliar. Staten og kommunen må saman motverke konsentrasjon av sosiale problem og opphoping av negative levekår i einskilde område.

I fleire kommunar er befolkningstilveksten stor, noko som skaper press på bustadmarknaden. Skal ein førebyggje og motverke dårlege buforhold blant familiar med låge inntekter, er det viktig å sjå på kva utviklinga på bustadmarknaden får av konsekvensar for slike familiar. Det er særleg behov for å rette søkjelyset mot store barnefamiliar. Familiar med tre eller fleire barn er overrepresenterte blant familiar med låge inntekter. I dette arbeidet må ein nytte dei bustadsosiale verkemidla som både Husbanken og kommunane disponerer.

Det er behov for å utvikle modellar som skal førebyggje og motverke dårlege buforhold blant familiar med låge inntekter i pressområde. Som eit ledd i dette modellarbeidet skal Husbanken inngå eller vidareføre samarbeid med kommunar som allereie arbeider godt med å betre buforholda til låginntektsfamiliar. Husbanken skal trekkje med seg andre statlege verksemder ved behov, og gjere modellane og erfaringane med dei tilgjengelege for andre kommunar.

Husbanken skal særleg løfte fram kommunale strategiar for å hjelpe barnefamiliar frå leige til eige. Det ser ut til å vere eit stort potensial for flyktningefamiliar til å eige bustaden sin. Erfaringar viser at ved hjelp av dei statlege verkemidla, som bustøtte, tilskot til etablering og startlån, kan mange barnefamiliar kjøpe bustad. Dette vil samstundes frigjere utleigebustader til andre meir vanskelegstilte.

Bustadutvalet (NOU 2011: 15) viste til den regelen i husleigelova som gjev utleigaren høve til å varsle kommunen i situasjonar der leigaren står i fare for å bli kasta ut. Regelen tok til å gjelde i 2007, og utvalet meinte at han bør evaluerast. Utvalet meinte også at regjeringa bør greie ut om det vil vere gagnleg å innføre ei varslingsplikt i tilfelle der barnefamiliar står i fare for å bli kasta ut. Departementet er i ferd med å evaluere den gjeldande varslingsregelen og greie ut ei eventuell varslingsplikt i tilfelle der barnefamiliar står i fare for å bli kasta ut.

Regjeringa vil

  • førebyggje og motverke dårlege buforhold blant låginntektsfamiliar i pressområde

  • fremje kommunalt disponerte utleigebustader i bumiljø som er tilpassa behova til barnefamiliar

  • gjennom Husbanken og kommunane hjelpe barnefamiliar frå leige til eige gjennom startlån, tilskot til etablering og bustøtte

  • evaluere varslingsregelen i husleigelova og greie ut om det kan vere gagnleg å innføre ei plikt for utleigaren til å varsle NAV-kontoret når barnefamiliar står i fare for å bli kasta ut av bustaden

6.3 Bustad som del av hjelpa til utsette unge

Det er store individuelle forskjellar mellom kva utfordringar og behov unge med bustadproblem har. Det dei først og fremst har til felles er alderen. Medan kapittel 5 «Trygg etablering» presenterer strategiar og tiltak som skal tryggje etableringa i eigd og leigd bustad generelt, handlar dette kapittelet om innsatsen overfor unge som treng samansett hjelp for å kunne bu godt og trygt. Det er behov for ein målretta innsats mot dei mest utsette unge, det vil seie dei som står i fare for å miste bustaden sin eller som ikkje har ein fast stad å bu. I tillegg er det naudsynt at bustad er ein del av innsatsen på andre politikkområde som gjeld unge, til dømes innsatsen overfor unge som står utanfor utdanning og arbeid.

Unge går igjennom ei rekkje overgangsfasar i alderen frå 14 til 25 år. Dei går frå grunnskule til vidaregåande opplæring og frå utdanning til jobb, og mange går inn i eit forpliktande samliv og flyttar inn i eigen bustad. Det å bu dårleg, eller ikkje ha ein eigen fast stad å bu, kan føre med seg eller forsterke andre problem som utsette unge har.

6.3.1 Særskilt innsats for unge utan ein stad å bu

Dei nasjonale kartleggingane viser at talet på bustadlause under 24 år har auka jamt sidan 1996.3 Dette er ei utvikling ein òg ser i dei andre nordiske landa. I 2008 var 24 pst. av alle bustadlause i Noreg mellom 18 og 24 år. Dei fleste budde i små og mellomstore kommunar. Over halvparten var avhengige av rusmiddel, og ein tredjedel hadde ei synleg eller kjend psykisk liding. Ein relativt stor del hadde vore utan bustad i meir enn eit halvt år.

Ei kartlegging av døgnovernattingsstader og andre former for kommunalt disponerte bustader viser at over halvparten av kommunane i undersøkinga hadde gjeve unge mellom 18 og 24 år eit mellombels butilbod i 2010.4 Kartlegginga viste vidare at den vanlegaste lengda på opphaldet for denne gruppa var mindre enn tre månader.

Husbanken samarbeider med Arbeids- og velferdsdirektoratet og Helsedirektoratet om eit idéhefte om bu- og oppfølgingstilbod til utsette unge. Føremålet er å synleggjere gode butilbod som kommunar har etablert til unge, og kva som må til for å lukkast med slike bustadprosjekt.

Regjeringa har årleg styrkt fleire av dei økonomiske verkemidla til Husbanken, deriblant tilskot til utleigebustader. Med tilskot til etablering og startlån får vanskelegstilte unge hjelp til å kjøpe bustad. Bustaden skal føre med seg stabilitet og tryggleik for den einskilde og gje eit betre utgangspunkt for å meistre skule og arbeid, ta vare på helsa og delta i sosiale nettverk.

Erfaring og forsking fortel at det er naudsynt å satse meir systematisk på fleire typar butilbod til utsette unge. Husbanken samarbeider med kommunar for å byggje opp kunnskap om omfanget og samansetjinga av målgruppa, og om utfordringar og moglege løysingar.

Sosialt entreprenørskap er entreprenørskap som blir nytta på sosiale eller samfunnsmessige utfordringar og problem, og inneber at entreprenørane skal finne nye løysingar som kan skape varige forbetringar på viktige område i samfunnet. I tillegg til å ha eit sosialt føremål har slike verksemder høg grad av involvering frå målgruppene og er marknadsorienterte. Ved å samarbeide med ulike miljø for å finne nye måtar å bruke verkemidla på, kan ein få fram fleire eigna butilbod til unge. I tillegg til å trekkje med sosiale entreprenørar, er det relevant for Husbanken å søkje råd frå byggjebransjen, bustadsosiale fagmiljø, andre aktørar innan frivillig sektor og kommersielle aktørar.

Boks 6.1 Framtidshuset – døme på butilbod til ungdom

I bydel Grünerløkka i Oslo er det mange arbeidsledige ungdomar. Bydelen har i fleire år arbeidd med tenester og tiltak for ungdom som ikkje går på skule og som står utanfor arbeidslivet. Fleire av ungdomane dei arbeider med har ein utilfredsstillande busituasjon.

I 2012 blei Grünerløkka Framtidshus etablert. Bydelen leiger ti leilegheiter av Boligbygg som blir utleigd vidare til ungdom som er i kontakt med sosialtenesta ved NAV-kontoret. Ei av leilegheitene er base for personalet som arbeider med ungdomane. Det finst òg ei leilegheit for ungdom som er i akutt behov for ein stad å bu. Målet med tiltaket er å gje ungdom ein trygg bustad, lære dei å ta vare på bustaden og vise dei korleis dei kan bidra i bumiljøet og nærmiljøet sitt.

Fleire av dei kommunane som Husbanken har langsiktig og forpliktande samarbeid med, har valt å satse på å førebyggje og avhjelpe bustadproblem blant unge. Det finst fleire gode døme på strategiar og tiltak retta mot unge som er utsette på bustadmarknaden:

  • I Drammen kommune er det etablert ein bustadskule for ungdom. Tema på skulen er korleis ein kan skaffe seg ein bustad, opplæring i korleis ein kan meistre buforholdet og om privatøkonomi.

  • Porsgrunn kommune har etablert prosjektet «Bolig og kvalifisering». Føremålet er å utvikle metodar som gjer unge bustadsøkjarar i stand til å ta ansvar for eigen bustad og eige liv. Metoden handlar om ein kombinasjon av å skaffe bustad og kvalifisering og utdanning.

