Meld. St. 23 (2010–2011)

Noregs deltaking i den 65. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 64. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

7 Avkolonisering og fredsbevarande operasjonar (4. komité)

7.1 Fredsbevarande operasjonar

Debatten i 4. komité om FNs fredsbevarande operasjonar må sjåast i samanheng med den seinaste utviklinga på dette feltet, som utgjer eit av dei mest sentrale innsatsområda i FN. 2010 markerte ein foreløpig topp i talet på personell, medan talet på operasjonar vart redusert frå 15 til 14 på grunn av avviklinga av operasjonen i Tsjad og Den sentralafrikanske republikken (MINURCAT). Talet på personell heldt seg likevel omtrent på det same høge nivået på grunn av utvidingar i fleire av dei pågåande operasjonane. Per 31. desember 2010 deltok omlag 120 000 personar, der 84 000 var militære og 14 000 politi. Med halvårlege rotasjonar inneber det at nærare 200 000 uniformerte menn og kvinner i løpet av året har vore engasjerte i fredsoperativ teneste for FN. Omfanget av verksemda inneber store utfordringar med å skaffe både tilstrekkeleg mange og tilstrekkeleg kvalifiserte personar. I tillegg kjem dei vedvarande utfordringane med å gjennomføre stadig meir krevjande operasjonsmandat.

Leiaren for FN-avdelinga for fredsbevarande operasjonar, Alain Le Roy, viste i innlegget sitt til at FNs fredsoperasjonar no er inne i ein konsolideringsfase etter ein lang periode med vedvarande vekst. Det er viktig å bruke dette høvet til å styrkje FNs fredsoperative innsats i samsvar med reformagendaen «New Horizon» frå 2009. Planlegging og oppfølging er allereie styrkt gjennom m.a. intensivert dialog mellom Tryggingsrådet, Sekretariatet og dei bidragsytande landa. For å auke tilgangen til ressursar og for å styrkje evna til å få meir ut av eksisterande ressursar er det starta pilotprosjekt for å utvikle klarare retningslinjer for kva resultat ein ventar i felt av ulike militære einingar (eit av desse prosjekta får norsk støtte). Ein global feltstøttestrategi vart vedteken i juni 2010. Det er venta at denne strategien vil bidra til betre praktisk tilrettelegging for gjennomføring av operasjonsmandata. På policysida er utviklinga av eit strategisk rammeverk for vern av sivile ei av dei mest sentrale, men òg ei av dei mest utfordrande oppgåvene. Dette skuldast at det er svært krevjande å leggje opp til gode strategiar for vern. Land i sør er dessutan på vakt mot forslag som kan bidra til at rolla til FN kan kome i konflikt med nasjonal suverenitet.

Le Roy var òg oppteken av at komplekse konfliktar må møtast med meir enn fredsbevarande operasjonar, og at førebyggjande tiltak, fredsoperasjonar og fredsbygging må sjåast i samanheng.

Noreg framheva i innlegget sitt kor viktig det er å vidareføre arbeidet for å styrkje samordninga av FN-innsatsen i felt. Reform av FNs personaladministrasjon vart nemnd som eitt viktig eksempel. Det var òg viktig å sørgje for betre samsvar mellom oppgåvene som skal gjennomførast innanfor ramma av fredsoperasjonane, og ressursane som vert stilte til disposisjon. Det vart uttrykt støtte til den pågåande reformprosessen. Behovet for å styrkje innsatsen FN gjer for å verne sivile, vart understreka, samtidig som det vart peikt på at hovudansvaret ligg hos styresmaktene i landet der operasjonen finn stad. Ein viktig føresetnad for å lukkast med innsatsen for å verne sivile er at kvinner vert involverte. Noreg etterlyste ein debatt om omfanget av dei oppgåvene som vert lagde til operasjonane, og oppfordra til å unngå båstenking i diskusjonen om rolla FN har som fredsbevarar og fredsbyggar.

