Meld. St. 23 (2010–2011)

Noregs deltaking i den 65. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 64. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

4 Nedrusting og tryggleik (1. komité)

4.1 Nedrustingsmaskineriet

Den generelle debatten i 1. komité vart prega av at det mellomstatlege apparatet for nedrustingsforhandlingar for tida står stille. Som dei aller fleste land uttrykte Noreg sterk frustrasjon over den fastlåste situasjonen i Nedrustingskonferansen (CD) og nedrustingsmaskineriet generelt, som fungerer på ein lite tilfredsstillande måte. Det vart vedteke at oppfølging av ministermøtet 24. september om nedrustingsmaskineriet skal setjast på dagsordenen for neste års sesjon.

Det springande punktet for CD er å få vedteke eit arbeidsprogram og å kome i gang med forhandlingar. I utgangspunktet er det brei semje om at det må forhandlast fram ein avtale om forbod av produksjon av spaltbart materiale for kjernevåpenføremål (FMCT) i CD, men nokre land seier seg ikkje framand for tanken om å ta FMCT ut av CD. Skulle dette skje, vil det allereie tynnslitne truverdet til CD verte ytterlegare svekt. Dei fleste land i den alliansefrie rørsla (NAM) insisterte difor på at CD er riktig forum. Desse landa legg stor vekt på CD fordi konferansen arbeider på basis av konsensusprinsippet. Pakistan gjorde det klart at landet ikkje vil støtte at det vert sett i gang ein FMCT verken i eller utanfor CD. Det er lite som tyder på løysning av denne fastlåste situasjonen i 2011 heller.

Russland og Kina understreka at det snarast må setjast i gang forhandlingar i CD om ein avtale om forbod mot utplassering av våpen i det ytre verdsrommet, medan USA er svært skeptisk til at det trengst slike forhandlingar. Noreg og EU-landa støtta opp om resolusjonar som tek til orde for auka openheit om sivil romfartsverksemd, og for at CD behandlar spørsmålet om å hindre våpenkapplaup i det ytre verdsrommet.

Dersom CD ikkje kjem i gang med reelt arbeid i løpet av inneverande år, vil spørsmålet om nedrustingsmaskineriet stå sentralt på dagsordenen på neste sesjon i FNs generalforsamling. Eit viktig spørsmål vil då vere om konsensusprinsippet framleis skal leggjast til grunn for å skape rørsle i multilaterale kjernefysiske nedrustingsforhandlingar. Noreg gikk langt i å flagge at det må tenkjast i nye baner.

Ein ny resolusjon vart introdusert om kvinner og nedrusting (Trinidad og Tobago), med aktiv norsk deltaking. Ei rekkje land i den alliansefrie rørsla (NAM) var svært negative og meinte at dette spørsmålet høyrte heime i 3. komité.

4.2 Kjernevåpen

Målet om ei kjernevåpenfri verd vart understreka av svært mange land. Det er aukande frustrasjon over at kjernevåpenstatane manglar vilje til å bidra til å nå dette målet. Ei lang rekkje land understreka at kjernevåpenstatane må oppfylle nedrustingsforpliktingane sine som vart vedtekne på tilsynskonferansen til avtalen om ikkjespreiing av kjernevåpen (NPT) i mai 2010. Det er verd å merkje seg at mange land tok til orde for at humanitærretten og humanitære konsekvensar ved bruk av kjernevåpen må setjast i sentrum for arbeidet med kjernefysisk nedrusting, og at det må setjast i gang arbeid med ein konvensjon som forbyr kjernevåpen. USA og Russland fekk etter mykje strev vedteke ein resolusjon utan votering som helser velkomen den bilaterale avtalen om reduksjonar av strategiske atomvåpen (START). Enkelte land i den alliansefrie rørsla (NAM) ønskte å leggje inn formuleringar som ikkje var akseptable for USA og Russland, og gav seg etter omfattande press.

Landa i NAM understreka i innlegga sine kor viktig det er at dei kjernevåpenfrie sonene i Afrika og Sentral-Asia trer i kraft, og oppfordra dei kjernevåpenstatane som enno ikkje hadde ratifisert dei relevante protokollane til soneavtalane, til å gjere dette snarast råd. I den samanhengen vart det òg lagt vekt på at ein måtte få fortgang i arbeidet med å gjere negative tryggleiksgarantiar (NSA) folkerettsleg bindande. Slike garantiar går ut på at kjernevåpenstatane forpliktar seg til ikkje å bruke eller true med å bruke atomvåpen overfor ikkje-kjernevåpenstatar. Styrking av NSA vert òg framheva i sluttdokumentet frå NPTs tilsynskonferanse.

Dei arabiske landa framheva spesielt at det er viktig å få gjennomført Midtausten-konferansen i 2012 om ei sone fri for masseøydeleggingsvåpen (MØV) i regionen, slik det vart vedteke på NPTs siste tilsynskonferanse. Det går no føre seg intense konsultasjonar om rammene og formatet for ein slik konferanse, og det er viktig å få gjennomført konferansen for å sikre at NPT lever vidare.