  • I Trondheim kommune arbeider SAMUR-prosjektet med å bidra til busetjing av unge vanskelegstilte og med å samordne tenestene til denne målgruppa. Dette inneber tett samarbeid mellom fleire einingar og instansar for å utvikle gode bustadløysingar. Det krev òg oppfølging ut ifrå behova til den einskilde og betre bruk av dei økonomiske verkemidla til Husbanken.

  • Narvik kommune arbeider for å skape ei heilskapleg og koordinert teneste for barn og unge som står i fare for å bli bustadlause eller som er bustadlause. Prosjektet skal mellom anna bidra til å redusere talet på bustadlause i alderen 18-24 år og å skaffe fleire eigna bustader.

Husbanken skal støtte opp om kommunar som ynskjer å intensivere innsatsen overfor utsette unge. Den nye kartlegginga av bustadlause vil vere klar i løpet av 2013 og vil gje eit grunnlag for den vidare oppfølginga som Husbanken må tilby kommunar med unge bustadlause. Det er òg behov for meir kunnskap om individuelle og strukturelle årsaker til at unge får store bustadproblem. Det at stadig fleire unge er utan ein stad å bu er ei utvikling som gjer seg gjeldande i fleire nordiske land, og det er derfor ei relevant problemstilling for nordisk samarbeid.

6.3.2 Bustad som del av den statlege innsatsen overfor utsette unge

Regjeringa har som mål å motverke marginalisering av utsette unge. Dette er eit felt der mange offentlege instansar har eit ansvar. Det blir sett inn mykje ressursar på å førebyggje og motverke fattigdom og kriminalitet, fremje psykisk helse, leggje til rette for deltaking, gje naudsynte tenester og leggje eit grunnlag for gode og trygge buforhold. Sjølv om det kan vere ein liten del av målgruppa for desse satsingane som har bustadproblem, er det viktig å ta høgde for eventuelle udekte bustadsbehov.

Med ein auka innsats for unge som treng hjelp til å kome i arbeid eller utdanning, vil det bli lettare for dei å skaffe seg ein stad å bu og å halde på han. Arbeids- og velferdsetaten har garantiordningar for ungdom som ikkje er i arbeid eller utdanning. Garantien for unge under 20 år inneber eit tilbod om arbeidsretta tiltak til dei utan arbeid eller skuleplass.

Frå 2013 skal oppfølgingsgarantien og tiltaksgarantien for arbeidslaus ungdom i alderen 20–24 år målrettast mot dei som treng hjelp til å kome i arbeid eller utdanning. Konkret inneber garantiane at ungdom som har arbeidsevne, men har behov for bistand, skal få ein aktivitetsplan innan ein månad etter at dei har fått eit oppfølgingsvedtak frå NAV-kontoret. For ungdom med nedsett arbeidsevne og behov for bistand skal det setjast som mål at det alltid skal vere 90 pst. av dei som har ein godkjend aktivitetsplan. På bakgrunn av erfaringar frå 2013 vil det bli vurdert ein garanti basert på tid også for denne gruppa.

Barnevernet skal sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får naudsynt hjelp til rett tid. Barn og unge med behov for omsorg frå barnevernet er særleg sårbare. Levekåra deira er ofte dårlegare enn for andre.5 Vaksenlivet kjem ofte tidlegare enn det som er tilfellet for dei fleste andre ungdomar, og mange opplever overgangen som vanskeleg. Ei lovendring i 2009 skal sikre at barnevernstenesta gjev ei grundig vurdering av om det skal setjast i verk etterverntiltak, og at vurderingane blir synleggjorde slik at eit eventuelt avslag kan påklagast til fylkesmannen. Hjelp til å skaffe bustad og hjelp til å meistre buforholdet er blant dei vanlegaste etterverntiltaka. For å få til gode tiltak er det særs viktig med godt samarbeid mellom fleire tenester.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har utarbeidd ei oversikt over kva plikter ulike offentlege tenesteytarar har overfor utsette unge som står i fare for å bli marginaliserte og utestengde frå utdanning, arbeidsliv og bustadmarknaden. Helsedirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet, Utdanningsdirektoratet, Det kriminalitetsførebyggjande rådet og Husbanken har delteke i dette arbeidet. Oversikta skal vere til nytte for den politiske og den administrative leiinga i kommunane, og for tilsette i kommunale, fylkeskommunale og statlege etatar med ansvar for tenester til ungdom.

I 2010 starta Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet opp «Losprosjektet». Prosjektet skal styrkje oppfølginga av utsette unge. Dei unge får ein kontaktperson, ein los, som følgjer dei opp og hjelper dei med å nyttiggjere seg tilbod som blir gjevne i skulen eller av andre instansar. Målet er å betre koplinga til skule og arbeid blant særleg risikoutsette unge i alderen 14–23 år. Det deltek 15 kommunar i prosjektet. Ei evaluering av prosjektet skal gjerast ferdig i 2014. Resultata frå evalueringa skal vere eit grunnlag for å vurdere korleis oppfølginga av unge i denne gruppa bør organiserast i framtida.

Kunnskapsdepartementet har ei satsing på auka gjennomføring i vidaregåande opplæring. Satsinga ber namnet Ny GIV. Målgruppa for Ny GIV er langt breiare enn berre unge som bur, eller står i fare for å bu, dårleg. Auka gjennomføring i den vidaregåande skulen vil føre med seg at færre kjem i ein vanskeleg busituasjon. Ny GIV skal bidra til ei betre offentleg samordning, der bustadproblem blir sette i samanheng med andre utfordringar. Som eit bidrag til Ny GIV har Husbanken, Arbeids- og velferdsdirektoratet og Finansnæringens Fellesorganisasjon utvikla ein digital simulator som viser korleis dei unge kan styre økonomien sin inn mot å kjøpe seg bustad.

Helsedirektoratet skal etablere ein strategi for å sikre den psykiske helsa til barn og unge. Føremålet med strategien er ikkje berre å fremje den psykiske helsa til denne gruppa, men òg å førebyggje psykiske vanskar og lidingar hjå barn, unge og familiane deira, og å gje hjelp til dei som står i fare for å utvikle eller alt har utvikla psykiske vanskar. Husbanken deltek i arbeidet med strategien og skal bidra med kunnskap om bustadbehov for utsette barn og unge, og kva for strategiar og verkemiddel som kan nyttast for å førebyggje og motverke vanskelege busituasjonar.

Regjeringa vil

  • leggje til rette for fleire butilbod til unge som ikkje har ein stad å bu, eller som står i fare for å miste den bustaden dei har

  • gjennom Husbanken rette ein spesifikk innsats overfor kommunar som har utfordringar med unge utan ein fast stad å bu

  • nytte sosialt entreprenørskap og sosial innovasjon for å utvikle nye typar butilbod til unge

  • skaffe meir kunnskap om individuelle og strukturelle årsaker til at unge kjem i ein situasjon utan ein fast stad å bu

6.4 Butilbod til flyktningar

Kommunane har busett mange flyktningar dei siste åra. Å busetje flyktningar er ei varig oppgåve for kommunane. Dess raskare ein flyktning får etablert seg i ein kommune, dess raskare kan vedkomande delta i arbeidslivet og i samfunnet. Regjeringa vil sikre rask busetjing av flyktningar, mellom anna gjennom eit meir forpliktande samarbeid med kommunesektoren, jf. tiltak i Meld. St. 6 (2012–2013) En helhetlig integreringspolitikk – mangfold og fellesskap. Meldinga legg òg fram regjeringa sin visjon om å tette gapet mellom innvandrarar og resten av befolkninga når det gjeld prosentdelen av sysselsette. Rask busetjing kan verke inn på kor fort flyktningane kjem seg inn i arbeidsmarknaden.

Medan kommunane tidlegare tok imot om lag 4000 flyktningar i året, har dei sidan 2009 busett opp mot 6000 flyktningar i året. I 2013 er det behov for å busetje om lag 8500 flyktningar i norske kommunar. Ventetida i mottak har blitt lenger, og snittet var i 2012 over 7 månader. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) skal formidle flyktningar til busetjingskommunar. Kommunane gjev tilbakemeldingar om at mangel på eigna bustader til rett tid og på rett stad ofte gjer at dei ikkje kan ta imot fleire flyktningar.

Husbanken har fleire verkemiddel som styrkjer det bustadsosiale arbeidet i kommunane. Flyktningar er blant målgruppene for desse ordningane. Ordningane betrar kommunane sine føresetnader for å busetje flyktningar frå mottak. I ei tid der behovet for å busetje flyktningar er stort, er det endå viktigare at kommunane er kjende med kva moglegheiter som ligg i ordningane frå Husbanken.

