Meld. St. 23 (2010–2011)

Noregs deltaking i den 65. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av den 64. generalforsamlinga i FN

Til innhaldsliste

9 Juridiske spørsmål (6. komité)

9.1 Generelt

I 6. komité vert resolusjonane vanlegvis vedtekne ved konsensus. Dette er til ein viss grad ein refleksjon av at dei mest omstridde spørsmåla ikkje vert sette på spissen, og at det over tid har vore ein klar tendens til at komiteen gjentek eller stadfestar tidlegare vedtak utan å tilføre noko nemneverdig nytt. Viktige saker på dagsordenen under den 65. generalforsamlinga var mellom anna forhandlingar om ein resolusjon om terrorisme, spørsmål knytte til temaet universaljurisdiksjon og behandlinga av rapporten frå Folkerettskommisjonen. Det vart òg fatta vedtak innanfor tema som reform av det interne rettssystemet i FN, den internasjonale humanitærretten, vern av diplomatiske og konsulære personar og stasjonar, rettsstatsprinsipp, rapporten frå FNs kommisjon for internasjonal handelsrett, rapporten frå spesialkomiteen for FN-pakta og rapporten frå komiteen om sambandet med vertslandet. I tråd med tidlegare praksis vart det halde felles nordiske innlegg på mange av dagsordenspunkta.

9.2 Terrorisme

Ein viktig del av FN-arbeidet mot terrorisme skjer i regi av Tryggingsrådet med underkomitear, mellom dei antiterrorkomiteen (CTC) som vart oppretta i samsvar med resolusjon 1373 (2001) som vart vedteken rett etter angrepet på World Trade Center i New York. Tryggingsrådet ser på internasjonal terrorisme som ein trussel mot fred og tryggleik, og rådet har på det grunnlaget eit hovudansvar for å fastsetje tiltak som varetek tryggleiken. Særleg gjeld dette tiltak retta mot personar eller grupper som står bak eller støttar terrorhandlingar. CTC speler ei praktisk viktig rolle i kampen mot terrorisme og har som føremål å styrkje overvakinga av utviklinga på området og å gje assistanse til medlemsland for å styrkje gjennomføringa av resolusjon 1373. Tryggingsrådet arbeider òg gjennom 1267-komiteen (Taliban / Al Qaida) og 1540-komiteen (nukleær terrorisme). Sanksjonane mot Al Qaida og Taliban er retta mot individ eller einingar som står oppførte på ei liste som vert sett opp av 1267-komiteen. Saman med likesinna land arbeider Noreg for at rettstryggleiksgarantiane til dei listeførte skal styrkjast. Eit viktig utviklingstrekk her var at det vart oppretta ei stilling som ombodsperson. Oppgåva til ombodspersonen er å ta imot søknadar frå personar eller individ som ønskjer å verte fjerna frå lista, samle informasjon i denne samanhengen og leggje søknaden fram for 1267-komiteen til behandling. Opprettinga av ombodspersonen styrkjer stillinga til dei listeførte først og fremst fordi dei vil få betre informasjon om grunnlaget for listeføringa, og fordi ombodspersonen er eit talerør inn til komiteen.

Arbeidet mot terrorisme har òg ein viktig plass i Generalforsamlinga, som har som rolle å forhandle fram bindande regelverk (i form av avtalar) og tilrådingar (i form av resolusjonar). Her deltek alle FNs medlemsland i dialogen om terrorisme og utviklar skrittvis felles normer for dette arbeidet. Generalforsamlinga arbeider med eit stort spekter av saksfelt for å nedkjempe terrorisme på brei front, slik som kampen mot fattigdom, styrking av den internasjonale rettsordenen, fred og forsoning, dialog mellom religionar og samfunn og arbeid mot spreiing av masseøydeleggingsvåpen. Sjå òg behandlinga av FNs antiterrorstrategi i plenum.

Generalforsamlinga vedtok ein resolusjon om terrorisme, som i hovudsak er ei rein oppdatering av tidlegare versjonar. Resolusjonen fordømmer alle former for terrorisme og understrekar verdien av arbeidet regionale organisasjonar og ulike FN-organ gjer i kampen mot terrorisme.