Noreg var medforslagsstillar på viktige resolusjonar som tek til orde for å intensivere arbeidet for å nå målet om ei verd fri for atomvåpen. Dette gjaldt resolusjonen som vart lagd fram av den såkalla Ny agenda-koalisjonen (Sverige, Irland, New Zealand, Mexico, Sør-Afrika, Egypt og Brasil), i tillegg til den japanske nedrustingsresolusjonen. Noreg endra vidare stemminga si på den såkalla Malaysia-resolusjonen om oppfølging av fråsegnene til Den internasjonale domstolen om atomvåpen, frå å stemme imot til å avstå. Denne resolusjonen tek til orde for framforhandling av ein konvensjon som forbyr atomvåpen. Noreg heldt stemmeforklaring der det m.a. vart vist til at vi avstod fordi spørsmålet er altfor viktig til at eventuelle forhandlingar skal knytast opp til eit dysfunksjonelt forhandlingsorgan som CD, slik resolusjonen tek til orde for.

4.3 Andre masseøydeleggingsvåpen

Ei rekkje NAM-land uttrykte uro over at USA og Russland ikkje ser ut til å vere i stand til å møte destruksjonsforpliktingane sine under kjemivåpenkonvensjonen, endå desse allereie er utsette. Noreg og EU-landa la òg vekt på full gjennomføring av denne konvensjonen, og då ikkje minst på ikkjespreiingsområdet. Det lukkast som tidlegare å få vedteke ein konsensusresolusjon om kjemivåpenkonvensjonen.

Det lukkast òg, etter lange og vanskelege konsultasjonar, å verte samde om resolusjonen om biologivåpenkonvensjonen (BTWC). Problema låg i om Generalforsamlinga skulle leggje inn klare føringar på den neste BWTC-tilsynskonferansen i desember 2011. Enkelte NAM-land ønskte eit sterkare språk i føresegna i konvensjonen for å fremje vitskapleg utveksling. På den andre sida var dei skeptiske til at resolusjonen gav sterke føringar om at den biologiske tryggleiken på landnivå må styrkjast, noko vestlege land ønskte. Kompromisset var å bruke formuleringar ein tidlegare hadde vorte samde om.

4.4 Konvensjonelle våpen

Mange land roste den norske innsatsen i arbeidet med landminer, klaseammunisjon og væpna vald. FNs handlingsprogram for ulovleg omsetning av handvåpen (PoA) vart trekt fram av eit breitt utval statar, spesielt afrikanske og karibiske, som ein viktig prosess for å redusere dei humanitære lidingane som skuldast konvensjonelle våpen. Storbritannia argumenterte for at det måtte utarbeidast metodar for å måle effekten og effektiviteten av PoA, noko som vil vere viktig i evalueringa av korleis ein kan styrkje programmet på tilsynskonferansen i 2012.

Resolusjonen om handlingsprogrammet fekk elles mykje og uventa merksemd. Normalt vert denne resolusjonen vedteken utan votering. Denne gongen ønskte Mexico formuleringar som gav klare føringar for 2012-konferansen om styrking av handlingsprogrammet. Dette var det ikkje mogeleg å kome til semje om, og særleg dei arabiske landa var svært avvisande. Dei mexicanske endringsforslaga vart nedstemde, og Mexico avstod følgjeleg i 1. komité på den generelle handvåpenresolusjonen, men slutta seg til konsensus då resolusjonen vart behandla i plenum.

Når det gjeld konvensjonen om klaseammunisjon (CCM), understreka mange land kor viktig det var at statspartsmøtet i Vientiane i november vart vellukka. Til liks med landminekonvensjonen (MBC) vart CCM trekt fram som eit eksempel på moderne nedrustingsavtalar som bidreg til å styrkje internasjonal humanitærrett. EU, med fleire, takka i innlegga sine spesielt Noreg for innsatsen med presidentvervet for MBC. Elles kan det nemnast at Libya ønskte å revidere minekonvensjonen fordi han ikkje møter behova til råka og sårbare statar. Noreg hadde, saman med Albania og Sveits, ansvaret for å leggje fram resolusjonen om minekonvensjonen, som samla eit stort fleirtal. Ingen stemde imot, men fleire av dei landa som ikkje har slutta seg til konvensjonen, valde framleis å avstå.

Dei aller fleste var nøgde med det første førebuande møtet for etableringa av ein internasjonal våpenhandelsavtale (ATT). Fleire land viste til at det var behov for å auke tempoet i forhandlingane dersom ein skulle lukkast med å sluttføre forhandlingane i 2012. New Zealand støtta forslaget frå Noreg om at avtalen skal gjelde alle konvensjonelle våpen og ammunisjon, med mindre dei eksplisitt er unnatekne. Dette vil verte eit vanskelig punkt i dei vidare forhandlingane, ikkje minst når det gjeld vektlegging av menneskerettar og internasjonal humanitærrett i ATT-samanheng.

I spørsmålet om bruken av utarma uran i ammunisjon og pansring (av m.a. køyretøy) viste Noreg til føre var-praksisen sin og oppfordra andre land til å vurdere å gjere det same. Noreg stemde for NAM-resolusjonen som tek til orde for ytterlegare undersøkingar av mogelege skadeverknader ved bruk av utarma uran.

Til forsida