Flyktningar er ikkje ei einsarta gruppe. For nokre kan startlån og tilskot til etablering vere gode verkemiddel for å kjøpe bustad. Dei fleste flyktningar er ikkje i ein situasjon der dei kan kjøpe bustad, og somme har òg behov for oppfølging frå kommunen. I slike tilfelle kan ein kommunal utleigebustad vere det mest eigna alternativet. Tilskot til utleigebustader og grunnlån er viktige statlege bidrag når kommunar skal skaffe utleigebustader. Regjeringa har ved fleire høve styrkt tilskot til utleigebustader mellom anna for å støtte opp om rask busetjing av flyktningar. Utmålinga av tilskot til utleigebustader er fleksibel, og Husbanken skal kunne gje inntil 40 prosent tilskot til bustadprosjekt til flyktningar og andre prioriterte grupper. Avsnitt 5.3.8 omtaler tilskot til utleigebustader nærare. Fleire kommunar nyttar seg òg av den private leigemarknaden. Hushald med låge inntekter og høge buutgifter, mellom anna flyktningar, kan få bustøtte anten dei eig eller leiger bustad.

Verkemidla til Husbanken er viktige for det bustadsosiale arbeidet i kommunane, både for å møte utfordringar på kort og lang sikt. Talet på flyktningar som skal busetjast frå år til år kan variere. Husbanken må derfor samarbeide tett med IMDi om korleis dei saman kan leggje til rette for at kommunane har føresetnader for å ta imot flyktningar.

Fleire forskingsrapportar ser nærare på kva som må til for at kommunane skal kunne ta imot fleire flyktningar. Her er nokre viktige faktorar:

  • langsiktig planlegging av busetjingsarbeidet

  • god forankring og tydeleg ansvarsdeling i kommunen

  • hjelp til bebuarar i kommunalt disponerte bustader slik at dei kan kjøpe ein bustad eller leige privat, for å auke gjennomstrøyminga i den kommunale bustadmassen på den måten. I dette arbeidet er startlån og tilskot til etablering relevante verkemiddel

  • profesjonell bruk av den private leigemarknaden

I tillegg til å nytte seg av verkemidla til Husbanken på kort sikt, må kommunane òg planleggje langsiktig og sjå bustøtte, tilskot og lån i samanheng. Husbanken har inngått eit langsiktig og forpliktande samarbeid med meir enn 50 kommunar der føremålet er å utvikle eit heilskapleg og strategisk bustadsosialt arbeid. Målet er at kommunane skal kunne hjelpe fleire vanskelegstilte på bustadmarknaden. Fleire av desse kommunane har valt flyktningebusetjing som eit satsingsområde.

Husbanken skal leggje til rette for erfaringsutveksling mellom kommunar når det gjeld korleis dei kan ta høgde for busetjing av flyktningar, både i planlegginga og gjennomføringa.

Informasjon, rettleiing, kompetansetiltak og kunnskapsutvikling er òg verkemiddel som Husbanken gjer bruk av i arbeidet med å leggje til rette for kommunane sitt arbeid med å busetje flyktningar.

  • På nettstaden www.nyinorge.no finn ein praktiske opplysningar frå offentlege etatar for familieinnvandrarar og arbeidsinnvandrarar. Informasjonen finst på fleire språk og omfattar opplysningar om det å skaffe seg ein bustad, anten gjennom å kjøpe eller leige, og om andre bustadrelaterte emne.

  • Husbanken har saman med Migranorsk AS utvikla eit nettbasert opplæringsverktøy om det å bu. Opplæringsverktøyet heiter «Å bo» og finst på sju språk. Verktøyet er gratis og blir nytta i den obligatoriske norskundervisninga ved 75 lærestader.

  • «Boliger til flyktninger og innvandrere» er ein brosjyre om tilskotsordningar som skal bidra til å skaffe bustader til flyktningar og innvandrarar. IMDi og Husbanken har samarbeidd om brosjyren.

I perioden 2009–2011 busette kommunane over 600 einslege mindreårige årleg. I 2012 var det om lag 470 einslege mindreårige som blei busette. Nokre bur med slektningar eller i fosterheimar, medan andre får tilbod om å bu i bufellesskap med andre unge. Kommunane har teke imot mange einslege mindreårige dei siste åra, noko som har ført til at dei fleste blir busette innanfor målet om tre månader etter at dei har fått løyve om opphald.

Boks 6.2 Husvertar for einslege mindreårige flyktningar

I Trondheim kommune er oppfølging på hybel eit ekstra støttetiltak for unge med særlege behov, og det er eit alternativ til omsorgstilbod på institusjon og i bufellesskap. Tiltaka er spesielt utforma for einslege mindreårige i aldersgruppa 16–18 år.

Ungdomane får tilbod om å bu på eigen, privat hybel og ha timebasert oppfølging med ein miljøterapeut, og samstundes får dei nær kontakt med den eller dei som dei bur hjå. Dette er ein vaksen husvert eller ein vertsfamilie som leiger ut hybel som del av sin eigen bustad. Husvertane skal i nokon grad kunne hjelpe ungdomane med aktivitetar, støtte og oppfølging. Husvertane supplerer ei eventuell oppfølging frå miljøterapeuten.

Trondheim kommune har i dag 15 husverttiltak og melder om at fleire huseigarar ynskjer å vere husvertar.

Regjeringa vil

  • gjennom Husbanken styrkje kommunane sitt arbeid med å busetje flyktningar. Husbanken skal synleggjere korleis dei bustadsosiale verkemidla kan støtte opp om kommunale strategiar for å busetje flyktningar – både på kort og lang sikt

  • gje inntil 40 prosent utmåling av tilskot til utleigebustader til flyktningar og andre prioriterte grupper

Boks 6.3 NIMBY – «not in my backyard»

Mange kommunar møter store naboprotestar når dei skal etablere bustader til vanskelegstilte, kanskje særleg ved etablering av samlokaliserte bustader. Iblant har naboprotestane vore så omfattande at kommunen har stoppa prosjekta. I internasjonal faglitteratur blir fenomenet omtalt som NIMBY («not in my backyard», om sett til «ikkje i bakgarden min»). Informasjon til nabolaget og oppfølging av bebuarane er viktig, og erfaringa er at naboprotestane ofte stilnar etter innflyttinga.

6.5 Eit variert kommunalt butilbod

Mange kommunar melder om behov for eit større og breiare butilbod i kommunane. Medan kapittel 5 «Trygg etablering» drøftar korleis ein kan få fleire kommunalt disponerte bustader og god forvaltning av desse, ser dette kapittelet på korleis ein kan få eit meir variert butilbod i kommunane.

Menneske som søkjer om ein kommunal utleigebustad er i ulike situasjonar, med ulike utfordringar og behov. Kommunane disponerer i dag eit spekter av ulike tilbod. Det kan vere bustader og leilegheiter i vanlege bumiljø eller samlokaliserte bustader i det same huset eller det same området. Desse butilboda kan vere med eller utan fast tilknytte tenester. I tillegg finst det bufellesskap eller bukollektiv med alt frå døgnbemanning til bemanning berre nokre timar om dagen.

Det er viktig at kommunen tek utgangspunkt i den einskilde sine behov. Ein god busituasjon kan gjere den einskilde meir sjølvstendig og sjølvhjelpen, medan ein dårleg busituasjon kan føre til eit større hjelpebehov.

Personar med rusproblem og psykiske lidingar er ei gruppe som er overrepresentert i kartleggingane av bustadlause, og som er bustadlause lengst og oftast. Det er dei siste ti åra blitt etablert ei rekkje nye butilbod til denne gruppa. Alle må ha ein stad å bu, sjølv med levevanar som fungerer dårleg saman med omgjevnadene.

«Housing First» er ein busetjingsmodell som er nytta i fleire land. Modellen blei først utvikla i USA på midten av 1990–talet, og byggjer på ein tverrfagleg metode som tek utgangspunkt i at bustad er eit grunnleggjande behov for alle. Først når dette grunnleggjande behovet er dekt, kan bebuaren vere i stand til å ta fatt på andre utfordringar. Bustaden er med dette ein føresetnad for å nyttiggjere seg andre tenester innanfor rus- og psykiatriomsorga. Modellen har eit sterkt brukarperspektiv, mellom anna ved at bebuaren sjølv skal kunne avgjere kva for tenester ho eller han skal få. Fleire norske kommunar har i dei seinare åra etablert butilbod basert på prinsippa bak Housing First-modellen. Omgrepet «Housing First» blir òg nytta meir generelt i busetjingsstrategiar der bustaden er vurdert som ein føresetnad og eit utgangspunkt for å betre livssituasjonen til dei som er vanskelegstilte eller utan ein fast stad å bu.