Vern av sivile var ein gjengangar i mange innlegg. Mange var òg opptekne av at reform av tryggingssektoren er ein vesentleg føresetnad for at landa sjølve skal kunne vareta tryggleiken til sivilbefolkninga. Samtidig trengst det ei betre avklaring av korleis ein skal handtere fredsbyggingsoppgåver innanfor ramma av den fredsbevarande operasjonen. Det var generell tilslutning til at det trengst vidare reform av FNs fredsbevarande verksemd, ti år etter det førre store reforminitiativet i FN som var basert på den såkalla Brahimi-rapporten. Store troppebidragsytarar var som tidlegare særleg opptekne av å styrkje dialogen med Tryggingsrådet om operasjonsmandata. Årsaka er m.a. frustrasjon over det dei oppfattar som stadig meir krevjande operasjonsmandat som ikkje vert følgde opp med dei nødvendige ressursane. Dei same landa legg òg vekt på å verne om dei grunnleggjande prinsippa for fredsbevaring: samtykke frå partane, nøytralitet og ikkje-bruk av makt unnateke i sjølvforsvar og i forsvar av mandatet.

Tradisjonelt vert det ikkje vedteke resolusjonar i 4. komité når det gjeld FNs fredsbevarande operasjonar. Dette bidreg til å dempe pulsen i debatten som i 2010 ikkje var prega av dei store stridsspørsmåla.

7.2 Midtausten-resolusjonene

Debatten om Midtausten og behandlinga av dei ni faste resolusjonane skilde seg i liten grad frå tidlegare år. Fire av resolusjonane omhandla UNRWA (FNs organisasjon for støtte til palestinske flyktningar), og fem gjaldt FNs spesialkomité, som overvakar israelske brot på menneskerettane på okkupert område. Noreg var som tidlegare medforslagsstillar til mandatresolusjonen for UNRWA. I tillegg til desse ni resolusjonane vert seks resolusjonar behandla direkte i plenum.

Både historikken og stemmemønsteret til medlemslanda i dei ni resolusjonane bidreg til at palestinarane framleis ønskjer eit høgt tal på resolusjonar fordi dette gjev dei størst politisk gevinst. På grunn av den manglande framgangen i fredsforhandlingane kunne ein heller ikkje vente noka endring av dette i år. Dei palestinske endringsforslaga var i år både moderate og konstruktive, der palestinarane viste stor samarbeidsvilje og på den måten vidareførte den pragmatiske linja frå ECOSOC-forhandlingane om Palestina-resolusjonane sommaren 2010.

Som følgje av at resolusjonane ikkje skilde seg mykje frå i fjor – trass i enkelte forbetringar – vart stemmemønsteret relativt likt som tidlegare år. Alle resolusjonane vart vedtekne med solid ja-margin unnateke Spesialkomitéresolusjonen, der over ein tredel av medlemslanda i FN avstod, mellom dei Noreg. Norsk stemmemønster var likt som tidlegare år, og vi stemde for alle resolusjonane unnateke resolusjonen om spesialkomiteen, der vi avstod. Noreg meiner at spesialkomiteen inneber unødvendig ressursbruk og har liten innverknad på situasjonen på bakken. Mandatet til komiteen er dessutan einsidig formulert. Hovudmønsteret frå tidlegare års realitetsbehandling ligg difor fast, der Israel som einaste land stemde imot alle resolusjonane, og USA og ein handfull mindre øystatar stemde imot eller avstod i alle resolusjonane. Dei gjer dette fordi dei meiner at resolusjonane er einsidige i kritikken av Israels politikk og dermed partiske og lite konstruktive for fredsprosessen. Dette stemmemønsteret har til dels historiske årsaker.

7.3 FNs bistand til palestinske flyktningar (UNRWA)

UNRWA vert teken opp i 4. komité fordi organisasjonen er underlagt Generalforsamlinga og dermed pålagd å rapportere dit. Den årlege debatten var prega av brei støtte frå medlemslanda, med særleg fokus på det israelske stengingsregimet i Gaza og den dystre finansielle situasjonen til UNRWA. Det siste gjeld både frivillige bidrag og overføringar frå FNs regulære budsjett. Trass i semja blant medlemslanda i FN om at UNRWA må styrkjast økonomisk, er det framleis unødvendig skeiv byrdefordeling blant gjevarane, der dei største bidraga kjem frå ei mindre gruppe av vestlege land. Det må vere eit kollektivt ansvar å styrkje UNRWA.

