Meld. St. 23 (2010–2011)

Noregs deltaking i den 65. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 64. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

3 Saker i plenum

3.1 Kampen mot fattigdom

Toppmøtet om tusenårsmåla hadde som føremål å vurdere framgangen sidan tusenårsmåla vart vedtekne av FN i 2000, og å planleggje for gjennomføring fram mot fristen i 2015. Tusenårsmåla handlar mellom anna om å halvere talet på fattige, skape universell tilgang til barneskuleutdanning, redusere dødstala blant barn under fem år med to tredelar og redusere mødredødstala med tre firedelar. Deltakinga på høgnivåmøtet omfatta mellom anna 89 statsoverhovud og regjeringssjefar. I førebuingane til høgnivåmøtet presenterte utviklingsland sine eigne erfaringar i kampen mot fattigdom dei siste ti åra, og erfaringsdeling mellom land i sør var eit mål i seg sjølv.

Høgnivåmøtet stadfesta rolla FN speler som arena for fastsetjing av globale utviklingspolitiske mål og etablering av felles forståing for kvar verda står i kampen mot fattigdom og realisering av tusenårsmåla. Høgnivåmøtet munna ut i ei slutterklæring som alle medlemslanda i FN slutta seg til. Slutterklæringa vil vere retningsgjevande for internasjonalt utviklingssamarbeid fram mot 2015. Den gjev uttrykk for den samla viljefastleiken verdssamfunnet har i kampen mot fattigdom, og inneheld ein detaljert handlingsplan for å nå kvart av tusenårsmåla. Planen understrekar at utviklingsland har det primære ansvaret for eiga utvikling. Det var semje om at rolla til dei rike landa er å støtte opp om utviklingslanda sine eigne utviklingsplanar, mellom anna med bistand. Slutterklæringa understrekar òg samanhengen mellom utvikling og menneskerettar. Noreg fekk mellom anna gjennomslag for at arbeidet med barnedødstal og mødrehelse ikkje minst må prioriterast. Bakgrunnen er at tusenårsmålet om mødrehelse har hatt minst framgang.

FNs generalsekretær lanserte ein handlingsplan for helsa til kvinner og barn under høgnivåmøtet. Noreg hadde vore med på å utvikle denne planen, som vart ønskt velkomen av verdsleiarane. Generalsekretæren kunngjorde under høgnivåmøtet at han hadde sikra USD 40 millionar i bidrag til denne planen

3.2 Globale helsespørsmål

Oppfølginga av utanriksministerens initiativ om global helse og utanrikspolitikk vart ytterlegare styrkt og forankra i New York gjennom ein resolusjon med konkrete tilrådingar om mellom anna styringssystem for global helse og oppfølging av helsetusenårsmåla. Brasil leidde forhandlingane på vegner av sjulandsgruppa, der òg Sør-Afrika, Indonesia, Frankrike, Thailand, Senegal og Noreg er med, og som har som hovudføremål å setje koplinga mellom utanrikspolitikk og global helse på den internasjonale dagsordenen. Det var spesielt gledeleg at USA, India og Kina, som er nøkkelland for å ta dette initiativet vidare, denne gongen valde å vere medforslagsstillarar til resolusjonen. Dette syner at brei forankring på tvers av tradisjonelle grupperingar verkar samlande i spørsmål der det er sprikande interesser.

Generalforsamlinga vedtok òg resolusjonar om organiseringa, formatet og innhaldet av dei to høgnivåmøta om helse som skal haldast i New York i 2011 – om hiv og aids i juni og om ikkje-smittsame sjukdomar i september. Noreg la vekt på og fekk gjennomslag for at høgnivåmøta skal vere inkluderande, og at dei skal munne ut i handlingsretta sluttdokument.

3.3 Regionale konfliktar

Midtausten

Den årlege debatten om Midtausten vart, som tidlegare år, dominert av arabiske land, der FNs generalforsamling vedtok dei seks årlege Midtausten-resolusjonane med stort fleirtal. Resolusjonane omhandlar høvesvis FNs komité og divisjon for palestinske rettar, FNs informasjonseining for Palestina-spørsmålet, ei fredeleg løysing på Midtausten-konflikten og status for Jerusalem og syrisk Golan. Stemmemønsteret var stort sett det same som tidlegare år, som følgje av at resolusjonstekstane i liten grad var endra. Alt i alt gjev det overveldande fleirtalet i tre av resolusjonane og det lave talet på neistemmer eit inntrykk av brei internasjonal semje om innhaldet i resolusjonane. Dette står i sterk kontrast til at dei fleste vestlege land, mellom dei Noreg, tidlegare avstod på tre av resolusjonane. Sjølv om mange vil meine at talet på resolusjonar kunne reduserast, er likevel biletet at fleirtalet av resolusjonane er balanserte og ikkje einsidige og politiserte.