Ulike undersøkingar tyder på at samlokaliserte bustader til ulike grupper ser ut til å ha blitt meir vanleg dei siste åra. Det er fleire faktorar som avgjer om bufellesskap eller samlokaliserte bustader vil vere gode løysingar for dei som bur der. Storleiken på bustadene er viktig. Andre element som spelar inn er utøvinga og kvaliteten i tenesta, samansetjinga av bebuarane, valfridomen til den einskilde brukaren, høvet til arbeid og aktivitet på dagtid, lokaliseringa og utforminga av bygningane. Det er viktig at samlokaliserte bustader og bufellesskap ikkje får eit institusjonsliknande preg. Talet på bueiningar som blir lokaliserte saman, skal ikkje vere for høgt, og bustadene bør plasserast i ordinære bumiljø. Ulike grupper skal heller ikkje måtte bu saman dersom dei ikkje ynskjer det. Erfaringa er at somme synest det er bra å bu saman med andre, medan dette for andre fører til dårlegare helse og livskvalitet. I tildelinga av tilskot til utleigebustader og omsorgsbustader har departementet og Husbanken tydeleggjort kor viktig integrering og normalisering er når ein etablerer samlokaliserte bustader.

Det er truleg at ein del personar og hushald, som tradisjonelt sett har fått tilbod om kommunal utleigebustad, er i stand til å kjøpe eigen bustad. Regjeringa vil opne for 50 års nedbetalingstid på startlån, noko som kan gjere det mogleg for fleire hushald med låge inntekter å kjøpe bustad og betene eit lån. Unge uføre er eit døme på ei gruppe med låge, men stabile inntekter. Meir omtale av dette er å finne i kapittel 5 «Trygg etablering».

Bustadutvalet (NOU 2011: 15) gjorde framlegg om ei satsing på 2500 fleire kommunalt disponerte bustader for personar med rusproblem, psykiske lidingar og dobbeltdiagnosar. Satsinga skulle gå over ein periode på fem år. Utvalet føreslo samstundes å styrkje tilskot til oppfølgingstenester og det bustadsosiale kompetansetilskotet. Framlegga fekk brei støtte i høyringa. Mange meinte at framlegget til satsing på oppfølgingstenester var for lågt i forhold til behovet.

Tilskot til utleigebustader blir tildelt av Husbanken, og kommunane og andre aktørar som vil etablere butilbod med kommunal tildelingsrett kan søkje. Målgruppa er vanskelegstilte på bustadmarknaden, og butilbod til folk utan bustad, flyktningar, folk med behov for oppfølgingstenester og barnefamiliar blir prioriterte. Meir omtale av tilskotet er å finne i kapittel 5 «Trygg etablering». Her finst òg ein omtale av investeringstilskot for heildøgns omsorgsbustader og sjukeheimsplassar.

Regjeringa vil

  • gjennom Husbanken stimulere til kommunale butilbod til personar med rusproblem, psykiske lidingar og dobbeltdiagnosar

  • utvikle modellar for å sikre brukarmedverknad ved busetjing og utforming av tenestetilbod til vanskelegstilte på bustadmarknaden

  • kartleggje utviklinga av samlokaliserte bustader og bufellesskap, både storleiken, samansetjinga av grupper og lokaliseringa, og etablere indikatorar og rapporteringssystem som gjer det mogleg å følgje utviklinga over tid

  • jamleg kartleggje og analysere bustadløyse

6.6 Oppfølging for å meistre buforholdet og kvardagen

I mange kommunar er det lange ventelister for å få kommunalt disponerte bustader, og tilbakemeldingane frå kommunane og resultat frå forskinga fortel om eit udekt bustadbehov blant personar med tilleggsvanskar. For mange som har tilleggsproblem, kan oppfølging vere ein føresetnad for stabile og føreseielege buforhold. Tenestene spenner over eit breitt spekter. Det kan vere tenester i samband med det å bu, praktisk hjelp til å handle, lage mat, vaske og oppfylle økonomiske forpliktingar, helsehjelp, hjelp til å halde kontakten med familien og å kome i arbeid eller andre former for aktivitet.

6.6.1 Rett til oppfølging

NAV-kontoret yter økonomisk stønad til kostnader til livsopphaldet, der bukostnader utgjer ein vesentleg del. Det er eit mål at dei sosiale tenestene i NAV-kontoret bidreg til å gjere mottakaren sjølvhjelpen. Kontoret kan også yte andre typar tenester som kan hjelpe mottakaren til å bli sjølvhjelpen. Kvalifiseringsprogram hjelper deltakaren til å kome i arbeid og gjev pengar til livsopphald. Personar med vanskar på bustadmarknaden kan ha rett til tenester frå mange hald.

Kommunane har eit lovpålagt ansvar for å sørgje for helse- og omsorgstenester til befolkninga. Rammene for tenestetilbodet til kommunane er nedfelt i lov om kommunale helse- og omsorgstjenester og lov om pasient- og brukerrettigheter. Etter lov om kommunale helse- og omsorgstjenester har kommunen og spesialisthelsetenesta ei plikt til å tilby ein koordinator for pasientar og brukarar med behov for langvarige og koordinerte tenester. Koordinatoren skal syte for naudsynt oppfølging, sikre samordning av tenestene og sikre framdrift i arbeidet med ein individuell plan.

Det har vore gjort forsøk med ein koordinerande tillitsperson, og dette var eit viktig tiltak i opptrappingsplanen for rusfeltet. Føremålet var å prøve ut ulike modellar og metodar for oppfølging av menneske med rusmiddelproblem. Tillitspersonar skulle hjelpe til slik at den einskilde fekk eit meir tilgjengeleg og tilpassa tenestetilbod. Følgjeevalueringa viser stor grad av måloppnåing. Den tette individuelle oppfølginga har ført til at brukarane opplever tryggleik og kontinuitet i møte med tenesteapparatet, auka brukarmedverknad, ein betre kvardag, meistring og betre samhandling mellom dei som yter tenestene. Helsedirektoratet har laga eit hefte som viser nokre av dei gode erfaringane.6

For ein nærare omtale av rusmiddelpolitikken til regjeringa, sjå Meld. St. nr. 30 (2011–2012) Se meg! En helhetlig ruspolitikk.

6.6.2 Bustad som ein del av den individuelle planen

Ein individuell plan er eit verktøy som skal sikre koordinerte tenester til den einskilde. Dei som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har rett til å få utarbeidd ein individuell plan.7 Planen skal vere tilpassa behova til den einskilde og skal ta utgangspunkt i kva brukaren eller pasienten sjølv ynskjer å oppnå. Planen legg til rette for gode samhandlingsrelasjonar og rasjonell arbeids- og ansvarsfordeling. Hjelp til å skaffe ein bustad og oppfølging i bustad kan vere blant tiltaka i den individuelle planen.

Det er framleis mange som har rett til individuell plan, som ikkje får det. Undersøkingar viser mellom anna at personar med rusproblem i lita grad får utarbeidd ein individuell plan. Mange har likevel ei eller anna form for systematisk oppfølging. I nokre fylke har fylkesmannen meldt at det er krevjande å få tenesteapparatet til å sjå nytten av å ha ein individuell plan.

Ved utgangen av 2011 var det i alt 6640 personar som fekk lækjemiddelassistert rehabilitering (LAR). Det har vore ein gradvis auke av LAR sidan starten i 1999. I samband med LAR blir det som regel utarbeidd ein individuell plan, og kommunen gjev oppfølging i samarbeid med fastlegen, spesialisthelsetenesta og andre relevante instansar. Mange i denne gruppa har hatt uføreseielege buforhold, og det er sannsynleg at ein stor del har vore utan fast bustad over tid. Erfaringane viser at med LAR-behandling, og tilpassa oppfølging, får dei ein betre busituasjon.

6.6.3 Statlege tilskot til tenester

Arbeids- og velferdsdirektoratet gjev tilskot til bustadsosialt arbeid. Føremålet er å styrkje og utvikle dei ordinære tenestene i kommunen for å oppfylle det behovet den einskilde har for oppfølging i bustaden. Ei viktig målgruppe for ordninga er personar utan bustad og personar med rusproblem.

Helsedirektoratet forvaltar tilskot til utvikling av samhandlingsmodellar, og frå 2012 gjeld dette også for oppfølging i bustad. Tilskotet skal hjelpe kommunane til å utvikle tverrfaglege arenaer med lett tilgjengeleg og effektiv hjelp til menneske med psykiske lidingar og rusproblem. Å styrkje den evna folk har til å meistre kvardagen, også buforholdet, kan hindre og stabilisere rusmiddelproblem og psykiske lidingar, og redusere talet på innleggingar.