Dersom det hadde vorte semje om ein generell FN-konvensjon mot internasjonal terrorisme og avgrensinga av bruksområdet til ein slik konvensjon, ville dette ha kunna bidra til å effektivisere samarbeidet i kampen mot terrorisme, mellom anna gjennom straffeforfølging av dei som utfører terrorhandlingar. Ein konvensjon ville òg ha sendt eit eintydig signal om at verdssamfunnet står samla i kampen mot terror. Trass i ein noko meir fokusert innsats vart det heller ikkje i år nokon substansiell framgang i arbeidet, og drøftingane vert på nytt vidareførte i ein ad hoc-komité. Usemja mellom særleg dei arabiske landa og vestlege land er knytt til at den førstnemnde gruppa ønskjer å halde handlingar som er utførte i kamp mot ein okkupasjonsmakt, utanfor ein definisjon av terrorisme. Enkelte arabiske land ønskjer òg å ramme såkalla statsterrorisme, dvs. valdshandlingar som er utførte av ein stat. Diskusjonen om terrorismedefinisjonen er dermed nært knytt til konflikten i Midtausten.

Noreg vil styrkje kampen mot terrorisme alle stader, same kven som utfører handlingane og kva som er motivet, og søkjer i forhandlingane å unngå løysingar som kan medverke til å legitimere handlingar ut frå at dei har ein særskild motivasjon (til dømes kamp mot ulovleg okkupasjon). På norsk side er vi òg av den oppfatninga at behandlinga av statshandlingar og statsansvar er betre forankra i andre delar av folkeretten enn i den internasjonale strafferetten.

9.3 Folkerettskommisjonen

Viktige spørsmål i rapporten frå Folkerettskommisjonen var mellom anna internasjonale organisasjonars ansvar, delte naturressursar, utvising av utlendingar, kva verknader væpna konfliktar har på traktatar, plikta til å utlevere eller straffeforfølgje, reservasjonar mot traktatar, vern av individ ved katastrofar og tolking av traktatar over tid. Det vart halde fleire fellesnordiske innlegg under dagsordenspunktet om Folkerettskommisjonens rapport.

9.4 Universaljurisdiksjon

Universaljurisdiksjon kom inn på agendaen under den 64. generalforsamlinga. Universaljurisdiksjon er eit strafferettsleg konsept som omhandlar om ein stat skal ha høve til å straffeforfølgje utlendingar for handlingar som er utførte i utlandet. Dagsordenspunktet vart føreslått av den afrikanske gruppa i kjølvatnet av initiativ frå europeiske statar om arrestasjon og etterforsking av representantar for styresmaktene i enkelte afrikanske land under mistanke om deltaking i alvorlege straffbare handlingar. Den afrikanske gruppa godtek fullt ut at universaljurisdiksjon kan brukast for visse internasjonale brotsverk, men hevdar at jurisdiksjonsgrunnlaget vert misbrukt av politiske grunnar av andre statar og som eit ulovleg inngrep i ein annan stats interne forhold. Det var særleg viktig for Noreg å påpeike at universaljurisdiksjon er eit viktig verkemiddel i kampen mot straffridom, til dømes der meir nærståande statar ikkje vil eller kan straffeforfølgje personar som er skuldige i alvorleg kriminalitet. Samtidig understreka Noreg at prinsippet, som alle andre rettslege prinsipp, sjølvsagt ikkje må misbrukast til politiske føremål eller som sjikane. Noreg deltok aktivt i resolusjonsforhandlingane for å unngå at universaljurisdiksjon som rettsleg grunnlag vert underminert eller kjem i vanry. Det vart til slutt vedteke å opprette ei arbeidsgruppe under neste generalforsamling som skal behandle temaet vidare. For Noreg var det viktig å bidra til at mandatet for gruppa ikkje har ei i utgangspunktet negativ vinkling. Dessutan ønskte Noreg å forhindre at arbeidsgruppa skal verte eit organ for traktattolking og diskusjon om innhaldet av folkerettslege forpliktingar.

Temaet rettsstatsprinsipp (rule of law) har stått på agendaen i 6. komité etter FNs toppmøte i 2005. Det er ei brei godkjenning av at dersom ein skal utvikle eller etterleve grunnleggjande menneskerettar, krev det respekt for eit sett av grunnleggjande rettslege normer, slik som kunngjering av lover, likskap for lova og fråvær av vilkårlegheit. Etter 2005 oppretta FN to organ som skulle sikre framdrift i og koordinering av arbeidet med rettsstatsprinsipp i FN. Den årlege debatten i 6. komité har diverre utvikla seg til å verte noko floskelprega, utan konkrete resultat. Når det under den 65. generalforsamlinga vart vedteke å halde ein høgnivådebatt om rettsstatsprinsipp under den 67. generalforsamlinga, er dette prisverdig først og fremst for å løfte statusen og verdien av innsatsen FN sjølv gjer for å styrkje etterlevinga av rettsstatsprinsipp i medlemslanda.

Til forsida