Noreg er på lik linje med dei fleste vestlege land skeptisk til grunnlaget for dei to resolusjonane som omhandlar komiteen og kontoret i FN for palestinske rettar. Noreg meiner at desse to einingane medfører unødvendig bruk av ressursar frå FNs kjernebudsjett, og begge set uheldig presedens for resten av FN-systemet. Dei er kostbare og har liten påverknad på situasjonen på bakken. Deltakinga er òg einsidig og inkluderer ikkje Israel. Noreg stemte difor avståande på desse to resolusjonane og avstod som tidlegare på resolusjonen om syrisk Golan på grunn av den omstridde språkbruken knytt til grensespørsmålet. Noreg stemte som tidlegare år for dei tre resolusjonane som omhandlar ei fredeleg løysing, Jerusalem og FNs informasjonseining for Palestina-spørsmålet.

Debatten i forkant av realitetsbehandlinga av resolusjonane – der Noreg heldt innlegg – var elles prega av få overraskingar og vart som tidlegare dominert av arabiske land. Det kom fram brei støtte til tostatsløysinga (med unntak av Libya og Iran) og samla kritikk av israelske busetjingar, og Israel vart isolert i sitt syn på vidareført busetjingsaktivitet. Situasjonen i Gaza vart understreka av dei fleste landa, og Israel vart kritisert av alle land for ikkje å gjere meir for å opne grensene.

Afghanistan

Etter lange forhandlingar vart den årlege resolusjonen om situasjonen i Afghanistan godkjend med konsensus. Nesten hundre land stilte som medforslagsstillarar, mellom dei Noreg. Sjølv om det i år ikkje lukkast å redusere lengda på resolusjonen, er han likevel styrkt og justert på fleire område. Ikkje minst gjeld dette at resolusjonen er i tråd med hovudbodskapen i kommunikeet frå Kabul-konferansen i juli 2010 på område som var viktige for Noreg, slik som prinsippet om afghansk eigarskap og leiarskap. Resolusjonen er elles i tråd med Noregs syn på situasjonen i Afghanistan, og Noreg fekk støtte for dei fleste av endringsforslaga sine, særleg på områda godt styresett og menneskerettar.

Forhandlingane om resolusjonen var i år konstruktive og prega av mindre polarisering enn tidlegare, trass i kjende interessemotsetningar. Sivile drap vart i mindre grad enn tidlegare eit vanskeleg tema som følgje av betra rutinar i NATO for å unngå dette. Iran forsøkte likevel å få inn ein skarp referanse til dekretet om private tryggingsselskap, men fekk berre støtte for ein generelt formulert referanse til dette. Dei tema det var knytt størst usemje til, var politisk dialog og forsoning, i tillegg til kampen mot narkotika.

Denne landresolusjonen går tilbake til 1979 og er den einaste i sitt slag i FNs generalforsamling. Sjølv om resolusjonen har få praktiske konsekvensar, har han likevel nytteverdi ved at han er med på å definere den breie internasjonale semja om situasjonen i landet. Resolusjonen er det einaste tilfellet der FN tek eit heilskapleg grep om situasjonen i Afghanistan utanom dei faste debattane i Tryggingsrådet.

Kosovo

Etter den kosovoalbanske sjølvstendeerklæringa i februar 2008 tok Serbia eit initiativ under den 63. generalforsamlinga til å leggje fram spørsmålet om sjølvstendeerklæringa var folkerettsleg legitim, for den internasjonale domstolen (ICJ) i Haag. I 2008 fekk Serbia eit knapt, men tilstrekkeleg fleirtal for denne førespurnaden. Mange land som hadde godkjent Kosovo, meinte at ei opprivande behandling i ICJ ikkje ville tene den forsoningsprosessen som dei to statane måtte gjennomføre. Frå norsk side godkjende ein dette argumentet fullt ut, men la samtidig vekt på at høvet til å søkje ein slik rådgjevande uttale frå ICJ er nedfelt i FN-pakta og er eit fredeleg og demokratisk verkemiddel for tvisteløysing. For norsk syn var det òg viktig at førespurnaden om ein rådgjevande uttale ville gje moderate krefter i Serbia meir tid og ro. ICJ la fram den rådgjevande uttalen i juli 2010 og konkluderte med at sjølvstendeerklæringa ikkje braut folkeretten. Generalforsamlinga vedtok i kjølvatnet av denne uttalen ein samrøystes og viktig resolusjon som i praksis la den vidare diskusjonen om Kosovos sjølvstende død, og som dermed la grunnlaget for samtalar mellom dei to landa, tilrettelagde av EU. Begge ønskjer sterk integrasjon i europeiske strukturar, og denne generalforsamlingsprosessen viser tydeleg eit effektivt diplomati frå EU si side.