Sidan 2009 har Helse- og omsorgsdepartementet stimulert til modellar for eit betre og meir samordna tilbod til dei som har ein alvorleg psykisk sjukdom, gjerne i kombinasjon med rusproblematikk, og som i mindre grad dreg nytte av dei ordinære tenestene. Ein viktig del av denne satsinga gjeld etablering av aktivt oppsøkjande behandlingsteam, såkalla ACT-team («assertive community treatment-team»). ACT-teama skal arbeide tverrfagleg, skal etablerast med personell frå både kommune- og spesialisthelsetenesta og skal vere bemanna for å takle utfordringar med pasientar som har mange og ofte særs samansette problem. Sosialfagleg kompetanse er viktig for å sikre ei god utgreiing av behov og for å hjelpe folk til å gjere bruk av sentrale velferdstenester. For ein del brukarar vil bistand til å kome inn i ein stabil busituasjon vere den første oppgåva for ACT-teamet.

Det blir også gjeve tilskot til etablering av organisatorisk forpliktande samarbeidsmodellar mellom kommunar og spesialisthelsetenesta. Tilskotet skal bidra til at kommunane og spesialisthelsetenesta utviklar modellar og rutinar for samarbeid om det tilbodet ein skal gje til dei mest vanskelegstilte brukarane. Bustadperspektivet er eit sentralt element i dette arbeidet.

Helse- og omsorgsdepartementet er ansvarleg for ei storbysatsing som tok til i 2005. Satsinga skulle møte særskilde utfordringar i dei største byane: Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger. Storbysatsinga danna grunnlaget for fleire tiltak for menneske med alvorleg psykisk sjukdom som ikkje sjølve tek kontakt med hjelpeapparatet eller blir kontakta av hjelpeapparatet. I tillegg til bustadtiltak er etablering av mobile oppfølgingsteam i storbyane viktige resultat av satsinga.

Regjeringa vil

  • styrkje kompetansen når det gjeld oppfølging i bustad for personar med rusproblem, psykiske lidingar og dobbeltdiagnosar

  • gjere modellar for oppfølgingstenester i bustad tilgjengelege for kommunane for slik å sikre betre oppfølging av utskrivingsklare pasientar

Boks 6.4 Ny pris for bustadsosialt arbeid

Prisen er ein heiderspris til instansar som kan vise til dokumenterte effektar når det gjeld

  • eigna butilbod til vanskelegstilte på bustadmarknaden

  • heilskapleg satsing i utviklinga av bustadsosialt arbeid

  • tiltak som motverkar at folk står utan bustad

Statens pris for bustadsosialt arbeid er ei vidareføring av Statens tiltakspris mot bustadløyse. Prisen skal delast ut årleg, og det skjer for første gong i 2013.

6.7 Førebygging av bustadproblem – rett hjelp til rett tid

Det er mogleg å førebyggje bustadproblem i avgjerande situasjonar på bustadmarknaden. Spesielt gjeld dette ved frigjeving frå fengsel og utskriving frå institusjon, ved bruk av mellombelse butilbod og ved fare for utkasting. Rett hjelp må kome til rett tid, og for å lukkast må ulike instansar samarbeide på tvers av forvaltningsnivå og sektorar.

6.7.1 Å planleggje bustad i overgang frå fengsel og institusjon

Overgangen frå fengsel og institusjon kan føre til eit tilvære utan ein bustad. Mange som opplever dette oppheld seg førebels hjå familie og vener eller bur mellombels i eit kommunalt butilbod. Slike buformer er lite føreseielege og kan føre til at fleire får tilbakefall til kriminalitet og rusmisbruk, og at effekten av helse- og omsorgstenestene blir svekt.

Kartleggingane av bustadlause viser at ein av fire bustadlause oppheld seg i fengsel eller på ein institusjon og skal skrivast ut eller frigjevast innan to månader, men utan å disponere nokon bustad. Kartlegginga omfattar alle typar fengsel og institusjonar, inkludert rehabiliteringsinstitusjonar og psykiatriske og somatiske sjukehusavdelingar.

Frigjeving frå fengsel

Straffedømte har dårlegare levekår enn befolkninga elles. To tredjedelar av dei innsette har hatt ein oppvekst med eitt eller fleire alvorlege problem.8 Dei har låg utdanning, svak tilknyting til arbeidsmarknaden, dårleg økonomi, dårleg helse og langt oftare psykiske problem enn andre. Seks av ti innsette er rusmisbrukarar. Ved starten av soninga er ein tredjedel utan ein bustad, medan talet har auka til to tredjedelar ved fullført soning.9 Dette inneber at ein tredjedel av dei innsette mister bustaden sin medan dei sonar dommen. Sjølv om det er mange fellestrekk blant dei innsette, er det likevel ei mangfaldig gruppe med ulike behov.

Tilbakeføringsgarantien blei presentert i St.meld. nr. 37 (2007–2008) Straff som virker – mindre kriminalitet – tryggere samfunn. Straffedømte skal få hjelp til å skaffe seg bustad, arbeid, helsehjelp, økonomirådgjeving og andre tenester som dei treng for å leve eit lovlydig liv. Føremålet er å etablere forpliktande samarbeidsstrukturar mellom velferdsetatane og å motivere dei innsette til å ta grep om livet sitt etter frigjevinga.

Gjennom dei siste åra er det etablert fleire samarbeidsavtalar mellom kommunar og kriminalomsorga. Avtalane er eitt av fleire verktøy for å sikre samarbeidsrutinar og klare ansvarsforhold mellom partane. Husbanken har finansiert prosjekt som skal byggje opp kunnskapen om korleis kommunen kan sikre innsette ein god og trygg bustad ved frigjevinga, mellom anna gjennom såkalla bustadkonsulentar. I samband med tilbakeføringsgarantien tilsette kriminalomsorga 27 nye tilbakeføringskoordinatorar i 2011. Koordinatorane skal mellom anna leggje til rette for at den innsette kan skaffe seg ein bustad ved frigjeving.

Forsøket «Fra fengsel til kvalifiseringsprogram» er gjennomført i sju fengsel og sju kommunar i perioden frå 2009 til 2012. Forsøket har vist kor viktig samarbeidet mellom kriminalomsorga og heimkommunen til den innsette er for å lukkast med tilbakeføringa til samfunnet. NAV-kontora må tidleg varslast om tidspunktet for frigjeving, slik at det er tid nok til å sikre ein tilfredsstillande busituasjon. Forsøket blir evaluert og skal danne grunnlaget for vidare samarbeid mellom fengsel og kommunar.

Utskriving frå institusjon

Samhandlingsreforma tok til å gjelde i 2012. Reforma skal bidra til meir førebygging og tidleg inngripen, eit større kommunalt ansvar for helse- og omsorgstenester og meir samanhengande tenester for brukarar og pasientar. I den nye lova om kommunale helse- og omsorgstjenester har kommunane fått ei plikt til å sørgje for personleg koordinator til personar som har behov for tenester frå fleire instansar og over tid. Kommunar og helseføretak har plikt til å inngå samarbeidsavtalar. Partane skal einast om felles rutinar og samarbeid om ei rekkje oppgåver, mellom anna når pasientar blir skrivne ut frå sjukehus. Dette er ein føresetnad for at kommunane kan planleggje oppfølginga. Partane skal også utarbeide retningslinjer for samarbeid om pasientar med behov for tenester frå fleire instansar.

Førebels er det berre innført økonomiske insentivordningar for somatiske innleggingar. I Meld. St. 30 (2011–2012) Se meg! En helhetlig rusmiddelpolitikk har regjeringa varsla at ho vil greie ut kommunal medfinansiering og betaling for utskrivingsklare pasientar innanfor rusbehandling og psykisk helsevern. Reforma er ei retningsreform og skal innførast gradvis over tid. Reforma inneber omstilling og langsiktig utviklingsarbeid i kommunane og spesialisthelsetenesta.

Risikoen for tilbakefall frå behandling er særleg stor ved utskriving frå institusjon og fengsel. Det finst ein nasjonal kampanje for å betre pasientsikkerheita og å hindre pasientskadar. I 2012 blei det utvikla tiltakspakkar og det blei gjennomført pilotforsøk som skal førebyggje sjølvmord og overdose etter utskriving frå institusjon.