UNRWA ville ta eit ansvar for å sikre økonomisk berekraft som m.a. innebar meir kostnadseffektive program og styrkt kontroll og overvaking av ressursbruken. Det var nødvendig med kostnadskutt, men berre opp til ei grense som ikkje skada organisasjonen i form av programstopp. I den samanhengen ville UNRWA halde fram å arbeide aktivt opp mot private aktørar i form av stiftingar og fond, men den viktigaste støtta ville likevel framleis kome frå statlege styresmakter. FNs medlemsland måtte òg bidra aktivt i 5. komité for å sikre UNRWA auka overføringar frå FNs regulære budsjett i 2011. Dette skuldast utgifter for pålagde administrative reformer. UNRWA understreka òg dei vedvarande utfordringane i Gaza på grunn av treige israelske godkjenningsrutinar og mangel på framsteg når det gjeld innførsel av legalt bygningsmateriell, i tillegg til omfattande rørslerestriksjonar for personell, inkludert UNRWA.

Debatten inneheldt elles mange kjende synspunkt og vart dominert av arabiske land. Derfor er det ikkje overraskande at debatten handla meir om Israel enn om UNRWA. Vestlege land fokuserte særleg på utfordringane organisasjonen står overfor, ikkje minst økonomisk. Hovudbodskapen frå Noreg var at UNRWA må tilpasse seg nye politiske realitetar. UNRWA bør vente meir av gjevarane, men gjevarane måtte òg vente meir av UNRWA i form av interne reformer, kostnadskutt og nye måtar å arbeide på, spesielt når det gjeld langsiktig utviklingsstøtte. Ikkje minst bør UNRWA styrkje samarbeidet med palestinske styresmakter og andre FN-organisasjonar på område som gjeld statsbygging. På den måten forsøkjer Noreg å reise nokre problemstillingar som strekkjer seg ut over den økonomiske dagsordenen. Noreg vil òg vere ein aktiv pådrivar, i første rekkje gjennom 5. komité, for å auke det årlege bidraget frå FNs kjernebudsjett til UNRWAs regulære budsjett.

Som rapportør for arbeidsgruppa for finansiering av UNRWA gav Noreg ei orientering til komiteen. Arbeidsgruppa oppmoda mellom anna FNs generalsekretær om å rapportere til Generalforsamlinga snarast om den administrative kapasiteten i UNRWA.

7.4 Avkolonisering og Vest-Sahara

Noreg stemde som tidlegare ja i alle resolusjonane for avkolonisering unnateke éin. Vi avstår fordi denne resolusjonen har implikasjonar for FN og internasjonale organisasjonar og innsatsen deira i ikkje-suverene territorium. Nytt av året var to nye resolusjonar om høvesvis femtiårsmarkeringa for resolusjonen om sjølvstende til ikkje-suverene territorium (resolusjon 1514 frå 1960) og ein oppdatert versjon av resolusjonen frå 2000 som omhandla det tredje tiåret for å oppheve koloniveldet. Noreg stemde som kjent for resolusjon 1514 i 1960 (berre ni land avstod, og ingen stemde imot). Innhaldet i den nye resolusjonen om femtiårsmarkeringa var ukontroversielt og hadde verken juridiske eller økonomiske konsekvensar. Noreg stemde difor for denne resolusjonen saman med dei fleste EU-landa. I 2000 valde Noreg å avstå frå å stemme over resolusjonen om det andre tiåret for å oppheve koloniveldet, fordi vi ikkje ønskte at FN skulle vidareføre praksisen med separate «tiårsresolusjonar». Når Noreg denne gongen stemde ja, vart dette grunngjeve med at resolusjonen hadde minimale budsjettmessige implikasjonar og samtidig inneheldt ei klar politisk støtte til prinsippet om avkolonisering. EU-landa var delte i avstemminga over denne resolusjonen.

Årets resolusjon om Vest-Sahara vart vedteken med konsensus. Partane (Marokko og Algerie) vart raskt samde om resolusjonen, som berre inneheld eit par tekniske endringar frå fjorårets resolusjon. Partane står likevel framleis langt frå kvarandre i synet på ei løysing av konflikten, der Marokko går inn for autonomiplanen, medan Algerie støttar kravet frå Polisario om ei folkeavstemming med alle opsjonar på bordet (inkludert sjølvstende). Debatten bar sterkt preg av dette, og Marokko, Algerie og Polisario sa lite nytt. Dette stadfesta berre den fastlåste situasjonen og den store avstanden mellom partane. Noreg slutta seg som tidlegare til innlegget frå EU etter at resolusjonen vart vedteken.

Til forsida