3.4 Menneskerettar

Det jordanske forslaget om etablering av ei eiga veke for interreligiøs harmoni vart til slutt vedteke ved konsensus, trass i protestar frå nokre medlemsland. Å vareta forholdet til ein viktig alliert i Midtausten vog til slutt tyngre enn misnøya med at medlemslanda skulle uttale seg om kva verdiar religionar fremjar. På same måten vart resolusjonsforslaget frå Filippinane og Pakistan om interreligiøs dialog for fred vedteke utan avstemming. Her òg ønskte nokon lenge å ta teksten til avstemming, denne gongen på grunn av manglande vektlegging av rolla til enkeltmennesket – i motsetning til den kollektive rolla til trussamfunn, sivilisasjonar og statar – i å fremje interreligiøs dialog. Indirekte referansar til krenkjande omtale av religion var òg med på å gjere denne resolusjonen problematisk.

3.5 Tryggingsrådet

Under behandlinga i Generalforsamlinga av den årlege tryggingsrådsrapporten kom det fram velkjende synspunkt på reform av arbeidet i Tryggingsrådet. Fleire av dei alliansefrie landa ønskte seg ei sterkare kopling mellom Generalforsamlinga og Tryggingsrådet. Det vart òg etterlyst meir openheit. I spørsmålet om utviding av Tryggingsrådet ligg posisjonane til landa fast mellom dei som ønskjer utviding av både faste og ikkje-faste medlemer, og dei som berre ser for seg utviding av ikkje-faste medlemer. Sjølv om presidenten i Generalforsamlinga ønskjer å intensivere konsultasjonane i utvidingsspørsmålet, er det vanskeleg å sjå for seg ei løysing som vil kunne samle tilstrekkeleg og kvalifisert fleirtal. Derimot er det mykje som talar for at ein kan hente meir på måten Tryggingsrådet arbeider på, mellom anna ved å vere meir open og i sterkare grad engasjere land som bidreg med soldatar og politi til fredsbevarande operasjonar, og ikkje minst land som syner særskilt engasjement i dei enkelte landsituasjonane. I løpet av hausten har fokuset til Tryggingsrådet i stor grad vore retta mot Sudan og Somalia. I desember fekk utviklinga i Elfenbeinskysten stor merksemd. Tryggingsrådet makta ikkje å verte einig etter sommaren om korleis ein skulle reagere på den spente situasjonen på den koreanske halvøya. Rådet har i løpet av hausten gjennomført viktige tematiske debattar, som oppfølging av tryggingsrådsresolusjon 1325 og ein eigen debatt om seksualisert vald og vern av sivile.

Val til Tryggingsrådet

Det vart, som venta, eit spanande oppgjer i FNs generalforsamling for å velje fem nye ikkje-faste medlemer av Tryggingsrådet. For perioden 2011–2012 vil India, Sør-Afrika, Colombia, Tyskland og Portugal vere medlemer av Tryggingsrådet saman med Bosnia-Hercegovina, Brasil, Gabon, Nigeria og Libanon som alle har eitt år att, i tillegg til dei fem faste medlemene. Medlemene som gjekk ut av Rådet ved utgangen av året, er Austerrike, Japan, Mexico, Tyrkia og Uganda. Spenninga knytte seg først og fremst til voteringa over dei tre kandidatane frå vestgruppa (Tyskland, Portugal og Canada) til to plassar i Rådet. Canada vart til slutt slått ut, noko som kom som ei overrasking på fleire. Ein generell observasjon er at den politikken det enkelte kandidatlandet står for i FN, vil vege tungt. Canada har i enkelte spørsmål, som Midtausten, stilt seg på sida av det store fleirtalet i FN. Dei andre regionale gruppene hadde på førehand vorte samde om kandidatane sine. Vi står dermed overfor ei samansetjing av Tryggingsrådet med uvanleg mange stormakter, gamle og nye, som gjer Rådet meir representativt for maktbalansen i den globale verdsordenen. Dette tyder likevel ikkje at Rådet vil verte meir handlingseffektivt, men at det kan få tilført større legitimitet dersom vi legg politiske og økonomiske maktpolitiske faktorar til grunn. Både Tyskland, Brasil og India ønskjer fast medlemskap i Tryggingsrådet. I tillegg aspirerer Sør-Afrika som kandidat dersom Afrika skulle få faste sete i Rådet.