6.7.2 Redusert bruk av mellombelse butilbod

For å redusere bruken av mellombelse butilbod må det utviklast og etablerast fleire butilbod til dei som ofte oppheld seg på mellombelse butilbod, slik som utsette unge og personar med rusproblem og/eller psykiske lidingar. Ein må òg førebyggje at folk kjem i ein situasjon der dei må be om døgnovernatting.

Alle som ikkje har ein stad å opphalde seg og å sove det neste døgnet, har krav på eit mellombels butilbod, jf. § 27 i lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen. Mellombelse butilbod skal avhjelpe akutt bustadløyse og skal ikkje vare ved over tid. Det mellombelse tilbodet må ha forsvarleg kvalitet sett ut frå tenestemottakaren sine behov. Tenestemottakaren skal sikrast eit sjølvstendig tilvære der det er mogleg å halde oppe relasjonar og eit sosialt nettverk, delta i vanlege daglege aktivitetar og kunne vere i arbeid eller prøve å finne seg arbeid. NAV-kontoret må sjå til at det mellombelse butilbodet er forsvarleg. Viss kontoret finn det føremålstenleg, bør det bli laga kvalitetsavtalar med leverandørar av mellombelse butilbod.

Boks 6.5 Mellombels butilbod og personar med kortvarig og ulovleg opphald

Arbeidssøkjarar

Personar som kjem til Noreg for å søkje arbeid, som har lovleg opphald utan at dei buset seg her, har ein avgrensa rett til sosiale tenester. Det er ein føresetnad at personar i denne gruppa kan sørgje for eige livsopphald, og dei har i utgangspunktet berre rett til å få opplysning, råd og rettleiing.

Dersom ein person i denne gruppa ikkje kan syte for sitt eige livsopphald frå dag til dag (naudsituasjon), har dei likevel rett til hjelp. Vedkomande kan ha rett til mellombels butilbod i den tida det tek å få hjelp frå kjelder i heimlandet. Dette vil i hovudsak dreie seg om hjelp frå familie, vener, gjennom bank eller liknande for å kunne halde fram det lovlege opphaldet i Noreg eller for å kunne reise frå landet.

Personar som oppheld seg ulovleg i Noreg (papirlause)

Personar utan lovleg opphald har berre rett til opplysning, råd og rettleiing etter lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen. Dei fleste i denne gruppa er personar med endeleg avslag på søknad om asyl, og mange vil derfor ha rett på opphald i statlege mottak. Viss dei ikkje ynskjer å nytte seg av det statlege tilbodet, får dei likevel ikkje rett til mellombels butilbod frå kommunen. Personar utan lovleg opphald som ikkje har rett til opphald i statleg mottak, har rett på mellombels butilbod viss dei ikkje kan syte for sitt eige livsopphald. Dei kan få hjelp i nokre dagar inntil det er praktisk mogleg å forlate landet.

EØS-borgarar som ikkje er arbeidssøkjarar og som ikkje sjølv har midlar til livsopphald

Denne gruppa har lovleg opphald i inntil tre månader, på det vilkår at dei ikkje utgjer ein urimeleg byrde for velferdsordningane. Dei har berre rett på mellombels butilbod i nokre dagar, inntil dei får skaffa seg midlar eller i praksis kan reise frå landet. Om dei vel å bli i Noreg, har dei ikkje krav på tenester etter lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen. I ein naudsituasjon, til dømes ved streng kulde, kan det vere naudsynt å tilby trygg overnatting for å hindre skade på liv og helse.

Bruken av og kvaliteten på døgnovernattingsstader blei kartlagd i 2010.10 Vanleg lengd på opphaldet for personar med rusproblem og dobbeltdiagnose er meir enn tre månader, medan barnefamiliar og unge i all hovudsak oppheld seg på mellombelse butilbod i under tre månader. Det er 41 pst. av kommunane i kartlegginga som meiner at dei har hatt ein auke i bruken av mellombelse butilbod dei siste tre åra (2008–2010), medan 13 pst. meiner at bruken har gått ned.

Bruken av nattheim er halvert dei siste tre åra.11 Nattheim blir ikkje etter lova rekna som eit mellombels butilbod, fordi ein vanlegvis ikkje kan opphalde seg der på dagtid. Samstundes har bruken av andre mellombelse butilbod auka, og til saman budde 3885 personar på slike tilbod i 2011. Opphald på over tre månader har gått litt ned, noko som kan tyde på at kommunane greier å hjelpe folk over i andre tilbod innan rimeleg tid. Om lag 207 barnefamiliar hadde opphalde seg på mellombelse butilbod i 2011. Dei blei raskt hjelpte vidare til andre butilbod. Det var 22 familiar som nytta det mellombelse butilbodet i meir enn tre månader.

Kommunane er tidlegare blitt oppmoda om å inngå kvalitetsavtalar med alle leverandørar av mellombelse butilbod.Kvaliteten på tilboda ser ut til å vere god og langt på veg i samsvar med dei statlege føringane. Sjølv om nokre av butilboda kan bli betre, er det grunn til å tru at kvaliteten på dei mellombelse butilboda jamt over har gått opp dei siste ti åra. Det er ikkje større kvalitetsskilnader mellom butilbod med og utan kvalitetsavtale. Mange kommunar ser ut til å ha fått betre rutinar for å følgje opp tilboda.12

NAV-kontoret skal så langt råd er, setje i verk tiltak med det same for å sikre overgang frå eit mellombels til eit varig butilbod. For tenestemottakarar som ikkje klarer å ta vare på interessene sine på bustadmarknaden, bør ein ta bustad og tenester som er naudsynte for å sikre ein stabil busituasjon, inn i ein individuell plan.

Arbeids- og velferdsdirektoratet og fylkesmannen gjennomfører i 2012 og 2013 opplæring i lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen for alle NAV-kontor. Sentralt i opplæringa er føremålet med lova og kravet om at alle tenester skal vere forsvarlege. Dette skal gjennomsyre alle saker etter lova. Somme tenestemottakarar treng hjelp i lang tid for å nå målet om å bli sjølvhjelpne. I nokre saker vil det vere naudsynt med ein individuell plan for å følgje opp føremålet med lova og sikre forsvarlege tenester.

6.7.3 Færre utkastingar

Dei menneskelege og økonomiske kostnadene ved utkastingar er store. Erfaringar viser at det er mogleg å hindre ein stor del av utkastingane, så sant NAV-kontora blir informerte om situasjonen i ein tidleg fase.

I den nasjonale strategien mot bustadløyse, «På vei til egen bolig» (2005–2007), var målet å redusere varsel om utkasting med 50 pst. og talet på faktiske utkastingar med 30 pst. I strategiperioden blei varsel om utkastingar reduserte med 22 pst. og dei faktiske utkastingane med 15 pst. Personar med svak betalingsevne og betalingsvilje, personar med uryddig økonomi og personar med psykiske lidingar og rusproblem kjem oftast i fare for å miste bustaden sin. Eit typisk hushald som blir kasta ut, er ein ung mann som tidlegare har fått varsel om utkasting, og som allereie er mottakar av sosiale tenester.

Både varsel om utkastingar og faktiske utkastingar er reduserte frå 2011 til 2012. Utkastingar er for det meste eit storbyproblem. I 2011 kom 43 pst. av varsla om utkasting i Oslo. Ifølgje namsmannen i Oslo stod Boligbygg KF for om lag 1000 av dei i alt 4700 varsla om utkasting i 2011. Boligbygg KF forvaltar over 10 000 bustader på vegner av Oslo kommune.

Økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving er ein del av kjerneoppgåvene til arbeids- og velferdsforvaltninga. Rådgjevinga er avgjerande for å hindre utkastingar. NAV-kontoret får ikkje alltid kjennskap til misleghald før namsmannen sender varsel om utkasting. På dette tidspunktet er prosessen komen langt, og kostnadene blir derfor store for kommunen, leigaren og utleigaren. Resultatet kan vere at utkastinga blir gjennomført, og at NAV-kontora må skaffe eit nytt butilbod til dei det gjeld.

Auka kompetanse i økonomisk rådgjeving er eit prioritert område for regjeringa. Det har sidan 2004 vore gjennomført fleire tiltak for å utvikle kvaliteten på dei kommunale tilboda til personar med økonomi- og gjeldsproblem. Regjeringa har styrkt dei interkommunale nettverka for å stimulere til samarbeid mellom små kommunar og stimulere til utvikling av tenestene. Fylkesmannen har ansvaret for opplæring av dei tilsette i kommunane gjennom grunnkurs, vidaregåande kurs og oppfølgingskurs. Arbeids- og velferdsdirektoratet arrangerer jamleg nasjonale konferansar om økonomisk rådgjeving under tittelen «Penger til besvær!». Desse konferansane bidreg også til kunnskapsdeling.

Dersom ein person får økonomisk stønad frå NAV-kontoret til dekning av utgifter til bustad, kan stønaden betalast direkte til utleigaren, straumleverandøren eller andre dersom tenestemottakaren har gjeve samtykke til dette. Det er også mogleg å gjere avtalar om forvaltning av trygdeutbetalingar, og ein del tenestemottakarar ynskjer slike løysingar. Det er likevel eit mål at den einskilde skal forvalte inntekta sjølv, også inntekter frå stønadsordningar. Kapittel 5 «Trygg etablering» går nærare inn på økonomisk stønad, rettleiing og forvaltning av inntekt.

Oppfølging i bustaden hindrar også krav om utkastingar og gjennomførte utkastingar. Dette blir mellom anna trekt fram av kommunane i rapporteringa om dei tilskota Arbeids- og velferdsdirektoratet gjev til bustadsosialt arbeid.

Boks 6.6 Handlingsplan for betre levekår for romar

I 2009 la regjeringa fram ein handlingsplan for å betre levekåra for romar i Oslo. Målgruppa for handlingsplanen er folk av denne nasjonale minoriteten som er folkeregistrerte i Noreg, og som sjølv definerer seg som romar med norsk eller utanlandsk statsborgarskap. Gruppa omfattar om lag 700 personar, og dei fleste bur i Oslo.

Dei av romane som har problem på bustadmarknaden, kan på lik linje med andre vanskelegstilte søkje om lån og tilskot frå Husbanken, om ein kommunal utleigebustad og om andre bustadsosiale tenester.

Som følgje av handlingsplanen er det etablert ei rettleiingsteneste for romane i Oslo. Hovudfunksjonen til tenesta er å gje informasjon og rettleiing om utdanning, bustad, arbeid og helse. Husbanken bidreg med informasjonstiltak og med kompetanse når det gjeld bustadrelaterte problemstillingar.

Regjeringa vil

  • skaffe betre data for arbeidet med å førebu bustad ved frigjeving frå fengsel og utskriving frå institusjon. Betre data skal hjelpe kommunar og statlege instansar til å vurdere måloppnåing, evaluere arbeidet og eventuelt setje i verk nye tiltak

  • vidareutvikle den statistikken Politidirektoratet fører over varsel om utkasting og faktiske utkastingar, for å følgje nærare utviklinga i talet på hushald som blir ramma

6.8 Eit styrkt bustadsosialt fagmiljø

Bustadsosialt arbeid som ein del av utdanninga

Bustadsosialt arbeid i kommunen krev eit godt fagleg grunnlag hjå dei tilsette. Bustadutvalet (NOU 2011: 15) viste til at bustadsosialt arbeid må inngå som ein del av velferdsutdanninga. Dette er ein føresetnad for godt samarbeid i kommunen og i helsetenesta og for at personar skal bli møtte på ein heilskapleg måte.

Både Husbanken og Arbeids- og velferdsdirektoratet arbeider med å heve den bustadsosiale kompetansen i kommunane, og har mellom anna vore med på å etablere bustadsosiale studium ved fleire høgskular. Husbanken stimulerer til at det blir halde føredrag om universell utforming og om dei økonomiske verkemidla i grunnutdanninga. Husbanken gjev også stipend til mastergradsstudentar som skriv om bustadsosialt arbeid og andre relevante tema.

Husbanken, Arbeids- og velferdsdirektoratet og Helsedirektoratet legg alle til rette for tilbod om vidareutdanning i bustadsosialt arbeid. Målet er å styrkje den bustadsosiale kompetansen hjå fagfolk som arbeider med vanskelegstilte på bustadmarknaden. Målgruppa er både sakshandsamarar og leiarar. Temaa i vidareutdanninga strekkjer seg frå framskaffing og utforming av bustader til oppfølging i bustad. Det er også etablert ei rekkje utdanningstilbod som skal heve kompetansen når det gjeld kva som er den beste måten å hjelpe personar med rusproblem og psykiske lidingar på.

Kunnskapskjelder og læringsarenaer

Bustadutvalet (NOU 2011: 15) meinte at den statlege samordninga ikkje er god nok, og at den statlege innsatsen bør stimulere til at bustad og tenester blir sette i samanheng lokalt. Regjeringa vil utarbeide ei ny rettleiing i bustadsosialt arbeid. Rettleiinga skal gje ei samla framstilling av det gjeldande lovverket og av aktuelle verkemiddel. Ho vil innehalde nyttig kunnskap og gode døme på tvers av sektorar og fagområde. Regjeringa vil òg greie ut om det kan vere føremålstenleg å etablere ein internettportal som gjev ei oversikt over dei økonomiske ordningar som staten tilbyr i det bustadsosiale arbeidet.

Husbanken skal bidra til å heve kompetansen i kommunar, frivillig sektor, brukarorganisasjonar og hjå andre som arbeider med bustadsosiale spørsmål. Dette blir dels gjort gjennom å utvikle kunnskap som er til nytte i tenestetytinga og politikkutforminga, dels ved å formidle kompetanse og erfaringar. Det er særleg viktig å systematisere og spreie kunnskap og erfaringar frå det arbeidet som kommunane gjer. Endå om utfordringane ofte er ulike i kommunane, er erfaringsutveksling mellom kommunar verdifullt. Nokre kommunar har etablert «læringsagentar» som skal spreie erfaringane til andre kommunar i regionen. Dei spreier erfaringar frå både utviklingsarbeid og praksisbasert bustadsosialt arbeid. I tillegg til å nytte regionale læringsarenaer og læringsagentar frå kommunane, er det viktig å trekkje inn erfaringane og kompetansen til frivillige organisasjonar og brukarrepresentantar.

Husbanken forvaltar bustadsosialt kompetansetilskot. Tilskotet skal bidra til å heve kompetansen innanfor bustadsosialt arbeid. Tilskotet er særleg retta mot kommunar med store bustadsosiale utfordringar. Tilskotet er mellom anna viktig for å utvikle eit godt kunnskapsgrunnlag for bustadsosialt arbeid, ei føremålstenleg organisering i kommunane og metodar for å sikre god forankring på tvers av sektorar og organisasjonsnivå.

KS tilbyr kommunane ein arena for analyse av verksemda til kommunane, der samanlikning mellom kommunar skal gje læring om vidare utvikling. I nettverksarbeidet øver kommunane på å utvikle analysar av tenester. Om lag 170 kommunar deltek kvart år i effektiviseringsnettverk. KS melder om at nettverka mellom anna bidreg til at kommunane får betre innsikt i tenestene sine, betre grunnlag for mål, styring og leiing, og til auka brukarfokus og brukarmedverknad. ASSS-nettverket er eit nettverk for dei ti største kommunane.13 Bustadutvalet (NOU 2011: 15) meinte at det bør leggjast ned ressursar for å utvikle gode måltal i den lokale bustadpolitikken, og at ASSS-nettverket er eit forum som bør trekkjast med i dette utviklingsarbeidet. Det var fleire høyringsinstansar som støtta framlegget. Bruken av startlån har vore eit tema som ASSS-nettverket har drøfta i 2012, og departementet vil gjennom Husbanken leggje til rette for at bustadindikatorar òg kan vere tema i effektiviseringsnettverka i det vidare arbeidet.

Regjeringa vil

  • gjennomgå utdanningstilbodet ein har i dag, og i samarbeid med relevante utdanningstilbydarar, vurdere om det er behov for ein samla utdanningsstrategi innanfor feltet bustadsosialt arbeid

  • utarbeide ei ny tverrfagleg rettleiing om bustadsosialt arbeid

  • lage ei samla oversikt over dei økonomiske ordningane som staten tilbyr i det bustadsosiale arbeidet

  • leggje til rette for at bustadindikatorar og bustadspørsmål blir tema i effektiviseringsnettverka til KS

6.9 Auka frivillig innsats og brukarmedverknad

Regjeringa stimulerer og støttar opp om frivillige verksemder på ei rekkje felt. Frivillige verksemder fyller ut, utfordrar, korrigerer og påverkar styresmaktene, og det er lang tradisjon for samarbeid mellom det offentlege og frivillig sektor.

Sjølv om det er kommunane som har hovudansvaret for å gjennomføre bustadpolitikken, og som dermed må ha eigarskapet til arbeidet, vel mange kommunar å løyse oppgåvene i samarbeid med frivillige organisasjonar. Frivillige organisasjonar bidreg både til å skaffe bustader og til å yte oppfølgingstenester i bustaden.