3.6 Humanitære spørsmål

Jordskjelvet på Haiti og flaumen i Pakistan prega arbeidet med humanitære spørsmål i FNs generalforsamling i året som gjekk. Det kom fram ein del kritikk av FN si evne til å leie og koordinere hjelpearbeidet, samtidig som medlemslanda sjølv måtte bere ein vesentleg del av ansvaret for at det ikkje vart levert godt nok i felt. Den nye nødhjelpskoordinatoren i FN, Valerie Amos (UK), tiltredde i august og har frå første dag vist seg som ein god og synleg leiar. På same måte som forgjengarane sine slit ho med knappe ressursar og politiske utfordringar knytte til suverenitet og nasjonalt ansvar i mottakarlanda. Trass i alle appellar og tilsegner om støtte heldt FNs humanitære arbeid fram med å vere underfinansiert. Samtidig er det framleis slik at styresmaktene i enkelte land kan stikke kjeppar i hjula for internasjonalt hjelpearbeid. Noreg oppretthaldt dei store finansielle bidraga sine og tok aktivt del i utforminga av rammene for FNs humanitære arbeid, mellom anna som medlem av leiartroikaen for gjevarlandsgruppa til FNs kontor for humanitær koordinering (OCHA), der vi overtek formannskapen sommaren 2011.

3.7 Sterkare deltaking for EU i FN-arbeidet

Lisboa-traktaten avskaffar ordninga med roterande EU-formannskap for det utanrikspolitiske arbeidet i FN, og følgjeleg tok EU initiativ til å få vedteke ein resolusjon som skulle gje EU som organisasjon høve til å tale på lik linje med medlemsstatar i FN. Etter gjeldande FN-prosedyrar har EU som organisasjon berre observatørstatus og vil dermed få taletid etter at alle medlemsstatane i FN har sagt sitt. Ei slik løysing er uhaldbar for EU, som altså skal tale på vegner av dei 27 medlemslanda sine. Likevel lét det seg ikkje gjere for EU å få vedteke resolusjonsutkastet, trass i konsultasjonar over dei ti føregåande månadane. Resultatet vart at FNs generalforsamling vedtok ein prosedyreresolusjon om å ikkje ta noka avgjerd. Dermed vart saka utsett i påvente av ytterlegare konsultasjonar frå EU si side. Dette var i praksis eit stort nederlag for EU, som denne gongen må kunne forklarast med manglande informasjon til den breie medlemsmassen om kva som var føremålet med resolusjonen. På grunnlag av det nære politiske samarbeidet mellom Noreg og EU støtta Noreg opp om initiativet frå EU.

3.8 Havretts- og fiskerispørsmål

Generalforsamlinga er ein sentral arena for å profilere Noreg som ein ressursnasjon med viktige interesser på det marine området. Det norske innlegget tok for seg utfordringar knytte til bevaring av naturmangfald, Arktis, ulovleg, urapportert og uregulert fiske, piratverksemd og fastsetjing av yttergrensa for kontinentalsokkelen.