I tillegg har frivillige organisasjonar og interesse- og brukarorganisasjonar verdifull erfaring og kan kome med innspel til den statlege og kommunale politikkutforminga. Regjeringa har eit kontaktutval med representantar for dei sosialt og økonomisk vanskelegstilte. Kontaktutvalet har jamlege møte, der bustad er tema med jamne mellomrom. Husbanken samarbeider med fleire frivillige organisasjonar og brukarorganisasjonar, både sentralt og regionalt, og gjev mellom anna økonomisk støtte til ulike tiltak i regi av frivillige.

Frivillige bidreg til å gje menneske omsorg, nærleik og ein meiningsfull kvardag. For mange er bustaden i seg sjølv ikkje tilstrekkeleg til å sikre god livskvalitet. Mange treng oppfølgingstenester for å meistre buforholdet og kvardagen, og dette er tenester mange frivillige tilbyr. Bærum kommune har laga ei rettleiing i korleis ein kan samarbeide med frivillige i det bustadsosiale arbeidet. I rettleiinga, som også andre kommunar kan ha nytte av, blir det vist til tenester i samband med sosialt samvær, praktisk hjelp og rettleiing. Det er eit breitt spekter av tenester, som supplerer tenester frå mellom anna NAV-kontoret og bustadkontora.

Brukarane må få den informasjonen dei treng for å vite om kva for moglegheiter dei ulike statlege ordningane gjev, slik som bustøtte, startlån, tilskot til etablering i bustad og tilskot til tilpassing av bustad. Husbanken skal mellom anna syte for at det finst god og oppdatert informasjon til aktuelle brukarar på nettstadene sine.

Regjeringa vil

  • stimulere til frivillig innsats i det bustadsosiale arbeidet sentralt, regionalt og lokalt

  • nytte erfaringar frå brukarorganisasjonar i det bustadsosiale arbeidet

  • leggje til rette for at dei ulike bustadsosiale ordningane er godt kjende blant menneske som treng hjelp til å løyse bustadproblema sine

Boks 6.7 Hjelp til å bu

«Boligskolen SAFIR» i Oslo arrangerer gratis kurs for folk som ynskjer hjelp til å meistre praktiske og sosiale utfordringar med det å bu. Det blir halde kurs om alt ifrå økonomistyring til matlaging. «Boligskolen» tilbyr ikkje lovpålagde tenester, men er eit resultat av brukarorganisering og frivillig arbeid i Kirkens Bymisjon. Tiltaket blei oppretta i 2005 og har sidan starten hatt ein prosjektleiar i hundre prosents stilling. I tillegg hjelper personar med ruserfaring til i arbeidet.

Kirkens Bymisjon i Oslo driv også «Bolighjelpen», som er eit servicekontor for menneske som slit med å bu i eigen bustad. Somme ynskjer hjelp til å utvikle sosiale nettverk, og andre har mest behov for praktisk bustadhjelp. Prosjektet har som mål å gje fleire menneske trivsel der dei bur. «Bolighjelpen» skal vere eit tillegg til, og ikkje ei erstatning for, offentleg hjelp. Tiltaket er basert på frivillige som er besøksvener og er med på møte og bustadvising. «Bolighjelpen» gjev også rettleiing når det gjeld bustadjuss, bustøtte, startlån og andre økonomiske støtteordningar. Tiltaket er finansiert med Extra-midlar frå stiftinga Helse og Rehabilitering, med tilskot frå Oslo kommune og OBOS.

6.10 Økonomiske og administrative konsekvensar

Den nye nasjonale strategien for bustadsosialt arbeid skal utviklast i 2013, og regjeringa tek sikte på at han skal gjelde frå 2014. Strategien vil først og fremst ha administrative konsekvensar som følgje av auka bustadsosialt samarbeid mellom medverkande departement og direktorat.14 Dei tiltaka som blir sette i verk som følgje av arbeidet med strategien skal dekkjast innanfor gjeldande budsjettrammer. Eventuelle meirkostnader skal handsamast i samband med dei årlege statsbudsjetta.

Tiltaka om fleire butilbod til personar som ikkje bur tilfredsstillande skal dekkjast innanfor eksisterande budsjettrammer. Tilskot til utleigebustader er eit viktig verkemiddel som regjeringa har styrkt fleire gonger, sist i statsbudsjettet for 2013. Regjeringa har òg styrkt tilskot til etablering, sist i statsbudsjettet for 2013, mellom anna for å hjelpe vanskelegstilte hushald frå leige til eige. Startlån er eit verkemiddel for å hjelpe vanskelegstilte til å kjøpe bustad. I tillegg til bruk av verkemiddel frå Husbanken, vil det å hjelpe bebuarar i kommunale utleigebustader over i eigd bustad krevje administrative ressursar frå kommunane. Kommunane vil på den andre sida frigjere utleigebustader, som igjen kan disponerast til andre vanskelegstilte på bustadmarknaden.

Tiltaka som blir fremja i dette kapittelet om å heve den bustadsosiale kompetansen og å utvikle betre styringsdata for både kommune og stat, skal gjennomførast innanfor gjeldande budsjettrammer. Tiltaka vil krevje samarbeid mellom departement og direktorat, og kommunesektoren må bidra med innspel og deltaking på eventuelle møte, kurs og konferansar. Det er likevel opp til kvar einskild kommune å vurdere om, og eventuelt korleis, dei vil nytte seg av dei økonomiske og faglege tilboda frå staten. Målet er å vidareutvikle både det kommunale og statlege arbeidet slik at vanskelegstilte på bustadmarknaden får rett hjelp på eit tidlegast mogleg tidspunkt. Det er òg eit mål å vidareutvikle arbeidsformer slik at bustadproblem i større grad kan førebyggjast. Å førebyggje bustadproblem vil truleg innebere økonomiske og administrative innsparingar for både kommune, stat og dei personane det gjeld.

Fotnotar

1.

Det er gjennomført fire kartleggingar (1996, 2003, 2005 og 2008). I kartleggingane blir bustadlause definerte som dei som manglar ein eigd eller ein leigd bustad og er i ein av dei følgjande situasjonane: manglar tak over hovudet komande natt, er vist til akutt eller mellombels overnatting, er under kriminalomsorga eller i ein institusjon og skal frigjevast eller skrivast ut innan to månader og er utan ein stad å bu, eller bur mellombels hjå vener, kjende eller slektningar. Bustadlause er også kartlagde i 2012, og resultata vil liggje føre i 2013.

2.

Rundskriv R35-00-F12 til lov om sosiale tjenester i NAV.

3.

Dyb. E. og K. Johannessen (2009): Bostedsløse i Norge 2008 – en kartlegging, NIBR-rapport 2009:17.

4.

Johannessen, K. og E. Dyb (2011): På ubestemt tid. Døgnovernattingssteder og andre former for kommunalt disponerte boliger, NIBR- rapport 2011:13.

5.

Bakketeig, E. og E. Backe-Hansen (2008): Forskningskunnskap om ettervern, NOVA-rapport 17/2008.

6.

Tillit, tid, tilgjengelighet (IS-1918).

7.

Individuell plan er regulert i både lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen, lov om barneverntjenester, lov om kommunale helse- og omsorgstjenester, lov om spesialisthelsetjenesten, lov om psykisk helsevern og lov om pasient- og brukerrettigheter.

8.

Friestad, C. og I.L. Skog Hansen (2004): Levekår blant innsatte, Fafo-rapport 429.

9.

Dyb, E. mfl. (2006): Løslatt og hjemløs. Bolig og bostedsløshet etter fengselsopphold. Samarbeidsrapport NIBR/Byggforsk/KRUS.

10.

Johannessen, K. og E. Dyb (2011): På ubestemt tid. Døgnovernattingssteder og andre former for kommunalt disponerte boliger, NIBR- rapport 2011:13.

11.

KOSTRA-rapportering frå kommunane til Statistisk sentralbyrå.

12.

Johannessen, K. og E. Dyb (2011): På ubestemt tid. Døgnovernattingssteder og andre former for kommunalt disponerte boliger, NiBR-rapport 2011:13.

13.

ASSS står for Aggregerte Styringsdata for Samarbeidende Storkommuner.

14.

Det er Arbeidsdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet som saman er ansvarlege for strategien. Kommunal- og regionaldepartementet skal leie arbeidet. Husbanken skal koordinere arbeidet på direktoratnivå. Dei direktorata som må bidra i arbeidet er Arbeids- og velferdsdirektoratet, Helsedirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet og Kriminalomsorga. Andre departement og direktorat vil bli trekte med ved behov.
Til forsida