Eit hovudfokus i forhandlingane om fiskeriresolusjonen var omtalen av konklusjonane frå evalueringskonferansen for FN-avtalen om fiske på ope hav, som vart halden i mai 2010. For Noreg og ei rekkje andre vestlege land er det viktig å styrkje gjennomføringa av denne avtalen fordi han rettleier om ei rekkje prinsipp som skal sikre berekraftig ressursforvalting utanfor nasjonal jurisdiksjon. Noreg arbeider òg for at fleire statar skal slutte seg til avtalen. Men enkelte latinamerikanske land støttar ikkje innhaldet i avtalen og viser til at avtalen etter deira meining er i strid med FNs havrettskonvensjon. Desse landa kunne difor ikkje støtte positiv omtale av konklusjonane frå evalueringskonferansen. Dei same landa hadde òg ei særleg negativ haldning til omtale av ein ny FAO-konvensjon om hamnestatskontroll. Føremålet med denne konvensjonen, som er framforhandla etter norsk initiativ, er å hindre at statar opnar hamnene sine for fiskerifartøy som er engasjerte i ulovleg, urapportert eller uregulert fiske. Noreg tok sterkt til motmæle mot eit forslag frå EU om at FAO skulle vurdere tilstanden til krillfisket. I dag vert det berre fiska ein brøkdel av dei fastsette kvotene, og vitskapleg forsking syner at krillfisket i Antarktis fullt ut er berekraftig. Dessutan gjer det seg gjeldande sterke prinsipielle argument mot at FAO, som eit globalt organ, skal vurdere eit fiske som først og fremst bør behandlast i kompetente regionale fora.

Forhandlingane om havrettsresolusjonen var òg i år prega av polarisering mellom G77 og vestlege land. Framtredande G77-medlemmer kunne til dømes ikkje akseptere forslag til formuleringar om at Generalforsamlinga skulle helse velkomen viktige avgjerder som vart tekne for vern av det marine miljøet i det nordaustlege Atlanterhavet. Haldninga i G77 til multilaterale forhandlingar om hav- og fiskerispørsmål ser ut til å vere prega av sterk skepsis og av ei oppfatning om at vestlege land set ein dagsorden for å trekkje med seg utviklingsland i eit samarbeid der dei ikkje har oversyn over konsekvensane.

Eit viktig innsatsområde for Noreg er avgrensing av kontinentalsokkelen for statar der denne strekkjer seg utover 200 nautiske mil. Ei avklaring av yttergrensa av sokkelen er viktig for å få ein klar folkerett, men kan òg ha store positive følgjer for utviklinga til ein stat. For mange utviklingsland er det ei stor utfordring å dokumentere eigen sokkel, og støtte til utviklingsland er difor heilt nødvendig. Noreg er den viktigaste bidragsytaren til eit FN-fond som yter slik støtte. Noreg yter òg direkte bistand til seks vestafrikanske land for at dei skal kunne dokumentere sokkelen sin overfor Kontinentalsokkelkommisjonen i New York.

Piratverksemd har fått auka merksemd i FN etter kvart som fleire skip har vorte angripne utanfor Somalia. Havrettsresolusjonen erkjenner problemet og oppfordrar til tett samarbeid på alle nivå for å slå ned piratverksemd. Likevel er det FNs tryggingsråd som gjennom året har vore leiande på dette området, særleg gjennom vedtaking av resolusjonar som opnar for bruk av makt mot piratar i somalisk farvatn og basane deira på land. Tryggingsrådet diskuterer i tillegg korleis ein skal halde piratane strafferettsleg ansvarlege. Det vert òg gjort eit viktig arbeid for å styrkje og koordinere innsatsen mot piratverksemd i kontaktgruppa for piratverksemd utanfor Somalia. Noreg deltek i styret til eit fond som har som føremål å støtte tiltak som kan bidra til kamp mot piratverksemda. Dette fondet er oppretta under kontaktgruppa.

Som tidlegare stod Noreg som medforslagsstillar til både fiskeriresolusjonen og havrettsresolusjonen. Fiskeriresolusjonen vart vedteken med konsensus, medan havrettsresolusjonen vart vedteken med overveldande fleirtal.

3.9 Terrorisme

Som ei oppfølging av FN-toppmøtet i 2005 lanserte Generalforsamlinga i 2006 ein strategi for arbeidet mot terrorisme. Strategien omhandlar tiltak for å førebyggje og nedkjempe terrorisme og tiltak for å styrkje kapasitetane til medlemslanda i kampen mot terrorisme. Strategien gjeld i utgangspunktet for to år, og han vart dermed fornya i 2008 og på nytt ved konsensusvedtak under den 64. generalforsamlinga i 2010. Behandlinga viste at det var brei støtte til strategien, men visse meiningsforskjellar gjer seg likevel gjeldande mellom den arabiske gruppa og vestgruppa. Førstnemnde vil gjerne ha sterkare fokus på kamp mot det dei meiner er grunnårsakene til terrorisme, som okkupasjon og fattigdom, medan vestgruppa heller vil leggje vekt på konkrete operasjonelle tiltak. Eit internt FN-organ som skal samordne og leggje til rette for gjennomføringa av strategien (CTITF), får aktiv støtte frå Noreg, både finansielt og politisk. Ein del av denne støtta tek sikte på å gjere antiterrorstrategien betre kjend gjennom å halde regionale seminar.

3.10 Dei internasjonale domstolane

Den internasjonale domstolen i Haag

Den internasjonale domstolen i Haag er eit av hovudorgana i FN og gjev ein årleg rapport til Generalforsamlinga om verksemda si. Presidenten for domstolen, Hisashi Owada, understreka det høge aktivitetsnivået i domstolen, noko som stadfestar at domstolen er relevant og viktig for fredeleg løysing av tvistar mellom statar. Det er likevel eit potensial for ytterlegare styrking av denne rolla, sidan fleire land på generelt grunnlag bør akseptere at domstolen har kompetanse til å avgjere dei folkerettslege tvistane deira. Owada viste til at domstolen hadde avsagt éin dom og éi rådgjevande fråsegn sidan førre generalforsamling. I den rådgjevande fråsegna konkluderte domstolen med at sjølvstendeerklæringa til kosovoalbanarane frå februar 2008 ikkje krenkte folkeretten. Dette er i samsvar med den argumentasjonen som m.a. Noreg førte for domstolen. Eit anna særleg interessant utviklingstrekk er at Australia fremja eit søksmål mot Japan i mai 2010, med påstand om at den japanske kvalfangsten under forskingsprogrammet deira er i strid med dei folkerettslege forpliktingane til landet, m.a. forpliktingar under kvalfangstkonvensjonen.

Den internasjonale straffedomstolen (ICC)

Den internasjonale støtta til ICC aukar stadig, og domstolen har no 114 statspartar. Noreg vil halde fram å arbeide for universell oppslutning om ICC. Presidenten for domstolen, sørkoreanaren Sang-Hyun Song, la fram rapporten frå domstolen og nemnde kort status i dei fire situasjonane som er til behandling i domstolen, nemleg Uganda, Darfur, Den demokratiske republikken Kongo og Den sentralafrikanske republikken. Han påpeikte òg kor viktig det er at statar samarbeider effektivt med domstolen, då ein elles ikkje kan pågripe eller straffeforfølgje dei tiltalte. Noreg gav full støtte til arbeidet i domstolen og oppfordra særleg Sudan, som avviser at domstolen har kompetanse over situasjonen i Darfur, til å gjennomføre dei folkerettslege forpliktingane sine. Etter at Generalforsamlinga behandla rapporten frå domstolen, har domstolen fått ein femte situasjon til behandling, nemlig dei alvorlege brotsverka som fann stad i kjølvatnet av valet i Kenya i desember 2007.

I juni 2010 vart det i samsvar med vedtektene i domstolen halde ein revisjonskonferanse i Kampala i Uganda. Konferansen tok viktige avgjerder m.a. med sikte på å gje domstolen kompetanse til å behandle aggresjonsbrotsverket. På norsk initiativ vart det òg gjort eit vedtak som opnar for eit meir formalisert og effektivt system for soning av fengselsstraffane domstolen har tildømt. Noreg ønskjer vidare at det vert vurdert meir formålstenlege og effektive løysingar enn dagens system, der domstolen er fullstendig avhengig av at statar frivillig aksepterer fangar til soning i fengsla sine. Resolusjonen som vart vedteken av Generalforsamlinga, godkjenner dei vedtaka revisjonskonferansen gjorde.

Dei internasjonale straffedomstolane for det tidlegare Jugoslavia (ICTY) og Rwanda (ICTR)

Presidentane for dei to tribunala tok føre seg strategiane for å avslutte arbeidet ved domstolane. Ei vellukka sluttføring av mandata er avhengig av tilstrekkeleg samarbeid frå statane og av at alle tiltalte vert arresterte og overleverte til domstolane. Noreg rosa domstolane for arbeidet og gav dei som tidlegare si fulle støtte. Ei handfull tiltalte personar, mellom dei Radko Mladic, er framleis på frifot, og det er viktig at dei som ber det største ansvaret for overgrepa på Balkan, ikkje går ustraffa. Tryggingsrådet tok difor i desember viktige avgjerder om korleis arbeidet til domstolane skal førast vidare når alle pågåande prosessar vert avslutta omlag 2014.

Til forsida